JPJ 2025

Page 1


JAZZ PÅ JØLST 2025

MATHIAS EICK

HAYDEN POWELL

TRIO-TRICOLOR

LEAH GABRIELA GARRUBO KARL SEGLEM

VILLSPOR

9.–11. OKTOBER

BILLETTAR:

VELKOMEN TIL JAZZ

Gode publikum

Jølster jazzklubb er veldig glad og stolt over at vi igjen kan ynskje velkomen til Jazz på Jølst! I år er det den 16. utgåva av festivalen og vi håpar å treffe flest mogleg av vårt publikum med dei artistane vi har på plakaten. Programmet spenner frå det vare og melodiske via folkinspirert jazz, brazilianske rytmer til det litt meir eksperimentelle.

I år frir vi særskilt til den unge delen av publikumet vårt med avslutningskonserten seint laurdag kveld.

Klubben har heilt frå starten satsa bevisst på å presentere unge talent –både under festivalen ved å samarbeide med Firda VGS på Sandane om ein elevkonsert – og ved det fine samarbeidet med Vestnorsk Jazzsenter om sommarjazzkurs med

PÅ JØLST 2025

avsluttande konsert. Det er ein viktig og fin tradisjon at vi også ynskjer dei heilt unge velkomen til konsert for born og familie.

Vi nyttar høvet til å takke alle våre frivillige, sponsorar og samarbeidspartnarar som gjer det mogleg for oss å arrangere denne festivalen år etter år. Målet vårt er å skape gode opplevingar for folk og utan dykkar innsats og støtte ville det ikkje vore mogleg.

Velkomen til festival i verdas vakraste ramme!

Hallvar Helgheim

Leiar Jølster Jazzklubb

Sponsorar/samarbeidspartnarar:

Jølster Bygg og Interiør AS | iStand AS | Vikavegen 1 AS

PROGRAM OVERSIKT

JAZZ PÅ JØLST 2025

Fylkesdirektør for kultur og folkehelse

Per Morten Ekerhovd opnar Jazz på Jølst 2025

*Billettarskallesastslik: Vanleg/Medlem/Ungeunder25. Sjekkbillettinformasjonang. Festivalpassogkombi-billettar forkveldskonsertar.

Torsdag 9. oktober

20.00 Karl Seglem Folkjazz kvartett - Tjuvstart Løa på Jølstraholmen

Billettar kr. 370/290/100

Fredag 10. oktober

19.30 Gabriela Garrubo kvintett Grand Hotel , Skei

Billettar kr. 420/320/100

22.00 Hayden Powell sekstett – Undergrowth Grand Hotel, Skei

Billettar kr. 420/320/100

Laurdag 11. oktober

12.00 Trio-Tricolor Jazz for born/familie Brunsj&Briller

Billettar kr. 100

14.00 Villspor / Elevkonsert Firda VGS Audhild Vikens vevstove

Billettar gratis

19.30 Mathias Eick Kvintett – Lullaby Grand Hotel, Skei

Billettar kr. 450/350/100

22.00 LEAH Grand Hotel, Skei

Billettar kr. 420/320/100

Søndag 12. oktober

11.00 Gudsteneste med jazzpreg Vassenden kyrkjesenter

Billettar gratis

KARL SEGLEM FOLKJAZZ KVARTETT

Karl Seglem – Tenorsax, bukkehorn, stemme

Andreas Vold Løwe – Tangentar

Anders Bitustøyl – Bass

Kåre Opheim – Trommer

Torsdag 9. oktober kl 20.00

Løa på Jølstraholmen, Vassenden

Karl Seglem er eit unikum i norsk musikkliv. Bukkehornspelar og saksofonist, poet og plateselskapsdirektør, miljøvernar, og mykje meir.

Han har ein imponerande driv mot stadig å utforske og utfordre grensene mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å sette ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, nærast sin eigen sjanger. Musikken er for han, ei vital og personleg uttrykksform. Mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvartetten presenterer musikk frå fleire av hans mest kjende album i tillegg til nytt materiale. Det blir eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast.

Konserten blir arrangert i samarbeid med Førdefestivalen

GABRIELA GARRUBO KVINTETT

Opningskonsert

Fredag 10. oktober kl 19.30

Grand Hotel, Skei

Ei nydeleg stemme. Eit møte mellom den moderne nordiske jazzen og varm, brasiliansk bossa nova. Rett og slett ei perle.

Gabriela Garrubo er ein norsk-brasiliansk jazzvokalist og musikar busett i Bergen. I 2024 mottok ho Vossajazzprisen. I 2023 kom den vakkert produserte debutpla Rodando. “Ryktet har gått en god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skreiv Nettavisen om debutplata.

Garrubos nydelege og klokkeklare stemme får boltre seg og

fortel sine historier på vekselvis engelsk og portugisisk saman med eit fyldig of rytmisk komp. Saman skaper dei eit moderne og friskt sound som på finurleg vis kombinerer skandinavisk jazz med 80-tallets brasilianske musikk.

Gabriela Garrubo – Vokal og piano

Johannes Nøkling Aagaard – Gitar

Xander Crook – Trommer

Andreas Svabø – Kontrabass

Audun Humberset – Perkusjon

HAYDEN POWELL UNDERGROWTH

Fredag 11. oktober kl. 22.00

Grand Hotel, Skei

Undergrowth er trompetisten Hayden Powell sitt femte album. Det nye bandet hans blandar seks musikarar frå ulike generasjonar, musikkmiljø, og sjangrar med bakgrunn frå jazz, folk, klassisk og meir eksperimentelle uttrykk. Fleire av musikarane kjende ikkje kvarandre frå før, men Hayden tenkte at dei både ville utfordre og inspirere kvarandre.

Musikken er rik på samanvevde harmoniar, klangfargar og detaljar, og er både enkel og kompleks på same tid som underskogen sjølv.

Målet har vore å lage vakker musikk, som er tålmodig, låner frå ulike sjangrar og orienterer seg litt bort frå den klassiske jazzen og dens fokus på solistar, til fordel for kollektivet.

Hayden Powell – Trompet

Karl Hjalmar Nyberg – Saksofon

Mari Giske – Bratsj

Stein Urheim – Gitar

Jo Skaansar – Kontrabass

Erik Nylander – Trommer

TRIOTRICOLOR

Laurdag 11. oktober kl. 12.00

Brunsj & Briller, Skei

I år blir det songar og rytmer frå Brasil som blir konsert for born/familie. TRIO - TRICOLOR spelar musikk med refreng som det er enkelt å syngje med på. Publikum blir invitert til å klappe eller spele på ulike kroppsdeler – eller synge og lage rytmer med lydar eller ord. Og kanskje oppdagar vi nye rytmeinstrument mens musikken blir til. Det blir fint og kjekt for heile familien!

Gabriela Garrubo – Vokal

Per Olav Kobberstad – 8-strengs gitar

Audun Humberset – Perkusjon

VILLSPOR

Laurdag 11. oktober kl. 14.00

Audhild Vikens Vevstove

Jazz-oktetten Villspor inviterer til ein variert og fargerik konsert med musikk frå mange hjørne av jazzverda. Repertoaret vårt spenner frå klassiske standardar og energisk swing til moderne fusion, jazzpop og nordisk visepreg – med både vokalog instrumentalinnslag.

Musikken vi spelar legg vekt på melodiske linjer, improvisasjon og tett samspel. Publikum kan vente seg eit lyttbart og leiken program med alt frå drivande rytmar og sterke soloparti til sarte stemningar og varme klangar. Dette er jazz med rom for både tradisjon og utforsking.

Konserten er gratis og startar klokka 14.00.

Håkon V. Elvekrok – Piano

Emil K. Knagenhjelm – Gitar

Julie U. Berge – Vokal

Vilborg A. Jonsdottir – Gitar/vokal

Sondre Devik – Saksofon

Silje Øisang – Tverrfløyte

Håvard Lie – Bass

Torgrim Stegane – Trommer

MATHIAS EICK QUINTET – LULLABY

Laurdag 12. oktober kl. 19.30

Grand Hotel, Skei

Mathias Eick er ein av dei mest gjenkjennelege solistane på den norske jazzscena.

Hans karakteristiske trompetklang og sterkt melodiske komposisjonar har ført til internasjonal heider og ros - og er møtt med strålande omtale verda over.

Om Lullaby melder Jazz i Norge. «Lullaby er et album som rører ved sjelen, og fungerer som et vitnesbyrd om en fullmoden kunstner som har funnet sitt unike og enestående musikkuttrykk»

Med Lullaby held Mathias Eick fram si musikalske reise som ei av Norges mest originale og innflytelsesrike jazzstemmer.

Med seg har han eit supert ensemble som stadig utforskar nye uttrykk og nyansar.

Mathias Eick – Trompet, keyboard, vokal

Håkon Aase – Fiolin, perkusjon

Andreas Ulvo – Piano

Audun Erlien – Bass

Torstein Lofthus – Trommer

LEAH

Laurdag 11. oktober kl. 22.00

Grand Hotel, Skei

LEAH er eit jazz/popband samansett av 6 unge musikarar med base i Oslo – og mellom dei Kristina Fransson frå Førde. Dei leverer ei herleg blanding av retro pop og funky Jazz med ærlege tekstar som både får deg til å le, gråte og danse. Med ein energi som fort kan både gi nakkesleng og hofteprolaps leverer dei leikne låtar, ei sjarmerande og kraftfull blåserekkje og gitarsoloar som går rett i hjartet, skaper dei ei stemning som er umogleg å motstå. Og dei leverer uansett aldersgruppe.

Med debutalbumet sitt “Zzz” har jazzpopbandet LEAH allereie rokke å plassera seg på kartet over unge, lovande. Omtalt som “dei beste nye banda i landet” av Jazz i Noreg, og med lovord frå

Dagens Næringsliv og andre toneangivande media er LEAH klar til å innta dei store scenene - som Jazz på Jølst.

Leah Engevold – Vokal, keys og låtskriver

Kristina Fransson – Trompet og vokal

Emil Bø – Trombone

Halvor Dokke – Trommer

Tevje Fjugstad Flaate – Gitar

Henrik Bakka – Bass

GUDSTJENESTE MED JAZZPREG

Søndag 12. oktober kl. 11.00

Helgheim kyrkje

Til Gudstenesta i jazzhelga på Jølst får vi besøk av songaren

Bjarne Bergheim, som vil setje stemninga med varme tonar og sterke kjensler. Bjarne er kjend for si nære formidling og musikalske tryggleik, og denne gongen får vi høyre han tolke blant anna den spirituelle klassikaren "His Eye is on the Sparrow", den tidlause "Nearness of You" og "You and I" av Stevie Wonder. Organist er Erlend Os, og det blir allsang i gospel/ spiritual-tradisjon.

Velkomen til ei musikalsk stund med rom for både ettertanke og glede!

Arrangør Kyrkja i Jølster

Bjarne Bergheim - Vokal

JAZZ PÅ JØLST 2025

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.