
5 minute read
skjåk almenning
from På fisketur i Skjåk
Med eit fiskekort kan du fiske i over 200 vatn og 250 km elv i Skjåk.
Skjåk Almenning er den største private eigedomen i landet og utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. Det er aure i fjellvatna, med unntak av Røyetjønn på grensa mot Lesja, der det er røye. I Ottavassdraget er det også harr i nedre del.
Advertisement
Skjåk har lange tradisjonar for fiskekultivering, og det er sett ut aure i dei fleste vatn opp til 1650 moh. Det er lite eller ingen naturleg rekruttering i mange av fjellvatna våre, og derfor vert det kvart år vert det sett ut fleire tusen fiskeyngel.
Fiskeperiode
Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioden berre varar nokre veker. Den beste perioden for høgfjellsfiske er derfor i juli og august. Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april–mai.
Det er forbod mot å bruke levande eller daud fisk som agn på grunn av faren for å spreie ørekyte og andre artar.
Her tilrår vi nokre av dei finaste lengre fisketurane i Breheimen nasjonalpark i Skjåk.
Helgetur i Tundradalen
Tundra i Tundradalen er flott for stong og flugefiske. Elva blir betre jo lenger innover du kjem! Du kan leige Skjåk Almenning si Grønstorrbu.
Går du opp vest for Grønstorrbu, kjem du til Storgrovtjønn. Det ligg fleire interessante vatn innover fjellplatået.
Helgetur i Lundadalen
Med utgangspunkt i Sauhytta i Lundadalen, kan du fiske i elva og Lundadalsvatnet.
Skjøli i Lundadalen er ei fin fiskeelv etter du kjem opp på Yste Reset og innover til Lundadalsvatnet. Lundadalsvatnet har eit særs godt fiske i utløpsosen og i indre delar av vatnet.

Her tilrår vi nokre av dei finaste lengre fisketurane i Reinheimen nasjonalpark i Skjåk.
Helgetur nord for Aursjoen
Med utgangspunkt frå Sveinbu i indre Lordalen, kan fiske deg rundt ei av dei finaste rutene i Skjåkfjellet.
Vi tilrår at du tek ein rundtur på nokre av desse vatna: Meborotjønn, Røyetjønn, Bobergtjønn, Såvarhaugtjønn, Åflottjønn, Mjølakolotjønn og Kroketetjønn. Det er fin fisk i området.
Rundtur aust for Torsvatnet
Flott område for ein lengre fisketur på 3–5 dagar i høgfjellsterreng. Du kan leige Tverråhytta, Storvassbue eller Skarvedalshytta.
Vi tilrår at du legg inn nokre av desse vatna på turen: elva Spongi, Flatvatnet, Bollvatnet, Dørtjønnen og Spongvatna. Viss du går mot Skarvedalen, kan du fiske i Langvatnet i Langevasslågån, Blåbergtjønn, Rognbergtjønn og mindre vatn i Skarvedalen. Snittvekt på fisken er 300–800 g.

Fjellfiske med garn, oter og stong
Skjåk Almenning er grunneigar og sel fiskekort som gjeld for over 200 vatn og 250 km elv. Fiskekortet gjeld også private elvestrekningar i Skjåk. Du kan fiske med garn, oter og stong. Du fiskar gratis med stong i Skjåk opp til 20 års alder.
Kjøp fiskekort
Skjåk Almenning i Bismo: 61 21 39 00
Opningstid: 08.00–15.30 på kvardagar
E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Nettside: www.skjak-almenning.no
• Internett: www.inatur.no
• Mobil og kredittkort: www.inatur.no
• Skjåk samvirkelag
• Skjåk Turistheim i Bismo
• Statoil Bismo
• Lien sykkel og sport i Bismo
• Skjåk turistinformasjon i Bismo
• Furuly Camping ved Dønfoss
• Bruvoll Coop på Dønfoss
• Dønfoss camping
• Sota Sæter
• Kiosk Heggebottvatn
• Pollfoss Gjestehus
• Skjåk Sæter på Nysetra
• Øyberg sæter på Nysetra
• Grotli hotell
• Skjåk hytteservice på Grotli
• Fjell og Fritid i Lom
• Sport 1 i Lom
Skjåk Almenning hytter
Skjåk Almenning har 13 enkle buer i fjellet, og 3 hytter i dalane nær vassdrag og bilveg. I villreinjakta frå 20. august og 3 veker, er hyttene prioritert for jegerar.
På mange vatn er det båt. Du kan leige buer, hytter og båt med garn. Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard. Standard utstyr er vedomn med tørkerist, 3-bluss gassapparat, dekkety og bestikk, kjelesett og vaskeutstyr. Dei fleste buene har 5 soveplassar.
Leige hytte
• Skjåk Almenning i Bismo 61 21 39 00
• Internett: www.inatur.no og søk på Skjåk
Buer i fjellet
Frå Aursjoen: Storhøhytta, Aursjobu, Sveinbu
Frå Billingen: Skarvedalsbu, Storvassbu, Tverråhytta
Frå Hamsevika: Grønvassbu, Kvitberghytta
Frå Pollfoss: Glitterbu og Rauddalsbu
Frå Sota: Sottjønnbu
Frå Dønfoss: Grønstorrbu i Tundradalen
Frå Skjåk: Sauhytta i Lundadalen
Hytter i dalane
Heggjeåsaga i Billingsdalen
Liabu ved Sota
Legerhytta i Breiddalen
Garnfiske i Skjåk Almenning
Også utanbygds kan fiske med garn i Skjåk Almenning. Ver nøye med å sette deg inn i reglar for antall garn og maskevidder for dei ulike vatna.
Du kan fiske med oter i alle vatn og elver i Skjåk Fjellvatn med lite stein og lite bukter og odder, er best egna. I juli når insekta vaknar i fjellet, tek flugefisket seg kraftig opp. Viss du kan gå langs land utan å lage for mykje lyd, og det er oterbris, aukar sjansa for fisk. Oterbris er svak vind som lager små, tette bølgar.
Stong
Ofte er det beste fisket etter auren like etter isgang. Og da er mark, sluk eller wobler best. Oterbris er som skapt for fiske med dupp og markkrok. Spinnar- og flugefisket tek over utover sommaren. Ved plutselig værskifte, særlig etter lang tid med stabilt vær, kan auren verte heilt vill.
Slukfiske etter aure over halvkiloen er ofte best med litt vind på overflata. Det er ofte best med større sluker på over 10 gram i større vatn. Når det er stille og i mindre vatn og i elv, er det betre å bruke lettare reiskap.
Verkeleg stor aure kan du ofte ta med sildeliknande slukar som Stingsilda, Møresilda eller wobler. Prøv sluk i forskjellig storleik.
Aura Flake var kåra til beste sluk i 2011 i Villmarksliv for fiske etter aure. Deretter kom Møreungen kobbar/grøn/raud og Sølvkrokens spesial blank m/røde prikkar.
Spinnarar er gode aurefangerar. Fisker du i vatn som har mykje små aure eller aure under 0,3 kg, bør du velje spinnar framfor sluk.
Vibrax Hot Pepper vart kåra til beste spinnar i 2012 i Villmarksliv for fiske etter aure. Deretter kom Mepps Aglia. Kobber ser ut til å vere sikrast, særleg saman med raude prikker.
Flugefiske internett stad www.visitjotunheimen.com
I Ottaelva er det ein rik insektfauna noko som gjev grunnlag for eit godt imitasjonsfiske. Vårfluger dominerer dietten til aure i mange av vatna som Ottaelva renn gjennom. På vårparten, oftast i april kan det i området Pollvatnet-Heggjebottvatnet vere gode klekkingar av steinfluger og ein del vakaktivitet.
I periodar med mykje kaldt smeltevatn finn auren det meste av næringa langs botn. Da kan du med fordel bruke fortynga fluger og synkeline for å kome ned til fisken. Vatnet har mykje oppløyste partiklar og synsrekkevidda til fisken blir tilsvarande redusert. I desse periodane kan streamere og større nymfer fungere bra.
I periodar med varmare vær er det insektklekking, og auren blir enklare å finne høgare i vatnet. Utover i siste del av juni og juli er det normalt klekkingar av døgnfluger. I denne perioden kan ein ha godt tørrflugefiske i Ottaelva.
Når det er lite brevatn vår og haust er Ottaelva glasklar og kan by på godt visuelt fiske med tørrfluger og nymfer.
Du bør velje utstyr som taklar ein del vind om du legg turen til fjells. Tilsvarande kan det vera greitt med ei litt kraftigare stang i delar av Ottaelva om det er stor vassføring og mykje strøm.
Bøstugu i Bismo
Norsk Fjellmuseum i Lom www.skjak-almenning.no Bismo internett gjeilocamping.no www.storoya.com www.lsadventure.no www.bispencamping.no www.skeidkro.no www.skeidkro.no www.nigardflakoy.blogspot.no www.furulycamp.no www.donfosscamping.no www.pollfoss.com www.skjaaksaeter.no www.grotli.no www.sotaseter.turistforeningen.no www.skjak-almenning.no
Overnattingservering
Hytte/camping
Hytte/camping
Hytte/camping
Hytte/camping
Hytte/rom/camp-servering
Servering
Hytte
Hytte/camping
Hytte/camping
Rom-servering
Hytte/rom/camp-servering
Rom-servering
Hytte/rom-servering
Hytter i fjellet fiskeutstyr stad
Lien Sykkel og Sport Bismo
Sport 1 Lom Lom
Fjell og fritid Lom