
4 minute read
ottaelva i skjåk
from På fisketur i Skjåk
32.
33.
Advertisement
35.
Ottaelva: 364 moh. – lengde 6 km
Avstand: 8 km i bil – 10 min
Køyr Rv.15 Frå Bismo mot aust 6,8 km til Åndstad, og Fv483 til brua over Ottaelva. På sørsida av elva går ein grusveg 1 km langs elva.
Området er ein utviding av Ottaelva mellom Marlosbrua og Tronoddbrua i Lom. Du kan fiske på 6 km strekning til grense mot Lom på fiskekort for Skjåk. Vatnet aust for Risheimsøya heiter Skim.

Det er fine områder for fiske på nedsida av dei vestre øyene og langs Ramstadstrond. Fiske er best ved låg vasstand i april-juni og seint på hausten. Fisken står ofte i djupåra. Området egnar seg for stongfiske. Fine områder for flugefiske.
Området er grunt med ei djupåre. Det er kjent for å ha godt fiske i vestenda. I flom er det godt fiske ved bekkeutløp der vatnet er klart. Ved låg vasstand, kan ein ofte sjå fisken i vatnet. Det gjer fisket spanande.
Det vandrar mykje stor aure mellom Skim og Ottaelva, og nokre av desse er 1–1,5 kg. Det er også mykje harr på denne strekninga, og gode høve for å få harr på over 40 cm.
Du kan bruke motorbåt på vatnet. Vi oppfordrar fiskarar til å vere varsame med å ta ut mange store aurar.
31 Ottaelva Marlo – Dønfoss
Ottaelva: 364–440 moh. – lengde 24 km
Det går vegar på begge sidene av Ottaelva mellom Marlo og Dønfoss.
Ottaelva renn 71 km gjennom Skjåk frå Djupvatnet ved Geirangervegen til Skim. Nedbørsfeltet er dobbelt så stort som for Gudbrandsdalslågen, slik at vasstanden kan endre seg kraftig på kort tid. Vatnet kjem frå Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar i Skjåk. Breslam frå dei store breane i Breheimen fargar vatnet turkis.
Aure og harr. Harren går sjeldan forbi Ofossen. Det er lettast å få stor aure tidleg på året i april og mai, og ved Marlo når aure går på gytevandring oppover elva utover hausten. Det kan også vere godt fiske ved midtsommar ved låg vasstand. Elva egnar seg for stongfiske med sluk, spinner, fluge eller mark.

Midtiberget i Ofossen er ein god stad for flugefiske. Det same gjeld ovanfor Ofossen der elva renn roleg.
Harsheimhølen var tidlegare kjent som den beste fiskeplassen i elva.
Ved Bokkodden ligg ein stor fin høl nedanfor brua. Ovanfor brua renn eit interessant sideløp ved passeleg vassføring.
Søtilhølen ved Nordberg Kyrkje er ein fin høl.
32 Heggebottvatnet
Heggebottvatnet: 576 moh. – 0,5 km 2
Avstand: 14,5 km i bil frå Bismo – 15 min.
Køyr Rv.15 til Heggebottdammen 4,5 km vest for Dønfoss. Parker ved dammen.
Skjåk Almenning har utleige av Heggjeåsaga og båt på Heggebottvatnet. Hytta er ca. 25 m² og har 6 sengeplassar. Skilt opphaldsrom, kjøkken og soverom. Hytta ligg ved Rv.15 på nordsida av vatnet.
Etter utbygging av Øyberget kraftverk i 2005, er vasstanden auka med 4 m, med mindre endringar over døgnet. Heggebottvatnet har same høgde som Fredriksvatn ved fullt magasin. Fredriksvatn er ei utviding av elva frå Fosstugubrua til Pollvatnet.
Vatnet er ei utviding av Ottaelva og grunt, med unnatak for øvre del. Heggebottvatnet er prega av sterk gjennomstrøyming av Ottaelva og kaldt brepåvirka vatn. Vatnet er næringsfattig, og vegetasjonen er furuskog.

Fiskebestanden var småvaksen men middels tett og med god kondisjon i prøvefiske 2003. Det har vore godt fiske med betre fiskestorleik etter at vatnet ble kraftmagasin.
Området Heggebottvatnet-Pollvatnet har sportsfiskesone med særskilte regler. Du er mest uforstyrra viss du fisker langs sørsida av vatnet.
Pollvatnet: 570 moh. – 1,1 km 2
Avstand: 23 km i bil frå Bismo – 20 min
Køyr av Rv.15 til venstre rett før Pollfoss mot Framruste. Køyr 0,7 km og parker. Du kan også parkere langs Rv.15, køyre ned på Pollodden ved Pollmoen eller køyre rundt vatnet til Pollsæter.
Skjåk Almenning har ein gapahuk på Pollodden. Pollvatnet minner om ei stille elv som renn gjennom eit delta. Det er breslammet frå Breheimen som gjennom åra har fylt opp Pollvatnet og forma det til eit vatn med mange kanalar og ein poll. Lausmassetransporten er stor, og breslammet fargar vatnet turkis.
Det er sportsfiskesone i vatnet med særskilte regler. Botnen er jamn på grunn av lausmassetransporten av grus, sand og breslam. Når det ikkje er flom renn elva stille gjennom området. Det er fin sand- og grusbotn for vading.
Auren er ikkje særleg raud i kjøtet i brefarga vatn. Fisken er ljos i skinnet og mønsteret er utydeleg når han står over ljos elvebotn eller symjar fritt i slikt vatn. Næringa til fisken er insekt og insektlarvar.
Du bør fiske frå Pollfossen og rundt Pollodden. Dette stykket av elva er 1,4 km og elva renn stille i eit breitt løp. Det er også bra fiske der Framruste og Glitra renn ut i Ottaelva, eller på Polløya.

Grotlivatnet: 863 moh. – 0,7 km 2
Avstand: 1,3 km stig og 42 m nedover – 15 min
Køyr Rv.15 til Grotli og parker. Gå over Rv.15 og følg merka stig ned til båtplass ved Grotlivatnet.
Det står ein gapahuk ved båtplassen. Skjåk Almenning leiger ut båten som ligg på båtplassen.
Grotlivatn er prega av sterk gjennomstrøyming av Ottaelva og kaldt brepåvirka vatn frå Måråi. Vatnet er næringsfattig, og vegetasjonen er bjørkeskog.
Fisken er småvaksen, men fiskebestanden er middels tett og med god kondisjon. Etter overføring av Breiddalsvatnet til Rauddalen i 2008, er vassmengda og gyting redusert.

Ottaelva mellom Grotlivatn og Heimdalsvatn er svært fiskerik av mindre aure. Elva har dobbelt løp og fine kulpar. Dette er ein flott plass for barn med fiskestong.
Der er ofte godt fiske ved utløpet av vatnet. Det blir fiska med garn og oter frå båt, og stong i vatnet og elva ned til Heimdalsvatn.
35 Breiddalsvatnet
Breiddalsvatnet: 900 moh. – 6,9 km 2
Avstand: 37,5 km i bil frå Bismo – 40 min
Køyr Rv.15 og parker ved Grotli, langs Rv.15 eller du kan leige Lægerhytta.
Skjåk Almenning har utleige av Lægerhytta og båt med garn på Nedre Lægervatn. Hytta har to soverom med 8 senger, og er aktuell for barnefamiliar. Skjåk Almenning har båt til leige på Breiddalsvatnet.
Breiddalsvatnet er magasin for Framruste kraftverk med reguleringshøgde 13 m. Tidleg på året er det stor strandsone med steingrunn. Vatnet når relativt tidleg naturleg vasstand. Vegetasjonen er prega av bjørk og dvergbjørk.
Største målte djup er 45 m. Det er slake strandsoner, med unntak av sørveste del.
Vatnet har ein middels stor fiskebestand. Fisken er raud i kjøtet. Det er linsekreps i vatnet. På sørsida av vatnet, har Skjåk Almenning bygd ein gapahuk, der du kan kvile eller lage til fisken din.

Breiddalsvatnet er eit garnfiskevatn. Men det er eit godt vatn for sportsfiske på ettersommaren og spesielt etter varme periodar.
Du kan bruke motorbåt på Breiddalsvatnet.