Page 1

2017

Sogndal Turlag


I april i fjor var turlaget på vårskitur til Kalvsnesnosi og fekk ei flott utsikt inn Aurlandsfjorden når dei kom fram til kanten. Foto: Gro Skjelle Fimreite.

Velkommen på tur i Kunnskapsåret 2017! 2017 er Kunnskapsåret for DNT med alle dei lokale turlaga. Kanskje det er i år du ynskjer å prøva noko nytt – bli med på nye turar og få med deg historia til turmåla, eller lære meir om natur og friluftsliv? Kva med å gå det grunnleggjande kurset for å bli godkjent turleiar? Sogndal Turlag er ein del av Sogn og Fjordane Turlag og i fylket blir det arrangert fleire ulike kurs gjennom året – sjå informasjon i heftet her. Også i år har me freista å leggja opp til ulike turar både i vinter- og sommarhalvåret. Søndag den 3. september har me ein «tingingstur»: Ordførarane i Sogndal og Leikanger ynskte på jubileumsårsmøtet før jul å få til ein fellestur og den vart bestemt at skulle gå til Fremsta Kjeringi. Meld deg på tur med ordførarane! Velkommen med på tur i 2017! Anne Skaar, leiar

Turplanlegging Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag, på Facebook og på annonsering i Sogn Avis. Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. På nokre av turane er det naudsynt med påmelding. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren. Dei fleste turane har frammøte på Almenningen (ved Lægreid hotell). Ein eventuell annan frammøtestad vil stå i turomtalen. Dersom du vil møta ein annan stad enn annonsert frammøteplass, så meld i frå til turleiar på førehand i tilfelle turen vert avlyst eller endra. For alle skiturane er det naudsynt med fjellski, ettersom me ikkje går i oppkøyrde løyper. På ein del turar vil sikkert fleire velja å bruka toppturski og vår erfaring er at det går fint sjølv om gruppa har ulike typar ski på same turen. Skifellar er naudsynt på mange av turane. Gradering av turane Me freistar å støtta oss på den internasjonale fargegraderinga på turane våre. Det er mykje motbakke i turterrenget vårt, så det vert lett høgdemeter utan at det treng å vera ein «ekspert-tur» for det. Me har ikkje nytta graderinga heilt ut.

2


Standard-graderinga: Grøn. Enkel: Nybyrjarar * Krev ingen spesielle ferdigheiter * Skal kunna gjennomførast av alle. *Maks 300 høgdemeter.

kortet i turlaget lenger. Det er mogleg å registrera seg via innmeldingsskjema på heimesida vår og på Sogndal Turlag si Facebook-side. Ein kan òg få hjelp til å registera seg i Intersport-butikken i Sogndal (på AMFI Sogningen).

Blå. Middels: Nybyrjarar * Middels trente turgåarar * Grunnleggjande ferdigheita. *Maks 600 høgdemeter.

Dei faste rabattane er 20% på fjellsko og terrengsko og 15% på varer frå friluftslivsavdelinga: som ryggsekkar, soveposar, liggeunderlag, turutstyr, kokeutstyr mm.

Raud. Krevjande: Erfarne turgåarar * Godt uthald * Krev godt turutstyr. *Maks 1000 høgdemeter.

Styret i 2017: Anne Skaar leiar (900 70 257) anne.skaar@bedriftshelse1.no

Svart. Ekspert: Erfarne fjellfolk * Godt uthald * Krev godt turutstyr. *Meir enn 1000 høgdemeter.

Wenche Fjørtoft skrivar (415 59 822) fjortoft.wenche@gmail.com

Tryggleik på tur Hugs at du deltek på alle turar på eige ansvar. Alvorlege skadar er svært sjeldne, men me tilrår likevel turdeltakarane å skaffa seg reiseforsikring/ anna ulukkesforsikring. Målsetjinga vår er skadefri ferdsel, og det er utarbeidd retningsliner for turleiaren. Dersom ein deltakar viser seg å vera fysisk eller psykisk uskikka til å gjennomføra turen, er utilstrekkeleg kledd, manglar naudsynt utstyr eller ikkje rettar seg etter turleiaren sine tilvisingar, kan ho/han bli utelukka frå turen. Medlemskap Sogndal Turlag er gjennom Sogn og Fjordane Turlag tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). Dette medfører at ein medlem i DNT som er busett i Sogndal eller Leikanger kommunar automatisk er medlem av Sogndal Turlag og Sogn og Fjordane Turlag med mindre ein gjev melding om nok anna. Ungdomsturar i DNT ung Sogndal er berekna på ungdom frå 13 til 19 år, og Barnas Turlag gjeld for alle born. Nokre av turane er berekna på dei litt eldre borna. Ta kontakt med turleiarane for barneturane om du lurer på kor lang eller tung turen er. Rabatt på turutstyr Sogndal Turlag og Intersport-butikken i Sogndal har rabattavtale for alle medlemmane i turlaget. For å kunna nytta denne må ein registera seg. Det held med andre ord ikkje å visa fram medlems-

Leif Longvanes kasserar (906 46 424) leif.longanes@hisf.no Liv Norunn Hamre styremedlem (975 71 684) liv.hamre@hisf.no Marino Ask styremedlem (900 89 570) m-jas@online.no Ove Ellingsen styremedlem (913 54 923) ove@ellreg.no Anne Rudsengen styremedlem (959 63 888) annerudsengen@gmail.com Tom Dybwad varamedlem (975 23 411) tojady@hotmail.com Marte Kviberg varamedlem (907 88 354) martekviberg@hotmail.com Sogndal Turlag har ei felles e-postadresse: sogndalturlag@gmail.com Framsidefoto: Gro på utsiktspunktet på Sygnesandsnipa med Kjøsnesfjorden i bakgrunnen. Foto: Anne Skaar.

3


Kontaktinformasjon: Barnas Turlag Sogndal: Rita Bjelde (970 30 882) Barnas Turlag Leikanger: Torbjørn Hasund (930 04 685) Turpostgruppa: Anne Skaar (900 70 257) Merkenemnda: Kjell Vidar Johansen (959 44 517) Turlagshytta Grøssete: Jorunn Fjermestad (411 61 794)

Grøssete Sogndal Turlag si hytte på Grøssete i Sogndalsdalen er eit ombygd sel, og kortaste vegen går frå Kamshagen på nordsida av Dalavatnet. Det er laga til parkeringsplass ved startpunktet, og stien opp til hytta er merkt. Ein går på vestsida av elva og litt bratt opp til ein er komen over fossen. Vidare innover på god sti og ei lita kneik til slutt før ein kjem opp. Turen tek 1–1,5 time opp og om lag 1 time ned att. Hugs nøkkel (standard DNT-nøkkel) dersom du vil inn i hytta. Grøssete er ei ubetent DNT-hytte, dvs at det er kokeapparat, men ingen mat på hytta. Ta også med sovepose eller lakenpose for overnattinga. Hytta har 4–5 sengeplassar, og i tillegg kan inntil to personar liggja på golvet. Råkeneset Sogndal Turlag har i fleire år hatt ei hytte i Solund, på Råke nord for Hardbakke. I 2017 vil Ytre Sogn Turlag ta over drift og vedlikehald av Råkeneset. Det tek ca. 20 min. å gå til hytta frå fylkesvegen mot Strand. Her kan ein parkera i

Sogndal Turlag er registert i Frivillegregisteret slik at me kan få vår del av «Grasrotandelen». Be om dette når du spelar hjå Norsk Tipping. Sogndal Turlag sitt org.nr. er 993746061.

vegen og følgja stien sørvestover gjennom utmark. Frå indre Sogn må ein rekna knappe to timar frå Dragsvik til ferjekaia i Rysjedalsvika. Ferjeturen tek litt under ein time, og frå Krakhella til parkeringsplassen til Råkeneset tek det ein halv time. Råkeneset ligg i eit flott turområde med Pollatinden (541 moh) som det mest attraktive turmålet for dei som vil oppleva ei flott utsikt over kysten og sjå utover i havet. Elles er det ei mengd med små toppar og triveleg terreng i det særmerkte konglomerat-landskapet. Kajakk, kano og båt er nyttige framkomstmiddel for å utforska dette skjerma øyriket! Råkeneset er ein 250 år gammal husmannsplass, og ved å vitja staden og overnatta der, kan du få ei kjensle av korleis livet må ha vore for kystbonden. For å ta vare på dette miljøet er heile Råkeneset, med både stovehus, naust og kulturlandskap ikring, freda. Det stiller sjølvsagt nokre krav til dei som kjem hit om korleis ein skal bruka staden. Informasjon om dette finn du på hytta. Mellom anna er det ikkje lov å setja opp telt attmed husa, flytta på steinar, og det er restriksjonar på kvar ein kan laga bål og grilla.

Prisane for bruk av Grøssete og Råkeneset i 2017: Dagsbesøk med bruk av ved/gass Overnatting vaksne Overnatting UNG, 13-26 år Overnatting born 4-12 år (saman med føresette) Overnatting born, 0-4 år (saman med føresette)

Medlem DNT kr. 40,- kr. 200,- kr. 100,- kr. 50,- gratis

Ikkje medlem DNT kr. 50,- kr. 250,- kr. 150,kr. 100,gratis

Betal gjerne for bruk av hyttene til: 3720 07 63808 når du kjem heim frå turen. For turar elles i fylket, sjå turprogrammet til Sogn og Fjordane Turlag.

4


Sogndal Turlag si hytte Grøssete i Sogndalsdalen kan gjerne brukast meir! Foto: Anne Rudsengen.

Fellesturar Tur 1: Torsdag 12. januar

Tur 2: Søndag 29. januar

Fullmånen er på kalenderen denne dagen, og årets fullmånetur går frå Rindabotn i Hodlekve til Helleberget. Me følgjer den vanlege turløypa opp forbi rødekorskassa og tek av mot Helleberget før Rysete. Siste del av turen opp til Helleberget er ein litt brattare motbakke, men me tråkker gode svingar og kjem oss lett opp. Vanlege fjellski eignar seg godt til denne turen.

På denne turen ynskjer me spesielt å få med oss dei som har lyst til å vera med på skitur med turlaget, men som har kvidd seg fordi ein har vore usikker på tempo og meistring i å sigla og gå utanfor løyper. Me legg difor opp til å bruka god tid på turen. Vanlege fjellski vil vera greitt å bruka på turen, og det kan vera lurt å ha med skifeller. Ta gjerne kontakt med ein av turleiarane på førehand for meir informasjon om turen eller om ski- og turutstyr. Turen er ca 10 km lang og i alt kring 500 høgdemeter. Me reknar med å bruka 4–5 timar på turen.

Helleberget (988 moh.)

Felles avreise frå Almenningen kl. 19:00 for oppsamling i bilane. Start frå Rindabotn kl. 19:30. Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien Turleiarar er Marte Kviberg (907 88 354) og Anne Skaar (900 70 257).

Øvstedalen-Hodlekve

Ettersom me startar i Øvstedalen og skal gå til Hodlekve så vil me tinga buss og må ha påmelding. Viss det er veldig dårleg vêr blir det ein kortare tur-retur frå Øvstedalen. Påmelding til ein av turleiarane innan torsdag 26. januar kl. 20:00. Pris for buss kr. 100,-

5


Avreise kl. 09:00 frå Almenningen. Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien Turleiarar er Anne Rudsengen (959 63 888) og Ove Ellingsen (913 54 923). Tur 3: Søndag 19. februar

Kattøyro

Me køyrer i privatbilar kl. 09:00 frå Almenningen i Sogndal til Vigdalen. Herifrå går turen inn forbi Vårstølen, Vigdalstølen og Drivande til toppen. Turen er middels tung, det er dryge 7 km fordelt på 900 høgdemeter opp til toppen. Me reknar med å bruke 5–6 timar på heile turen. Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien Turleiar er Marino J. Ask (900 89 570) og Elisabeth Dahle (928 19 516). Tur 4: Laurdag 4. mars

Tylderingen over

Dette er ein tur for deg som ynskjer å bli kjend med eit av dei fine fjelltoppane i nærområdet til Sogndal. Avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 10:00. Me køyrer til Fretland og går inn til stølen Djupadal og vidare opp på ryggen slik at me kjem i nordenden av Svartavatnet. Herifrå følgjer me nordryggen av Tyldringen opp til toppen. Frå toppen av Tylderingen er det vidt utsyn til Hurrungane og over fjella kring Sogndalsdalen. Det er fine nedoverbakkar frå Tylderingen som kan gi høve til å få svinga seg på skia. Turen er middels tung og tek venteleg kring 5 timar. Kart: Sogndal-Leikanger 1: 50 000 eller 10055 Sogndal i Norgeserien Turleiarar: Tom Dybwad (975 23 411) og Wenche Fjørtoft (415 59 822).

6

Tur 5: Søndag 19. mars

Svedal – Åberge – Sogndal Dette er ein del av «Sogndalsdalen rundt»-turen der me gjer unna dei fleste høgdemetrene i starten. Rutevalet vidare på turen kjem an på vêr og føre. Er det flotte forhold går me opp om både Spefjellet og Tylderingen. Turen går i fint, variert og ope fjellterreng heile vegen til Nuken. Herifrå finn me den beste vegen å sigla ned med fjellski til Åberge. Herifrå tek me skia på sekken og går heim. Turen blir truleg på nesten 20 km og vil ta 8–9 timar. Kart: 10055 Sogndal i Norgeserien Turleiarar er Leif Longvanes (906 46 424) og Heidi-Kathrin Osland. Påmelding til Leif innan torsdag 23. mars kl. 20:00. Avreise med buss frå skysstasjonen i Sogndal kl. 09:00. Pris for busstransport til Svedal kr.50,Tur 6: Palmesøndag 9. april

Hodlekve - Grindsdalen Me tek den gamle klassiske turen til breen denne dagen, men avsluttar med å koma ned på Leikanger. Med all respekt for nokre bratte punkt på turnen går me via Britstein, inn Trastadalen, opp ryggen mot Synnevaskjer og så ned og inn på Myrdalsbreen- Voggebreen og til toppunktet på 1570 moh. Vidare finn me beste og finaste ruta å sigla ned i Grindsdalen. Kan hende må me bera skia eit stykkje ut dalen før me blir plukka opp av bussen. Kart: 10055 Sogndal i Norgeserien Turleiarar Wenche Fjørtoft (415 59 822) og Marino J. Ask (900 89 570). Påmelding til Wenche innan torsdag 6. april kl. 20:00. Avreise med buss frå skysstasjonen i Sogndal kl, 09:00. Pris for busstransport frå Sogndal til Hodlekve og tilbake frå Grindsdalen kr. 100,-


Fint å laga sine eigne spor på skitur. Sogndal Turlag på veg til Store Haugmelen. Foto: Tom Dybwad.

Tur 7: Søndag 23. april

Tur 8: Søndag 30. april

Melsnipa er ein flott, lang og bratt tur på ski frå Jordalen i Fjærland. Ruta opp er skredutsett nokre stader så turen blir berre arrangert når det er trygge forhold. Me køyrer frå Almenningen kl. 09:00 til Fjærland og ut langs fjorden til Jordalen. Me må pårekna å bera skia eit stykkje opp og innover dalen. Inst i Jordalen går me opp i Trollabotn. Når me går dei kring 1300 høgdemetrene opp så kan me tenkja på kor kjekt det blir å sigla ned att her. Siste delen opp mot toppen så tek me kanskje av skia. Same veg ned att. Ein tung tur og me brukar heile dagen.

Manglande veg gjer det vanskeleg å besøka gardar og grender som Vollevik, Sylvarnes, Hanekamb, Stavedal, Vetlesand og Alrek som ligg lengst vest i Vik kommune. Sogndal Turlag inviterer deg med på ei spanande vandring langs stiar mellom desse gardane og smågrendene. Nokre bruk er fråflytta, medan me på andre vil treffa trivelege fastbuande. Vandringa vil ta 4–5 timar og er heller lett. Me blir skyssa fram og attende over fjorden frå Kvamsøy (fastlandet). Atterhald om turen pga båtskyss. Avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 08:45 (ferje frå Hella kl. 09:40).

Kart: i Norge-serien. Turleiar er Magne Eikås (952 21 112) og Magne Mæhle (958 00 160).

Kart: Turkart Stølsheimen (1:100 000) eller 10046 Modalen i Norge-serien. Turleiar er Anne Skaar (900 70 257) og lokalkjent og historieforteljar: Vidar Lægreid (481 53 202). Avgrensa tal plassar og påmelding til turleiar seinast torsdag 28. april pga. båtskyss over fjorden.

Melsnipa (1547 moh.)

Tur langs sørsida av Sognefjorden

7


Vårskitur i Jostedalen. Kjekt sjølv om ikkje sola skin. Foto: Marino J. Ask.

Tur 9: Måndag 1. mai

Tur 10: Søndag 7. mai

Toppturen til Storebjørn er ein klassisk vårskitur på Sognefjellet. Frå parkeringsplassen ved Krossbu følgjer me dalen oppover mot Leirbreen, vidare oppover på breen og inn mellom Smørstabbtindane. Mellom Soksi og Veslebjørn går me gjennom Bjørneskar og litt ned før siste stigning mot toppen. Den siste bakken er bratt. Dersom tid og vêr tillet det, går me opp på Soksi og/eller Veslebjørn på returen. Tilrådde ski er fjellski eller lett randoneeutstyr med feller. Ta gjerne også med spade og søkestang. Turen krev middels- til gode skiferdigheiter. Avreise i privatbilar frå Almenningen i Sogndal kl. 07:30 og start frå Krossbu omlag 09:15. Turen i fjellet blir på 8–9 timar.

Flott og relativt enkel topptur på austsida av Sognefjellet. Me går frå Jotunheimen fjellstue (1006 moh.) og opp langs Langranden og vidare rundt og forbi Vesleloftet og opp til Loftet.

Storebjørn (2222 moh.)

Kart: Jotunheimen Vest eller 10064 Lom i Norge-serien. Turleiarar er Marino Ask (900 89 570) og Ole Karsten Birkeland (950 32 287).

8

Loftet ( 2170 moh.)

Turen gjev jamn god stigning og har ingen vanskelege parti. Gode lange fellar og stødige ski må til. Me går roleg og jamnt oppover dei 1200 høgdemetrane. Total lenge vert ca. 15 km., og me reknar med å bruka mellom 5–7 timer på turen totalt. Frå toppen har me flott utsikt mot m.a. Galdhøpiggen og toppane innover Leirdalen. Turen går i samarbeid med Luster Turlag. Avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 08:00, frå Gaupne ved avkøyringa til Jostedalen kl. 08:30 og frå Fjordstova i Skjolden kl. 09:00 for oppsamling i bilane Kart: 10064 Lom i Norge-serien. Turleiarar er Elisabeth Dahle (928 19 516) og Ove Ellingsen (913 54 923).


Tur 11:

Oppturdag for alle 8. klassingane på Kvåle, Kaupanger og Leikanger skule DNT med alle dei lokale turlaga arrangerer kvart år «Oppturdagen». Det er eit tilbod der turlaga inviterer alle 8. klassingar med på fjelleller skogtur i skuletida. På Leikanger brukar me å gå frå Hella og på den gamle vegen/stien vidare. I Sogndal vil me truleg ta same turen som tidlegare, som er opp til Åberge, stien mot Bjeldastølen og så austover til Ljøtaholet og ned traktorvegen til Hylsete. Dato for Oppturdagen er enno ikkje fastsett. Kontaktpersonar er: Marte Kviberg (907 88 354), Jorunn Fjermestad (411 61 794) og Rita Bjelde (970 30 882). Tur 12: Søndag 14. mai

Senior- og tematur til Hella og Eitorn I området kring Hella og Eitorn er det mykje interessant historie og kulturlandskap å sjå og fortelja om. Me får med oss lokalkjende som har mykje å bidra med. Me går på dei gamle vegane i dette frodige fjordlandskapet. Det blir ein lett tur frå Hella til Eitorn der ein anten avslutter eller går vidare på oversida av Kvinnafossen til Skoparsete og ned til fjorden. Avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 10:00, frå Hermansverk (Saften) kl. 10:30 og Hella kl. 11:00. Kart: Turkart Sogndal-Leikanger eller 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar og lokalkjende er Lisbeth Dahle (901 01 963), Richard Tallaksen og Olav Eithungjerde.

Tur 13: Fredag 23. juni

Vangsen eller Vivakulen på ski Kva med å bruka den lyse jonsokkvelden på skitur i Jostedalen? Me satsar på ein fin kveldstur med felles avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 17:00. Me reknar med at det er at snø til å gå på ski til Vangsen. Viss det viser seg at det er ein snøfattig vinter og varm tidleg sommar så køyrer me vidare på vegen mot Styggevatnet og går på Vivakulen som ligg attmed demningen. Kart: 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien Turleiar: Marino J. Ask (900 89 570) og Ove Ellingsen (913 54 923). Tur 14: Søndag 13. august

Eggjanibba

Me møter kl. 08:30 på Almenningen og køyrer mot Byrkjelo. Eggjenibba er den markerte og spektakulære toppen som ragar over deg på høgre side av vegen ved inngang til Våtedalen. Me køyrer opp Øvredalen til enden av vegen og går merkt rute opp dalsida til ryggen og vidare oppover på ryggen. Opp mot toppen på 1338 meter er det litt lett klyving, men det er gode tak og kjetting å halda seg i. Det er imponerande utsikt både til Breim og Jølster. Me går ned att på umerkt sti sørover eggen og ned til skaret øvst i Øvredalen. Der treffer me på att merkt rute og går denne tilbake til parkeringsplassen. Turen tek kring 5 timar og er middels tung. Kart: 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien Turleiarar: Ove Ellingsen (913 54 923) og Frode Hågvar (958 99 033).

9


Tur 15: Søndag 20. august

Keipen (1427 moh.) Sogn sitt svar på Trolltunga? Inst i Esefjorden ser ein rett opp på denne særmerkte toppen og turen går da også nesten rett opp. Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk i Balestrand. Me køyrer frå Almenningen kl. 07:45 og reknar med det går ei ferje kl. 08:35. Då startar me frå Esebotn ca. kl. 09:00. Me går oppover og ved kring 1100 moh. er me ved Gulleple. Her slakar det litt ut men det er framleis stigning. Kanskje må me krysse nokre snøfenner. Turen nedatt kan me velja same ruta eller me kan ta turen vidare over Bjørnabreen, forbi utlløpet av Dalsdalsvotni og ned via stølen Påfunn til Dalsdalen. Kart: 10054 Førde i Norge-serien Turleiarar er Anne Rudsengen (959 63 888) og Einar Målsnes (906 60 283). Tur 16: Laurdag 26. august

Lundeskaret og Sygnesandsnipa

Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien Turleiarar er Anne Skaar (900 70 257) og Gro Skjelle Fimreite (950 25 257). Tur 17: Laurdag 2. september

Jordalsnuten (937 moh.) Dette er årets tur verdsarvområdet i Nærøyfjorden, ein svært spesiell topp med utsikt over Nærøydalen. Avreise frå Almenningen kl. 8:30 for å nå ferja frå Mannheller kl. 9.00. Me køyrer gjennom Aurland og opp i Jordalen, ein sidedal til Nærøydalen. Me parkerer når me er komne opp i Jordalen, og går på ein bratt sit opp gjennom skogen opp i Hyllandskardet. Herifrå er ryggen grei å følgja opp til toppen. Turen går i eit uvanleg landskap, og utsikta er framifrå. Returen går same veg. Vi reknar å bruke 4–5 timar på turen. Kart: Nærøyfjorden 1: 50 000 eller Turleiarar er Tom Dybwad (975 23 411) og Finn Loftesnes (913 28 548). Tur 18: Søndag 3. september

Bli med og gå den nyopprusta stien opp Lundeskaret, over og ned att i Sygnesand. Stien er bratt, men godt tilrettelagd. Me køyrer i privatbilar frå Almenningen i Sogndal kl. 08:30. Turen startar rett ved inngangen til Fjærlandstunellen inst i Kjøsnesfjorden. Etter om lag 650 meter bratt oppstigning er me på toppen av Lundeskaret. Herifrå kan me velja å anten gå opp på Sygensandsnipa (1548 moh.) der vi får eit flott utsyn nedover i Kjøsnesfjorden, eller me kan gå langsmed Trollavatnet og Femtevatnet til Sygnesandsdalen. Denne dalen følgjer me ned til Sygnesand ved Kjøsnesfjorden. Her plasserar me bilar på førehand og køyrer dei 4–5 km tilbake til startpunktet. Turen vil ta 7–8 timar.

10

Fremsta Kjeringi (1314 moh.) «Ordførarturen» På jubileumsårsmøte til turlaget i fjor vart ordførarane i Sogndal og Leikanger utfordra til å foreslå ein tur. Valet fall på Kjeringi. Så Jarle og Jon Håkon stiller og kanskje blir det med ein ordførar eller to til? Felles avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 10:00 og kl. 10:30 frå barneskulen på Leikanger. Me køyrer inn Henjadalen og startar å gå derifrå. Me går opp til stølen Sevi og derifrå opp til Blankavatnet og vidare heilt opp til Fremsta Kjeringi (1314 moh.). På toppen er det flott utsikt og turen ned tek me anten via


Populær tur i Aurland: Heile gjengen samla på Stiganosi. I år går verdsarvturen til Jordalsnuten ved Stalheim. Foto: Tom Dybwad.

Rjupeskar og Stokksete til Kleppa eller ned via Dalseter og ut Grindsdalen. Me organiserer slik at me har nokre bilar der me kjem ned. Eventuelt sykkel for å sykle ut Grindsdalen. Turen er middels tung tek 7–8 timar. Undervegs på turen vil Marit Henjum Halsnes og Carlo Aall fortelja historier frå gammal tid, nye erfaringar med gardsturisme og om naturverdier og klimautfordringar lokalt. Det blir servert mat undervegs som blir organisert av turarrangørane. Difor treng me å vita kor mange som blir med: Påmelding innan torsdag 31. august kl. 20:00 til turleiar Marte Kviberg (907 88 354).

Rysjedalsvika kl. 18:45. Me køyrer privatbilar til Solund. Laurdag og søndag vert det kajakktur i det naturvene kystlandskapet. Er vêret på vår side, freistar me padling mellom øyane heilt vest. Smulare farvatn finn me lenger aust. Overnatting på Råkeneset DNThytte. For å vera med på denne turen må du ha noko padleerfaring og eigen kajakk med nødvendig tryggleiksutstyr. Deltakaravgift kr. 200,-. Påmelding til Marino seinast onsdag 6. september. Kart: Sjøkart nr. 25: Sognesjøen - Stavenes. Turleiarar: Arinbjørn Kuld (481 04 735), Nils Bjørgo (918 61 047) og Marino J. Ask (900 89 570).

Tur 19: Helga 8–10. september

Tur 20: Søndag 17. sept.

Sogndal Turlag arrangerer kajakksamling i Solund i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag, Kurs og fjellsport-gruppa. Avreise frå Sogndal fredag ettermiddag kl. 15:30.

Dette er ein klassisk og populær tur der ein går den gamle ferdselsruta mellom Veitastrond og Fjærland. Inn Snauedalen går det i slak stigning heile vegen til

Kajakkhelg i Solund

Veitastrond –Fjærland

11


Frå seniorturen med tema kulturlandskap på Grinde. I år går seniorturen litt lengre ut langs fjorden. Foto: Liv Norunn Hamre.

Supphelleskaret. Stien er ikkje like god heile vegen men me går i eit ope og fint landskap. Ned Skarbakken er truleg snøfonna smelta bort så seint på året. Me går ned og ut Supphelledalen der me ser Vetle Supphellebreen opp til høgre. Utover dalen er det ein del vegetasjon men ok sti. Turen er middels tung og tek kring 6 timar. Påmelding innan torsdag 8. september kl. 20:00 til ein av turleiarane. Avreise frå skysstasjonen i Sogndal kl. 07:30. Pris for busstransport frå Sogndal til Veitastrond og tilbake frå Supphelledalen til Sogndal kr. 200,Kart: Turkart for Luster eller 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar er Arne Lerum (991 53 715) og Anders J. Bøyum (917 77 252 ). Tur 21: Søndag 1. oktober

Middagshaugen (1030 moh.) i Fjærland Me køyrer i privatbilar frå Almenningen i Sogndal kl. 10:00 til parkeringsplassen ved Berge i Fjærland. Me følgjer den delvis merkte stien forbi Heimastølen og vidare opp i dalen mellom Nystølseggi og Skredfjellet.

12

Viss vêret er godt tek vi av frå stien for å gå opp på ryggen mellom Skredfjellet og Middagshaugen. Ryggen gjev godt utsyn og er lett å følgja opp til toppen av Middagshaugen som gir flott utsikt over Fjærland. På turen tilbake følgjer me ein delvis attgrodd sti på ryggen mot aust ned i dalen. Me kjem tilbake på stien me gjekk opp, forbi Heimastølen ned til bilane. Turen er middels tung og tek venteleg 5–6 timar. Kart: Turkart Sogndal-Leikanger 1: 50 000. Turleiarar er Tom Dybwad (975 23 411) og Nils Erling Yndesdal (957 23 372). Tur 22: Søndag 26. november

Skitur til Vangsen (1757 moh.) Me køyrer med privatbilar frå Almenningen kl. 08:30 til Myri i Jostedalen. Herifrå går me på ski opp til Vanndalsvatnet og derifrå til toppen av Vangsen. Dette frittliggande fjellet har god utsikt i alle retningar. Retur ned att i Vanndalen. Turen er middels tung til tung. Turen kan bli flytta fram i tid på grunn av snømangel. Kart: Turkartet for Luster eller 10063 Jostedalen i Norge-serien. Turleiar: Louis Anda (480 52 760).


14. juni: Eikjastrondi Frammøte ved Luster Turlag sitt kajakknaust i Vedvik (utafor Marifjøra). Her kan dei som ikkje har kajakk låna kajakk denne dagen (så langt det rekk) og vera med på tur! Me padlar mot Ytre Eikjo og Solvorn.

Onsdagspadling Frammøte kl. 18:00

I Sogndal finst det ikkje noko padleklubb, så Sogndal Turlag tilbyr fellesturar på nokre onsdagar i den lyse årstida. Møt opp på første onsdagen: 14.juni og vis di interesse for felles kajakkpadling. Då møtast me ved Luster Turlag sitt kajakknaust der medlem i DNT kan låna kajakkar. Padleturleiar frå turlaget er Marino J. Ask (900 89 570). Alle padleturane er kl. 18:00 på frammøtestaden. Ta kontakt med Marino for eventuell samkøyring.

21. juni: Eide Frammøte på ekspressbåtkaia i Sogndal. Turen går inn mot Eide. På denne turen vert det høve til å trena på kameratredning. 24. august: Lustrafjorden Frammøte i badevika i Solvorn. Me padlar truleg utover forbi Mosaviki og utover fjorden. Vêr, vind og form avgjer kor langt det blir før me snur. 30. august: Haugaviki Frammøte på Fimreite. Viss me har vind og vêr med oss tek me turen til Haugaviki og gjer strandhogg der.

Sogndal Turlag si jubileumsfering i 2016 vart lagt til Sota Sæter og ein ekslusiv gjeng gjekk på Tundradalskyrkja. Foto: Marino J. Ask.

13


Bli med på kurs i Kunnskapsåret 2017 Sogndal Turlag har ingen kurs på programmet i år, men Sogn og Fjordane Turlag har følgjande kurstilbod utover året som det er mogleg å vera med på. Ta kontakt med fylkeslaget på sogturla@online.no eller tlf: 57 72 06 14. 03.-04. februar        Alpin-teknikkurs i Bjørkelia Jølster skisenter 28.-30. april            Turleiarkurs: ambassadør og grunnleggjande Gulen

13.-14. mai             Klatrekurs, brattkort Sagefloten i Gloppen 03.-04. juni             Klatrekurs, brattkort  Sagefloten i Gloppen 16.-18. juni             Padlekurs-Grunnkurs hav Bulandet i Askvoll 15.-17. september  Turleiarkurs: ambassadør og grunnleggjande Stardalen i Jølster   Luster Turlag har dette tilbodet: 24.-25. juni  Grunnleggjande kajakkurs med base Vedvik/Eikjastrondi i Luster der kajakknaustet ligg.

Kva med å læra padleteknikk i kunnskapsåret 2017? Foto: Marino J. Ask.

14


Alle 8. klassingane kan vere med på «Opptur» kvar vår. Elevar frå Leikanger ungdomsskule på veg opp frå Hella. Foto: Liv Norunn Hamre.

Tilbod til ungdom Base Camp arrangert av Sogn og Fjordane Turlag er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 16 år. Base Camp er ein fin stad å læra meir om friluftsliv og ein bur på same leirstad og overnatter i hytte, lavvo eller telt. Det er alltid vaksne leiarar til stades som organiserer aktivitetane. Alle er med å laga mat og bidra på andre måter. Ta kontakt med fylkeslaget på sogturla@ online.no eller tlf: 57 72 06 14.

8.-11. april      Base Camp vinter Fivla i Luster 26.-30. juni Base Camp sommar Tungestølen påVeitastrond 7.-11. aug. Base Camp kyst Værlandet i Askvoll 25.-27. aug. Fellestur for DNT-Ung: Tur til Skogadalsbøen (Luster)

15


Barnas Turlag Leikanger 2017 Søndag 5. februar Vinterleik på Kleppa Kom-deg-ut-dagen med bål og annan tilrettelegging ved gapahuken og skihytta. Torbjørn Hasund (930 04 685) Søndag 12. mars Fellestur til Lustrabadet Kjekt å ha nokon å bada saman med! Sindre Ramung (976 82 499) Laurdag 1. – søndag 2. april Målsetehytta på Vikafjellet Overnattings-tur med skitur og skileik. Anders Yri (466 60 542)

Torsdag 17. eller fredag 18. august Fottur frå Kleppa. Tur tilpassa born i barnehagealder. Christian E. Pettersen (476 39 165) Søndag 3. september Orienteringsleik på Kleppa Kom-deg-ut-dagen! Christian E. Pettersen (476 39 165) Søndag 26. november Lommelykttur Vår tradisjonelle lommelykttur på Leikanger med bål og grilling. Sindre Ramung (976 82 499)

Laurdag 3. – søndag 4. juni Overnattingstur Me overnattar på Gaularfjellet eller i Eldalsdalen. Me fiskar og går tur langs Fossestien i fantastisk natur. Torbjørn Hasund (930 04 685) Laurdag 1. – søndag 2. juli Fjærlandssetevatnet Fisketur med overnatting i telt. Sindre Ramung (976 82 499) Søndag 13. august Fivelhola – Sevi – Kjeringafjell Lang lokal fjelltur med mange høgdemeter og god utsikt! Anders Yri (466 60 542)

16

Åsa, Amalie og Oliver med Barnas Turlag i blåbærskogen. Mykje å oppleva! Foto: Mari Buene.


Barnas Turlag Sogndal 2017 Søndag 8. januar Programslepp og loddtrekkingskveld Barnas Turlag inviterer til presentasjon av programmet for 2017, lysbileteframsyning frå arrangement i 2016 og trekking av premiar på lodd barna har samla førre sesong (2016). Møt på Fosshaugane Campus klokka 17.30. Bruk inngangen frå gamle Gymnasbygget, og sjå etter merking med raude turlags-T`ar. Kontaktpersonar er Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684). Søndag 5. februar Kom Deg Ut-dagen vinter i Hodlekve I samarbeid med Speidaren i Sogndal markerer me den nasjonale Kom Deg Utdagen i Rindabotn i Hodlekve. Me lagar til ulike aktivitetar med naturstiar mm., og det vert høve til å grilla, så ta med bålmat. Sjå annonse i Sogn Avis, på nettsida vår eller på Facebook for meir informasjon. Opplegget er gratis og ope for alle, dvs. at ein ikkje treng vera medlem i Speidaren, DNT eller Barnas Turlag for å delta. Kontaktpersonar er Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684). Søndag 12. mars BT-arrangement i samband med den nye Karsten og Petra-filmen Me inviterer til eit lite leike- og aktivitetstreff ute i Sogndal sentrum før me går ilag til kinoen for å sjå den rykande ferske filmen «Karsten og Petra – ut på

tur». Filmen er den femte i rekka om dei to bestevenene, og denne gongen er turglede og fjellvettreglane hovudtema. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis for meir informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. Ansvarleg: Liv Norunn Hamre (975 71 684) og Rita Bjelde (970 30 882). Søndag 19. mars Kjekk familieskitur i Hodlekve Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis for meir informasjon om oppmøtestad, tid og turopplegg, avhengig av vêr og skiføre. Turleiar Vegard Vereide (915 80 573). Torsdag 27. april Sykkeltur til Stedjeberget (turpost) Møt opp på gangvegen ovanfor badelaguna på Sjøkanten klokka 17.30 og bli med Barnas Turlag på ein fin vårsykkeltur til turposten i Stedjeberget. Vi syklar til tunnelen, før vi snur og returnerer same veg. Her kan heile familien vera med, då dette er ein tur heilt fri for bakkar. Me avsluttar turen med felles kveldsmat ved Badelaguna dersom vêret tillet det. Turleiar Liv Norunn Hamre (975 71 684). Søndag 21. mai Fugletur i nærområdet i Sogndal Me tek turen ut i skogen for å høyra, og kanskje sjå, nokon av fuglane me har i nærmiljøet vårt. Ta gjerne med kikkert, dersom du har. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis for meir

17


Maja og Storm er med på Barnas Turlag og Lars Helge Flugheim viser korleis ein lagar seljefløyte. Foto: Liv Norunn Hamre.

informasjon om oppmøtestad, tid og meir nøyaktig turopplegg. Turleiarar Dag Endre Stedje (416 38 340) og John Anton Gladsø (482 25 890). Laurdag 10. juni Flott familietur til Hundsvatnet Ein tradisjonsrik og fin familietur i Sogndalsdalen. Møt på Fretland klokka 10.30. Me går på veg frå Fretland til Djupadal, deretter vidare på sti til

Hundsvatnet. Turleiar Gunnveig Fretland Hodlekve (415 53 385). Laurdag 19. august Fisketur til Fagereggi Denne søndagen arrangerer me fisketur i samarbeid med Sogndal jeger- og sportsfiskarlag. Ta med fiskestang! Følg med på nettsida vår, Facebook eller annonse i Sogn avis for nærare informasjon om oppmøtestad og tid. Kontaktperson: John Anton Gladsø (482 25 890). Søndag 3. september Kom Deg Ut-dagen haust til Grøssete (Turpost) Bli med på haustens nasjonale Kom Deg Ut-dag! Møt på parkeringsplassen i Kvamshagen kl 10.30. Følg med på nettsida vår, Facebook eller annonse i Sogn Avis for nærare informasjon om turopplegget.

18


Turleiarar Liv Norunn Hamre (975 71 684) og Rita Bjelde (970 30 882). Søndag 10. september Tur til Svartaberg/Slakkafjellet (Turpost) Oppmøte ved vegen til nye trafostasjonen (mellom Skjeldestad og Lerheim). Felles køyring gjennom bommen kl. 10.30. Parkering på ca 600 moh. Turen går på merka sti opp til varden på 855 moh. Nokre våte parti, så hugs gode sko. Turleiarar Lillian Henjum (957 46 605) og Lars Helge Flugheim (907 27 449). Søndag 17. september Sopptur Sopptur for heile familien, med hovudføremål å finna og læra om sopp. Turen går i Sogndal-Kaupanger området, alt etter kvar ein ventar å finna sopp. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller Sogn avis for oppmøtetid og stad. Turleiar: Liv Norunn Hamre (975 71 684), soppkjennar er Eli Heiberg. November Spanande hovudlykttur I samarbeid med Speidaren i Sogndal, arrangerer me spanande hovudlykttur i nærområdet her i Sogndal. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis for meir informasjon om dato og turopplegg. Turleiarar Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684). Desember Koseleg adventstur Bruk ein dag i adventstida til ei triveleg familiehending. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis, for meir informasjon om turopplegget. Turleiarar Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684).

I Kunnskapens år 2017 kan du kanskje lære meir om matsopp? Her har Oda funne nokre gode kantarellar. Foto: Liv Norunn Hamre.

19


INFORMASJON

Turpostane i Sogndal Sogndal Turlag har 20 turpostar som ligg nær Sogndal sentrum og i Sogndalsdalen i tillegg til Flatbrehytta i Fjærland. Til alle turpostane går det skilta og merkte stiar. Du finn skildring av turane i eige turhefte og på DNT sin turapp UT.no. Turane er graderte med farge grønt, blått eller raudt etter kor krevjande dei er.

Sesongen er i hovudsak 15. mai–31. oktober. Informasjon om turpostane ligg på Sogndal Turlag si heimeside. Premiering 0-6 år: Minst fem turar på minst tre ulike stader. Born i skulealder, 1.-7. klasse: Minst sju turar på minst fem ulike stader.

Deltaking Turhefte med omtale av turane kjem til sals på Intersport Sogndal. Heftet fungerer også som klyppekort for registrering av turane.

Vaksne og born frå 8. klasse: Minst ti turar på minst sju ulike stader, gradert til raudt. Ein følgjer den aldersklassen ein tilhøyrer ved sesongoppstart.

TURANE

Prisar: Born Vaksne Medlem Sogndal Turlag/ DNT kr. 100,- kr. 150,ikkje-medlem kr. 150,- kr. 200,-

Lever inn ferdig utfylte deltakarbøker innan sesongen er omme til Intersport Sogndal, og ein får fine premiar til turbruk!

1. Stedjeberget 2. Flot 3. Olavskjelda 4. Sauradn 5. Lem 6. Laugi 7. Bjellastølen 8. Nuken 9. Jeiskedalen 10. Stedjeåsen

11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 13

12

Slakkafjellet/Svartaberg Togga Grøssete Navarsetestølen Tylderingen Imesdal Hesteggi Helgasete Solvornnipa/Vardafjell Flatbrehytta

14

6

15

3

16

8

18 4

7 2 11

17 10

9 1

5

Ut på tur? -Klart du kan!!

20

www.printfarm.no

19

Profile for Printfarm.no

Turprogram 2017  

Turprogram 2017