Sogndal Turlag - Turprogram 2016

Page 1

2016

40

40

-

Ă…R

SJU

BIL E U M

Foto: Arnt Flatmo

Sogndal Turlag


Jonas inviterer alle på besøk til Sogndal Turlag si hytte på Grøssete i Sogndalsdalen. Foto: Liv Norunn Hamre.

Velkommen til jubileumsåret! I 1976 vart Sogndal Turlag skipa som eit av dei fyrste turlaga i fylket. Ein sprek 40-års jubilant! Samstundes fyller Barnas Turlag i Sogndal sine fyrste 10 år! Siste helga i august vert det ei markering av Sogndal Turlag på Sota Seter og me håpar mange blir med oss dit! Til denne markeringa vert tidlegare styremedlemmar spesielt invitert! Den beste gåva jubilantane kan få er at DU blir med på tur! Det er det internasjonale familieåret i år, og me har sett opp nokre spesielle familieturar. Elles håpar me at alle finn turar som er eigna, om det no er ein fellestur, ein UNG-tur, ein Barnas Turlags-tur eller ein padletur. Velkommen med på tur! Liv Norunn Hamre, leiar Turplanlegging Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag, på Facebook og på annonsering i Sogn Avis. Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. På nokre av turane er det naudsynt med påmelding. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren. Dei fleste turane har frammøte på Almenningen (ved Lægreid hotell). Ein eventuell annan frammøtestad vil stå i turomtalen. Dersom

2

du vil møta ein annan stad enn annonsert frammøteplass, så meld frå til turleiar på førehand i tilfelle turen vert avlyst eller endra. For alle skiturane er det naudsynt med fjellski, ettersom me ikkje går i oppkøyrde løyper. På ein del turar vil sikkert fleire velja å bruka toppturski og vår erfaring er at det går fint sjølv om gruppa har ulike typar ski på same turen. Skifellar er naudsynt på mange av turane. Medlemskap Sogndal Turlag er gjennom Sogn og Fjordane Turlag tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). Dette medfører at ein medlem i DNT som er busett i Sogndal eller Leikanger kommunar automatisk er medlem av Sogndal Turlag og Sogn og Fjordane Turlag med mindre ein gjev melding om nok anna. Ungdomsturar i DNT ung Sogndal er berekna på ungdom frå 13 til 19 år, og Barnas Turlag gjeld for alle born. Nokre av turane er berekna på dei litt eldre borna. Ta kontakt med turleiarane for barneturane om du lurer på kor lang eller tung turen er. Gradering av turane Me freistar å støtta oss på den internasjonale fargegraderinga på turane våre. Det er mykje motbakke i turterrenget vårt, så det vert lett høgdemeter utan at det treng å vera ein «ekspert-tur» for det. Me har ikkje nytta graderinga heilt ut.


Standard-graderinga: Grøn. Enkel: Nybyrjarar * Krev ingen spesielle ferdigheiter * Skal kunna gjennomførast av alle. *Maks 300 høgdemeter. Blå. Middels: Nybyrjarar * Middels trente turgåarar * Grunnleggjande ferdigheita. *Maks 600 høgdemeter. Raud. Krevjande: Erfarne turgåarar * Godt uthald * Krev godt turutstyr. *Maks 1000 høgdemeter. Svart. Ekspert: Erfarne fjellfolk * Godt uthald * Krev godt turutstyr. *Meir enn 1000 høgdemeter. Tryggleik på tur Hugs at du deltek på alle turar på eige ansvar. Alvorlege skadar er svært sjeldne, men me tilrår likevel turdeltakarane å skaffa seg reiseforsikring/ anna ulukkesforsikring. Målsetjinga vår er skadefri ferdsel, og det er utarbeidd retningsliner for turleiaren. Dersom ein deltakar viser seg å vera fysisk eller psykisk uskikka til å gjennomføra turen, er utilstrekkeleg kledd, manglar naudsynt utstyr eller ikkje rettar seg etter turleiaren sine tilvisingar, kan ho/han bli utelukka frå turen. Rabatt på turutstyr Sogndal Turlag og Intersport-butikken i Sogndal har inngått ei ny rabattavtale for alle medlemmane i turlaget. For å kunna nytta denne må ein registera seg. Det held med andre ord ikkje å visa fram medlemskortet i turlaget lenger. Det er mogleg å registrera seg via innmeldingsskjema på heimesida vår og på Sogndal Turlag si Facebook-side. Ein kan òg få hjelp til å registera seg i Intersport-butikken i Sogndal (på AMFI Sogningen). Dei faste rabattane er 20% på fjellsko og terrengsko og 15% på varer frå friluftslivsavdelinga: som ryggsekkar, soveposar, liggeunderlag, turutstyr, kokeutstyr mm. I tillegg vil det bli arrangert handledagar, sesongopningar og temakveldar mm. der det vil vera gode tilbod på spesielle og aktuelle varer.

Styret i 2016: Liv Norunn Hamre leiar (975 71 684) liv.hamre@hisf.no Leif Longvanes kasserar og nestleiar (906 46 424) leif.longanes@hisf.no Anne Skaar skrivar (900 70 257) anne.skaar@bedriftshelse1.no Marino Ask styremedlem (900 89 570) m-jas@online.no Wenche Fjørtoft (415 59 822) fjortoft.wenche@gmail.com Ove Ellingsen (913 54 923) ove@ellreg.no Anne Rudsengen styremedlem (959 63 888) annerudsengen@gmail.com Tom Dybwad varamedlem (975 23 411) tojady@hotmail.com Marte Kviberg varamedlem (907 88 354) martekviberg@hotmail.com Sogndal Turlag har ei felles e-postadresse: sogndalturlag@gmail.com Bilde framsida: Fornøgd turgjeng på toppen av Falketind. Foto: Marino J. Ask.

Fotokonkurranse: #sogndalturlag Me ynskjer å visa mangfaldet i turane våre og oppfordrar alle til å leggja bilde på instagram med #sogndalturlag. På slutten av året vil me kåra dei beste bilda innan kategorien «familietur» og «turglede».

3


Kontaktinformasjon: Barnas Turlag Sogndal: Rita Bjelde (970 30 882)

Turlagshytta Grøssete: Jorunn Fjermestad (411 61 794)

Barnas Turlag Leikanger: Torbjørn Hasund (930 04 685)

Turlagshytta Råkeneset: Leif Longvanes (906 46 424)

Turpostgruppa: Anne Skaar (900 70 257)

Sogndal Turlag er registert i Frivillegregisteret slik at me kan få vår del av «Grasrotandelen». Be om dette når du spelar hjå Norsk Tipping. Sogndal Turlag sitt org.nr. er 993746061.

Merkenemnda: Kjell Vidar Johansen (959 44 517) Grøssete Sogndal Turlag si hytte på Grøssete i Sogndalsdalen er eit ombygd sel, og kortaste vegen går frå Kamshagen på nordsida av Dalavatnet. Det er laga til parkeringsplass ved startpunktet, og stien opp til hytta er merkt. Ein går på vestsida av elva og litt bratt opp til ein er komen over fossen. Vidare innover på god sti og ei lita kneik til slutt før ein kjem opp. Turen tek 1-1,5 time opp og om lag 1 time ned att. Hugs nøkkel (standard DNT-nøkkel) dersom du vil inn i hytta. Grøssete er ei ubetent DNT-hytte, dvs at det er kokeapparat, men ingen mat på hytta. Ta også med sovepose eller lakenpose for overnattinga. Hytta har 4-5 sengeplassar, og i tillegg kan inntil to personar liggja på golvet. Råkeneset Sogndal Turlag har òg ei hytte i Solund på Råke nord for Hardbakke. Det tek ca. 20 min. å gå til hytta frå fylkesvegen mot Strand. Her kan ein parkera i vegen og følgja stien sørvestover gjennom utmark. Frå indre Sogn må ein rekna knappe to timar frå Dragsvik til ferjekaia i Rysjedalsvika.

Ferjeturen tek litt under ein time, og frå Krakhella til parkeringsplassen til Råkeneset tek det ein halv time. Råkeneset ligg i eit flott turområde med Pollatinden (541 moh) som det mest attraktive turmålet for dei som vil oppleva ei flott utsikt over kysten og sjå utover i havet. Elles er det ei mengd med små toppar og triveleg terreng i det særmerkte konglomerat-landskapet. Kajakk, kano og båt er nyttige framkomstmiddel for å utforska dette skjerma øyriket! Råkeneset er ein 250 år gammal husmannsplass, og ved å vitja staden og overnatta der, kan du få ei kjensle av korleis livet må ha vore for kystbonden. For å ta vare på dette miljøet er heile Råkeneset, med både stovehus, naust og kulturlandskap ikring, freda. Det stiller sjølvsagt nokre krav til dei som kjem hit om korleis ein skal bruka staden. Informasjon om dette finn du på hytta. Mellom anna er det ikkje lov å setja opp telt attmed husa, flytta på steinar, og det er restriksjonar på kvar ein kan laga bål og grilla.

Prisane for bruk av Grøssete og Råkeneset i 2016: Dagsbesøk med bruk av ved/gass Overnatting vaksne Overnatting UNG, 13-26 år Overnatting born 4-12 år (saman med føresette) Overnatting born, 0-12 år (saman med føresette)

Medlem DNT kr. 40,- kr. 200,- kr. 100,- kr. 50,- gratis

Ikkje medlem DNT kr. 50,- kr. 300,- kr. 200,kr. 100,gratis

Betal gjerne for bruk av hyttene til: 3720 07 63808 når du kjem heim frå turen. For turar elles i fylket, sjå turprogrammet til Sogn og Fjordane Turlag.

4


Vårskitur på veg opp til Snønipa som ligg på Myklebustbreen. Foto: Wenche Fjørtoft.

Fellesturar Tur 1: Søndag 24. januar

Tur 2: Søndag 31. januar

Fullmånen er på kalenderen denne dagen, og om snøtilhøva er gode går turen frå Haukåsen via stølen Lingeste og ut til Dueskardhøgdi (986 moh.) Me følgjer vegen utover, så dette er ein enkel og fin tur. Frå Dueskardhøgdi er utsynet vidt over fjordarmar og fjell heilt magisk om veret er klart. Om snøtilhøva er skrale her, går alternativt turen ifrå Hodlekve i Sogndalsdalen. Sjå annonse, nettside eller Facebook. Turen går i samarbeid med Luster Turlag.

På denne turen ynskjer me spesielt å få med oss dei som har lyst til å vera med på skitur med turlaget, men som har kvidd seg fordi ein har vore usikker på tempo og meistring i å sigla ned att. Me legg difor opp til å bruka god tid på både opp- og nedturen. Vanlege fjellski vil vera greitt å bruka på turen, og det kan vera lurt å ha med skifeller. Ta gjerne kontakt med ein av turleiarane på førehand for meir informasjon om turen og om ski- og turutstyr.

Felles avreise frå Almenningen kl. 19:30 (Gaupne kl. 19:00, Galden kl. 19:15) for oppsamling i bilane. Start frå Haukåsen (Hodlekve) kl.20.00 for oppsamling i bilane.

Me går Lusaskar frå Øvstedalen. Turen er på i alt dryge 600 høgdemeter og i alt ca. 14 km. Felles avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 09:00.

Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiar er Marte Kviberg (907 88 354), og lokalkjent er Elisabeth Dahle (928 19 516).

Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar er Anne Rudsengen (959 63 888) og Ove Ellingsen (913 54 923).

Dueskardhøgdi (986 moh.)

Lusaskar (1004 moh)

5


Tur 3: Søndag 14.februar

Tur 5: Søndag 20.mars (palmesøndag)

Me køyrer i privatbilar kl. 09:00 frå Almenningen i Sogndal til Vigdalen. Herifrå går turen inn forbi Vårstølen før me tek av opp gjennom skogen til Fivla, som er eigd av Luster Turlag. Etter ei litt bratt oppstigning frå hytta kjem ein opp på fjellet og me nærmar seg toppen. Her er vakker utsikt mot Vangsen, Vigdalen og Hurrungane. Flott nedkøyring same vegen som me gjekk opp. Stødige ski vert tilrådd.

Me tek den gamle klassiske turen til breen denne dagen. Med all respekt for nokre bratte punkt på turen går me via Britastein, inn Trastadalen, opp ryggen mot Synnevaskjer og så ned og inn på Myrdalsbreen-Voggebreen til toppunktet på 1570 moh. Turen er på dryge 2 mil til saman og kring 1000 meter stigning. Avreise frå Almenningen kl. 09:00 og frå Rindabotn kl. 09:30.

Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiar er Marino J. Ask (900 89 570) og Leif Longvanes (906 46 424).

Kart: 10055 Sogndal i Norgeserien Turleiarar er Marino J. Ask (900 89 570) og Wenche Fjørtoft (415 59 822).

Tur 4: Søndag 28. februar

Tur 6: Søndag 10.april

Store Haugmelen (1172 moh)

Kalvsnesnosi

Frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 9:30. Me køyrer i privatbilar til parkeringa ved Goro på Kaupanger. Me følgjer løypa innover og opp på stølen Vassløysa. Herifrå følgjer me ryggen opp til toppen av Store Haugmelen. Her er det flott utsikt innover Lustrafjorden og indre Sogn. Avhengig av vêret følgjer me anten same ruta tilbake, eller ryggen mot sør til Vatnasete for så å koma inn på ruta me følgde opp forbi Vassløysa. Turen er middels tung og tek 6-7 timar. Me tilrår å bruka fjellski på denne turen.

Det er ei forutsetning at vegen opp til Varhaug bru(Sluppen) er brøyta, og sjølvsagt værforbehold. Turen startar ved Vardhaug bru (ca 950 moh.) og går inn over Moldhaugsvatnet. Her har me to val vidare: enten nordvest for Erterhaug (ca 1200 moh), eller sørvest for Erterhaug (1260 moh). Vidare ned mot Kolaren og bandet ut på Kalvsnesnosi. Turen er noko krevjande med sine vel 2,6 mil, men det er få høgdemeter og fint terreng. Turen går i samarbeid med Lærdal Turlag. Avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 08:30 slik at ein rekk 9-ferja frå Mannhellar. Det er ein føresetnad at vegen opp til Vardahaug bru er brøyta og me tek atterhald om dårleg vêr.

Fivlenosi (1468 moh)

Kart: 10055 Sogndal i Norgeserien. Turleiarar er Tom Dybwad (975 23 411) og Wenche Fjørtoft (415 59 822).

Fotokonkurranse: #sogndalturlag

6

Voggebreen

Kart: 100047 Aurland Turleiarar er Rolf Engløkk (959 82 635) og Ove Ellingsen (913 54 923).


Turfølgje gjekk frå Fodnes, over Vetanosi og ned til Lærdal. Flott utsikt i nedstigninga til Lærdalsøyri. Foto: Anne Skaar.

Tur 7: Søndag 24.april

Befringsstøylen – Kvannebakknova – Bjørga Dette er ein flott rundtur oppe på Jostedalsbreen med utgangspunkt i Befringsdalen i Stardalen i Jølster. Me køyrer i privatbilar frå Almenningen kl. 08:00. På denne tida av året er det truleg mogleg å køyra til p-plassen nedunder Befringstølen. Kanskje må me bera skia litt i starten, men me vil nå snøen på turen opp til Strupen. Herifrå bratt opp til Kvannebakknova og vidare litt sørover på breen. Så svingar me oss nedover og dreiar vestover mellom to vatn. Ein ny kort motbakke og ut på Høgrindnipa der vi ser rett ned i Kjøsnesfjorden. Igjen litt slakt opp til Bjørga (1551 moh.) som er siste motbakken på turen. Herifrå er det ei fantastisk flott nedkøyring, nesten 1000 meter, til Befringssøylen. Turen er tung med over 1000 meter stigning i alt, nesten 20 km lang og vil venteleg ta kring 8 timar.

Kart: 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien. Turleiar er Magne Eikås (952 21 112) og lokalkjent: Janne Eikås (916 11 115). Tur 8: Søndag 1.mai

Tur langs sørsida av Sognefjorden Manglande veg gjer det vanskeleg å besøka gardar og grender som Vollevik, Sylvarnes, Hanekamb, Stavedal, Vetlesand og Alrek som ligg lengst vest i Vik kommune. Sogndal Turlag inviterer deg med på ei spanande vandring langs stiar mellom desse gardane og smågrendene. Nokre bruk er fråflytta, medan me på andre vil treffa trivelege fastbuande. Vandringa vil ta 4-5 timar og er heller lett. Me blir skyssa fram og attende over fjorden frå Kvamsøy (fastlandet). Avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 09:00 (ferje frå Hella kl. 09:40). Kart: Turkart Stølsheimen (1:100 000) eller

7


Fjordutsikt på turen frå Fodnes til Lærdal. Foto: Wenche Fjørtoft.

10046 Modalen i Norge-serien. Turleiar erAnne Skår (900 70 257) og lokalkjent og historieforteljar: Vidar Lægreid (481 53 202). Avgrensa tal plassar og påmelding til turleiar seinast torsdag 28.april pga. båtskyss over fjorden.

for oppsamling i bilane.

Tur 9: Søndag 8.mai

Lodalskåpa (2082 moh)

Loftet (2170 moh.) Flott og relativt enkel topptur på austsida av Sognefjellet. Me går frå Jotunheimen fjellstue (1006 moh.) og opp langs Langranden og vidare rundt og forbi Vesleloftet og opp til Loftet. Turen gjev jamn god stigning og har ingen vanskelege parti. Gode lange fellar og stødige ski må til. Me går roleg og jamnt oppover dei 1200 høgdemetrane. Total lenge vert ca.15 km, og me reknar med å bruka mellom 5-7 timer på turen totalt. Frå toppen har me flott utsikt mot m.a. Galdhøpiggen og toppane innover Leirdalen. Turen går i samarbeid med Luster Turlag. Avreise i privatbilar frå Almenningen kl. 08:00, frå Gaupne kl. 08:30 og frå Fjordstova i Skjolden kl. 09:00

8

Kart: 10064 Lom i Norge-serien. Turleiar er Elisabeth Dahle (928 19 516) og lokalkjent er Louis Anda (480 52 760). Tur 10: Søndag 29.mai

Dette er ein lang skitur som er mogleg å gjera på ein dag frå sognesida av breen. Det føreset tidleg start: kl. 05:00 frå Sogndal, ettersom me reknar med at turen tek 1214 timar. Turen vil gå frå Bjørnstegane, innafor Fåberg i Jostedalen. Herifrå inn og opp langs Fåbergstølsbreen. Så blir det eit langt strekk på breen før ein tek til med oppstigninga til Lodalskåpa. Siste biten er litt bratt og alt etter snøtilhøva vil me nytta sikring her. Retur same veg. Det er viktig å pakka lett og nytta fjellski. Turleiarane ordnar alt breutstyret, og dei ynskjer ein prat med deltakarane før turen slik at ein sikrar at ein ikkje pakkar for tunge sekkar. Avgrensa tal deltakarar og påmelding til ein av turleiarane innan onsdag 25.mai. Kart: 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien.


Turleiarar er Ole Karsten Birkeland (950 32 287) og Niels Pontoppidan (950 78 722).

Tur 12: Søndag 5.juni

Tur 11: Oppturdag for alle 8. klassingane

Dette er ein spennande gå- og klyvetur opp til ei hole som ligg attmed Fatlaelva i Leikanger. Turen er godt eigna for familiar med born frå 7-8 år. Frammøte på Almenningen kl. 9:30, eller kl. 10:00 på parkeringsplassen 500 m vest for Fatlaelva. Korahola ligg i om lag 250 meters høgd. Turen tek kring 4 timar. Turleiarar er Niels Pontoppidan (950 78 722) og Marte Kviberg (907 88 354).

på Kvåle, Kaupanger og Leikanger skule

DNT med alle dei lokale turlaga arrangerer kvart år «Oppturdagen». Det er eit tilbod der turlaga inviterer alle 8.klassingar med på fjell- eller skogtur i skuletida. På Leikanger brukar me å gå frå Hella og på den gamle vegen/stien vidare. I Sogndal vil me truleg ta same turen som tidlegare, som er opp til Åberge, stien mot Bjeldastølen og så austover til Ljøtaholet og ned traktorvegen til Hylsete. Dato for Oppturdagen er enno ikkje fastsett. Kontaktpersonar er: Jorunn Fjermestad (411 61 794) og Liv Norunn Hamre (975 71 684).

Korahola

Tur 13: Laurdag 18.juni

Verdsarvtur til Stiganosi (1781 moh.) Frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 08:15. Avreise i privatbilar slik at me når ferja frå Mannheller kl. 08:40. Me køyrer til Langhuso i Undredal. Her følgjer me den T-merkte stien i retning Grindaflethytta.

Alltid kjekt å koma opp på Flatbrehytta i Fjærland etter nesten 1000 meter stigning. Foto: Anne Rudsengen.

9


Litt bratt opp i Jonadalen, men på god sti. Stien går slakt oppover dalen og blir litt mindre tydeleg. Opp frå dalen slyngjer stien seg litt bratt opp Rosshamrane. Me følgjer ryggen vidare til toppen. Sidan Stiganosi er den høgste toppen i fjellområdet får me flott utsikt. Returen går same veg tilbake. Turen er tung og tek venteleg 8 timar. Kart: Turkart Nærøyfjorden eller 10047 Aurland i Norge-serien Turleiarar er Tom Dybwad (975 23 411) og Finn Loftesnes (913 28 548) Tur 14: Søndag 19. juni

Seniortur til Grinde på Villblomdagen Sogndal Turlag markerer den nasjonale Villblomdagen med seniortur i det nasjonale kulturlandskapet på Grinde i Leikanger. Det blir ein lett tur i flott landskap med mykje historie og blomstrande enger og vegkantar. Med oss på turen er professor Ingvild Austad som har gjennomført fleire forskingsprosjekt i området og kjenner landskapet svært godt. Me tek lunsjpause undervegs, så ta med mat og drikke. Me køyrer med privatbilar frå Almenningen i Sogndal kl. 10:00 og frå Leikanger kai kl. 10:30. Turleiarar er Liv Norunn Hamre (975 71 684) og Ingvild Austad (954 41 380). Tur 15: 15: 12.juni

Hella-Skoparsete-Mælen (974 moh.) og ned til Engjasete Denne turen er første etappe på stien Sognefjordvegen S1 som går heile vegen

10

frå Hella til Sognefjellet. I åra framover vil me freista å ta ein eller fleire strekningar av turen kvart år. Turen går frå Hella til Eitorn på gamal ferdselsveg og sti gjennom variert kulturlandskap og skog med rikt fugleliv. Vidare ber det oppover til brua over Kvinna og til stølen Skoparsete i kring 450 meters høgd med flott utsyn mot Vangsnes og Vik. Derifrå kliv me på nymerkt sti til Kleivafjellstølen og opp ryggen til Mælen, med flott utsyn over fjorden og mot Fresvikbreen. Nedturen går mot stølen Dalsbotnen og vidare på stølsvegen ned til Engjasete. Siste del ned til fjorden går på bygdevegen gjennom det nasjonalt prioriterte kulturlandskapet på Grinde som framleis vert skjøtta på tradisjonelt vis. Turen er på omlag 15 km, har 1000 meter stigning og vil nok ta 6-7 timar + køyringa til og frå. Kart: Turkart Sogndal-Leikanger eller10055 Sogndal i Norgeserien. Turleiarar: Jostein Fondenes (905 87 682) og Lisbeth Dahle. Tur 16: Torsdag 23.juni, jonsokafta

Vangsen på ski eller til fots Kva med å bruka den lyse jonsokkvelden på tur til Vangsen? Me satsar på ein fin kveldstur med felles avreise frå Almenningen i Sogndal kl. 17:00. Om det blir på ski eller til fots må me sjå an. Kart: 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien Turleiar: Marino J. Ask (900 89 570)

Fotokonkurranse: #sogndalturlag


Godt driv i finvêret mot Falketind! Foto: Marino J. Ask.

Tur 17: Søndag 14.august

Meneseggi (1547 moh.) Frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 06:20. Avreise i privatbilar slik at me når ferja frå Hella kl. 07:05. Frå Dragsvik er det 21 km til Menes. Turen byrjar med ei bratt oppstiging til Menesstølen på ca 750 moh. Herifrå går turen vidare innover Meneseggi til Haravollnipa (1407 moh). Både denne strekninga, og vegen vidare er kupert med mykje stein som underlag. Midt mellom Haravollnipa og Melsnipa er det eit spektakulært parti, der det for dei med høgdeskrekk finst ei alternativ rute. Siste del av turen opp mot Melsnipa (1547 moh.), som med unnatak av Jostefonni er Balestrand sin høgste fjelltopp, går me på ein del snø. Også på turen ned frå Melsnipa mot Vetlefjorden er det ein del snø å gå på. Turen er tung, og tek ca 10-12 timar. Det blir ordna med skyss tilbake til Menes for å henta bilar. Turen går i samarbeid med Balestrand og Høyanger Turlag.

Kart: 10054 Førde og 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar er Arnstein Menes (416 72 733) og Anne Rudsengen (959 63 888). Tur 18: Søndag 21.august

Barsnes-Solvorn

Oppmøte ved Almenningen kl. 09:00 for samkøyring til Barsnes, fordi det er dårleg med parkeringsplassar der. Eventuelt gå eller sykla innover til Barsnes. Turen startar langs fjorden, og går så oppover og passerer stølsvollane på Dal før me kjem til Helgasete. Frode Hågvar fortel om stølane og stølslivet her. Vidare følgjer me stien som går opp til Solvornnipa på 1031 moh: her er det flott utsikt! Ned mot Solvorn passerer me Fjellstølen og Setålen før me kjem heilt ned til fjorden. På Walaker hotell venter det suppe til oss, før retur til Sogndal. Me bestiller felles maxi-taxi. Hugs å ta med pengar om du vil kjøpa mat og drikke, og til transport.

11


Turen er på om lag 12 km og har kring 1000 meter stigning. Me reknar med å bruka kring 7-8 timar i terrenget og om lag ein time til mat og ein time til transport. På turen passerer me heile tre turpostar: Saurane, Helgasete og Solvornnipa. Kart: 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar er Anne Skaar (900 70 257) og Gro Skjelle Fimreite (950 25 257). Lokalkjent er Frode Hågvar. Tur 19: Helga 27. til 29. august

Jubileumsfering på Sota Sæter og tur til Tverrådalskyrkja Denne helga håpar me mange vil vera med til Sota Sæter for å feira 40-års jubileet til Sogndal Turlag! På laurdagen vert det tilbod om tur til den mektige Tverrådalskyrkja (2088 moh.) som er grensefjell til Luster og som ein enklast når frå vest. Start frå hytta kl. 08:30. Dette er ein tur på 1300 høgdemeter og som vil ta kring 8 timar tur retur. Mot toppen må ein kryssa ein bre og det er eit litt brattare parti mot slutten, men det er ikkje naudsynt med sikring. Viss nokon synest turen blir for lang, så kan dei vera med eit stykke opp og snu. Kart: 10064 Lom og 10063 Jostedalsbreen i Norge-serien. Viss ein ikkje ynskjer tur oppover i høgd, så er det fint å gå og sykla innover bomvegen til Mysubutthytta. På laurdagskvelden vert det middag og markering av 40-årsjubileet! Sei gjerne ifrå så tidleg som mogleg om du er interessert i å delta slik at me kan få reservert overnattingsplassar.

12

Turleiarar og kontaktpersonar er Marino J. Ask (900 89 570) og Liv Norunn Hamre (975 71 684). Tur 20: Helga 2.-4.september

Kajakkhelg i Solund

Sogndal Turlag arrangerer kajakksamling i Solund i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag, Kurs og fjellsport-gruppa. Avreise frå Sogndal fredag ettermiddag kl. 15:30. Rysjedalsvika kl. 18:45. Me køyrer privatbilar til Solund. Laurdag og søndag vert det kajakktur i det naturvene kystlandskapet. Er vêret på vår side, freistar me padling mellom øyane heilt vest. Smulare farvatn finn me lenger aust. Overnatting på Råkeneset DNT- hytte. For å vera med på denne turen må du ha noko padleerfaring og eigen kajakk med nødvendig tryggleiksutstyr. Deltakaravgift kr. 200,- . Påmelding til Marino seinast onsdag 31. august. Kart: Sjøkart nr. 25: Sognesjøen - Stavenes. Turleiarar: Arinbjørn Kuld (481 04 735), Nils Bjørgo (918 61 047) og Marino J. Ask (900 89 570). Tur 21: Søndag 11.september

Veitastrond – Horpedal i Fjærland via Steindalsbreen. Turen går frå Veitastrond til Fjærland, men er ein lengre og meir krevjande tur enn gjennom Snauedalen og Supphelledalen. Me startar med å gå vestover og oppover Eldedalen i retning Kvitlanovi. Vidare blir det kort brevandring over Steindalsbreen før me går ned Steindalen og Horpedalsdalen mot Horpedal. Derifrå blir det busstransport attende til Sogndal. Fotturen vil ta 8 – 10 timar og er tung.


Frå turen til Tussen som ligg mellom Fortunsdalen og Mørkridsdalen. Foto: Rune Fromreide.

Påmelding innan torsdag 08. september til ein av turleiarane. Oppmøte på skysstasjonen i Sogndal kl. 07:30. Kart: Turkart for Luster eller 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiarar er Arne Lerum (991 53 715) og Leif Longvanes (906 46 424). Tur 22: Søndag 18.september

Grottetur i Dumdalsgrottene Dette er ein familietur, og me køyrer i privatbilar frå Almenningen kl. 08:30 over Sognefjellet til Dumdalen, der me vil vera om lag kl. 10:15. Dei neste fire timane skal me bruka på å utforska tre av grottene i området og sjå på det frodige plantelivet i Dumdalen, som ligg i Breheimen nasjonalpark. Ein må ha løyve til å besøka grottene, og det har Sogndal Turlag skaffa til denne dagen. Me når den første grotta etter ein halv times gange frå bilane. Retur same veg, og me vil vera tilbake ved bilane ca. kl. 15:30. NB: Ta med hovudlykt (eller anna lykt), hjelm og klede som tåler å verta

skitne. Kart: Turkart Jotunheimen Vest eller 10064 Lom i Norge-serien. Turleiarar er Marte Kviberg (907 88 354) og Niels Pontoppidan (920 78 720). Tur 23: November/desember

Skitur til Vangsen (1757 moh.) Me køyrer med privatbilar frå Almenningen kl. 08:30 til Myri i Jostedalen. Herifrå går me på ski opp til Vanndalsvatnet og derifrå til toppen av Vangsen. Dette frittliggande fjellet har god utsikt i alle retningar. Retur ned att i Vanndalen. Turen er middels tung til tung. Kart: Turkartet for Luster eller 10063 Jostedalen i Norge-serien. Turleiar: Louis Anda (480 52 760).

Fotokonkurranse: #sogndalturlag

13


15.juni: Eidet Frammøte på ekspressbåtkaia i Sogndal. Turen går inn mot Eidet. På denne turen vert det høve til å trena på kameratredning.

Onsdagspadling Frammøte kl. 18:00

I Sogndal finst det ikkje noko padleklubb, så Sogndal Turlag tilbyr fellesturar på nokre onsdagar i den lyse årstida. Møt opp på første onsdagen: 15.juni, og vis di interesse for felles kajakkpadling i Sogndal! Kanskje kan ein få til fleire grupper og fleire felles padleturar utover sommaren. Padleturleiar frå turlaget er Marino J. Ask (900 89 570). Alle padleturane er kl. 18:00 på frammøtestaden. Ta kontakt med Marino for eventuell samkøyring.

DNT ung Sogndal Foto: Espen Bruun.

22. juni: Eikjastrondi Frammøte ved Luster Turlag sitt kajakknaust på Eikjastrondi. Her kan dei som ikkje har kajakk låna kajakk denne dagen (så langt det rekk) og vera med fleire på tur! Me padlar langs strendene mot Solvorn. 17. august: Haugaviki Frammøte på Fimreite. Viss me har vind og vêr med oss tek me turen til Haugaviki og gjer strandhogg der. 24. august: Fjærlandsfjorden Frammøte på ferjekaia i Fjærland. Me padlar utover Fjærlandsfjorden. Vêr, vind og form avgjer kor langt det blir før me snur. Vera med i UNG-gruppe? Dersom du er mellom 13 og 26 år og har lyst til å vera med på å bestemma kva aktivitetar me skal gjennomføra, så ta kontakt med Anette Olsen på tlf. 918 84 870! Søndag 7. februar: Kom Deg Ut-dagen Oppmøte ved SIL-hytta i Hodlekve kl. 10:30. Me går på toppturski til Kambafjell, om det er sol og gode tilhøve går me vidare til Blåfjell. Her tek me ein god matpause, før me renner nedover. Då satsar me på flott pudderføre som det ofte er her. Kart: Sogndal 10055 i Norge-serien Ansvarleg for tur og opplegg: Espen Bruun (995 10 666).

14


Ein sprek gjeng om lag midt i klatrestien: Via Ferrata Loen. Foto: Arnt Flatmo.

Laurdag 5. til søndag 6. mars: Overnattingstur til Fivla Me møtest på Almenningen / Lægreidsplassen kl. 12:00 på laurdag. Felles transport vert ordna til Vigdalen der me går ifrå. Me brukar 2-3 timar i roleg tempo på turen opp til hytta. Der lagar me felles middag og reknar med ein sosial kveld. Søndag vert det skitur eller skileik ved hytta. Me satsar på at det vert høve til å testa actionkamera på turen. Du må ha med sovepose, godt med varme klede, niste til turen opp og mat til frukost og niste på sundag. Kart: Turkartet for Luster eller 10055 Sogndal i Norge-serien. Turleiar og ansvarleg for tur og opplegg: Anette Olsen (918 84 870). Laurdag 27.- til søndag 28. august: Sognefjellshytta – Skogadalsbøen – Vetti Avreise i buss frå Skysstasjonen i Sogndal kl. 08:30. Me stattar turen i høgfjellsterreng frå Sognefjellshytta, og går ned VetleUtladalen til Skogadalsbøen. Her får me god mat og planlegg ei kjekk samling på laurdagskvelden med overnatting på DNThytta Skogadalsbøen. På søndag går turen

vidare forbi Vettismorki, Vetti og ned til parkeringa i Utladalen. Returtransport vert organisert herifrå. Dette vert ein fellestur for UNG-gruppene i Sogn og Fjordane. Påmelding og ei moderat deltakaravgift. Kart: Turkartet for Luster eller 10056 Bygdin i Norge-serien Turleiar og ansvarleg for tur og opplegg: Espen Bruun (995 10 666). Laurdag 17. til søndag 18. september: Surfing på Stadt Denne turen går i samarbeid med Stadt Surfing. Me leiger utstyr og dyktige instruktørar som viser oss korleis me kan leika i bølgjene. Eit fellesarrangement med fleire UNG-turlag i fylket. Påmelding innan 3. september. Det vert ei moderat deltakaravgift. Ansvarleg for tur og opplegg: Espen Bruun (995 10 666). Andre turar kan bli organisert! Me vil også prøva å få til turar med høve til å prøva padling i elv og/eller i fjord, terrengsykling og via ferrata. Følg med på Sogndal Turlag/Sogndal Turlag si UNG-side på Facebook for nærare informasjon.

15


Barnas Turlag Leikanger Søndag 1. februar: Kom Deg Ut-dagen vinteren med vinterleik på Kleppa Bål og anna tilrettelegging ved gapahuken oppom skihytta. Me tenner bål for pølsesviing og legg til rette for enkel skileik. Opplegget er gratis og ope for alle. Kontaktperson: er Torbjørn Hasund (930 04 685). Søndag 13. mars: Familieskitur til Damefall på Kleppa Me går opp frå parkeringsplassen på Kleppa i fellesskap. Speidarane på Leikanger har overnatta ved Damefall frå dagen før, og vil ta i mot oss der oppe. Kontaktperson: Anders W. Yri (466 60 542). Laurdag 9. – søndag 10. april: Overnattingstur til Målsetehytta på Vikafjellet Overnattingstur frå laurdag til søndag. Me har brukt hytta før, og det har vore kjempetriveleg! Då har det vore haust, nå er det vårvinter og me tek turen på ski. Kontaktperson: Christian E. Pettersen (476 39 165). Søndag 24. april: Oppdagingstur til Hallandsberget på Leikanger Triveleg vårtur til Hallandsberget som ligg ovanfor Leite på Leikanger. Her ligg det godt til rette for leik og oppdaging ute i naturen. Kontaktperson: Christian E. Pettersen (476 39 165).

16

Søndag 29. mai: Natursti på Leikanger Naturstien vert laga til ein stad på Leikanger. Kvar vert bestemt når det nærmar seg. Kontaktperson: Christian E. Pettersen (476 39 165). Laurdag 2. – søndag 3. juli: Fisketur på Fjærlandsetevatnet Me legg opp til å køyra inn i Njøsadalen. Me set dette opp som ein overnattingstur i første omgang, men tek avgjerdsle på om vi tek dette som dagstur ut frå vertilhøva når det nærmar seg. Kontaktperson: Sindre Ramung (976 82 499). Søndag 7. august: Tur til Anestølen Tur som kan passa for alle. For dei som vil trilla barnevogna inn og stoppa der. Og for dei som vil gå vidare inn i fjellheimen. Har de born i ulike aldrar og med ulike ynske er dette ein fin tur. Kontaktperson: Sindre Ramung (976 82 499). Laurdag 10. – søndag 11. september: Overnattingstur til Nørdstedalseter Koselig familietur til denne betente DNT-hytta. Me køyrer heilt fram til hytta. Herifrå kan ein gå korte eller langre turar. Kontaktperson: Sindre Ramung (466 60 542). Søndag 16. oktober: Tur til Lustrabadet Denne turen har me teke fleire gonger.


Adventstur med Barnas Turlag til Hauståkernakken. Foto: Rita Bjelde.

Denne gongen tenkjer me å kombinera det med ein enkel tur i nærområdet til Gaupne. Kontaktperson: Anders W. Yri (466 60 542). 27. november: Spanande lommelykttur på Leikanger Tradisjonsturen vår. Me merkjer ei rute med refleks, tek med oss lommelykter og hovudlykter, og tek ein spanande tur i skogen. Du skal ikkje sjå vekk frå at det vert råd å svi ei pølse på eit bål og. Kontaktperson: Torbjørn Hasund (930 04 685). Turane vert nærare kunngjorde og skildra på vår facebookside og gjennom plakatar på Prix, Kiwi og barnehagane på Leikanger.

Turposten på toppen av Nuken er eit populært mål for mange! Foto: Anne Skaar.

17


Barnas Turlag Sogndal Søndag 7. februar: Kom Deg Ut-dag i Hodlekve I samarbeid med speidargruppa i Sogndal markerer me den nasjonale Kom Deg Ut-dagen i Rindabotn i Hodlekve! Det vert ulike naturstiar og aktivitetsløyper. Speidargruppa stiller med varme bålpanner, så det vert høve til å grilla (hugs bålmat). Barnas Turlag spanderer fastelavnbollar og saft til alle som deltek denne dagen. Tilhaldsstaden vår finn de ved parkeringa i Rindabotn. Arrangementet går frå kl. 11:00 – 13:30, men de vel sjølv når de vil koma og kor lenge de ynskjer å vera med. Opplegget er gratis og ope for alle. Det vil seia at ein ikkje treng vera medlem i Speideren, Den Norske Turistforening eller Barnas Turlag for å delta. Kontaktpersonar: Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 716 84). Søndag 13. mars: Familieskitur i Hodlekve Følg med på nettsida vår eller på Facebook for meir informasjon om oppmøtestad, tid og turopplegg som er avhengig av vêr og skiføre. Turleiarar: Ane Kristiansen Solbraa (909 53 275) og Vegard Vereide (915 80 573). Søndag 1. mai: Seljefløytetur Flugheimshaugen – Slakken Triveleg vårtur med spikking av seljefløyte. Ta med kniv! Oppmøte kl. 10:30 ved starten av den nye vegen til Statnett sin trafostasjon på Slakkafjellet, midt mellom Skjeldestad og Lerheim. Turleiar: Lars Helge Flugheim (907 27 449).

18

Søndag 29. mai: Fugletur Stedje – Ospehaugen Me tek turen opp i skogen ved Ospehaugen for å sjå og lytta etter fuglar. I Noreg har me åtte hakkespettartar, og er me heldige kan me finna fleire av dei på Ospehaugen. Kanskje har me hellet med oss og får sjå ein av verdas mest sjeldsynte hakkespettar: kvitryggspetten? Ta gjerne med kikkert om du har ein. Oppmøte ved Stedje Barnehage kl. 09:00 (då har fuglane vore oppe lenge allereie...). Turleiarar: Dag Endre Stedje (416 38 340) og John Anton Gladsø (482 25 890). Søndag 12. juni: Rundtur Åberge – Hylsete – Tjørrdalen – Åberge Ein fin og sentrumsnær rundtur. Dei som ynskjer ein kortare tur kan t.d. returnera ned att frå Hylsete same veg som me går opp, eller ev. forlengja turen vidare til Bjedlastølen/Årvollsåsen. Oppmøte på Åberge kl.10:30. Då det er lite med parkering på Åberge, oppmodar me dei som har høve til det om å gå opp dit. Det er t.d. bra med parkering på Røvhaugane. Møt på Åberge i litt god tid, så har me også høve til å «samkøyra litt skyssing» av bilar til parkeringar lenger nede. Turleiar: Kjell Vidar Johansen (959 44 517). Søndag 21. august: Familietur frå Fretland til Krakksete Dette er ein fin tur i Sogndalsdalen. Møt på Fretland kl. 10:30. Dei som har eldre born, og som ynskjer det, kan ev. forlenge turen opp til Tylderingen. Turleiar: Gunnvig Fretland Hodlekve (415 53 385). Søndag 4. september: Kom Deg Ut-dag til Stedjeåsen Bli med på haustens nasjonale Kom Deg Ut-dag! Møt ved Stedje barnehage kl.


Barnas Turlag Sogndal 10-årsjubileum

10:30. Det vert quizløype på vegen opp, samt natursti der me har mapausa vår. Sjå meir info på nettsida vår, på Facebook eller annonse i Sogn Avis. Turleiarar: Liv Norunn Hamre (975 71 684) og Rita Bjelde (970 30 882). Søndag 18. september: Fisketur for dei eldste borna i Barnas turlag Denne søndagen arrangerer me i samarbeid med Sogndal jeger- og sportsfiskarlag tur for born frå og med 9 år. Me går ein tur inn til eit fjellvatn og fiskar der. Ta med fiskestong! Følg med på Facebook og annonse i Sogn Avis for nærare informasjon om kvar turen går, oppmøtestad og tid. Kontaktperson: John Anton Gladsø (482 25 890). Søndag 25. september: Rundtur England – Imesdal – Ølnesstølen – England Fin rundtur frå garden England på Ølnes. Me går frå England til Imesdal (ny turpost), og ned att om Ølnesstølen. Her er det

god utsikt mot Hafslo og vidare innover fjellheimen. Turen går på sti og traktorveg. Parkering ved garden England. Turstart kl. 10:30. Turleiarar: Liv Norunn Hamre (975 71 684) og Rita Bjelde (970 30 882). November: Spanande hovudlykttur I samarbeid med Speidaren i Sogndal, arrangerer me spanande hovudlykttur i nærområdet her i Sogndal. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis for meir informasjon om dato og turopplegg. Turleiarar: Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684). Desember: Koseleg adventstur Bruk ein dag i adventstida til ei triveleg familiehending. Følg med på nettsida vår, på Facebook eller i Sogn Avis, for meir informasjon om turopplegget. Turleiarar: Rita Bjelde (970 30 882) og Liv Norunn Hamre (975 71 684).

19


INFORMASJON

Turpostane i Sogndal Sogndal Turlag har 19 turpostar som ligg nær Sogndal sentrum og i Sogndalsdalen i tillegg til Flatbrehytta i Fjærland. Til alle turpostane går det skilta og merkte stiar. Du finn skildring av turane i eige turhefte og på DNT sin turapp UT.no. Turane er graderte med farge grønt, blått, raudt eller svart etter kor krevjande dei er.

Sesongen er i hovudsak 15. mai – 31. oktober. Informasjon om turpostane ligg på Sogndal Turlag si heimeside. Premiering 0-6 år: Minst fem turar på minst tre ulike stader. Born i skulealder, 1.-7. klasse: Minst sju turar på minst fem ulike stader.

Deltaking Turhefte med omtale av turane kjem til sals på Intersport Sogndal. Heftet fungerer også som klyppekort for registrering av turane.

Vaksne og born frå 8. klasse: Minst ti turar på minst sju ulike stader, gradert til raudt. Ein følgjer den aldersklassen ein tilhøyrer ved sesongoppstart.

TURANE

Prisar: Born Vaksne Medlem Sogndal Turlag/ DNT kr. 100,- kr. 150,ikkje-medlem kr. 150,- kr. 200,-

Lever inn ferdig utfylte deltakarbøker innan sesongen er omme til Intersport Sogndal, og ein får fine premiar til turbruk!

1. Stedjeberget 2. Flot 3. Olavskjelda 4. Sauradn 5. Lem 6. Laugi 7. Bjellastølen 8. Nuken 9. Jeiskedalen 10. Stedjeåsen

11. Slakkafjellet/Svartaberg 12. Togga 13. Grøssete 14. Tylderingen 15. Imesdal 16. Hesteggi 17. Helgasete 18. Solvornnipa/Vardafjell 19. Flatbrehytta (ligg i Fjærland) 13

12 6

14

3

15

8

17 4

7 2 11

16 10

9 1

5

Ut på tur? -Klart du kan!!

20

Skrivargarden AS - www.printfarm.no

18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.