3 minute read

Skjåk sørfjellet

Next Article
14 grønvatnet

14 grønvatnet

26. Sottjønn med Sottjønnbu

Advertisement

27. Tundradalen med Grønstorrbu og

SJF Haukberghytta

28. Storgrovtjønn med Grønstorrbu

29. Lundadalen med Sauhytta, Heimste Lundadalsseter og Ytste Lundadalsseter

Inste Sottjønn: 1464 moh. – 0,8 km 2

Framste Sottjønn: 1461 moh. – 0,3 km 2

Avstand: 5,1 km stig og 730 m stigning – 2,5 timar

Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg DNT -merka stig mot Nørdstedalsseter opp til terrenget flatar ut på 1340 moh. Gå frå stigen rett aust mot søre Sothogget, langs Framste Sottjønn, over tunga mellom Sotjønnene og fram til Sottjønnbu.

Sottjønnbu har 4 senger. Hytta har båt med garn. Inste Sottjønn er grunt på aust- og sørsida med mykje stein og blokkar i vatnet. Framste Sottjønn er grunt på austsida.

Det vert sett ut fisk på Sotjønnene. Storleiken på fisken er frå 250 g og oppover. Auren har god kondisjon og er raud i kjøtet.

Det kan vere vanskeleg å få fisk på stong. Vestsida av Inste Sottjønn er bra for oterfiske. Det blir fiska med garn på Sotjønnene.

Nedre Tundradalstjønn: 1171 moh. – 0,1 km 2

Øvre Tundradalstjønn: 1191 moh. – 0,04 km 2

Tundra: 900–1150 moh. – lengde 11 km

Avstand: 8,4 km stig og 225 m stigning – 2,5 timar

Køyr Rv.15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 meter før Dønfoss tar Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 9 km til Tundradalssetra og parker. Gå over Tundra på bru til vestsida og følg stigen innover til Grønstorrbu.

Grønstorrbu er 20 m 2 , og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open.

Lausmassetransporten av breslam frå Ytre Gjelåe er særleg stor på varme dagar, og fargar Tundra turkis. Tundradalstjønnene er ikkje påverka av breslam.

Fisken har god kondisjon. Det går også stor fisk i Tundradalstjønnene og Tundra.

Både Nedre Tundradalstjønn og Tundra ovanfor Ytre Gjelåe er fine områder for fiske med stong. Men også i Tundra nedstrøms Ytre Gjelåe når det ikkje er for varmt i været.

28 Storgrovtjønn

Austre Storgrovtjønn: 1484 moh. – 0,2 km 2

Vestre Storgrovtjønn: 1520 moh. – 0,3 km 2

Grønstorrgrovtjønn: 1515 moh. – 0,2 km 2

Avstand: 11 km stig/terreng, 615 m stigning – 4 timar

Køyr Rv.15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 meter før Dønfoss tar Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 9 km til Tundradalssetra og parker. Gå over Tundra på bru til vestsida og følg stigen innover til Grønstorrbu.

Grønstorrbu er 20 m 2 , og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.

Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open.

Det er ikkje naturleg rekruttering. Det blir sett ut fisk i tjønnene.

Det Vestre Storgrovtjønn er størst og egner seg best for fiske. Grønstorrgrovtjønn og Austre Storgrovtjønn er grunnare. Alle tre tjønnene egnar seg for stongfiske.

Det er fleire vatn innover med fisk: Kollungstjønn, Storsteintjønn og Skauttjønnene.

29 Lundadalsvatnet

Lundadalsvatnet: 1149 moh. – 1,8 km 2

Skjøli: 1070–1149 moh. – lengde 8 km

Avstand: 12,5 km stig og 379 m stigning – 3,5 timar

Køyr Rv.15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundegrendi etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta Lundadalsvegen til venstre etter 2,1 km. Følg Lundadalsvegen 6,6 km til Lundadalssætre og parker. Bomveg. Følg DNT -rute og god umerka stig til vatnet.

Skjåk Almenning har utleige av Sauhytta og båt med garn på Lundadalsvatnet. Hytta er 21 m 2 , og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Det er 3,5 km god stig til Lundadalsvatnet.

M.H. Forberg har setrer på Heimste og Ytste Lundadalssætre til utleige.

Lundadalsvatnet er 5 km langt og smalt. Vatnet og elva fører mykje breslam i varmt vær. Det blir sett ut fisk av og til for å supplere varierande naturleg rekruttering i Lundadalsvatnet. Middels god vekst. I Skjøli er fiskebestanden best i dei øvre delar.

Utløpsosen på Lundadalsvatnet er kjent for å gje bra fangstar på stong. Det er vanleg å få aure på 2–300 gram, og fisk på halvkiloen er ikkje sjeldan. Det er fine fiskeplassar ved Salhusøyene og elles i elva Skjøli når denne ikkje er flaumstor. Det vert fiska med garn i Lundadalsvatnet. Oterfiske kan også ta gode fangstar.

Du kan bruke motorbåt etter søknad til vernemynde i god tid.

This article is from: