Masfjorden FrP - Valbrosjyre 2023-27

Page 1

Masfjorden FrP

Fridom, tryggleik og handlekraft!

Program for 2023 - 2027

Areal og Bustad Kultur og idrett

Oppvekst og utdanning Helse og omsorg

Miljø Samferdsel

Stabil og tydeleg styring

Masfjorden Framstegsparti meiner at det er du som er best eigna til å velja kva som er best for deg. Me meiner at det er du som veit kva du treng, betre enn nokon. Kommunen si oppgåve er å syta for at innbyggarane har det godt. Me meiner det går an å gjera det enno betre, men for å sikra din fridom og din tryggleik må det handlekraft til! Haldninga må vera at kommunen er god, men den kan alltid verta betre.

Som ombodsmann og kvinne, skal Masfjorden FrP jobbe for den enkelte. Ingen sak skal vere for liten eller for stor. Vi skal komme på synfaring og tileigne oss lokalkunnskap, slik at me kan jobbe saka best mogleg fram. Me skal vise handlekraft i vår rolle som ombodspersonar. Me er klar til å ta fatt på jobben om du gjev oss tillit 11 september.

STEM PÅ MASFJORDEN FRAMSTEGSPARTI

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp
Olav Ørjan Daae ordførarkanidat, Masfjorden FrP Olav Ørjan Daae Ordførerkandidat, Masfjorden FrP

Areal og Bustad

Båtplass

Masfjorden FrP ynskjer at flytebrygger skal omtalast i PLB som midlertidige installasjonar på same måte som en legg ein båt for anker eller ankerbøye. Oppvekst

og utdanning

Masfjorden Framstegs parti vil:

• JA – kommunen! Om kommunen ikkje har ein god grunn til å sei nei, skal kommunen sei ja.

• Arealpolitikken sett under eitt: Meir handlekraft!

Masfjorden Framstegsparti garanterer at framtidige arealplanar skal tuftast på lokalkunnskap og i størst mogleg grad lagast av kommunen sjølv.

• Synfaring skal vera minstekravet i ei kvar byggesak der det er tvil!

• Offensiv og rettferdig arealpolitikk. Den gode idèen og det gode initiativet skal ikkje få tommelen ned om ein møter hinder i form av arealplan eller lov og forskrift. Det skal og vera naturleg å utfordra Statsforvalteren om han seier nei!

• Du bestemmer på eigen grunn. Så sant naboane ikkje har noko imot at du gjer tiltak på eigen grunn, skal ikkje kommunen ha noko imot det heller.

Bustad

Masfjorden FrP vil ha ungdomane heimatt. Då må ungdomane få byggja og bu der dei vil byggja og bu. Det er eingong slik at ikkje alle vil bu i eit bustadfelt. Kan hende er det meir freistande å skilja ut eit hjørne av heimegarden?

Eigedomsskatt? Nei takk!

Bryggja nye utleige leilegheiter

Selje alle kommunale bustader som ikkje er bygd etter TEK 10 forskrifta. Byggje nye utleige leilegheiter for eldre (senior), omsorgsbustader, barnefamilie og andre. Masfjorden FrP ynskjer å selje dei gamle kommunale bustadane til ungdom i etableringsfasen, slik at dei kan komme seg inn på bustadmarknaden.

Skule og barnehage

Barna er framtida vår og det må me ta innover oss. Masfjorden Framstegsparti ynskjer at borna skal ha det så godt som råd i barnehage og skule, til det beste for innbyggjarane – men også for at dette kan stimulera til innflytting i kommunen. Masfjorden FrP vil oppretthalde 3 (1-10) skular og 3 barnehagar i kommunen.

• Vi vil arbeida for at våre barn til ein kvar tid har det beste undervisnings- og skulemateriell tilgjengeleg, og undervisningslokaler som er godt vedlikehaldne og oppgraderte.

• Vi ser det som ein føremon å kunne nytte kompetanse og spesialkompetanse på tvers av skulane og barnehagane i kommunen.

• Godt IKT- utstyr og IKT - kompetanse i skulen og barnehagen er ein sjølvfølge for god læring og framtidig samfunnsutvikling.

• Masfjorden FrP er for fritt skuleval VGS. Vi meiner alle elevar skal ha like høve til å velgje skule og utdanningsretning.

• Godt samarbeid og gode overgangar mellom barnehage, skule og SFO.

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp

• Fokus på førebyggjande arbeid og eit godt skuleog barnehagemiljø. Masfjorden FrP har nullvisjon for mobbing.

• Fullføre ombygging av legekontoret i Nordbygda til barnehagedrift

Barnehage og SFO

Masfjorden Framstegsparti vil fortsatt ha løpande opptak til barnehagane, på lik linje med skulane. Masfjorden FrP vil fortsette arbeidet for å få ned satsane på SFO og barnehage i Masfjorden kommunen. .Ein slik plass skal ikkje koste meir enn foreldrefrådraget på likninga. Med FrP sitt forslag vil satsane for ein plass reduserast til kr.2250 pr mnd for første barn og kr 1.350 for neste barn.

Helse og omsorg

Psykisk Helse

Psykisk Helse er like viktig som fysisk helse. Dersom man skader seg fysisk kommer ein til helsepersonell straks, men dersom man får psykiske problem kan man risikere lang ventetid. Dette er ikkje bra nok og psykisk helse må likestillast med fysisk helse

Kundefokus

Masfjorden FrP vil ha kundefokuserte helseog omsorgstenester, med minst den same gode service som vert levert i dag. Pasientar og pleietrengande er kommunen sine kundar, med individuelle krav og behov!

kompetanseheving

Masfjorden Frp vil sikra kontinuerleg kompetanseheving hjå helsepersonellet. Masfjorden FrP vil arbeida for at tilsette i helsesektoren, som ynskjer auka stillingsbrøk, skal få dette. Me vil ha det best mogleg tilrettelagte tilbod for utviklingshemma og brukarar med særskilte behov. Foreldre og omsorgspersonar soma treng det, må få eit godt avlastningstilbod.

Sjukeheim og omsorgsbustader

Sjukeheim og omsorgsbustader må ha godt vedlikehald og oppgraderast i tråd med tid og behov. Modernisering, eit godt IKT system og gode hjelpemiddel er ein føresetnad for at flest mogeleg skal få bu heime så lenge dei ynskjer og klarar.

Masfjorden FrP vil utreda statleg finansiert eldreomsorg vidare

Du er eit unikt menneske med unike behov.

I dag har du det kanskje veldig bra, men kva morgondagen fører med seg kan ingen svara på. Masfjorden Framstegsparti ynskjer å innføra uttrykket «Kommune med Livsløpsstandard»!

I dette legg me at dei gode helsetenestene me har i dag skal vera under kontinuerleg forbetring både på kvalitet, kvantitet og fleksibilitet.

Legevakt i kommunen

Masfjorden FrP vil arbeide for lokal Legevakt på Hosteland gjerne i samarbeid med Gulen kommune. Masfjorden FrP vil også arbeida for utvida opningstider ved legesenteret.

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp

Miljø også ei god FrP-sak

Samferdsle og vegar

Med det forbruket me menneske har av eingongsartiklar, drivstoff, straum og andre forbruksvarer, er det klart at bærekrafta over tid ikkje er til stades. Me som enkeltmenneske og som kommune kan gjera mykje for å redusera dette.

Masfjorden FrP vil:

• Støtte Til ENØK tiltak. Me vil undersøke moglegheitene til å bruke kraftfondet, eller andre midlar til å støtte opp om lokale enøk tiltak for private og bedrifter. FrP sitt forslag vil være at Masfjorden Kommune støttar godkjente enøk søknader til Enova med same beløp.

• Lokalt NGIR mottak. Masfjorden FRP vil arbeide for eit lokalt NGIR mottak i Masfjorden kommune. Eit lokalt mottak vil gi betre resirkulering og miljøeffekt.

• At kommunen skal stimulera til auka bruk av elbil ved å samarbeida tett med leverandørar av ladestasjonar. Me vil arbeida for fleire hurtigladere i kommunen.

• Auke budsjettet for vedlikehald av kommunale vegar. Utøva meir press for å heva vegstandarden på kommunal og fylkesveg.

• Ja til fornuftig regulering av fiskeoppdrett i Masfjorden, men anlegga skal ha dokumentert utsleppskontroll og regime for å handtera rømming og havari.

• Nei til rasering av fjellområde med bygging av vindturbinar. Løysinga på ei eventuell energikrise eller ei miljøkrise er ikkje å rasera naturen i Masfjordfjella. Masfjorden FrP vil oppgradera vasskrafta i staden.

• I motsetning til andre partier deler FrP både i fylkeslag og på stortinget det same synet på vindturbinar. Ein stemme på Masfjorden FrP og Vestland FrP er den beste måten å unngå vindturbinar i Masfjordfjella.

Samferdsle og gode vegar er avgjerande i ein kommune med så stor utstrekning som Masfjorden. Innbyggjarane må kunne flytta seg rundt på ein trygg måte, anten ein tek bussen eller køyrer sjølv. Det er gjort mykje godt arbeid på dei kommunale vegane og fylkesvegane i kommunen dei siste åra. Denne utviklinga vil vi halde fram med å prioritere.

Masfjorden Framstegsparti har vore tungt frampå når det gjeld realisering av Masfjordsambandet. Søknaden er godkjent, finansieringsplanen må oppdaterast og byggeprosessen må startast opp snarast. Me vil aktivt jobbe saman med FrP sentralt for å få fortgang i saka.

Masfjorden FrP vil:

• Ha Masfjordsambandet på plass innan 2027. Dette vil vera viktig for Masfjorden, men også for andre regionar som har tilsvarande prosjekt.

• Masfjorden FrP vil utnytta dette og leggja sterkt press på Vestland Fylke når dei skal budsjettera for vegvedlikehald. Masfjordvegen og Austfjordvegen må prioriterast. Dette er viktig for både innbyggjarar og næringsliv!

• Auka fokus på trafikksikringsplanen, særleg rundt skule og skulevegar.

• Ha lys i tunnellane., Tirnestunnellen og Trysdalstunnellen.

• Arbeida for gang- og sykkelvegar. Dette vil verta særleg viktig rundt skulane, men også som tur- og rekreasjon for folk ellers.

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp

Kultur og idrett

Masfjorden Framstegsparti meiner at kulturog idrettslivet i kommunen er rikt og godt og at det skal satsast vidare på det gode som vert gjort.

Barna er vår største og viktigaste ressurs. Dei fortener å ha gode og tenlege tilbod som stimulerer til kulturell, motorisk og sosial utvikling og utfolding.

Masfjorden FrP vil :

• Auka innsatsen inn mot frivillige lag og organisasjonar for å få til større breidd i kulturtilbodet til barn og unge.

• Auka innsatsen inn mot idrettslaga for å få betra breidden i idrettstilbodet til born og unge.

• Med å stimulera frivillige lag, organisasjonar og næringslivet kan ein gjera tilboda enno meir lavterskla, slik at alle får høve til å delta.

Likestille frivillige lag og organisjoner som arbeider med fritidsaktiviteter for barn og unge. Det skal være same tilbud til organisjoner som ønsker å drive med E-sport mekking på bil båt osv. som det er til annan kultur og idrett. Vi vil arbeide for Fleirbrukshall i samarbeid med Gulen og Næringslivet FrP ynskjer å vidareføra den kristne kulturarven og vil difor arbeida for at:

• Masfjorden sokneråd, framleis vert støtta av Masfjorden kommune.

• Det kristne barne og ungdomsarbeidet må styrkjast for å vidareføra denne arven som vil vera ein god ballast på livsvegen til dei unge.

• Kyrkjer og gravplassar må få nok midlar til vedlikehald.

I år er det både kommuneog fylkestingsvalg.

I vallokalet finner du to vallister:

Rosa kant for kommunevalget Blå kant for fylkestingsvalget.

I kommunevalet kan du retta på stemmesedlane:

Sette kryss ved ein kandidat for å gje han/ho ei ekstra personstemme. Før opp ein listekandidat frå eit anna parti for å gje han/ho ei ekstra personstemme.

Alle som fyller 18 år i løpet av 2023, og er busett i kommunen pr 30. juni, har stemmerett.

Du treng ikkje væra norsk statsborgar for å stemme i lokalvalget. (Personar utanfor Norden må ha 3 års butid i Noreg).

Det einaste du treng å ha med deg i vallokalet er gyldig legitimasjon m/bilde

Du treng ikkje valkortet (blir sendt i Posten), men dette lettar arbeidet i vallokalet.

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp

Saman skal me sørgja for forandring i Masfjorden

Gode oppvekstvilkår for barn og unge. God eldreomsorg. Godt vedlikehald av vegane våre

Bedre kommunale veier. Legevakt på Hosteland. JA-Kommune

Bedre

Politisk ansvar for kommunale bygg og veg. Nei til vindmøller. Oppfølging av fylkesveger.

Bedre

- Få fart på Masfjorden Masfjorden Frp
1. Olav Ørjan Daae Legevakt på Hosteland Barnehage og SFO satsane skal ned Vedlikehold av kommunale bygg og vegar 2. Torstein Myrvang–Rørvik Nei til Vindturbiner. Ein kommune som sier ja når en trenger det. 3. Svein Fredheim Psykisk Helsevern i kommunen. Nei til Eiendoms skatt, Nei til Vindturbiner. 4. Janne-Judith K. Sandnes 5. Inge Borge 6. Jørgen Myrvang-Rørvik 7. Bjørn Steinar Lie Ja kommune. Lik satsing og likestilling på fritidstilbod til barn og unge. 8. Tom Rune Daae Nei til vindturbiner. JA-kommune. 9. Per Kåre Larsen Psykisk Helsevern i kommunen. Legevakt på Hosteland

Verdiskapingsfylket Vestland

Stem FrP ved kommuneog fylkestingsvalet!

Fylkesordførarkandidat

Vestland FrP

Terje Søviknes

FrPs prioriteringar i fylket:

- Fritt skuleval og satsing på yrkesfag

- Utbygging og vedlikehald av fylkesveg

- Nei til bybane over Bryggen

- Nei til bompengefinansiert bybane til Åsane

- Ja til eit godt kollektivtilbod i heile fylket

- JA-haldning i arealsaker

- Verdiskaping og arbeidsplassar

Vestland FrP stiller ei knallsterk liste til fylkestingsvalet 2023:

1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

2. Sigbjørn Framnes (Stord)

3. Renate Møgster Klepsvik (Austevoll)

4. Martine Jordana Baarholm (Bergen)

5. Frank Willy Djuvik (Kinn)

6. Stig Abrahamsen (Askøy)

7. Helge Stormoen (Bergen)

8. Sigurd Andrè Maraas (Fitjar)

9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

10. Rita Navarsete (Sogndal)

11. Hogne Bleie (Stad)

12. Frode Nygård (Kvam)

13. Anita Garlid Johannessen (Øygarden)

14. Martin Virkesdal Jonsterhaug (Bergen)

- Stem for eit offensivt Vestland!

15. Mary Ann Mostraum (Alver)

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.