FJORDANE



DAGSTURHYTTA
SOGN OG FJORDANE
I 18 kommunar i Sogn og Fjordane finst det minst ei dagsturhytte. Denne nyutgjevnaden av dagsturhytteboka for Sogn og Fjordane inneheld presentasjonar av totalt 29 hytter, kor 28 av desse ligg i det gamle Sogn og Fjordane. Hornindal kommune gjekk frå 1. januar 2020 inn i Volda i Møre og Romsdal, men er likevel med i denne boka. Dessutan er det ferdigstilt 32 tilsvarande dagsturhytter i Hordaland. På same viset har Rogaland etablert sine hytter, medan Trøndelag også er i ferd med å ta del i dagsturhytte-suksessen.
Denne boka skal vere ein vegvisar til distriktet som dagsturhyttene ligg i, og fortelje kor lang tid det tek å gå til kvar hytte, ein veg. Og som namnet fortel, så er dette eit turmål for ein kort eller litt lengre dagstur, og ikkje ein stad å overnatte.
Alle dagsturhyttene i Vestland har same utsjånad, men turane er svært ulike, då både avstand til hyttene, terreng og plassering varierer. Fleire av hyttene har vedomn og toalett, og alle har eit turbibliotek med nynorske bøker.
Dagsturhyttene er eit samarbeidsprosjekt med mange aktørar, og mange kommunar lagar arrangement i og rundt hyttene. Både biblioteka, Teater Vestland og Den kulturelle skulesekken har brukt dagsturhyttene til sine arrangement, og på den måten vert det spreidd kunnskap om landskap og lokal kultur. Riksantikvaren har på si side også gjeve støtte til fylkeskommunane Vestland og Rogaland til informasjonsskilt om det kulturhistoriske landskapet rundt fleire hytter gjennom KULA-prosjektet.
Det er kommunane som har valt plassering av dagsturhyttene, og det kan vere store skilnad på avstand og plassering av hyttene. Nokre hytter har tilrettelagte gangvegar heilt fram til hytta og er universelle, medan andre kan by på ein halv times tur i terrenget. Det er også eit fåtal med noko meir krevjande tilkomst. Tidsbruken som er omtala i boka er roleg gangtempo. Det kan og vere på si plass å gjere merksam på at det kan ha kome endringar under prosessen med å etablere hyttene, som medfører at stiar, uteområda rundt hyttene eller anna kan vere annleis det som er omtala her.
Her treng du ikkje nøkkel
Her kan du finne ro
Her kan du møte andre
Her kan du nyte utsikta
Her kan du drikke teen din og ete matpakka.
Her kan du faktisk gjere akkurat som du vil, berre du tek ansvar for at nestemann kjem til ei like flott hytte som du.
Sjølv om desse 29 hyttene er heilt identiske i utsjånad, så viser plasseringane mangfoldet vi har. Du finn desse dagsturhyttene til fjells, i skogen, nær busetnad, ved havet eller inst i fjordarmane. Dette er vegvisaren til dei 28 hyttene som er i Sogn og Fjordane, samt tidlegare Hornindal kommune. Det er også tilsvarande bok for dei 32 hyttene som er etablert i Hordaland.
Førde november 2024
Stig Roger Eide (tekstforfattar(fotograf)

ASKVOLL
AURLAND
FJALER
GLOPPEN
GULEN
HYLLESTAD
HØYANGER
HØYANGER

ASKVOLL


NYKSHYTTA
Høgde: 460 moh
Lengde: 2,4 km éin veg
Tid: 45 minutt opp
Nykshytta i Askvoll ligg idyllisk til i Holmedalsfjella, og kan vere eit flott utgangspunkt for turar til kjende toppar som Moldura (837 moh) og Dokka (755 moh).
Følg fv.609 til Holmedal sentrum, som ligg om lag 10 km frå Askvoll og 15 km vest for Dale. Ta av frå fylkesvegen like ved Holmedal kyrkje, og følg Morkavegen nordover mot fjellet. Etter 900 m på denne kommunale vegen er det merkt vidare til parkering for dagsturhytta. Følg grusveg i ein knapp kilometer, og parkér ved Holmedal vassverk. Herifrå går det merkt sti til Nyksvatnet og Nykshytta.
I starten går ein på traktorveg som slynger seg oppover hogstområdet, gjennom ei grind og forbi stidelet med merkt rute til Dokka til ein kjem fram til Vikastølen. Vidare oppover på god sti, over ei bru (sjekk om det ligg eit troll under brua!), før ein tek den siste stigninga opp mot dagsturhytta. Stien er svært tydeleg heile vegen, og rett før ein kjem opp mot Nyksvatnet, tek ein av i stidelet i retning austover mot Moldura. Då ligg dagsturhytta berre 100 meter unna.
Frå dagsturhytta er det berre få meter nordover til Nyksvatnet, som er drikkevasskjelde for Holmedal. Frå hytta går det merkte stiar til fjelltoppane Moldura og Dokka , og Hålands- og Tveitstølen.
Ved hjelp av solcellepanel er det både lys og varme i Nykshytta. Det er også sanitæranlegg like ved hytta. Aktive medlemmer i Holmedal Vel har dessutan utstyrt hytta med masse tova sitjeunderlag og tøflar, og det er filleryer på golvet. Biblioteket er i tillegg til nynorske barnebøker, også utstyrt med fleire lokale historiebøker.
ANDRE OPPLEVINGAR
Helle knivfabrikk
Værlandet havhotell
Alden
Staveneset (helleristingar)

AURLAND


Frå dagsturhytta i Vinjaåsen i Aurland vil du ha panoramautsikt over båttrafikken på verdsarvfjorden.
I utgangspunktet vil turen til Vinjaåsenhytta starte nede på sjølve Aurlandsvangen, ved fjorden. Her er det godt med parkering. Gjennom eit samarbeid med kommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark er det planlagt eit felles skiltog informasjonsarbeid.
Frå kyrkja kan ein følgje hovudvegen Bjørgavegen nordover i omlag 150 m.
Ta deretter av på sideveg mot sør, og følg Doktarbrekka i 200 m til ein kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet, han går først austover opp til vassverket, før han svingar vest- og deretter nordover igjen. Ved enden av vegen er det snuplass, og der er det merkt til dagsturhytta på Vinjaåsen.
Stien går bratt oppover og er tydeleg heile vegen. Etter ein eldre geitefjøs går stien gjennom ei grov ur, før han held fram nordover under eit langt stup. Ved enden av dette tek stien så meir sørleg retning, og er ikkje lenger så bratt.
I denne sørvestvende lia er det svært frodig og gode veksttilhøve.
Vinjaåsenhytta ligg på eit lite platå, og med god hjelp av utbygd platting, har ein panoramautsikt, både rett ned til Aurlandsvangen og til heile det indre bassenget av Aurlandsfjorden. Her er det mange båtar, og heile sommar ser ein nærast dagleg store cruiseskip. Det er også mogleg å gå frå Vinjaåsenhytta og vidare oppover til den populære turistattraksjonen Stegastein. Dette utkikspunktet ligg 640 moh. på fv. 243 over Aurlandsfjellet.
VINJAÅSENHYTTA
Høgde: 302 moh
Lengde: 2 km éin veg
Tid: 45 minutt opp
ANDRE OPPLEVINGAR
Flåmsbana
Stegastein
Undredal
Nærøyfjorden

BREMANGER


P

VETEHYTTA
Høgde: 527 moh
Lengde: 5 km ein veg
Tid: 1–1 ½ time opp
På veg opp til Vetehytta i Bremanger kan du brått komme til å tru at du er på langt sørlegare breiddegrader. For maken til kritkvit strand skal du leite lenge etter. Turen til Vetehytta er på mange måtar ein tur inn i eit prospektkort. Men ver klar over at vêret heilt ute ved storhavet kan skifte brått. Havskodda kan komme rullande når som helst, og då er det godt å ha merkte stiar å vandre på.
Turen til dagsturhytta på Veten startar på parkeringsplassen ved Grotlesanden. Denne ligg 4 km rett vest for krysset på Hauge, der fv. 571 tek av frå fv. 616. Denne vegstubben fører deg så langt vest som det er mogleg å komme på sjølve Bremangerlandet. Gå 100 meter på ein gardsveg etter parkeringa, før du stig over eit gjerde, på ei lita trapp, til utmarka. Herifrå og til toppen av Veten går det god sti.
I starten klyv stien opp ei 300 høgdemeter bratt skråning, og mesteparten av stien snor seg oppover ei grov ur. Men når ein kjem over kanten og går inn i Grotlesdalen, får ein plutseleg forståing for kva dimensjonar det er i landskapet her ute ved kysten.
Etter eit flatt parti på tvers av Grotlesdalen stig terrenget igjen innpå 200 høgdemeter, før ein kjem opp på eit nytt platå. Då kan du, viss det er klarvêr, langt ute i vest skimte Vetehytta. Men turen utover dette så godt som heilt flate «steppelandskapet» er lengre enn ein trur.
Sjølve Vetehytta kom opp til det populære motbakkeløpet Vetenløpet i juli 2019, og då var det meir enn 600 personar som deltok. Og når du har gått opp til denne mektige utsikta mot storhavet, rett over legendariske Olderveggen, kan du reflektere over at det raskaste nokon har brukt opp desse vel fem kilometrane er litt over 25 minutt. Løyperekorden til John Sompol er nemleg 25.25!

PLANAR OM FLYPLASS
Bremanger hadde ein sentral posisjon for den tyske overmakta under den andre verdskrigen, og både på austsida (Frøysjøen) og på yttersida i vest var det viktig for okkupasjonsmakta å ha kontroll på skipsfarta. Dei bygde fleire festningsverk over heile Bremanger, og oppe på sletta på austsida av Veten hadde dei i følgje lokalhistorikarar også planar om å byggje ein flyplass. Når du ruslar rundt der oppe er det ikkje vanskeleg å forstå at det skulle ikkje mykje arbeid til for å finne flatt nok område for ein flyplass. Derimot var både skodde og vind såpass store utfordringar at desse vidløftige planane ikkje vart realiserte.
ANDRE OPPLEVINGAR
Hornelen
Vetvika
Knutholmen
Grotlesanden
FJALER


Øysamfunna på Værlandet, Bulandet og Alden er nokre av dei mest kjende vi har i Sogn og Fjordane. Frå dagsturhytta Vidsyn på Bygdeheia aust for Korssund og Våge har ein panoramautsikt mot desse øyane i vest, og ein solnedgangskveld frå dette området kan gje dei mektigaste fargeopplevingar. Ikkje så underleg at så mange turistar legg ferien sin hit.
Dagsturhytta Vidsyn ligg om lag 30 km vest for kommunesenteret i Fjaler, Dale. Frå rv 57 ved Flekke tek ein inn på fv 607 vestover mot Fure. Her held ein fram vestover på fylkesvegen i om lag 3 km til Furset. Frå Furset, om lag 800 meter før Våge skule, er det merkt grusveg mot parkeringsplassen for dagsturhytta.
Først forbi ein gard, og vidare langs dyrka mark. Etter 750 meter er det opparbeidd plass for fleire bilar i skogkanten. Hald fram på denne skogsvegen slakt oppover i austleg retning i 600 m til. Når skogsvegen deler seg, tek ein til høgre og held fram på skogsvegen noko brattare oppover.
Den merkte stien mot dagsturhytta tek så av frå skogsvegen. Etter eit brattare parti, går stien inn på eit myrlendt område som er i ferd med å bli opparbeidd med grus og stein. Her kjem også stien frå Skor ved Folkestad opp.
ANDRE OPPLEVINGAR
Korssund
Jensbua
Laukelandsfossen
Klokkargarden
Etter dette stikrysset svingar stien vestover igjen, og kjem sakte, men sikkert ut av kystskogen. Dei siste 500 metrane går stien i ope kystlandskap langs ryggen på Bygdeheia, med mektig utsikt over holmar og skjer i Vilnesfjorden, og ikkje minst utover Buefjorden mot sjølve storhavet.
Det går også sti opp frå Skor ved Folkestad. Den vesle grenda Folkestad ligg om lag 2 km sør for Våge kyrkje.

VIDSYN
Høgde: 250 moh
Lengde: 2 km éin veg
Tid: 45 minutt opp
GLOPPEN


Det var på Sandane at eventyret om dagsturhytta starta. Då statsminister Erna Solberg i juli 2019 stod for den offisielle opninga av Trivselsskogen, var det lagt ned meir enn 7000 dugnadstimar sidan det første initiativet til å gjere området til eit turmål for tusenvis. Faktisk viser teljaren som er montert opp at over 30 000 personar har vore innom ein eller fleire delar av det store aktivitetsområdet. Til samanlikning bur det knappe 6000 menneske i heile Gloppen kommune.
I Trivselsskogen på Sandane er dagsturhytta Draumekvila nemleg berre éin av fleire viktige delar. Her finn du mellom anna Solplatået, Kjærleiksskogen, Fosseteateret, Utsikten, sherpatrappene og ikkje minst TIN-campen. I dette området, som ligg berre fem minutt frå parkeringsplassen, er det opparbeidd eit stort område for at folk skal oppleve «Trivsel i Naturen» (TIN). Her er scene, sitjeplassar, pizzaomn, gapahukar, hengekøyer, grillplassar og eit stort klatreområde, berre for å nemne noko. Her har det vore konsertar og bingo, og berre fantasisen set grenser for aktivitetar. Og for eldsjelene i Trivselsskogen finst det ikkje grenser!
Og som Erna Solberg avslutta opningstalen sin med: «Her har dere skapt noe unikt. Og dere har løftet i flokk. Den jobben dere har gjort, kommer vi andre til å nyte godt av i årevis framover».
ANDRE OPPLEVINGAR
Nordfjord folkemuseum
Eidsfossen
Holvikjekta
Trivselshagen
Du kan gå til Trivselsskogen og Draumekvila frå Sandane sentrum. Det er merkt sti opp via byggjefeltet Høgenausen. Då går ein under E39 og går stien vidare oppover. Det er også mogleg å parkere like ved TIN-campen. På E39 er det merkt avkøyring til Trivselsskogen. Denne ligg 600 m nord for Kleivedammen, der avkøyringa til Sandane sentrum er. Det er opparbeidd store parkeringsplassar like ved E39. Det tek berre fem minutt å gå til TIN-campen, og vidare går det fleire alternative stiar opp til Draumekvila. Alle løypene er godt merkte, og i dei fleste tilfelle går ein på skogsveg. Turen opp tek om lag 30 minutt, og frå dagsturhytta er det flott utsikt over Sandane.
Sjølve hytta blei offisielt opna 8. desember 2017, og var dermed den første som kom på plass. Frå hytta er det mange som tek turen vidare opp til rampa på Fosseteatret ved Holvikfossen for å få litt sug i magen!

DRAUMEKVILA
Høgde: 225 moh
Lengde: 1,4 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
GULEN



P
GULAKVILA
Høgde: 149 moh
Lengde: 1,5 km éin veg
Tid: 30–45 minutt opp
I Gulen er ein på historisk grunn. På Flolid ligg tusenårsstaden i Sogn og Fjordane, Gulatinget. Og starten på turen til dagsturhytta Gulakvila startar symbolsk nok ved det historiske steinkorset ved kommunehuset i Eivindvik.
Eivindvik er kommunesenteret i Gulen, og staden ligg idyllisk til mellom Sognefjorden i nord og Gulafjorden i sør. I le for øya Fonna ligg tettstaden sørvendt og lunt til. Ikkje vanskeleg å forstå at i dei tider kommunikasjonen gjekk sjøvegen, så vart Eivindvik ein sentral plass langs skipsleia i vest.
Ifølgje Heimskringla av Snorre Sturlasson vart det utkjempa eit slag ved Dingja i 978 e. Kr. som Håkon jarl vann. I Eivindvik sentrum står to store steinkors som truleg er oppsette i samband med innføringa av kristendommen i
Norge. Ifølgje historier skal dei to korsa ved Eivndvik kyrkje ha blitt reiste i 1023. Ved korset i Krossteigen, like ved kommunehuset, ligg også Olavs-kjelda. Korset i dette området er plassert slik at det alltid ligg i sola, også ved solsnu rett før jul.
Turen til dagsturhytta Gulakvila, startar ved kommunehuset i Eivindvik. Ta stien som går rett vest for det 2,65 meter høge steinkorset som står på Krossteigen. Stien mot Vassverket og Løypingåsen er godt merkt, og det er fleire andre turruter i området. I starten går turen på steinsett veg oppover, før han svingar noko vestover på sti gjennom skogen. Vegen har moderat stigning i starten, og periodevis er det god utsikt mot Eivindvik sentrum.
Den siste delen av stien til dagsturhytta er noko meir kupert, og går gjennom typisk kystlandskap, med svaberg og hamrar avløyste av små myrområde. Det er frodig vegetasjon i den sørvende lia mot Løypingåsen. Frå Gulakvila er det flott utsikt ned til tettstaden Eivindvik, og ikkje minst vestover mot holmar og skjer.
Det finst også ein alternativ sti opp til Gulakvila. Den går frå bustadområdet vest i Eivindvik, og går opp frå vegen Øvre Stølen.
ANDRE OPPLEVINGAR
Gulatinget tusenårsstad
Skjerjehamn
Sellevåg treskofabrikk
Eivindvik prestegard

HYLLESTAD


P
SØREFJORDHYTTA
Høgde: 260 moh
Lengde: 1 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
Lihesten er eit av Sogn og Fjordane sine mest kjende landemerke, der den vel 700 meter høge toppen reiser seg bratt opp frå Sognefjorden i sør og Åfjorden i nord. Alt i vikingtida var dette eit viktig landemerke, og kong Olav Kyrre vurderte lenge å leggje ein by under det majestetiske fjellet. Men i staden valde han Bergen!
Ein tur til Sørefjordhytta gjev utsyn vestover mot det mektige devonfjellet
Lihesten, og utsynet kan motivere til å gje seg i kast med den bratte Nipestien opp til den segnomspunne og luftige Gygrekjeften.
Dagsturhytta ved Sørefjordvatnet har fleire moglege tilkomstvegar, men den mest brukte går frå den vesle grenda Akse, rett aust for Hyllestad sentrum. Frå rv. 57 mellom Dale og Leirvik tek ein av til Akse frå Eide ved Espelandsvatnet. På fv. 607 mellom Leirvik og Hyllestad er det også merkt veg til Akse forbi Birkeland. Frå Birkeland ved Aksavatnet er det skilta til Akse. Etter 1 km kjem ein fram til merkt parkeringsplass for besøkande til dagsturhytta.
Stien går først nordover på ein gamal kjerreveg mot den fråflytta garden Veslelia, før han tek noko stigning i granskogen. Ute av skogen snor den godt merkte stien seg på svaberg og ryggar mot Sørefjordhytta. Hytta ligg aust for Sørefjordvatnet, og her er utsikt vestover mot Lihest-massivet og den opne Åfjorden vestover mot storhavet. I Sørefjordvatnet veks det vassliljer, og seint på sommaren er det mange flotte fotomotiv i vasskanten.
Det er også mogleg å gå merkt sti frå Hyllestad sentrum til dagsturhytta.
Den er noko lengre enn stien frå Akse. Frå Øvråshøgda på rv. 57 mellom Dale og Leirvik går det også sti vestover til dagsturhytta. Då tek ein av på det høgste punktet på grusveg mot Markhus. Ta til venstre etter 500 m, og følg vegen til
garden ved Mørketjørna. Herifrå går det sti vestover. Eit fjerde alternativ er å gå opp frå Berge, 3 km nordvest for Hyllestad sentrum.
Mange som vitjar Sørefjordhytta, tek også den merkte stien til topps på Hesjetinden (492 moh) i nord, som gjev fantastisk utsikt over området.
ANDRE OPPLEVINGAR
Kvernsteinparken
Lihesten med Gygrekjeften
Den Trondhjemske postveg
Nesje fort
HØYANGER


I våre dagar er Høyanger først og fremst kjend for produksjon av aluminium. Etableringa av Høyanger som industristad starta tidleg på 1900-talet med at det vart sikra fleire konsesjonar på rettane til vasskraft. I 1916 starta så arbeidet med å byggje både kraft-, fabrikk- og byanlegg i Høyanger. I samband med desse vasskraftutbyggingane vart mykje av fjell-landskapet rundt Høyanger gjort tilgjengeleg, anten
ved hjelp av trapper og trallebane, eller med anleggsvegar til fjells. Den meste kjende av dei går til området ved Siplo, som også er utgangspunktet for turen til dagsturhytta Synkenhytta. Både i Høyanger sentrum og på dagsturhytta er denne vasskrafthistoria formidla på KULA-skilt (KUlturhistoriskeLAndskap).
Det er skilta frå Høyanger sentrum til Siplo skisenter. Denne fjellvegen svingar seg i hårnålssvingar oppover den bratte lia over Høyanger sentrum, og etter 5 km er ein 500 moh. På vinterstid stoppar vegen her, og dei 6,2 km inn til Synkenhytta må ein i tilfelle gå på ski.
På sommarstid er det derimot mogleg å køyre heilt inn til Synkenhytta. Hytta har tilkomst for alle, og det er planlagt rullestolrampe inn i hytta. Det er toalettbygg ved hytta, og Synkenhytta er utstyrt med varmeovn. Det er også mogleg å finne parkeringsplass rett ved hytta.
Mange som skal til Synkenhytta i den lyse årstida, vel derimot å parkere på «Flyplassen», som ligg rett ved starten av Bergsvatnet. Frå parkeringsplassane på vinterstid og opp til Bergsvatnet er det knappe 2 km. Vegen går forbi det kommunale skisenteret Siplo, som har både alpinbakke, barnetrekk og lysløyper. Frå «Flyplassen» er det om lag fire km å gå på kupert grusveg inn til Synkenhytta.
ANDRE OPPLEVINGAR
Trallebaner og trapper
Høyanger industrimuseum
Byporten
Siplo
Det er også mogleg å padle på regulerings-magasinet Bergsvatnet inn til Synkenhytta frå dette området. Frå Grimsosen i aust til Kråkosen i vest er heile vatnet 8 km i luftlinje. Den austlege delen av vatnet går under namnet Bergsvatnet, medan det frå Synkenhytta og vestover blir kalla Storevatnet. Det er bygd bru ved Synkenhytta, slik at det er mogleg å komme seg over på sørsida av dette store vatnet. Då er det ein flott tur å gå via Toppenhytta på Langefjellet på returen. Ein kjem då ned igjen ved «Flyplassen».

SYNKENHYTTA
Høgde: 603 moh
Lengde: 0–6,5 km éin veg
Tid: Varierande

HØYANGER


ÅSENUTSIKTA
Høgde: 325 moh
Lengde: 3,5 km éin veg
Tid: 1 time opp
Det vanka varm betasuppe, kaffi og kake frå bygdekvinnelaget til alle dei frammøtte då dagsturhytta Åsenutsikta vart opna 26.november 2023. Og det var verkeleg grunn til å feire då denne hytta truleg hadde sett «norsk rekord» i sakshandsaming, frå idé til ferdig produkt. Prosessen starta i desember 2022, og så gjekk det slag i slag til hytta stod ferdig etter berre 11 månadar; kkje minst grunna positiv velvilje frå Høyanger kommune, og entusiastiske eldsjeler og positive grunneigarar på Søreide på sørsida av Sognefjorden.
Utgangspunktet var at bygdefolket ønska seg ein gapahuk på Åsenhøgda. Sameiget Bergmyravegen på Søreide hadde hatt dette på planstadiet i mange år, før plutseleg ideen om eiga dagsturhytte dukka opp. Økonomisk stilte Høyanger kommune seg positiv, og dessutan vart innsamlingsaksjonen lokalt svært godt støtta. Det var tydeleg at dette var noko bygdefolk gjerne ville ha.
For å komme seg til den andre dagsturhytta i Høyanger, startar ein turen frå fergekaia på Oppedal. På vegen på sørsida av Sognefjorden passerer du først på brua over Ikjefjorden før du er på Massnes Villmarksmuseum. Hald fram vidare på fylkesveg 5586 forbi Bjordal, før du etter ein tunnel kjem til bygda Søreide. Avstanden frå fergekaia på Oppedal til Søreide er om lag 35 kilometer.
Starten er heilt nede ved fjorden, rett føre den sørlege opninga på Søreide-tunnelen som går gjennom fjellet Seglet. Solnipevegen som følgjer strandkanten i 600 meter, før den etter ein krapp sving gradvis klatrar sørover opp lia. Ved Vårstølen kan du alternativt til skogsbilvegen følgje blåmerka sti
opp til dagsturhytta. Her går du først i bjørkeskog, før du held fram i gammal furuskog når du nærmar deg Åsenutsikta.
Gjennom det første året er det svært mange som har teke vegen opp til Høyanger si andre dagsturhytte. Hytta ligg på Åsenhøgda med eineståande utsikt nordvestover mot Eidesfjorden, Fuglsetfjorden og litt lenger ute ligg den majestiske Sognefjorden.
ANDRE OPPLEVINGAR
Massnes Villmarksmuseum
Stordalen m/Bjørn West
Ortnevik
Stølsheimen
KINN



P
FLØGJEN
Høgde: 444 moh
Lengde: 2,3 km éin veg
Tid: 45 minutt opp

Dagsturhytta Fløgjen i Kinn ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt vestover mot øyriket ved Flora. Det er også fri utsikt nordover mot fjellmassivet rundt Ålfotbreen, og vender ein seg sørover ser ein bort til både Håsteinen- og Blægja-massivet.
Den mest brukte stien startar i Djupedalen på Grov. Når ein kjem på rv5 mellom Førde og Florø, tek ein av på fv. 614 ved Grov. Denne vegen er merkt til Svelgen. Etter 1 km på denne vegen ligg det ein kraftstasjon på venstre hand, og då ser ein parkeringsplassen til høgre. På austsida av hovudvegen er det opparbeidd parkeringsplass, og det er merkt utgangspunkt for stien til Fløgjen. Hugs at grinda ved parkeringsplassen skal vere lukka i beitesesongen. I byrjinga følgjer ein traktorveg i eit par slyng oppover, før ein går inn på markant og tydeleg sti gjennom den idylliske fureskogen. Stien svingar seg fint oppover, og etter at ein har gått under den tydelege høgspentlinja, kjem ein til eit lite platå der ein kan få inntrykk av kva utsikt som ventar lengre oppe. Stien blir no litt brattare, men er framleis svært tydeleg og lett å finne. Han dreiar noko sørover, før ein tek den siste stigninga ut av skogen, og brått ligg dagsturhytta rett framfor deg.
Det er også mange som tek turen til Fløgjen frå aust. Då startar ein gjerne på Hatleset, som ligg 1 km aust for Grov på rv. 5. Det er opparbeidd parkeringsplass på nordsida av riksvegen, og det er merkt god sti opp til Hatlesetnipa (582 moh.). Herifrå kan ein skimte Fløgjen i vest, og det går god sti slakt nedover i ein knapp kilometer til dagsturhytta.
DEI TOK LIKE GODT NATTA PÅ FLØGJEN
Ekteparet Ragnhild og Martin Schwarz (lite bilete) frå Brandsøy i Flora var så imponerte over utsikta på Fløgjen om føremiddagen at dei like godt gjekk opp igjen på kvelden, og overnatta ute på trammen på dagsturhytta.
-Vi gjekk opp tidleg på dagen, og då det var så vanvitig flott vêr, bestemte vi oss for å gå opp igjen på kvelden. Så no sit vi og lagar oss ostefondue på stormkjøkkenet. Vi har rosévin i glaset, og etterpå skal vi drikke nydeleg kaffi i dei flottaste porslenskoppane vi har. Vi har sjølvsagt også med oss den gamle handbroderte duken opp hit. For fint skal det vere, ler Ragnhild saman med mannen Martin.
Og medan vesthimmelen tek fargar som i eit Munch-måleri, putrar ostefonduen og ekteparet skålar mot det flottaste utsynet du kan tenkje deg.
ANDRE OPPLEVINGAR
Kystmuseet
Ausevika
Kinn
Stabben fyr



KLETTEN
Høgde: 138 moh
Lengde: 1 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
Frå dagsturhytta på Kletten har du unik utsikt vestover mot Måløystraumen, Måløybrua og mot ytre delar av Nordfjorden mot sjølve storhavet. Og det er slett ikkje uvanleg at det kan sigle både havørn og andre majestetiske fuglar forbi.
Lokaliseringa av dagsturhytta Kletten på høgdedraget Kletten kan verkeleg gje dei besøkande ei oppleving av maritimt miljø. Frå vindauget i hytta ser ein rett ned på dei forskjellige fiskeribedriftene i området, og ikkje minst ned på ei av dei mest trafikerte sjøstrekningane sør for Stadlandet. Dessutan er jo sjølve Måløybrua ein arkitektonisk attraksjon i seg sjølv, der ho svingar seg over Ulvesundet. Brua vart bygd i 1974, og bind Vågsøya saman med fastlandet.
Under brua låg den gamle handels- og gjestgjevarstaden Måløyna i tidlegare tider.
Den raskaste turen opp til Kletten startar på Kulen ved rv. 15, rett før den austlege delen av Måløybrua. 500 m etter avkøyringa til Trollebø og Deknepollen på fv. 5718, tek ein av på vegen Ytre Kulen. Følg denne rett fram i 100 m, og finn parkering på grusplass vis-a-vis bilforretninga Asvo Måløy.
Gå 100 meter vestover, før du tek av på blindvegen som fører under Møløy-brua. Etter nokre meter på denne blindvegen vil du sjå ein gangveg som går opp mot sjølve brua. Følg denne opp til rv. 15, kryss hovudvegen og gå langs fortauet austover på motsett side. 40 m aust for skiltet som markerer Måløybrua startar stien opp til dagsturhytta. I starten noko bratt opp gjennom granskogen, før han svingar vestover og blir meir småkupert fram mot sjølve Kletten.
Det går også merkt sti frå grenda Blålid, som ligg nede ved Nordfjorden, rett
sør for dagsturhytta. Det er også ein fin, og litt lengre, tur å gå frå Oksholen i aust.
Dagsturhytta Kletten har vedomn, og det kan vere ei flott oppleving å sitje «på hemsen» og speide vest- og nordover på båttrafikken i skipsleia. Samstundes kan det vere ganske vêrhardt på Kletten, og det er ei flott oppleving å kjenne naturkreftene gripe fatt under hauststormane. På godvêrsdagar har ein flott utsikt mot kjende toppar som Veten, Brurahornet, Hanekammen og heilt søraustover til Hornelen. Det er montert toalett ved dagsturhytta Kletten.
ANDRE OPPLEVINGAR
Kannesteinen
Kråkenes fyr
Refviksanden
Vågsberget handelsstad

LUSTER


P EIKJABU
Høgde: 5 moh
Lengde: 2,5 km éin veg
Tid: 30 minutt
Luster er ein av dei kommunane på Vestlandet som har flest høge toppar. Mellom anna er Store Skagastølstind (2405 moh.) i Hurrungane i Vest-Jotunheimen grensefjell mellom Luster og Årdal kommune. Derfor var det kanskje noko overraskande då kommunen valde å plassere dagsturhytta heilt nede ved
Sognefjorden, der dei fleste vil komme anten med kajakk eller båt. Men tanken var sjølvsagt at denne plasseringa skulle underbyggje det faktum at det er eit mangfald i lokaliseringa når ein ser alle 29 hyttene under eitt.
Eikjabu ligg plassert heilt nede ved den idylliske Sognefjorden, og ligg ved foten av Molden (1118 moh.). Molden er ein av dei mest populære fjelltoppane i kommunen, og årleg er det fleire tusen som tek turen til topps på dette fjellet med den magiske utsikta over indre delar av Sognefjorden.
For dei langt fleste går turen til Eikjabu anten i båt eller kajakk. Det er det mogleg å leige anten i Marifjøra eller på enden av fv. 603, Vedvik. I eit naust ved Vedvik har Luster Turlag/DNT utleige av både enkle og doble kajakkar. Medlemmer kan leige gratis, medan ikkje-medlemmer må betale 100 kroner per tur. Det er også instruksjonstavle for urøynde med tanke på kajakk-leige.
Dagsturhytta ligg på Ytre Eikum (Eikjo), og det er viktig at dei vitjande held seg til området rundt hytta, og ikkje tek seg inn på dyrka område lengre vest.
Det er også mogleg å gå ned til Eikjabu ved å starte frå Mollandsmorki. Det er merkt avkøyring til dette frå rv. 55 mellom Hafslo og Marifjøra, like ved Sogn skisenter på Heggmyrane. Frå Mollandsmorki går stien bratt ned til dei fråflytta gardane Stuaflåten og Hilleren, før han går på eit hyllesystem ned til Ytre Eikjo. Denne stien er stadvis bratt og det er planlagt at han skal sikrast. Stien er om lag 4 km, og det tek ein god time å gå opp igjen same veg.
Det er også toalett ved dagsturhytta Eikjabu.
ANDRE OPPLEVINGAR
Nigardsbreen og Breheimsenteret
Urnes stavkyrkje
Harastølen
Lustrabadet

LÆRDAL


MJØLKEFLATHYTTA
Høgde: 95 moh
Lengde: 0,9 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
Turen til Mjølkeflathytta går forbi fleire krigsminne, og er samstundes ei historisk vandring med tanke på landbruksaktiviteten i området.
Den kortaste og enklaste stien til Mjølkeflathytta startar på ein større parkeringsplass ved rv. 5, rett sør for utløpet av Fodnestunnelen. Her er det sett opp informasjonstavler, og stien til dagsturhytta går først på fortauet på vestsida av brua over Lærdalselva. Rett føre tunnelopninga til Fodnestunnelen er det grind og merkt sti til Mjølkeflathytta.
Dette området vart mykje brukt av den tyske okkupasjonsmakta under den siste verdskrigen, då ein her hadde kontroll over indre delar av Lærdalsfjorden og eventuell trafikk som skulle forbi. Det finst både skyttargraver og skytestillingar i området.
Stien går først litt vestover i sjøkanten, før han dreiar austover igjen og slakt oppover på svaberg og ryggar mot Mjølkeflathytta. Nokre plassar er det bygd trapp, med tanke på at det kan vere glatt på svaberga på vinterstid.
I området er det fleire historiske namn som Jektesanden, Hedler og Huldastova, som alle kan fortelje noko om kva for aktivitetar som har vore her. Namnet Mjølkeflaten kan kanskje indikere noko om at det var her dei mjølka kyrne før. Alle styvingstrea ved dagsturhytta viser også til at området vart mykje nytta til beiting og lauving i tidlegare tider.
Det er Lærdal Turlag som fører tilsyn med dagsturhytta, og som har driftsavtale med Lærdal kommune med tanke på vedlikehald.
Det finst ein alternativ sti opp til Mjølkeflathytta. Denne startar ved Stødno, som ligg på nordsida av Lærdalselva. Følg vegen mot fylkessjukehuset i Lærdal, merkt frå rv. 5 rett aust for Lærdal sentrum. Rett etter passeringa
av bru over Lærdalselva tek ein til venstre på Stødnavegen. Følg denne langs elva fram mot garden Stødno. Her går det merkt sti til Mjølkeflathytta og Hedler. Denne turen er 2,3 km.
ANDRE OPPLEVINGAR
Norsk Villakssenter
Borgund stavkyrkje
Vindhellavegen
Gamle Lærdalsøyri

SOGNDAL


P BALABU
Høgde: 400 moh
Lengde: 2,5 km éin veg
Tid: 45 minutt opp
Både Sognefjorden og Fjærlandsfjorden er internasjonalt kjende. Frå dagsturhytta Balabu, fritt over Balestrand sentrum, har du unik utsikt til dette fjordmøtet.
Balestrand har i lang tid hatt magnetisk tiltrekkingskraft på turistar, og det er kanskje ikkje så underleg at tur- og informasjonsskilta i området er på fleire språk.
Ta av frå rv. 55 på sørsida av Krekling-tunellen, rett ovanfor Balestrand sentrum. Følg vegen på austsida av hovudvegen nordover i 200 meter, før Kreklingvegen går over tunellen i sørvestleg retning igjen. Etter 200 meter svingar denne vegen inn til eit større skule- og idrettsområde med både idrettshall og kunstgrasbane. Her er god parkering.
Gå nordover mot Belehalli, drei så sørover igjen over ei lita grusbane, og du står brått midt i Balestrand sitt tur-eldorado. For med Kreklingen som utgangspunkt er det lagt til rette for ei rad med naturstiar, turløyper og aktivitetstilbod i området. Alle stiane er godt merkte med forskjellige fargar.
Stien til dagsturhytta Balabu går mot Balastølen og svingar seg oppover den svært så frodige skogen. Her finst varmekjære tre som både hassel, lerk og eik, og er du heldig kan du plukke både bjørnebær og blåbær på turen oppover. Stien passerer Ja-steinen, noko som kan indikere at her har nokon gjeve sitt ja til ein annan. Her ligg også ein større gapahuk, og så tek stien noko meir stigning på ryggen mot Esefjorden. Glimtvis kan du skimte den eirgrøne fjorden mellom trea på veg opp. Det er også laga til fleire sitjeplassar med panoramautsikt på stien oppover.
Denne hovudstien held fram opp mot toppen Raudmelen (972 moh.), men rett før Orremyra tek stien av til Balabu. Frå dagsturhytta si plassering på Balastølen ser ein innover Sognefjorden, og på motsett side av fjorden kan ein skimte den gigantiske statuen av Fridtjof den frøkne på Vangsnes. Frå Balabu er det også mogleg å gå tilbake via Fjærestadstølen. Dermed kan ein få ein rundtur i området.
ANDRE OPPLEVINGAR
Kviknes hotel
St. Olavs kirke
Sognefjord Akvarium
Utsikten Gaularfjellet

SOGNDAL


ORRABU
Høgde: 525 moh
Lengde: 1,5 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
Så langt tilbake som i 1763 vart Nordre Bergenhus Amt skilt ut som eige amt, og frå 1. januar 1919 vart det omgjort til Sogn og Fjordane fylke. Hermansverk i Leikanger var administrasjonssenter, og i 1989 vart administrasjonen for både stat og fylkeskommune samla her. Og frå januar 2020 skjedde det store organisatoriske endringar for kommunen ved Sognefjorden. På kommunalt nivå gjekk då Leikanger saman med Balestrand og Sogndal til den nye storkommunen Sogndal. Med 12.000 innbyggjarar er det dermed den tredje største kommunen i Sogn og Fjordane (etter Sunnfjord og Kinn). Samstundes gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune saman med Hordaland og danna Vestland fylke.
Dagsturhytta Orrabu gjev god utsikt over tettstaden Leikanger, og ikkje minst panoramautsikt over Sognefjorden, både innover mot Fresvik og utover mot Vangsnes/Balestrand. Ta av frå rv. 13 ved Tinghuset midt i Leikanger sentrum, og følg Njøsavegen som er skilta mot skisenteret på Kleppa. Vegen svingar seg oppover gjennom busetnaden i bygda og skiftar namn til Kleppavegen. Etter vel 5 km kjem ein opp til skisenteret, og her er store parkeringsplassar.
Den mest vanlege turen til Orrabu går via alpinbakken på Kleppa. I starten går ein på grusvegen på vestsida av varmestova og garasjebygget ved skisenteret. På høgde med starten på skitrekket tek ein av grusvegen og inn på sti som svingar seg oppover det uthogde feltet som er nedfarten i alpinbakken. Denne stien svingar seg oppover alpinanlegget og går heilt opp til siste stolpen i skitrekket. Derifrå går det tydeleg sti på same høgde langs høgdedraget på Eggjahaugane, så litt ned til dagsturhytta.
Det er mogleg å følgje andre stiar/turløyper på vestsida av alpinanlegget, og lokalkjende nyttar også veg/sti i Henjadalen via Dalhjella til Orrabu frå aust. Dette er lengre turar enn stien opp alpinanlegget.
Ein tur til denne hytta i månadsskiftet april/ mai kan gje forståing for kvifor namnet Orrabu er valt. Både om morgonen og i kveldsskyminga er nemleg sjansen stor for at ein opplever spel frå orrfugl i dette myrlendte området.
ANDRE OPPLEVINGAR
Kvinnafossen
Henjatunet
Njøs Planteforsk
Bjørgahaug

SOGNDAL


P
Ein tur til Stedjestova på vestsida av Sogndal sentrum er ein spennande tur, spesielt med tanke på den rike floraen i området, men er i tillegg ein fysisk flott tur på godt tilrettelagd sti mot Stedjeåsen. Turen har utgangspunkt ved Stedje kyrkje sentralt i Sogndal, og blir derfor vitja av mange dagleg.
Den raudmåla Stedje kyrkje er synleg frå store delar av Sogndal sentrum, og parkeringsplassen ved kyrkja er eit naturleg startpunkt for turar til Stedjestova. Frå rundkøyringa på vestsida av Sogndalselva er det berre å følgje rv. 13, Stedjevegen, i om lag 800 m sørover mot Leikanger. Rett føre Stedje camping på høgre hand tek ein inn på Kyrkjevegen, som stig oppover mot Stedjekyrkje. Rett før kyrkja er det stor opparbeidd parkeringsplass. Merk at det er parkeringsavgift i Sogndal.
Gå tilbake over Kyrkjevegen og følg deretter vegen Rødstokken oppover i 50 m. Ta så til venstre, og gå denne vegstubben til endes. Gå gjennom ei grind, og då er du er på stien mot Stedjeåsen. Det kjem fleire stiar innpå hovudstien oppover. Du passerer først eit kulturbeite med mellom anna leikeområde for barnehagen i nærleiken. Så tek stien meir stigning oppover sjølve fjellfoten, og det som særpregar landskapet er stor variasjon og mangfald med tanke på skogsområdet. Her veks varmekjære planter som hassel og svartor, og nokre av trestammane som står ved stien er uvanleg store. Oppe ved sjølve Stedjestova er det gjeve løyve til å felle nokre oretre, og det største har iallfall minst 85 årringar. Det er berre å gå i gang med teljinga. Her skal det også vore registrert ein spesiell hakkespett-art som tidlegare berre er sett i Polen.
Noko av denne unike skogen står igjen i området rundt dagsturhytta, og er grunnen til at utsikta ned til Sogndal er redusert frå sjølve hytta.
Både stiane i området og sjølve dagsturhytta Stedjestova har blitt spesielt tekne vare på av dugnads-entusiastar i Stedjeåsen Trakkarlag.
STEDJESTOVA
Høgde: 413 moh
Lengde: 1,3 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
ANDRE OPPLEVINGAR
Norsk bremuseum
Dei Heibergske samlingar
Fosshaugane Campus
Bøyabreen

SOLUND


P
SOGNESJØHYTTA
Høgde: 15 moh
Lengde: 3 km éin veg
Tid: 1 time
I Solund kommune er det fleire øyar enn det er innbyggjarar. Det bur om lag 800 menneske i Solund, medan det er 1700 øyar, holmar og skjer på det som er den vestlegaste kommunen i landet. Det vestlegaste punktet i Norge, Utvær fyr, ligg også i Solund. Denne kommunen består av berre øyar og har dermed blitt eit populært reisemål for båt-turistar, og ikkje minst andre som har lyst til å oppleve den unike geologien.
Solund består nemleg for ein stor del av sandstein, som er konglomerat avsett under devontida. Tilsvarande geologi finn vi på majestetiske toppar som Lihesten, Storehesten, Håsteinen og Hornelen. Så når du går til dagsturhytta
Sognesjøhytta, bør du sjå like mykje ned på bakken som du ser på utsikta. På fleire område passerer du nemleg område der du ser at berggrunnen kan sjå ut til å vere kokt saman i ei stor gryte.
Viss ikkje du har tenkt å nå Sognesjøhytta i kajakk eller båt, er det ideelt å gå frå Hardbakke sentrum. Det er opparbeidd parkeringsplass i Storehaugen byggjefelt, like ved Solund idrettspark. I starten går ein bratt opp grusveg mot Kystarboretet. Her flatar stien ut. Ved enden av dette frodige området, der det er planta over 160 ulike planter, går vegen over til sti mot Sognesjøhytta. Stien snor og buktar seg gjennom eit spennande konglomerat-landskap, med vekslande berg, myr og lyngheiar. Ikkje minst er det flott å sjå purpurlyngen lyse opp i solhellingane. Stien går også forbi ei idyllisk badevik, der dei yngste kan få avkjølt seg litt.
Namnet Solund, og det første leddet, «sol», kjem opphavleg frå det gamalnorske uttrykket «solh», som betyr ei fòre eller fordjupning i terrenget. Det andre leddet i namnet, «und», er ei forenkling av «hund», som skal bety god
fiskeplass. Ei vandring mot Sognesjøhytta i Solund er så absloutt ein tur i fordjupningar i terrenget med gode fiskeplassar.
Sjølve dagsturhytta ligg på Avløypsneset, og har mektig utsikt rett sørover mot den gigantiske Sognesjøen, som er ein av dei mest verharde strekningane langs norskekysten. Og varmeomnen i hytta kan nok ha stor verdi når haust- og vinterstormane ular på yttersida av Sognesjøhytta.
ANDRE OPPLEVINGAR
Utvær fyr
Lågøystolane
Kystarboretet
Øyhopping med postbåten
STAD



P
NAUSTDALSKAMBEN
Høgde: 475 moh
Lengde: 3,2 km éin veg
Tid: 1 time opp
Fleire av dei 28 dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har mange alternative ruter. Men det spørst om ikkje Naustdalskamben i Eid kommune likevel har flest.
Hytta på Naustdalskamben ligg høgt og fritt med mektig utsyn over både Eidsfjorden og ytre delar av Nordfjorden. Ikkje minst er det storslått utsikt frå hytta i sørleg retning, der kneisar nemleg mektige Gjegnen med sine 1670 moh. opp frå toppane omkring.
Dagsturhytta på Naustdalskamben kom opp i mai 2018, og i løpet av det første året var det allereie etablert fire ulike turruter opp til toppen. Samstundes er det klart at Eid kommune prioriterer at folk køyrer bilen sin til næringsområdet på Reset i Remmedalen, og går til topps den vegen. Dette er også den mest familievenlege ruta, der store delar går på skogsveg og god sti.
Ta av frå rv. 15 ved Haugen, 6 km vest for Nordfjordeid. Følg anten fv 5747 (Hjalmavegen) via Espe til Hjelmelandsdalen, eller ta av på den noko kortare kommunale vegen, Bjørhovdevegen, nokre hundre meter lengre vest. I krysset mellom Bjørhovdevegen og Hjalmavegen på Hjelmeland tek ein vestover i 1 km på Remmedalsvegen. Då er det skilta til parkering for dagsturhytta på næringsområdet på Reset i Remmedalen.
Frå parkeringa går ein grusvegen innover næringsområdet, og ved enden av vegen startar stien som er godt merkt med raude stikker. Etter 500 m kjem ein inn på god traktorveg som stig roleg mot Naustdalskamben. Etter 1,5 km kjem også stien frå Grøthaug inn på same trasé, og vidare oppover er det god og tydeleg sti på ryggen mot toppen. Det siste stykket mot hytta går flatt innover høgda og er noko myrlendt.
Alternativt kan ein gå opp på Naustdalskamben frå Haugen skule, og gå grusveg/ kommunal veg opp forbi Grøthaug til traktorvegen/stien i Bjørnaskaret. Det er også mange lokale som startar turen frå Grøthaug ved Bjørhovde.
Det går også merka sti frå rv15 ved Ytrebøen rett før Naustdalsvika. Dette er den kortaste stien, men samstundes den brattaste. I starten på skogsvegen, men mesteparten på bratt sti oppover den sørvendte lia mot Naustdalskampen. Som eit fjerde alternativ er det merkt sti frå Torvik på Stårheim. Her kan ein parkere ved Stårheim stadion, og starte ved brua over elva ved kraftverket. Her er stien merkt med blå trestikker til topps.
ANDRE OPPLEVINGAR
Sagastad
Norsk Fjordhestsenter
Eidsgata
Harpefossen skisenter
STAD


Eit rike av kontrastar. Slik kan ein godt omtale Selje. Her, så langt vest som det er mogleg å komme på fastlands-Norge, berre 972 kilometer i luftlinje frå Island, kan du oppleve dramatiske klipper, kvite sandstrender og ikkje minst idylliske bygder i lune viker. Men ein tur hit når hauststormane grip fatt i deg, når dei dundrar inn frå Stadhavet og inn Sildagapet, er også verdt å få med seg. Eller ein sommardag når det er yrande folkeliv på den idylliske og kritkvite badestranda Seljesanden.
I den tida då mesteparten av kommunikasjonen gjekk på vatnet, var Selje eit viktig knutepunkt på denne delen av Vestlandet. På øya Selja, berre nokre lange steinkast frå tettstaden Selje, ligg Selja kloster. Dette er truleg det eldste klosteret i Norge. Det vart bygd av Benediktinar-munkar om lag år 1100, til minne om St. Sunniva. Selja bispedøme vart oppretta i 1068, og her går dei nasjonale røtene langt tilbake. Det finst kjelder på at både Olav Tryggvason og Olav den Heilage sette sine bein her rundt år 1000.
Eit flott utkikspunkt for å få oversikt over desse perlene får ein ved å ta turen til dagsturhytta Sjøglytt, som ligg på Risnakken. Turen opp hit går på godt opparbeidd sti og mange trappetrinn frå sentrum av Selje. Det finst mange parkeringsplassar rundt idrettsanlegget og skulen i sentrum. Ta den øvste vegen i busetnaden, Skogavegen, som startar på nedsida av Doktorgarden. Etter 100 m nordover på denne vegen kjem ein fram til ei stor trapp som viser starten på stien til Risnakken.
Denne stien vart etablert som eit spleiselag av mange aktørar, og oppslagstavla i starten viser det folkelege engasjementet bak folkehelse-initiativet som kom på plass i 2010. Stien snor seg opp den bratte lia, og på dei brattaste

partia er det bygd solide trappetrinn av både stein og tre. Rett etter utkikspunktet ligg sjølve dagsturhytta. Her er det etablert eit aktivitetsområde med både klatreområde og diverse treningsapparat.
Det er også laga universell tilkomst på turveg frå Djupedalen i aust. Dette gjer hytta meir tilgjengeleg for langt fleire. Det er også mange som tek turen vidare frå Sjøglytt til Tarvaldseggja.
ANDRE OPPLEVINGAR
Selja kloster
Seljesanden
Tarvaldsegga
Libbermannen

SJØGLYTT
Høgde: 150 moh
Lengde: 0,7 km éin veg
Tid: 20 minutt opp
STAD




HAVGLIMT
Høgde: 226 moh
Lengde: 2 km éin veg
Tid: 1 time opp
Når du først har teke vegen til Stadlandet, vil du sjølvsagt ha eit glimt av storhavet i vest. Derfor passar namnet Havglimt svært godt på dagsturhytta som Stadlandet idrettslag driftar. Hytta vart opna 7. juli 2023 av dåverande varaordførar i Stad kommune, Siri Sandvik, og Stian Davies som då var leiar i hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune (sjå vesle bildet).
Hytta ligg i lia rett overfor Stad Kystbygg i Leikanger, og dette var den 60. dagsturhytta som dette firmaet hadde produsert. Havglimt er den tredje dagsturhytta i Stad kommune, og frå hytta har du ei unik utsikt utover Vanylvsgapet mot Stadhavet. Dessutan er det mektig utsikt nordover store deler av Sunnmøre.
Turen opp startar frå Stadlandet skule og opplæringssenter i Leikanger. Der er det stor parkeringsplass. Følg skiltinga forbi fotballbana og hald fram oppover byggefeltet til den siste svingen. Der er det skilta til høgre, og følg vidare den tydelege stien oppover. Etter 400 meter kjem du til eit utmarksgjerde med grind, og her dreiar stien austover igjen og litt nedover på oversida av gjerdet. Gå over brua ved Sandeelva, og ta så stigning på god sti oppover mot hytta. Ved brua kan ein skimte dagsturhytta oppe i horisonten.
Vestland fylkeskommune har fått støtte frå Riksantikvaren til eit prosjekt som har mål å formidle kunnskap om det kulturhistoriske landskapet (KULA) rundt fleire av dagsturhyttene. Dagsturhytta Havglimt har fått eit informasjonsskilt om det verharde kystheilandskapet og om fiskarbonden.
Stadlandet med sitt opne skoglause landskap med dei bratte klippene ned mot det verharde Stadhavet, er eit av dei særmerkte kulturlandskapa i Vestland. For å unngå det farlege sjøtrekket var det i eldre tider vanleg å trekkje
båtane over land ved Dragseidet. Stadlandet er også fiskarbonden sitt landskap, der både bygningsmiljøet og kulturlandskapet med strukturar knytt til fiske og jordbruk er godt bevart. Dei store områda med kystlynghei på Stadlandet har ei særstilling i europeisk samanheng. I tillegg har uttaket av torv frå myrane sett tydelege spor etter seg i landskapet.
Frå den naturlege høgda ved Havglimt, Lia, går det sti vidare til Lundabrekkhornet (361 moh).
Tek du vidare med deg svippturen om Geitahornet (476 moh), så kan du ta turen til Havglimt som ein rundtur i dette unike kystlandskapet.
ANDRE OPPLEVINGAR
Hoddevika
Ytre Fure
Ervika
Vestkapp
STRYN


Kloppemyrshytta i Stryn skil seg noko frå mange av dei andre dagsturhyttene då ho ligg i skogen, rett over Stryn sentrum. Men hytta ligg idyllisk plassert i fureskogen og skapar ein magisk stemning. Det er fleire forskjellige ruter til hytta, men den mest vanlege er å starte ved Stryn stadion nede på Tonningsøyra, like ved rv. 15, vest for Stryn sentrum. Då går ein først vestover på Grandevegen, over brua og tek så retning oppover på vestsida av elva. Etter 800 m på asfaltvegen kjem ein fram til ei særprega trebru over elva, som ein kryssar. Herifrå går det godt merkt sti på austsida av Vikaelva oppover skogen til Kloppemyrshytta. Frå brua og opp er distansen 1,7 km.
ANDRE OPPLEVINGAR
Briksdalsbreen
Skålatårnet
Loen Skylift
Jostedalsbreen nasjonalsenter
Det er også mogleg å gå frå den store parkeringsplassen ved Stryn skisenter. Då køyrer ein forbi Strynehallen i sentrum, og følgjer skiltinga oppover bustadområdet til skisenteret. Frå den øvste einebustaden og opp til parkeringsplassen er det omlag 1,5 km oppover Setrevegen. I den skarpe svingen rett før dei store parkeringsplassane ved skisenteret er det mogleg å finne plass til fleire bilar. Her startar fleire stiar som går vestover og noko nedover mot Vikaelva. Etter å ha kryssa ei mindre elv, kjem ein etter 400 m fram til hovudelva. Vikaelva er ein attraksjon i seg sjølv, der ho stuper nedover lia i eit svært markant elvegjel. Dette er spesielt flott å sjå ved den gamle trebrua over Hynnjelsjølet. Følg setrestien nedover på austsida av Vikaelva, og deretter over kulturminnet Vilkjekloppa. Her er oppslag om fascinerande historie. 400 meter lengre nede går stien rett forbi Kloppemyrshytta.
Det er også mogleg å gå til dagsturhytta rett etter at ein har passert dei siste husa i busetnaden på veg mot Stryn skisenter. Her er det parkering langs Setrevegen, og stien går rett vestover under høgspentlinja. Frå Setrevegen og fram til Kloppemyrhytta er det om lag 1 km.
KLOPPEMYRHYTTA
Høgde: 190 moh
Lengde: 2,5 km éin veg
Tid: 45 minutt opp

ATTRAKSJONEN ER LIKE VED
Medan sjølve Kloppemyrhytta ligg i eit skogsområde, er det veldig fascinerande å gå den gamle seterstien frå Kloppemyrhytta og oppover på austsida av Vikaelva. I starten snor den mykje brukte stien seg oppover, før han kjem fram til Vilkjekloppa.
Denne steinbrua har Arnold Sunde kalla verdas åttande underverk, der ho ligg som «ei statue over norsk brukskunst, meisla og mura av norsk gråstein. Brua er eit ærefullt minnesmerke over kampen mot naturkreftene, og slitet for det daglege brød i farne tider».
Litt lenger oppe vil ein sjå det markante elvegjelet, der Vikaelva gjennom tidene har grave seg tvert ned i fjellet. Ein attraksjon nesten på linje med Gudbrandsjuvet i Valldalen på Sunnmøre. Hynnjelsbrua ligg lengre oppe, ho fører over dette gjelet som er 15-20 meter djupt. Lokalhistorikarar fortel at denne brua i si tid vart bygd fordi folket på Markane skulle komme seg til kyrkje i Stryn.

SUNNFJORD


P SKARALY
Fjellområdet mellom Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord består av sandstein som er avsett for omtrent 400 millionar år sidan (devontida). Berggrunnen er svært motstandsdyktig mot erosjon, og fjella framstår derfor som monumentale, nakne og golde, der dei kneisar over landskapet. Her i fylket har vi slike område også ved Lihesten, Solund, Håsteinen og Hornelen. Ein tur i dette området kan derfor like godt vere ein studietur i geologi.
Frå Bygstad er det skilta veg til Storehesten. Dei siste 3 km er det bomveg opp til Stølshaugane, med fleire parkeringsplassar ved enden av bomvegen. Frå desse går det godt opparbeidd sti vidare oppover forbi Kårstadstølen, før stien held fram i jamn, fin stigning til Kårstadskaret. Stien er opparbeidd i samband med motbakkeløpet Storehesten Opp, og helikopterselskapet Airlift AS, som har tilhald ved flyplassen på Bringeland like ved, var ein viktig samarbeidspartnar i samband med flyging av både sand og stein. Derfor er det hol midt på fleire store steinheller, for at helikopteret skulle kunne legge dei rett på plass i stien.
Etter at ein har passert elva i Kårstadskaret, finst det fleire sti-stubbar opp til dagsturhytta Skaraly, som ligg mot himmelsjå.
Frå Skaraly går det merkt sti vidare mot Storehesten (1209 moh). Dei fleste går stien på platået på nordsida av dette mektige fjellet, men det er også fullt mogleg å gå opp eggja på austsida av Storehesten.
Det er også ein flott tur å rusle nordover mot Kvamsskaret og gå austover ut på Litjehesten.
Høgde: 693 moh
Lengde: 3 km éin veg
Tid: 1 knapp time opp
NORGES LUFTIGASTE UTEDO?
Dagsturhytta Skaraly har flott utsikt sørover, der ho ligg på kanten av sandsteinformasjonen. Hytta er godt bardunert då det kan vere kraftig vind i området, men det spørst likevel om ikkje utedoen som ligg 40 m mot nord likevel tek prisen som Norges luftigaste. Denne er også godt bardunert, og ei vitjing på toalettet her treng ikkje vere hastig med slik utsikt. Utsikta blir sjølvsagt ekstra flott viss ein sit der med døra open!
I fjellformasjonen nord for hytta kan ein med litt fantasi skimte ansiktet til guden Bjugr, som vaktar over Skaraly og deg der du sit på toalettet. Bjugr har gjeve namnet sitt til Bygstad, og segna fortel at for 9000 år sidan ville Bjugr kaste ein stein inn på Bogjen nede i vikja. Men det var glatt etter mykje regn på Storehesten, så han sklei, og steinen hamna oppe i Kvamsskaret. Og den dag i dag ligg steinen like ved Skaraly.
ANDRE OPPLEVINGAR
Osfossen
Likholefossen
Hestad kyrkje
Storehesten

SUNNFJORD


GYTTA
Høgde: 255 moh
Lengde: 1,7 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
I Førde var det fleire aktuelle lokaliseringar av dagsturhytta, men med valet på Gytta rett over busetnaden i det folkerike området Vieåsen, rett ved Sentralsjukehuset i Førde, har dei ansvarlege treft blink. Hytta vart flogen på plass rett før jul i 2018, og i løpet av dei fire første vintermånadene hadde innpå 8000 personar vitja hytta! Ikkje minst har mange barnehageborn og skuleelevar nytta seg av det nye turmålet. Hytta vart offisielt opna 27. april, og då var det over 600 personar til stades!
Utgangspunktet for turar til Gytta er ved Vieåsen barnehage. Følg Vievegen frå Viebrua, som ligg rett nord for forretningsbygga på Kronborg. Vievegen slynger seg oppover Vieåsen, og i krysset der Rennekleiva startar er det opparbeidd parkeringsplass ved sida av kunstgrasbana. Gå gangvegen vidare oppover langs aktivitetsområdet, og ta opp bratt grusveg mot den øvste busetnaden i Rennekleiva. Ved enden av grusvegen er det merkt god sti oppover mot Gytta. Stien er sjølvsagt noko prega av den store trafikken, og det er allereie planar om å leige inn sherpaer for å steinsetje dei utsette delane av stien.
Oppe ved hytta er det laga platting rundt hytta, og det naturlege amfiet er allereie nytta til både konsertar og teaterframsyning. Førdefestivalen er mellom anna utfordra til å leggje aktuelle konsertar i området. Det er også bygd ein større gapahuk på Gytta med fleire gode sitjeplassar.
Namnet Gytta er eit lokalt namn på området, det kan bety både ei revne og eit gjel i eit bratt fjellparti.
Frå Gytta er det mange som tek turen vidare opp mot Viefjellet. Det første utkikspunktet ligg på Litje Viefjellet, eller Litjefjellet, som mange kallar det (440 moh.). Hovudtoppen på Viefjellet ligg på 705 moh., og gjev den beste utsikta over den største byen i Sogn og Fjordane. Det er også mogleg å gå ned frå Viefjellet anten til Soleide eller mot Flugedalen og Angedalen.
ANDRE OPPLEVINGAR
Huldefossen
Sunnfjord Museum
Hafstadkleiva
Kunstmuseet
SUNNFJORD



Av dei 28 dagsturhyttene i Sogn og Fjordane ligg Steinkorshytta nest høgast (716 moh). Men når det er høve til å køyre bil opp til Kringla, som ligg 320 moh., er dette likevel ei nokså lett tilgjengeleg hytte.
Frå Naustdal sentrum (ved bensinstasjonen) tek ein inn på fv.611 vestover mot Stavang. Etter 1,2 km på fylkesvegen langs fjorden er det merkt veg opp til Kringla. Denne kommunale grusvegen går i serpentinsvingar oppover den bratte og frodige lia, som faktisk er ein del av Mallasvika naturreservat. Den solvende lia har nemleg ein av dei rikaste edellauvskogane i Sunnfjord.
Den første vegen opp til Kringla vart bygd rett føre den andre verdskrigen, men det var først då Naustdal kommune i 1984 heva standarden til dagens nivå, at dette vart det viktigaste utgangspunktet for friluftsturar nær Naustdal. Ved enden av den knappe 3 km lange vegen er det opparbeidd parkeringsplass. Like ved husa på garden Kringla er det parkeringsavgift, medan det 300 m lengre nede ved den kommunale vegen er avgiftsfri parkering med tanke på turar til dagsturhytta.
I starten går den merkte stien til Steinkorshytta på austsida av gardstunet. Ved utgangen av den dyrka marka går stien innpå den gamle stølsvegen. I starten er stølsvegen noko steinete og bratt, til han passerer Kringlestølen (520 moh.), men blir så flatare og lettare å gå. Han går forbi Mallasvikstølane
STEINKORSHYTTA
Høgde: 716 moh
Lengde: 2,9 km éin veg
Tid: Ein god time opp

(580 moh.) og tek så litt meir stigning opp til Kringlevatnet (650 moh.). Dei to bygningane som ligg ute på ryggen i sørvest, er Sælastølen. Frå Kringlevatnet er det berre å følgje ryggen vidare oppover mot høgdepunktet Steinkorsen. 200 m før toppen er det skilta nordover til dagsturhytta Steinkorshytta. Ho ligg idyllisk til ved det vesle vatnet Kattaløkjen.
Det er vedomn i hytta, og det er også solcellepanel, med tanke på lys. Hytta har eige toalettbygg like ved.
ANDRE OPPLEVINGAR
Luftkampmuseet
Sanden friluftsområde
Naustdalsfossen
Styggelifossen

SUNNFJORD


P
FJELLRO
Høgde: 460 moh
Lengde: 3 km éin veg
Tid: 45 minutt opp
Dagsturhytta Fjellro var den første som kom på plass i terrenget i Sunnfjord, og straks etter at ho vart opna i mars 2018, starta folk å valfarte til dette turmålet. Fygladalen har tidlegare aldri vore noko særprega og attraktivt turmål på Jølster, men i løpet av den første sommaren hadde over tusen personar skrive seg inn i hytteboka.
Dei langt fleste startar på turen til Fjellro ved å parkere ved Skei Hotell (Thon Hotell Jølster). Her er det skilta plass for turgåarar som skal til hytta.
Kryss over på vestsida av E39, og følg gangvegen langs Jølstravatnet om lag 100 m i retning Førde. Her det det skilta oppover mot vassbassenget på Fygla. Det ligg 308 moh. Herifrå går det to gode stiar vidare oppover mot dagsturhytta.
Frå bassenget tek turen om lag 15 min.
Det går også merkt sti opp frå Jølster Panorama Camping, litt lengre vest langs Jølstravatnet. Det går også sti frå Skei skule 1 km lengre aust langs E39. Alle stiane fører til Fjellro, og gjev mektig utsikt over indre delar av Jølster.
Hytta er utstyrt med ei rad fargerike sitjeunderlag som lokale har strikka. Det er dessutan tilgjengeleg godt med strikkasokkar og sko-overtrekk med tanke på bruk inne i hytta.
Med Fjellro si lokalisering ved inngangen til Fygladalen, er det mange som tek turen vidare innover Vaelva og inn til Fyglastøylen. Det går dessutan ei mykje brukt rute opp forbi Skredestøylen mot Håheimsfjellet. Frå 1079 moh. er det ei mektig utsikt mot det spesielle møtet mellom heile fire dalar: Stardalen, Våtedalen og dalane mot Førde ved Breimsvatnet og mot Skei i sør. Her er det tydeleg at breen har gjort solid arbeid for mange tusen år sidan.
ANDRE OPPLEVINGAR
Astruptunet
Eikåsgalleriet
Haugabreen
Jølstramuseet
SUNNFJORD


Viksdalen i Sunnfjord har hatt eit aktivt nærmiljøråd som over lang tid har jobba med å få etablert ei dagsturhytte i grenda. Fleire plasseringar har vore vurderte, men det var først då ein positiv grunneigar på nordsida av grenda dukka opp at det vart fortgang i planane. Men så kom ein rapport om potensiell rasfåre i det påtenkte området som kom til å forkludre prosessen noko.
Men dialogen mellom grunneigaren og det aktive nærmiljørådet heldt fram, og ny tomt i nærleiken vart funnen. Etter dette har planarbeidet skote fart, og 9. november 2024 kunne sunnfjordordføraren klippe snora for den 28. dagsturhytta i Sogn og Fjordane. Dette var også den femte hytta i Sunnfjord kommune, som dermed er den kommunen som har flest hytter.
ANDRE OPPLEVINGAR
Eldalstunet
Hestad kapell
Likholefossen
Utsikten, Gaularfjellet
Hytta ber namnet Haugaro, etter garden Haugane som ligg like ved. Hytta har universell tilkomst, men det er ønska at viss nokon skal nytte bil opp til hytta, så bør grunneigar kontaktast på førehand. Det er grusveg opp til garden på Haugane, og dei siste par hundre metrane frå garden er den tidlegare skogsvegen grusa opp slik at den er godt framkommeleg heilt fram til dagsturhytta. Parkér bilen på parkeringsområdet nede ved Viksdalen skule, som ligg like ved Viksdalen kyrkje. Turen opp tek ein halvtimes tid, og går delvis gjennom høg og majestetisk skog og opne beiteområde. Vegen stig jamnt oppover heile tida, og på den 1,6 kilometer lange turen får du ein meir og meir majestetisk utsikt. Ikkje berre over Viksdalen sentrum, men også austover Råheimsdalen med det idylliske Lauvavatnet som blikkfang. Vestover er det også flott utsikt mot Viksdalen sentrum og det store Viksdalsvatnet. Bak Viksdalsvatnet i sørvest kneisar dei majestiske toppane Holsnipa, Jemtdalsnova og Snøheia mot horisonten.

HAUGARO
Høgde: 284 moh
Lengde: 1,6 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
VIK



LIABU
Høgde: 825 moh
Lengde: 2,3 km éin veg
Tid: 1 time opp
Det er mange gode grunnar for å ta turen til Vik. I den vesle bygda Vikøyri har dei stolte vist fram til dømes både Hove steinkyrkje, Hopperstad stavkyrkje, gamalostfestivalen og eit flunkande nytt skiskyttaranlegg i mange år. Og visste du at det einaste fengselet i Sogn og Fjordane, Vikjahuset, har hatt tilhald i bygda sidan 1864?
For å komme seg til dagsturhytta Liabu tek ein utgangspunkt i Vik sentrum nede ved fjorden. Køyr på rv. 13 mot Vikafjellet og Voss. Etter 5,6 kilometer oppover dalen tek ein ved Tistel av hovudvegen ved skilt til Vik skisenter. Følg grendavegen Kolsetevegen mot skisenteret. Her er det mange parkeringsplassar. Frå den nedste parkeringsplassen er det skilta sti på skogsveg. Kryss elva Hopra på bru, og følg skogsvegen til du kjem til ein grusveg. Følg denne vidare oppover mot Vik fjellandsby og gå til endes på Djupagjelvegen. Her veljer du sti til venstre oppover, og følgjer den i 850 meter. Etter at du har kryssa elva Djupegila, følgjer du nyrydda og godt merkt sti vidare opp til dagsturhytta Liabu.
Dagsturhytta Liabu var den 26. hytta som kom på plass i Sogn og Fjordane. Den vart flogen på plass av Airlift 10. september 2019, og er samstundes den hytta som ligg høgst over havet i Sogn og Fjordane. Hytta ligg på 825 moh, og er dessutan eit flott utgangspunkt til turar til Liahovden som ligg i nordvestleg retning. Denne toppen på knappe 1000 meters høgde har flott utsikt nordover mot Sognefjorden, og ikkje minst ei magisk utsikt over Vikbygdi.
ANDRE OPPLEVINGAR
Hove steinkyrkje
Hopperstad stavkyrkje
Strandsitjar-husa på Vikøyri Fridtjovstatuen
ÅRDAL



MOAKAMBEN
Høgde: 245 moh
Lengde: 0,7 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
Under den andre verdskrigen starta den tyske okkupasjonsmakta å bygge aluminiumsverket i Årdal, då dei hadde trong for dette viktige metallet. Rett etter krigen vart denne aktiviteten overteken av den norske staten under namnet Årdal og Sunndal verk (seinare Hydro). Heilt sidan då har sognekommunen for mange vore assosiert med tungindustri, både på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Dette er i ferd med å endre seg, og dei siste åra har turismen blitt viktigare og viktigare for kommunen. For rundt industribygdene inst i Sognefjorden reiser fjella seg stupbratt opp mot himmelen. Årdal ligg ved foten av Hurrungane i Vest-Jotunheimen, der den alpine Store Skagastølstind (2405 moh.) er høgst. Dessutan er den spektakulære Utladalen med Vetti og
Vettisfossen blitt eit populært turmål for mange.
På det same viset har også dagsturhytta på Moakamben, midt i Øvre Årdal, blitt uvanleg populær på kort tid. Mange tusen har teke turen til hytta som ligg med utsikt over aluminiumsverket og utover mot Årdalsvatnet med dei spektakulære fjellformasjonane ved Bøttejuvet i vest.
Turen til Moakamben startar ved krysset midt i Øvre Årdal, like ved inngangsporten til aluminiumsverket. Ta inn på rv. 13 som går mot Tyin. Etter 1 km oppover på hovudvegen er det merkt veg til Moa. Følg Moavegen i 600 m, heile tida rett fram. Då kjem ein fram til ein stor open grusplass som ligg på eit lite sandplatå aust for aluminiumsverket.
Her startar stien til Moakamben. Stien er merkt, og går først opp skråninga mot eit dyrka området på garden Moa. Vidare til venstre på godt merkt sti oppover ryggen. Nokre små parti er noko bratt, men der er heilt ufarleg å gå. Mot slutten flatar stien ut bortetter ryggen fram mot dagsturhytta.
Det er også mogleg å gå på Moakamben viss ein startar på Lykkja i Utladalen. Ein følgjer då Utladalsvegen frå sentrum i knappe 3 km, og tek den merkte stien som går frå Lykkja. På vegen oppover deler stiane seg, og fortel i klartekst at Moakamben er eit mykje nytta turområde. Sjølv om det berre er eit godt steinkast frå aluminiumsverket!
ANDRE OPPLEVINGAR
Utladalen med Vetti/Vettisfossen
Bøttejuvet
Friluftsbadet
Store Skagastølstind
VOLDA



(Frå 1. januar 2020 valde Hornindal å bli ein del av Volda kommune på Sunnmøre. Med då denne hytta i utgangspunktet låg i Sogn og Fjordane, har vi teke den med her.)
Dagsturhytta på Nakkebruna gjev flott utsikt til Nord-Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Hytta er samstundes ei av dei lettaste å gå på, då ho ligg på berre 207 moh.
Når du skal til dagsturhytta på Nakkebruna, er det tilrådd å parkere ved Hornindal skule. Skulen ligg nokre hundre meter nord for Hornindal kyrkje, langs E39. Gå frå parkeringsplassen ved skulen og vestover på den særprega brua over elva Horndøla. Hald fram eit par hundre meter til på asfaltvegen, forbi eit gardstun og inn på Ytrehornvegen. Følg den til midt oppi stigninga, og der vil du sjå turskilta til Ytrehornsnakken og Otredalssetra. Her er det også ei lita utkøyring med plass til nokre få bilar.
Stien går på sandgrunn oppover i starten. Etter eit par minutt går turen gjennom ei grind, før ein passerer ei mindre hytte og ei høg mast. Då kan ein skimte dagsturhytta litt lengre oppe på ryggen. Stien går vidare forbi ein kvilebenk med nydeleg utsikt over Grodås og inder delar av Nord-Europas djupaste innsjø. På sitt djupaste har Hornindalsvatnet ei djupne på heile 514 m.
Frå dagsturhytta på Nakkebruna går det også godt merkt sti vidare opp på Ytrehornnakkjen og Ytrehornsetra (sjå rammetekst). Frå desse setrene er det også ein flott tur å halde fram vidare innover fjellryggen mot Gløvrefjellet og inn til Kviven, som med sine 1027 moh. er grensefjell til Møre og Romsdal. Ei grense som vart endra då Hornindal frå 1. januar 2020 vart innlemma i Møre og Romsdal.
NAKKEBRUNA
Høgde: 207 moh
Lengde: 0,7 km éin veg
Tid: 30 minutt opp
HAR STÅTT I OVER HUNDRE ÅR
Ytrehornsnakkjen si sentrale plassering, med utsyn vestover det store Hornindalsvatnet og austover sjølve Hornindalen, er nok den viktigaste grunnen til at det i eldre tider var plassert ei vetestove her. Den skulle varsle om det kom ugjestmilde folk til bygda.
På same viset vart Ytrehornsnakkjen peika ut til å vere den rette plassen då ein i 1914 ville reise ein bautastein til minne om Grunnlova frå 1814. Året før, i 1913, fann Ola E. Vellene og nokre kameratar ein tenleg stein i fjellura nord for Nakkjen. Steinen vart kila laus, og med stor mannemakt vart den 6,5 meter lange steinen køyrd på skaresnøen om vinteren fram til den rette plassen. Her vart det mura ein platting, og steinen vart så reist.
Frå dagsturhytta på Nakkebruna tek det ein knapp halvtime opp til bautaen på Ytrehornsnakkjen.
ANDRE OPPLEVINGAR
Hornindalsvatnet
Horndøla bru
Anders Svor museum
Hornindalsrokken



IDÉEN OM DAGSTURHYTTENE

Sidan den første dagsturhytta vart opna i desember 2017, har tusenvis av menneske gått tur til og frå og til desse hyttene. Dagsturhyttene har blitt dei nye møteplassane for mange. Dei gjev ly for vêr og vind, og er lett tilgjengelege. Noko som også betyr at det blir meir sosialt å vere på tur.
I tillegg til å vise fram vakre stader og variert natur, så gir turar til desse dagsturhyttene kunnskap om lokal kultur og lokal identitet. Dette er viktig folkehelse-arbeid, og ved overgangen til 2025, er det totalt meir enn 150 dagsturhytter i heile Norge. Både i Rogaland og Vestland fylke, er utsjånaden på hyttene lik, og det samme vil også vere tilfelle i Trøndelag, som er i ferd med å etablere liknande hytter i tida som kjem.
Det var den gong Sogn og Fjordane fylkeskommune ved seniorrådgjevar Atle Skrede som hadde ideen om dagsturhyttene, og som i 2016 tok kontakt med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for å diskutere eventuelle finansieringsmåter. Saman inviterte fylkeskommunen og Sparebankstiftinga kommunane om ei hytte i kommunane i Sogn og Fjordane.
Målet var å byggje ei enkel hytte med lik utsjånad i alle kommunar. Den skulle vere open for alle, og vere ein plass der turgåarar kunne ete nistepakka si. Samstundes var tanken at hyttene skulle fungere som møteplassar i lokalmiljøet.


Gjennom ein gunstig finansieringsmodell, vart ideen om ei dagsturhytte i kvar kommune godt motteke. Kommunane bestemte plasseringa av hyttene, og ordna med avtalar med grunneigarar og samarbeidsavtalar med tilsynsorganisasjonar om drift, som også organiserte dugnadsarbeid på tomt til hyttene.
Finansielt vart hyttene til gjennom eit spleiselag med spelemidler, gåvemidler, samt både kommunale og fylkeskommunale resurssar.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har støtta dagsturhytteprosjektet i Vestland fylke med 10 millionar kroner, medan Vestland fylkeskommune har støtta kommunane med over sju millionar kroner. Og då Sogn og Fjordane gjekk saman med Hordaland i 2020 til Vestland fylke, markerte gåva til dagsturhyttene i Hordaland ein felles identitet for Vestland fylke.
Eviny har støtta prosjektet med meir enn tre millionar kroner til solcellepanel og lys i alle hyttene. Dessutan har folkebiblioteka skaffa til veie nynorske bøker til alle dagsturhyttene.
Dette spleiselaget og den krafta som har oppstått gjennom dette prosjektet, har resultert i at mange har følt at dei har dratt i lag, og har vore fundamentet for at dagsturhyttene har blitt så godt motteke.
Då arkitektkontoret Rojo arkitekter i Trondheim i 2016 vann konkurransen om å teikne dagsturhyttene, så kom dei opp med ideen om ei «trekant-hytte». Denne forma skulle bringe vidare ideen frå telt og gapahuker, og skulle på same tid vere ein identitetsmarkør i landskapet. Uansett plassering i terrenget så er hytta lett å kjenne igjen.







Hytta er bygd i modular, og set lite avtrykk i landskapet. For å unngå bygging av vegar og grøfter i samband med plassering av hyttene, blir hyttene flogne inn på tomta med helikopter, og modulane blir deretter monterte saman på tomta.
Dei første dagsturhyttene vart bygd av Reknes Byggjevarer L/L i Masfjorden, medan Stad Kystbygg AS på Stadlandet i 2020 fekk oppdraget med å byggje Hordaland sine dagsturhytter. Dei fleste hyttene har blitt frakta med båt til forskjellige samlingsplassar, før helikopter har overteke den siste etappen til tomta. Grunna høgda på modulane så har det berre unntaksvis blitt nytta lastebil til dette arbeidet.
I dei fleste tilfella har frivillege delteke i dugnadsarbeid med å montere hyttene når helikopteret har plassert modulane på tomta. Ikkje minst har utarbeiding av området rundt sjølve dagsturhytta vore ei viktig oppgåve for dugnadsfolket. Hyttene har blitt lokale møteplassar, og famnar om stikkord som inkludering, kultur, kunnskap, friluftsliv og frivillegheit. Dette breie samarbeidet er sjølve berebjelken i dagsturhytte-prosjektet. Mange positive aktørar har gjort at dagsturhyttene har blitt eit landemerke på Vestlandet. Og som eit resultat av etableringa av dagsturhytter i kommunane, har det utvikla seg ei kjensle av at dette er «alle si hytte».
Dette er hytta mi, og hytta di.
Snakkast på hytta!

GÅVE TIL FOLKET
Alle dagsturhyttene som er etablert har lys frå eit solcellepanel som er montert på hyttene. Noko som gjer at du kan sitte inne i hytta og lese bøker. Meir eller mindre tilfeldig kom «dagsturhyttas far», Atle Skrede, i kontakt med direktør Jannicke Hilland i kraftselskapet BKK medan ho var på ein tur til dagsturhytta Gytta i Førde. Då kom desse to turgåarane i prat, og dei framsnakka sjølvsagt dagsturhyttene som viktige turmål og samarbeidsmodellen mellom det offentlege og private, og behovet for leselys for å kunne lese i turbiblioteket.
Kraftselskapet valde å stille opp med denne folkegåva i samband med at BKK feira 100-årsjubileum. BKK ville at dette skulle bli ei folkegåve til folket i Vestland, og at dagsturhyttene skulle bli både ein viktig identitesmarkør og møteplass for folket i det nye Vestland fylke.
I klartekst betyr dette at BKK, seinare Eviny, gav 50 000 kroner til montering og installering av solcellepanel i kvar av hyttene, og at det dermed er lys i alle dagsturhyttene. Totalt har selskapet bidrege med over tre millionar kroner til dette prosjektet.
I dag har alle dagsturhyttene i Vestland lys, og du kan sette deg inn i ei dagsturhytte ein sein kveld og ha godt leselys.

HAR KRYSSA AV 48 HYTTER
Fleire og fleire oppsøkjer den eine dagsturhytta etter den andre. Ekteparet Margaret Nygaard og Agnar Åsnes frå Førde har allereie vore på 48 hytter.
Sjølv om hyttene er identiske av utsjånad, så har alle ei heilt unik plassering i terrenget. Dette gjer at stadig fleire reiser på «dagsturhytte-jakt», og oppsøkjer den eine hytta etter den andre.
-Vi er vel kanskje litt bitt av dagsturhytte-basillen, og eg trur Margaret er meir prega enn meg. Viss vi er på tur til familie eller venner, så kjem det ofte spørsmål frå Margaret om vi ikkje skal finne oss ei dagsturhytte, ler Agnar Åsnes då dei troppa opp under opninga av den 29. hytta i Sogn og Fjordane
-Vi har sjølvsagt vore på alle hyttene i Sogn og Fjordane. Dessutan har vi allereie vore på 19 hytter i Hordaland. Så det spørst om vi ikkje må ta oss ein tur og supplere med resten i det området, før vi gyv laus på Rogaland. Ikkje for det, eg har akkurat teke utskrift av dagsturhyttene i Rogaland, så det kan jo hende vi tek ein tur dit også, smiler Agnar Åsnes.
FOLKEGÅVE: På bildet er prosjektleiar Atle Skrede, Solfrid Trå og Hilde Bjørkum i Sunnfjord kommune, fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy og administrerande direktør Jannicke Hilland frå dåverande BKK på dagsturhytta Gytta i samband med publiseringa av folkegåva frå kraftselskapet.
Med opning av dagsturhytta i Viksdalen laurdag 9. november 2024, har Sogn og Fjordane heile 29 dagsturhytter. Ved inngangen til jula 2024 er det dermed etablert totalt 61 hytter i Norge.
Og fleire blir det med det første.
Noko som betyr at eventyret om dagsturhyttene held fram.

BØKER I KVAR HYTTE

I alle dagsturhyttene i Vestland fylke, vil ein finne eit rikhaldig utval av nynorske barne- og ungdomsbøker. Desse bøkene skal stimulere til leselyst.
Då ideen om dagsturhyttene kom opp i Sogn og Fjordane i 2016 kom det raskt fram at nynorske barne- og ungdomsbøker kunne få ein sentral plass i dagsturhyttene.
Bøkene er noko av det første du ser når du kjem inn i ei dagsturhytte, og plasseringa vart prioritert slik for å stimulere til leselyst.
Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk støtte av Nasjonalbiblioteket til nynorsk turbibliotek ved dagsturhyttene. Vestland fylkeskommune har gitt ei innflyttingsgåve med variert nynorskliteratur til kvar av dagsturhyttene.
Folkebiblioteket har ansvaret for turbiblioteket. På den måten held ein ved like og supplerer med eigne bøker ved behov på dagsturhyttene. Dagsturhyttene har også blitt ein arena for kulturformidling med både teaterbesøk, musikkarrangement, forfattarbesøk og lesestund.
No kjem bøkene ut til deg medan du er på tur. Her kan du finne deg ein god krok og få ei god leseoppleving medan stormen rasar utanfor dagsturhytteveggen og det knitrar i vedomnen.
Då er det verkeleg snakk om å nyte turen.


Takk til kommunane i Sogn og Fjordane, grunneigarar og dugnadsfolket for innsatsen i samband med dagsturhyttene. Utan dykkar innsats hadde det ikkje vore mogleg å realisere dette prosjektet
MASFJORDEN
FEDJE AUSTRHEIM
VARDETANGEN
AURIHOPHYTTA
SJØBUA
ØYGARDEN
VARDEBU
VETENBUA BORGABUO
VETLEVARDHYTTO
BJØRNAFJORDEN KVILEKROKEN HOVDAKRUNO
KVINHERAD
ADLESI KUREBU
MIKLASTOFA
TVEITASLOTTET
UTSLETTESLOTTET
ULLENSVANG

... og her finn du hyttene i Hordaland
SBN 978-82-990864-3-1, nytt opptrykk 2025
Brosjyra er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
TEKST OG FOTO: Stig Roger Eide
ANDRE FOTO: Nora Lindblad (42, 43), Siv-Merete Hatlem (70), Terje Søreide (28-29)
UTFORMING: Ivar Høyvik, Rakkar
UTFORMING AV DAGSTURHYTTA-LOGO: Mette Grytten
TRYKK: Aksell trykkeri, Bergen
PAPIR: Edixion offset 150g
SKRIFT: Adelle Condensed
Dagsturhytta skal vere for alle
Med ei hytte i kvar kommune skal den gje eit mangfold av opplevingar. Terskelen for å vere fysisk aktiv i naturen bør ned. Her skal du kunne finne ly, møte andre, eller berre nyte utsikta. Dette er nemleg DINE hytter, men også VÅRE hytter.
