Bakteppet Hausten 2018

Page 1

Peer Gynt Ved vegs ende

Bjarte Tjøstheim Svart belte i ­frykthandtering

Vår vesle Når du ikkje taklar sjølve livet

Nila og den store reisa Fantasiens kraft

REPERTOARMAGASIN

Haust 2018

Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Preben Hodneland spelar ekteparet Macbeth som satsar høgt og fell djupt i jakta på makt og posisjon.


nyskrivne eventyret har utspring i vår tids store flykningstraum. Vi skal bruke magien som scenerommet gir til å skape ei forteljing om korleis fantasiens kraft både er positiv, men også farleg når ho kjem ut av kontroll. På Scene 3 møter vi ein mann som har hamna på utsida av samfunnet og har flykta inn i ein annan personlegdom. Han er strengt tatt galen, men som den mytiske rockelegenda Jim Morrison i The Doors klarer han å halde ut. Mange har brukt ein sterk personlegdom som skjold mot samfunnet . Sjølv om teater er underlagt visse rammer og avhengig av eit kollektiv

som løftar saman, så tillet vi oss å drøyme innimellom. Vi vil gjerne ha visjonar som er med på å løfte oss. Draumar skal ein lytte til. Å få teaterkunsten til å spegle livet utanfor scenen er ein draum vi har delt med mange. Og som vi også har forsøkt å gjere noko med. Vi har etablert Det Multinorske, ei teaterutdanning for studentar med familiebakgrunn utanfor Europa, og vi har også dei seinare åra løfta fram historier om og frå miljø som ikkje er skildra før i dramatikken. I vår sette vi i samarbeid med SPKRBOX opp Blokk til blokk, som er ei hylling av hip hop og som gir eit bilde av oppvekst på Romsås og Haugenstua. Utafor sette utanforskap på agendaen, og ungdommar med ulike erfaringar kring

L EI A R

temaet fylte Hovudscenen vår kveld etter kveld.

DET ER DEN DRAUMEN…

No syslar vi med draumen om å inkludere fleire både i arbeidet med å

bringe scenekunsten ut til folk, men også med å reise ut av teaterhuset her i sentrum til område i byen vår som ikkje er så vane med å ha eit teatertilbod. Vi skulle gjerne ha spelt meir for unge menneske i deira eigne miljø. Vi ønskjer å spele teater i Groruddalen og derfor er vi i

I haust er scenane fulle av drøymarar. Dei er ikkje ukjende i vår

gang med eit arbeid for å finne samarbeidspartnarar som kan vere

bransje. Mange av dei store karakterane i dramatikken har gjerne

med å gjere denne visjonen verkeleg. Det Norske Teatret ønsker sterkt

det til felles at dei flyktar inn i sinnets mange labyrintar. Nokre går

å ta samfunnsutviklinga på alvor. Teatret har heldigvis stor tillit i

seg ville, andre bruker krafta til å skape seg om, eller løfte seg ut av

teatermiljøet og i det politiske landskapet. Det gjer oss rusta til å setje ut

miserable tilvære. Krafta i draumen skal ein ikkje underkjenne. Var

i livet eit slikt prosjekt i god dialog med lokale samarbeidspartnarar. Vi

det ikkje for drøymarane, hadde verda vore langt fattigare.

vonar denne draumen kan bli ein realitet om ikkje lenge.

Først ute blant drøymarane i haust er ein gammal kjenning. Peer Gynt har ein frodig fantasi. Han drar ei løgn når det trengst og han

No på starten av eit nytt teaterår er vi stolte av å kunne presentere

tilpassar seg omgjevnadene. Mot slutten må han stå til rette for det

eit rikt og variert tilbod til publikum. I dette magasinet kan de lese om

livet han har levd, men toler det å bli avslørt? Ein nestor i Peer Gynt-

alle dei små og store prosjekta og mange av dei sentrale aktørane, som

tradisjonen tar på seg rolla som den gamle Peer. Toralv Maurstad er

gjer det mogleg for eit teater som vårt å ha eit så mangfaldig repertoar.

igjen aktuell i stykket han spelte første gongen for 85 år sidan.

Teaterhausten 2018 var lenge berre ein draum, men no er den klar.

I haustens store familieframsyning på Hovudscenen i år møter vi ei

anna som har tendensen til å drøyme seg vekk. Dette skal vise seg å bli hennar styrke når landsbyen ho bur i, blir del av eit storpolitisk spel. Vesle Nila må flykte frå alt ho kjenner, og saman med bestefaren tar ho fatt på den store reisa over havet for å finne tryggleik. Dette

2

Erik Ulfsby teatersjef

|| HAUST 2018 ||


BAKTEPPET

34

REPERTOARMAGASIN

HAUST 2018 ANSVARLEG UTGJEVAR DET NORSKE TEATRET, ERIK ULFSBY REDAKTØR IDA MICHAELSEN I REDAKSJONEN ÅSNE DAHL TORP, ERLEND TÅRNESVIK DREIÅS REDAKSJONSADRESSE DET NORSKE TEATRET, KRISTIAN IVS GATE 8, 0164 OSLO

PRODUKSJON 07 MEDIA OPPLAG 22 000 FRAMSIDEFOTO EIRIK MALMO

SPONSORAR

BILLETTBESTILLING DETNORSKETEATRET.NO ELLER TLF. 22 42 43 44 OPNINGSTIDER BILLETT-TELEFON: MÅNDAG: 08 – 17 TYSDAG - FREDAG: 08 – 19 LAURDAG: 11 – 17 SØNDAG: 2 TIMAR FØR FØRSTE FRAMSYNING OPNINGSTIDER BILLETTLUKA: MÅNDAG KL. 08 – 17 TYSDAG – FREDAG: KL. 08 – 19.30 LAURDAG: KL 11 – 17.30 SØNDAG: 2 TIMAR FØR FØRSTE FRAMSYNING GI EI TEATERGÅVE KJØP GÅVEKORT PÅ DETNORSKETEATRET.NO ELLER I BILLETTLUKA. FÅ TEATERINFO MELD DEG PÅ NYHEITSBREVET VÅRT! DETNORSKETEATRET.NO PARKERING SENTRUM P-HUS, INNKØYRING VED MUNCHS GATE OG HAMMERSBORGTUNNELLEN (RING 1). PARKERING FOR FUNKSJONSHEMMA VIS-À-VIS NASJONALGALLERIET I UNIVERSITETSGATA.

FØLG OSS

FACEBOOK.COM/ DETNORSKETEATRET TWITTER: @DETNORSKETEATRE INSTAGRAM: DETNORSKETEATRET

I N N H A L D H AUS T 2018 4

9

PEER GYNT – VED VEGS ENDE Teatersjef Erik Ulfsby om Ibsens meisterverk. TORALV MAURSTAD Aktuell i rolla som den gamle Peer.

10 JAKTA PÅ PEER Om fortolkingshistorikken til Peer Gynt. 12 MENNESKE OG MONSTER Macbeth og vanskane med å leve med seg sjølv. 17 MAGNUS MYHR Aktuell som koreograf i Macbeth 18 ENGLAR OG INDRE DEMONAR Bjarte Tjøstheim med framsyning som korleis det er å vere Bjarte.

|| HAUST 2018 ||

22 ADHD Har du møtt ein med ADHD, har du berre møtt ein.

MELD DEG PÅ NYHEITSBREVET VÅRT OG MOTTA GODE TILBOD

24 PETTER NÆSS Aktuell med regi på HyPer i Egypt. 25 TUSEN TAKK TEATER Ei merkeleg oppsummering av samtida. 28 RENATE REINSVE Aktuell i Tusen takk teater. 30 BAROMETERFASEN Ungdom som levande ­barometer på tida vår. 33 VICTORIA MEIRIK Aktuell som instruktør på Vår vesle 34 EIN HYLLEST TIL FANTASIEN Haustens familieframsyning hyllar fantasiens kraft

37 CATHARINA VU Aktuell som Nila, ei lita jente på flukt. 38 DET HANDLAR OM Å LEVE, FOR FAEN Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar. 41 BJØRN SUNDQUIST Aktuell som instruktør på Haust i helvete – Eg er Jim Morrison. 42 SKODESPELAROVERSYN 44 PREMIERAR

3


PEER GYNT – VED VEGS ENDE?

Sjølv om Erik Ulfsby no set opp Peer Gynt for femte gong på få år, synest han at han berre så vidt har komme i gang med utforskinga av denne rike teksten. TEKST OLA E. BØ FOTO EIRIK MALMO

4

|| HAUST 2018 ||


PEER GYNT AV Henrik Ibsen OMSETJING Jon Fosse REGI Erik Ulfsby PREMIERE 9. september på Hovudscenen I ROLLENE: Toralv Maurstad,

Svein Tindberg, Sara Khorami, Jan Grønli, Geir Kvarme, Paul-Ottar Haga, pål Christian Eggen, Karl-Vidar Lende, Niklas Gundersen, Jonas F. Urstad, Judy Nyambura Karanja, Anette Amelia Hoff Larsen, Unn Vibeke Hol, Ragnar Dyresen, Paul Åge Johannessen. Peer Gynt er ved vegs ende.

|| HAUST 2018 ||

5


Ensemblet med Erik Ulfsby i front tar i mot ein rungande applaus på premierekvelden i Zagreb.

I

bsen har laga eit bygg med ufatteleg mange inngangar og dører. Eg meiner det er hans viktigaste og beste verk, seier teatersjefen som i haust har regien på endå ein versjon av Peer Gynt.

I 2014 tok Ulfsby over Peer Gynt ved Gålå-

vatnet. Gjennom tre somrar hadde han høve til å leike fram kjernen i den lystdrivne og samansette antihelten. I vår fekk det kroatiske publikummet møte ein moderne og poetisk versjon da Ulfsby gjesta nasjonalteateret i Zagreb. Det er ei vidareføring av denne versjon som no er klar for Hovudscenen med premiere 9. september.

Så vidt eg veit spelte han sin første Peer i 1955 med faren Alfred Maurstad som instruktør, og har jo sidan spelt han i ulike fasar av livet.

– På Gålå speler naturen ei heilt avgjerande

rolle, framsyninga blir jo òg kalla Peer Gynt ved Gålåvatnet og etter kvart let vi Peer bokstaveleg talt både stå og gå på vatnet. Det å spele stykket medan naturen går frå lys til mørker, slik også teksten gjer, framhevar jo denne nærleiken til naturen og historias myteomspunne utgangspunkt. På ein innandørs scene har ein på ein heilt annan måte større fridom til å flytte seg i historia. Men det var jo i løpet av desse tre omgangane på Gålå at eg verkeleg tok til å konsentrere meg om den siste delen av stykket. – Og korleis kjem dette til uttrykk i den oppsetjinga vi får sjå på Det Norske Teatret no i haust? – Det er Peer sitt møte med Knappestøypa6

ren, der han blir tvinga til å tenkje gjennom livet sitt og kven han eigentleg er og har vore, som styrer oppsetjinga. Det er jo heilt ufatteleg at 5. akta nærast var oversett heilt til Hans Jacob Nilsen i 1948 kom med si radikale nylesing av stykket. Eg synest den akta er heilt unik når det gjeld innsikt i og skildring av menneskesinnet, og den rammer altså inn heile denne framsyninga. Det er ein poetisk brutalitet i å møte livets slutt, og eg tenkte ei stund å bruke «ved vegs ende» som undertittel. Både livet og Ibsens geniale tekst er jo ei reise frå ung galskap og fram til større livserkjenning. Det er noko nådelaust ved dialogen mellom Peer og Knappestøyparen. Peer spør fortvila; «Men den som no aldri å vite fekk/kva Meister har meint med || HAUST 2018 ||

Foto: Siren Høyland Sæter

han?» og Knappestøyparen svarer; «Det skal han ane!». Denne replikkvekslinga er altså utgangspunktet for å strukturere oppsetjinga rundt den gamle Peers oppgjer med seg sjølv, seier Ulfsby. Heilt konkret blir dei ulike delane av Peer

Gynt kasta opp i lufta og landar innanfor samtalen med Knappestøyparen, som minne eller som gamle fotografi som blir framkalla. Det er fullt mogleg å sjå heile stykket som ei reise i fantasien der episk tid og utvikling er oppheva, og i staden kjem som små glimtvise tilbakeblikk. Og i forlenginga av denne ideen kjem Toralv Maurstad inn. Han speler ikkje berre ein gammal mann ved vegs ende i live. Han er som skodespelar også ein imponerande berar av heile den norske Peer Gynt–tradisjonen. – Toralv såg den mykje omtalte oppsetjinga

til Hans Jacob Nilsen fleire gonger, visstnok utan å bli særleg imponert! Han har sjølvsagt klare meiningar om karakteren han skal spele, og det gjer arbeidet ekstra interessant, seier Ulfsby om hovudrolleinnehavaren. – Han fortalde nyleg at han første gong var med i Peer Gynt på Nationaltheatret i 1933, 7 år gamal, i rolla som Vesle–fanden, trollungen. Så vidt eg veit spelte han sin første Peer i 1955 med faren Alfred Maurstad som instruktør, og har jo sidan spelt han i ulike fasar av livet. At det no kjem enno eit kapittel er heilt i Peers ånd. «Eg vil enno ein gong opp å sjå sola renne!», seier Peer.


1

2

3

4

1 Det kunstnarlege laget utanfor nasjonalteateret i Zagreb. 2 Eitt av møta mellom Peer og Knappestøyparen. Den grønkledde i front. 3 Plakaten hang rundt omkring i heile den kroatiske hovudstaden. 4 Bøygen og den unge Peer. 5 Toralv Maurstad blir intervjua på direkten i den nasjonale nyheitssendinga i pausen på premieren. 6 Nasjonalteateret i Zagreb er frå same periode som det norske Nationaltheatret og opna i 1895. 7 I Dovregubbens hall. 8 Erik Ulfsby fekk gode attestar etter arbeidet med dei kroatiske skodespelarane.

Alle foto: Siren Høyland Sæter

5 6

7 8

|| HAUST 2018 ||

7


«Det er i det heile tatt nok av referansar i stykket som peikar mot at slutten er ei reise inn i dødsriket.»

Peer Gynt blei for første gong omsett i verseform til kroatisk av Miso Grundler til premieren i april. Denne versjonen blir også utgitt i bokform i år.

– Så det å sjå stykket gjennom auga til den gamle Peer, betyr ikkje nødvendigvis at vi får presentert stykket bak–fram? – Nei, ikkje bak fram. I samtalen med Knappestøyparen skyt vi inn minne og hendingar som blir utløyste av denne dialogen, og dei kjem uordna, slik minner gjerne gjer. Framkallinga blir òg visuelt understreka av projeksjonar, både på skodespelarane og på sceneelementa. – Dermed blir det kanskje fleire òg som kjem til å spele Peer Gynt her? – Ja, det blir vel sju Peerar alt i alt, det har noko både med alder og situasjonar å gjere, men òg at Peer representerer noko i oss alle. – Men den gamle er der heile tida? – Ja, saman med Knappestøyparen. – No skal vi ikkje røpe for mykje, men er det t.d. noko i scenografien til Arne Nøst som kan gi oss ein peikepinn på kva slags oppsetjing dette er? – Ein kan vel seie at vi er i eit slags symbolsk landskap. Peer og Knappestøyparen møtest ved ei elv og ei bru ein må over. Dette er jo velkjende mytiske bilete. – Ja, ein kan vel tenkje både på Gjallarbrua og elva Styx? – Og Knappestøyparen kan for så vidt gjerne vere ferjemannen, eller ein hjelpar eller ein medpassasjer. Det er i det heile tatt nok av referansar i stykket som peikar mot at slutten er ei reise inn i dødsriket, og det er ik8

kje uvanleg å hevde at Peer døyr i slutten av 4. akt når han utroper seg sjølv til sjølvets keisar. Eit menneske som berre ser seg sjølv er jo på ein måte død. Denne produksjonen er ein del av eit samarbeidsprosjekt i eit nettverk av offentleg støtta teater i Europa, ETC (European Theatre Convention). Det Norske Teatret er eitt medlemsteater av rundt 40 frå 22 ulike land. Gjennom denne organisasjonen starta eit samarbeid med Nasjonalteatret i Zagreb. Eit kroatisk kunstnarleg lag sette opp ein klassikar her i Oslo, Den siste Kongsfesten av Miroslav Krleza og Ulfsby tok med seg eit norsk kunstnarleg lag for å setje opp Peer Gynt der med kroatiske skodespelarar.

– Det var vel neppe det same suget etter Peer Gynt i den kroatiske hovudstaden som det er her? – No er det det! (he, he) Vel, dei fleste skodespelarane hadde jobba med scenar frå stykket på teaterskulen, men eg trur ikkje ein hadde spelt Peer Gynt ved Kroatias leiande teater på meir enn 40 år. Det er meir vanleg å velje stykke som Hedda Gabler og Et dukkehjem. Noko av grunnen til ein viss skepsis trur eg bestemt har vore mangelen på ei skikkeleg omsetjing. Det fanst ei prosaomsetjing, men da ein ung, lovande poet omsette knappestøyparscenen etter Ibsens vers vers, || HAUST 2018 ||

Foto: Siren Høyland Sæter

blei det stor begeistring i ensemblet. No har den norske ambassaden i Zagreb vore med på å støtte ei fullstendig nyomsetjing og publisering av stykket slik at teksten òg ligg føre for eit lesande publikum. Oppsetjinga fekk ei overveldande mottaking både hos publikum og kritikarar og kjem etter kvart på gjesting til Det Norske Teatret. Dette europeiske prosjektet har hatt utprøving av ny teknologi som ramme, og alle dei 9 samarbeidspartane har møtst fleire gonger for å utvikle ideane sine. Det Norske Teatret fekk etter kvart kontakt med eit miljø ved NTNU i Trondheim. Lyddesignaren Amund Ulvestad, som bur i Berlin og underviser i Trondheim, har utvikla sensorar som skodespelarane kan bere på seg og som dei styrer sjølv. Dette skaper mykje meir presise lydeffektar og illusjonar enn om ein styrer lydkjelda utanfrå. Jon Fosses omsetjing, som han gjorde til

­ obert Wilsons oppsetjing i 2005, har han R pussa litt på og gjort klar til utgjeving på ­Samlaget i samband med premieren. – Å få arbeide med to meistrar – Ibsen og Fosse – er ei eventyrleg gåve. Vi er heldige som har to slike storleikar i norsk teater, avsluttar Erik Ulfsby.


A K T U E L L

TORALV MAURSTAD SKODESPELAR Aktuell som Peer Gynt - Eg ser fram mot å bryne meg på den gamle kjenningen. Første gongen eg var med i Peer Gynt var som 7-åring på Nationaltheatret, som Trollungen. Men eg har spelt han både som ung og midt i livet. No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før. Peer som yngre vil blir spelt av dei andre i ensemblet, men heile tida sett frå den gamle sin ståstad. – Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein altfor frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje må vere budd på. FORTALT TIL IDA MICHAELSEN FOTO EIRIK MALMO

|| HAUST 2018 ||

9


Peer Gynt frå 1948 i regi av Hans Jacob Nilsen.

Peer Gynt frå 2005 i regi av Robert Wilson.

JAKTA PÅ PEER

P

Peer Gynt er aldri den same. Spesielt ikkje etter 2. mars 1948.

TEKST ALFRED FIDJESTØL, DET NORSKE TEATRETS HISTORIESKRIVAR FOTO STURLASON/ LESLEY LESLIE-SPINKS / SIREN HØYLAND SÆTER

eer Gynt er ikkje berre ein karakter og eit teaterstykke, det er også ein teatertradisjon. Det er mellom dei mest spelte teaterstykka i verda. Det er sett opp om lag 10 000 gonger sidan urpremieren i 1876. Dei ulike framsyningane har påverka kvarandre, det har oppstått tolkingstradisjonar og historiske måtar å forstå scener og figurar. Og det har sjølvsagt oppstått brot med desse. Ein av dei viktigaste nytolkingane nokon sinne skjedde faktisk på Det Norske Teatret, då Peer Gynt i 1948 blei sett opp her for første gong i det teatersjef Hans Jacob Nilsen lanserte som ein avromantisert versjon. Då Det Norske Teatret blei etablert i 1913

fekk det ikkje lov av Ibsens arvingar å omsetje dramatikken hans til nynorsk. Dermed kunne ikkje teateret spele han, mens Nationaltheatret spelte fleire Ibsen-framsyningar kvart år. Men i 1948 klarte dåverande teatersjef Hans Jacob Nilsen å overtale barnebarnet Tancred Ibsen om at også Det Norske Teatret måtte få prøve seg. Nilsen meinte den norske Peer Gynt-tradisjonen var ei forfalsking, tradisjonen hadde gjort det til eit nasjonalromantisk underhaldande kassastykke; no lova han Tancred Ibsen å lage ei framsyning som endeleg skulle vere slik Henrik Ibsen hadde tenkt. Om han berre fekk lov. «Tenk for en interesse det ville vekke overalt,» lokka Nilsen, «dersom ’Peer Gynt’ kunne bli ført frem slik at Ibsens mening kom frem, og ikke som det nå gjøres i en delvis forvrengt og forvridd skikkelse.» Tancred Ibsen ga sitt 10

ja, så lenge teatersjef Hans Jacob Nilsen både instruerte og spelte hovudrolla sjølv. Hans Jacob Nilsen hadde sjølv bidratt til det han no oppfatta som ein forfalska versjon av Peer Gynt. Nilsen hadde vore i Sverige som flyktning den siste delen av verdskrigen, og hadde mellom anna spelt Peer Gynt med eit omreisande turnéteater. Så lenge Noreg var i krig, hadde det vore vanskeleg å late Peer Gynt bli anna enn tradisjonell nasjonalromantikk, innsåg Nilsen: «Det blir sikkert en udmerket Norgesreklame, med Griegs musikk, norske drakter og landskaper o.s.v. Ironien går jo selv et norsk publikum forbi,» skreiv Nilsen til venen Nordahl Grieg den gongen. Men då krigen var over og Det Norske Teatret i 1948 hadde fått retten til å spele stykket, var tida mogen for å setje opp ein versjon der ironien skulle svi i auga. Det Norske Teatret hadde etter krigen flytta

frå Bondeungdomslagets Teatersal i Bøndernes Hus til det nyrestaurerte teaterlokalet i Stortingsgata. Her var det dreiescene og tekniske fasilitetar som gjorde det mogleg å få inn att viktige parti som nesten alltid blei droppa i tradisjonelle framsyningar, som prestens tale og guten som skjer av seg fingeren. Samvitsrøystene i siste akt, som normalt drukna i Griegs musikk, kunne endeleg kome til sin rett. «Jeg ser på en fornyelse av Peer Gynt som en av de viktigste oppgaver i norsk teater,» lova Nilsen på førehand. Lyrikaren og omsetjaren Henrik Rytter tok på seg å gjendikte teksten til nynorsk. Å || HAUST 2018 ||

omsetje Ibsen i hans eige heimland var kontroversielt og skulle skape sterke reaksjonar. Som om ikkje dette var nok, fekk Hans Jacob Nilsen Harald Sæverud til å komponere ny og meir passande musikk til stykket. «Aldri har noen musikk passet dårligere til et skuespills karakter enn Griegs musikk til ’Peer Gynt’. Det er den rene yndighet til skjul for den rene ynkelighet,» meinte Nilsen og lova ei framsyning som skulle få Grieg til å snu seg i grava og Ibsen omsider til å ligge riktig. Første akt skulle spelast utan opphald til og

med Åses død, med dreiescene som dreiar etter som «Peer vildrar rundt i draum og ørske», planla Nilsen. Seterjentene skulle ikkje vere «operasongarinner, men berre ville og manngalne jenter», Dovregubben og trolla skulle ikkje vere «julebukkar, men karikaturar av norske bønder», og Aases død skulle spelast like brutalt og usentimentalt som Ibsens tekst legg opp til og Griegs musikk alltid har spolert. Då Peer skjøner at mora skal døy, set han seg – etter Ibsens scenemerknader – «med ryggen til mora og lyg seg sjølv burt», skriv Nilsen i regiplanen, mens Griegs musikk «så vedunderleg mjuk og vakker – vrid heile scenen rundt, så at ho ikkje kan spelast annarleis enn slik ein no gjer det». På same måten kolliderer «Solveigs sang» – frå Griegs hender eit konsertnummer for ei kraftig sopranrøyst – med den sceniske framføringa av ei 60–70 år gamal kone som tenkjer tilbake på sin ungdoms kjæraste. I Afrika-scenane skulle heller ikkje Anitra vere så ung og vakker som Griegs musikk gjer henne. I pakt med Ibsens merknader skulle


Frå prøvene på Peer Gynt i Zagreb i år. Det er ei vidareføring av denne versjonen Erik Ulfsby set i scene med premiere 9. september.

ho vere ei «skitten neger- eller beduinarjente – med hengjebrøst og ditto rumpe – stygg og avskremeleg». Med desse regigrepa, den nye musikken og den nye omsetjinga skulle folk «gå heim som frå andre Ibsen-stykke, og kjenne seg personleg anklaga», lova Nilsen. Nilsen engasjerte seg i alle delar av teater-

produksjonen, han teikna jamvel skissene som kostyma skulle lagast etter. Saman med lysmeister Alf Moxness konstruerte han eit apparat som projiserte dekorasjonen frå måla glasplater på rundhorisonten frå kvar side av scenen. I trekvart år hadde Moxness arbeidd med apparatet. Problemet var å få dei to projeksjonane til å gli saumlaust saman. Eit teknologisk gjennombrot fekk Moxness klokka 02.00 om natta heime hos seg sjølv; han spratt opp av senga og projiserte ut av vindauget og bort på veggen over gata. Og desse tekniske grepa var heilt avgjerande for den ideologiske vendinga Nilsen ville få fram. Gjennom denne teknikken var mange og raske sceneskift mogleg, og dette blei hovudgrunnen til at ein no kunne ta med mykje meir av teksten enn i dei tradisjonelle versjonane, der dekorasjonen blei bytt ut manuelt i lange pausar med mellomaktsmusikk. Ironisk nok hadde Nationaltheatret sett

stykket på speleplanen like før Det Norske Teatrets premiere. Nationaltheatrets store primadonna Johanne Dybwad fekk markere sine 60 år ved teateret ved å spele Mor Aase i ein nasjonalromantisk treaktsversjon av Peer Gynt. Det Norske Teatret var først uroleg for repertoarkollisjonen, men innsåg snart at det berre var ein fordel. No kunne folk ved sjølvsyn samanlikne dei to regikonsepta, gårsdagens og framtidas, spelte side om side i Studenterlunden med få vekers mellomrom. Den 2. mars 1948 var det endeleg premiere

på framsyninga til Det Norske Teatret. Aviser

frå heile Skandinavia var komne for å melde stykket. «Forestillingen er ikke til at komme uden om,» skreiv Alv G. Schelderup i Berlingske Aftenavis: «Den har Betydning for al Fremtid.» Og slik har det faktisk gått. Framsyninga er

blitt ein referanse for seinare Peer Gynt-oppsetjingar. Då Det Norske Teatrets seinare teatersjef Tormod Skagestad skulle opne jubileumssesongen i samband med teaterets 50 årsjubileum i 1962/63-sesongen, valde han nettopp å iscenesetje Peer Gynt i dialog med den framsyninga Nilsen hadde laga 15 år tidlegare. I Hans Jacob Nilsens ånd skreiv han ein forklarande programartikkel der han gjorde greie for regivala. Peer Gynt var det stykket i norsk teaterhistorie som mest tydeleg hadde ein tradisjon, forklarte Skagestad, ein tradisjon folk var medvitne om og som ein kvar ny instruktør måtte relatere si framsyning til. I den romantiske tradisjonen var Peer ein kreativ helt, i Nilsens versjon ein kynisk antihelt, i Skagestads versjon verken helt eller skurk, men rein inkonsekvens, han realiserer ikkje seg sjølv, slik han lenge helst vil tru; han oppløyser tvert imot sin personlegdom gjennom ustanselege kompromiss». Skagestad vende blikket mot Peers indre, han skrelte lauken, som Axel Kielland seinare skulle uttrykke det, og retta fokus mot dei psykologiske og i siste instans teologiske dimensjonane i stykket: «Peer Gynt er ikkje noko nasjonalromantisk verk, like lite som det er eit antiromantisk realistisk verk, – det er eit mysteriespel om mennesket sitt kår på jorda,» meinte Skagestad. Skagestad oppfatta alle dei siste scenane etter prestens tale som ei utlegging av Peers tankar, det er «hans eigne konkretiserte tankar og syner». Og då Det Norske Teatret i 2005 saman

med Den Nationale Scene skulle markere 100-årsjubileet for unionsoppløysinga ved å få verdas leiande teaterregissør Robert Wilson til Noreg for å lage ei framsyning, var || HAUST 2018 ||

det igjen Peer Gynt som skulle setjast opp. Wilson arbeidde mykje mindre ideologisk og tekstnært enn Nilsen og Skagestad. Utgangspunktet for prøvearbeidet var rommet. Og lyset. Wilson var i opposisjon til det tekstbaserte teateret, i framsyningane hans skulle alle elementa, lys, lyd, rørsle, rom og tekst, sidestillast. Like eins ønskte han at skodespelarane ikkje skulle tenkje i prøveperioden, men gjere det han sa. «Don’t ask, do it!» formante han stadig skodespelarane under prøvane. «Maken til forestilling har jeg ikke opplevd før på et norsk teater,» fastslo ein av norsk teaters mest røynde teatergjengarar, IdaLou Larsen, etter premieren. Og framsyninga blei invitert til gjestespel over heile verda. Det kom invitasjonar frå Europa, Amerika, Australia og Asia. Det var praktisk umogleg å takke ja til dei fleste, berre éin av invitasjonane ville dei nødig takke nei til. Invitasjonen frå Brooklyn Academy i New York – BAM – verdas fremste gjestescene. I april 2006 drog dei to teatera saman til New York, og nesten 60 år etter Hans Jacob Nilsen lukkast med å få løyve til å spele Peer Gynt på nynorsk, blei det same stykket spelt på nynorsk i New York. Når Erik Ulfsby no har regi på denne ver-

sjonen av Peer Gynt, er han altså den tredje teatersjefen ved Det Norske Teatret som sjølv vel å iscenesetje dette stykket, medviten om korleis forgjengarane har løyst det. Og når Toralv Maurstad, som sjølv ber ein heil Peer Gynt-tradisjon på skuldrane sine, for første gongen skal spele dette stykket på Det Norske Teatret, teateret der begge foreldra hans arbeidde, vil sjølvsagt også alle dei tidlegare versjonane han har gjort av denne rolla klinge med. Toralv Maurstads Peer, som i denne versjonen ser tilbake på sitt liv, ser samstundes tilbake på stykkets framsyningstradisjon. Slik er det alltid med Peer Gynt. Samstundes blir det kvar gong skapt noko heilt nytt. Endå ein gong vil Peer forandre seg. Jakta held fram. 11


MACBETH AV William Shakespeare OMSETJING Edvard Hoem REGI Peer Perez Øian PREMIERE 1. september på Scene 2 I ROLLENE: Preben Hodneland, Ingeborg

S. Raustøl, Gard Skagestad, Frode Winther, Joachim Rafaelsen, Per Schaanning, Amell Basic, Petter Winther, Øyvin Berven, Peiman Azizpour Er lagnaden vår noko vi skaper sjølv, eller….?

Monster og menneske

Med Macbeth syner Shakespeare at det vanskelege ikkje er å gjere vonde handlingar. Det vanskelege er å leve med seg sjølv etterpå. I haustens første premiere skal Preben Hodneland og Ingeborg Sundrehagen Raustøl spele ekteparet som satsar høgt og fell djupt i jakta på makt og posisjon.

F

TEKST ERLEND TÅRNESVIK DREIÅS FOTO EIRIK MALMO

orteljingar om vondskap er kvardagskost. Det er parteringsdrap i nyheitene, «true crime»– dokumentarar på Netflix og blodig nordic noir på bestseljarlista. Verdshistoria vrimlar av menneske som har gjort forferdelege gjerningar; kunsten har til alle tider portrettert det, menneske har til alle tider vore fascinert av det. Haustens første premiere viser eit glitrande eksempel på dei mørkaste kreftene i mennesket frå verdslitteraturen. Macbeth – myten om slaktaren og hans djevelske dronning – er William Shakespeares mest intense og blodige tragedie. I løpet av fem akter tek ekteparet livet av både menn, kvinner 12

og barn i jakta på kongetrona. Men under den blodraude overflata er det kanskje noko enno meir trugande som lurar. For regissør Peer Perez Øian er ikkje dei monstrøse handlingane til ekteparet det mest interessante i stykket. Tvert imot finn Øian, bak alle handlingane, eit djupt humant menneske i Macbeth. Men kan ein vere eit monster om ein også er eit menneske? Eller kanskje det mest skremmande er kor menneskeleg vondskapen faktisk er? MOT UNDERGANGEN

Macbeth kjem frå krigen som ein helt. Han har kjempa for konge og fedreland og får heider og ære for innsatsen sin. Saman med kameraten Banquo møter han på tre hekser || HAUST 2018 ||

som lovar dei to soldatane ei tilsynelatande lys framtid. Macbeth skal bli konge, og etterkommarane til Banquo skal bli kongar heile gjengen. Dei to soldatane kan ikkje tru si eiga lykke, men forstår ikkje korleis dette skal gå til. Den sitjande kongen av Skottland, kong Duncan, er godt likt og i god form. Det er først når Lady Macbeth, kona til Macbeth, får nyss om denne spådommen, at ein plan for å oppfylle profetien tek form. Lady Macbeth har inga tru på at ektemannen vil vere i stand til å gjere det som trengst. Ho er redd Macbeths lynne er for menneskeleg til å gå snarvegen: «Du vil bli stor, / er ikkje utan ærelyst, men saknar / den vondskap som skal til» seier ho til seg sjølv. Ho


|| HAUST 2018 ||

13


forstår at ho må hjelpe Macbeth til å oppfylle profetien, så han kan bli konge og ho dronning. Den sitjande kong Duncan må myrdast. Før slutten av andre akta har profetien til dei tre heksene blitt oppfylt. Macbeth er konge av Skottland. Men det sluttar ikkje der. NEDADGÅANDE SPIRAL

Macbeth har ingen barn, og dermed ingen som kan arve kongetrona etter han. – I biletleg forstand betyr det at Macbeth ikkje har ei framtid, tenkjer Øian. – Han veit at han må forløyse det største potensialet i seg sjølv her og no. Og ikkje nok med det, Macbeth har allereie fått blod på hendene ved drapet på kongen. Da verker det urimeleg at barna til Banquo skal arve Macbeth si trone, sånn som heksene spådde: «Er det så, / da har eg skjemt mitt sinn for Banquos ætt, / for deira skuld drap eg den edle Duncan» resonnerer han sjølv. Ikkje før er kongen drepen, har Macbeth tinga drapet på kameraten Banquo og sonen hans. – Kanskje Macbeth og Lady Macbeth føler at dei har rasjonelle grunnar til å handle som dei gjer, seier Øian: – Men alt det dei ikkje kan kontrollere – det irrasjonelle og umedvitne – tek gradvis meir plass. Det blir ein 14

nedgåande spiral der hjernen kannibaliserer seg sjølv. Samvitet let ikkje den rasjonelle sida sigre i denne kampen. Macbeth blir stadig meir moralsk degenerert i løpet av stykket. «Full av skorpionar er mi sjel», seier han. På festmiddagen same kvelden ser Macbeth gjenferdet til Banquo. Han får ikkje fred. Når den første grenseoverskridande handlinga er gjort, er grensa allereie flytta. Dei motførestillingane Macbeth hadde før drapet på kongen, har no blitt utydelege. Publikum får vere vitne til konsekvensane av handlingane til ekteparet Macbeth, fortel Øian: – Dei er to menneske som deler ein ambisjon og eit mål, men som blir framande for kvarande og seg sjølve. Handlingane deira er berre den ytre ramma Shakespeare brukar for å studere konsekvensane av å ta eit val. Macbeth startar som ein helt, og endar opp som ein massemordar. Mange fleire skal døy før teppet går ned etter femte akt. DET SKOTSKE STYKKET

Ein seier at det kviler ei forbanning over Macbeth. Seier du tittelen på stykket, vil det gå deg ille. Det har historia vist. Skodespelar Preben Hodneland tek ingen sjansar. Han skal spele || HAUST 2018 ||

hovudrolla i Det Skotske stykket, og har ikkje tenkt jinxe det. – Det er eit vanskeleg stykke og eg treng all den lykka eg kan få. Det er ei krevjande rolle han skal gi seg i kast med i haust, når han går inn i eit menneskesinn som tilsynelatande reknar menneskeliv for mindre verdt enn eigne ambisjonar og behovet for makt. Når lagnaden blir lagt fram for han, er det berre vegen mot trona som må stakast ut, eit dolkestøyt av gongen. For å få det han vil ha, må han gjere seg sjølv til ein mordar. Resten er kampen mot demonane. Korleis grip ein tak i ei slik rolle? –Nøkkelen er at eg må menneskeleggjere han, fortel Hodneland. – Macbeth blir gjerne framstilt som ein tyrann. Men det interessante er kvifor han gjer det han gjer. For å finne svar på det, går eg til teksten. Jo meir eg les og arbeider med det, jo fleire nyansar finn eg. Arbeidet mitt blir å løfte fram smånyansane som finst i teksten, til dømes når han tidleg i stykket bestemmer seg for at han ikkje skal drepe kong Duncan, og han går inn til Lady Macbeth for å seie det. – Ved første augekast verkar det som at det er ho som pushar han til å drepe kongen. Og det gjer ho jo også. Men samstundes veit han kva han gjer når han går inn til ho. Kanskje er han ikkje sterk nok til å stå i handlingane sine


Tre månader før prøvestart må skodespelarane for første gong inn i rollene som ekteparet Macbeth. Denne dagen blir brukt til filminnspeling og foto som del av lanseringa av haustens repertoar. Tarantellaen er berre legid inn for dagen og skal ikkje vandre rundt i scenerommet.

«Ved første augekast verkar det som at det er ho som pushar han til å drepe kongen.»

aleine. Han treng Lady Macbeth. Rolla som Lady Macbeth blir spela av Ingeborg Sundrehagen Raustøl. Hodneland tenkjer det er eit fascinerande ektepar vi møter i stykket: – Som ektepar er dei ei eining, dei utfyller kvarandre på eit vis. Til dømes er det interessant korleis Lady Macbeth snakkar om mannen sin når ho er aleine, til skilnad frå korleis ho snakkar til han når han er der. Alle dei mjuke sidene er kanskje det ho elskar ved han. Men når han er der, snakkar ho ned manndomen hans, akkurat som ho prøver å utløyse noko i han. DET VONDE MENNESKET

Professor i filosofi Lars Fr. H. Svendsen skriv i boka Ondskapens filosofi at vondskapen er

menneskeleg. Mennesket er både godt og vondt, og vi har det i oss til å gjere begge delar. Og når vi gjer vonde handlingar, kan det vere fleire underliggande grunnar til det. Men vi gjer ikkje det vonde fordi det er vondt. Unntaket er kanskje i fiksjonen, der det Svendsen kallar for den demoniske vondskapen kan finnast. Macbeth veit at det er innan rekkevidde å bli konge, det har heksene fortalt han, og han må krysse eigne grenser for å oppnå dette. Det er eit subjektivt gode som er motivasjonen hans for å gjere det han gjer. Dette kallar Svendsen for den instrumentelle vondskapen, til skilnad frå den idealistiske eller dumme vondskapen. Den instrumentelt vonde har forstått kva som er godt og vondt, men vel å sette det gode til side av omsyn til seg sjølv, og han finn glede i målet han vil nå, ikkje i sjølve handlinga. – Dette er menneske som trur dei kan heve seg over moralen, slår Øian fast. Både Macbeth og Lady Macbeth veit at det dei gjer, ikkje er rett. Ideen er at målet helgar middelet: Eg gjer noko eg ikkje burde gjort, men det eg oppnår er så bra at eg gjer det likevel. Svendsen viser til Kant og ideen om moralloven (det kategoriske imperativ), fri vilje og det radikalt vonde || HAUST 2018 ||

for å forklare dette prinsippet. Ein sett omsynet til seg sjølv høgare enn moralen. DRAUMEN OM MAKT

Spenninga i framsyninga ligg ikkje i kva Macbeth og kona gjer, men korleis dei handterer og legitimerer eigne handlingar. I psykologien er det det ein kallar kognitiv dissonans. Du veit at det du gjer er feil, men du gjer det likevel. Målet freistar for mykje. Omgrepet kjem frå den amerikanske psykologen Leon Festinger. Han meinte at menneske søker orden og samanheng i tilværet, og at handlingar, haldningar og meiningar må forståast ut frå dette. Folk røyker, drikk og et usunn mat, sjølv om vi veit at det ikkje er bra for oss. For å motverke kognitiv dissonans, der ein person til dømes handlar i strid med eigen overtyding, vil personen nytte ulike strategiar for å oppheve, oversjå eller bagatellisere motsetningar. For Macbeth er det heksene som har spådd kva som skal skje. Rolla til heksene har fascinert lesarar i hundreår. Dei peikar ut framtida til Macbeth tidleg i stykket. Men er dei ei hildring eller er dei verkelege? Er det dei som gjer Macbeth til ein mordar og samstundes 15


Regissør Peer Perez Øian (til høgre) følgjer godt med når skodespelarane Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Preben Hodneland er i filmopptak til videoen som kommunikasjonsavdelinga tar opp. Nikolai Bergstrøm (til venstre) sørgjer for at lyset blir bra.

frikjenner han for skyld? Dei har jo spådd at dette er vegen det skal gå. Held dei fram Macbeths lagnad, som allereie er bestemt, eller symboliserer dei den vonde freistinga? Dei inste draumane til helten? Øian tenkjer at heksene representerer ei legitimering av noko som allereie ligg latent i Macbeth. – Tanken om at det er han som burde vere konge, veks som ein kreftsvulst i han etter møtet med heksene. I slutten av tredje akt seier Macbeth at det ikkje er råd å snu: «Eg står i blod så djupt at eg kan ikkje vade lenger, å snu er like vondt som å gå over». Macbeth veit at han ikkje kan gjere om alt han har gjort. Om andre ser han som ein tyrann, så kan han like gjerne leve opp til det. Han kan like godt halde fram. TRAGISK HELT

Vi publikummarar kan kjenne oss dregne mot det mørke og vonde, det vekker både avsky og nysgjerrigheit i oss. Ordet thriller kjem frå det engelske ordret thrill, ‘ få til å skjelve eller gyse’, og omgrepet psykologisk thriller viser gjerne til ei skildring av enkeltmenneske som er under sterkt psykologisk press. Slik kan personar med mykje makt kan utføre fatale handlingar som følgje av psykologisk ubalanse. Tragedien, slik Aristoteles såg den, skulle ha ein tilsvarande effekt på publikum. Dei skulle kjenne frykt og samhug med 16

hovudpersonen, den tragiske helten, for så å lære korleis ein ikkje skulle gjere. Gjennom ein såkalla katarsis – reinsing – skulle publikum gå ut av teateret med fornya tru på den moralsk sett riktige vegen å gå. Macbeth er eit døme på ein klassisk tragisk helt som viser kor ille det kan gå når du bryt dei moralske reglane. Dess meir Macbeth veltar seg i blod, dess meir usikker og plaga blir Lady Macbeth. I søvne prøver ho å vaske usynleg blod av hendene sine. Ekteparet går i oppløysing fordi dei er samvettsfulle menneske som for seint forstår konsekvensane av vala dei har tatt. Vondskapen er ein spiral som går djupare og djupare. Ekteparet Macbeths dragning mot trona er i røynda eit stup ned mot undergangen.

nelle vesen. Det medfører kanskje eit behov for å avvise det vonde som noko som er oss framandt. Den humanistiske ideen i stykket insisterer på at vi alltid har eit handlingsrom. At menneske alltid kan ta andre val. Macbeth meiner seg styrt av noko i seg sjølv som han ikkje er herre over: at han speler rolla som er tiltenkt han. Han beklagar det som skjer, utan å erkjenne at han sjølv har makt til minske skaden av det han gjer. Kanskje den kognitive dissonansen Macbeth slit med, er vissheita om at monsteret han har blitt, har han skapt heilt sjølv. Med Macbeth syner Shakespeare oss at det vanskelege ikkje er å gjere vonde handlingar. Det vanskelege – for ikkje å seie umoglege – er å leve med seg sjølv etterpå. Kanskje er vondskapen ein del av den menneskeleg psyken. Dermed er det ikkje det monstrøse som er det mest gruvekkande med Macbeth. Kanskje det er det humane og logiske som bør skremme oss mest. Det er eit stykke som får ein til å tenkje over kor langt ein er villig til å gå får å nå eigne mål. Og kva pris ein er villig til å betale.

«Macbeth er eit døme på ein klassisk tragisk helt som viser kor ille det kan gå når du bryt dei ­moralske reglane.»

VONDSKAPENS VESEN

Vi vil gjerne kalle menneske som gjer vonde handlingar for monster, og på den måten gjere vondskapen til noko umenneskeleg. Øian meiner at vi menneske gjerne vil undertrykke dei sidene ved psyken som er usiviliserte. Vi vil gjerne tenke på oss sjølve som rasjo|| HAUST 2018 ||


A K T U E L L

MAGNUS MYHR KOREOGRAF Aktuell med Macbeth Vondskap er noko menneskeleg. Samstundes er ingen fødde vonde. Det interessante er å prøve å forstå ekteparet Macbeth og vala dei tek. Alt ein gjer lagrar seg i kroppen, og det er min inngang til arbeidet med dette stykket. Det er viktig at det ikkje blir ein karikatur på vondskap. Det første eg sa til regissør Peer Perez Øian, var at «DU treng jo ikkje koreograf!». Eg har kjent han lenge og sett mykje av det han har hatt regi på, og det som er så fint er at det han gjer er så utruleg gjennomanalysert. Eg arbeider intuitivt. Han er på mange måtar min rake motsetnad. Eg kan kaste ut ein ide, så kan vi diskutere, prøve det ut og så eventuelt justere. Eg kan seie sånn «herregud, kan dei ikkje berre ligge og rulle litt på golvet der?» Og så prøver vi det ut. Peer er utruleg leiken, og det er eit veldig fint samarbeid. Koreografi er for meg samansmeltinga av kropp, rom, lys og lyd. Eg er ikkje interessert i å koreografere dansenummer, og eg er allergisk mot å skulle trumfe dans inn i teateret. Eg trur ikkje nødvendigvis publikum kjem til å sjå at det har vore ein koreografi inne i denne produksjonen, og det tenkjer eg er ein god ting. Mitt mål er å vere med på å skape ei oppleving der kropp og tekst utfordrar og komplementerer kvarandre og gir dette fantastiske stykket fleire nyansar. Eg er oppteken av kjønn, identitet og oppvekst i arbeidet mitt. Å ha kjønnsperspektivet med seg inn i teateret er heilt naudsynt i dag. Ein må utforske og utfordre kjønnsrollene. Det er mykje gammalmannsteater ute og går. Men eg meiner at så lenge ein prøver å lage heile menneske på scenen, så vil ein ikkje ende opp med kjønnsstereotypiar. Men ein må vere bevisst. For teateret skal ligge i framkant. Eg tenkjer på teateret som ein framtidsspegel, og da må ein vere medviten om at dei vala vi tek på scenen, betyr noko. FORTALT TIL ERLEND TÅRNESVIK DREIÅS FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

|| HAUST 2018 ||

17


ENGLAR OG INDRE DEMONAR

Med svart belte i frykthandtering skal Bjarte Tjøstheim innta Scene 2 i haust. Her skal han forsøke å finne ein metode for å bli kvitt angsten sin. TEKST IDA MICHAELSEN FOTO PERNILLE SANDBERG

18

|| HAUST 2018 ||


DET GÅR BETRE NO AV OG MED Bjarte Tjøstheim REGI Thomas Giertsen URPREMIERE 21. september på Scene 2

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein inst inne er engsteleg av natur?

|| HAUST 2018 ||

19


Det går betre no, hevdar Bjarte Tjøstheim, som er aktuell med ei framsyning om livet som Bjarte.

D

et går betre no er tittelen på monologen, som Bjarte har skrive sjølv. I registolen sit Thomas Giertsen, som kom med ideen, som strengt tatt dreiar seg om korleis det er

å vere Bjarte. – Eg fekk frie tyglar. Oppfordringa var å skrive meg gjennom livet mitt som i stor grad handlar om sjølvpåførte avgrensingar. Undervegs leverte eg stikkprøver. Det var mykje å ta av. Etter kvart blei eg gjort merksam på at her var det mykje dystert. Alt eg skreiv om var nedturar. Og gong på gong måtte eg forsikre Thomas om at «jojo, det er sant, men det går betre no altså!» Da sette vi det som arbeidstittel, slik at eg også skulle hugse på dei lyse og positive sidene ved livet mitt. For det er masse ting som går kjempebra altså, sjølv om eg ikkje kjem på noko sånn no i farta, forsikrar den lett nervøse teaterdebutanten. Trass i at Tjøstheim er ein av dei mest populære komikarane i landet, at radioprogrammet han frontar saman med Sagen–brørne har ein trufast – og stor – fanskare, at han har kapra den finaste dama, og at han stadig er å sjå på tv–skjermen og filmlerretet, ber han på ei frykt om å bli avslørt ein dag. At alt berre var eit spel, og at det ikkje kunne vere sant. For prestesonen frå Randaberg har alltid vore skjør og har hatt redsla som ein konstant følgjesvein gjennom livet. No blir det teater av denne historia, og sjølv om håpet er å få folk til å le, er framsyninga eit ope og ærleg innblikk i eit liv som er strengt regulert for å få det til å kjennast trygt. – Joda, eg har mine heilt faste rutinar. Eg står opp, går på jobb i radioresepsjonen, går heim, ser på tv, et middag, ser på tv med Kristin (kona), og så legg eg meg. Kvar einaste dag.

Men innimellom må rutinen brytast. Han er rett nok aldri å sjå på premierar, raude løparar, kjendisfestar eller plassar der han blir eksponert. Livet på Torshov der han og Kristin har budd dei siste ti åra, fyller dei fleste behova hans. Men han kan bli dratt med på ting som er morosame, og kan synast det er fint. Som det julebordet for knappe to år sidan da Thomas kom opp med ideen. – Eg hadde vel drukke eit par pils. Da fungerer eg best sosialt. Eit par styrepils, og livet går på skjener. Der og da syntest eg at det var ein kjempeide. Så god at eg seinare på kvelden måtte understreke det ved å sende Thomas eit par tomlar i veret gjennom festlokalet. Alle som har vore på fest, har hatt den kjensla dagen derpå. Kva var det eg eigentleg sa? Gjorde eg verkeleg det? I Bjartes hovud rulla heile festen på nytt – om igjen og om igjen. Tomlane, overmotet, trua på at dette var gjennomførleg. Han måtte halde senga i to dagar og fleire gonger forsikre kona om at dette måtte han få stoppa. At han kunne vere så dum. Men så var det ei lita stemme langt bak i hovudet som krangla seg til å få overtaket. Kunne han ikkje vente berre litt med å avslå? Så kunne han heller gjere det litt seinare. No heng portrettet hans på skodespelarveggen i teateret, saman med andre kjente scenekunstnarar som Ane Dahl Torp og Svein Tindberg. I Bjartes hovud er det ikkje han sjølv som heng der. Det er berre ein karakter. Nærast ein utanfor han sjølv. Han gjer det psykiateren hans har forsøkt å overtyde han om: å møte situasjonar som gjer han engsteleg. Mange vil nok seie at å stå aleine på ein scene på eit av dei største teatra i landet, er å dra det langt. Det kan Bjarte vere einig i, men han har òg eit

For prestesonen frå Randaberg har alltid vore skjør og har hatt redsla som ein konstant følgjesvein gjennom livet.

20

|| HAUST 2018 ||

ønske om å avmystifisere dette med angst. – Alle har vi vel noko av dette i oss. Mange folk veit ikkje ein gong at de har angst. Det folk kallar vorspiel før ein går ut på byen, er på mange måtar ei form for å kontrollere nervane. Sjølvmedisinering ved hjelp av alkohol er jo utbreidd. Folk kjenner seg fort betre og gøyare med litt innabords. I arbeidet med dette, eit arbeid han fann overraskande kjekt, har han gått heilt tilbake til barndommen. Skrive seg gjennom dei første usikre åra på skolen, om plasseringa i kameratflokken, i familien, om korsfestinga


i ein av hagane på Randeberg, om møtet med englar, med djevelens hole, med improteater (ein kvar nevrotikar sitt mareritt) og prøvd å finne årsaka til at han er som han er. Han tok permisjon frå NRK i tre månader, tenkte, skreiv og koste seg. Så fint var det at sjølv trivselsvekta auka. – Eg trur ikkje eg har svaret. Men eg kjem ikkje unna at eg som barn hadde ein frodig fantasi og at oppveksten i eit religiøst miljø har påverka meg. Eg har inga trong til å distansere meg frå det religiøse, eg har berre flytta på meg. Litt etter litt. Likevel, når det

røyner på, er det veldig fint å ha nokon å vende seg til. Eg kan vel seie det slik at eg er ateist fram til fienden begynner å skyte. Oppveksten har heilt klart prega Bjarte Tjøstheim. Den var både trygg og god, for all del, men å leve som ein god kristen har han ikkje alltid klart. Historier om skjærsilden og den evige pine, var levande i vesle Bjarte. Bestemora fora han med kort med englar på. Så mange at han hadde ein eigen englealbum. Særleg eit bilde sette seg på netthinna, det av engelen som passar på to barn i leik på kanten av stupet. Han som så ofte kjenner seg

|| HAUST 2018 ||

på kanten av stupet, har ikkje gitt opp trua på englar. For dei finnest framleis i livet hans, om enn i ei anna form enn i albumen. Dei er både jordiske og heilt reelle. – Om angsten er med på å halde trua ved like eller om trua er med på å halde angsten ved like er eg ikkje sikker på. Far min har i alle år bedt for meg. Ikkje berre meg, da, han har i grunnen bedt for alle menneske på jord. Eg veit ikkje heilt om det nyttar, men det kan jo ikkje skade heller, seier Bjarte og ler i håp om stadfesting.

21


FOR BARN!

FRÅ 6 ÅR

HYPER I EGYPT AV Thor Soltvedt REGI Petter Næss UPREMIERE 17. november på Scene 2 I ROLLENE: Ola G. Furuseth, Petter Winther,

Per Schaanning, Charlotte Frogner, Sara Khorami, Trini Lund, Amell Basic Ei humoristisk barneframsyning om å vere ti år og hyperaktiv.

KREATIV, SPONTAN, OPPFINNSAM Kan somme tider sjå løysingar der andre ser problem, komme med uortodokse forslag, vere kreative kunstnarar og djerve gründerar av bedrifter.

MOROSAM Å VERE MED

HAR DU MØTT EIN MED ADHD, HAR DU BERRE MØTT EIN! INGEN ER LIKE

ADHD

(Attention Deficit ­Hyperactivity Disorder), hyperkinetisk forstyrring på norsk, kjent som hyperaktivitet på folkemunne. Per-Viggo klarer ikkje å sitje i ro. Rundt han skjer det alltid noko sprøtt. På skolen blir han kalla HyPer, og dei vaksne veit ikkje heilt kva dei skal gjere med han. Men kva vil det eigentleg seie å vere hyperaktiv?

22

|| HAUST 2018 ||

Det er aldri kjedeleg å vere saman med ein som har ADHD. Det vil alltid hende noko artig!


KONSENTRASJONSPROBLEM Vanskar med å gjennomføre oppgåver, skrifter ofte aktivitet utan å gjere seg ferdig, problem med å følge instruksjonar, lett distrahert.

HYPERAKTIVITET Indre uro, vanskar med å sitte stille, uro i hender og føter.

IMPULSIVITET Kan ikkje vente på tur, forstyrrar andre, handlar utan å tenkje seg om.

FOREKOMST Forsking viser at 3 - 5 % av barn i skolealder i Noreg har ADHD.

TILLEGGSVANSKAR Mange med ADHD har også andre utfordringar, som åtferdsvanskar, lærevanskar, depresjon, angst og tics, spesifikke språkvanskar, søvnvanskar.

EKSTRA ENERGI

FØLGJER DRAUMEN Dei som har ADHD gjer oftare enn andre det dei drøymer om når dei blir store og har gjennomføringskraft.

FLEKSIBEL I TANKEGANGEN

Mange mad ADHD har stor arbeidskapasitet og kan få gjort utruleg mykje, dersom aktiviteten engasjerer. Også for idrettsutøvarar kan denne ekstra energien vere svært positiv.

Kan ofte ha fleire ballar i lufta på ein gong. KJELDE: ADHD NORGE || HAUST 2018 ||

23


ANNONSE

OBOS er stolt sponsor av Det Norske Teatret

÷20% BLI OBOS-MEDLEM OG FÅ

PÅ ALLE TEATERFRAMSYNINGAR HOS DET NORSKE TEATRET.

Sentra våre ligg berre ein kort t-banetur frå Oslo sentrum og Det Norske Teatret.

24

|| HAUST 2018 ||


EIN VILLSTYRING TIL SCENEN

Til hausten skal Petter Næss ha regi på stykket om ti år gamle Per-Viggo, som har ­vanskeleg for å sitte stille. På skolen kallar dei han berre HyPer. Sjølv har Petter Næss eit stort hjarte for ungar som ikkje passar inn i dei nokså tronge rammene av i dag. TEKST IDA MICHAELSEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

Kven er HyPer? HyPer er ein gut på snart 10 år som har maur i buksa og stort sett kolliderer med både seg sjølv og omverda. Han er ein fin fyr som det er litt vrient å handtere. Så vrient at korkje mora eller skolen klarer å få kontroll på han. Han har ingen venner, og den stumme søstera hans er den einaste han kan snakke med. Det er rett og slett ingen som er så veldig begeistra for HyPer. Ingen inntil han blir kjent med rektor Grå. Ein gammal kar som er like oppglødd over gamle faraoar som HyPer sjølv. Det utviklar seg eit underleg og morosamt forhold mellom den viltre guten og den hjartesjuke og pensjonerte rektoren. Har du nokon gong kjent slektskap med HyPer? På eitt eller annet plan har eg jo kjent fortvilinga over å ikkje bli forstått eller bli akseptert, men ikkje på same måte som HyPer og andre barn i liknande situasjon. Da eg gjekk

på skolen i førre hundreåret, hadde vi noko som heitte ”hjelpeklassa”, og eg hugsar den brokete gjengen som tusla over skolegarden på veg til noko som ikkje hjelpte så veldig mykje. Det var dei villaste gutane, for dei var for det meste gutar, som på den tida ikkje hadde annan diagnose enn at dei var umoglege og bøllete. Men dei var morosame å vere saman med. Somme var litt skumle, men dei fleste var berre akkurat så galne at det skjedde morosamare og villare ting når ein var saman med dei. Dessutan var det alltid dei som fekk skulda, anten dei hadde gjort det eller ikkje. Kvifor er det fint å setje opp ei framsyning om gutar i denne alderen? Det er viktig å gi ei stemme til dei som kjenner seg annleis. Vi heiar jo stort sett på antiheltane. Dei som gjer galne ting vi ikkje tør gjere sjølve. Som Pippi og Emil. Det er klart det er mange av desse ungane som har det vondt, men eg er også redd for at rommet || HAUST 2018 ||

for det eg kallar ”heilt normal galskap” blir mindre og mindre. Altfor tidlege krav om studieretning og prestasjonar saman med eit hysterisk tryggingsbehov trur eg er med på å hindre leik, slåssing, klatring i tre, skrubbsår, hyling og grining. Det å ikkje få eit visst utløp for alt som kravlar og krafsar inni ein, trur eg berre det er medisinindustrien som tener på. Eg trur ikkje det var betre før, korkje for gutar eller jenter, men ungar har rett til utvikling og å få vere slik dei er. Medisinering med sentralstimulerande middel står for meg som ei lite eigna tilnærming for å styrke ungars rettar og livsutfalding. Kva skal ungane få oppleve på teateret? Dei skal få oppleve ei visuell og frodig framsyning om ein ganske vilter fyr. HyPers frigjerande evne til å opponere og følgje eigne vegar er ei forteljing om at sjølv dei mest håplause har masse å bidra med, berre dei får høve til det. 25


TUSEN TAKK TEATER AV Marco Reinertsen OMSETJING Gunhild Øyehaug REGI Angelina Josephine Stojčevska PREMIERE 1. september på Scene 2 I ROLLENE: Renate Reinsve, Eivin Nilsen Salthe,

Oddgeir Thune, Kjersti Dalseide, Christian Ruud Kallum. Om slanking, nazisme, Burger King og kunst.

26

|| HAUST 2018 ||


Tusen takk teater På eit merkeleg vis oppsummerer dramatikar Marco Reinertsen tidsanda med Tusen takk teater.

I

arbeidet med manus har han latt seg inspirere av alt frå brev frå NAV til informasjonsplakatar, Facebook-statusar, annonsar på Finn.no, profilar på Tinder og nabovarsel – kort og godt alt mogleg av tekst du blir bombardert med frivillig og ufrivillig i løpet av ein dag. Stykket springer frå det tilsynelatande fornuftige til det absurde. Frå sylskape observasjonar til rein meiningsløyse.

|| HAUST 2018 ||

27


A K T U E L L

RENATE REINSVE SKODESPELAR Aktuell med Tusen takk teater Det er djupt tragisk, på ein teit og ekstremt morosam måte. Tusen takk teater er litt vrient å sette ord på, men handlar om ein håplaust einsam mann med positiv innstilling til absurde, teite og vonde situasjonar i livet. Han koplar mange situasjonar, symbol og bilde som fungerer som kontrapunkt. Eg trur det vil skape rike assosiasjonar hos publikum. Situasjonane kan vi alle kjenne att. Det å forhalde seg til eit byråkrati for eksempel. For å få eit stort system til å fungere, som Byantikvaren (som eg har hatt mykje med å gjere, hehe), eller ein stor kunstinstitusjon for den del, må ein ha visse måtar å gjere ting på, så det ikkje skal bli kaos. Samtidig kan desse strukturane også stå fram som lett absurde eller vere direkte til hinder for det systemet er meint å vere til hjelp for. Plutseleg blir det ikkje plass til å vere menneske, eller til å lage kunsten ein sette seg føre å lage. Systemet bryr seg ikkje om kor store kunstnarlege verdiar som ligg i eit prosjekt, men om dei verdiane som kan målast, pengar og publikumstal. Så blir det ikkje alltid plass til dei underfundige, rare, ekstra fine prosjekta som fortel kor paradoksalt det er å vere eit menneske. Verkelegheita står i nokre tilfelle i fare for å bli redusert til skinande, vakre feilfrie folk. Eg går på veggen berre eg tenkjer på det. Eg trur stykket handlar litt om at det må vere plass til å vere stygg og teit og slem og egoistisk, la seg sjølv romme det også. I tillegg til alt det fine og vakre ein blir hylla for å vere. Gi deg sjølv plass til å vere heilt på trynet. Regissøren har kalla framsyninga «Ei sardonisk [krampaktig; hånleg, bitter, red. anm.] kjærleikserklæring til livet». Eg trur kjærleiken ligg i humoren. I det å sjå det morosame i det ekle, det plumpe, i situasjonar som kan vere ekstremt vonde. Eg synest dette gjer stykket veldig poetisk og vakkert. FORTALT TIL ÅSNE H. DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

28

|| HAUST 2018 ||


BESTILL BESTILL FULL FULL PAKKE! PAKKE!

.NO .NO Hotell, underhaldning og middag skreddarsydd for deg Hotell, underhaldning og middag skreddarsydd for deg Visste du at showpakker.no er Scandic si eiga nettside Visste du at showpakker.no er Scandic si eiga nettside for bestilling av komplette show-, teater- og konsertpakkar for bestilling av komplette show-, teater- og konsertpakkar med hotellovernatting? Ved å bestille full pakke på med hotellovernatting? Ved å bestille full pakke på showpakker.no oppnår du fleire unike fordelar: showpakker.no oppnår du fleire unike fordelar: ✔ Dei beste plassbillettane ✔ Dei beste plassbillettane ✔ Inntil 25% rabatt på hotellrom ✔ Inntil 25% rabatt på hotellrom ✔ 25% rabatt på showmiddag ✔ 25% rabatt på showmiddag Velkommen! Velkommen!

Vi er stolt samarbeidspartner av Det Norske Teatret! Vi er stolt samarbeidspartner av Det Norske Teatret! || HAUST 2018 ||

29


Barometer­fasen

Kanskje er det slik at ungdom går rundt som levande barometer på tida vi lever i. Kanskje namna vi set på ungdomsgenerasjonen – som «generasjon prestasjon» eller «snøflak-generasjonen» – peikar på samfunnet slik det er skapt av oss vaksne, meir enn på ungdommen? TEKST GURO ØIESTAD, FØRSTELEKTOR VED PSYKOLOGISK INSTITUTT VED UIO FOTO BÅRD GUNDERSEN TIL NYNORSK VED AUD SØYLAND

D

et er nokre trekk ved ungdomstida som får meg til å tenkje slik: Frå 12–13-årsalderen og eit godt stykke ut i 20-åra føregår det ei omfattande utbygging, ombygging og spesialisering av hjernen. Hjerneforskarar kallar dette «den andre spedbarnsfasen» – 30

tenåringshjernen er nesten like påverkeleg og formbar som hjernen hos spedbarn. Parallelt med den store utbygginga av hjernen oppstår det ein auka utforskartrong hos unge tenåringar, i alle kulturar. Dei søkjer mot nyheit og blir risikovillige, dei prøver seg fram, og tilbringar meir tid med jamaldrande enn med familien. Dette er evolusjonsmessig || HAUST 2018 ||

lurt; for at menneskeslekta skal bestå, må ungdom ut i verda og inn i nye relasjonar. Det er nok formålstenleg for vår arts utvikling med ein open og påverkeleg hjerne i denne fasen. Viss hjernen var ferdig modna når barnet blir ungdom, ville kanskje lite ha forandra seg med nye generasjonar? Men det er ikkje slik at ungdom berre ser seg rundt,


VÅR VESLE AV Kristin Auestad Danielsen REGI Victoria Meirik URPREMIERE 5. september på Scene 3 I ROLLENE: Kaia Varjord, Hilde Olausson, Svein

Roger Karlsen, Ellen Birgitte Winther, Kyrre Hellum, Thomas Bipin Olsen Om å bli overvelda av sjølve livet

No for tida mistar vi balansen, stadig vekk. Farten i utviklinga dyttar oss lett ut i det ekstreme. Når all verdsens informasjon og desinformasjon er tilgjengeleg, som ein kontinuerleg virtuell flaum, blir det vanskeleg å finne ut kva vi skal seie JA og NEI til. Her er nokre av imperativa som formbare og mottakelege tenåringar møter på internett og andre arenaer: BLI SETT

Gjennom sosiale medium kan vi bli sett, døgnet rundt. Mange ungdommar har knapt eit vake minutt der dei slepp unna utanfrå-blikket på seg sjølv, «kor mange likes, kven følgjer meg»? Det er naturleg at ungdom er opptekne av andres blikk på seg, men det er uheldig når dei blir sitjande fast i det. Sosiale medium intensiverer sjølvmedvitet – ein tenkjer meir på korleis ein sjølv ser ut og framstår, og mindre på verda der ute.

Det er i utgangspunktet flott med auka medvit rundt sunn mat og helsefremmande fysisk aktivitet. Men for mange blir sunnheita til sjukdom i form av eteforstyrringar eller tvangsmessig overtrening. For mykje informasjon blir lett til feilinformasjon. Ein ungdom midt i barometer-fasen kan lett miste balansen.

«Tenårings­ hjernen er nesten like ­påverkeleg og formbar som ­hjernen hos spedbarn.»

… OG SJÅ

I tillegg kan ungdom heile tida følgje med på kva dei andre gjer, og dermed også på det dei går glipp av. Dei mistar fridommen som ligg i å ikkje vite kva venner driv med heile tida. Det kan bli vanskeleg å lage avtalar, fordi det heile tida kan dukke opp noko meir attraktivt, eller nokre som er meir attraktive. Fort gjort å bli stressa. PERFEKSJONER DEG

Kvardagspynting er eit normalt og sunt fenomen som vi finn i alle kulturar, over heile kloden ordnar folk med utsjånaden. Men no for tida tippar vi over, blant anna med restylane og laser. Snart er det uvanleg at damer som eg sjølv, altså i 50-åra, har rynker i ansiktet. Dette sender ubalanserte signal til ungdom: Du kan alltid sjå betre ut, så kvifor ikkje? finn ut kva dei vil forandre, og går ut og gjer verda betre. Så enkelt er det ikkje. Midt oppi det store sjølvstendeprosjektet som langsamt utspelar seg gjennom ungdomstida, er dei unge framleis avhengige av og prisgitt vaksensamfunnet som omgir dei. Og her kjem barometer-funksjonen inn. Menneskelivet er ein balansegang, alt må balanserast med sin motsats. Vi søkjer sjølvstende, og er samtidig grunnleggjande avhengige av andre. Vi treng å vere i aktivitet, men vi må også kvile. Det er lurt å tenkje sikkerheit, men nødvendig å tole risiko.

…. OG SUNN

VER FLINK

Det er ikkje noko gale i å vere flink, tvert imot – alle treng eitt eller fleire meistringsområde, kjensla av å få til noko. Men flinkheit blir til stress og press viss flink er målet, absolutt heile tida. Som i skulen, der barn og unge blir styrte av mange, til dels useriøst ambisiøse mål, og skulekvardagen er dominert av testing. Stressande for eit ungt «barometer». I balansens namn treng vi rom for avslappa ikkje-meistring. Det må vere greitt å ikkje vere interessert i alt, og dermed ikkje flink til alt. || HAUST 2018 ||

DU ER SPESIELL

I utgangspunktet er vi alle unike, det finst berre eitt eks av kvar – det er altså svært vanleg å vere spesiell. Samtidig blir det gjort til eit prosjekt: «Å vere seg sjølv» kan opplevast som eit imperativ til å skilje seg ut, heller enn å vere avslappa og fornøgd. Det er veldig bra at vi dei siste tiåra har bevega oss bort frå den autoritære og disiplin-orienterte barneoppdraginga og over til respekt for barnet som eit sosialt subjekt frå starten. At barns behov blir tekne på alvor, at vi møter dei med varm forståing, skaper trygge vaksne i framtida. Men også her kan vi miste balansen og gløyme at det er vi vaksne som skal lage rammene, ta leiinga og ha forventningar, ved sida av å vere lydhøyre for barnet si verd. I beste meining kan vaksne la barnet overta styringa heilt, og dermed bidra til at barnet blir ein ungdom i ubalanse eller ein litt hjelpelaus vaksen. I staden for å setje merkelappar på dei kan vi undre oss over kva ved tidsånda som blir tydeleggjort i ungdomsgenerasjonens psykiske problem og stress. Kanskje er ungdom barometer for samfunnets ubalanse – for den hastige, individorienterte perfeksjons- og forbrukskulturen? Men la oss først og fremst ha tillit til dei unge. Ungdom flest er fine folk, trygge og direkte. Inni kvart eit barometer ligg ei veldig svingkraft, ungdom har alltid i seg denne kimen til opprør og nye løysingar. 31


ANNONSE

Visuell kokkekunst i konstant rørsle Vi nordmenn blir stadig meir opptekne av opplevingar. Dagleg leiter vi etter impulsar frå heile verda. Denne våren tilrår vi sanselege inntrykk frå det japanske kjøkkenet hos Sabaki. NYE IMPULSAR

SESONGENS RÅVARER I FOKUS

MEIR ENN SUSHI

AKKURAT PASSE

Det japanske kjøkkenet er fundamentalt annleis enn anna asiatisk matlaging, med det eineståande fokuset på den naturlege smaken i råvarene, og korleis ein best kan ta vare på denne smaken i matlaginga.

Noko av det viktigaste for det japanske kjøkkenet er å bruke sesongens råvarer. Å anerkjenne, og ikkje minst feire råvarene, er ein viktig del av tradisjonen. Typisk er å bruke Unagi (ål) om sommaren, Matusake-sopp om hausten og friske bambusskot om våren. Dei gjer minst mogleg med dei for å ta vare på den opphavlege smaken i kvar enkelt ingrediens, men utfyller med andre smakar for å framheve matopplevinga ytterlegare. Sashimi er eit godt eksempel på dette – rå fisk med litt soyasaus og wasabi som einaste tilbehør.

Japansk kokkekunst er så mykje meir enn Sushi. Sabaki betyr rørsle. I tillegg til klassikarane nordmenn omtrent har gjort til sine eigne, finn du unike smaksopplevingar tillaga innanfor Robatayaki og Teppanyaki. Små porsjonar av kjøtt, fisk eller grønsaker som er langtidsgrilla på rykande kol er typisk for Robatayaki, mens Teppanyaki er den karakteristiske steikeplata i jern, som heile måltidet blir tillaga frå.

Hos Sabaki finn du førsteklasses Sushi, og det beste frå det moderne japanske kjøkkenet rett frå grillen. Smakane er, i samsvar med tradisjonen, tekne vare på i kvar enkelt ingrediens.

Det japanske kjøkkenet, washoku, blei eit omgrep etter 1868 da Sakoku-lova blei oppheva. Sakoku-lova sytte i si tid for at ingen kunne reise til eller frå Japan og namnet tyder ordrett ”lukka land.” Da grensene blei opna og nye impulsar frå vestlege land nådde Japan, førte dette til enorme forandringar når det gjeld ingrediensen og tillaging av maten. I dag står det japanske kjøkkenet fram med moderne japansk mat i tradisjonell stil.

32

Vil du bestille bord, kan du kontakte Sabaki på 23 89 87 62 eller post@sabaki.no. || HAUST 2018 ||

Vel mellom smårettar, perfekt porsjonert lunsj eller heilaftans middag med det beste frå vinskåpet i godt selskap. Og du – Sabaki tilbyr sjølvsagt også Take-away for den ­heimekjære!


A K T U E L L

VICTORIA MEIRIK REGISSØR Aktuell med Vår vesle Det å ikkje fikse tinga, å kjenne seg mislukka eller utafor, det er ein del av livet. Eg har ei kjensle av at det i dag ikkje er nok rom for det som er uordna. At det er unormalt å ikkje klare alt. Det kan vere skremmande, og det kan kjennast som eit tap, ja visst. Men vi menneske må jo tole å gå på trynet. I alle fall må vi tole at livet kan vere komplisert. I Vår vesle har hovudpersonen tilsynelatande alt. Ho er ressurssterk, har ei interessant utdanning, ho har reist rundt i verda og har ein god familie. Likevel taklar ho ikkje motbør. Ho blir overvelda av livet og reiser heim til foreldra. Tilbake til start, på ein måte. Kva var det som skjedde, spør dei seg? Har vi gjort noko gale? Ofte leitar vi menneske etter enkle svar på komplekse problemstillingar. Var det kjærasten? Åt ho ikkje rett mat? Var det den nye jobben? Vi ser i stykket korleis dei rundt henne blir prega av situasjonen hennar. Dramatikaren Kristin A. Danielsen har klart å skape eit ordrikt og tidvis morosamt språk for å gripe problemet, eit problem som jo eigentleg manglar språk, men som veldig mange kan kjenne seg igjen i. Eg har tatt meg sjølv i å tenkje at det kunne ha vore meg. Og har jo kjent på det same: Er det her eg skal vere? Men eg seier som ein av skodespelarane: Eg er frå ein generasjon der melankoli nærmast var hipt. Vi skulle ikkje vere så polerte og vellukka. Var du smådeppa, gjekk i svart og høyrde på litt mollstemt musikk, hadde du liksom skjønt noko. I dag ser alle så fine og sunne ut. Men sjølv om ungdomsmiljøa verkar både opne og vakre, så verkar det som det er mange som likevel ikkje taklar å falle i eit tomrom i periodar av livet. Vi prøver å finne eit språk eller eit uttrykk for den nummenheita som oppstår når livet bankar på og ein famlar etter svar på korleis ein skal komme seg vidare. FORTALT TIL IDA MICHAELSEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

|| HAUST 2018 ||

33


FOR BARN!

FRÅ 6 ÅR

NILA OG DEN STORE REISA AV Maria Kjærgaard-Sunesen OMSETJING Ruth Lillegraven REGI Maria Kjærgaard-Sunesen URPREMIERE 13. oktober på Hovudscenen I ROLLENE: Catharina Vu, Lasse Kolsrud, Hans

Rønningen, Gjertrud Jynge, Emil Rodrigo Jørgensen, Hans Magnus Klevås Rye, Amanda Kamara, Ingrid Jørgensen Dragland, Marvin Amoroso, Joakim H. Ousdal, Ragnhild Meling Enoksen, Kim Fairchild, Richard Lessey, Sindre Bjørke Høyang, Sigurd Vespestad Marthinussen, Mikkel Gythfeldt, Carl Martin Prebensen Ei musikalsk eventyrforteljing om fantasiens kraft.

Ein hyllest til fantasien

Maria Kjærgaard-Sunesen har henta inspirasjon frå all ­verdas eventyr til ein ny fabel om fantasiens kraft.

D

TEKST INGRID WEME NILSEN FOTO FREDRIK ARFF/SIREN HØYLAND SÆTER

et danske tospannet beståande av regissør Maria Kjærgaard–Sunesen og scenograf Mie Riis har fått i oppdrag å lage ei internasjonal eventyrframsyning for heile familien. Dei har skapt ei fargerik, musikalsk og fantasirik framsyning som hentar inspirasjon frå både kjende og 34

ukjende forteljingar frå heile verda, men også frå den tida vi lever i. Her vil vi bli tatt med opp i lufta og under havet, vi vil møte fuglar som snakkar, fiskar som syng, vindar frå alle verdshjørne og den vonde draken Morgana. Framsyninga er akkompagnert med Anders Ortmanns musikk, framført av eit lite orkester på scenen, med mellom anna harpe. Eit stort ensemble vil mane || HAUST 2018 ||

fram forteljinga og fantasirike draumescenar gjennom song og dans. MODERNE EVENTYR

Nila og den store reisa handlar om Nila, ei ti år gammal jente som bur i ein liten landsby ved havet saman med familien sin. Her rår harmoni, i alle fall å sjå til ved første augekast. Nila har ein livleg fantasi og gler dei


andre i byen med dei fantastiske historiene sine. Når fantasien får venger, kjem musikken og songane til Nila. Men harmonien slår etter kvart sprekkar. Like utanfor bymurane trugar krigen, med Den Morganske Milits i spissen, og når krigen bryt ut, må Nila og familien flykte. DET MYTEOMSPUNNE HAVET

Sidan teateret dei siste åra har laga to eventyrframsyningar der handlinga går føre seg i djup skog, ønskte vi denne gongen å tre ut av skuggane frå tunge grantre og heller utforske folklore

som stammar frå ein annan, kanskje friskare og meir stormfull topografi, nemleg havet. – Havet er eit spennande og dramatisk godt rom for ei forteljing. Det finst utruleg mykje mytologi knytt til havet, og det har gjerne ei dobbel tyding – det som er over overflata, og det som er under, seier regissøren, som i lag med scenografen vil skape ei forstørra verkelegheit, ei form for magisk realisme på scenen, fortel regissør Maria Kjærgaard–Sunesen. Over heile verda fortel kystfolk skumle forteljingar om monster, sjøormar og spøkelsesskip som seglar kvilelaust rundt. Dei lyse || HAUST 2018 ||

forteljingane er like mange; forteljingar om vakre havfruer, undersjøiske byar og fantomøyar som dukkar opp frå ingenstad og reddar sjøfolk i naud. Felles for alle forteljingane er at hovudpersonane er på veg ein stad, anten det no er med eller mot sin vilje. FLUKT I BÅT

Nila kjem bort frå foreldra, og flyktar over havet i ein båt i lag med bestefaren sin. På vegen møter dei mange farar og utfordringar. Dei må også redde ein gut, Yasin, opp frå havet. Han har mista foreldra sine og i dragsuget 35


«Skiljelina mellom fantasi og verkelegheit er ei vag grense som alltid er i rørsle.»

Skodespelarane Catharina Vu (Nila), Gjertrud Jynge (Morgana, i raudt i vatnet) og Emil Rodrigo Jørgensen (Yasin) på filmopptak. Med handling i båt og under vatn blir dette ein annleis dag på jobben.

forsvann også evna til å bruke fantasien. – I våre dagar kastar desperate flyktningar dagleg loss og legg i veg på livsfarlege reiser over eit hav som vi skandinavar i årevis har hatt som feriefavoritt. Berre i år har omkring 1000 menneske mista livet på sjøen under flukt frå krig eller på veg til eit betre liv. Det er vår oppgåve å spegle det som hender ute i verda på scenen, også for barn, meiner Kjærgaard–Sunesen.

kelege verda og sette ting i perspektiv, medan leik og fantasi er barns måte for å behandle det dei opplever, forklarar den danske regissøren. Men Nilas fantasi blir vanskeleg å kontrollere der ute i den klaustrofobiske båten, dei mørke kreftene forsøker å ta over. Kva skal ho gjere? Skal ho rett og slett slutte å bruke fantasien sin? Eller skal ho våge seg inn i dei svartaste mareritta for å utfordre monsteret som gøymer seg der inne?

FANTASI OG LEIK SOM VENTIL

KONFRONTERER MØRKRET

I den vesle båten midt ute på det enorme havet, oppdagar Nila at fantasien blir viktigare enn nokon gong. Håpet, og evna menneske har til å drøyme og førestille seg er ein viktig overlevingsstrategi. Båtreisa blir både ei fysisk reise og ei indre reise, der Nila også må kjempe mot storm og sjøormar i tillegg til sine eigne demonar, krigstraume og sorg. – Eventyr kan la seg projisere oppå den ver-

Ho må møte det ho fryktar mest, og framfor alt må ho prøve å halde motet oppe, sjølv når det verkar som om alt håp er ute. Nila og den store reisa er ei framsyning som vakar i skjeringspunktet mellom fantasi og verkelegheit. – Det kjem til å bli ei spennande og vakker framsyning. Somme vil kanskje synast det er litt skummelt. Like fullt meiner vi at det er viktig, understrekar Kjærgaard–Sunesen.

36

|| HAUST 2018 ||

Det danske tospannet; Mie Riis (til venstre) har ansvaret for scenografi, Maria Kjærgaard-Sunesen har skrive og set i scene Nila og den store reisa. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Skiljelina mellom fantasi og verkelegheit er ei vag grense som alltid er i rørsle. Og det er nett her, i dette uoversiktlege området mellom svevn og vaken tilstand, mareritt og draum, kvardag og eventyr, at barn lever sine liv.


A K T U E L L

CATHARINA VU SKODESPELAR Aktuell som Nila Nila er mi første store rolle etter studiet ved Det Multinorske her ved teateret. Tenk det, ei hovudrolle på Hovudscenen! Det er heilt vilt. Eg er både spent, nervøs og glad. Det er som ein draum. Sjølv er eg lik Nila i det at eg har noko av den same naiviteten og spontaniteten i meg. Eg veit ikkje heilt korleis Nila kjem til å vere i slutten av prøveperioden, men eg gler meg til å forske i karakteren. Eg er oppvaksen i ein musikalsk familie; ein vietnamesisk familie i Sandnes med stor sans for karaoke. Foreldra mine har drive med revy i regi av den katolske kyrkja og har laga mange oppsetjingar for familiar knytte til kyrkjelyden. Familien min er altså veldig glad i musikk og teater, og dei gler seg til å sjå framsyninga. Nila er ei sterk og fantasifull jente som ­klarer å få folk rundt seg til å sjå verda på ein ny måte. Ho må flykte frå landsbyen sin og gjennom historia hennar vil alle aldersgrupper kunne få eit innblikk i kva for lagnader barn i urolege område møter. Nila flyktar frå krig, og må krysse eit stort hav for å finne tryggleik og fred. Og da kan fantasien vere ein nyttig del av bagasjen. Den hjelper deg når alt er svart og spinn håp og fargar kring deg. Men den kan også lure deg og få deg til å sjå farar der dei ikkje finst. Eg hugsar frå barndommen min ei oppsetjing av Roald Dahls Heksene som slo meg i bakken. Den framsyninga fekk meg til å sjå teater i eit nytt lys, som ei fantasiverd der alt er mogleg og alt kan skje. Der og da blei avgjerda tatt om å bli skodespelar. Kanskje sit det små jenter i salen som ser meg og tenker at det ho gjer, det vil også eg gjere. Det er fint å ta med seg inn på scenen. Kanskje det til og med sit ei lita Nila der som har kome med båt over havet? FORTALT TIL IDA MICHAELSEN FOTO FREDRIK ARFF

|| HAUST 2018 ||

37


L.I.F.E.G.O.E.S.O.N AV Rolf Kristian Larsen OMSETJING Brynjulf Jung Tjønn REGI Frank Kjosås UPREMIERE 25. oktober på Scene 3 I ROLLENE: Heidi Gjermunsen Broch,

Ingeborg S. Raustøl, Peiman Azizpour, Frode Winther, Joachim Rafaelsen Ein enkel og naiv hyllest til livet.

38

|| HAUST 2018 ||


Det handlar om å leve, for faen! I haust skal den kvikke raudluggen dei fleste nok kjenner som Eivind Brattskjær i NRK-serien Heimebane debutere på noko han definitivt opplever som bortebane – nemleg som dramatikar for teaterscenen.

E

g har tenkt mykje på at mange vel å gå i det vante, heng fast i gamle mønster, tværar ved gamle forhold som er over. Romantiserer eller demoniserer forholdet og synest synd på seg sjølv, seier Rolf Kristian Larsen og sender eit stødig, lysegrønt blikk over bordet. Rolf Kristian voks opp som barn av

Stavanger-bølgja innan film, og har ei lang rekkje både film/TV- og teaterroller bak seg allereie: Som Jarle Klepp i filmatiseringane av Tore Renbergs romanar for eksempel, og no sist som den beste spelaren på fotball-laget Varg i Heimebane. Han har også skrive for og regissert film. Men når han debuterer som teaterdramatikar, handlar det ikkje om rotlaus Stavanger-ungdom som ikkje finn meininga med livet. Nei – det handlar om ei dame som har passert midten av forventa levealder, ei dame som har levd i skuggen av sitt eige liv. Ei dame så dørgande kjedeleg at ho mest har blitt dei enorme brillene ho ber på nasen. Dei er det einaste ein ser. Derfor har han berre kalla henne for Brille. Brille i L.I.F.E.G.O.E.S.O.N jobbar i kommunen. Ho har vore enke i veldig mange år, men går framleis rundt og snakkar med mannen sin. Dottera, som faktisk bur heime, snakkar ho derimot ikkje så mykje med. – Samstundes trur eg mange drøymer om noko ein har lyst til å gjere, men ikkje får tid til, prioriterer eller tør. Lever for

TEKST ÅSNE H. DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

barna eller familien, men ikkje for seg sjølve, for eksempel, meiner den ferske dramatikaren. Brille får vite at ho har veldig kort igjen

å leve, og dette utløyser eit forseinka ungdomsopprør. Publikum får bli med på eit døgn der ho gjer alt det ho ikkje har gjort dei siste 25 åra, og det blir både komisk og djupt tragisk å vere vitne til. Det er Heidi Gjermundsen Broch som skal spele rolla som Brille, og Rolf Kristian hadde faktisk tenkt på henne medan han skreiv på manuset. – Kven er det som kan takle overgangen frå å vere ekstremt introvert til å bli ekstremt ekstrovert på mest interessant vis? Eg tenkte på Heidi. Ho er først og fremst ein vanvittig dyktig skodespelar, som eg beundrar. Som person er ho mild, snill, jorda og høfleg, men så ligg det liksom noko og syder og kokar under overflata. Ein råskap. Så det er veldig artig at det faktisk blir henne som skal spele rolla! Ho er den eg trur best kan få fram potensialet som ligg i Brille-karakteren. Rolf Kristian har skrive filmmanus før, men sakna å få breie seg ut poetisk, filmformatet er veldig stramt. – Teater er ei mykje meir magisk og drøymande verd. Så eg utfordra meg sjølv til å skrive 20 sider og sjå om eg klarte å lage noko som likna på teater. Han sendte dette av garde til Dramatikkens hus, og fekk til svar at dette måtte han berre skrive vidare på, og så er det altså blitt ei heil

|| HAUST 2018 ||

teaterframsyning av det. – Eg prøver sjølv å ta sjansar, men merkar at også eg har det med å safe, påstår den debuterande dramatikaren. – Eg går på butikken, går heim, legg meg på sofaen, spelar sjakk, innrømmer han, og slår blikket tankefullt ned i bordflata. Det er likevel vanskeleg å sjå nokre ytre

likskapar mellom hovudkarakteren Brille og Rolf Kristian Larsen. Der ho har gløymt å ha det gøy, verkar Rolf Kristian som ein som veit å bruke tida på det han sjølv likar. Han har for eksempel heile tida dyrka sin store hobby fotballen ved sidan av jobb. Ein periode sprang han til og med rundt med «Garborg» bak på T-skjorta, da han spelte på bedriftsidrettslaget til Det Norske Teatret. No om dagen driv han sitt eige handplukka lag av venner og kjente, i tillegg til at han trener til maraton. Noko han heller aldri hadde gjort før, men når kjærasten skulle, så måtte han også, dersom han skulle få sett henne. Premierekvelden blir likevel litt som å hoppe ut i det igjen. Det er trass alt ikkje kvar dag ein debuterer som dramatikar, og det kjennest personleg. – Det er veldig skummelt, eg kjem til å kjenne meg heilt avkledd, seier han, medan han ler. – Det gjeld å samle på augeblikk av glede, gi slepp og finne sitt eige, ikkje gå rundt og vere så himla redd for kva framtida kan bringe av smerte. Vi må rekke å leve før vi døyr!

39


T N A R U A T i hjartet S d a t E s e t R ø E rmell m teret o f V u n i E Ø L å tea p n e e j a o f av R A &B

ntinentale o k d e m y en angsrik m f m o r det halv e in n e r a u b d il n n la carte. T ingane. in kveld fi n á e y d s s li il m o t a s t r f n s t i o o Frå fruk til pausen sseri og b e a r k b ik r k s d n a le r il f orstyrra. t f , s u d e ø e b t r it g b r s ò ø il n v a sm pris. Du k ale om de k ld lo a h e n il t ig n e porsjo teret tilby a e t n a k r e For grupp

BORDBESTILLING OG PAUSEDRIKKE POST@KAFELOVE.NO ELLER RING 22 47 39 70 40

GRUPPER OG ARRANGEMENT KIRSTI.ERVIK@DETNORSKETEATRET.NO ELLER RING 22 47 38 20 || HAUST 2018 ||


AKTUELL

BJØRN SUNDQUIST REGISSØR Aktuell med Haust i helvete – Eg er Jim Morrison Det handlar ganske enkelt om kor vanskeleg det er å vere menneske. Vi får vere ein time saman med ein galen mann som bur aleine i eit lite rom. Det er ei slags Dr. Jekyll og Mr. Hyde-historie om ein mann som har blitt ein annan enn seg sjølv. Han kjenner seg misforstått av alle. Derfor har han hamna på utsida av samfunnet og har flykta inn i ein annan personlegdom, ein som ikkje kompromissar med nokon og fungerer som eit skjold mot verkelegheita, nemleg den mytiske rockelegenda Jim Morrison i The Doors. Det oppstår problem når den skjøre mannen stadig dukkar fram og avbryt den sterke personlegdomen. Han er sin eigen antagonist, og prøver å jage seg sjølv vekk. Utanforskap tiltrekkjer meg. Eg har alltid hatt eit blikk for dei som fell utanfor. Det er gjerne einsame menneske, og folk likar dei som oftast ikkje. Men eg har alltid synst dei er interessante. Dei er på kanten av stupet, og derfor etter mi meining tettare på livet. Dei som har opplevd noko verkeleg dramatisk, som har vore i ei djup krise, har ofte eit anna perspektiv på verkelegheita. Det er under eit slikt press, når det blir farleg, at ein kjem sterkast inn på seg sjølv. Krisa for mannen i stykket er forholdet han har til andre menneske. Og dei mørke tekstane til Jim Morrison, som det er nokre av i stykket, får meg til å tenke på «Skrik» av Edvard Munch. Mange kunstnarar har kjent på dette utanforskapet, det å kjenne seg framand for verda – å ha «kommet på en feil klode». Eg trur vi alle kan ha den kjensla iblant. Og vi har vel heller ikkje alltid kjent oss så store, og ønska at vi var ein annan, ein som var betre enn oss sjølv. FORTALT TIL ÅSNE H. DAHL TORP FOTO SIREN HØYLAND SÆTER

|| HAUST 2018 ||

41


HEIDI GJERMUNDSEN BROCH

FELIPE ORELLANA CASTRO

RAGNAR DYRESEN

PÅL CHRISTIAN EGGEN

JONATHAN CASTRO

MARVIN AMOROSO

PEIMAN AZIZPOUR

AMELL BASIC

CHRISTIAN BEHARIE

ØYVIN BERVEN

ESPEN REBOLI BJERKE

MARIE BLOKHUS

FREDRIK BOERENSTAM

ADELA CUDJOE

KJERSTI DALSEIDE

JON BLEIKLIE DEVIK

INGRID JØRGENSEN DRAGLAND

RAGNHILD MELING ENOKSEN

KIM FAIRCHILD

JAN GRØNLI

NIKLAS GUNDERSEN

SKODESPELARAR HAUST 2018

CHARLOTTE FROGNER

OLA G. FURUSETH

MIKKEL GYTHFELDT

PAUL-OTTAR HAGA

KYRRE HELLUM

PREBEN HODNELAND

UNN VIBEKE HOL

HALLVARD HOLMEN

SINDRE BJØRKE HØYANG

PAUL ÅGE JOHANNESSEN

EMIL JOHNSEN

GJERTRUD LOUISE JYNGE

EMIL RODRIGO JØRGENSEN

CHRISTIAN RUUD KALLUM

AMANDA FLORNES KAMARA

JUDY NYAMBURA KARANJA

42

|| HAUST 2018 ||


SVEIN ROGER KARLSEN

SARA KHORAMI

AGNES KITTELSEN

FRANK KJOSÅS

LASSE KOLSRUD

MARIANNE KROGH

GEIR KVARME

THEA BORRING LANDE

ANETTE AMELIA HOFF LARSEN

CARL-VIDAR LENDE

RICHARD LESSEY

TRINI LUND

SIGURD VESPESTAD MARTHINUSSEN

DON MARTIN

TORALV MAURSTAD

THOMAS BIPIN OLSEN

HILDE OLAUSSON

KRISTOFFER OLSEN

JOAKIM OUSDAL

CARL MARTIN PREBENSEN

JOACHIM RAFAELSEN

INGEBORG SUNDREHAGEN RAUSTØL

RENATE REINSVE

IREN REPPEN

HILDEGUN RIISE

HANS MAGNUS HILDERSHAVN RYE

GRETHE RYEN

HANS RØNNINGEN

EIVIN NILSEN SALTHE

ELISABETH SAND

JULIE MOE SANDØ

PER SCHAANNING

GARD SKAGESTAD

MORTEN SVARTVEIT

ODDGEIR THUNE

SVEIN TINDBERG

BJARTE TJØSTHEIM

ANE DAHL TORP

JONAS FUGLEVIK URSTAD

KAIA VARJORD

CATHARINA VU

ELLEN BIRGITTE WINTHER

FRODE WINTHER

PETTER WINTHER

NINA WOXHOLTT

JEFFREY YOUNG

INGUNN BEATE ØYEN

|| HAUST 2018 ||

43


PREMIERAR:

MACBETH

PEER GYNT

AV William Shakespeare

AV Henrik Ibsen

OMSETJING: Edvard Hoem

OMSETJING: Jon Fosse

NILA OG DEN STORE REISA

PREMIERE 1. september på Scene 2

PREMIERE 9. september på Hovudscenen

Er lagnaden vår noko vi skaper sjølv, eller….? Den sigerrike hærføraren Macbeth blir spådd både meir makt, høgare rang og at han ein dag skal bli konge. Er det noko han kan gjere for å få denne spådommen til å gå i oppfylling? Den æresjuke lady Macbeth vil ikkje vente, og eggar ektemaken til å setje i gang eit spel om kongemakta. Eit spel som forseglar lagnaden hans.

Peer Gynt er ved vegs ende. Ferda gjennom livet har hatt både oppturar, og nedturar. Han har vore storkar og slått seg opp ute i verda, levd eit sjølvsentrert, vilt og omsynslaust liv, og han har møtt veggen. Peer ville vekk – vekk frå fattigdom og fornedring, men mest av alt, vekk frå seg sjølv. No må han stå til rette for det livet han har levd. Kven var dette sjølvet?

AV Maria Kjærgaard-Sunesen

VÅR VESLE

DET GÅR BETRE NO

TUSEN TAKK TEATER

AV Kristin Auestad Danielsen

AV OG MED Bjarte Tjøstheim

AV Marco Reinsertsen

URPREMIERE 5. september på Scene 3

URPREMIERE 21. september på Scene 2

OMSETJING: Gunhild Øyehaug

Om å bli overvelda av sjølve livet. Mari er ei ung kvinne som har alt på stell. Ho har nett tatt ein mastergrad i Stockholm, har ein solid familiebakgrunn, er økonomisk trygg og kjem frå ei bygd der ho har eit godt nettverk. Likevel er det noko som skurrar når ho flyttar heim på pikerommet. Kva gjekk eigentleg gale?

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein inst inne er engsteleg av natur? Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste. Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til å engste seg.

URPREMIERE 19. oktober på Scene 2

44

|| HAUST 2018 ||

FOR BARN!

FRÅ 6 ÅR

OMSETJING: Ruth Lillegraven URPREMIERE 13. oktober på Hovudscenen

Ei familieframsyning med inspirasjon frå all verdas eventyr. Nila har ein fantastisk fargerik fantasi som kan trylle fram dei mest utrulege historier om dragar og prinsar og havfruer - og få dei rundt henne til å tru at det er sant. Men i heimlandet er det krig, og Nila må flykte saman med bestefaren.

Om slanking, nazisme, Burger King og kunst. Og litt av kvart anna. Tusen takk teater består av lause fragment som beveger seg frå det tilsynelatande fornuftige til det absurde og heilt uforståelege. Reinertsens tekst kan minne om den upålitelege indre monologen til ein mentalt ustabil person som ville elska livet om ikkje samfunnet hadde lagt så mange hindringar i vegen heile tida.


L.I.F.E.G.O.E.S.O.N

HAUST I HELVETE

AV Rolf Kristian Larsen

AV Erlend og Vidar Sandem

OMSETJING: Brynjulf Jung Tjønn

URPREMIERE 14. november på Scene 3

URPREMIERE 25. oktober på Scene 3

Finst det ei sanning bak neste dør? I ei verd som framstår som brutal, der hykleri og dobbeltmoral får råde. Kven er den galne? Den som er sjuk på sinnet, eller den som ikkje er det? Vi blir med inn i verda til ein mann som trur han er Jim Morrison frå det legendariske 60-talsbandet The Doors. Han er truleg innlagt på psykiatrisk med personlegdomsforstyrring. Han er sårbar, utan fotfeste og over kanten, som sin sjelebror Jim.

Ein enkel og naiv hyllest til livet. Brille har vore enke i over 20 år. Like lenge har ho isolert seg frå livet. Om kvelden lullar ho seg inn i minna om den første store kjærleiken og om dagen går ho til jobben som seksjonssjef i Byråkratiet. Eit grått tilvære. Så får ho vite at ho lever på lånt tid, at ho er så kreftsjuk at ho i grunnen er langt på overtid. Rekk Brille å leve før ho døyr? Rekk vi det - vi andre?

FOR BARN!

FRÅ 6 ÅR

HYPER I EGYPT AV Thor Soltvedt URPREMIERE 17. november på Scene 2

Ei humoristisk barneframsyning om å vere ti år og hyperaktiv. Per-Viggo klarer ikkje å sitje i ro. Rundt han skjer det alltid noko sprøtt. På skolen kallar dei han for HyPer, og dei vaksne veit ikkje kva dei skal gjere med han. Gjennom å skrive oppdagar plutseleg HyPer og rektor at dei har den same interessa for det gamle Egypt.

I REPERTOAR:

THE BOOK OF MORMON AV Trey Parker, Robert Lopez og Matt

Stone OMSETJING: Are Kalvø FRÅ 10. august på Hovudscenen Musikalen alle ønsker å sjå! Ein sanselaust satirisk musikal om religion og misjon, som sprenger dei fleste grenser for kva ein kan tulle med. Framsyninga har vore ein formidabel kritikar- og publikumssuksess.

BLOKK TIL BLOKK

FRÅ LANDEVEGEN

AV: Don Martin, Jonathan Castro, Felipe Orellana Castro, Hedda Sandvig og Cici Henriksen FRÅ 25. august på Scene 3 Kor du kjem frå er ikkje berre ein stad du ikkje har valt. Det er med på å gjere deg til den du er. Don Martin, Boss Castro og Fela har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen, der dei kjem frå, blei musikk og personlege songtekstar om identitet til som ein naturleg del av oppveksten.

AV OG MED Gjertrud Jynge FRÅ 6. september på Scene 3 Gjertrud Jynges tippoldefar, Jakob Walnum, var sokneprest og stiftar av Omstreifarmisjonen. Dette var ein sosial misjon som skulle «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem de hadde forlatt». Gjennom tekst, song og bilde ser Gjertrud Jynge på denne historia på nytt.

|| HAUST 2018 ||

DEN SISTE KONGSFESTEN AV Miroslaw Krleža OMSETJING: Edvard Hoem FRÅ 12. september på Scene 2 Bli med på festen – Hrvatska! Den siste kongsfesten går føre seg i ein by i det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet like før den første verdskrigen bryt laus. Her blir det både kroatiske pølser, tyrkisk kaffi, marknadsjuggel, uklare spådommar og alt som elles høyrer med i ein apokalyptisk fest. 45


I REPERTOAR:

CALLY

VALDENS HISTORIE

AV Ruth Lillegraven

AV Édouard Louis

FRÅ 21. september på Scene 3

OMSETJING: Egil Halmøy

Historia om eit fall. Cally Monrad blei av Quislingregjeringa peikt ut som sjef for Det Norske Teatret i krigsåra. Ho var ein av det tidlege 1900-talets største kulturpersonlegdomar og Det Norske Teatrets første og einaste kvinnelege teatersjef. Likevel er det få som hugsar henne, og portrettet hennar heng ikkje på nokon vegg i teatret. Men livet hennar er blitt eit interessant og gripande portrett på scenen.

FOR BARN!

FRÅ 11 ÅR

KVA NASHORNET SÅG AV Jens Rasche OMSETJING: Carl Morten Amundsen FRÅ 5. oktober på Scene 3 Kven er desse merkelege skapningane som bur på den andre sida av gjerdet? spør Bjørnen i dyrehagen i Buchenwald. Dyrehagen ligg vegg i vegg med konsentrasjonsleiren og dyra ser skapningar i stripete klede og andre med lange skinnstøvlar.

46

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

ANTIGONE

FRÅ 9. oktober på Scene 2

AV Mark Haddon

Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein endar opp som valdsmann? Édouard møter ein fascinerande mann, og tek han med heim. Kjærleiksmøtet utviklar seg til brutal valdtekt og drapsforsøk. Valdens historie er ei modig forteljing der eit overgrep blir sett inn i ein større sosial samanheng og om følgjene det får for både offer og overgripar.

DRAMATISERT AV Simon Stephens

FRÅ 27. november på Hovudscenen Er det lov å vere menneskeleg også mot dei som har brote lova? Antigone har mista begge brørne sine i ein meiningslaus borgarkrig. Den eine blir gravlagt som ein helt, den andre skal bli liggande på slagmarka til spott og spe. Antigone nektar å godta denne uretten, trassar Kong Kreon og følgjer hjartet, ikkje lover og påbod.

OMSETJING: Jon Fosse FRÅ 20. november på Scene 3 Når Christopher bestemmer seg for å etterforske drapet på hunden til naboen, kjem han på sporet av sanninga om sin eigen familie. Ei gripande forteljing om å våge å møte livets utfordringar, korleis handlingane våre får konsekvensar for andre – og om å vere annleis og eksepsjonelt god med tal.

AV Sofokles GJENDIKTING: Halldis Moren Vesaas

INKOGNITO

ABRAHAMS BARN

HAUGTUSSA

AV Nick Payne

AV OG MED Svein Tindberg

AV Arne Garborg

OMSETJING: Gunstein Bakke

FRÅ 21. november på Scene 2

MANUS: Ane Dahl Torp

FRÅ 9. oktober på Scene 3

Svein Tindberg ser nærare på dei verdiane og førestillingane som er felles for alle truande i tre av dei store verdsreligionane. Framsyninga har treft ei nerve hos publikum, og har gått sidan 2011. Tindbergs påstand er at når alt kjem til alt – er vi alle ganske like, også når det kjem til trua vår.

MUSIKK: Sjur Miljeteig

Kan hjernen fortelje oss kven vi er? Tre samanfletta historier undersøker tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske. Fire uvanleg samkøyrde skodespelarar spelar alle dei 21 rollene – nokre av dei basert på historiske personar.

|| HAUST 2018 ||

FRÅ 27. november på Scene 3 Ei forteljing om lengt, ung kjærleik og svik. Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteigs musikalske og drivande forteljeteater tar oss med inn i verda til den mystiske og synske ungjenta Veslemøy. Inspirert av mørket frå rockescenen har dei gjort Arne Garborgs nasjonalepos om til ei eksplosiv og suggererande framsyning.


GJESTESPEL:

PÅ TVERT AV Olav Duun

FESTKVELD HANS BØRLI-JUBILEET

30. OG 31 OKTOBER OG 1. NOVEMBER

4. DESEMBER

Om undertrykte kjensler og uoppnåeleg kjærleik. Framsyninga bygger på ein av Olav Duuns første romanar og fortel om den handikappa ungguten Danel. Det handlar om å finne styrke og aldri gi opp, i opposisjon til alt og alle.

I år er det også 100 år sidan Hans Børli blei fødd. 100-årsjubileet blir avslutta med ei storstilt feiring av den folkekjære lyrikaren på Hovudscenen. Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet. Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store ved det vesle. Dikta er ofte opne og undrande. Kanskje er det difor så mange les Børli i dag?

VINJE 200 ÅR 27. OKTOBER

I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Gjennom fleire hundre dikt, artiklar, reportasjar og essay i bladet Dølen og ikkje minst i den fantastiske reiseskildringa Ferdaminne la han grunnen for nynorsk som levande bruksspråk og gav oss ein usliteleg songskatt med tonar av våre fremste komponistar. Lag og institusjonar over heile landet feirar livsverket hans. Festkvelden på Det Norske Teatret med teaterets eigne krefter markerer slutten på ei jubileumsveke i Oslo.

MELD DEG PÅ NYHEITSBREVET VÅRT ---­MOTTA GODE ­TILBOD FRÅ DET NORSKE TEATRET

BIKUBEKVELD

KVAR FREDAG FRÅ14. SEPTEMBER I BIKUBEN

Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til kveldsshow og bar-miljø i Bikuben. Du kan få servert ein konsert, eit gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ei av framsyningane våre – eller noko heilt anna! Cc: 100,Du finn programmet på detnorsketeatret.no

LUNSJ & LYRIKK Lunsj&Lyrikk er eit populært, litterært pustehol og har blitt ein fast møtestad for mange. Her kan du få kjøpt smørbrød, kaffi og heimebakte kaker frå kl. 11.00 kvar vekedag. Lyrikken blir servert kl. 12.00. Her stiller kunstnarar frå teateret med korte opplesingsprogram. Gratis inngang! Du finn programmet på detnorsketeatret.no

BIKUBEBARN Også denne sesongen vil vi tilby verkstader og eigne teateraktivitetar for barn. Følg med på detnorsketeatret.no

INNSIKT TEATERPODDEN

Ny innsikt og uhøgtidelege samtalar med folk som jobbar på huset. Abonnér i

Det Norske Teatret/Teaterpodden || HAUST 2018 ||

Før framsyning i Bikuben Vi byr på eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping av repertoaret. Som oftast er arrangementa knytte til kveldens framsyning, og det kan vere introduksjonar, samtalar eller aktuelle debattar. Gratis inngang! Du finn programmet på detnorsketeatret.no 47


hovudscenen THE BOOK OF MORMON REGI VIDAR MAGNUSSEN (FRÅ 10. AUGUST) PEER GYNT REGI ERIK ULFSBY (FRÅ 9. SEPTEMBER) NILA OG DEN STORE REISA REGI MARIA KJÆRGAARD-SUNESEN (FRÅ 13. OKTOBER) ANTIGONE REGI JOHANNES HOLMEN DAHL (FRÅ 27. NOVEMBER)

scene 3

scene 2

VÅR VESLE REGI VICTORIA MEIRIK (FRÅ 5. SEPTEMBE)R (FRÅ LANDEVEGEN REGI GJERTRUD JYNGE (FRÅ 6. SEPTEMBER) CALLY REGI MAREN E. BJØRSETH (FRÅ 21. SEPTEMBER) BLOKK TIL BLOKK REGI CICI HENRIKSEN (FRÅ 25. SEPTEMBER) KVA NASHORNET SÅG REGI IVAR TINDBERG (FRÅ 5. OKTOBER) INKOGNITO REGI PEER PEREZ ØIAN (FRÅ 9. OKTOBER) L.I.F.E.G.O.E.S.O.N REGI FRANK KJOSÅS (FRÅ 25. OKTOBER) HAUST I HELVETE REGI BJØRN SUNDQUIST (FRÅ 14. NOVEMBER) DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA REGI TRINE WIGGEN (FRÅ 20. NOVEMBER) HAUGTUSSA REGI ERIK ULFSBY (FRÅ 27. NOVEMBER)

MACBETH REGI PEER PEREZ ØIAN (FRÅ 1. SEPTEMBER) DEN SISTE KONGSFESTEN REGI IVICA BULJAN (FRÅ 12. SEPTEMBER) DET GÅR BETRE NO REGI THOMAS GIERTSEN (FRÅ 21. SEPTEMBER) VALDENS HISTORIE REGI KJERSTI HORN (FRÅ 9. OKTOBER) TUSEN TAKK TEATER REGI ANGELINA JOSEPHINE STOJČEVSKA (FRÅ 19. OKTOBER) HYPER I EGYPT REGI PETTER NÆSS (FRÅ 17. NOVEMBER) ABRAHAMS BARN REGI KJETIL BANG-HANSSEN (FRÅ 21. NOVEMBER)

D E T N O R S K E T E AT R E T K R I S T I A N I VS G AT E 8 , 0 1 6 4 O S LO BILLETTBESTILLING K J Ø P B I L L E T T PÅ D E T N O R S K E T E AT R E T. N O E L L E R PÅ T L F. 2 2 4 2 4 3 4 4 W W W. D E T N O R S K E T E AT R E T. N O


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.