Religionspsykologi - vitskap for framtida?

Page 47

Men dette må ikkje hindre oss i å sjå kva vi bør gå etter dersom vi vil drøfte kva verdi religionen har både menneskeleg og metafysisk. Psykologi er berre ein av fleire måtar å sjå mennesket på. På same vis som vi kan fotografere ein konkret ting frå ulike vinklar, og få til dels svært ulike bilete, kan vi sjå på menneskeleg åtferd under ulike perspektiv - og få svært ulike inntrykk: Inkje perspektiv, heller ikkje det psykologiske, er det sanne og fullstendige - det gjeld religion så vel som anna åtferd. Det er uheldig å blande saman psykologiens, religionsfilosofiens og teologiens kompetanseområde. Alle har sin plass, så lenge dei ikkje gjer krav på å vere det einaste gyldige perspektivet. Og då er det heller ingen grunn til at religiøse personar skal gå rundt og vere redde for den psykologiske vitskapen. Astronomien har opna auga våre for eit fantastisk univers, som berre er blitt større og større i våre tankar. Er det nokon grunn til å tru at den verda religionspsykologien i framtida vil kunne oppdage, vil avteikne seg som mindre fascinerande, eller at undringa vår over religionens mangfaldige liv skal bli hemma?

47


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.