William james om mystikk

Page 1

William James om mystikk Av Oddvar B. Solheim April 2018 «Personleg religiøs erfaring har si rot og sitt senter i mystiske medvitstilstandar», skriv William James i kapitlet om mystikk i boka «The varieties of religious experience». Forståinga av mystikken er vital for forståinga av religionen. James antydar at hans kjennskap til mystikk ikkje skriv seg frå eigne mystiske opplevingar. Personar som har granska livshistoria åt James har hevda at dette er ei sanning med modifikasjonar. I alle høve har James si tolking av mystikken fått mykje å seie for seinare religionspsykologiske studier av denne typen opplevingar. James peikar på at «mystikk» er eit fleirtydig omgrep. «Mystisk» kan vere eit skjellsord vi brukar på oppfatningar vi synest er uklåre, spekulative, sentimentale. For somme er ein «mystikar» ein som trur på tankeoverføring og attergangarar. Denne ordbruken avviser James. Han gir ein ny, original, meir presis og mindre emosjonelt lada definisjon av «mystisk erfaring», som byggjer på fire avgjerande kjenneteikn. Vi skal freiste å gje ei skisse av hans syn på kva mystikk er. Mystiske medvitsopplevingar er for det fyrste uutseielege. Dei kan ikkje beskrivast med ord. Det er vanskeleg for den som har hatt opplevinga å formidle eit inntrykk av kva han har opplevd. Ein må sjølv erfare tilstanden for å forstå den. Den har kvalitetar som ikkje let seg tolke via verbal kommunikasjon. I så måte er tilstanden meir emosjonell enn intellektuell. Den som sjølv aldri har vore forelska, har ikkje føresetnader for å forstå kva som rører seg i den forelska sitt sinn. Ingen kan skikkeleg forklare ei kjensleoppleving for ein person som aldri har hatt denne kjensla. For å begripe verdien av ein symfoni må ein ha musikalske øyre. Når mystikaren skal få oss til å begripe hans unike oppleving, er det som å tale om fargar for blindfødde. For det andre har mystiske erfaringar den eigenskapen at dei gir mystikaren ei kjensle av å ha fått ny, vesentleg kunnskap og innsikt. Han føler han har «sett» sanningsdjupner det resonnerande intellektet ikkje kan nå, at han har blitt omfamna av ein kjærleiksfull visdom som overgår alt anna. Desse to eigenskapane er dei viktigaste kjenneteikna på mystiske erfaringar. To andre trekk er også vanlegvis til stades. Det eine er at opplevinga er kortvarig. Den varer som oftast under ein halv time, i sjeldnare tilfelle ein til to timar, og ekstremt sjeldan endå lenger. Det siste kjenneteiknet er den «passiviteten» som dominerer personens veremåte under opplevinga. Sjølv når den mystiske erfaringa vert medvite og systematisk framkalla ved hjelp av metodiske, kroppslege øvingar og mental konsentrasjon, så føler personen at hans eigen frie vilje vert sett til sides, når opplevinga kjem strøymande. Ofte kjenner han seg gripen av ei større makt. Dette minner om visse psykologiske reaksjonar som har med personlegdomsspalting eller «sekundære personlegdomar» å gjere, til dømes automatisk handskrift, profetisk tale. Der er imidlertid ein viktig skilnad mellom slike reaksjonsmønster og mystikk. Ein person som fell i trance og trur seg kome i kontakt med avdøde personars ånder, gløymer kan hende alt han har opplevd under trancen når han kjem til seg sjølv att. Det han erfarte under trancen får lite og inkje å seie for personen sitt vanlege liv. Han lærer ikkje noko nytt under trancen, som han kan ta med seg tilbake til sitt daglege tilvære og berike dette med. I mystikken er splittinga mellom ulike deler av personlegdomen av ein annan karakter.


Mystikaren sit alltid att med noko av det han har vore gjennom på si «ferd». Dette minnet gjer sterkt inntrykk på han. Mystiske erfaringar har makt over dei personane som har dei, og endrar livet deira. Der er mangfaldige typar av mystikk, frå det enkle og spirande til det samansette og utvikla. Det enklaste rudimentet av mystikk er truleg ei kjensle vi alle stundom kan få, nemleg kjensla av at vi plutseleg forstår eit utsagn eller symbol på ein djupare og meiningsrikare måte enn før. Ting ein har høyrt forkynt hundrevis av gonger kan til dømes brått gå opp for ein, og kome i eit nytt lys. Luther har fortalt om korleis han ein dag reagerte på å høyre ein munkebror gjenta orda «eg trur på forlating for syndene.» Luther følte det som om Skrifta opna seg for han og gjorde han «fødd på ny.» «Det var som om eg hadde funne paradisets port oppslått på vidt gap.» Denne kjensla av djupare meining kan og verte vekt av naturopplevingar, og av dikt og musikk. «Vi er levande eller døde andsynes kunsten sine bodskapar til oss, alt etter som vi har bevart eller tapt den mystiske evna,» seier James. Går vi eit trinn «høgare» på den «mystiske stigen,»finn vi eit anna vanleg fenomen: Ein kjenner det som om ein tidlegare har vore i nøyaktig same situasjon som den ein i augneblinken er i, samstundes som ein veit at dette ikkje kan vere tilfelle. Også dette kan verke mysteriøst. Eit steg vidare inn i det mystiske medvitet støyter vi på draumliknande tilstandar, opplevingar av at alt ein ser - også bagatellar – har eit større, og ufatteleg innhald som fyller ein med ærefrykt. Mange har sikkert erfart trance-liknande tilstandar som ein kan beskrive verken for seg sjølv eller andre, tilstandar der persepsjonen av omverda, medmenneske, naturen og sjølvet vert framand og ugjenkjenneleg. Påverknad av kjemiske stoff, til dømes alkohol, kan styrke sjansane til å få del i den mystiske erfaringsverda.»Alkoholens makt over mennesket skuldast utan tvil at den evnar å stimulere dei mystiske anlegga i menneskenaturen,» seier James. Den nøkterne edruskapen «snevrar inn, diskriminerer og sier nei. Berusinga ekspanderer, sameinar og seier ja. Den er faktisk den store vekkjaren av ja-funksjonen i mennesket.»Berusinga gjer personen i augneblinken eitt med sanninga.James ser det slik at det berusa medvitet er ein del av det mystiske medvitet. Somme er overtydde om at dei via sterkt kjemisk ativerte medvitstilstandar har motteke ekte metafysiske openberringar. Vårt normale, vakne medvit er ikkje den einaste mogelege medvitsforma. Tvert imot. På alle kantar av dette daglegdagse medvitet ligg det potensielle medvitsformer av ein heilt annan karakter. Vi kan gå gjennom livet utan å oppdage at dei er der. Eit fullstendig verdsbilete kan ikkje utelate dei. Mystikkens historie syner at det rasjonelle medvitet har ei overdriven tru på seg sjølv og sin rett til å diktere korleis vi skal tenkje. Paradoksalt nok har mystikarane vore flinke til å fortelje om opplevingane sine. James strør rundt seg med sitat frå slike forteljingar.Han er klar over at mystiske opplevingar er svært individuelle, at dei allmenne draga ved dei lett kan bli overdrivne, og at faren for overgeneralisering er stor.Han meiner det sentrale i mystikken er opplevinga av einskap og forsoning med det ein oppfattar som det guddommelege eller absolutte. Når ein går over terskelen frå vårt vanlege medvit til mystisk medvit, går ein over frå noko mindre inn i noko meir, frå noko lite til noko større, frå uro til ro, frå splitting til heilskap, frå det betinga til det frigjorde. Mystikken er ei sameining med det heilage. Den gir ei kjensle av at motsetningane i tilværet smeltar saman i ein høgare einskap, alle livskonfliktene løyser seg opp, barrieren mellom Gud og individ vert broten ned. Opplevinga inneber i regelen intense emosjonar. Personen kjenner seg gjennomstrøymd og fylt av guddommelege krefter. Somme kjem i ekstase. Somme ser intense lys. Andre er redde dei skal døy. Stundom grensar opplevinga til det smertefulle, både kroppsleg og psykisk. I andre tilfelle medfølgjer ei nesten udelt kjensle av fred og harmoni. Variasjonane er store. Somme tilfelle er blitt rekna for å vere sjuklege, og der er knapt noko skarp grense her.


Visse naturfenomen synest ha ei eiga, underleg evne til å framelske mystiske opplevingar. Dei fleste tilfella James siterer skjedde ute i naturen – ved soloppgang, på eit fjell, i skuggen av eit tre under middagssola, i ruinane av ei gamal borg, eller liggande på ryggen og stire opp mot himmelen. Sjølve naturens nærvær inspirerer til ei spontan, djup undring. Men slett ikkje all mystikk er spontan. Mystikk er også noko som skjer i samsvar med bestemte metodar som mystiske tradisjonar og retningar systematisk har utvikla. Mystikarane nektar for at den kunnskapen dei oppnår har noko med sansane å gjere. Mystikken vender seg i det heile bort frå den sanselege verda. På den ekstatiske mystikkens toppar bles både sansing og intellekt bort. Den heilage Teresa er, ifølgje James, «eksperten blant ekspertane» i å beskrive mystiske opplevingar – noko ho sjølv hadde rikeleg av. Teresa fortel at i den aller høgste opplevinga, «sameinings- orasjonen», er sjela ute av stand til både å føle, tenkje, sanse og handle. Ho er lamma av Guds nærvær. Gud tek seg inn i sjela sitt indre på ein slik måte at når ho kjem til seg sjølv, kan ho ikkje tvile på at ho har vore i Gud, og Gud i henne. Dette inntrykket sit så fast at ho aldri kan gløyme det. I lys av det at intense emosjonar oftast er involverte, kan dette verke merkeleg. Og det illustrerer for så vidt det forholdet at det er uråd å presse alle mystiske erfaringar inn i det same skjemaet, som James påpeikar. Ejn annan kjend spansk mystikar, St. Jon av Krossen, fortel at den mystiske innsikten i Guds natur ikkje tek fom av mentale bilete eller førestellingar. Fantasien er på sett og vis ikkje i bruk. Den mystiske visdomskjelda gir subjektiv innsikt i ulike tilhøve: ting som skal skje i framtida, forståing av religiøse skrifter, kjennskap til fjerne hendingar, forståing av andre menneske. Viktigast er likevel dei teologiske og metafysiske openberringane. Stundom får vi vite at dei gjeld «himmelske ting» allment, eller dei går på Guds plan med skaparverket, mysteriet med den treeinige Gud, tilhøvet mellom Gud og menneske. Som kunnskapskjelder vert dei mystiske erfaringane tillagde stor autoritet av dei som har dei, og stundom av andre også. Den mystiske kjensla av ekspansjon, sameining og frigjering har ikkje noko spesifikt intellektuelt innhald som er felles for all mystikk. Mystikken kan assosiere seg med dei mest ulike filosofiar og teologiar, såframt desse kan finne ein plass åt den i sine system. Både innanfor hinduisme, buddhisme, islam, kristendom og mange andre stader finst det utprega mystiske tradisjonar. Mystikaren har ofte kome i opposisjon til den etablerte kyrkja, og er tidvis blitt sett på med skepsis. I andre høve er han blitt godtatt, og endåtil kanonisert. Ingen av dei adjektiva vi føreslær høver i mystikaren sine auge på det guddommelege han har møtt. Einaste måten å beskrive det på er å seie kva det ikkje er:»verken sjel eller intellekt, heller ikkje har det fantasi, meining eller fornuft, eller intelligens, heller ikkje vert det tala eller tenkt. Det er verken tal, orden, storleik, likskap eller ulikskap. Det verken står, rører seg eller kviler. Det er verken essens, æve eller tid» - som ein uttrykkjer opplevinga si. Sanninga om det guddommelege overgår alle ord. Og må ein bruke ord, endar det i paradoksale uttrykk, som den mystiske litteraturen er full av:»stilla si røyst», «blendande mørke», «fruktbar ørken» - som alle går på essensen i det personen føler han er blitt møtt av. James meiner dette syner at ikkje verbal tale, «men heller musikk, er det mediet som mystiske sanningar best kan nå oss gjennom. Mange mystiske skrifter er faktisk lite anna enn musikalske komposisjonar». James hevdar at mystikken generelt er relativt optimistisk og panteistisk, men understrekar at der er mange unntak. Mystikken samsvarar best med temperamentet åt dei såkalla tvefødde, dei som har kome til trua gjennom sjelenaud i voldsomme omvendingar, og som har måtta bli fødde ein gong til. James freistar ikkje løyne at han ser den «tvefødde» religiøsitetshaldninga som den mest verdfulle, særleg av di den maktar å integrere i seg ei forståing av det vonde i tilværet. James er kanskje ikkje heilt konsekvent her.


Han minner om at religiøs mystikk berre er halvparten av mystikken. Den andre halvparten kan ein lese om i psykiatrien sine journalar, der mystiske idear vert tolka som symptom på underliggande psykiske problem. Her er ei heilt anna grunnstemning prega av depresjon, angst og einsemd. Fruktene av mystikken varierer, frå hjelpelaus ørske til styrt initiativ, frå passivitet til pågangsmot og livskraft. Resultatet avheng av karakteren til den personen som gjer dei mystiske røynslene. James meiner at velutvikla mystiske opplevingar både er, og har rett til å vere autorative for dei som har dei. Mystikaren har sin eigen persepsjon, som vi ikkje har grunnlag for å avvise prinsipielt. Men mystikaren kan ikkje forlange at dei som står utanfor og sjølve aldri har hatt mystiske opplevingar, skal akseptere ukritisk den innsikta han meiner å ha fått. Mystikken står ikkje i strid med dei fakta vårt vanlege sansemedvit gir oss. Den gir desse fakta eit oversanseleg perspektiv. Den gir det velkjende nye fargar. Det er eit ope spørsmål kor vidt mystiske medvitstilstandar representerer eit meir omfattande og djuptpløgjande panorama over tilværet,skriv James. ********************************


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.