__MAIN_TEXT__

Page 1

så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkkelen. Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Med utgangspunkt i internasjonal teori og forsking blir kritisk literacy presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar.

konkrete eksempel på korleis lærarar kan arbeide med å utvikle elevane sine kritiske ferdigheiter.

Aslaug Veum og Karianne Skovholt er båe førsteamanuens i norsk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Dei er produktive forskarar og faglitterære forfattarar med ei rekkje utgjevingar bak seg.

KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET Aslaug Veum og Karianne Skovholt

KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET

Boka gir ein introduksjon til feltet kritisk literacy og tilbyr verktøy og

Aslaug Veum og Karianne Skovholt

Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel

ISBN 978-82-15-03307-5

Kritisk literacy omslag.indd 1

22.04.2020 08:52


KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 1

12.05.2020 09:11


9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 2

12.05.2020 09:11


Aslaug Veum og Karianne Skovholt

KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET

Universitetsforlaget

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 3

12.05.2020 09:11


© Universitetsforlaget 2020 ISBN 978-82-15-03307-5 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med rettighetshaverne er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning og kan straffes med bøter eller fengsel. Henvendelser om denne utgivelsen kan rettes til: Universitetsforlaget AS Postboks 508 Sentrum 0105 Oslo www.universitetsforlaget.no Boka er gitt ut med støtte frå Lærebokutvalet for høgare utdanning, og forfattarane har fått støtte frå NFFO. Omslag: Mette Gundersen / Substans Sats: ottaBOK Trykk og innbinding: 07 Media – 07.no Boken er satt med: Adobe Garamond Pro 11,5/14 Papir: 100 g Arctic Matt

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 4

12.05.2020 09:11


Innhald

Forord. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7

DEL 1 Kva er kritisk literacy?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9 Å manøvrere i det komplekse tekstsamfunnet . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Kva er literacy? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12 Kva er kritisk literacy?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Kritisk literacy som teoretisk felt. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Kritisk teori og Frankfurterskulen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 Kritisk pedagogikk. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 Kritisk diskursanalyse . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Sosialsemiotikk og multimodalitet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20 Kritisk literacy som didaktisk metode . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 21 Fire måtar å nærme seg ein tekst på . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Ein didaktisk modell for arbeid med kritisk literacy. . . . . . . . . 23 Kritisk literacy i norskfaget . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25

DEL 2 Kritisk ­tilnærming til tekst . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 27 Kva tekstar er eigna for kritiske tilnærmingar?. . . . . . . . . . . . . . . . . . 29 Tekst og makt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 29 Reklametekstar og innhaldsmarknadsføring . . . . . . . . . . . . . . . 33 Avistekstar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 35 Historiske tekstar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 40 Kontekstanalyse – eit vilkår for kritisk tilnærming til tekst . . . . . . . . 41 Sjangerforventingar og sjangerbrot . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 46 5

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 5

12.05.2020 09:12


INNHALD

Analysereiskapar for kritisk literacy. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 49 Analyse av verbalspråk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 50 Trinnvis kritisk tilnærming til verbale ressursar . . . . . . . . . . . . 64 Analyse av visuelle framstillingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 64 Trinnvis kritisk tilnærming til visuelle ressursar . . . . . . . . . . . . 76 Kva spørsmål opnar for kritiske tilnærmingar til tekst? . . . . . . . . . . . 77 Spørsmål som kan fremje kritisk literacy og refleksjon hos elevar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 77

DEL 3 Kritisk literacy i klasserommet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 81 Frå teori til klasseromspraksis . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 83 Didaktiske grep for kritisk tilnærming til tekst. . . . . . . . . . . . . 84 Undervisningsopplegg 1: Å lese teksten med motstand . . . . . . . . . . . 86 Øving 1: Deltreningsoppgåver for kritisk lesing . . . . . . . . . . . . 88 Øving 2: Steg for steg-modell for kritisk lesing . . . . . . . . . . . . 94 Undervisningsopplegg 2: Redesign og mottekst . . . . . . . . . . . . . . . . 99 Øving 1: Å redesigne tekst. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 102 Øving 2: Å produsere ein mottekst . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 107 Undervisningsopplegg 3: Å lese eit mangfald av tekstar . . . . . . . . . . 114 Øving 1. Lese tekst frå Forsvarets magasin Innsats. . . . . . . . . . . 120 Øving 2. Lese tekst frå Naturvernforbundet Trøndelag . . . . . . 123 Undervisningsopplegg 4: Å lese samansett tekst med motstand . . . . 128 Etterord. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 135 Tendensar og utfordringar i det globale og digitale samfunnet. . . . . . 135 Ei utvida forståing av kritisk literacy. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 136 Referansar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 139 Register. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 145

6

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 6

12.05.2020 09:12


Forord

Kvardagstekstar har fått ein sentral plass i denne boka, for eksempel nettavisa som du skumles medan du et frukost, reklameplakaten du ser på bussen, Facebook-kronikken du deler frå sofaen eller Instagram-innlegget du skrollar over medan du sit på sengekanten. Dette er kvardagstekstar vi alle les, og deretter gløymer. Eller gjer vi det? Dei flyktige «bruk-og-kast-tekstane» som vi omgir oss med i kvardagen, kan verke uviktige og uskuldige. Men nettopp fordi framstillingane i denne typen tekstar verkar sjølvsagte og naturlege, påverkar dei oss, kanskje meir enn vi er klar over. Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Det kritiske dreiar seg då ikkje berre om noko elevane bør vere, men like mykje om kva elevane kan gjere, i samarbeid med læraren. Den kritiske eleven må kunne stille spørsmål ved dei verkelegheitsframstillingane han eller ho møter i kvardagen, både på skulen og i fritida. Ved hjelp av kritiske spørsmål og analyseverktøy får elevane hjelp til å ta eit steg tilbake, analysere og vurdere framstillingsmåtane i ulike typar tekstar i samfunnet, og til sjølve å skape og omskape til moglege alternative framstillingar. I den overordna delen av det reviderte Kunnskapsløftet heiter det: «Opp­ læringen skal gi elevene en forståelse av kritisk og vitenskapelig tenkning. Kritisk og vitenskapelig tenkning innebærer å bruke fornuften på en undersøkende og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringer, fenomener, ytringer og kunnskapsformer. Opplæringen skal skape en forståelse av at metodene for å undersøke virkeligheten må tilpasses det vi ønsker å studere, og at valg av metode påvirker det vi ser.» (Utdanningsdirektoratet, 2018b). Som det går fram her, er det er fleire måtar å vere kritisk på, og ulike metodar innanfor ulike faglege tradisjonar. Denne boka er retta særleg mot deg som skal bli eller som allereie arbeider som norsklærar, men tilnærmingane er også godt eigna for tverrfagleg arbeid, for eksempel i norsk, samfunnsfag og historie. Kritisk literacy blir i denne boka presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar. I del 1 tek vi for oss nokre av dei teoriane som til saman utgjer kritisk literacy som teoretisk felt. I del 2 presenterer vi eit sett av verktøy som kan nyttast i kritisk analyse av tekst. Analyseverktøya dannar grunnlaget for eit sett med kritiske spørsmål som ein kan stille 7

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 7

12.05.2020 09:12


FORORD

til verbalspråklege og visuelle framstillingsmåtar i tekstar. Vi viser også korleis medvit om kontekst er avgjerande for å styrke elevane si forståing av at ulike tekstar har ulike føremål, og tener forskjellige interesser. I del 3 foreslår vi nokre heilt konkrete og praktisk orienterte undervisningsopplegg for korleis ein kan arbeide med å styrke den kritiske bevisstheita hos elevar på ulike trinn i skulen. Innhaldet i denne boka byggjer på nærare ti år med undervisning og forsking i kritisk tekstanalyse ved Universitetet i Søraust-Noreg. Vi vil takke fleire årskull med studentar på Master i norskdidaktikk for entusiasme, erfaringsbasert kunnskap og ikkje minst vilje til å arbeide med og for kritiske tilnærmingar til tekst i klasserommet. Gjennom åra har eit fint knippe av masterstudentane våre prøvd ut og utforska ulike didaktiske metodar for kritisk literacy på ulike typar tekstar. Ein særleg takk går til Rachel Songe-Møller, Lise Gusfre Ims, Anders Eilertsen, Irene Bakke, Liv Cathrine Krogh, Monica Ormestad, Åse Nåvik og Terese Bakkenget. I tillegg takkar vi Kjersti Solbu. Ein del av resultata frå ulike prosjekt i kritisk literacy er refererte i denne boka, vonleg til inspirasjon for deg som vil arbeide med kritisk literacy i klasserommet. God lesing! Tønsberg, april 2020 Aslaug Veum og Karianne Skovholt

8

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 8

12.05.2020 09:12


Kva er kritisk literacy? I denne delen skal vi sjå på kva kritisk literacy er, historisk, teoretisk og metodisk. Det kritiske perspektivet har røter langt tilbake i tid og kan koplast til utvikling og endringar i samfunnet og i synet på læring, kunnskap og undervisning. Vi skal sjå at kritisk literacy er både ein kompetanse, eit teoretisk felt og nokre didaktiske metodar, og at kritiske tilnærmingar til tekst er vesentleg for at elevane skal få moglegheiter til å delta i demokratiske prosessar, ytre seg og utvikle eigen identitet.

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 9

D E L

1

12.05.2020 09:12


9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 10

12.05.2020 09:12


Å manøvrere i det komplekse tekstsamfunnet Barn og unge lever i dag i eit samfunn med eit tekstmangfald som både er vesentleg større og mykje meir komplekst enn det foreldregenerasjonen voks opp med. I det digitale og globale samfunnet er falske nyheiter, alternative fakta og uklare grenser mellom kommersielle og informative tekstar ein del av kvardagen. Det digitale samfunnet opnar samtidig nye moglegheiter for å dele informasjon, delta, ytre seg, presentere og framstille seg sjølv på ulike måtar og på ulike plattformer. I dette tekstlandskapet skal elevane lære å ha ei kritisk tilnærming til tekstar, gjennom måten dei vel, vurderer, analyserer og skaper eigne tekstar på. Sjølv om ny teknologi skaper utvida moglegheiter for enkeltmennesket til å ytre seg, delta og utfordre eksisterande maktrelasjonar, skaper ikkje digitalt engasjement i seg sjølv kritisk bevisstheit (Luke, 2012, s. 8). Kritisk tenking, lesing og praksis må ein lære i skulen. I Stortingsmelding 28, Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet blir det framheva at elevane i framtida i større grad må lære å vurdere kunnskap på ein sjølvstendig måte: «Skolen skal gjøre elevene i stand til å tenke kritisk og selvstendig. (…) Opplæringen skal sette elevene i stand til å tenke selv, søke kunnskap og reflektere over og vurdere vedtatte sannheter, som ikke alltid er allmenngyldige. Det krever oppøvelse av kritisk sans og evne til å se en sak fra flere sider.» (Kunnskapsdepartementet, 2016, s. 21–22). I stortingsmeldinga blir det kritiske perspektivet kopla opp mot grunnleggjande ferdigheiter samt danning og medborgarskap. Desse perspektiva er ført vidare inn dei nye læreplanane i fagfornyinga, både i den overordna delen og i læreplanen i norsk, der kritisk tilnærming til tekst er eitt av seks kjerneelement. Kva kritisk tilnærming til tekst er i praksis, og korleis lærarar kan operasjonalisere arbeid med kritiske tilnærmingar i skulen, er i liten grad tematisert i lærebøker og forsking i norsk samanheng, og det vil vi bidra til med denne boka. Det som i læreplanen blir omtala som kritisk tenking, koplar vi både til kritisk lesing og til det som 11

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 11

12.05.2020 09:12


DEL 1 Kva er kritisk literacy?

innan didaktisk og pedagogisk forsking blir kalla kritisk literacy (critical literacy) og kritisk diskursanalyse (critical discourse analysis). Kritisk tilnærming til tekstar inneber meir enn å utøve kjeldekritikk. Som vi skal sjå, inneber det også evna til å kunne analysere og vurdere korleis meining blir skapt i ulike tekstar, både verbalt og gjennom bilete og andre semiotiske ressursar. Både nasjonal og internasjonal forsking tyder på at elevar generelt har urovekkjande stor tillit til dei tekstane dei møter i kvardagen, i lærebøker, på nettsider, i sosiale og trykte medium. Funn i nasjonale prøver for ungdomstrinnet tyder på at mange elevar har problem med å skilje reklame frå meir informative tekstar. I den nasjonale leseprøva for åttande trinn i 2013 viste det seg at om lag ein tredjedel av elevane oppfatta ein reklametekst som informasjon. Den aktuelle teksten handla i hovudsak om barn og naturopplevingar, men hovudmålet var å reklamere for speidarknivar, og avsendaren var ein knivprodusent (Roe, Ryen & Weyergang, 2018, s. 126 ff.). I ein eksamensrapport for norsk hovudmål i vidaregåande skule frå 2018 blir det vist til ei eksamensoppgåve (langsvarsoppgåve) der elevane skulle gjere ein analyse av ein innhaldsreklame for kaffiprodusenten Nespresso, som hadde stått på trykk i A-magasinet (sjå også s. 38). Eksamensoppgåva var som følgjer: «Formuler kort kva som er formålet med teksten, og analyser den samansette teksten. Bruk omgrep frå retorikken. Vurder til slutt korleis denne teksten fungerer som reklame.» I eksamensrapporten blei det peika på at elevar med låg måloppnåing manglar evne til analyse, og har lite eller upresist fagspråk. Ein del elevar viser heller ikkje tydeleg forståing for kva som er formålet med ein reklameannonse (Utdanningsdirektoratet, 2018a, s. 5). Alt i alt er det mykje som tyder på at det er eit behov for å styrke den kritiske lesekompetansen til elevane, ein kompetanse vi i denne boka altså koplar til omgrepet kritisk literacy.

Kva er literacy? Omgrepet literacy heng saman med adjektivet literate, som vil seie å vere leseog skrivefør. Omgrepet blei fyrst forstått som evna til å lese og skrive, som ein kognitiv kompetanse ein anten hadde eller ikkje hadde. Med endringar i samfunnet, som utvikling av nye digitale medium, uttrykksformer og sosiale praksisar, har omgrepet blitt utvida. Måten vi skaper, formidlar og les tekstar på er i endring, og det å kunne lese og skrive er i seg sjølv ikkje nok for å kunne meistre det komplekse tekstmangfaldet i det moderne samfunnet. Ein må kunne lese og skrive for å utføre handlingar i ulike medium og for ulike formål. Omgrepet tekst skal ein forstå breitt, og det utvida tekstomgrepet inkluderer munnlege og multimodale tekstar i både digitale og analoge medium. 12

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 12

12.05.2020 09:12


Kva er literacy?

Det literacy-omgrepet vi bruker i skule og utdanning i dag, er det same som ligg til grunn for Kunnskapsløftet og fagfornyinga (Berge, 2007, s. 239 ff.). UNESCO, FNs organisasjon for undervisning, vitskap, kultur og kommunikasjon, inkluderer eksplisitt digitale tekstar og definerer literacy på denne måten: Beyond its conventional concept as a set of reading, writing and counting skills, literacy is now understood as a means of identification, understanding, interpretation, creation, and communication in an increasingly digital, text-mediated, information-rich and fast-changing world (UNESCO, 2018).

Som det går fram av denne definisjonen, er literacy ikkje lenger avgrensa til funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. Literacy blir kopla til det å kunne identifisere, forstå, tolke, skape og kommunisere i eit samfunn som blir stadig meir digitalisert og tekstbasert, og der vi alle har stadig betre tilgang til stadig større mengder informasjon. Sosiokulturelle tilnærmingar har av­løyst kognitive tilnærmingar til literacy. Det sosiokulturelle perspektivet kan knytast til sosiale teoriar om læring som voks fram på 1980-talet, og samsvarer med læringsteoriane til Lev Vygotsky (1962). Innanfor det sosiokulturelle perspektivet ser ein verda som sosialt konstruert, og språket som ein sosial praksis. Bruk av språket og tekstar blir særleg vektlagt innan denne retninga, og språket blir forstått som ein måte å utføre handlingar på, retta mot ulike personar i ulike roller og situasjonar. Ei sentral retning innan det sosiokulturelle perspektivet er New Literacy Studies. Forskarar innan denne retninga framhevar at literacy ikkje kan forklarast som eit nøytralt eller universelt fenomen. Ein problematiserer kva som til ei kvar tid får verdi som literacy, og peikar på korleis nokon praksisar kan vere dominerande, medan andre blir marginaliserte (Street, 2003, s. 77). Ein literacy-praksis blir innan dette perspektivet forklart som underliggjande, konvensjonelle og kulturspesifikke måtar å bruke språk og tekstar på. Når vi har å gjere med konkrete handlingar som kan forankrast i tid og stad, og som involverer korleis konkrete aktørar brukar, tolkar og samhandlar med språk og tekstar, blir det gjerne omtalt som literacy-hendingar (Janks, 2010, s. 118; Street, 2003, s. 79). Literacy er eit komplekst og samansett omgrep, og i dag talar ein difor om at det eksisterer ei rekkje ulike typar literacy (Barton, 1994, s. 34), som for eksempel tidleg literacy, digital literacy, multimodal literacy og kritisk literacy. Omgrepet literacy blir forstått og definert på ulike måtar innanfor ulike forskingsfelt, men eit viktig hovudskilje innan literacy-forskinga går – som vi har vore inne på – mellom kognitive og sosiokulturelle tilnærmingar (Blikstad-Balas, 2016, s. 23; Mills, 2016, s. 17). Den framstillinga av kritisk Iiteracy som vi presenterer i denne boka, kviler på den sosiokulturelle tilnærminga, der ein er 13

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 13

12.05.2020 09:12


DEL 1 Kva er kritisk literacy?

opptatt av korleis språk og tekstar blir brukte og forståtte i ulike sosiale samanhengar.

Kva er kritisk literacy? Omgrepet kritisk literacy viser i vid forstand både til ein kompetanse, eit teoretisk felt og til nokre didaktiske metodar som har utvikla seg gjennom tid. Sjølve ordet kritikk kjem frå gresk «kritike tekhne» og er forklart som «kunsten å bedømme» – det å skilje, avgjere og dømme (Språkrådet, 2018). Som kompetanse kan kritisk literacy med utgangpunkt i UNESCOs definisjon forståast som eit samleomgrep om ulike måtar å vere kritisk på, i møte med ulike typar tekstar i det digitale samfunnet. Den australske literacy-forskaren Allan Luke definerer kritisk literacy på følgjande måte: The term critical literacy refers to the use of the technologies of print and other media of communication to analyze, critique and transform the norms, rule systems and practices governing the social fields of everyday life (Luke, 2014, s. 21).

I denne definisjonen blir kritisk literacy tydeleg kopla til ein kompetanse der ein har innsikt i korleis språk og tekstar konstruerer ulike verkelegheitsbilde, og det er særleg dette perspektivet vi løfter fram i denne boka. Kritisk literacy heng eksplisitt saman med det å kunne lese kritisk, men også å skape endring gjennom språkleg handling. Det å lese kritisk handlar i stor grad om å kunne avdekkje, identifisere og utfordre dei implisitte sosiale og kulturelle førestillingane (haldningar og verdiar) og idear som blir framstilte som naturlege og sjølvsagte i ein tekst. Hilary Janks (2010), som har arbeidd mykje med kritisk literacy i skulen, set opp to hovudmåtar ein kan nærme seg tekstar på. Den eine typen tilnærming til tekst omtalar ho som å lese med teksten. Målet med ein slik lesemåte er å finne hovudsynspunkt i teksten og forstå og vurdere innhaldet. Dette blir også kalla ein sympatisk lesemåte. Den andre måten å nærme seg tekstar på omtalar Janks som det å lese mot teksten. Ein føresetnad for denne lesemåten er at ein forstår korleis alle tekstar konstruerer selektive verkelegheitsbilde. Å lese mot teksten handlar på den eine sida om å kartlegge kva interesser tekstskaparen kan ha, og på den andre sida om å vise kva strategiar tekstskaparen nyttar seg av. Med ei slik tilnærming får vi ein kritisk lesemåte (Janks, 2010, s. 22). Kritiske tilnærmingar til tekst inneber elles at ein både analyserer og problematiserer den makta som kjem til uttrykk gjennom språk og tekstar, og den makta som ligg bak språket og tekstane (Mills, 2016, s. 42). I kritisk analyse blir ikkje språket 14

9788215033075_Veum og Skovholt_Kritisk literacy 110520.indd 14

12.05.2020 09:12


så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkkelen. Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Med utgangspunkt i internasjonal teori og forsking blir kritisk literacy presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar.

konkrete eksempel på korleis lærarar kan arbeide med å utvikle elevane sine kritiske ferdigheiter.

Aslaug Veum og Karianne Skovholt er båe førsteamanuens i norsk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Dei er produktive forskarar og faglitterære forfattarar med ei rekkje utgjevingar bak seg.

KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET Aslaug Veum og Karianne Skovholt

KRITISK LITERACY I KLASSEROMMET

Boka gir ein introduksjon til feltet kritisk literacy og tilbyr verktøy og

Aslaug Veum og Karianne Skovholt

Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel

ISBN 978-82-15-03307-5

Kritisk literacy omslag.indd 1

22.04.2020 08:52

Profile for Universitetsforlaget

Kritisk literacy i klasserommet  

Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkk...

Kritisk literacy i klasserommet  

Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkk...