ROLLER I UTVAL: 2013 Mor i Shockheaded Peter av Crouch/ McDermott 2009 Unn Vibeke Hol i Evig ung av Erik Gedeon 2003 Mens hjula står av Oskar Braaten 1996 Ho i Nokon kjem til å komme av Jon Fosse 1993 Nasse Nøff i Ole Brumm av A.A. Milne 1990 Elisabeth Proctor i Hexejakt av Arthur Miller 1986 Yvette i Mor Courage av Bertolt Brecht 1981 Petrine i Ungen av Oskar Braaten 1975 Julie i Romeo og Julie av Shakespeare
seg sjølv, at det er det som hindra henne i å kjenne kjærleik. Eg lurar på kvifor det vart slik, kva dette tomrommet består i, kva som har gjort at Vivian har blitt den ho har blitt. – Kva er det som gjer at vi blir dei vi er? – Sjølv ser eg ofte på meg sjølv som eit ekko av generasjonane før meg. I ein gitt situasjon kan eg ta meg i å tenke: Var det bestemor frå Trondheim som handla gjennom meg no? Det er så mange faktorar som er med på å smi oss, og veldig mange av dei veit vi jo ingenting om, det er usynleg bagasje, som likevel er med på å styre oss sjølve og barna våre. Ein gong på 70-talet møtte eg ein buddhist som forkynte at ein måtte ta ungane frå foreldra før dei vart øydelagde. Det var jo ekstremt, sjølvsagt, men seier jo noko om kor prega ein er av opphavet sitt. – Kor finn du inspirasjon i arbeidet ditt? – I skodespelararbeidet leitar eg både i det
EG GÅR ALDRI DEN SAME VEGEN FRÅ GARDEROBEN TIL SCENEN SOM DAGEN FØR
som er heilt framandt, og i mi eiga historie. Barndommen er ein plass eg ofte kjem tilbake til, og eg finn ting eg nyttar når eg skapar ein karakter. Eg vaks opp i ein familie med fire barn og opne dører. Hos oss var det lov med rot og kaos, samtidig som foreldra mine var sterke personlegdommar med høge moralske standardar. Far var overlege på røntgenavdelinga på Ullevål, og mor var pianist. Eg vaks opp under flygelet hennar som || VÅR 2015 ||
stod på kjøkkenet. Der, og inne på rommet mitt, dikta eg og fantaserte eg. Eg har alltid tenkt mykje, vore ein grublar. Eg er takksam for at eg fekk lov til å vere litt annleis og kanskje rar i barndommen, og at det var greitt når eg av og til ikkje ville bli med ut å leike, fordi eg ville tenke i staden. Foreldra mine lét meg vere alt eg var: speloppmakar, men samstundes sky og sjenert, utagerande og veldig sint med raseriutbrot når det var slik. Det er pussig, men eg føler at eg blir meir og meir meg sjølv med tida. Eg kjem nærmare den eg var som barn, niåringen i meg, tida før rollespelet byrja. I løpet av livet tar ein på seg ulike roller: kjærasterolla, morsrolla, dotterrolla, yrkesrolla, den rolla som representerer livet ein lever. Og som skodespelar spelar ein sjølvsagt roller oppå rolla. Det å vere skodespelar er eit evig detektivarbeid og forskingsarbeid, der ein grev i det framande og i si eiga historie og stadig avdekker nye, overraskande ting. 17