Repertoarmagasin Våren 2015 - Det Norske Teatret

Page 1

Svein Tindberg

Jakta på den djupare meininga

Ane Dahl Torp

BAKTEPPET

I ny Brecht-rolle som Mor Courage

Agnes Ravatn Endeleg til teateret

Gjertrud Jynge

Ei ubehageleg slektshistorie

Vår 2015 Repertoarmagasin

Frank Kjosås er Sweeney Todd. Les om skodespelarens forhold til publikum, regissørar, talent og hardt arbeid


premierar:

BRAND

LUCKY HAPPINESS GOLDEN EXPRESS

I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE

GJENDIKTING TIL NYNORSK Edvard Hoem

AV Noah Haidle

AV Bernard-Marie Koltès

OMARBEIDING AV MANUS:

OMSETJING: Margunn Vikingstad

OMSETJING: Sylfest Lomheim

Kjetil Bang-Hansen PREMIERE 9. januar på Hovudscenen Korleis kan ein tolke Brand som ein idealist i eit sekularisert Noreg? Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-­Hansen konsentrerer seg igjen om tema knytte til det å tru. Men denne gongen møter vi ei tru så sterk at ho grensar til – eller blir til –­­fanatisme. Brand ofrar alt han er glad i, i den tru at det er for ei større sak. Er det ­mogleg å lese denne karakteren som noko anna enn ein fanatikar i dag?

NOREGSPREMIERE 23. januar på Scene 3

PREMIERE 20. februar på Scene 2

Kan det hende at sjølve illusjonen om lykka er med på å gjere oss meir ulykkelege? Faren i ein ganske vanleg mellomklassefamilie har fått slag. Dei to døtrene veit ikkje kva dei skal gjere, korleis dei skal takle at mannen dei elska og hata, plutseleg ikkje er tilgjengeleg lenger. Mora, som drog frå mann og barn for mange år sidan, dukkar opp på sjukehuset. Dei prøver å tilgi kvarandre, prøver å snakke ­saman, komme nærare kvarandre. Vere familie. Men det er vanskeleg.

Det er noko mystisk ved denne underlege sceneteksten av den franske teaterlegenden Bernard-­ Marie Koltès. Han var ein av dei mest særeigne røystene innanfor europeisk ­samtidsdramatikk. Tekstane hans handlar ofte om utanforskap, og er gjerne fulle av lyrikk og dramatisk spenning, men vanskelege å forklare. Slik er det også med dette stykket, som blir sett i scene av Tormod ­Carlsen (KHiO) og Heidi Dalene (HiOf), som med dette gjer sin master i regi og scenografi.

RYTMAR FRÅ VERDSROMMET

MOR COURAGE OG BARNA HENNAR

VI SOM FØLER ANNLEIS

AV Carl Morten Amundsen og

AV Bertolt Brecht

INSPIRERT AV Øivind Eckhoffs bok

Peter Baden

OMSETJING: Arnljot Eggen

AV Carl Johan Karlson og ensemblet

URPREMIERE 16. januar på Scene 2

PREMIERE 13. februar på Hovudscenen

URPREMIERE 21. februar på Scene 3

Heftige rytmar, overjordisk spenning og ei kul heltinne er ingrediensane i vårens astronomiske teateroppleving for barn. Vi er i eit land der rytmar er forbodne, berre einstonig musikk er tillaten. Dei som sit med makta, er livredde for å miste kontrollen. Med musikk veit ein jo aldri, ein kan bli bergtatt, kan begynne å danse, improvisere, tøyse, sleppe laus kjenslene. Alt dette og meir til skjer i denne visuelle teaterleiken der bilde og rytmar tar heilt av.

Krig og profitt er tema når Ane Dahl Torp gyv laus på nok ei stor Brecht-­ rolle i front for eit ungt ensemble på Hovudscenen. Som Shen Te i Det gode mennesket frå Sezuan fekk ho Heddaprisen i 2012, og innsatsen blei omtala som den beste sceneprestasjonen hennar nokon gong. Som Mor Courage kjempar ho for at både ho og barna skal overleve under den blodige trettiårskrigen som herja Mellom-Europa i første halvdelen av 1600-talet. Black metal-gitaristen Teloch (Morten Bergeton Iversen) vil gi lyd til krigens gru. Det blir brutalt og støyande. Nett som krigen sjølv.

Kor frigjorde er vi i 2015? I 1957 vart Øivind Eckhoff ein pioner innafor den norske homorørsla då han gav ut opplysingsboka Vi som føler annerledes under pseudonymet Finn Grodal. På den tida var homoseksualitet enno straffbart. No vender vi tilbake til ­denne klassikaren og spør kvifor homsar framleis blir sveitte når dei skal fortelje det til mamma, kvifor dei får juling i skulegarden og enno har seg i parkar.

AV Henrik Ibsen

2

|| VÅR 2015 ||

BU BETRE AV Charlotte Munksø, Line Mørkeby og Trine Wisbech OMSETJING: Runa Kvalsund PREMIERE 14. mars på Scene 3 Blir vi lykkelegare av ein vakker heim? BO BEDRE er Nordens største interiørmagasin og har i fleire tiår inspirert og realisert husdraumar over heile Skandinavia. Det danske teaterkompaniet Mungo Park har gjort stor suksess i Danmark med framsyninga der dei har grave djupt i årgangane med magasin. Med ironisk snert og lun humor går dei laus på heimen vår og sjølve fenomenet å bu betre og spør seg kvifor vi aldri gir opp håpet om ein gong å kunne ha det endå litt betre.

SWEENEY TODD MUSIKK OG SONGTEKSTAR: Stephen Sondheim MANUS: Hugh Wheeler OMSETJING: Ragnar Hovland PREMIERE 20. mars på Hovudscenen I Sweeney Todd får “glattbarbert” ei heilt ny meining. Frank Kjosås, Silya Nymoen og Charlotte Frogner står i spissen for vårens oppsetjing av denne galgenhumoristiske musikalen. Sjeldan har ein musikalkarakter gått så hand­gripeleg og barbarisk til verks for å hemne, som den bloddryppande barberaren Sweeney Todd. Når han har avretta kundane sine, lagar Mrs. Lovett dei vedunderlegaste paiar av dei – og forretninga blomstrar.


i repertoar:

FUGLETRIBUNALET AV Agnes Ravatn DRAMATISERING VED:

Ingrid Weme

Nilsen URPREMIERE 21. mars på Scene 2

Det Norske Teatret tek Agnes Ravatns suksessroman til scenen. TV-kjendisen Allis Hagtorn flyktar frå byen etter ein pinleg kjærleiksskandale med påfølgjande offentleg skittentøyvask. Ho tar på seg å stelle for ein framand mann som bur svært einsleg til. Men det enkle, reine livet i pakt med naturen viser seg å vere mykje meir komplisert enn ho hadde trudd, og ho viklar seg inn i eit farleg drama.

IVAR AASEN OG DET NORSKE

BRØRNE LØVEHJARTE

KALVØ

AV Astrid Lindgren

AV OG MED Are Kalvø

AV Ingrid Weme Nilsen

DRAMATISERING: Svein Sturla Hungnes

REGISSØR: Erik Ulfsby

5. og 10. mai på Scene 3 Korleis hadde livet i Noreg i 2015 vore, om Ivar Aasen ikkje hadde gitt oss eit nytt språk å bale med? Ein ung, energisk Aasen full av planar og ambisjonar sit på eit hotellrom. Han prøver å formulere sitt livsprosjekt i ein søknad som han håpar skal skaffe han pengar til gjennomføring. Han har fleire moglege vegar å gå, og er enno ikkje heilt sikker på om det er botanikken eller grammatikken som skal bli prosjektet.

OMSETJING: Maria Tryti Vennerød

Frå 9. januar på Scene 2 / ­Hovudscenen Are Kalvøs solodebut handlar om kva vi nytter tida vår til. Han har saumfare tala i Statistisk Sentral­byrås tids­bruksundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker ­utruleg mykje tid på. Han nyttar skamlaust eksempel frå eige liv og oppvekst, frå venner, kvardags­ menneske, ­politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar.

FRÅ 2. januar på Hovudscenen

Eventyr, søskenkjærleik og mot er tema i Astrid Lindgrens klassikar på Hovudscenen. Den udødelege historia om dei to brørne som ofrar alt for kvarandre, blir levandegjord på scenen med musikk, lys, video, klangar og metervis med flagrande silkestoff. I eventyrlandet Nangijala blir dei to dregne inn i ei i spennande historie som ikkje berre går føre seg rundt leirbålet om kveldane, men som òg utspelar seg i all si gru på dei mørkaste og skumlaste stadene ein kan tenkje seg.

FRÅ LANDEVEGEN

HAMLET

HAUGTUSSA

AV OG MED Gjertrud Jynge

AV William Shakespeare

AV Arne Garborg

URPREMIERE 17. april på Scene 3

OMSETJING: Edvard Hoem

MANUS: Ane Dahl Torp

Gjertrud Jynges tippoldefar Jakob Walnum, soknepresten i Leikanger, skipa i 1897 Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet. Det var ein sosial misjon som skulle «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem de hadde forlatt». Under mottoet «berger du barna, berger du slekten» ville han «rykke det onde opp med roten» gjennom arbeids­leirar for vaksne og barne­ heimar for barn. Gjennom tekst, song og bilde ønskjer Gjertrud Jynge å sjå på dette mørke kapitellet i hennar og vår nære historie.

FRÅ 2. januar på Scene 2

MUSIKK: Sjur Miljeteig

Når den danske prinsen ikkje får lov til å sørgje over sin døde far, rasar alt saman rundt han. Kva er skodespel, og kva er sant? Kven er Hamlet? Er vi alle Hamlet? I husregissør Peer Perez Øians versjon av det kjende skodespelet ber alle den same maska; andletet til Hamlet – eller skodespelar Marie Blokhus. Rollene blandar seg, som i eit mareritt. Er alt saman berre falsk røyndom og rollespel, berre teater?

Frå 13. januar på Scene 3 Haugtussa er ei intens og lyrisk forteljing om kjærleik og lengt. Om det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Ane Dahl Torp har klipt og limt i Arne Garborgs tekst. Ektemannen og komponisten Sjur Miljeteig har laga ny musikk til. Resultatet har blitt eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen og opnar diktverket for nye generasjonar.

|| VÅR 2015 ||

3


i repertoar:

BAKTEPPET SHOCKHEADED PETER AV Julian Crouch og Phelim McDermott ORIGINALMUSIKK: Martin Jaques/

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

Tiger Lillies

AV Mark Haddon

OMSETJING: Are Kalvø

DRAMATISERT AV Simon Stevens

FRÅ 17. januar på Hovudscenen

OMSETJING: Jon Fosse

I Shockheaded Peter får trassige barn straff som fortent. Dette er noko så uvanleg som ein barnemusikal for vaksne – eit mørkt og makabert univers der det går riktig ille for barn som ikkje gjer som foreldra seier. Framsyninga fekk Komiprisen som Årets sceneforestilling 2014, i tillegg til at Vidar Magnussen har fått både Komiprisen og Heddaprisen for hovudrolla i stykket.

FRÅ 11. februar på Scene 3 Når Christopher bestemmer seg for å etterforske drapet på hunden til naboen, kjem han på sporet av sanninga om sin eigen familie. Mark Haddons bestseljarroman frå 2003 om ein litt annleis gut på jakt etter den som tok livet av nabohunden, er blitt gripande teater og ein publikumssuksess over heile Europa – no også her heime. «Dette er teater du bør få sett», skreiv Dagbladet etter premieren for eitt år sidan.

REPERTOARMAGASIN

VÅR 2015 A N SVA R L E G U TG J E VA R D E T N O R S K E T E AT R E T, E R I K U L F S BY

gjestespel:

R E D A K TØ R IDA MICHAELSEN I REDAKSJONEN C A R L M O R T E N A M U N D S E N , O L A E . B Ø, I N G R I D W E M E N I L S E N , M A R I M O E N , Å S N E D A H L TO R P R E D A K S J O N E N AVS L U T TA 1 8 . D E S E M B E R REDAKSJONSADRESSE D E T N O R S K E T E AT R E T, K R I S T I A N I VS G AT E 8 , 0 1 6 4 O S LO DESIGN BRETTEL REKLAME AS TRYKK GRØSET OPPLAG 25 000 F R A M S I D E F OTO S I R E N H ØY L A N D S Æ T E R SPONSORAR

BILLETTBESTILLING K J Ø P B I L L E T T PÅ D E T N O R S K E T E AT R E T. N O E L L E R PÅ T L F. 2 2 4 2 4 3 4 4 . O P N I N G S T I D E R B I L L E T T-T E L E F O N : M Å N . : 1 0 . 0 0 – 1 7. 0 0 T YS . - F R E . : 1 0 . 0 0 – 1 9 . 0 0 L AU R : 1 1 . 0 0 – 1 7. 0 0 OPNINGSTIDER BILLETTLUKA: EKSPEDERING I FOAJEEN FRÅ KL. 11.00 MÅN. – LAUR G I E I T E AT E R G ÅV E K J Ø P G ÅV E KO R T PÅ D E T N O R S K E T E AT R E T. N O E L L E R I B I L L E T T L U K A .

STORT OG STYGT AV Olaug Nilssen FRÅ 24. januar på Scene 2

Olaug Nilssens stykke skildrar med sårheit, varme – og ikkje minst humor – kor angstfylt og lite glamorøst det kan vere å vente barn eller å ha små barn. Det handlar også om korleis barnet ein set til verda, ikkje alltid oppfyller forventningane foreldra har. «Om ikke Olaug Nilssen allerede spilles på all verdens scener, kommer hun til å bli det med Stort og stygt», skreiv Aftenpostens kritikar etter premieren i 2012.

4

FÅ T E AT E R I N F O M E L D D E G PÅ N Y H E I T S B R E V E T VÅ R T ! D E T N O R S K E T E AT R E T. N O

72 PROSENT NORMAL AV Kristin Grue FRÅ 9. januar på Scene 3 – Gjestespel

frå Teater Ibsen Ærleg og humoristisk om det å vekse opp med eit søsken som har ei funksjonshemming. Kristin Grue voks opp med ein bror som trong meir omtanke enn henne. No har ho laga ei soloframsyning som med mykje humor og varme tar opp tema som normalitet, det å vere annleis og forventningane hos dei som lever i lag med dei. Framsyninga er direkte på ein måte som gjer stoffet tilgjengeleg for alle. For kva vil det eigentleg seie å vere «normal»?

|| VÅR 2015 ||

PA R K E R I N G S E N T R U M P - H U S , I N N KØY R I N G V E D M U N C H S G AT E O G HAMMERSBORGTUNNELEN (RING 1). PA R K E R I N G F O R F U N K S J O N S H E M M A V I S - À-V I S N A S J O N A LG A L L E R I E T I U N I V E R S I T E T S G ATA . F Ø LG O S S

FA C E B O O K .C O M / D E T N O R S K E T E AT R E T T W I T T E R : @ D E T N O R S K E T E AT R E I N S TA G R A M : D E T N O R S K E T E AT R E T S C A N Q R - KO D E N FOR MER INFORMASJON OG BILLETTBESTILLING


HIT – MEN OGSÅ DIT? DET NORSKE TEATRET ligg i sentrum av Oslo. Vil du sjå oss, må du komme hit. Og det vil vi jo at du skal. Det er alltid kjekt å komme til eit teaterhus. Det er gjerne litt høgtid over det. Men vi skjønar jo at det ikkje er like lett for alle å ta turen. Bur du utanfor Oslo, kan det kjennast langt hit. I føremålsparagrafen står det at Det Norske Teatret skal spele teater på norsk mål i bygd og by. Denne målsetjinga innfrir vi ofte, og det er mange rundt om i landet som har fått tatt del i store og fine opplevingar i regi av Det Norske Teatret. Vi er sjølvsagt stolte av å komme ut til publikum elles i landet, ikkje berre trekkje publikum til oss her i Oslo. Og no har vi store ambisjonar. Vi syslar med tanken om å sende fleire av dei gode oppsetjingane våre ut på vegen. Rett og slett skreddarsy ein turneplan for å kunne nå ut til eit langt større publikum. Vi trur det er mykje å hente i samarbeid med dei regionale scenane og kulturhusa som reiser seg i større og mindre byar over heile landet. Vi trur og håpar at dette vil bli positivt møtt – både av publikum, av språkengasjerte og av bransjen. Det krev sjølvsagt at ­Kulturdepartementet er samd med oss og ser at vi gjennom ein slik plan vil kunne nytte dei offentlege tilskota meir effektivt og enkelt sagt få meir teater ut av kvar krone. VI SER PÅ TEATER som ein arena for samtale, debatt og refleksjon. Det er viktig å verne om det samlingspunktet eit teater representerer. Vi skal våge å stille dei store spørsmåla, utfordre dei vanskelege posisjonane, våge å ta opp ubehagelege tema. Her har vi framleis ein veg å gå. Men vi kjenner heile tida på samfunnsansvaret vårt. Det Norske Teatret har gjennom mange år løfta ulike religiøse tekstar til scenen. Sentral i dette arbeidet har vore Svein Tindberg. I vår vil du møte han som den ubøyelege Brand. Presten som ikkje ser verda anna enn i svart og kvitt. Det er enten alt eller ingenting. Han vi ser på den offentlege arenaen litt oftare enn vi likar. Teksten er viktig, han er komplisert og han skakar – slik livet også gjer. EITT AV OPPDRAGA våre er å sjå på klassikarane med dagens auge. Oppdage dei på nytt, gi dei relevans. Vi har henta inn ein gjeng modige tyskarar

som skal setje Brechts krigsdrama under lupa. Mor Courage og barna hennar var sist på repertoaret i 1986. Den gongen med Liv Ullmann i tittelrolla. No går stafettpinnen vidare til ein annan skodespelar av stort format, Ane Dahl Torp. Sist ho gav seg i kast med Brecht, resulterte det i Heddaprisen for beste rolle i Det gode mennesket frå Sezuan. Regissøren har hyra svartmetallaren Teloch til å lydleggje krigsdramaet. Krig er larmande og kaotisk. Vi er spente på resultatet.

Erik Ulfsby teatersjef

VI SYSLAR MED TANKEN OM Å SENDE FLEIRE AV DEI GODE OPP­ SETJINGANE VÅRE UT PÅ VEGEN

EIN ANNAN PERSON av det meir umoralske slaget er den knivsvingande barberaren Sweeney Todd. I kompaniskap med Mrs. Lovett lagar han Londons merkelegaste paiar i hemndramaet som i vår versjon utspelar seg i eit tivoliaktig univers. Sweeney Todd er som skapt til å lage burlesk og vanvettig komikk av. Vi kunne ikkje la sjansen gå frå oss. På Scene 2 utfordrar vi både vaksne og barn med nye moderne og ambisiøse oppsetjingar. Scene 3 har for alvor festa seg som arenaen der vi utforskar nye tekstar, nye instruktørar og nye måtar å tenkje teater på. Vi ser på publikumstala at dette er attraktivt og legg lista enda ligg høgare i 2015. Dette og meir til kan du lese om i Bakteppet. Eg har tru på at dette repertoaret vil finne gjenklang hos eit breitt og samansett publikum. Og så drøymer eg altså om at vi om ikkje altfor lenge kan sende ut fleire av dei sterke framsyningane våre til ein stad nær deg som bur utanfor Oslo. Det hadde vore fint!

I N N H A L D 8 DEN UBØYELEGE Svein Tindberg som presten Brand. 10 ALLE BARN ER HELTAR Heidi Ruud Ellingsen er vår superhelt. 12 ROMMETS RARE RYTMAR Finst det rytmar i verdsrommet? 14 VILL LATTER OG VONDSKAP Noah Haidle håpar nordmenn ikkje er så redd for smerte. 16 UNN VIBEKE HOL Sjølv etter 40 år ved teatret, ser ho fram til neste oppgåve med forventing. 18 KRIGSPROFITØREN Brecht-kjennaren Vigdis Hjort møter Ane Dahl Torp til samtale om Mor Courage.

23 LYDEN AV KRIG Teloch frå den norske svartmetallscenen ­komponerer musikken til Mor Courage.

32 FUGLEPERSPEKTIVET Agnes Ravatns kritiarroste roman ­Fugletribunalet blir teater.

24 AVTALT SPEL Korthogd forfattarportrett av Bernard-Marie Koltès.

34 MANN FOR MANGE ROLLER Frank Kjosås om arbeidet som skodespelar.

26 TRE I STARTGROPA Det Norske Teatret som læringsinstitusjon. 28 ANNLEIS – OG STOLTE Carl-Johan Karlson og Åsmund Vik om gleda over å vere annleis og om å vere homofil. Før og no. 30 RETRO MED EIN MODERNE TWIST Marta Breen om nordmenns maniske ­interiørinteresse. || VÅR 2015 ||

38 DOBLE SPENNINGAR Forteljinga er elektrisk, seier Marie Blokhus om Fugletribunalet. Ho spelar Allis, som har skjemt seg ut for heile nasjonen. 40 EI UBEHAGELEG SLEKTSHISTORIE Gjertrud Jynge ser tilbake på tippoldefarens livsverk. Han skipa «foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet» i 1897. 42 SKODESPELARAR PÅ DET NORSKE TEATRET VÅREN 2015 5


BRAND AV Henrik Ibsen GJENDIKTIG TIL NYNORSK Edvard Hoem OMARBEIDING AV MANUS Kjetil Bang-Hansen REGI Kjetil Bang-Hansen PREMIERE 9. januar på Hovudscenen. I SENTRALE ROLLER Svein Tindberg, Agnes

Kittelsen, Mads Ousdal, Britt Langlie

Kan ein forstå Brand som idealist i dagens sekulariserte Noreg?

6

|| VÅR 2015 ||


SANNINGS­ SØKJAREN Svein Tindberg tok religiøse tekstar til teaterrommet. Han ante ikkje kva for omfang det skulle få. Saman med makkeren Kjetil Bang-Hansen har han skapt ein ny sjanger. No står den ubøyelege Brand for tur. av

D

CARL MORTEN AMUNDSEN

foto

FREDRIK ARFF/YLVA CATODOTTER FYLLINGSNES

et byrja med Ordet. Kjetil Bang-Hansen og Svein Tindberg snakkar om samarbeidet dei har hatt sidan Ordet av Kaj Munk i 1991. – Vi har vel følt at ordet har fått mindre plass i teatret, og vi har kjent eit ansvar for ordet, seier regissøren. Og så har vi vore opptatt av erkjenningsdramaet eller tankedramaet. Vi har søkt noko som har rørt oss personleg. – Eg har alltid hatt kjensla av at kunsten og religionen handlar om den same lengten, jakta på den djupare meininga og samanhengen, tilføyer Tindberg. – Kanskje er det noko brandsk i det, ein lengt etter reinleik, etter heilskap. Eg og du har nokre gonger valt å gå saman ut på ei lita øy og undersøkje noko vi lurar på. Der orda sluttar, der byrjar teatret. – Vi er jo ekstremt forskjellige, men vi har hatt ei felles interesse for det som ligg på sida av det materielle, på sida av det politiske. Vi har hatt behov for å nærme oss det uforklarlege, det som har med draumar å gjere, det metafysiske eller andelege om du vil. Abrahams barn er kanskje noko anna, meir ei oppdaging av verda, utdjupar Bang-Hansen. – Og så har dette med vennskap og tillit å gjere. – Aasmund Olavsson Vinje meinte at Brand var ein komisk figur, han meinte at han umogleg kunne vere alvorleg meint: «Alt skal vere heilt. Det er fælt» Kva tenkjer de om Vinje? – For oss er det litt rart, seier Bang-Hansen. – Men Vinje leverer jo eit førsteinntrykk. Han må ha vore ein av dei aller første som las

verket, og han har sjølvsagt ikkje med seg i lesinga all den ballasta vi har 150 år seinare, etter at stykket har vore med på å forme norsk sjølvmedvit og norsk historie. Vi har vanskeleg for å sjå han som ein parodisk fyr. Men det er klart at det går an å spele han slik, dra han så langt ut i vanvit at det vert komisk. Men det er eit dikt, dette. Som kjent tenkte ikkje Ibsen heller at det skulle oppførast, og det kom opp på scenen nesten 40 år etter (1904) at det blei gjeve ut (1866). Vi ser han som ein overgang til Peer Gynt. Dei to stykka liknar mykje meir på kvarandre enn ein trur. Og dei to hovudpersonane har mykje til felles. Brand vil bli gud og Peer Gynt keisar. Det er same slags hybris. Samtalen kjem inn på den norske oppsetjingstradisjonen. Den aller første Brand var Egil Eide, Nationaltheatrets skodespelar med tilnamnet Kongen. Han var den malmfulle høvdingen, eit heroisk stykke granitt med ei røyst større enn livet. Han spelte rolla i alle Nationaltheatret sine oppsetjingar fram til 2. verdskrigen. Men sjølv om han nok var heroisk og deklamatorisk, så leita også Egil Eide etter det menneskelege ved Brand, og det er vel felles for mange av dei som har hatt rolla. Svein Tindberg synest ikkje det er vanskeleg å forstå kvifor: – Eg for min del ville synast det var temmeleg uinteressant om det kom inn ein mann på scenen som frå første stund er nett så ufyseleg som alle i salen har førestilt seg på førehand, og som så ikkje endrar seg i det heile. Og det ville vore komplett uinteressant for meg som skodespelar å spele noko slikt. Det er ikkje min jobb å vise korleis det

|| VÅR 2015 ||

7


menneske. Først skal han ut i den store verda for å forkynne sitt går. Det skal stykket gjere, og det skal Kjetil gjere. Min jobb går ut på gudssyn, men så går det ikkje mange sidene før han slår fast at vegen å vise fram Brands prosjekt. Eg veit at mange har ei oppfatning om går innover. Han har vilje til soning, til offer, til skyld. Det er kanskje Brand basert på det dei veit skal skje i stykket, at Alf døyr og at Agnes ikkje populære tema i vår tid. Brand lengtar etter det opphavlege, døyr og at alt endar i galskap på fjellet. Men ein må finne fram til alt eit fundament – ja, ein kan seie at han vil vere fundamentalist i den det som kompliserer bildet, ikkje forenklar det. Set ein seg ned og forstand at det handlar om å finne fram til Guds meining. Og det er les Brand, så finn ein fort mange vakre trekk ved idealismen hans. Vi jo i utgangspunktet ein god tanke. Men det kan jo også gå så frykteer på jakt etter eit menneske i utvikling, og der resultatet blir annleis leg gale. enn det som var tanken. Vi lever i ei tid og i eit land der førstesidene på avisene våre har vore vigde til Farmen-Martha og Farmen-Olav – Er Brand i det heile ein kristen? Harald. Det at eit menneske då reiser seg og vel å gå ein annan veg, – Ja, det kan ein godt spørje om, svarar Kjetil Bang-Hansen. – det synest eg er sympatisk. Jesus blir utruleg lite omtalt. Brand vil vere Gud, ikkje Jesus. Elles er Brand-figuren har fått mange merkelappar opp gjennom dei siste dette med viljen òg eit stort paradoks. For det er jo denne viljen som 150 åra: heroisk, tragisk, komisk/satirisk, rein natur, idealistisk, funfeller Brand. Han er i det heile ein spennande psykologisk rollefigur. damentalistisk, svak mann som vil vere sterk, og Harold Bloom kallar Ta relasjonen til Gerd, til dømes. Gerd er på same tid både speglinga han eit troll. av Brand og demonen hans. Dei kunne på eit vis vore Svein Tindberg blir engasjert: – Må han vere éin ting søsken. Begge er dei farlause, begge har dei ein sterk då? Oppgåva vår er jo å gjere det samansett. Men alle lengt etter kjærleik. Det er som om Gerd kjem over frå desse ulike merkelappane seier noko om rikdomen i HAN VIL SÅ Peer Gynt ein tur. Ho er jo eit slags troll, ei naturkraft, stoffet. INTENST, HAN og ho er også opprøret hans, isolasjonen hans. Brand – Vi vel å lese Brand ut frå vår tid samstundes som VIL BRYTE er i sin tørst etter kjærleik nærast eit dyr. Her og i Peer vi freistar å vise respekt for den tida stykket er skrive VEG, HAN Gynt er vi langt unna det realistiske teatret. På denne og for det diktaren har villa, held Kjetil Bang-Hansen VIL DRØYME tida ville Ibsen skrive som Goethe, og i Peer Gynt har fram. – Det er eit dobbeltperspektiv. Det er klart at det OG FØLGJE Ibsen fullt og heilt teke rolla som eventyrforteljar. Men er vanskeleg ikkje å få assosiasjonar til fundamentalisDRAUMEN nettopp fordi Gerd er slik ein Peer Gynt-figur har vi òg tisk religionsutøving når ein arbeider med Brand, og ein kome på sporet av andre karakterar i Brand. Futen til kan også spele han slik. Eg synest det er meir fruktbart dømes. Kanskje han òg kjem frå det same riket? For heller å sjå stykket som ein klassisk tragedie, som rørsle, Futen høyrer jo òg heime i undermedvitet til Brand, og Einar. Det er ei boge. I utgangspunktet har hovudpersonen ein lengt, ein draum ikkje tilfeldig at han dukkar opp igjen nett der Brand står på vippen. om noko og freistar å forfølgje den, og eg blir meir og meir opptatt Sjå på Einar! Sjå korleis du kjem til å bli! Men det er klart, det er av Brand som ei erkjenningsreise. Men noko av det vanskelege ved vanskeleg dette å skilje mellom det «realistiske» og det meir mytiske Brand er jo nettopp det at han tilsynelatande er så ferdig, at han alt og undermedvitne. i starten er låst. Men det finst ein innebygd dialektikk: Han vil så – Ja, for Brand er ikkje berre éin ting, det er ikkje berre realisme, intenst, han vil bryte veg, han vil drøyme og følgje draumen. Sameller draumspel eller religiøst idédrama, eller ei forteljing om fanatisstundes skal han sjå andre, ta ansvar, skape fellesskap. Konflikten i me. Det er til dømes også mykje psykologi. Eg trur ikkje eg har vore Brand ligg jo nett her. Alle kan jo kjenne seg igjen i ønsket om å vere borti ei rolle med så mykje psykologisk «mat» for meg som skodespekonsekvent, vere heil i livet, men samstundes lever vi i ein røyndom lar. Alle bilda frå oppveksten hans, all einsemda, all kjærleikslengten. der det også må vere plass til andre. Det er her Brand sviktar. Det er ei stor fagleg utfordring, desse orda; dei er skrivne med slik meisterskap. Frykteleg vanskeleg er det, og det er som om Ibsen dan– Kva er det Brand vil? sar på årene. Når det innimellom lukkast, kjenner ein ei intens lukke, Svein svarar raskt: – Det er akkurat det! For det endrar seg. Det avsluttar Svein Tindberg. er ikkje ein ting. Brand på side 1 og Brand på side 30 er to ulike 8


BRAND ER IKKJE BERRE ÉIN TING, DET ER IKKJE BERRE REALISME, ­ELLER DRAUMSPEL ELLER ­RELIGIØST IDÉDRAMA, ELLER EI FORTELJING OM FANATISME

|| VÅR 2015 ||

9


RYTMAR FRÅ VERDSROMMET AV Carl Morten Amundsen og Peter Baden REGI Audny Chris Holsen URPREMIERE 16. januar på Scene 2 I SENTRALE ROLLER Heidi Ruud Ellingsen,

Randolf Walderhaug, Marius Næss, Peter Baden Heftige rytmar, overjordisk spenning og ei kul heltinne er ingrediensane i vårens astronomiske teateroppleving for barn.

ALLE BARN ER

HELTAR Heidi Ruud Ellingsen har i løpet av dei siste åra spelt fleire sterke jenteroller for barn på Det Norske Teatret, sist i Tonje Glimmerdal. Sjølv karakteriserer ho det å spele for barn som noko av det viktigaste og mest sårbare ho gjer. av

INGRID WEME NILSEN

B

foto

SIREN HØYLAND SÆTER

arn er eit utruleg ærleg publikum! Det kjennes med ein gong viss ein ikkje får det til. Ekstra utfordrande er det å skulle framstille ein 10-åring når dei som skal sjå på sjølv er 10 år, og eg er 29. Eg har opplevd at ungar blir heilt sjokkerte når dei høyrer at eg eigentleg er ei vaksen dame. Det tar eg som eit godt teikn! – Korleis går du fram for å få det til? – Eg brukar mykje tid på det fysiske språket. Det fell meg lettare å jobbe fysisk enn verbalt, og barn er mykje meir opne og avslappa i kroppen enn vi vaksne. Barnerollene har dessutan lært meg å tore å gå lenger med intuitive impulsar. – Tar du denne lærdommen med deg ut i den verkelege verda også? – Eg trur absolutt det har påverka meg privat. Vi vaksne har så lett for å sensurere oss sjølv. Ungar har ei anarkistisk, kompromisslaus evne til å stå for det dei trur på. Det er beundringsverdig. Heidi fortel at ho er opptatt av at sjølv heltinner græt ein gong i mellom. – Den suverene helten er uinteressant. Alle har eit sårt punkt – sjølv Superman! Mot og redsle heng dessutan tett saman. Det er jo først når ein trasser redsla at ein er modig. I mine auge er alle barn superheltar. Som skodespelar kjempar Heidi med nebb og klør mot kjønnsstereotypiane. Ho fortel at ho ofte merkar ei forventning om at jenter skal vere snille og forsiktige. 10

– Eg er veldig opptatt av at karakterane skal nå ut til både gutar og jenter, og kjenner feministen i meg vakne viss eg høyrer karakteren omtalt som «søt» og «uskuldig». Eg meiner kjønnsstereotypiar i barnelitteraturen er ei fornærming mot både gutar og jenter. Barn er da like unike og komplekse individ som vaksne! – Korleis er MikkMikk i forhold til dei andre to karakterane du har jobba med dei siste åra? – Den største forskjellen er at MikkMikk lever i eit samfunn som er veldig annleis enn samfunnet rundt Tonje Glimmerdal eller Mary Lennox i Den hemmelege hagen. Men utfordringane dei står framfor er om ikkje like, så i alle fall i slekt; alle tre prøver å hjelpe vaksne som har låst seg fast i ei sorg eller ein måte å tenkje på som er i ferd med å øydelegge liva deira. Oppgåva MikkMikk prøver å løyse er enormt stor; saman med trommonauten Peik prøver ho å redde verda frå ein asteroide. Samstundes oppnår ho også å sprenge eit veldig strengt byråkratisk system som kontrollerer menneska i altfor høg grad. Alle tre barneframsyningane Heidi har spelt i dei siste åra har vore urpremierar, og Heidi fortel at ho set stor pris på å jobbe med nye tekstar. – Det gir ein eigen fridom å jobbe med noko som er nytt. Det er noko heilt anna å jobbe med Ronja eller Pippi som er så tydeleg forma frå før både i film og teater. Kanskje vil nokon av karakterane eg har jobba med bli nye klassikarar for barn? Eg håpar det! || VÅR 2015 ||


SKULLE BERRE ­HALDE EIN KONSERT…

D

a eg var liten fekk eg ikkje lov å sjå på Star Wars, dette er min hemn. Men eg tjuvkikka sjølvsagt og det er scenar der som har brent seg fast, utskyting av romskip inn i det uendelege. Fascinasjonen for verdsrommet og kunnskapen om den manglande kunnskapen om det uendelege har alltid lege der, i seinare tid har eg òg kunna observere den same fascinasjonen hos barn. Peter Baden gestikulerer og lydillustrerer med eit obskurt, lite instrument han har hengande rundt halsen. Vi har sett/høyrt han i aktivitet her på teatret før, da som musikkprodusent og komponist i Jungelboka. Men elles er han både utøvarar og komponist med lang erfaring som bakmann og produsent for mange kjende artistar. – Eg var alt i gang med eit prosjekt som kombinerte visuelle inntrykk med trommeinstrument, da Rikskonsertene for nokre år år sidan ringte meg og spurte om eg kunne tenke meg å lage ein konsert om verdsrommet. Den invitasjonen kom som bestilt, så saman med Erland Dalen og Knut Sevik tok eg det på strak arm og i løpet av tre dagar med intens jobbing hadde vi sett saman ein halvtimes program for barneskolen. Det var ganske primitivt til å begynne med, men etter kvart har vi bygd ut både utstyrssida med laser og ein masse «gadgets» og sjølve konseptet, så det har etter kvart bokstaveleg talt balla på seg. Og når eg ser denne konserten i dag er eg ganske stolt, for barna kjem etterpå med store auge og spør korleis vi får gymsalen til å fly. Med fem laserar, røykmaskin, motlys og interaksjon frå ungane, er det muleg. Handlinga er ganske enkel, ein asteroide trugar planeten Trommus, og to trommonautar får i oppdrag å redde planeten. Ved hjelp av rytmar klarer dei å få asteroiden ut av sin dødbringande kurs. I konserten, som vi til no har spelt for 70 000 barn rundt om i alle slags lokale, deltar barna aktivt. Dei skyt med laser, dei styrer romskipet, lagar lydar osv. Her på teatret blir det ei heilt anna historie, her har vi nytt manus, koreograf, instruktør, scenograf, til og med dramaturg, heile det moderne teatrets maskineri. Det blir spennande på ein heilt annan måte, men utgangspunktet er det same, fascinasjonen for det uendelege verdsrommet og det faktum at eksistensen vår er truga og at vi må gjere noko med det.

|| VÅR 2015 ||

11


RARE RYTMAR I ROMMET

Verdsrommet er ein gåtefull stad for dei fleste av oss. Og dei aller fleste av oss menneske får aldri sjansen til å studere det på nært hald. av

STIAN NILSSEN OG KINDERGARTEN MEDIA

V

i lærer mykje om rommet gjennom modige astronautar, avanserte satellittar og forskarar med svære teleskop. Men likevel har vi mange spørsmål som det ikkje er så lett å få svar på: Kor stort er verdsrommet? Går det an at det er uendeleg stort? Kor mange stjerner finst der ute? Finst det anna liv i galaksen 12

til nynorsk ved

SPRÅKKONSULENTENE AS

foto KRISTOFFER

vår? Er vi menneske heilt aleine i verdsrommet? Dersom vi tenkjer på desse spørsmåla lenge nok, trur eg vi kan klø oss i hovudet til alt håret fell av. Sidan eg trivst så godt med det håret eg har, prøver eg å tenkje på andre ting, for eksempel musikk. Men så begynner eg å tenkje på verdsrommet igjen … For eg har endå eit spørsmål: Finst det musikk der ute i verdsrommet? Finst det rytmar ein stad || VÅR 2015 ||

MYHRE

visualisering

EIRIK MALMO

der ute mellom alle stjernene og planetane? Her på jorda er det jo musikk nesten overalt! Nesten uansett kvar vi retter øyra; dei fleste av oss går ikkje ein dag utan å ha høyrt musikk eller rytmar i ei eller anna form. Det kan vere jenta som plystrar i skulegarden, koret som syng på torget, toget som tøffar taktfast forbi, eller mobiltelefonen som ringjer i lomma til han ved sida av deg


FOR I VERDSROMMET FINST DET VELDIG MYKJE SOM VI MENNESKE IKKJE KAN SJÅ ELLER HØYRE, MEN SOM VI KAN FANGE OPP DERSOM VI HAR DET RETTE UTSTYRET.

I filmen Alien får vi sjå korleis eit skikkeleg skummelt romvesen kan sjå ut, og på plakatane til filmen står det at ingen kan høyre deg skrike i rommet. Vi har ikkje sett noko som tyder på at slike romvesen finst, men det siste har dei som laga Alien, heilt rett i. Om du skulle vere så uheldig å støyte på eit slikt vesen, på ekspedisjon langt ute i verdsrommet, så ville det ikkje nytte å rope om hjelp i det heile, ikkje eingong om du kunne fylle lungene heilt og skrike så høgt at du blei heilt raud i fjeset. Stemmebanda i halsen er jo kroppen sitt eige instrument, men utan luft å setje i rørsle klarer dei ikkje å lage nokon lyd. Det gjeld også for andre kroppslege lydar. Sjå for deg dette: Du er astronaut på romstasjonen, på utsida i romdrakt for å reparere eit av solcellepanela. Dagens middag har gitt magen noko å tyggje på – og resultatet kjem i form av ein brakfis! Bortsett frå at det ikkje kjem noko brak. Berre ei svak dirring i rumpa som spreier seg i kroppen. Ein hundre prosent lydlaus fjert, altså. Men i ei astronautdrakt kan ein ikkje komme seg unna den snikande lukta etterpå … på bussen, han som luktar pølse. Og det er ikkje berre vi menneske som lagar musikk! Fuglane syng, delfinane syng, ja, til og med kvalane syng til kvarandre over lange avstandar under vatn. Vinden kviskrar, bølgjene skvulpar og uvêret buldrar. Dersom vi berre lyttar, kan vi finne musikk og rytmar overalt! HEILT STILLE

Men dersom vi kastar oss på den første romraketten og fyk vekk frå jordoverflata, høgt over bakken, opp gjennom skyene og vidare vekk frå alt som er kjent og kjært – då er vi i verdsrommet. Og då vil vi fort merke at alle lydane vi kjenner frå jorda, er borte, og at det i staden er heilt, heilt stille. Der ute er det ikkje ein gong luft som vi kan puste – så eg vil ikkje rå deg til å hoppe på den raketten. Og det er nettopp mangelen på luft som gjer verdsrommet så musestille! Det vi kallar musikk, er eigentleg luft som er sett i rørsle, og det er instrumenta som set i gang denne rørsla. Så når lufta er borte, forsvinn også alle lydane.

MÅNEN

Ok, så det er ikkje mogleg å syngje i verdsrommet. Det er ikkje mogleg å spele på gitar, piano, fiolin, saksofon eller på slurva. Men her nede på jorda er det mange menneske som har skrive musikk etter å ha late seg inspirere av mysterium i verdsrommet og av livet til menneska i det gigantiske rommet. Beethoven skreiv ikkje Månekinssonaten til månen, men sonaten fekk namnet sitt etter at melodien blei samanlikna med måneskinsonaten på ein skvulpande sjø. David Bowies Space Oddity blei gitt ut få veker før den første månelandinga og handlar om ein astronaut som mister kontakt med jorda og svever heilt forlaten ute i det store, uendelege verdsrommet. Men vi menneske har faktisk sendt musikk ut i rommet. Korleis då, lurer du kanskje, når det jo ikkje finst luft som han kan flytte på seg i? I 1977 sende USA opp romskipet Voyager 1. Voyager betyr reisande, og det blei sendt ut på den lengste reisa til nokon || VÅR 2015 ||

farkost frå jorda. Det er ikkje menneske om bord på Voyager, men det har med seg musikk! Inne i romskipet ligg det nemleg ei plate av gull med musikkinnspelingar. Ho ligg der i tilfelle det finst intelligente vesen der ute som kjem over romskipet. Då kan musikken fortelje desse vesena noko om korleis vi har det her på jorda. Voyager har no forlate solsystemet vårt, men verdsrommet er jo, som vi veit, utruleg svært, så sjansen for at nokon der ute skal finne romskipet, er frykteleg liten. Men eg synest det er ein flott bodskap å sende ut frå oss jordbuarar. Så vi får berre vente i spenning og håpe at romvesena har funne opp platespelaren! ROMFORSKARAR

Så det ser altså ut til at i det store tomrommet vi kallar verdsrommet, finst det ikkje så mykje som ein halvtone. Men då snakkar vi berre om lyd som øyra våre kan oppfatte. For i verdsrommet finst det veldig mykje som vi menneske ikkje kan sjå eller høyre, men som vi kan fange opp dersom vi har det rette utstyret. Romforskarar rundt om i verda har akkurat det utstyret som trengst, og når dei retter det utover mot stjerner og planetar der ute i rommet, kan dei faktisk høyre musikk! Forskarane har lagt ut lydklipp på Internett, og det vi kan høyre, er elektromagnetiske frekvensar som er omgjorde til lyd som øyret kan oppfatte. Og det er altså ikkje snakk om musikk slik vi kjenner han her nede på jorda. Han er verken så rytmisk og pumpande som Rihanna, så dansbar som Justin Bieber eller melodiøs og fengjande som Marit Larsen. Det er eigentleg ganske vanskeleg å beskrive denne musikken, men dersom ein bruker fantasien, kan ein sjå for seg solsystemet som eit stort orkester med nokre ganske merkelege instrument. Sola buldrar djupt, kometane summar som insekt, Saturn uler som eit spøkelse, og musikken frå vår eigen planet jorda høyrest nesten ut som eit lengtande kall på noko eller nokon der ute i rommet ein stad. Dersom vi berre vil, kan vi finne musikk, rytmar og lydar overalt, sjølv langt ute i det veldige verdsrommet. Men då må vi ha eit ope sinn og la den villaste fantasien setje grensene!

DET VI KALLAR MUSIKK, ER EIGENTLEG LUFT SOM ER SETT I RØRSLE, OG DET ER INSTRUMENTA SOM SET I GANG DENNE RØRSLA. SÅ NÅR LUFTA ER BORTE, FORSVINN OGSÅ ALLE LYDANE 13


VILL LATTER & VONDSKAP Noah Haidle skriv om sadistiske fantasi­vener, daude ektemenn og ­senile ­enker. Men midt oppi tragedien finst det o ­ pningar for både latter og håp. av

BÅR STENVIK til nynorsk ved SPRÅKKONSULENTENE AS SCHLEYER/AUTORENARCHIV.DE

foto SUSANNE

N

oah Haidle ville eigentlig vere fysikar, men var ikkje mykje tess i matte. Problemet løyste seg då han som 17-åring såg eit teaterstykke for første gong, Our Town. Brått skjønte han kva det var han skulle verte: dramatikar. Sidan han ikkje hadde nokon kontakt med teatermiljøet, sette han seg ned og las alle skodespela han greidde, medan han noterte og fann ut korleis dei fungerte. For nokre få år sidan, godt inne i ein vellykka karriere i teateret, sa han i eit intervju med magasinet American Theatre at han framleis fekk dei mest tilfredsstillande teateropplevingane av å lese teaterstykke på papiret. Romanar, derimot, les han nesten ikkje: «Thornton Wilder var besett av forskjellen på romanar og skodespel og måten dei fortel historier på: I romanane er det nokon som fortel deg kva som skjedde. Teater på sitt beste er verkeleg om det som skjer.» «Det som skjer» i Haidle sine skodespel finst like ofte i menneska sine hovud som i den fysiske verda. I Mr. Marmalade, som vart det store gjennombrotet hans i 2004, utspelar store delar av dialogen seg mellom ei fire år gamal jente og fantasivenen hennar, Mr. Marmalade. Det høyrest kanskje søtt ut, men den innbilte venen, som blir spelt av ein vaksen mann på scenen, er

Noah Haidle gjekk ut frå Juilliard School i 2004, same året som han slo gjenom med ­oppsetjinga av Mr. Marmalade med Michael C. Hall (kjent frå serien Dexter) i hovudrolla. Han har mellom anna skrive Smokefall, Saturn Returns og manuset til filmen Stand Up Guys (med Al Pacino og Christopher Walken), og arbeida hans har vunne ei rekke prisar. 14

|| VÅR 2015 ||


LUCKY HAPPINESS GOLDEN EXPRESS ikkje nokon Skybert-figur akkurat. I løpet av stykket slår han jenta, sniffar kokain og brukar porno. Framsyninga fekk tilskodarar på South Coast Repertory-teatret til å klage og seie opp sesongbillettane sine, dei fann seg ikkje i eit slikt «red light-pornodistrikt-teater». Haidle let seg den gongen fascinere av at fleire publikummarar etter framsyninga hadde vore bekymra for den 26-årige skodespelaren som spelte fireåringen, og vende seg til ho med spørsmål om «det gjekk bra». Haidle tok det som eit teikn på at stykket fungerte: «Dei mista kjensla av at ho var ein skodespelar.» Illusjonen strekte seg utanfor speletida, og verkelegheitseffekten hang ikkje saman med tradisjonell realisme. «Eg vil ikkje sjå nokon representasjon eller etterlikning av verkelegheita på scenen,» sa Haidle den gongen. «Det er berre utdatert og kan gjerast mykje betre på film og tv. Noko av gleda med å sjå Mr. Marmalade er nettopp å sjå ein skodespelar i tjueåra spele ein fireåring og gå rundt i strutteskjørt. Fantasien din må jobbe mykje hardare enn om du så såg på film eller tv.» JÆVLA TRIST

Om Haidle ikkje vart fysikar, har han utvikla ei høgst fysisk form for metafysikk i stykka sine, der det uhandgripelege får konkret form. I Vigils let Haidle to forskjellige skodespelarar lekamleggjere sjelen og kroppen til ein daud ektemann, slik dei framstår for enka hans. Hovudrolla i eit anna stykke, Persephone, er ein statue som vi får følgje over fleire tusen år. I Saturn Returns møter vi ein gamal mann og to yngre versjonar av han, alle på scenen samtidig. Lucky Happiness Golden Express, stykket som no skal setjast opp på Scene 3 i regi av Jesper Berglund, introduserer oss for ein døyande ektemann og far, som ikkje lenger kan gjere seg forstått der han ligg i sjukesenga etter eit slag. Den senile kona hans hugsar ikkje lenger kvifor ho gjekk frå han for mange år sidan og lever berre delvis i notida. Ho ser for seg scenar frå bryllaupsreisa mange tiår tidlegare, og vi i publikum ser dei òg bli spelte ut på scenen, sjølv om dei andre aktørane ikkje forstår kva ho bablar om. Det høyrest ikkje akkurat ut som eit lystspel, og slik var det òg fleire i USA som reagerte, kan Haidle fortelle. – Ein litteratursjef ved eit stort teater i USA sa til meg: «Eg elskar stykket ditt, men herregud, det er så jævla trist at ingen ville kome og sjå det.»

I ROMANANE ER DET NOKON SOM FOR­ TEL DEG KVA SOM SKJEDDE. TEATER PÅ SITT BESTE ER ­VERKELEG OM DET SOM SKJER.

AV Noah Haidle OMSETJING Margunn ­Vikingstad REGI Jesper Berglund NOREGSPREMIERE 23. januar på Scene 3. I ROLLENE Jan Grønli, Unn Vibeke Hol, Frode Winther, Nina Woxholtt, Heidi Gjermundsen Broch

Er illusjonen om lykke med på å gjere oss meir ulykkelege?

Lucky Happiness Golden Express har så langt ikkje vorte spelt i heimlandet til Haidle i det heile, berre i Tyskland. Det same skjedde med eit anna stykke, Skin Deep Song. – Det kan verke som tyskarar er mindre redde for smerte, seier Haidle. – La oss håpe det gjeld nordmenn òg. Har du opplevd at stykka dine vert mottekne og handsama annleis i Europa enn i USA? – Absolutt. Eg kan gi eit døme. I eit av stykka mine, Mr. Marmalade, står det i ei av scenetilvisingane: «Mr. Marmalade tar ei line kokain.» I USA la skodespelaren som spelte Mr. Marmalade eit par liner på ein spegel og snusa dei inn med ein dollarsedel. I Tyskland opna skodespelaren ein koffert breiddfull med kokain, køyrde heile fjeset oppi kofferten, skreik som om han heldt på å døy, og spelte resten av scenen med kokain i håret, augo og munnen. Ikkje at nokon av tolkingane er den rette, men dei er så visst forskjellige. Korleis er det å sjå tekstane dine framførde på framande språk? – Å sjå eit stykke du har skrive verte framført er støtt ei ganske morosam, merkeleg, spanande, skummel og draumaktig oppleving. Å sjå den draumen i eit anna språk gjer det berre endå litt meir merkeleg. VIL IKKJE PREIKE

Haidle hugsar ikkje nett når ideen til Lucky Happiness Golden Express kom, fortel han. – Men eg hugsar at eg skreiv mange sider med alle versjonar av namn på kinesiske restaurantar eg kunne kome på. Lista gjekk frå Panda Golden Fun via Royal Golden Panda Garden og Forbidden Eastern Lucky Kitchen til Lucky Happiness Golden Express. Stort meir vil ikkje Haidle sjølv seie om verken stykket eller temaa i det. – Det er berre ikkje min stil, seier han. I 2013 kom hans første Hollywood-augneblikk, då eit filmmanuskript han hadde skrive vart filmatisert som en mafiafilm med Christopher Walken og Al Pacino i hovudrollene. Den gongen klarte ein journalist å lure ut av Haidle at filmen djupast sett handla om tragiske tema, som at dauden er uunngåeleg. Men han ville ikkje slå sjåaren i hovudet med det, sa han. «Eg skjønar fort når ein forfattar eller regissør snakkar til meg, held ein tale om noko. Eg vil aldri gjere det. Aldri.» Haidle sin metode er heller å nærme seg dei store temaa gjennom tilsynelatande jordnær dialog, mørk humor og misforståingar. Det gjev stykka hans potensial for både tragiske og komiske tolkingar, og Lucky Happiness Golden Express er ikkje noko unntak. – Eg trur herr Beckett sa det mykje betre enn eg nokon gang vil klare: «Laughing wild amidst severest woe.» – Trur du at det er håp for alle desse karakterene dine, som har så vanskeleg for å nå fram til kvarandre? – Eg trur ikkje berre det er håp, eg veit det, eg trur det, eg føler det. Eg trur håp er om lag det finaste ordet som finst.

|| VÅR 2015 ||

15


Dei beste rollene ligg framfor meg Unn Vibeke Hol har vore tilsett ved teateret i 40 år. Det er like lenge som ho har vore gift med mannen sin. Likevel påstår ho at ho ikkje likar det som er staka ut. Er det fordi ho lyg så godt for seg sjølv? av

MARI MOEN

D

å Unn Vibeke gjekk på teaterhøgskulen på 70-talet, var det ikkje lov til å pugge tekst før prøvene begynte. Ein skulle ikkje sleppe manus for tidleg, men la teksten «falle som ei moden frukt» på golvet. Men med tida har metodane endra seg. Regissøren ho arbeider med no, vil at skodespelarane skal kunne r­ eplikkane utanåt alt første prøvedagen. Så den siste tida har ho pugga tekst – r­ eplikkane til den aldrande og senile mora Vivian i den amerikanske familiesoga Lucky Happiness Golden Express. Stykket handlar om ein familie som aldri har klart å kommunisere med kvarandre og forsone seg med fortida. Dei treffest ved farens seng på sjukehuset etter at han har fått slag: ei mor, ein far og to døtrer. Faren kan ikkje snakke lenger, mora er dement. Tida renn ubønhøyrleg frå dei. – Eg gler meg veldig til å gå inn i Noah Haidles univers, det er eit så nydeleg og klokt stykke, ei så fin rolle, ein tematikk som mange vil kjenne seg igjen i. For det handlar jo om å vere familie. Og om kor vanskeleg det kan vere. Om kor mykje sinne og sorg som kan ligge der og ulme i alt som ikkje blir sagt. Men i aller størst grad handlar det om kjærleik. – Korleis har du det om dagen? – Jo, no går eg rundt med den nye teksten inne i hovudet mitt og smakar på han i alle moglege situasjonar. Eg håpar berre teksten blir sittande i hovudet når vi startar prøvene, for det er ganske hektisk om dagen. Eg har skifta parykk så mange gonger den siste tida at eg innimellom berre har blitt gåande rundt med hårrullar heile dagen. Først har det vore 16

foto

YLVA CATODOTTER FYLLINGSNES

prøver. Så har eg spela i Brørne Løvehjarte på ettermiddagen og Shockheaded Peter på kvelden. Mellom øktene sit eg i garderoben og prøver å lære meg replikkane til Vivian. Det høyrest litt slitsamt ut? Veit du kva, eg blir faktisk ikkje sliten, eg synest det er gøy. Her ein dag sa eg til mannen min: No må du ikkje bli sur, men du kan ikkje rekne med å sjå noko særleg til meg dei neste vekene, og så var eg ute av huset på veg til teateret. Og mannen min blir ikkje sur. Det kvervlar litt no, og det gjer meg litt gira. Eg likar det uføreseielege i det som ligg framfor meg. Eg likar meg best når ikkje alt er staka ut og er heilt fast. Eg har vore gift med den same mannen i 40 år og har vore på Det Norske Teatret i 40 år, det høyrest jo litt staka ut. Men eg har aldri likt å trakke i mine eigne fotspor. Eg går som regel ein ny veg når eg skal ein stad. Inne på teateret òg. Eg går aldri den same vegen frå garderoben til scenen som dagen før, til dømes, alltid ein annan, slik har eg vore sidan eg var barn. – Og då ser ein kanskje andre ting, i dei tinga ein har sett før òg? – Det er jo viktig når ein har vore ein stad så lenge. 40 år. Det kjennest rart å seie det høgt. Men eg har faktisk aldri følt at eg har stivna i arbeidet, at det har blitt rutineprega. Det er kanskje fordi eg lyg for meg sjølv? Prisen for å vere fast tilsett gjennom så mange år er jo òg at ein må gjere mindre roller som ikkje er så utfordrande. Av og til har det vore tøft og ei øving i sjølvdisiplin og tolmod. Men min strategi har vore at det eg gjer, må vere viktig for meg sjølv. Eg har prøvd å gå inn i alle roller med stor openheit og nysgjer|| VÅR 2015 ||

Unn Vibeke Hol spelar mora i Noah Haidles Lucky Happiness Golden Express.

righeit. Med tida endrar ting seg. Innstillinga mi har alltid vore å tenke at dei beste rollene ligg framfor meg. Eg synest det er fint å bli vaksen. No er eg 63, eg kjenner meg ikkje gamal, men eg forstår at eg er det, etter ein slags målestokk. Far min som er 94 år, skriv no på den første boka si, om alt han undrar seg over. Det inspirerer meg, menneske som følgjer draumane sine. – Kven er Vivian, som du skal spele? – Vivian drog frå familien og barna sine då dei var små, fordi ho ikkje hadde nok kjærleik å gi. Ho er ein slags Nora-figur, som drar frå barna for å beskytte seg sjølv. Det er jo ei veldig drastisk handling å gjere. Eg har sjølv tre søner, og frå første stunda var eg fylt av store kjensler for dei, ei slags evig forelsking. Det har vore fasar i livet mitt der eg har lidd ved tanken på at eg må vere borte frå dei, til dømes då eg reiste vekk på turné då dei var små. Vivian snakkar om eit tomrom inne i


ROLLER I UTVAL: 2013 Mor i Shockheaded Peter av Crouch/ McDermott 2009 Unn Vibeke Hol i Evig ung av Erik Gedeon 2003 Mens hjula står av Oskar Braaten 1996 Ho i Nokon kjem til å komme av Jon Fosse 1993 Nasse Nøff i Ole Brumm av A.A. Milne 1990 Elisabeth Proctor i Hexejakt av Arthur Miller 1986 Yvette i Mor Courage av Bertolt Brecht 1981 Petrine i Ungen av Oskar Braaten 1975 Julie i Romeo og Julie av Shakespeare

seg sjølv, at det er det som hindra henne i å kjenne kjærleik. Eg lurar på kvifor det vart slik, kva dette tomrommet består i, kva som har gjort at Vivian har blitt den ho har blitt. – Kva er det som gjer at vi blir dei vi er? – Sjølv ser eg ofte på meg sjølv som eit ekko av generasjonane før meg. I ein gitt situasjon kan eg ta meg i å tenke: Var det bestemor frå Trondheim som handla gjennom meg no? Det er så mange faktorar som er med på å smi oss, og veldig mange av dei veit vi jo ingenting om, det er usynleg bagasje, som likevel er med på å styre oss sjølve og barna våre. Ein gong på 70-talet møtte eg ein buddhist som forkynte at ein måtte ta ungane frå foreldra før dei vart øydelagde. Det var jo ekstremt, sjølvsagt, men seier jo noko om kor prega ein er av opphavet sitt. – Kor finn du inspirasjon i arbeidet ditt? – I skodespelararbeidet leitar eg både i det

EG GÅR ALDRI DEN SAME VEGEN FRÅ GARDEROBEN TIL SCENEN SOM DAGEN FØR

som er heilt framandt, og i mi eiga historie. Barndommen er ein plass eg ofte kjem tilbake til, og eg finn ting eg nyttar når eg skapar ein karakter. Eg vaks opp i ein familie med fire barn og opne dører. Hos oss var det lov med rot og kaos, samtidig som foreldra mine var sterke personlegdommar med høge moralske standardar. Far var overlege på røntgenavdelinga på Ullevål, og mor var pianist. Eg vaks opp under flygelet hennar som || VÅR 2015 ||

stod på kjøkkenet. Der, og inne på rommet mitt, dikta eg og fantaserte eg. Eg har alltid tenkt mykje, vore ein grublar. Eg er takksam for at eg fekk lov til å vere litt annleis og kanskje rar i barndommen, og at det var greitt når eg av og til ikkje ville bli med ut å leike, fordi eg ville tenke i staden. Foreldra mine lét meg vere alt eg var: speloppmakar, men samstundes sky og sjenert, utagerande og veldig sint med raseriutbrot når det var slik. Det er pussig, men eg føler at eg blir meir og meir meg sjølv med tida. Eg kjem nærmare den eg var som barn, niåringen i meg, tida før rollespelet byrja. I løpet av livet tar ein på seg ulike roller: kjærasterolla, morsrolla, dotterrolla, yrkesrolla, den rolla som representerer livet ein lever. Og som skodespelar spelar ein sjølvsagt roller oppå rolla. Det å vere skodespelar er eit evig detektivarbeid og forskingsarbeid, der ein grev i det framande og i si eiga historie og stadig avdekker nye, overraskande ting. 17


KRIGS­ PROFITØREN

Brecht-kjennaren Vigdis Hjort i samtale med Ane Dahl Torp om Mor Courage. til nynorsk ved

B

ertolt Brecht skreiv Mor Courage i eksil i Sverige i 1939–40, og stykket kan lesast som ei åtvaring mot krigen han ser segle opp. Han legg likevel ikkje handlinga til samtida si, men til den store europeiske Trettiårskrigen, 1618–1648. Like før eg las stykket om igjen i samband med at eg skulle samtale med hovudrolleinnehavar Ane Dahl Torp, hadde eg tilfeldigvis lese historikar Alexander Wistings roman Oppgjørets time der mykje av handlinga er lagd til denne krigen. Derfor hadde eg fått eit innblikk i brutaliteten, lidingane til sivilbefolkninga, råskapen som åt seg inn i alle dei involverte. Vanlege folk kunne ikkje vente til slaget var over før dei hasta til slagmarka for å trekkje hanskar og støvlar av døde og døande, kutte av fingrar for ein ring, eit hovud for ei kjede, for både hos dei som hadde vunne, og dei som hadde tapt, leid dei fattige naud. Situasjonen har ikkje vore slik for oss når Noreg har delteke i krig dei siste åra. Norske soldatar ser knapt fiendane sine, sjansen for å bli drepen er uhyre liten, ingen blir lurt til å passe ein regimentskasse, det finst eit stort hjelpe- og støtteapparat. Skulle stykket ha relevans for norsk krigføring i dag, er det liksom nokre roller som manglar. Hjelpearbeidarsongen? Menneskerettsaktørar? Desse som av og til oppfordrar til krigføring, som på nesten propagandistisk vis fortel oss at bombing er nødvendig «for å redde sivile», «hindre folkemord», mens det gong på gong viser seg ikkje å stemme. Dei som risikerer noko, er befolkninga i landa vi bombar, som i Libya. Den kaotiske situasjonen der kan nok samanliknast med situasjonen Mor Courage står oppe i. Blir Mor Courage spelt i dag for å vise eit norsk publikum kva krigføringa vår fører til?

18

SPRÅKKONSULENTENE AS

foto

L-P LORENTZ

Slike tankar har eg i hovudet då eg møter Ane Dahl Torp på Det Norske Teatret. – Mor Courage kan sjåast på som ein representant for Noreg, seier ho, ein stor våpenprodusent, ein krigsprofittør, sjølv om Mor Courage ikkje driv stort, det går mest i brød og skjorter. Ho er eit enkeltmenneske i eit brutalt system, som prøver å overleve, og som har utvikla ein kynisme ho meiner er nødvendig. Ho speler spelet med virtuositet, er vekselsvis sjarmerande og rå, alt etter kva som tener henne. Ho liker adrenalinkicket, tenkjer eg, litt som folk på børsen, tenkjer eg, forført av sin eigen smartness, hevar seg over alle regelverk, tek kommandoen, er uforskamma frekk, ho er ein fascinerande skikkelse. Og i motsetnad til Noreg, den norske sjølvforståinga som fredsnasjon, presenterer ho seg ikkje som noko dydsmønster, ho pyntar ikkje på sanninga om verksemda si,

i henne. Det ho gjer, er ikkje vakkert, men gjer vi ikkje alle noko liknande? Nyt velstanden vår sorglause. – I ein av dei mange innlagde songane står det om mannen som ser ein fattig mann i snøen: «og han ga bort halve sin frakk til han / da frøs de begge to i hjel.» Sjølvforsakinga driv han til kanten på stupet, står det. Dydane lønner seg ikkje, berre lastene. Det er eit verdssyn ganske likt det som blir uttrykt i Det gode mennesket fra Sezuan, der du spelte hovudrolla Shen Te for nokre år sidan? – Ja, verda er slik, heiter det der, at gode menneske ikkje orkar å vere gode. Shen Te ser seg nøydd til å dikte opp ein slem fetter for å overleve. Men Mor Courage har den slemme fetteren integrert i seg, eller ho er den slemme fetteren. Og som før sagt gjer det henne meir utfordrande å spele.

MANGE VIL NOK VERE ­FREISTA TIL Å GI KRIGEN SKULDA FOR ­HANDLINGANE HENNAR, HEVDE AT HO ­IKKJE HAR NOKO VAL

– Kan krigane Noreg har delteke i dei siste åra, samanliknast med trettiårskrigen på den måten at dei verkar uløyselege og uoversiktlege, at det som var fiende i går, kan vere alliert i morgon, at det er vanskeleg å orientere seg, få oversikt, byggje varige alliansar, og i det at religion blir brukt for å dekkje over maktbegjær og grådigheit? – Det er ein måte å sjå det på.

og det er på ein måte frigivande. Ho er innforstått med at ho ikkje er noko fint postkort. Ho er eit menneske publikum har vanskeleg for å identifisere seg med, derfor er det utfordrande å gi liv til henne. Mange vil nok vere freista til å gi krigen skulda for handlingane hennar, hevde at ho ikkje har noko val, men eg vel å sjå henne som eit ansvarleg menneske. Og håper på at publikum, om enn motvillig, likevel vil kunne kjenne seg att

– Men Mor Courage er heilt utan tru og idealisme, ho er pragmatikar og vil overleve, og dette overordna målet helgar alle middel? – Ho greier det jo ikkje, det er saka! Eilif, sonen som liknar henne mest, vervar seg som soldat og gjer lykke fordi han drep for å få mat. Når freden kjem og han framleis gjer det same, blir han ført til skafottet. Han blir spurd korleis han kunne drepe den uskyldige bondekona, og svarer at han berre har

|| VÅR 2015 ||


MOR COURAGE OG BARNA HENNAR AV Bertolt Brecht OMSETJING Arnljot Eggen REGI Lars-Ole Walburg PREMIERE 13. februar på Hovudscenen. I SENTRALE ROLLER Ane Dahl Torp, Therese

Slob, Joachim Rafaelsen, Oddgeir Thune

Krig og profitt er tema når Ane Dahl Torp gyv laus på nok ei stor Brecht-rolle i front for eit ungt ensemble på Hovudscenen.

|| VÅR 2015 ||

19


TRETTIÅRS­ KRIGEN

DÅ EG LAS DET ANDRE GONGEN, SYNTEST EG DET VAR GØY. ALTSÅ PÅ DEN MÅTEN AT DET VAR REPLIKKAR DER EG HADDE LYST TIL Å SEIE

gjort det han har gjort før. Det er ved slike konkrete situasjonar Brecht får fram den korrumperande verknaden krigen har, som varer ved etter at han er slutt. Folk er redde for freden, står det, for å slutte spelet, for då må dei betale det dei har tapt. Den andre sonen, som ikkje liknar mor si fordi han er ærleg, går til grunne på grunn av ærlegdommen. Han er sett til å ta vare på regimentskassen og vil redde han unna fienden, men blir oppdaga og teken til fange. Mor Courage vil kjøpe han laus, men bruker så lang tid på å få ein god pris for vogna ho skal pantsetje, at ho ikkje rekk det. Elleve kuler får han, står det, og når han blir boren fram for henne, fornektar ho han for å redde seg sjølv, og han blir kasta på åtseldungen. Nei, det er ikkje vakkert. Og det siste barnet, den stakkars stumme Kattrin, som «lider av medlidenhet», døyr også, delvis på grunn av handelen mora gjer. Men døden hennar er i det minste eit vilja offer, ein protest mot krigen, den einaste edle handlinga i stykket. Og Mor Courage sit aleine igjen med vogna si. Det tragiske ligg i at ho mister barna, men ikkje klarer å innsjå at ho sjølv har skulda for det. – Einig. – Då eg las stykket første gongen, syntest eg det var vanskeleg. Då eg las det andre gongen, syntest eg det var gøy. Altså på den måten at det var replikkar der eg hadde lyst til å seie, at eg likte måten Mor Courage snakkar på, at ho snakkar så mykje, at ho tek ein dram med gutane bak vogna, alt det burleske. Den tredje gongen eg las det, blei eg gripen. – Ja. – Ja. – Du seier at Brecht er konkret? – Den eine dramatiske situasjonen følgjer etter den andre. Mor Courage er ikkje eit filosoferande, men eit handlande menneske, i bokstavleg forstand. Vi har berre hatt éin leseprøve, så eg veit ikkje kvar regissøren vil, men eg har inntrykk av at han vil det skal spelast i høgt tempo, og det trur eg kler stoffet. Heile tida skjer noko uventa, folk må snu seg rundt og handle utan å kunne vurdere situasjonen, ingen er trygge, ingen kan stole på nokon, når som helst kan kva som helst 20

hende, det gjeld å vere ytst merksam, heile tida, og det er uhyre slitsamt, og det klarer dei jo ikkje heller. At krig alltid er utmattande og øydeleggjande, er det bodskapen? Altså for dei som er på bakken, som det heiter. Mor Courage er den skarpaste av alle, gjennomskodar alt, er utstyrt med eit veldig overlevingsinstinkt. Er ikkje fallet hennar at det ikkje hjelper kor smart ho er, ho kan vere så smart ho vil, det hjelper ikkje. At ho mister barna, må trekkje vogna sjølv og likevel ikkje gir opp, ikkje vil innsjå at det ikkje kan gå bra, at å ha eit slikt levebrød uvegerleg vil føre til undergang? Men det er jo menneskeleg å berre halde fram, slik vi gjer trass i olje- og klimakrisa, for eksempel. Vi berre held fram. Som Mor Courage. Mister barna, men held fram, vil ikkje gi opp trua på livet ho har levd. Slik menneske held fram å leve liva slik dei alltid har gjort, held fram med det dei lever av, og går ut frå at det er i orden, uansett kva det er, uansett kva situasjon som oppstår. Vi opplever det som ein slags normalitet heller enn å innsjå at det ikkje er i orden, dersom det ikkje er i orden. – Det er sånt du berre skjøner når du er deprimert, gal eller fylt av angst? – Ja. Men folk flest er ikkje deprimerte, gale eller fylte av angst, dei held fram som dei alltid har gjort, klarer ikkje ta inn over seg at det ikkje er berekraftig, sjølv om det er sanninga. – For då, ja, då opnar det seg ein avgrunn. – Eg er eit brent barn, seier ho ein stad eg tenkjer på som sentral. Men det er ikkje sant at brent barn skyr elden, det oppsøkjer elden, krigen, han har dei erfaring med, han kjenner dei, han meiner dei å meistre.

|| VÅR 2015 ||

Krigstida mellom 1618-1648 har gjeve namn til denne perioden med vedvarande ufred, masseslakt, plyndringar, hungersnaud og epidemiar som herja sentrale deler av Europa. Særleg hardt gjekk det ut over dei tysk-talande områda, der meir enn 300 fyrstedømme i det tysk-romerske keisarriket - katolske i sør og protestantiske i nord - deltok på kvar sine sider i dei skiftande alliansane i maktkampen mellom dei to trusretningane etter reformasjonen og motreformasjonen. Konge- og fyrstemakta styrkar seg mot kyrkjemakta. Det storpolitiske bildet blir prega av at den katolske stormakta Spania, som hadde dominert europeisk politikk i sidan tidleg på 1500-talet, taper terreng, at den franske kongemakta styrkar seg i høve til det tyske keisarriket som held fram som eit lappeteppe i endå eit par hundre år, og at England stig fram som ein sterk og sjølvstendig joker. I Norden markerer den unge krigshelten Gustav II Adolf Sverige som ei stormakt, særleg i Austersjøområdet, den dansk-norske monarken Christian IV, derimot må flykte med halen mellom beina til ein mild, men vanærande fred. At den tyske dramatikaren Bertolt Brecht nyttar den legendariske Trettiårskrigen som ramme for si skildring av menneskeleg råskap, dårskap og overlevingsevne, er så å seie pedagogisk innlysande.

Kong Gustav II Adolf av Sverige før slaget ved Lützen i 1632. Foto: The Granger Collection/NTB Scanpix


Y L DEN AV KRIG

Da instruktør Lars Ole Walburg lanserte ideen om å droppe Paul Dessaus musikk til Mor Courage til fordel for nyskrive svartmetall, vanka det applaus på teatersjefens kontor. av

ESPEN GRAVKLEV

foto HAAKON

HOSETH

W

alburg var kjent med norsk svartmetalls posisjon i verda og meinte sjangeren ville eigne seg godt til å akkompagnere eit stykke med krig som bakteppe. Lang historie kort. Teatret kom i kontakt med komponist Morten Bergeton «Teloch» Iversen som tente på ideen og stilte til kort hastemøte med Walburg. Tonen ble funne og samarbeidet banka. For dei fleste kan skogen av metallsjangrar verke uoversiktleg. Du har til dømes Death Metal, Doom Metal, Grindecore, Thrash Metal og Speed Metal pluss undergrupper og flytande overgangar. Historia om svartmetall blir gjerne delt inn i to epokar. «Den første bølgja» oppstod tidlig på 80-talet medan «den andre bølgja» oppstod 10 år seinare og det var no Noreg ble sett ettertrykkeleg på kartet. Band som Burzum, Darkthrone og ikkje minst Mayhem sette ein ny standard. Alt blei meir ekstremt både musikalsk og visuelt. Og, medan første bølgja leika med det forbodne utan heilt å meine det, utvikla den andre bølgja seg til fullt alvor. Musikken kan verke heilt ugjennomtrengjeleg med ein vegg av gitarlyd toppa av frenetiske doble basstrommer og guttural vokal langt inne i miksen. Tekstane handlar gjerne om død, okkultisme, satan, natur og filosofi. Visuelt er det minst like hemningslaust: liksminke,

VISUELT ER DET MINST LIKE HEMNINGSLAUST: LIKSMINKE, BLOD OG EKTE DYREKADAVER PÅ SCENEN.

blod og ekte dyrekadaver på scenen. Slikt vekker oppsikt. Like viktig for Noregs renommé som sjølve svartmetallnasjonen blei dei tragiske hendingane som skjedde tidleg på 90-talet og mytane som oppstod kring desse hendingane. Bandet Mayhem starta i 1984, men || VÅR 2015 ||

hadde gitt ut ganske lite musikk offisielt før albumet De Mysteriis Dom Sathanas kom ut i 1994. Bidragsytarar til albumet er mellom anna Øystein «Eronymous» Aarseth, Varg «Count Grishnackh» Vikernes (Greven) og Pelle «Dead» Ohlin. Ohlin tok sitt eige liv i 1991 og Aarseth ble myrda av Vikernes i august 1993. Vikernes blei i tillegg dømd for å ha brent ned 3 kyrkjer. Desse hendingane blanda med den brutale musikken og det ekstreme visuelle uttrykket skapte blest og mytar som den dag i dag fascinerer, skremmer og lokkar. Så var det Teloch. Han er i dag medlem av nettopp Mayhem og har skrive all musikken til bandets siste album, Esoteric Warfare. Han var 10 år da Mayhem starta i 1984 og ble først med i 2011. Såleis har han ingenting å gjere med det fatale som skjedde på 90-talet. Men, historia sit i veggane. Så mykje at Teloch i eit intervju ber dei gamle Mayhem-medlemmane slutte å henge seg opp i fortida, begynne å sjå framover og konsentrere seg om det viktigaste, musikken. Teloch spelar òg i band som Nidingr og The Konsortium og han har vore innom kjente metallband som Gorgoroth og 1349. Han bryr seg ikkje så mykje om kva som rører seg innafor dagens svartmetall, men høyrer like gjerne på Prince. Det vitnar om ope sinn. Det bør publikum òg ha. Kom rusta til lyden av krig. 21


AVTALT SPEL

Som den yngste av tre brør og med ein far som arbeidde som ­yrkesmilitær i utlandet, levde Bernard-Marie Koltès eit beskytta liv i barndommen, godt skjerma under vengjene til si katolske mor. Slik gjekk åra, heilt til det skjedde det som måtte skje. Bernard-Marie fekk verda i trynet.

I

1968 sveipte ein nesten-revolusjon gjennom Frankrike, da universitet og høgskular over heile landet blei okkuperte av studentar. Bernard-Marie, som på denne tida hadde flytta frå den trygge barndomsheimen i Metz i Nord-Frankrike for å studere journalistikk i Strasbourg, stod plutseleg midt i ei kokande gryte av motstridande kjensler og meiningar. Samstundes oppdaga han at det ikkje berre var verda som kunne komme til han, men at han og kunne oppsøkje verda. Han reiste ut av landet for første gong, og målet for reisa var New York. Turen blei ei sjokkarta oppleving. Bernard-Marie blei djupt gripen av metropolen og kraftig inspirert av kulturar og miljø som var heilt nye for han. Særleg reggaemusikken og subkulturane i dei svarte bydelane trekte han til seg som ein magnet. For ein ung, homofil gut frå ein katolsk, konservativ familie i den franske provinsen er det ikkje vanskeleg å skjøne at New York må ha vore ei openberring. Da han kom heim kasta han studia på båten og begynte å skrive teater. Dei neste åra livnærte Bernard-Marie Koltès seg av ymse strøjobbar medan han skreiv. Favorittjobben var som billettvakt på kino, for da fekk han sjå filmane gratis. Teater hadde han derimot mindre til overs for, dei få framsyningane han såg oppfatta han som uinteressante og gammaldagse. SPRÅKET

Så kvifor denne trongen til å skrive for teatret? Jo – på grunn av ein brennande lidenskap for det talte språket. Koltès skreiv tekstar som skulle bli snakka. «Teatret er handling, og eg prøver å bruke språket som eit handlingselement», seier Koltès i eit intervju i Theater Heute hausten 1983. Dei stadige reisene hans var viktige kjelder til inspirasjon. «Ein del av livet mitt er å reise, den andre er å skrive (…) Når ein ikkje lenger kan tale sitt eige språk, endrar tankane seg, og små hendingar som går føre seg utan språk, blir viktige på ein heilt ny måte.»

22

av

INGRID WEME NILSEN

foto

ELISA RUIZ

I løpet av sitt korte liv reiste Koltès mange gonger til Afrika. Der henta han inspirasjon til nokre av dei mest kjende stykka han skreiv, til dømes Negrar og hundar i kamp. Handlinga i dette stykket går føre seg på ein europeisk-finansiert byggjeplass i Vest-Afrika. Ein afrikansk mann, Alboury, kjem for å hente liket av sin døde bror, men blir i staden tilbydd ein sum pengar av byggeleiaren, som i realiteten ikkje anar kvar den døde kroppen har blitt av. I stykket Tilbake til ørkenen er handlinga plassert delvis i Algerie og delvis i Koltès sin eigen fødeby, Metz. Den algeriske krigen var ein konflikt Koltès vaks opp i og fekk inn med morsmjølka. Ikkje berre var det ei generell haldning i Frankrike etter andre verdskrigen om at Algerie var ein soleklar del av landet, ein del som berre tilfeldigvis fann seg på eit anna kontinent, men Koltès sin eigen far var dessutan stasjonert i Algerie. Samstundes handlar ikkje stykka til Koltès om konkrete politiske konfliktar, i alle fall ikkje direkte. Det er urettferd, kriminalitet og vald som typisk menneskelege kjenneteikn som opptar han, uavhengig av kva for krigar som blir kjempa rundt om i verda. TEATER

«Eg likar ikkje kjærleikshistorier,» seier Koltès i 1983. «Dei fortel så lite.» I staden er det den kjølege, avtalte intimiteten, den kalkulerte, avtalte lojaliteten og den kyniske, avtalte handelen som står i fokus, og det er når nokon utfordrar rammene for desse stillteiande avtalene, at dramaet vert sett i gang. Særleg er dette tydeleg i I einsemda på bomullsmarkene, der heile stykket opnar med ei skildring av nett ein slik avtale, ein deal: «Ein deal er ein forretningstransaksjon (…) som blir inngått (…) ved semje i det stille, ved hjelp av teikn eller tvitydig kommunikasjon (…)». Vi møter ein kjøpar og ein seljar, og Koltès har utstyrt begge med lange, dirrande replikkar som snirklar seg stadig nærare kjernen, som i dette tilfellet er objektet for handelen, altså vara; ei vare ingen

|| VÅR 2015 ||

av dei vil setje ord på og ingen vil vedkjenne seg behovet for. Trass i den elegante, poetiske retorikken får ein likevel ei kjensle av at dialogen mellom dei to er eit skjørt byggverk som når som helst kan kollapse, og da vil katastrofen bryte laus. VILT DYR

Koltès byggjer ikkje intrigar, han går rett til konflikten og set hardt mot hardt, som ein retorisk boksekamp. Han byggjer heller ikkje karakterar, men let personane vere representantar for motstridane kulturar. På denne måten blir konflikten global, og ikkje mellommenneskeleg. Han utforskar det rommet som er det siste halmstrået, det siste forsøket på diplomati før kommunikasjonen blir valdeleg. Men kva seier han? At hangen til vold og drap ligg i oss alle, og berre tilfeldigheiter avgjer om han kjem fram i oss eller ikkje? At mennesket er territorialt og brutalt som eit vilt dyr, og at dette dyriske berre er skjult under ein glatt fasade av kultur? Kanskje er det slik at det er Koltès sin fascinasjon for the deal som fekk han til å velje teatret som sitt medium. Når alt kjem til alt er teatret i seg sjølv avhengig av ein deal for å eksistere, nemleg dealen mellom mottakar og tilbydar, mellom publikum og skodespelar. Kvar einaste gong ei framsyning tek til er det som følgje av ein slik deal. Publikum oppsøkjer staden der dei veit at framsyninga skal skje, dei kjøper billett og går inn og set seg i salen. Der sit dei stille i mørkret medan skodespelarane spelar for dei, ved å seie ord og gjere rørsler dei har avtalt på føre hand. Etterpå klappar publikum for skodespelarane og går heim. Ingen treng å seie noko for å vite kva dei skal gjere, alt er avtalt på førehand, det er avtalt spel, det er ein deal og den er skjør, men vi strekkjer oss langt for å verne den, for ingen veit kva som vil skje viss den blir broten. KJELDER: NOLWENN LE DIUZET: BERNARD-MARIE KOLTÈS: UN THEATRE DU PARADOXE DAVID BRADBY (RED): BERNARD-MARIE KOLTÈS. PLAYS 1


I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE AV Bernard-Marie Koltés OMSETJING Sylfest Lomheim REGI Tormod Carlsen PREMIERE 20. februar på Scene 2. I ROLLENE Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud

Spenninga dirrar mellom linjene i den mystiske teksten av den franske teaterlegenda Bernard-Marie Koltès.

Bernard-Marie Koltès var dramatikaren som hata å sjå teater. Likevel skreiv han nokre av dei mest gripande verka i fransk dramatikk før han døydde av AIDS i 1989, berre 41 år gamal. I einsemda på bomullsmarkene er eit av dei.

|| VÅR 2015 ||

23


TRE I START­ GROPA Det er ikkje berre elev­skolen Det Multinorske som gjer Det Norske Teatret til ein ­utdanningsinstitusjon. ­Nesten kvart år har teatret besøk av ein eller fleire studentar frå ulike teater­ utdanningar i inn- eller ­utland, som kjem hit for å gjere diplomoppgåvene sine. av

INGRID WEME NILSEN SIREN HØYLAND SÆTER

foto

Å

rets tre diplomstudentar kjem frå tre ulike skolar og dekkjer to fag. Heidi Dalene, som går på Noregs einaste scenografutdanning og er van med å jobbe i workshops med elevar og professorar frå mange ulike land, fortel at det er ein stor overgang å komme til Det Norske Teatret. – På skolen arbeider vi saman i små, kunstnarlege kollektiv. Teatret er enormt mykje større. Samstundes er verkstadene her fulle av dyktige fagfolk med massar av erfaring, så det er ein veldig fin læringssituasjon for meg. Jesper Berglund går på ei utdanning der det å utvikle sjølvstendige kunstnarlege individ står i fokus. Han er van med stor fridom i utdanninga, men fortel at dette også krev mykje ansvar av studentane. Jesper er positivt overraska over møtet med den store institusjonen, der han skal setje opp Lucky Happiness Golden Express. – Det er noko eige med framsyningane som blir laga på Det Norske Teatret, det er noko ulineært i det kunstnarlege uttrykket; noko leikent, som bryt med naturalismen, og det tiltalar meg. Produksjonen min skal opp på Scene 3. Eg synest det er både utfordrande og morosamt å finne ut kva kreative løysingar Scene 3-konseptet kan tvinge fram. 24

Eg trur på pop-art for å lokke yngre tilskodarar til teatret, og her verkar det som Det Norske Teatret har skjønt noko. Tormod Carlsen er registudent ved det som framleis er Noregs einaste regiutdanning, ei utdanning som tidlegare har vore særs russiskinspirert, men som no er i ferd med å opne seg meir mot andre tradisjonar. Tormod fortel at han kjem til teatret, for å gjere I einsemda på bomullsmarkene, med ei viss ærefrykt. – Eg har sett mange framsyningar på dette || VÅR 2015 ||

teatret, men no er eg plutseleg ikkje ein vanleg tilskodar lenger – eg er tvert imot den som skal levere noko. Det er uvant og nokså spennande. Den største skilnaden frå skulen er kanskje at det er mykje større avstand mellom meg og alle dei involverte avdelingane. På skulen jobbar vi tett med små team, men her må produksjonen passe inn i ein ”produksjonsmal”, så eg må formulere klart og tydeleg på eit tidleg tidspunkt kva eg er ute etter frå alle. Heldigvis kjenner eg meg


Diplomoppgåver To registudentar og ein scenografstudent gjer diplomoppgåvene sine ved Det Norske Teatret denne våren. Heidi Dalene, scenografistudent ved Akademiet for scenekunst ved Høgskolen i Østfold, har scenografi på I einsemda på ­bomullsmarkene. Tormod Carlsen, registudent ved Teaterhøgskolen i Oslo har regi på same framsyning, medan Jesper Berglund, registudent ved Stockholms Dramatiska Høgskole, har regi på Lucky Happiness Golden Express.

1

2

3

4

[ 1 ] Thomas Bipin Olsen [ 2 ] Judy Nyambura [ 3 ] Sara Khorami [ 4] Kadir Talabani Foto: Siren Høyland Sæter

AVGANGS­ KULL VED DET MULTI­ NORSKE

A

vgangsstudentane ved Det ­Multinorske er no inne i sitt siste og avsluttande semester. Til våren står eksamensframsyninga på plakaten og da kan dei notere seg for ein bachelorgrad. Studiet blei oppretta i 2012 av Det Norske Teatret for at norsk teater skal kunne spegle tida vi lever i, det moderne Noreg. Studiet u ­ tdannar skodespelarar med ikkje-vestleg ­bakgrunn og opptak til eit nytt studentkull skjer i vår. Studentane skal etter fullført u ­ tdanning kunne arbeide profesjonelt som ­skodespelarar ved institusjonsteater, frie teatergrupper, film, TV og andre relevante formidlingsarenaer.

veldig trygg på alle her. Vi er jo omringa av folk med lang teatererfaring! Det er eit privilegium å sitje med tre gneistrande, nyutdanna scenekunstnarar framfor seg, og det er nesten umogleg å ikkje spørje dei kva for ambisjonar dei har for framtida? – Eg tenkjer på framtida med skrekkblanda fryd, seier Heidi. – Eg òg, seier Tormod. – Men eg håpar eg klarer å halde meg konstant skapande og i dialog med publikum.

Jesper fortel at han tenkjer todelt: – På den eine sida ønskjer eg å jobbe med allmennmenneskelege spørsmål, og her passar Lucky Happiness Golden Express – og nesten all klassisk dramatikk – perfekt. På den andre sida likar eg godt dokumentarteater, og formsterkt teater som er relevant for den tida vi lever i akkurat no. Vi ønskjer dei tre i startgropa lukke til, og gler oss til å sjå dei i arbeid på Det Norske Teatret! || VÅR 2015 ||

Utdanninga blir primært gjennomført ved Det Norske Teatret, og er forankra i det faglege miljøet ved teatret. Studie­ programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og skode­ spelarutdanninga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Målet for studiet er å utdanne skodespelarar som kan utøve skodespelarkunst innan eit breitt spekter av stil, form og uttrykk. Vi er stolte over å ­ønske Kadir Talabani, Sara Khorami, ­Thomas Bipin Olsen og Judy Nyambura Karanja tvi tvi med eksamensføre­buingane! 25


VI SOM FØLER ANNLEIS INSPIRERT AV Øivind Eckhoffs bok AV Carl Johan Karlson og ensemblet REGI Carl Johan Karlson URPREMIERE 21. februar på Scene 3. I ROLLENE Ola G. Furuseth, Gard Skagestad,

Paul-Ottar Haga, Ingunn Beate Øyen, Bernhard Ramstad Kor frigjorde er vi eigentleg i 2015?

Annleis – og stolte Aasmund (67) gjekk på hemmelege klubbmøte i ei tid då homofili var forbode. Carl Johan (30) lever i ei frigjord tid der han kan gå flagrande gjennom gatene. Dei har kvar si erfaring frå kvar si tid. Men dette har dei felles: gleda og lykka ved å vere annleis.

I

tekst

april 1968 melder 21 år gamle Aasmund Vik seg inn i Det Norske Forbund av 1948 (DNF-48), organisasjonen for rettane til homofile. Klubben er hemmeleg, og han må godkjennast av to medlemmer. På denne tida er homofili straffbart, og han risikerer å miste jobb og bustad dersom det blir kjent at han er homofil. I oktober, på veg til det første 26

LASSE LØNNEBOTN til nynorsk ved SPRÅKKONSULENTENE AS

klubbmøtet sitt, tek Aasmund den gule bussen i retning Fornebu. Tidlegare har han høyrt om ein bussjåfør som ropte ut til passasjerane: «No sit de stille! Eg veit kvar de skal!» Så han går av eitt stopp for tidleg, før han finn vegen til dei hemmelege lokala på Snarøya. – Og då eg kom inn, fekk eg ei ufatteleg kjensle. «Dette er mine folk, her høyrer eg heime», tenkte eg. Det var som å komme

foto

ÅSNE H. DAHL TORP

til ein oase midt i ørkenen, seier Aasmund. Han møter menneske med dei same draumane og lengslane som han sjølv. Kampen stod om elementær «rettferd og menneskeverd» for homofile. – Og der var Willy Mikkelsen, ein kjend profil og ein pioner i miljøet som underheldt med eit dragshow der han imiterte Zarah Leander. Og skodespelar Tordis

|| VÅR 2015 ||

Maurstad var gjest, det syntest eg var enormt stort. Tenk at ho var der! Først fire år seinare blir homofili avkriminalisert, men fordommane var ikkje borte av den grunn. – Eg hugsar den første Homomarsjen i 1982. Vi møttest på universitetsplassen, men vi fekk ikkje lov til å gå ned Karl Johan, og måtte ta sidegatene. Vi skulle ikkje synast for mykje.


EG HUGSAR DEN FØRSTE HOMO­ MARSJEN I 1982. VI MØTTEST PÅ UNIVERSITETS­ PLASSEN, MEN VI FEKK IKKJE LOV TIL Å GÅ NED KARL JOHAN, OG MÅTTE TA SIDEGATENE.

OVER 30 ÅR SEINARE sit Aasmund rundt bordet saman med Carl Johan Karlson. Det er 37 år mellom dei, Carl Johan var ikkje fødd då Aasmund gjekk på hemmelege møte eller marsjerte i det første homotoget. Men han kjenner historia og veit kva sti som er gått opp før han. – Eg blir slått av kor modige de var, og korleis de nesten opererte som spionar. Så tenkjer eg at dette må ha vore før andre verdskrigen, så fjernt verkar det, seier Carl Johan. Han er ein nyutdanna svensk teaterregissør som står bak framsyninga Vi som føler annleis basert på Finn Grodals bok frå 1957. Aasmund er nyleg pensjonert etter nesten 40 år i jobb på Nationaltheatret. Dei har levd

som homofile i vidt forskjellige tider og møter kvarandre for første gong. – Om det er nokon likskapar frå Aasmund si tid til mi? Carl Johan lener seg engasjert framover i stolen. – Absolutt! Det du seier om å finne ein oase i ørkenen, kjenner eg meg godt igjen i. Eg voks opp i ein ørken der eg ikkje kunne flørte på klassefestar eller vere den eg var. Første gongen eg besøkte ein utestad for homofile, sprang eg ivrig rundt og ville snakke med alle. Det var min oase. Han voks opp like utanfor Stockholm, ein stad der «ingen» var homofile. Då gymnastida nærma seg, trong han eit miljøskifte og kjempa seg inn på ein skule i ein annan kommune. Der kom han med i ei teatergruppe og oppdaga etter kvart den frigivande verkelegheita: «Eg er likevel ikkje den einaste i verda som føler annleis.» Han blei med i homokampen, og ein dag kom eit brev frå RFSL (Riksförbundet för homosexuellas, bisexuellas, transpersoners och queeras rättigheter), eit brev som den uvitande mor hans fann. – Då braut helvete laus! Ho knuste tallerkenar og sa at eg skulle sendast bort. Ho klandra meg, seg sjølv og far min. «Kva skal eg seie på jobben? Til naboane?» skreik ho. Ho trudde eg skulle få AIDS, og at eg aldri ville få ein jobb. Eg var berre 20 og kunne lett ha blitt skremt tilbake i skapet. I åra som følgde, var det ein stille, kald krig mellom mor og son. Tvillingsystera kunne komme heim med gutekjærastane sine, men Carl Johan fekk ikkje lov. Men gradvis tinte mora opp. – Ho var ein ordentleg homofob, men noko skjedde med henne etter kvart som tida gjekk. Det viser seg at du kan lære gamle hundar å sitje. Aasmund nikkar mens Carl Johan fortel. – Eg sende eit brev til foreldra mine i Setesdal og fortalde at eg var homofil. Mor mi var leiande i indremisjonen i bygda, og temaet blei aldri snakka om. Foreldra mine kunne aldri hanskast med det.

– Som ung homofil på 60- og 70-talet, var du redd? – Nei. Fordi vi stod saman. Det var eit unikt samhald mot den ytre fienden. – Men eg har vore veldig redd, seier Carl Johan. – Då eg gjekk i korte magetrøyer og farga klede, fekk eg truslar og peparspray i ansiktet. Eg er blitt overfallen på t-banen utan at nokon tok affære. DET STORE SPØRSMÅLET er då: Kor frigjorde er vi eigentleg i 2015? Aasmund: Lovene er på plass, men fordommane eksisterer. Eg møter framleis menneske som ikkje viser respekt. Eg fryktar den dagen min generasjon skal på eldreheim. Eg er engasjert i seniorsaka og høyrer historier om eldre homofile som blir dårleg behandla av heimehjelparar og anna personale. Carl Johan: – Det å vere open og synleg har konsekvensar: Unge homofile blir utsette for hatkriminalitet, dei blir deprimerte og driv sjølvskading. Og sjå på dei høgreradikale i Sverige no, det blir snakka om at homofile seksualiserer barn. Homofile blir framleis

LEGNINGA MI ER ABSOLUTT DET BESTE SOM HAR HENDT MEG slått ned og peikt på. For meg handlar kampen i dag om å få leve som eg vil, utanfor normene, utan å måtte tilpasse meg. – Kva kan du lære av den stien Aasmund & co. gjekk opp? Carl Johan: – At vi tek over ein stafettpinne og ikkje må rygge. Dei rettane dei vann fram, er ikkje skrivne i stein. Dei kan bli tekne frå deg. Aasmund: Å, ja. Vi må vakte det vi har oppnådd. Carl Johan: – Nettopp. For i Sverige vil dei høgreradikale ta rettane frå oss. Det er ei spesiell tid. – Korleis opplever du engasjementet frå dei unge i dag, Aasmund? Aasmund: – Eg har halde

|| VÅR 2015 ||

foredrag for Skeiv Ungdom, og dei syg til seg informasjon som ein svamp. Unge homofile i dag engasjerer seg. Men du når ikkje fram til alle. Under Skeive dagar spurde eg to unge menn om dei ville bli medlem av LLH, og dei svarte arrogant «Ække interessert». Carl Johan: – Den første gutekjærasten min døydde i sommar, og då han skulle gravleggjast, sa familien at «ingen frå Stockholm-miljøet får lov å komme». Dei ville stengje ute det syndige livet hans i hovudstaden. Eg drog i gravferda likevel. KORT STILLE. SÅ:

Carl Johan: – No blei det deprimerande her, og det er ikkje sånn eg føler det. Legninga mi er absolutt – absolutt! – det beste som har hendt meg. Alt eg har opplevd, og dei menneska eg har møtt, inkludert deg no, Aasmund, har gitt meg så mykje. Det er så mykje kult som skjer i homokulturen. Takk mi lykkelege stjerne for at eg ikkje er heteroseksuell! Aasmund: – Ja, det er ei gåve. Og du får ei glede av alle dei engasjerte menneska du omgir deg med. Som foreldregruppa til homofile barn, der har eg møtt mange flotte menneske. Sånn lykke å ha støttande foreldre. Carl Johan: – Ja, endringa mor mi har hatt, frå den verste ­homofoben til den viktigaste ­støtta mi, er den største menneskelege utviklinga eg har sett. Kva håper du publikum sit att med når dei går ut av salen etter å ha sett Vi som føler annleis? Carl Johan: – At dei har hatt det morosamt, blitt engasjerte og fått eit nytt perspektiv. Det skal ikkje vere pedagogisk eller politisk, men eit bråkete og underhaldande stykke med overskot og glede. Aasmund: – Det trur eg du vil oppnå. Då eg høyrde at boka skulle iscenesetjast, blei eg så glad. Tenk at det temaet kjem opp på scena, det har ikkje Nationaltheatret klart enno. Eg gler meg. Carl Johan: – Du kjem vel på premieren? Alt anna vil vere ein skandale. Aasmund: - Å, ja. Eg kjem.

27


BU BETRE AV Charlotte Munksø, Line Mørkeby og Trine Wisbech OMSETJING Runa Kvalsund REGI Catrine Telle NOREGSPREMIERE 14. mars på Scene 3. I ROLLENE Agnes Kittelsen, Espen Reboli Bjerke,

Hilde Olausson, Per Schaanning

Blir vi lykkelegare av å ha ein vakker heim?

RETRO MED EIN MODERNE TWIST Kven et eigentleg alle artisjokkane på norske kjøkkenbenker?

B

av

MARTA BREEN

arndomsheimen min var full av bøker. Etter skuletid sat eg ofte framfor bokhylla på stovegolvet og studerte bokryggane. I den nedste hylla stod det slitne krimromanar og billigbøker med ei politisk slagside, mens høgare oppe stod dei fint innbundne bøkene frå Bokklubben Nye Bøker. Iblant heldt eg handa over forfattarnamna og konkurrerte med meg sjølv om å hugse kven som hadde skrive kva for ei bok. Snart kunne eg alle utanåt. Når eg besøkte klassevenninner, pleidde eg å snikkikke i foreldra deira sine bokhyller. Nokon hadde skinninnbundne bøker av Hamsun og Dostojevskij, mens andre hadde nesten akkurat dei same titlane som eg 28

til nynorsk ved

SPRÅKKONSULENTENE AS

fann hos oss. Truleg var dei med i same bokklubben som mamma. Heime hos éi venninne fanst det ingen andre bøker enn eit ti binds konversasjonsleksikon som mor hennar hadde kjøpt av ein dørseljar. Eg hugsar ein knirkande lyd frå den limfreste ryggen då vi slo opp ordet «vagina». Då forstod eg at desse bøkene aldri var blitt opna før. Utan at eg var medviten om det sjølv, brukte eg bokhyllene til å plassere andre, i forhold til meg sjølv og min eigen familie. KVEN ER DEI, KVEN ER VI?

Heretter blir det vanskelegare å kategorisere folk på denne måten, for no er det blitt umoderne med bokhyller i stova. Det kunne vi lese i norsk presse før jul. – Å ha ei bokhylle var tidlegare

foto

THINKSTOCK/FAKSIMILE BO BEDRE

eit statussymbol. Det fortalde noko om at du høyrde til den utdanna middelklassen. Men når fleirtalet av nordmenn er ein godt utdanna middelklasse, blir ikkje det så viktig lenger, uttalte framtidsforskar Eirik Newth til nrk.no i den samanhengen. Trendanalytikarane hadde også andre forklaringar på kvifor vi ikkje lenger ønskjer å ha bøkene på synlege plassar i stova. Veksten i ebok-marknaden var sjølvsagt eitt poeng, men vel så viktig: den minimalistiske interiørtrenden og vår lengsel etter «reine flater». Frå før har vi kvitta oss med LP-plater og CD-ar, og no er det altså bøkene. Dei samlar støv og ser rotete ut. Dessutan har mange av oss mindre veggplass enn tidlegare, ettersom alle vil ha «open løysing»

|| VÅR 2015 ||

og derfor slår ut alle vegger som ikkje held taket på plass. FRÅ SÆRINTERESSE TIL FOLKELESING

Vi er alle individualistar som ønskjer å uttrykkje personlegdommen vår gjennom stova. Men korleis skal vi klare dette når platene er sende til Fretex og bøkene står i kjellaren? Med hjelp frå interiørblada, så klart. Marknaden for slike magasin har eksplodert det siste tiåret, og Narvesen fører i dag 85 ulike titlar i kategorien «Hus og interiør». Ein kunne dermed bli leidd til å tru at mangfaldet i stilartar er enormt. Men underleg nok ser porteføljen til bladkjeda ut som 85 variasjonar over temaet «lys nordisk design med innslag av industri- og


naturelement». Eller 85 shades of grey, om du vil. Mens interiør tidlegare blei sett på som ei særinteresse, er interiørblada det siste tiåret blitt folkelesing. I dag lever vi i eit land der den største medieskandalen for statsministeren var då ho stilte opp i ein heimereportasje som avslørte eit hus fullt av rot og klumpete furumøblar. Vi har alle fått utvida ordforrådet vårt på vegen, og fullstendig naturleg legg vi ut om industripendlar, tolixstolar og «skitne pastellar». Høyr berre kor avansert denne husmorbloggaren klarer å beskrive heimen sin i Aftenposten: «Jeg vil kanskje kalle det ’moderne møter shabby chic’ - med innslag av klassisk, svensk gustaviansk stil og amerikansk New England-stil.» Stovene våre, som stort sett er kvite eller grå, blir ofte brukte til å uttrykkje kjærleiken vår til familien. Her heng romantiske bryllaupsbilete i svartkvitt på fotolerret utan ramme og enorme fotografi av barn med lyse linklede og rufsete hår – gjerne tekne i motlys på stranda i Thailand. På barneromma køyrer vi alle den same retrostilen med kvitmåla barnesenger frå 1950-talet, treleiker frå same perioden og den obligatoriske tallerkenhylla med barnebøker. Tru ikkje at det er likegyldig kva bøker du plasserer i denne hylla, nei, det må vere dei koselege Elsa Beskow-bøkene om tante Grønn, tante Brun og tante Fiolett, eit par av Torbjørn Egner og kanskje ei Alf Prøysen-bok. Barna våre blir alle tvinga til å bu i små femtitalsmuseum. PLATTINGEN HAR JAREK SNIKRA

I den svenske boka «Ljust & fräscht – jakten på det perfekta boende» (2011) tek forfattarane Fredrik Lindström og

snikre, kan de leggje røyrleidningar? – Nei, absolutt ikkje, vi er svenskar, vi kan ingenting praktisk! Vi kan sånt som å utforme kommunikative plattformer for webdesignarar. Treng de folk til det? Ikkje? Kva med nokon som berre sit der og kjem med politisk korrekte synspunkt, då? Å AVANSERE TIL EIT METANIVÅ

HER HENG ROMAN­ TISKE BRYLLAUPS­ FOTOGRAFI I SVART­ KVITT OG ENORME FOTOGRAFI AV BARN MED LYSE LINKLEDE OG ­RUFSETE HÅR – ­GJERNE T ­ EKNE I ­MOTLYS PÅ ­STRANDA I THAILAND.

Henrik Schyffert den maniske interiørinteressa på kornet. Dei meiner at toppen – eller botnen – blei nådd i ein reportasje om loftsleilegheiter i avisa Dagens Nyheter, der ei rekkje bebuarar på fullt alvor hadde hengt opp ordet «NYT» i metallbokstavar ovanfor den nye nespressomaskina si. Dei undrar seg over alle desse sakene som finst i dei fleste interiørblada, men som vi nesten aldri ser i ekte stover, som bjørkestubbepallar og tomme biletrammer på veggen,

spesialstøypte sofaer i betong, handkle rulla saman som på spa, utstoppa fuglar og traller med brunt brennevin i karaflar á la Mad Men, for ikkje å snakke om dei mange glasskålene fulle av artisjokkar! Dersom etterkommarane våre hadde grave fram eit interiørblad frå 2014, ville dei ha trudd at artisjokkar var hovudnæringskjelda vår. Boka kjem også inn på den einaste interiørtrenden vi ikkje snakkar om, nemleg det faktumet at stadig meir av oppussinga blir sett bort til arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. For når vi skrytande viser gjestene våre rundt i det nyoppussa huset, er det nok dei færraste som seier: «Og denne flislegginga var det Andrezej som stod for!» Eller: «Den nye plattingen har Jarek snikra for oss, ganske så billig.» Lindström og Schyffert ber på ei frykt for det motsette scenarioet, altså dersom svensk økonomi gjekk fullstendig dukken og det plutseleg var dei som måtte reise til Polen for å søkje jobb: – Kva kan de, då, kan de

|| VÅR 2015 ||

Det er ein kjend mekanisme at opinionsleiarane beveger seg vidare når massane har oppdaga trenden. Så korleis kan dei verkelege individualistane markere avstand frå alle dei andre individualistane på interiørfronten? Jo, ved å ta i bruk eit metaperspektiv i interiøret. For eksempel kan du i dag bestille plakatar på Internett med klassiske innreiingsklisjear som «Vi har valt ei blanding av designklassikarar, Ikea og loppisfunn». Og «Vi har renovert varsamt og teke vare på originaldetaljane». Eller kva med denne: «Vi liker retro med ein moderne twist.» Med slike utsegner i glas og ramme på veggen viser du ein distanse til eiga interiørinteresse, og samtidig sender du ein kode til andre som også har avslørt klisjeane. Eg er faktisk avansert til dette metanivået sjølv. På stoveveggen har eg ein biletcollage der eg også har plassert eit kvitmåla treskilt der det står «Kärlek». Mannen min stussa då eg hengde det opp: – Har ikkje du drive og harselert over folk som skriv sånne klisjéfulle kjærleikserklæringar på veggen? spurde han. – Jo, men dette skiltet er på svensk og burde derfor gi folk assosiasjonar til dansebandtekstar. Og dermed forstår ein jo at det er ironisk meint, sa eg. Men det forstod han ikkje, det enkle mannfolket. 29


Du har nok sett han, men som kva? Som Jesus eller Judas, som Hitler eller Hamlet, som ulykkeleg barn eller glad olding? På teaterscena, på film eller TV? Eller er det songaren du hugsar? I vår får han ei ny rolle: menneskeslaktaren i musikalen Sweeney Todd. av

30

ASTRID SLETBAKK

foto

SIREN HØYLAND SÆTER

|| VÅR 2015 ||


SWEENEY TODD MUSIKK OG SONGTEKSTAR Stephen Sondheim

Manus Hugh Wheeler

OMSETJING Ragnar Hovland REGI Erik Ulfsby PREMIERE 20. mars på Hovudscenen. I SENTRALE ROLLER Frank Kjosås, Silya

­Nymoen, Charlotte Frogner

Barberaren Sweeney Todd gir «glattbarbert» ei heilt ny meining.

FRANK KJOSÅS fødd

1981 i Øystese, Hardanger. utdanning

Bårdar Akademiet og Statens Teaterhøgskole i Oslo.

D

t e at e r

peikte ut yrkesvegen for meg. et er berre åtte Tilsett ved Det Norske I tillegg fekk han, som så år sidan Frank Teatret der han m.a. har spelt i Hair, Peter mange skodespelarar, ein liten Kjosås (33) forlét Pan, Døden i Teben, forsmak på scenelivet av russeTeaterhøgskolen. Evig ung, Jesus Christ revyen. Frank skulle bidra med I dag er han solid Superstar, Sjuk ungdet han kunne best: skrive etablert som ein dom, Bibelen, Hamlet, sketsjar. Men så måtte han allsidig skodespelar, den reine Shockheaded Peter, Det merkelege som framføre nokre – og dermed teaterpoteten. hendte med hunden var han totalt involvert. Og – Og oppskrifta er? den natta og no han fekk eit lite, varig bit av – Arbeid, slår han fast. Sweeney Todd. teaterbasillen. Talent er ein brøkdel, toppen film og tv Etter vidaregåande skulle ti prosent. Resten er arbeid, Varg Veum, Frank studere. For det gjer seier skodespelaren som fekk deUSYNLIGE, ein jo. Men lysta var ikkje teaterengasjement allereie før Skallamannen, intens. Då var det igjen Randi han var ferdig med TeaterhøgHalvbroren, Ta meg med, Hjemlestad som foreslo eit skolen. Det skjedde i 2006 då Øyenvitne, Kampen kvileår, kanskje ein folkehøgDet Norske Teatret henta han om Tungtvannet. skule. Og det blei Romerike frå skulebenken og plasserte Folkehøgskole, skulen med han i musikalen Hair. Det er ein velrenommert teaterprofil, ikkje noko i Frank sin bakskulen som er fylt til randa av ungdom med grunn som sa at scena skulle bli arbeidsplasteaterdraumar, skulen der «alle» skal søkje sen hans – unnateke songen, då. Gutungen Teaterhøgskolen. Det var då Frank blei klar med den store stemma song i kor og fekk over at ein kunne utdanne seg til skode­ songundervisning frå han var 11 år. Han var spelar. Så søkte han òg. med i skuleteateret, men at skodespelar er eit – Men eg kom ikkje inn på første forsøket, yrke ein kan utdanne seg til, visste han ikkje og no er eg glad for det. Eg var for ung. før han var 19 år. Først blei det eit år på Bårdar Akademiet Frank er som dei fleste av oss nordmenn og tid for modning og førebuingar – og tid oppvaksen på ein liten stad, stader der kulfor strøjobbar for å brødfø seg i ei ventetid, turarbeid er basert på dugnad og eldsjeler. blant mykje anna pizzabod. I dag har Øystese i Hordaland eige kultur– Det var på den tida eg fekk den første hus proppa med aktivitet. Slik var det ikkje leksjonen min i at dersom eg ville gå denfor tjue år sidan. Men dei hadde eldsjeler. ne vegen, så krevst det arbeid – innsats og Franks eiga eldsjel og mentor heitte Randi arbeid, fortel Frank. Då han skulle framføre Hjemlestad og var norsklæraren. songar for den kjende teaterpedagogen Ale– Ho oppmuntra meg til å skrive, og det xandra Myskova, syntest han nok det gjekk var ho som tok oss med på teatertur til sånn nokolunde bra, men blei blankt avvist Bergen der eg såg teater første gongen. Og av Myskova som kravde meir enn ei supergod ja, det er nok ho som utan direkte påverknad || VÅR 2015 ||

31


stemme. Ein må arbeide med framføringa. Så blei det teaterskule, og i teaterskuletida hans var skulen i sterk grad prega av den namngjetne russiske pedagogen Irina Malochevskaja. – Under regimet hennar var det umogleg å utvikle seg til jålebukk. Sidan yrket vårt skal handle om formidling, er det viktig å halde eit auge med di eiga framstiling av stoffet og eit anna auge på korleis du når publikum, men dersom du begynner å kaste eit tredje blikk på korleis du tek deg ut, då har du gitt deg ut på ei livsfarleg ferd, meiner Frank og legg til: – Likevel, det finst nyansar her. Gløym korleis du tek deg ut, men det er lov, nei, det er viktig å opparbeide ein tryggleik, å stole på at ein kan arbeidet sitt så godt at ein føler seg trygg når ein går ut på scena. – No snakkar du om sjølvkjensla til skodespelaren, om å vere trygg på eige arbeid og eigne kunnskapar. Men teater er eit kollektivt prosjekt der regissøren har det avgjerande ordet. 32

– Sjølvsagt skal regissøren følgje planen sin, men det er mange vegar til målet. Eg har jobba med nokre som openbert trur det står likskapsteikn mellom orda regissør og despot. Og eg har jobba med nokre som gir fridom til å leike og leite mellom forskjellige måtar å framstille ein situasjon på, regissørar som lyttar og diskuterer, som gir rom for forsøk, men er klinkande klare i dei endelege vala sine. – Kva gjer du når regissøren ikkje legg vekt på forstavinga «med» i ordet medarbeidar? – Då går eg ut på scena og gjer som eg er blitt fortalt. Eg gjer jobben, men veit eg blir utydeleg for publikum, og nettopp det er eit viktig ankepunkt. For korleis vi møter publikum, betyr mykje. Det er for dei vi arbeider. No er det synleg korleis temperaturen stig for den elles så rolege Frank Kjosås: – Dette er viktig fordi dette handlar om grunnhaldninga mi til yrket skodespelar. Jobben min er å fortelje ei historie så || VÅR 2015 ||

tydeleg at publikum kan ta imot ho. Vi er eigentleg dei heldigaste arbeidarane i verda for i løpet av åtte veker med prøvetid kan vi prøve og feile. No kan vi vere direkte dårlege mens vi leiter etter kva som fungerer. Når vi så går ut på scena og forhåpentleg har lagt heile serien av feil bak oss, kan vi føle oss trygge i møtet med publikum. – I denne arbeidsprosessen er regien sjølve grunnlaget, sjølve ramma. Men innanfor denne ramma må skodespelaren ha fridom til å vere medskapande. I denne fridommen finn skodespelaren tryggleiken sin, og det er berre ein trygg skodespelar som kan gi publikum det dei har rett på. Dei har kjøpt billett i dyre dommar og skal ha noko igjen for det. – Korleis arbeider du med ei rolle? – Eg arbeider mykje, les, prøver å kunne teksten tidleg for å ha armslag til å arbeide fysisk. Og målet er at forteljinga mi i dei beste stundene kan bevege tilskodaren – følelsesmessig eller tankemessig – ein millimeter, seier Frank og fortel om eit lite kort


SWEENEY TODD I LITTERATUREN Historia dukka opp som føljetongen The String of Pearls i The People`s Periodical i 1846–47. Historia om den blodtørstige barberaren og den paibakande naboen hans er truleg basert på ein eldre urban myte om pai med tvilsamt fyll. Ei liknande historie stod å lese allereie i 1824 i The Tell Tale. I 1850 blei det hevda i ei ny utgåve av The String of Pearls: A Romance at Sweeney Todd var ein verkeleg figur som opererte rundt år 1800.

2 3

4 5

1

[ 1 ] Frank Kjosås og Charlotte Frogner, som spelar Mrs. Lovett, studerer kostymeteikningane i ein pause under fotoopptak til plakatbilde. [ 2 ] Som seg sjølv på eldreheimen i Evig ung. [ 3 ] Che i Evita. [ 4 ] Teatersjef og regissør Erik Ulfsby på Sweeney Todd ser til at uttrykket blir riktig til bildene. [ 5 ] Ugløymeleg som Gabe i Next to Normal. [ 6 ] Debuten på Det Norske Teatret som Woof i Hair. [ 7 ] Che i Evita. [ 8 ] Peter Pan, framsyninga som for alvor innførte flyging på scenen. [ 9 ] En formidabel Judas i Jesus Christ Superstar.

T E AT E R

Allereie i 1847 blei melodramaet The String of Pearls oppført på Britannia Theatre. Nye versjonar dukka opp i 1865,1962 og 1973 før Stephen Sondheim og Hugh Wheeler presenterte Sweeney Todd: The Demon Barber og Fleet Street. A Musical Thriller i 1979.

BALLETT 6 7

kollegaen Ingrid Bolsø Berdal fekk då dei begge spelte i musikalen Hair på Det Norske Teatret i 2006. Kortet var eit takkekort med rifla kant og ein liten blom i nedre høgre hjørnet, skrive med sirleg handskrift av ei dame på 88 år. Ho ville berre takke for opninga av andre akta og diktet Bolsø Berdal då las. Det diktet, skreiv ho, sette eit endeleg punktum for det vanskelege forholdet ho hadde til den avdøde mor si.

8

Sweeney Todd blei sett opp som ballettversjon ved Royal Ballet i London i 1959.

FILM

Stumfilmen Sweeney Todd kom i 1926, nye filmversjonar i 1928, 1936 og 1970, og den siste til no er Tim Burtons frå 2007. 9

– Det kallar eg å bevege publikum ein millimeter. Er det ikkje forunderleg? Arbeidsreiskapen vi har for å bevege eit menneske, er stemma og kroppen, metoden er arbeid, arbeid, arbeid. Og likevel er det underleg å oppleve korleis ein og same situasjonen treffer publikum forskjellig.

TV

Temaet er brukt i fem ­forskjellige fjernsynsproduksjonar frå 1970 til 2006. I 1998 spelte J­oanna Lumley Mrs. Lovett, og Ben Kingsley tok imot pris som beste mannlege TV-skodespelar for tittelrolla. I 2014 deltok Emma Thompson og Bryn Terfel i ein konsertversjon.

– Arbeid, arbeid, arbeid, seier du. Kva er den hardaste arbeidsøkta du har gjennomlevd? – Det må vere då Stein Winge ringde meg tre veker før premieren på Bibelen og bad || VÅR 2015 ||

33


meg overta rolla som Jesus. Først trudde eg det var ein usedvanleg dårleg spøk, for her var det snakk om mykje og vanskeleg tekst som skulle på plass på kort tid. Då det var klart at eg skulle gjere rolla, var vilkåret mitt at eg ikkje skulle ta regi, men gjere det på min måte. I dei tre vekene jobba og las eg i eit vanvitig tempo, blei døgnvill og gjekk i søvne, men var i presentabel stand til premieren. Og då eg i salen såg ei rekkje herrar med lilla skjortebryst og kvite kragar, herrar som kjenner teksten mykje betre enn eg, då dei falda hendene som til bøn då eg las Bergpreika, ja, då våga eg å tru at ikkje berre orda, men formidlinga òg var på plass.

34

– Ønskeposisjonen din er å vere medskapande skodespelar innanfor regirammene. Kvar og korleis har du erfart det best? – Då eg skulle spele Hamlet ved Hålogaland Teater, intervjua regissøren Nina Wester skodespelarane før prøvestart, spurde kva vi meinte om stykket og rolla, og kva ho kunne gjere for å hjelpe oss. Eg ville ha monologen «Å vera eller ikkje vera» sist fordi han er så viktig for tekstrekkja. Og slik blei det, fortel Frank – og legg til: – Fordi ein klassikar kan vere krunglete å oppfatte for publikum av i dag, tenkte eg mykje på Hamlet sin tale til skodespelartruppen som han held midt i framsyninga. Den monologen inneheld nesten alle råd ein skodespelar treng. I Tromsø skulle medlem|| VÅR 2015 ||

mer av Barne- og Ungdomsteateret spele skodespelarane, så eg spurde dei om tankane deira omkring det å spele teater. Svara deira var merkverdig like betraktningane til Shakespeare. Så eg framførte monologen med orda til ungdommen. Det var moro. – Du vil gjerne ta grep. Har du tenkt på eigne regioppgåver? – Ikkje no og ikkje konkret, men ja, eg drøymer om det, og øvst på den private lista mi står ei dramatisering av Antoine de Saint-Exuperys, Den lille prinsen. Den boka inneheld etter mi meining alt om det å vere menneske. Og tenk for ei flott visuell sceneforteljing ho kan bli.


1

2

[ 1 ] Silya Nymoen prøver parykken for første gang. Hege Ramstad (bak) er ansvarleg for sminken. [ 2 ] Mykje som skal klaffe for å få sminken til foto riktig. [ 3 ] Charlotte Frogner skal bake dei merkelagaste paiar i vår. [ 4 ] Detaljane må stemme i følgje regissøren Erik Ulfsby og kostymeansvarleg Ingrid Nylander.

3 4

SILYA TIL TEATER­ SCENEN

H – Du snakkar òg mykje om å vere trygg i arbeidet ditt som skodespelar. Er tryggleik noko du har med deg frå oppveksten heime i Øystese? Ein augneblink stoppar Frank opp og tenkjer seg grundig om før han seier: – Ja, når du spør, så er det det. Heimanfrå fekk eg alltid støtte og oppmuntring til å gjere mine ting, og det har utvilsamt vore viktig for meg i utviklinga mi som kunstnar. Eigentleg er Frank ein kunstnar med tre bein å stå på. Musikken har følgt han sidan barndommen. Det har teikning òg. Alle manushefta hans blir utstyrte med teikningar i prøvetida. Skodespelarkunsten er sjølve styrkebeinet, men mange vil gjerne høyre meir frå songaren Frank. – Nei, plateplanar har eg ikkje. Noka

juleplate kjem nok ikkje frå meg. Eg vil bruke stemma i teateret. I dag er teateret det songen var for meg før i verda. Då Frank var ferdig ved Teaterhøgskolen, var spådommane mange og dystre. For kva slags roller kunne vel liggje framfor ein liten pilt (169 cm) med eit vakkert androgynt ansikt? Søte smågutroller varer ikkje evig, var det nokon som sa. Haldninga nærma seg ei tid kulturpolert mobbing. Det må ha teke på kreftene? – Det er mykje ein må lære å takle her i livet. Som gutunge blei eg kraftig erta fordi eg var den første i klassen som kom i puberteten. Kven skulle vel trudd det?

|| VÅR 2015 ||

o blei landets nye yndling etter den forrykande innsatsen i Stjernekamp, sjølv om Silya Nymoen gjennom mange år har hatt ein solid karriere som songar og entertainar. Vi er sjølvsagt glade for at ho, mellom alle dei tallause tilboda som har strøyma inn, valde seg Det Norske Teatret som arbeidsplass når ho først tar steget vekk frå konsertscenen og inn på scenegolvet. I Sweeney Todds univers kjenner Silya slektskap med sjanger, estetikk og råskap. I følgje Erik Ulfsby, som både er regissør for framsyninga og teatersjef ved Det Norske Teatret, passar uttrykket hennar som hand i hanske med Sweeney Todds noko rufsete stil. Vi skal reke gatelangs i Londons hamnestrok, til kneiper og buler der trøkken og krafta i Silyas utstråling skal bli brukt, seier han om kvifor han ønskte seg Silya i ensemblet. Ho vil få ei sentral rolle som stykkets historieforteljar, ei historie som blir sett gjennom auga til Sweeney Todds eks-kone. Silya Nymoen har vist for ein heil fjernsynsnasjon at ho er ein drivande god formidlar av kjensler. Vi ønskjer ho velkommen inn i dramaet i Londons bakgater – til Sweeney Todd. 35


FUGLETRIBUNALET AV Agnes Ravatn DRAMATISERING ved Ingrid Weme Nilsen REGI Marit Moum Aune URPREMIERE 21. mars på Scene 2. I SENTRALE ROLLER Marie Blokhus, Niklas

Gundersen

Det Norske Teatret tek Agnes Ravatns suksessroman til scenen.

FUGLE­ PERSPEKTIVET I romanen Fugletribunalet held forfattar Agnes Ravatn ein meir alvorleg tone enn lesarane kanskje hadde forventa. Heilt borte er det sjølvironiske blikket likevel ikkje – for er det ikkje det som gjer oss til menneske? av

36

BJØRN IVAR FYKSEN

|| VÅR 2015 ||

foto

AGNETE BRUN


D

et var ein vakker dag på Internett, 2011. Eg hadde nettopp lese Agnes Ravatn sine muntert kyniske betraktningar om Den norske kyrkja i hennar «Filosofi i praksis»-serie i Dag og Tid, og svært begeistra skreiv eg på den sosiale nettstaden Twitter: «Leser Dag og Tid og ønsker å gifte meg med Agnes Ravatn. Hvordan går man frem? Her må Internett kunne være til hjelp.» Sekund seinare kvitra Ravatn sjølv tilbake, svært oppmuntrande og med ei lenkje til ein russisk nettstad for online-vigsler. Så høyrde eg aldri frå henne igjen. Ikkje lenge etter braut ho fullstendig med sosiale medium, sleppte suksessromanen Fugletribunalet ut i det fri og publiserte sjølvhjelpsboka Operasjon sjølvdisiplin om korleis ein får utretta ting her i livet, nemleg ved å kutte ned på Internett-misbruket. Og så ein sur, mørk vinterkveld møtest vi igjen, og ho er fordundre meg både forlova og gravid. Der sit vi i kjellaren på Kaffistova, ho med fart på karrieren og orden i sysakene, eg med bandopptakar og skjegget i postkassen. Mens eg sit og revurderer alle livsvala fram til dette punktet, tenkjer eg på Allis, hovudpersonen i Fugletribunalet, som Det Norske Teatret no har dramatisert. Allis har flykta frå hovudstaden etter at det er blitt avslørt at ho har skaffa seg ein NRK-jobb ved å liggje med kringkastingssjefen. For å arbeide med skamma har ho teke post som hushjelp og gartnar for den mystiske Sigurd ein stad på Vestlandet. Både søt musikk og dystre tonar kling mellom dei to. Eg spør bittert: – Kven har du lege med for å få Fugletribunalet sett opp på teater? – Tja, kven er det som har makt til å bestemme kva som skal setjast opp, då? Ein kunne kanskje ønskt seg ein meir profesjonell inngang til eit intervju, men når ein skal skrive om forfattarskapen til Ravatn, er freistinga stor til å etterlikne den sjølvutleverande ironien hennar, slik lesarane kjenner han frå avistekstane og bøkene hennar – ein stil ho medvite har fjerna seg frå i skrivinga av Fugletribunalet, ein roman om skam, skuld og soning. Likevel, den ironiske kynikaren er framleis der. For kor ille er det eigentleg at Allis har lege seg til topps? – Nei, skodespelarane her ved Det Norske Teatret skjønte jo slett ikkje kva problemet med det var … Nei då, framleis er det sånn at kvinner som bruker sex for å oppnå noko anna, blir veldig sterkt sanksjonerte. Det er ein kjønnstematikk i boka, og sjølv i 2014 blir Allis sett på som ei fallen kvinne. Ho er ei moderne og likestilt dame, men med ein gong grunnen blir riven vekk under henne, fell ho ubehageleg raskt inn i ei tradisjonell kjønnsrolle – som hushjelp – utan at ho ser ut til å reflektere noko særleg over det. Politikken tek slutt med ein gong ho står aleine med skamma, ho blir servil

og tener herren i huset. Ein kan ikkje ta heilt for gitt alle likestillingskampane som er vunne dei siste hundre åra. Kanskje er denne rolla litt avslappande òg. Det er mange lesarar som har sagt til meg at dei følte ein ambivalens då dei las boka, fordi dei kanskje sjølve drøymde litt om å stelle i hagen og bake brød, ikkje halde på med dette yrkeslivet. Det er ein litt ubehageleg impuls. Eg føler eg må vere takknemleg overfor kvinnekampen på 1970-talet – som har gjort at eg kan leve av å ha petitar på trykk … Den førre romanen til Ravatn, Veke 53, handla om ein desillusjonert lektor som ikkje fann seg til rette i tilværet, noko som leier tankane mot fleire av dei vrante hovud­personane til Dag Solstad. Allis har derimot levd høgt innanfor den kommersielle mediekulturen som Solstad sine figurar foraktar så sterkt. – Har likevel tilbaketrekkinga til Allis eit element av den same kulturkritikken i seg? – Ho har ikkje det same politiske prosjektet som Solstad – denne materialisme- og mediekritikken – ho treng å gøyme seg. Ho er full av skam og sjølvforakt, ikkje nødvendigvis over det som har skjedd, men over at det er blitt oppdaga. Men det er jo ei tilbaketrekking som er nært knytt til eit ønske eller håp om at det vil ta henne tilbake til ein meir autentisk tilstand. Før har ho fått all næring frå anerkjenning og merksemd frå andre, mens no vil ho leve i skjul for å skape eit liv som har verdi i seg sjølv, utan at nokon ser det. Sånn sett er det ein kritikk av det fenomenet som ser ut til å ri oss i dag: at dersom du ikkje kan vise det fram på Instagram, så har det ikkje skjedd. Der har du kanskje min Solstad-aktige kritikk. – Allis lid altså under blikka frå dei andre, det er ei sosial skam. Men kva med Sigurd? – For han handlar det om skuld, han har gjort eit lovbrot. Det er berre han sjølv som veit kva han er skuldig i, men det gjer det ikkje betre. Det er forbanninga hans, han kjem ikkje vidare fordi han aldri har fått moglegheita til å sone det han har gjort. – Då lurer eg på tittelen, denne domstolen av fuglar: Det er eit veldig sterkt symbol, men eg er ikkje sikker på om eg forstår det? – Fuglane er kanskje det mest utkrystalliserte symbolet på vissa Sigurd har om si eiga skuld. I og med at det var eit brotsverk utan vitne, er naturen for han påminninga om det som skjedde. «Fuglane veit», som det heiter i Sunnhordland. Draumescena om fugletribunalet kom lenge før eg hadde historia. Ho genererte mykje av romanen fordi eg ville vite kvifor han hadde den draumen om desse fuglane. Og så blei det mykje fugl. Men eg tenkjer jo litt sånn: «Oi oi, for eit originalt symbol – ein fugl!» Herregud, det er jo like uoriginalt som ein desillusjonert lektor.

|| VÅR 2015 ||

– Kor viktig er det med originalitet, eigentleg? – Nei, spør du meg, så spør eg deg. Var det eit retorisk spørsmål? Nei, det er ikkje så viktig, men faren er at folk trur eg skriver pastisjar eller parodiar. Nokre kritikarar forventa nok ein artig, humoristisk roman frå «Ravatn – vestlandskomikaren» og lurte på om det var ei ironisk bok, men det er det jo ikkje. Det komiske blei mindre interessant for meg i løpet av skrivinga. Ein har ikkje alltid ei klar meining om kvar ein skal, og etter kvart tok historia ei mørkare retning. Ofte er det sånn at humoren er med og forsterkar alvoret, men sånn var det ikkje her, han berre saboterte, og då måtte eg ta det ut. Eg må ikkje anstrengje meg for å vere morosam, men stoffet bestemmer språket, og då eg først hadde ei retning på historia, personane og universet, ramla dei humoristiske kontaktlinsene av. – Men det finst restar av det humoristiske språket i sjølvpiskinga til Allis. Som når ho ser tilbake på den skammelege avsløringa: «Såg meg sjølv liggande der som ein rubensk julegris under han, tatt med strømpebuksa nede.» Det er jo både nådelaust og festleg! – Ja, og det seier noko om henne som person, at ho har dette skråblikket på seg sjølv. Det er jo eit sunnheitsteikn òg. Å kunne sjå og vurdere seg sjølv utanfrå, det er jo det som gjer oss til menneske, er det ikkje sånn? Men eg trur det blir mindre av humoren hennar etter kvart som forholdet til Sigurd blir meir alvorleg. Og det er eigentleg eit ganske sterkt faresignal, at ho sluttar å ha ein ironisk distanse til situasjonen. – No har vi snakka mykje om romanen – har du nokon forventningar til dramatiseringa? – Nei, eigentleg ikkje, eg har ikkje hatt noko med ho å gjere, bortsett frå at eg har lese inn manuskriptet på band slik at skodespelarane kan bruke min dialekt – som dei altså trur er ein dialekt, og som berre eg veit at er ei utvaska blanding av litt forskjellig. Men eg er veldig fornøgd med at det er Marit Moum Aune som skal regissere, eg har sett ein del av framsyningane hennar og trur ho vil føle seg minimalt bunden til å gjere stykket veldig likt boka. Eg håper at det blir stor forskjell på teaterstykket og romanen, eller så er det ikkje noko poeng. – Synest du det er litt stas? – Ja, det er det jo, takk for leiande spørsmål. Heilt enormt stas. Denne boka har vore ein opptur, med fine kritikkar og mange lesarar, prisar, og så kulminerer det i teateroppsetjing! – Ja, du veit korleis dette endar? Det er jo nettopp gått ei Trost i taklampa-framsyning her. Ho begynte som roman, blei så teater, så film og til slutt ein musikal som blei spelt omkring på bygdene dei neste femti åra. – Herregud, så bra, er det sant? – Ja, dét er kva Det Norske Teatret er i stand til å gjere med ein roman! 37


- Det er noko tiltrekkande ved det vi ikkje forstår Marie Blokhus veit korleis det er å audmjuke seg sjølv dag etter dag. Ho er jo skodespelar. No skal ho spele Allis Hagtorn i Fugletribunalet – NRK-kjendisen som har skjemt seg ut for heile nasjonen.

F

orteljinga er så thrilleraktig, så elektrisk. Vi får heile tida akkurat nok informasjon til å henge med, og det gjer det utruleg spennande. Og så er det ei veldig ærleg skildring av kor vanskeleg det er å like seg sjølv av og til. Det trur eg folk kjenner seg igjen i. Og det er godt å få lov til å le av det. Alt dette trur eg vi skal klare å få over på scenen, seier Marie. Allis er NRK-kjendis, har stått i med kringkastingssjefen og vore utru mot mannen sin. Kollegaene har sett det. Heile Noreg har lese det i avisa. For å få folkesnakk, mediestøy, og ikkje minst si eiga skam på avstand, tek ho arbeid hos ein mann som treng hjelp til å stelle hus og hage. – Er dette feigt eller modig? Marie blir stille og vrir seg i stolen. Ser i taket og sukkar. – Eg veit ikkje om eg vil seie det er modig, men eg trur ikkje ho ser noko anna løysing. Ho ber ei stor einsemd i seg. Det er ikkje nødvendigvis negativt. Eg kjenner meg òg ganske godt igjen i sjølvfordømminga som ho held på med. Kanskje spesielt fordi eg har dette yrket der folk meiner noko om arbeidet ein gjer eller kven ein er heile tida. Slik er det jo også for Allis. Ho er òg ein offentleg person. Eg kan merke at eg somme tider blir litt trøytt av det. Det går veldig inn på meg, seier Marie. Sidan ho gjekk ut frå Teaterhøgskolen i 2010 har Marie Blokhus hatt hovudrolla i ein spelefilm og ei rekkje store roller på Det Norske Teatret. Ho spelar ei av dei største rollene ein skodespelar kan ha; Hamlet, ho gjestar norske heimar kvar laurdag i beste sendetid som Maria i situasjonskomedien Side om side, og ho er fast tilsett som sko38

av

ÅSNE H. DAHL TORP

foto

FREDRIK ARFF

despelar, noko dei færraste får oppleve i så ung alder. Ho innrømmer at det nok er ho sjølv som er den strengaste kritikaren. At ho skulle ønskje at ho kunne vere litt hyggelegare med seg sjølv i periodar. – Eg fekk veldig vondt av Allis. Herregud, kan du ikkje berre gi deg sjølv litt pusterom? tenkte eg. – Dette statusfallet, det å rett og slett drite seg sånn ut at du ikkje klarer å sjå deg sjølv i spegelen ein gong, er det noko du kan relatere deg til? – Ja, eigentleg. For eg opplever at det er noko sjølvdestruktivt ved det. Og det merker eg at eg sjølv er av og til. Det kjem til uttrykk på ulike måtar, eg skal ikkje gå i detalj, seier ho og ler det bort.

EG KAN ABSOLUTT KJENNE MEG IGJEN I Å BLI DRATT MOT SÅNNE TING, DET SOM ER SKAMBELAGT OG… JA, SÅ FEIL. I Fugletribunalet fortset fornedringa for Allis når ho kjem til mannen ho skal stelle for. Bagge er slett ikkje gamal og pleietrengande, men ein yngre mann. Kjekk og mystisk. Det byrjar med at Allis er tenestejenta, ikkje ein gong verdig til å ete i lag med mannen i huset. Men det endar i eit destruktivt kjærleiksforhold. – Ved å gå inn i ein relasjon med mannen ho skal stelle for, utset ho seg for nok ei krenking. Ho klarer ikkje å stoppe seg sjølv. Eg kan absolutt kjenne meg igjen i å bli dratt mot sånne ting, det som er skambelagt og… || VÅR 2015 ||

ja, så feil. Det er vel derfor Allis har så sterkt behov for å sone for krenkinga si, den er sjølvpåført. Fugletribunalet er full av vakre naturskildringar. Marie Blokhus er frå Tverlandet, ei lita bygd mellom fjord og fjell utanfor Bodø. Ho kjenner seg sterkt knytt til naturen, til fjæra. Korleis den tek henne imot på same måten uansett kva positive og negative ting som har hendt i livet. Naturen som berre er der, uansett. Dette rømmer Allis til. Men det blir ikkje heilt slik ho har tenkt. – Allis trur jo at det er ein pleietrengande person ho skal hjelpe når ho drar dit, og ser nok for seg at det skal vere ei mykje større flukt enn det det faktisk blir. Ho flyktar ifrå eigne mønster, sitt begjær og sin personlegdom. Men så kjem ho dit og går inn i eit nytt forhold til denne mannen der ho blir enda meir sjølvdestruktiv. Sjølvutslettande. Og synest til og med at det er spennande! Ho klandrar seg sjølv for at ho gjer det, men held fram. Det ho flyktar frå er jo inne i henne, derfor repeterer ho berre dei same mønstera, analyserer Marie. – Men kven er eigentleg Bagge? Kva er så fascinerande med han? – Han framstår for meg som ein veldig mystisk person. Det er jo eitt eller anna veldig mørkt ved han. Dei har jo begge noko dei flyktar frå. Han har jo òg eit ganske sadistisk, eller, maktutøvande forhold til dei som knyter seg til han. Medan Allis har kanskje ei meir sjølvplagande legning. Når desse to møtest, hamnar dei i desse respektive rollene. Samstundes straffar dei begge seg sjølv for at dei har denne dragninga. Så det blir eit forhold fullt av doble spenningar. Ein giftig balanse, seier Marie. Ho let seg fascinere av det mørke ho ikkje forstår.


|| VÅR 2015 ||

39


EI UBEHAGELEG SLEKTSHISTORIE

Hundre år tilbake i tid, det er på ein måte nært og samstundes så langt unna. av

G

CARL MORTEN AMUNDSEN

jertrud Jynge skal lage ei framsyning ho har valt å kalle Frå landevegen. Det skal handle om noko personleg, om tippoldefaren hennar, Jakob Walnum, den første generalsekretæren i Omstreifarmisjonen. Tittelen spelar på bladet som misjonen gav ut, Fra Landeveien. I nesten hundre år eksisterte denne organisasjonen som var retta inn mot taterane, splinten, fanten, dei reisande eller romanifolket. Mange namn har dei hatt, denne gruppa av folk som dukka opp i Noreg og i resten av Skandinavia på 1500-talet. På slutten av 1800-talet blei taterane oppfatta som eit problem. Eilert Sundt hadde drive deltakande observasjon, skrive om dei, levd med dei og lært seg språket deira i 1850åra. Jakob Sverdrup tek opp saka i Stortinget i 1893, han snakkar om «fantevesenet». Sverdrup etterlyser nokon som kan ta opp 40

foto

SIREN HØYLAND SÆTER / PRIVAT

arven etter Sundt. Det handlar om eit kristningsarbeid og eit busetjingsarbeid. Fetteren til Sverdrup, Jakob Walnum, sokneprest i Leikanger tek opp hansken. Han skulle bli Omstreifarmisjonens første generalsekretær. – Det var tippoldefar min, seier Gjertrud. På farmor si side. Eg har tenkt på det ofte; kor fjernt og kor nært hundre år er. Mormor, til dømes. Hennar mor døydde i barselseng etter å ha fødd sitt tolvte barn. Mormor drøymde alltid om å gå på skule. Det fekk ho ikkje, ho måtte drive gardsarbeid som ho hata, og etter kvart fekk ho lære å sy. Ho sytte for at hennar barn igjen fekk utdanning, men ho opplevde også at eit av barnebarna hennar kom og var skulelei. Søstera mi, kledd i svart droppa ut av skulen. Korleis skulle mormor forstå dette? Ei lang reise i eit og same liv. Det har skjedd mykje i det norske samfunnet det siste hundreåret.

|| VÅR 2015 ||

Eg spør Gjertrud om denne tippoldefaren hennar, Jakob Walnum (1851 – 1925), om kven han var? – Han var av presteslekt. Det var prestar i generasjon etter generasjon i den delen av familien, frå 1500-talet og frametter. Far til Jakob var prest i Nykirken i Bergen, og det var i Bergen han vaks opp. Bror hans var òg prest forresten, og då Jakob blei sokneprest i Leikanger, etablerte dei to brørne sin første barneheim. Men sidan styrarinna på heimen ikkje ville ha noko av at taterungar fekk bu på heimen, vakna Walnum sitt engasjement for denne folkegruppa. På det meste dreiv Omstreifar­misjonen seks barneheimar og to arbeidsleirar (Svanviken og Bergfløtt), og organisasjonen eksisterte heilt fram til 1989, frå 1935 under namnet Misjon for hjemløse. Frå 1907 fekk Omstreifarmisjonen ei særleg statleg oppgåve. Han skulle ta seg av denne folkegruppa.


Han skulle vere ein mellomting mellom misjonsorganisasjon og statleg direktorat. – For hundre år sidan handla dette om kven som var norske, seier Gjertrud. – Ideen om det norske var knytt til bondekulturen. Det var viktig å avgrense seg frå andre, dei som ikkje var ein del av det norske, og sjølv om dei hadde budd i landet i meir enn tre hundre år, blei dei haldne ute. Dei var ikkje ein del av oss. Etter tippoldefar blei det verre. Han gjekk av som generalsekretær i 1918 fordi han hadde dårleg helse. I 1930 gjekk den store psykiateren og seinare motstandsmannen Johan Scharffenberg til harde åtak på Omstreifarmisjonen. Dei dreiv og tok seg av desse ungane, sa han, men dei gjekk ikkje laus på hovudproblemet, og det var at omstreifarane sette barn til verda. Fem år seinare sluttar Omstreifarmisjonen seg til dette synet under den nye generalsekretæren Ingvald Carlsen, og så starta steriliseringsprogrammet. Vi er i trettiåra og rasehygienen har mange tilhengjarar. – Sjølv om han var gått av då rasehygienen verkeleg sette inn, skjedde det ei utvikling også i tippoldefar si tid. I byrjinga var dei opptekne av å frelse heidningar i eige land, og borna blei sett på som uskuldige. Dei skulle få kristen oppseding, og taterane skulle medverke frivillig. Dei skulle gi frå seg barna frivillig, og dei skulle delta på ­arbeidsleiren frivillig. Men det tok ikkje lang tid før det blei meir og meir tvang. – Kjenner du skam for dette? – På eit vis, endå det finst ikkje nokon

framleis? Eg trur det. Eg trur det er mykje av desse haldningane som finst blant oss i dag. Det finst der kanskje meir skjult. Taterane er anerkjent som nasjonal minoritet, men dei blir framleis usynleggjort, gløymt når ein inviterer til offisielle tilstellingar og utegløymt frå lærebøker i historie. I haust fekk vi høre om taterkvinna som ikkje fekk kjøre taxi i Kongsvinger. Eg las òg ein kronikk av Marthe Wexelsen Goksøyr. Ho seier at hennar minoritet, dei med Downs syndrom, no er i ferd med å bli utrydda, slik taterane blei forsøkt utrydda. Sjølv om språket har endra seg, har vi stadig problem med dei som er annleis. Vi synest vel ofte at dei burde ta seg saman og bli slik som oss.

Gjertrud Jynges tippoldefar Jakob Walnum var sokneprest i Leikanger og stiftar av Omstreifarmisjonen.

sakleg grunn for det. Farmor var stolt over bestefar sin. Han var jo ein stor mann i si tid. Han ligg på Vår Frelsers Gravlund med ein vakker bronsebyste. På støtta står det «De hjemløses venn». Vi ser det annleis no, og eg kjenner eit slags samfunnsansvar. Korleis er det no? Er assimileringspolitikken der || VÅR 2015 ||

– Korleis blir forma i framsyninga? – Eg vil jo vere personleg, og eg kan ikkje ta på meg å fortelje heile historia til taterane. Det kan eg ikkje. Jo meir eg har lese, jo vanskelegare vert det å skape eit heilskapleg bilde. Det er så mange ulike historier, så mange ulike tolkingar av det som har skjedd. Eg kan jo heller ikkje forstå tippoldefar, for han levde i ei anna tid og tenkjer annleis. Men eg kan kanskje forstå i glimt, og eg vil syngje songane til taterane. Ikkje som tater, men som den eg er; skodespelar og formidlar, tippoldebarnet til ein mann som ville noko godt, hjelpe og frelse, men som likevel skapte så mykje liding.

41


SKODESPELARAR VÅR 2015

42

ESPEN BERANEK HOLM

ØYVIN BERVEN

JON BLEIKLIE DEVIK

MARIE BLOKHUS

SIGVE BØE

ESPEN BRÅTEN KRISTOFFERSEN

ANE DAHL TORP

INGRID JØRGENSEN DRAGLAND

RAGNAR DYRESEN

PÅL CHRISTIAN EGGEN

CHARLOTTE FROGNER

SILYA NYMOEN

JAN GRØNLI

NIKLAS GUNDERSEN

AGNES KITTELSEN

FRODE WINTHER

THERESE SLOB

PAUL ÅGE JOHANNESSEN

EMIL JOHNSEN

KYRRE HELLUM

GJERTRUD JYNGE

GLENN ANDRÉ KAADA

ARE KALVØ

HANS RØNNINGEN

ODDGEIR THUNE

SARA KHORAMI

|| VÅR 2015 ||


FRANK KJOSÅS

LASSE KOLSRUD

PAUL-OTTAR HAGA

MARIANNE KROGH

GEIR KVARME

BRITT LANGLIE

HEIDI GJERMUNDSEN BROCH

TRINI LUND

ESPEN LØVÅS

VIDAR MAGNUSSEN

UNN VIBEKE HOL

HALLVARD HOLMEN

EIVIN NILSEN SALTHE

JUDY NYAMBURA KARANJA

MARIUS NÆSS

INGUNN BEATE ØYEN

HILDE OLAUSSON

THOMAS BIPIN OLSEN

MADS OUSDAL

SVEIN ROGER KARLSEN

JOACHIM RAFAELSEN

BERNHARD RAMSTAD

INGEBORG SUNDREHAGEN RAUSTØL

ESPEN REBOLI BJERKE

IREN REPPEN

HILDEGUN RIISE

SVEIN TINDBERG

HEIDI RUUD ELLINGSEN

GRETHE RYEN

ELISABETH SAND

PER SCHAANNING

GARD SKAGESTAD

SILJE STORSTEIN

MORTEN SVARTVEIT

KADIR TALABANI

KAIA VARJORD

NINA WOXHOLTT || VÅR 2015 ||

43


hovudscenen BRAND REGI: KJETIL BANG-HANSEN MOR COURAGE OG BARNA HENNAR REGI: LARS-OLE WALBURG SWEENEY TODD REGI: ERIK ULFSBY BRØRNE LØVEHJARTE REGI: SVEIN STURLA HUNGNES SHOCKHEADED PETER REGI: ERIK ULFSBY KALVØ REGI: ERIK ULFSBY

scene 2

scene 3

RYTMAR FRÅ VERDSROMMET REGI: AUDNY CHRIS HOLSEN I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE REGI: TORMOD CARLSEN FUGLETRIBUNALET REGI: MARIT MOUM AUNE KALVØ REGI: ERIK ULFSBY HAMLET REGI: PEER PEREZ ØIAN STORT OG STYGT REGI: MARIT MOUM AUNE

LUCKY HAPPINESS GOLDEN EXPRESS REGI:: JESPER BERGLUND VI SOM FØLER ANNLEIS REGI:: CARL JOHAN KARLSON BU BETRE REGI:: CATRINE TELLE FRÅ LANDEVEGEN HAUGTUSSA REGI: ANE DAHL TORP/ ERIK ULFSBY DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA REGI: TRINE WIGGEN

I EINSEMDA PÅ BOMULLS MARKENE

D E T N O R S K E T E AT R E T K R I S T I A N I VS G AT E 8 , 0 1 6 4 O S LO BILLETTBESTILLING K J Ø P B I L L E T T PÅ D E T N O R S K E T E AT R E T. N O E L L E R PÅ T L F. 2 2 4 2 4 3 4 4 W W W. D E T N O R S K E T E AT R E T. N O

72 PROSENT NORMAL GJESTESPEL IVAR AASEN OG DET NORSKE REGI: INGRID WEME NILSEN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.