Norsk seterkultur har som mål å læra fleire om seterliv og setertradisjonar, og born og unge er ei viktig målgruppe. Den nye nettsida «tilseters.no» er retta spesielt mot denne målgruppa.
Her kan ein lesa om både dyra som er på setra, om buføring, om mjølkemat og mjølkestell, om eventyr og songar, om buferd og om dagsrytmen på ei seter
Det er også lesestoff om seterlandskapet og husa på setra, om alt utstyret som trengst på setra, anten setra er moderne eller gamaldags. Songar og eventyr knytt til setra har fått sitt eige kapittel, og
du kan også lesa om seterdrift i andre land.
Undervisningsmateriell
Nettsida er tenkt til bruk for skular og lærarar som vil gje elevane sine eit inntrykk av kva seterlivet går ut på, også for dei som ikkje har høve til å dra på setra sjølve Her er difor også samla undervisningsopplegg til bruk for skular og leirskular, og mange undervisningsfilmar om ulike tema, ikkje minst om å foredla mjølk til ost og smør. Du kan også lesa om ulike kurs for den som vil prøva seg som budeie. Her kan ein også lasta ned Norsk seterkultur sin serie med informasjonsplakatar, i alt 15 plakatar.
Livetpå setra
Har du tips til oss?
«Tilseters.no» vil gjerne ha fleire innspel utanfrå for å gjera nettsidene endå betre
Så dersom du har fine bilete frå seterlivet, eller forteljingar frå setra i gamal eller ny tid, eller anna som du trur kunne vera interessant for fleire, så ta kontakt på seter@seterkultur.no
Margaretha Krug Aase bur til vanleg i Kvinesdal kommune, men setra si har ho funne noko lenger aust i fylket, på Hagehei i Audnedal i Lindesnes kommune. Med utgangspunkt i eit godt samarbeid med grunneigar Jan Erik Ødegaard flytte ho til støls rundt jonsok med ti mjølkegeiter og eit mobilt ysteri.
Planen er å ta mot gjester på setra gjennom sommaren, med annonserte opningstider kl 11 – 16 kvar tysdag og torsdag Då vankar det enkel servering med kaffi og vaflar (når vedkomfyren er komen i drift). Setra ligg ved ei kjend turløype, om lag 190 meter over havet, så mange kan nok finna vegen hit.
Livetpå setra
Men ingenting har gjort seg sjølv Margaretha Krug Aase har arbeidd lenge for å koma på setra i heimfylket – lesarar av «Seterbrukaren» vil hugsa skriving for nokre år sidan om at statsforvaltaren i fylket ikkje hadde noko setertilskot. Men det har etter kvart ordna seg, og no finst altså setra også.
langvarig
Etter
planleggjing flytta Margaretha Krug Aase på setra på Hagehei sist i juni (bilete: Espen Sand).
Attåt dei byråkratiske utfordringane er det også mykje praktisk som har kravd mykje førebuing – ikkje minst det oppfinnsame foredlingslokalet på hjul, ymse filter til vatn og så vidare Og når budeie og buskap endeleg var komne til støls, var det meir å ordna der Mjølkestallen på bruket trong både ei og to forbetringar for å greia å halda geitene på plass under mjølkinga, fortel Margaretha.
Geitene er elles hennar eigne, og går resten av året på heimegarden i Kvinesdal Dei er av ei stamme av
agder-geit som kjem frå Hidra ved Flekkefjord, lenger vest langs kysten Tanken er at geitene skal gje råstoff til yoghurt, surmjølk og kefir gjennom sommarvekene på setra
Skjermpause
Utanom stølssesongen er
Margaretha Krug Aase lærar i vidaregåande, og ho har filosofert litt over dagleglivet til ungdomane der og livet ho sjølv har på stølen.
- Eg trur nok ikkje dei greier sjå for seg eit liv utan skjermar og telefon, slik det er her Men oppgåva mi er å visa at det går an å leva på ein
annan måte, at det går an å leva tungvint. Og å drikka geitemjølk, legg ho til
Stølen er utan både straum og vatn, og dersom ein ikkje har terrenggåande køyretøy er det to kilometer å gå frå bilveg
Margaretha ser fram til vekene på stølen, og reknar med at det vert fleire somrar der. No når så mykje arbeid er lagt ned i infrastruktur og planleggjing, ligg det til rette for besøksseter på Agder også i åra framover
Margaretha med geiteflokken (bilete: Espen Sand, Lindesnes Avis)
Detskjerisommar
JULI
Gåsøysymposiet på Klåpsetra
Laurdag 26. juli
Øvre Svatsum, Gausdal
Markering av Unesco-statusen for seterkulturen
Laurdag 12 juli
Skålbergsætra, Odalstunet
Avgang klokka 11 frå Krokmyra, fire kilometer å gå til Skålbergsetra. Der er det servering, musikk og korte innlegg av Knut Ola Storbråten (seterkulturen på Unescolista) og Kari Sofie Asmyhr Østen (om Tine og seterkulturen)
Seterkurs vekeskurs 13. – 19. juli
Inner Gammelsetra på Nordmøre
På dette kurset får du praktisk innføring i seterdrift, med innslag av teori Du får vera med på den daglege drifta, med mjølking, separering og ysting på tradisjonelt vis. I tillegg stell av dyra, vask, reinhald og innføring i lokal og nasjonal setertradisjon.
Open seter
Sundag 20 juli
Dølvollen i Tolga
Open seter frå klokka 11 til 15. Du kan kjøpa mat og drikke, mellom anna den populære «Chili con skjørost», sveler, kanelsnurrar, rabarbrasaft med meir. Aktivitetar for dei minste.
Grøvuhelg
25 – 27 juli
Inner Gammelsetra på Nordmøre
Helga opnar fredag med årsmøte i Grøvudalslaget, som er støtteforeininga til Inner Gammelsetra. Laurdag er det sal av mat på setra, og ymse innslag med musikk, foredrag om vassdragsvern og kurs i polsdans Utover kvelden er det rømmegraut, spekemat, musikk og dans på setervollen Alle velkomne!
Under overskrifta «Oppe fyrst og sist i seng» kan du her læra meir om seterkulturen og budeia sitt arbeid
Det er foredrag, konsertkåseri, servering og kveldskonsert
Open seter
Sundag 27. juli
Utistuvollen, Vingelen
Her får du kjøpa mat og drikke, både norsk, lokalt og ureist Ymse aktivitetar for dei unge, og du kan få vera med på kveldsstellet i fjøset Tidspunktet for dette er opp til kyrne
Open seter
Juli månad
På Hagehei i Audnedal i Lyngdal kommune vil det vera open seter kvar tysdag og torsdag i juli, klokka 11 – 16 Her er det enkel servering, geitemjølksprodukt og du kan få helsa på geitene
Frå Grøvuhelga i 2024 (bilete:
Tor Helge Gravem)
AUGUST
Stølsfestival Valdres
1 – 3 august
Lisetjordetstølen, Vaset,
Stølsfestivalen byr i år inn til 30årsjubileum. Det heile startar fredags kveld med konsert med lokale musikarar På laurdag er det marknadsdag med lokal mat med meir, og sundag 3 august er det open gard, med ymse aktivitetar for dei minste
Kløvvegmarsj og seterkafè
Laurdag 2. august Surnadal, Nordmøre
Turmarsj på Vindøldalsvegen til setra Røsta Oppmøte klokka 10 frå Rabban i Vindøldalsvegen (litt forbi steinbrotet) Turen tek fire-fem timar, med pausar Frå klokka 12 er det sal av rømmegraut, spekemat m m på setra, og dessutan levande musikk. Sundag 3. august vil det vera friluftsgudsteneste same stad, og sal av mat.
Stølsdag på Gaurhovd
Laurdag 2 august
Gaurhovd, Torpo i Hallingdal
Stølsdagsnemnda inviterer til de årlege stølsdagen på Gaurhovd august kl 11.00-14.00. Der skal koka mjølkeprim, kinna smør, k saupsuppe og dela ut smaksprøv Det vert sal av rummegraut, rumme og ystil, lappa, gommokaku, kvikaku og mineralvatn Kaffien er gratis! Elles er det ymse aktivitetar som husflid, ljåslått og hesteskokasting Gratis køyring med hest og vogn.
Staulsdag Vest-Telemark
Sundag 3 august
Langlim, Seljord
Den tradisjonelle staulsdagen til Vest-Telemark Bonde- og
Småbrukarlag er i år på Langlim i Seljord. Det vert foredrag, musikk og servering.
Frå stølsfestivalen i Valdres i 2024 (bilete: Lena Lisjordet)
SEPTEMBER
Dyrsku’n
12 -14 september
Seljord, Telemark
Den tradisjonelle husdyr- og landbruksmessa i Telemark. Norsk seterkultur skal ha stand, med vekt på ekte setersmør.
Du kan lesa i kalenderen på nettsida seterkultur.no for fleire detaljar.
Frå staulsdagen i Vest-Telemark i 2024, innlegg av Marianne Lunåsmo (bilete: Tor Mølster Byggland)
Her eit lite oversyn over kva du kan finna på sida:
Å starta opp
Her er informasjon for deg som vil starta opp med setring, anten du har ei seter eller ikkje.
Visste du at det går an å søkja staten om å få tilvist seter? Det kan du få i statsalmenning, dersom du kan visa at gardsdrifta di treng ei seter
Under denne fana får du også ei innføring i å søkja tilskot og gjeldande tilskotssatsar
Søkja tilskot, krav og regelverk
Her kan du lesa om korleis du søkjer tilskot til seterdrift, kva slags reglar som gjeld og kva krav som vert stilt til seterdrifta. Mattilsynet har sine krav, vassforsyninga må vera i orden og ein må sikra krava til dyrevelferd, blant mykje anna
Drift av seter
Her finn du ymse fagstoff og råd om den praktiske drifta på ei seter Her er råd om å tilpassa kalving og
laktasjon til setersesongen, om ulike mjølkesystem og om stell av sår og plager som dyra kan få på utmarksbeite
Her kan du også lesa om utfordringar med veg, energiforsyning og annan infrastruktur på setra.
Du finn også eit kapittel om korleis seterkulturen har inspirert forfattarar og kunstnarar gjennom åra. Slik kunnskap kan vera nyttig samband med å ta mot gjester og driva med seterturisme, som du også får lesa om her
Og så er det eit heilt kapittel om å foredla setermjølka, anten det er til ost, smør, rømme eller anna
Beite, forproduksjon og kulturlandskap
Her får du læra om å dyrka fôr på setra, og det kan vera både grovfôr (gras) som vert hausta til vinterfôr, og det kan vera det fôret som dyra beitar gjennom sommaren Her er stoff om sjukdomar dyra kan få, og om elektroniske gjerdesystem.
Kulturlandskapet og alle planteartane som er tilpassa beiting og slått kan du lesa om i ein eigen artikkel. Her er gode råd om slått og stell for å vedlikehalda plantar i kulturlandskap på setra, og det er tips om bøker om emnet
Eit eige kapittel er også sett av til informasjon om bygningar og bygningsmiljø, der du får tips om bruk, vedlikehald og restaurering
For fyrste gong er det no kome på plass eit eige tilskot til investeringar på setra
Tilskotet gjeld setrar med mjølkeproduksjon, og tanken er at bonden skal kunna investera for å sikra langsiktig drift på setra. Det er eit eingongstilskot er på 500 000 kroner (etter kostnadsoverslag), som skal gå til investering i bygningar, infrastruktur med vidare
For å få tilskotet må ein vera minst fire veker på setra, og levera mjølk til meieri eller foredla sjølv Ein forpliktar seg då til å driva setra i ti år
Minstekrav til mjølkeproduksjon er som for setertilskot elles: dagleg minst 45 liter kumjølk, 25 liter geitemjølk eller 15 liter sauemjølk. Det er sett av seks millionar kroner til denne ordninga i 2026
Kommunane kan også gje tilskot til seter-investeringar gjennom SMILordninga (miljøtiltak i landbruket), og kommunane har høve til å auka prosentsatsen for investeringsstøtte til seterdrift.
Auke i tilskotet
Det vanlege setertilskotet er no auka med 40 000 kroner i tillegg til satsane frå 2023. Også den gongen
vart satsane auka, ut frå tilrådingane i seter-utgreiinga frå same året Med årets auke er dei nasjonale satsane for 2025 komne opp i 120 000 kroner for setring i minst fire veker og 140 000 for minst seks veker. Dette tilskotet går gjennom regionalt miljøprogram (RMP) i fylka, men dei fleste fylke hadde i 2024 satsar som var høgare enn dei nasjonale minstesatsane, heiter det i stortingssaka om jordbruksoppgjeret
Beitetilskot
Det er også ein auke i tilskot til tiltak i beiteområda (organisert beitebruk) Desse tiltaka skal fremja samarbeid mellom beitebrukarane og leggja til rette for næringsdrift basert på naturressursane, og kan gå til fysiske anlegg, elektronisk overvaking med meir. For 2026 er potten til dette auka med ni millionar til 41 millionar kroner. Auken må sjåast i samanheng med satsinga på seterdrift, heiter det i stortingsdokumentet
Beitetilskotet elles er auka med 125 millionar for 2026, frå 2 335 til 2460 millionar
Jordbruksoppgjeret førte også til ein auke på ein million kroner til satsinga på fjellandbruk, for å støtta seterbruket. Fjellandbrukssatsinga er dermed auka frå tre til
Norsk seterkultur
fire millionar for 2026, og satsinga er forlenga til 2027 Denne satsinga er forvalta av Trøndelag fylkeskommune, i dialog med Senter for fjellandbruk Fylkeskommunane er oppmoda om å skyta til eigne midlar, for å styrkja fjell-satsinga endå meir.
Jordbruksavtalen har også med eit punkt om at det skal gjerast ei utgreiing for å få fram kunnskap om klimaverknader av dyr på beite, som eit ledd i å få fram god beitepraksis og god forvaltning av beiteressursane
Norsk seterkultur er godt nøgd med resultatet av jordbruksoppgjeret, seier styreleiar Siv Beate Eggen. Dei nemnde endringane låg ikkje inne i jordbruket sine krav, men Norsk seterkultur sender også innspela sine direkte til departementet i forkant av jordbruksoppgjeret..
Om lag 10-12 gamalostinteresserte var samla på fyrste dag av fagsamlinga på Geilo, måndag 17. mars, for å sjå om dei i fellesskap kunne koma noko nærare ei løysing på gamalostgåta.
Mat& tradisjon
solbærsirup-varianten mange lovord, og kunne nok vera ein enklare veg inn i materien for dei mest gamalost-framande.
Gamalosten som var marinert i øl fall derimot ikkje like heldig ut, var det mange som meinte.
Så langt er vel spørsmåla fleire enn svara i det moderne gamalostmiljøet Kor lenge skal ein koka, korleis skal ein lagra, kva slags kultur kan ein bruka? Og dersom ein greier laga ein bra gamalost – løner det seg?
Eit innslag som vekte stor interesse var Nina Skaro-Gamst sitt forsøk med å marinera gamalost i ymse slags væsker. Av desse fekk
Ysteteknolog og budeie Ragnhild Nordbø hadde laga eit rekneark for å finna ut av lønsemda i gamalosten Men så langt har ein berre tulletal å setja inn, sa Ragnhild til forsamlinga på fagsamlinga på Geilo 17. mars. Ein veit ikkje kor lang tid det går å laga, kor stort utbyte ein får eller kor mykje ein kan selja gamalosten for. Det illustrerer jo at det framleis er ein veg å gå.
Men Ragnhild hadde også eit par meir jordnære skjema å dela med forsamlinga. Ho hadde laga til eit loggskjema til bruk for den som skal laga gamalost, der ein kan notera koketider og så vidare. Dette skjemaet er det dei har brukt sjølve på Øyasetra I tillegg har ho eit eige skjema for lagringa, og dei som vil kan få desse skjemaa tilpassa til sitt eige bruk
Etter den oppsette tida var det framleis mykje å snakka om, så forsamlinga heldt fram diskusjonen i eit anna lokale etter at den eigentlege programposten var over. Vonleg vil resultata visa seg etter kvart.
SetersmørpåDyrsku’n
I år skal «fjellets gull» få skina på Dyrsku’n. Norsk seterkultur samarbeider med ei rekkje andre aktørar om ei markering og utstilling som skal visa fram det ekte setersmøret.
Tekst og foto: Øystein Skjæveland
Målet er å få gjort kjent kva setersmøret er, la dei ulike produsentane får visa seg fram, og få gjort kjent merkeordninga «tradisjonelt særpreg», som setersmøret har hatt i nokre år no. Markeringa heng saman med at seterkulturen no er oppført på Unesco si liste over immateriell kulturarv
Tilstellinga er eit samarbeid mellom Norsk seterkultur, Dyrsku’n, Budeieveven, Bondelaget, prosjektet Food Stories på Oslo Met og Norsk Gardsost Dyrsku’n går av stabelen 12 – 14 september i Seljord I år kan også smør og rømme vera med i NM i ost, som skal vera i Oslo veka etter Dyrsku’n. Men døminga av smør og rømme
Temabladomsetersmør
Norsk seterkultur har fått laga eit eige magasin for å framheva ei heilt spesiell og eksklusiv råvare: ekte setersmør. Magasinet finst både digitalt og i fysisk versjon.
Tekst: Øystein Skjæveland
Magasinet vart lansert den 18. juni, som er den internasjonale dagen for berekraftig gastronomi.
Setersmør-magasinet skal uforska både smaken, historia og den kulturelle påverknaden til setersmør i Noreg I magasinet kan du lesa om merkeordninga for tradisjonelt særpreg, som berre gjeld det ekte setersmøret, om korleis setersmøret vert brukt i konkurransen Årets kokk 2025 og om seterdrifta sin plass på Unesco-lista over immateriell kulturarv
Og sist, men ikkje minst, får du eit illustrert oversyn over merke-godkjende setersmør-produsentar, 18 i talet.
Det digitale smør-magasinet er tilgjengeleg på nettsida seterkultur no
Setersmøret har hatt vern som produkt med tradisjonelt særpreg i nokre år no Dette smøret er frå kurset på Geilo i mars 2025.
skal skje på Dyrskun 12 september, og vinnarane vert presenterte frå hovudscenen fredag klokka 16 I skrivande stund er det 14 påmelde setersmørprodusentar til markeringa på Dyrsku’n.
Organisasjonen søkte tilskot til arbeid over tre år, der hovudmålet er å gje unge kunnskap om seterdrift, om kvalitetane ved setermjølk, berekraftig matproduksjon i utmark, dyrevelferd og kulturtradisjonar knytte til seterlivet, med meir. Den tildelte summen er 2 130 000 kroner, og prosjektet går i tre år fram til 31 mai 2028
For 2025 vil ein leggja mykje vekt på innskrivinga av seterkulturen på Unesco-lista, gjennom setermarkeringar ulike stader i landet Døme på dette er Unescomarkering på Skålbergsætra i samarbeid med Odalstunet, markering på Dyrsku’n med vekt på setersmør og Unesco, og konsert og lokking på Skjerdalsetra i Aurland. Det er vidare planlagt stølskurs for born og unge i Valdres og samarbeid med Grønt Spa’tak
Det var også søkt om midlar til å få laga eit digitalt spel, men det fekk ikkje støtte frå sparebankstiftinga
Utlysing av midlar
Norsk seterkultur har no lyst ut midlar til støtte for seterarrangement, med siktemål om at flest mogeleg born og unge skal få oppleva og læra om livet på setra.
Unescostatus
Norsk seterkultu
Pengane frå Sparebankstiftelsen DNB skal gå til å gjera born og unge kjende med seterkulturen Illustrasjonsbilete frå Inner Gammelsetra i Grøvudalen, som har vore driven av ungdomar i 50 år
Det går an å få inntil 10 000 kroner til tilskipingar som vil dela kunnskap om seterkulturen, og der born og unge er hovudmålgruppa. Ein kan også søkja om støtte til å ha ein praktikant til opplæring på setra, inntil 5000 kroner. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på nettsida seterkultur.no.
Tekst: Øystein Skjæveland
Sendar:
Norsk seterkultur
v/ Katharina Sparstad
Vennisvegen 711
2975 Vang i Valdres
NyleiarvedNasjonaltsenterforfjellandbruk
Juliana Alexandra Bonin er ny leiar ved senteret, og tek over for Astrid Øversveen.
Juliana er 34 år og utdanna økologisk agronom og budeie Ho bur på ein gard i Lomen i Valdres, saman med familien og ein geiteflokk. Ho har fram til no hatt ei stilling ved Valdresmuseet som koordinator for prosjektet «Eit
Nyttinfo-materiell –lastnedfrånettsida
skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri», og har også vore dagleg leiar i den norske greina av jordbruks-utvekslingsnettverket WWOOF. I tillegg har ho ein bachelor- og mastergrad i folkekunst og tradisjonskunst.
Som eit ledd i oppfylgjinga av Unesco-listeføringa har Norsk seterkultur fått laga nytt informasjonsmateriell og ny grafisk profil
Etter at den norske og svenske seterkulturen er komen på Unesco si liste for immateriell kulturarv er det viktig for Norsk seterkultur å koma ut med informasjon om kva dette handlar om Difor har ein fått laga nytt informasjons-materiell om dette, både brosjyrar og plakatar I staden for å trykka desse opp og senda ut i posten, er det no lagt opp til at du kan henta desse på nettsida og skriva dei ut sjølv i dei mengdene du treng
Brosjyren er på norsk eller engelsk, er i A4-format og må brettast etter at han er skriven ut Det er også laga plakat med tilsvarande Unesco-informasjon, som kan lastast ned i A3- eller A2-format Dette tilfanget er utarbeidd av designbyrået Syde i Bergen
I tillegg er det i samarbeid med Norsk Gardsost laga ein serie med informasjonsplakatar med fem ulike emne tilknytta seterdrift Desse fem emna er: menneske og natur; mjølk og smør; budeia; utmarka og dyra på setra Til kvart tema er det tre plakatar, slik at det til saman er 15 ulike plakatar Desse plakatane kan du også lasta ned frå seterkultur.no.
Juliana var også vara i styret til Norsk seterkultur fram til årsmøtet no i mars 2025.
Nasjonalt senter for fjellandbruk ligg på Løken i Valdres.