8 minute read

14 grønvatnet

Next Article
Skjåk Nordvest

Skjåk Nordvest

Grønvatnet: 1273 moh. – 3,1 km 2

Avstand: 11 km stig/terreng og 350 m stigning – 4 t

Advertisement

Køyr Rv.15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Følg DNT -rute 3,9 km mot Danskehytta til stigkryss med rute frå Grotli. Gå i terrenget på austsida av Viksvatnet, gjennom Skrådalen og Vulustrupen fram til Grønvassbu.

Skjåk Almenning har utleige av Grønvassbu og båt, motor og garn. Hytta er 21 m 2 og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Grønvatnet og Brusebotnvatnet vart ført vestover til kraftproduksjon i Tafjord i 1968. Grønvatnet har reguleringshøgde 17 m. Vatnet er djupt med bratte strandsonar med unntak av i søraust og nordenden mot Brusebotn.

Prøvefiske 2004 : Aure i god kondisjon og middels tett bestand. Også ein del mindre fisk. Auren er raud i kjøtet. Det er lite gyting og det vert sett ut fisk i Grønvatnet. Det vert fiska med garn på Grønvatnet.

Du kan til tider få særs gode fangster på stong i søre og austre delar av Grønvatnet.

Du kan planlegge fisketur nedover Vuludalen, eller etter DNT -ruta opp til Simlevatn og Styggedalsvatn.

Kjerringtjønn: 1139 moh. – 0,2 km 2

Avstand: 1,6 km stig og 225 m stigning – 1 time

Køyr Rv.15 til Grotli, og gamle Geirangervegen som går parallelt med Rv.15 i 2,4 km til Kjerringelva. Parker langs vegen. Følg merka stig til Kjerringtjønn.

Kjerringtjønnene er fleire små samanhengande tjønner, som har fleire viker og øyer. Her kan du prøve fisken i alle tjønner.

Det er mange teltplassar ved vatnet, og staden høver godt for ein familietur.

Kjerringtjønn er eit fint vatn for fiske med stong. Den største tjønna har mykje småfisk, men det kan vere større fisk på dei mindre tjønnene, særleg den inste tjønna. Det er vanskelegare å bruke oter på grunn av mange oddar og øyer.

Det har vore fiska noko med garn på tjønnene. Sidan Kjerringtjønn har mange viker, er det lett å dra ut garn frå land.

16 Hamsedalen

Hamsedalen 2.vatn: 992 moh. – 0,6 km 2

Hamsedalen 3.vatn: 992 moh. – 0,4 km 2

Viatjønn: 1022 moh. – 0,3 km 2

Avstand: 3,2 km stig og 87 m stigning – 1 time

Køyr Rv.15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Gå opp hyttevegen på vestsida av Hamsa, og følg delvis merka stig i 3 km innover Hamsedalen til 2.vatn.

Det er 5 km vidare innover Hamsedalen til Kvitberghytta som ligg 0,8 km nordvest for Viatjønn.

Skjåk Almenning har utleige av Kvitberghytta med båt og garn på Viatjønn og Fremste Viavatn. Hytta er 20 m 2 , og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Du kan få fin fisk på alle vatn i Hamsedalen. Storleiken passar til god matfisk.

Det blir fiska med garn i vatna. Vestsida av 2.vatn og 3.vatn er fint for oterfiske. Elles er vatna og Hamsa fine for stongfiske.

Fremste Viavatn: 1001 moh. – 2,9 km 2

Kolbeinsvatn: 1126 moh. – 3,1 km 2

Flatvatn: 1017 moh. – 0,2 km 2

Avstand: 8,6 km stig/terreng, 130 m stigning – 2,5 t

Køyr Rv.15 13,2 km forbi Grotli og Rv 63 Geiranger vegen mot til høyre 4,2 km og parker. Følg traktorvegen opp til Kolbeinsvatnet og ned i Vien. Ved Fremste Viavatn går du i terrenget 0,7 km opp mot aust til Hamsedalen og Kvitberghytta.

Skjåk Almenning har utleige av Kvitberghytta og båt på Viatjønn i Hamsedalen og Fremste Viavatn i Vien. Hytta er 20 m 2 , og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Største målte djup er 76 m, og middeldjupet er 24 m på Viavatna. Fremste Viavatn har reguleringshøgde 1,5 m. Kolbeinsvatnet har reguleringshøgde 9,4 m.

Den naturlege rekrutteringa er god i Fremste Viavatn. Kolbeinsvatnet er avhengig av utsatt fisk. Det er skjoldkreps i Fremste Viavatn, og fisken er raud i kjøtet.

Fiskebestanden er småvaksen i Viavatn og Kolbeinsvatn. Begge vatn egner seg godt for garnfiske. Kolbeinsvatnet kan bli seint isfritt.

Flatvatnet og andre mindre vatn i Vien, egner seg godt til oter- og stongfiske.

18. Heillstuguvatnet

19. Mårådalen

20. Åfottjønn

21. Glittervatnet med Glitterbu

22. Søverdalen

23. Liavatnet med Liabu og Sota Sæter

24. Røykjeskålen og Mysubytta med Slæom

25. Tverrådalen

Heillstuguvatnet: 1003 moh. – 0,9 km 2

Avstand: 40,5 km i bil frå Bismo – 45 min

Køyr Rv.15 til Grotli, og Rv258, GamleStrynefjellsvegen, om lag 3 km til Heillstuguvatnet.

Skjåk Almenning har båt til utleige ved Heill stuguvatnet.

Heillstuguvatnet ligg langs gamle Strynefjellsvegen. Vatnet er brepåvirka og tidvis svært uklart. Det er skjoldkreps i vatnet, og fisken er raud i kjøtet.

Gytetilhøva er gode i Heillstuguvatnet, og dennaturlege rekruttering er vurdert til å vere stor. Prøvefiske 2010 viste at det var middels tett fiskebestand. Noko fisk hadde normalt god kondisjon, medan mindre fisk var slank.

Storleiken på fisken ligg i gjennomsnitt oppunder 200 gram.

Heillstuguvatn er eit garnfiskevatn. Men på bak sida eller søraustre side, er det fine forhold for å dra oter. Viss du skal fiske med stong, bør du fiske på baksida i området der Åffotgrove og Pallgrove renn ut i vatnet, og i innløpsosen og utløpsosen.

19 Mårådalen

Nedre Mårådalstjønn: 1085 moh. – 0,2 km 2

Midtre Mårådalstjønn: 1157 moh. – 0,3 km 2

Avstand: 3,0 km stig og 30 m høgdeforskjell – 1 time

Køyr Rv.15 til Grotli, og køyr Gamle Strynefjellsvegen til venstre mot sør. Køyr Gamle Strynefjellsvegen 8,8 km og parker. Gå stikkvegen 300 m og på god, men umerka stig innover Mårådalen på vestsida av elva.

Mårådalstjønnene er sterkt brepåvirka i godt vær. Det er lite naturleg rekruttering av fisk. Det vert sett ut fisk.

Mårådalstjønnene er fine vatn også for stongfiske. Fisken har ein storleik på 0,1– 0,6 kg.

Måråi ned til Heillstuguvatn er ei fin fiskeelv for stongfiske, men med store variasjonar i fangsten avhengig av mengda av breslam i vatnet.

Du kan også prøve fisken vidare innover Strynefjellet langs vegen på Vassvendtjønnen og Langvatnet. Vatnet kan også her vere sterkt brepåvirka i godt vær.

20 Åfåttjønnene

Austre Åfåttjønn: 1257 moh. - 0,2 km 2

Vestre Åfåttjønn: 1273 moh. – 0,2 km 2

Avstand: 2,0 km stig og 260 m stigning – 1 time

Køyr Rv.15 til Grotli, og gamle Strynefjellsvegen 3 km opp til osen på Heillstuguvatn. Gå på hengebru over Måråi og følg umerka stig opp langs Åfåtgrove til Åfåttjønn.

Dei to Åfåttjønnene er om lag like store. Austre Åfåttjønn har viker og øyer og renn ned i Heimdalsvatnet, medan Vestre Åfåttjønn renn ned i Heillstuguvatnet. Fisken er raud i kjøtet og det har vore teke fisk på 1 kg i tjønnene i løpet av dei seinare åra.

Åfåttjønnene passar bra for stongfiske, og du kan få aure i fleire storleiker. Det har vore teke fin fisk på stong i vestenden av vestre Åfåttjønn.

Dersom du har med barn, bør du også prøve fisken i Palltjønn på Mårådalsbenken. Her er det mykje fisk, men fisken er liten. Du går bort til Palltjønn på ein dryg halvtime.

Eit anna alternativ er Huguvardtjønn, ein dryg halvtime mot aust.

21 Glittervatnet

Glittervatnet: 1185 moh. – 2,0 km 2

Avstand: 3,3 km stig og 460 m stigning – 1,5 t

Køyr av Rv.15 til venstre rett før Pollfoss hotell. Køyr grusvegen til høyre etter 650 m, og køyr 3,7 km til Botn seter og parker. Følg merka stig til Glitterbu.

Skjåk Almenning har utleige av Glitterbu og båt på Glittervatnet. Hytta er 24 m² medrekna yttergang, og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Dei siste åra har det vore for mykje fisk i vatnet. På garn ligg fangsten på 4 fisk på kiloen, men fisken kan vere slank. I innløpsosen har det vore teke stor fisk på stong dei seinare åra. Det er skjoldkreps i vatnet, og fisken er raud i kjøtet.

Det blir fiska med garn på Glittervatnet. Det er fint å dra oter over ei lang strekning på sørsida av vatnet. Viss du vil fiske med stong, kan du få fin fangst der bekken frå Huguvardtjønn renn inn i vatnet og i utløpet til Glitra.

Andre fiskevatn i fin turavstand: Blankåtjønn og Huguvardtjønn. Blankåtjønn høver bra for stong- og oterfiske.

22 Søverdalen

Nedre Søvertjønn: 1298 moh. – 0,7 km 2

Indre Søvertjønn: 1374 moh. – 0,3 km 2

Søverbandtjønn: 1488 moh. – 0,3 km 2

Avstand: 4 km stig og 570 m stigning – 2,0 timar

Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og om lag 19 km mot Sota. Bomveg frå Bråtå. Når du ser brua over Ostri ved Liavassosen, kan du parkere. Gå over brua og følg søre sida av Søvra til fjells.

Det er 5 Søvertjønner, der Nedre Søvertjønn er størst. I det midtre av dei tre Indre Søvertjønnene går det av og til snøras som dreper fisken. Den inste tjønna heiter Søverbandtjønn.

Det blir sett ut fisk i Søverdalen.

Det er fin storleik på fisken, du kan få stor fisk på over 1 kg i alle vatn med unntak av det nordre av dei tre Indre Søvertjønnene, der fisken er mindre.

Det vert fiska med garn på alle vatna, men mest på Nedre Søvertjønn og Indre Søvertjønn. Nedre Søvertjønn er også eit fint vatn for oterfiske på nordsida. Indre Søvertjønn og Søverbandtjønn egnar seg for stongfiske.

Du kan kombinere fisketuren med tur over til Sekken, 1,5 time frå Søverbandtjønn. På turen kan du fiske i Sotgrovtjønn.

Liavatnet: 733 moh. – 2,6 km 2

Veslvatnet: 733 moh. 0,4 km 2

Avstand: 38 km i bil frå Bismo – 1 time

Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Sota seter er ei betjent DNThytte med 86 senger.

Skjåk Almenning har utleige av Liabu og båt på Liavatnet. Hytta er 15 m 2 og har 4 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Du kan bruke motorbåt på Liavatnet. Liabu ligg 2,0 km før du kjem til Sota seter. Avkøyring 150 m mot Liavatnet.

Skjåk Almenning har gapahuk og båt på Langodden. Langodden ligg 3,5 km før du kjem til Sota seter. Avkøyring 250 m ned til Liavatnet.

Liavatnet er sterkt prega av brevatn frå Breheimen. Mykje småfisk, men det fins også større fisk i vatnet. Auren er ljos raud i kjøtet. Det vert drive aktivt kultiveringsfiske i Liavatnet, og prøvefiske i 2012 viste ei klar forbetring i k-faktoren.

Liavassosen og djupåra mellom vatna er fine områder for stongfiske.

Det vert fiska med garn på Liavatnet. Baksida av Liavatnet nedanfor Svaet, er rasområde vinterstid, og du kan få mykje kvist i garna.

24 Mysubytta og Røykjeskålen

Røykjeskålsvatnet: 774 moh. – 0,2 km 2

Mysubyttvatnet: 1048 moh. – 0,5 km 2

Mysubytta: 774–1048 moh. – 8 km

Avstand: 44 km i bil frå Bismo – 1 time

Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr vidare neste bomveg 6 km til Mysubytta og parker. Det går god stig langs Røykjeskålen mellom Sota og Mysubytta, 5 km. Det går

DNT -rute Mysubytta-Slæom 9 km.

Slæom er ein DNT -hytte med sjølvhushald og har 20 senger. Slæom ligg 1,3 km innafor Mysubyttvatnet.

Stilla og Røykjeskålsvatnet er ei utviding av elva. Lausmassetransporten av breslam i Mysubytta er særleg stor på varme dagar, og fargar vatnet turkis.

Røykjeskålsvatnet og Mysubytta egner seg for stongfiske. Men det blir også fiska med garn i vatna.

Det er fleire fine fiskeplassar oppover Mysubytta. Du kan få ein del småfisk, men også fisk på halvkiloen er mogleg å få. Frå setrene på Mysubytta kan du fortsette innover Mysubyttdalen langs elva og inn til Mysubyttvatnet.

Nedre Tverrådalstjønn: 1265 moh. – 0,1 km 2

Øvre Tverrådalstjønn: 1268 moh. – 0,3 km 2

Avstand: 5,5 km stig og 520 m stigning – 2,5 timar

Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg DNT -ruta mot Nørdstedalsseter via Fortundalsbreen. Etter 4 km, tar du av frå DNT -ruta, og går inn umerka stig i Tverrådalen mot sørvest.

Lausmassetransporten av breslam frå Kollebreen er særleg stor på varme dagar. Vatnet er farga turkis. Det vert sett ut fisk i Tverrådalen. Tverrådalstjønn er garnfiskevatn.

Ta ein rundtur rundt på småtjønnene på Røykjeskålshø. Dei egnar seg for stongfiske. Tjønna lengst mot Mysubyttdalen har fin fisk. Ein slik rundtur går du på 2 timar.

This article is from: