
1 minute read
36 lægervatnet
from På fisketur i Skjåk
Søre Lægervatnet: 919 moh. – 0,4 km 2

Advertisement
Nørdre Lægervatnet: 922 moh. – 0,3 km 2
Istjønn: 1266 moh. – 0,2 km 2
Oppljostjønn: 1166 moh. – 0,1 km 2
Avstand: 48,2 km i bil frå Bismo – 50 min
Køyr Rv.15 til Grotli og 10,0 km vidare. Ta av stikkveg til høgre opp på gamle Geirangervegen og følg denne 0,5 km mot vest til Lægerhytta.
Skjåk Almenning har utleige av Lægerhytta og båt med garn på Søre Lægervatn. Hytta har to soverom med åtte senger, og er aktuell for barnefamiliar.
Vatna har lite vegetasjon kring seg. Det er ikkje naturleg rekruttering av fisk på Istjønn og Oppljostjønn. Det blir fiska med stong, oter og garn på Søre og
Nørdre Lægervatn, og for det meste stong og oter på Istjønn og Oppljostjønn.
Nørdre og Søre Lægervatn passar godt for barnefamiliar, fordi det er mykje små fisk. Det er best fiske på Nørdre Lægervatn. På Istjønn og Oppljostjønn opp mot Langevassegga, er fisken frå 0,2 kg og oppover.