VANYLVEN KOMMUNE
Kommunestyre 26.Oktober 2020
Etterlevelseskontroll Ny kommunelov stiller i $ 24.9 krav til revisjonen om å utføre forenkla etterlevelseskontroll med økonomiforvaltninga. Dette lovkravet er nytt. Revisjonen skal sjå til at kommunen si økonomiforvaltning i hovudsak skjer i samsvar med bestemmelsar og vedtak. Område som skal velgast ut for kontroll er basert på revisor sitt skjønn og risiko-og vesentleghetsvurdering. Det er kontrollert om lønsutgifter, som etter Kostra-rettleiar skal rapporterast på Kostrafunkjson 120 administrasjon, vert registrert og rapportert i samsvar med denne. Kontrollen er avgrensa til å gjelde fast løn registrert på lønsart 1100. Kontrollen er utført for rekneskapsåret 2019. I rapporten blir det konkludert slik: - Administrasjonkostnadane har auke frå 2016-2018. « viser ein beskjeden reduksjon i 2019. - Kommunen har i 2019 dei høgaste netto administrasjonsutgiftene av kommunane på Søre Sunnmøre. - Kommunen ligg høgast av Søre Sunnmøre-kommunane når det gjeld årsverk innan administrasjon i forhold til totale årsverk med lønsart 1100. - Vanylven er den av dei kontrollerte kommunane med høgst netto driftsutgifter til administrasjon både pr årsverk og pr innbyggar. - Når det gjeld gjennomsnittleg løn til administrasjon ligg Vanylven høgast pr. november 2019 i forhold til dei andre kommunane i området. Sjå forøvrig revisjonen sin rapport . Melding: Møteprotokoll kontrollutvalet 08.09.2020 Protokoll frå møte i kontrollutvalet 08.09.2020 vert lagt fram for kontrollutvalet. Plan for forvaltningsrevisjon - kommunen og selskap Plan for forvaltningsrevisjon – kommunen og selskap er oversendt frå kontrollutvalet til handsaming i kommunestyret.
oversikt
Tertialrapport nr 2 – 2020 Rådmannen rapporterer tre gongar per år til kommunestyret om økonomi, sjukefråvær, investeringsprosjekt, saksoppfølging, tenesteproduksjonen og om finans (lån og bankinnskot). Denne saka gjeld rapportering for 2. tertial 2020 (mai til august).
Økonomiske konsekvensar knytt til koronapandemien - rapport nr 4 I k-sak 25/20 orienterte administrasjonen om økonomiske konsekvensar for kommunen av koronapandemien. Det vart gjort slikt vedtak: 1. Rådmannen får fullmakt til å sette i verk naudsynte tiltak knytt til mulig pandemiutbrot i kommunen. Finansiering vil ein kome tilbake til når ein har meir oversikt over forventa statlege tilskot. 2. Rådmannen får fullmakt til å regulere budsjettet med finansiering frå mottatte statlege tilskot. 3. Kommunestyret får på komande møte framover oppdatert informasjon om økonomiske konsekvensar knytt til koronapandemien. Saka som no vert lagt fram gjeld perioden juli og august og er å sjå på som ei oppfølging av punkt 3 i vedtaket over. Dette er rapport nr 4 om økonomiske konsekvensar av pandemien.
Detaljregulering -Hasleneset - vurdering av merknadar og godkjenning etter 1. gangs høyring Nordplan AS har på vegne av tiltakshavar Oddvar Strand AS utarbeid detaljplan for Hasleneset i Syvde gnr. 82 bnr. 52. Føremålet med planen er å leggje tilrette for etablering av inntil 6 fritidsbustadar med felles areal og eit felleshus/naust, inklusiv tilhøyrande infrastruktur. Formannskapet vedtok i sak FO46/20 i møte den 08.06.2020 å legge reguleringsplan Hasleneset gnr. 82 /bnr. 52 til offentleg ettersyn i 6 veker. Etter 1 gongs høyring kom det inn 4 merknadar. Fylgjande vert utført for å møtekomme merknadane: -Turvegen f_GT opparbeidast og tilretteleggast for fri ferdsel før fyrste fritidsbustad takast i bruk. -Alle fritidsbustadar skal ha ei stille side. Desse bustadane skal ha tilgang til både private og
For meir informasjon om dei politiske sakene som er til handsaming i dette møtet – sjå kommunen si nettside www.vanylven.kommune.no «Politikk og møte»