Skip to main content

Vaksdal FrP-Valavisoppslag- Fridom, tryggleik og handlekraft for Vaksdal 2019-2023

Page 1

HOVUDSAKER VAKSDAL FrP 2019-2023

Oppvekst og eldreomsorg Nei til eigedomsskatt Trygg samferdsle

FRIDOM, TRYGGLEIK OG HANDLEKRAFT

FOR VAKSDAL

Det går mot kommuneval, Vaksdal FrP med ordførarkandidat Boris Groth i spissen er klar til å ta ansvar for at heile Vaksdal skal bli ein vekstkommune framover! Der innbyggjarane stolt kan leve utan byen sitt mas, kjas og rushtid i eit «Bynært bygdaliv» på Dale, Stanghelle og Vaksdal, med korte reiseavstandar til jobb og kulturtilbod i Bergen/Voss, men også mykje lokalt i eigne bygder! Andre føretrekk kanskje ro, fjell-/sjølufta i ei av våre andre flotte bygder: Bergsdalen, Stamnes, Eidsland, Eksingedalen.

Auka folketal og vekst i næringslivet Ja-kommune

ORDFØRARKANDIDAT: BORIS GROTH

Uansett kvar så håpar Vaksdal FrP det vert i ein FrP styrt JA-kommune: Utan eigedomsskatt, med eit blomstrande næringsliv, med dei beste barnehagane og skulane like i nærleiken, gode og varierte fritidstilbod for ung og gamal, trygge vegar og jernbane, og ikkje minst ei omsorgsteneste for våre eldre som gjer dei moglegheita til å LEVA heila livet slik dei sjølv vil! Det skal i alle fall Vaksdal FrP arbeide for! Men for å få dette til treng me DI stemme for å få gjennomslag!

Håpar difor du vil gje oss di stemme på valdagen! Godt val og bruk stemmeretten!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vaksdal FrP-Valavisoppslag- Fridom, tryggleik og handlekraft for Vaksdal 2019-2023 by Vestland-FrP - Issuu