Turprogram 2018 a5 20sider ferdig utenskjmerker

Page 3

LEIAR

VELKOMMEN PÅ TUR I JUBILEUMSÅRET 2018! I år er det 150 år sidan Den Norske Turistforening vart stifta. På desse åra har foreininga gått frå å vera «ein nikkersadel-klubb» til å bli ei folkerørsle. DNT har over 300 000 medlemmar i heile landet og av desse er det snart tusen medlemmar frå Sogndal og Leikanger. Kanskje blir du den heldige nr. 1000? Me legg opp til ei høveleg feiring av medlem nr. 1000 i Sogndal Turlag! Også i år er turtilbodet vårt allsidig, og meir informasjon om kvar tur finn du på heimesida vår: www.sogndal. dnt.no. Følg oss også gjerne på Facebook. Me håpar å sjå både trufaste turfolk og nye ansikt på turane våre i år! På Facebook og på heimesida til Sogndal Turlag finn du ei omtale av turane når turen nærmar seg. Her i magasinet har me valt ut einskilde turar og ei oversikt på midtsidene. Sogndal Turlag håpar å kunna gje ei gåve til padleinteresserte i løpet av sommaren. Me har starta samarbeid med Sogndal folkehøgskule om bruk av deira naust. Planen er å fylle naustet med kajakkar til disposisjon for våre medlemmar. Innkjøp av kajakkar

Utsikt mot Bergsetbreen.

og tilbehør er ikkje finansiert enno, men me håpar å få det til. Velkommen på tur i jubileumsåret! Helsing Anne Skaar, leiar

Frå Tuftebresteinen i Jostedalen.

Jordalsnuten i Nærøydalen.

3


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.