Page 1

Vill jubel på sjøen då dei trefte SIDE 4 OG 5

Skal fornye verdas største flåte SIDE 6

Gladlaksar etter strålande år SIDE 18 OG 19

Hav av moglegheiter Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2017.

Lykkast saman Godt samspel mellom to oppdrettarar har bidrege til å skape livskraftige øysamfunn i Flora. SIDE 20

FOTO: TARJEI LANGELAND


2 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Fekk meir for makrellen

Tredobla på åtte år

Norge eksporterte sjømat for 91,6 milliardar kroner i 2016. Det er 17 milliardar kroner meir enn i rekordåret 2015. – 2016 var eit fantastisk år for norsk sjømateksport. Eksportverdien auka med 23 prosent og passerte for fyrste gong 90 milliardar kroner. 67 prosent av eksporten, målt i verdi gjekk til Europa, seier administrerande direktør Renate Larsen i Norges sjømatråd.

Norge eksporterte 309.000 tonn makrell for 4,1 milliardar kroner i 2016. Det er ein nedgang i volum på 12 prosent, medan verdien auka med 6 prosent. Norge eksporterte 8 prosent meir sild i 2016, medan verdien auka med 28 prosent til 3,1 milliardar kroner. Norge eksporterte skaldyr for 1,9 milliard kroner i 2016. Det er ei auke på 21 prosent frå 2015.

Norge eksporterte ein million tonn laks og aure til ein verdi av 65,3 milliardar kroner i 2016. Det er ein nedgang i volum på 3,5 prosent, medan eksportverdien auka med 31 prosent eller 15,4 milliardar kroner frå 2015. Verdien er tredobla på åtte år. Norge eksporterte kvitfisk for 13,8 milliardar kroner i 2016. Det er òg rekord og ei auke på 6 prosent, eller 821 millionar kroner. Volumet auka med 7 prosent.

les meir om desse sakene:

Rekord for norsk sjømat

Kvinnene grip moglegheitene

08 Har alt ein treng

22 Snuoperasjon til ein halv milliard 28 Finn alt dei treng i regionen 34 Dette er Hav av moglegheiter For 15. året på rad kjem Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø ut med ei felles temaavis om fiskeri- og havbruksnæringa i fylket. Vi som til dagleg kivast om å vere først med lokale nyhende i dekningsområdet vi deler, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Vi er stolte av å presentere årets utgåve av Hav av moglegheiter. Ansvarlege redaktørar: Erling Wåge, Fjordenes Tidende og Svend Arne Vee, Firdaposten Redaksjonsansvarlege: Sindre Blålid Kvalheim, Fjordenes Tidende og Arve Olav Solbakken, Firdaposten Skrivande journalistar: Sindre Blålid Kvalheim og Jørn-Arne Tomasgard, begge Fjordenes Tidende. Arve Olav Solbakken og David Antonsen, begge Firdaposten Marknadsansvarlege: Ståle Tennebø, Fjordenes Tidende og Sander Ødelien, Firdaposten Trykk: Polaris Trykk Ålesund Opplag: 49.000 eksemplar som blir distribuert til alle husstandar og verksemder i Sogn og Fjordane

DEI SISTE ORDFØRARANE: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) har vore blant dei sterka

Fiskerikommunen Kin KRONIKK Vi har store ambisjonar for nye Kinn kommune. Kinn skal vere ei drivkraft på kysten. Vi skal danne ein eigen region på kysten, ein region som er tufta på å fremje kysten sine interesser og vere det lokomotivet både folket og næringslivet langs kysten etterspør. Kinn vil vere ein kommune som er sterk på næring. Ifølgje NHO sitt siste kommunebarometer er Flora

og Vågsøy på første- og andreplass i Sogn og Fjordane i kategorien næringsliv. Vi har også begge solide plasseringar på landsstatistikken (høvevis nummer 54 og 73). Etter etableringa av Kinn kommune skal vi bli endå sterkare. Næringslivet på kysten engasjerte seg tidleg i debatten rundt ein kystkommune, og kom med klare tilbakemeldingar og forventningar som har vore til stor nytte i etableringa av Kinn kommune.

Både Flora og Vågsøy har eit svært variert næringsliv, og utfyller kvarandre godt. Store deler av verdiskapinga baserer seg på havressursane. Fiskerihistoria for området er lang og omfattande. Store og kjende verksemder, både nasjonalt og internasjonalt, har sitt utspring i det som skal bli Kinn kommune. Fleire av dei store aktørane har hovudkontor i kystbyane. Desse bedriftene har vore viktige samfunnsbyggarar langs


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 3

Fiskeri i Vågsøy og petroleum i Flora Kinn kommune ønskjer å bli den sentrale utviklingsaktøren mellom Bergen og Ålesund.

I juni vart det klart at Vågsøy og Flora frå 1. januar 2020 vil vere samla i Kinn kommune. I intensjonsavtala som dei to

kommunane er einige om slår dei fast at dei ønskjer å skape verdiar av moglegheitene som ligg i havrommet, farleiene og hamnene: – Organisering av hamn og næringsarbeidet skal skje på ein måte som sikrar både heilskapleg samordning og satsing på komparative fortrinn i alle

delar av kommunen. Eit døme er fiskeriaktiviteten i Vågsøy og petroleum i Flora. I fjor kåra NHO dei to kommunane for tredje året på rad til dei beste næringslivskommunane i fylket. Seks av dei sju personane i fylket med høgast inntekt i fjor var busett i Vågsøy (3) eller Flora (3).

FISKERIBY: Det vart landa 207.619 tonn fisk i Måløy i fjor. Her leverer eit fartøy makrell ved Maaløy Seafood i haust. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

aste pådrivarane til ei samanslång av dei to kommunane. Frå 1. januar 2020 vert Vågsøy og Flora slått saman til Kinn kommune. FOTO: FIRDAPOSTEN

nn - ei drivkraft på kysten heile kysten, og har generert inntekter, arbeidsplassar og aktivitet i generasjonar. Tilgang til naturressursane i havet og sentral plassering på kysten gir oss store mogelegheiter. Samtidig har næringa vore gode på omstilling, og har klart å snu nedgangstider til noko positivt gong etter gong. I kjølvatnet av dei tradisjonsrike bedriftene har vi sett ei lang rekke nyetableringar i nye næringar, med tilknyting til

kyst og hav. Eksempel som kan trekkast fram er IT-miljøet rundt LocalHost, testtanken Stadt Towing Tank og bølgekraftverket Hydrowawe i Måløy, og batteriferjene til Fjord1, Nekst og Vestnes land i Florø. Kinn kommune skal vere ein aktiv tilretteleggar for både eksisterande næringar og for nyetableringar. I tillegg til å sikre dei primære kommunale oppgåvene, skal vi legge ressursar i å

vere ei drivkraft for å utvikle kysten. Det handlar om å vere i forkant i arealplanlegginga. Det handlar om å ta aktivt del i moglegheitene i virkemiddelapparatet. Det handlar om å vere ein attraktiv kommune å bu og leve i. Det handlar om å aktivt legge til rette for å utvikle utdanningsmiljøa vi har innan marine og maritime fag. Det handlar om å snakke med ei felles stemme i spørsmål som vedkjem kysten, og skape eit endå sterkare

nettverk blant kystkommunane. Kinn kommune skal bli den viktigaste industrikommunen mellom Ålesund og Bergen, med fiskeri og havbruk som den kraftigaste berebjelken. OLA TEIGEN (AP)

Ordførar i Flora

KRISTIN MAURSTAD (AP) Ordførar i Vågsøy


4 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Fekk eit fantastisk ad FLORA: – Det var heilt fantastisk stemning då vi etter fleire bomkast hadde dei første makrellstørjene i nota. Då var det vill jubel, fortel Linn Nekkøy.

28-åringen er ikkje verken styrmann eller sjømann, men har ein bachelor i statsvitskap. Men ho er arveleg belasta innan fiskeri, som dotter av skipper Atle Magne Nekkøy på Flora-båten Bluefin. To av onklane hennar og eit søskenbarn er også mannskap. Fiskeri ligg i blodet. – Det er eigentleg litt tilfeldig at eg byrja på sjøen. Då eg var ferdig på vidaregåande skule, mangla dei ein mann om bord. Eg sa «ja, men eg kan jo hjelpe til». Det var ikkje heilt populært i starten, men til slutt fekk eg lov å vere med. Og eg skulle berre vikariere i eit par månader, men det vart halvanna år, smiler Linn, som

etter makrellstørjefisket sette kursen tilbake til skulebenken og meir studiar.

Loddtrekking

Bluefin fekk årets forsøksfiske etter makrellstørje etter loddtrekking. Medan fjorårets vinnar Hillersøy frå Bulandet, tok heile kvoten sin i eit kast på Møre, måtte Bluefin gjere jobben i fleire vender på kysten av Hordaland. Vandringsmønsteret til makrellen er ikkje heilt likt frå år til år. Bluefin starta opp kring 20. august og kom i mål med kvoten på 42 tonn medio september. Siste kast inneheldt 78 fiskar.

– Vi såg at det var mykje i siste stimen vi kasta på. Vi let kring 30 sleppe ut att, fortel skipper Atle Magne Nekkøy. Dei reknar med å bikke litt over totalkvoten på 42 tonn. Med 100 kroner kiloen netto i snitt for fangsten, kan det bli ein netto på over fire millionar kroner.

God radar

Nekkøy håpar å få størjefisket neste år også. Han meiner det er grunnlag for eit vidare fiske, sidan det er mykje størje å sjå. – Det er veldig interessant å sjå mønsteret for korleis størjene bevegar seg. Dei held ein fart på 3,5 til


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 5 STOR STEMNING: Det var stor stemning om bord då «Bluefin» var på veg i land med første fangst på 29 fisk. FOTO: PRIVAT

Makrellstørja er framleis ein truga art Fisket etter makrellstørje var ei viktig inntektskjelde i fiskeria i Norge på 1960-talet, men bestandane blei etter kvart fiska for mykje ned. Makrellstørja gyt i middelhavsområdet og Mexicogolfen og vandrar over heile Atlanterhavet. Fisk merka i Norge, er blitt funne att på Bahamas. Makrellstørja kan bli 4,5 meter lang og vege opp i mot 700 kilo. Den er bygd for fart og kan komme opp 70 km/t. Den lever av pelagisk stimfisk som sild, ma-

krell og ansjos i tillegg til blekksprut og diverse krepsdyr. Dei jagar i flokk og samarbeider om jakta. Per i dag er bestanden rekna for å vere truga grunna overfiske, men bestanden er no aukande igjen. Fisket er regulert gjennom ICCAT (International Commission for Conservation og Atlantic Tuna). Norge fekk ei kvote til forsøksfiske frå 2013 på 30 tonn. I 2017 var kvoten på 40 tonn.

Sportsfiskarane vil ha sin del av kvoten – Når forsøksfisket no er over, er det urimeleg at sportsfiskarane ikkje får sin del av makrellstørjekvoten. Det seier Øyvind Fjeldseth i Norges Jeger og Fiskerforbund. Dei viser til at den internasjonale forvaltningsorganisasjonen ICAAT tek høgde for at også sportsfiskarane får sin del av ein no aukande bestanden av tunfiskartane. – Vi meiner at det må setjast av 2–3 tonn av den norske kvoten til rekreasjons- og fritidsfiske. Vi må gjennomføre registrering av fiskarar og båtar og gje skikkeleg opplæring. Men det er klart at

her trengst det langt meir enn vanleg sportsfiskeutstyr, vi snakkar trass alt om verdas sterkaste fisk. Det har oppstått skikkeleg fiskefeber etter at danske og svenske fiskarar som del av eit prosjekt fekk fiske makrellstørje for å merke den og sleppe den fri att. 40 fisk blei fanga og sleppte lause igjen. Fjeldseth understrekar at Norges Jeger og Fiskerforbund ikkje ser for seg størjefisket som eit allemannsfiske. Men dei ønsker seg ikkje canadiske tilstandar, der fisket er kommersialisert og organisert slik at ein må kjøpe seg plass på ein charterbåt for å få del i fisket.

drenalinkick 4,5 knop. Plutseleg kan dei snu 40 grader styrbord eller babord, og finn seg ein flekk med makrellyngel. Då går dei i full fart gjennom stimen, et og så held dei fram på akkurat den same kursen som dei gjekk opphavleg. Dei må ha ein veldig god radar, seier fiskeskipperen. DAVID ANNONSEN/ARVE SOLBAKKEN redaksjon@firdaposten.no

SKIPPEREN: Atle Magne Nekkøy har erfaring frå tunfiske utanfor Afrika. FOTO: TARJEI LANGELAND

KUNDE PÅ PLASS: Den japanske kunden var på plass på kaia i Florø for å få fisken handtert og pakka akkurat slik han ønskte det. FOTO: TARJEI LANGELAND


6 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

NYTTA HØVET: Per Jørgen Silden (f.h.) og Hans Petter Selstad leier høvesvis Måløy-selskapa Skipskompetanse og Selstad som for tida satsar i Kina. Her takkar dei statsminister Erna Solberg (H) for regjeringa sitt arbeid med å normalisere Norge sitt forhold til Kina. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

Nobel fangst i Kina MÅLØY: Selstad og Skipskompetanse skal fornye kinesisk fiskeindustri etter at forholda mellom landa har betra seg.

– Fiskeindustrien i Kina ser behovet for å utvikle seg samtidig som at resten av Kina blir modernisert i eit enormt tempo, seier dagleg leiar Per Jørgen Silden i ingeniørselskapet Skipskompetanse i Måløy. Saman med blant anna utstyrsleverandøren Selstad i Måløy og eit kinesisk verft sør for Shanghai har dei etablert eit joint venture-selskap. – Hensikta er å bidra med kompetanse og utstyr for å modernisere delar av kinesisk fiskeindustri, forklarar administrerande direktør i Selstad, Hans Petter Selstad. Kina er verdas største sjømat-

marknad og fiskeflåten er også verdas største. Flåten er likevel umoderne, og det er her dei to Måløy-selskapa ser moglegheiter. – Kinesarane har vedteke store program for å finansiere moderniseringa av fiskeflåten og kontakten vår i Kina har kontaktar både på regionalt og sentralt politisk nivå. Så dette kan bli veldig interessant, meiner Selstad.

Moglegheiter for fleire

Han forklarer at den nye kinesiske partnaren deira har fleire norske kundar, og at det var naturleg for verftsdirektøren å sjå hit når dei ønskte å ta del i moderniseringa av den kinesiske flåten. – Norge er heilt fremst i verda på teknologikunnskap innan fiskeri. Derfor var det naturleg for han å sjå etter partnarar i Norge, og han enda opp med dei to beste han fann, smiler Selstad. Håpet for dei to lokale selskapa er at medan Skipskompetanse får designe nye kinesiske fiskefartøy og Selstad får levere utstyr til fartøya, så kan også fleire norske selskap få ta del i moderniseringa av fiskeindustrien i Kina.

– Det er store moglegheiter for å dra inn andre norske utstyrsleverandørar, seier Selstad. – Også lokale? – Sjølvsagt.

– Diplomatisk bragd

Då Erna Solberg (H) besøkte Måløy i sommar nytta Hans Petter Selstad og Per Jørgen Silden anledninga til å takke statsministeren for at Norge før jul klarte å normalisere forholdet til Kina. Eit forhold som har vore kjølig sidan den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010. Tildelinga vakte sterke reaksjonar i Kina der styresmaktene ikkje «kjøpte» den norske forklaringa om at nobelkomiteen var politisk uavhengig og at norske styresmakter ikkje kunne «klandrast». Arbeidet med å forhandle fram ei frihandelsavtale mellom landa stoppa derfor i november 2010, og norske bedrifter opplevde utfordringar på fleire område i sine operasjonar i Kina. I desember 2016 bekrefta både norske og kinesiske styresmakter

at forholdet omsider var normalisert og at forhandlingane om frihandelsavtaen kunne halde fram. – Vi synst det er riktig at regjeringa får kreditt for den diplomatiske bragda dei har gjort med å normalisere forholdet til Kina, seier Hans Petter Selstad. Skipskompetanse, som nyleg feira tiårsjubileum, har tidlegare teikna fartøy for kundar i Taiwan. Både for dei og Selstad er Kina «ukjent territorium». – Vi leverer mykje i Øst-Russland, men har aldri levert til Kina før. Så om dette no blir ein marknad, så er den helt ny for oss, slår Selstad fast.

⚫⚫Selstad omsette for 302 millionar kroner i fjor, medan resultatet før skatt var på 21,9 millionar kroner. Begge tala er rekordhøge for familieverksemda. ⚫⚫Skipskompetanse omsette for 17,4 millionar kroner i 2015 og hadde eit positivt resultat på 3,4 millionar kroner før skatt. SINDRE BLÅLID KVALHEIM sindre@fjt.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 7


8 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Har erstatta «verdas beste båt» RAUDEBERG: Torbasreiarlaget har igjen to fartøy i flåten.

– Vi hadde verdas beste båt, men den har vi seld. No får vi ta eit «kvileskjær» og bruke denne. Den er godt tilpassa til måten vi skal drive på fram-

over, seier reiar Agnar Lyng. Reiarlaget frå Vågsøy selde ringnotfartøyet Torbas i fjor to år etter at reiarane bygde 200-millionersfartøyet ved sitt eige verft, Stadyard på Raudeberg. No er Torbas erstatta av Andrea L som inntil nyleg har seglt under namnet Nordsjøbas for Fosnavaag Havfiske.

– Båten vart bygd i 1996 som Norfisk, og var etter det i Florø som Fiskebas fram til 2012. Då vart den seld til Austevoll og var der nokre år før den vart seld til Fosnavåg, fortel reiar Per-Jan Kvalsvik, som ikkje vil avsløre prisen på fartøyet. I tillegg til Andrea L har reiarlaget ringnotbåten Gambler.

ANDREA L: Reiarane Marvin Kvalsvik (f.v.), Per-Jan Kvalsvik og Agnar Lyng saman med sistnemnte sine døtre Rebekka og Andrea. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

Fleire og fleire kvinner s RAUDEBERG: Sjømatnæringa treng fleire kloke hovud for å sikre matforsyninga til ei veksande befolkning. Då er det godt nytt at det blir stadig fleire kvinner i næringa. – Innan sjømatnæringa kan du ha ein internasjonal jobb og bu i Nordfjord. Jobben min har gjeve meg kunnskap i kva moglegheiter som finst lokalt, seier Camilla Solheim Nore (27). Måløyværingen jobbar ved Coast Seafood sitt kontor i Bergen, men trekk fram Ervik Havfiske og Selstad i tillegg til hennar eigen arbeidsgjevar som maritime arbeidsplassar i Ytre Nordfjord der det finst store moglegheiter for spanande jobbar. – Det er svært kompetente miljø. Nordfjord og Måløy er kanskje lite i ein stor samanheng, men vi er veldig gode på fisk. Solheim Nore peikar på det meiningsfulle i jobben med å produsere mat til ei verd der folketalet aukar, noko som gjev gode framtidsutsikter for ei global sjømatnæring der Norge og Vestlandet er ein stor aktør. – I 2016 eksporterte Norge for 91,6 milliardar kroner til 146 land. Verdien er tredobla sidan 2008 og alt tyder på at utviklinga held fram, seier Solheim Nore, som også er aktiv i YoungFish. – Det er ein nettverksorganisasjon for unge i sjømatnæringa med eit sosialt og fagleg fokus. Kvart år arrangerer vi ein konferanse der 200 unge innan sjømatnæringa samlast. Det gjer at vi utviklar eit eige nettverk og vi får mykje kunnskap. Dersom eg møter ei problemstilling i jobben min som eg ikkje kan få svar på internt, veit eg at eg har nokon i nettverket mitt eg kan ringe og få svar på spørsmålet mitt, fortel Solheim Nore.

– Utfordrande og god løn

Fleire og fleire jenter ser moglegheitene som norske verksemder kvar dag grip i sjømatnæringa. Konferan-

sen «Eit hav av moglegheiter» i Parken kulturhus på Raudeberg si oktober var nok eit bevis på nettopp det. I tillegg til Camilla Solheim Nore var Lovise Blålid Refvik (18) blant føredragshaldarane. Ho er elev ved Måløy vidaregåande skule, men gjør langt meir enn å sitte på skulebenken. – Eg er lærling på anlegget til Marine Harvest på Isane i Bremanger. Arbeidsoppgåvene er alt frå fortøying av nøter til fôring, tilsyn av laks og arbeid med avlusing, fortel ho. Blålid Refvik oppfordrar fleire til å gripe moglegheitene i næringa. – Eg rår til å gå denne yrkesvegen. Det er utfordrande arbeidsoppgåver og god løn. Vi produserer 1.600.000 laks eller 8.200 tonn kvar periode.

Ser framtid på sjøen

10.-klassingen Beate Honningsvåg frå Stadlandet var ein av deltakarane på konferansen i Parken Kulturhus. Honningsvåg vurderer å satse på eit yrkesliv på båt. – Det er dumt at det er mest menn som jobbar på båt. Eg meiner kvinner har like store moglegheiter på båt, og det er like stor sjanse for at eg vil jobbe på sjøen som i ein støttefunksjon på land. Far min jobbar i fiskerinæringa og har eigen båt, eg har allereie fått litt erfaring, fortel Honningsvåg. Bjørn Kvalheim i Opplysningskontoret for fiskeri- og havbruksfag (OKFH) i Sogn og Fjordane er klar på at sjømatnæringa treng påfyll av lokale kompetent arbeidskraft. – Vi skal opp i 10 milliardar menneske på jorda i 2050. Alle menneska skal ha mat. Jorda består av 70 prosent hav og 30 prosent land. Det betyr at potensialet i havet er større enn på fastlandet. Vi treng 60–70 prosent meir mat. Eksporten er venta å auke frå 100 milliardar til 500 milliardar. Vi skal produsere smartare, billigare og med ny teknologi. Fiskeri og havbruk treng kloke hovud, slår Bjørn Kvalheim fast. JØRN-ARNE TOMASGARD fjt@fjt.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 9

Vekst ved fem av fem verft VÅGSØY: 2016 eit godt år i verftskommunen.

– Resultatet kjem av den fantastiske innsatsen til våre tilsette som verkeleg står på. Det er dei som gjer at vi har eit godt rykte i marknaden, seier verftsdirektør ved Båtbygg på Raudeberg, Kjell Inge Sjåstad.

Med ei omsetning på 222,5 millionar kroner og eit resultat før skatt på 13 millionar kroner var fjoråret det beste sidan 2009. Det høge aktivitetsnivåved verftet, som har kring 90 tilsette, skyldast blant anna mykje arbeid med to forskingsskip som inngjekk i regjeringa si tiltakspakke for å auke akti-

viteten i verftsindustrien. Og Båtbygg var ikkje aleine om å gjere det godt i 2016. Alle dei fem Vågsøy-verfta kunne bokføre vekst i omsetninga frå 2015 til 2016: Stadyard (omsetning: 116 millionar/resultat før skatt 5 millionar), Verlo (40/2), Johansen Slip & Mek. (37/2) og Måløy Verft (18/1).

BÅTBYGG: Kjell Inge Sjåstad (f.v.), Kenneth Sekkingstad og Hans Ole Svarstad kunne glede seg over mykje arbeid i 2016. FOTO: SINDRE B. KVALHEIM

ser moglegheiter i havet

LEV AV SJØMAT: Camilla Solheim Nore (Coast Seafood) (framme f.v.) og Lovise Blålid Refvik (Marine Harvest) var blant føredragshaldarane på konferansen «Eit hav av moglegheiter» på Raudeberg nyleg. F.v. Robert Ervik (Ervik Havfiske), Bjørn Kvalheim (OKFH), Solheim Nore, Ørjan Drønen Madsen (Marine Harvest), Blålid Refvik, Anders Ommundsen (Fiskeridirektoratet) og Stian Hjelle (Arctic Linefish). FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD


10 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Lurer du på hva som skjer i fremtiden? Fiskeri og havbruk Deloittes nasjonale satsing på fiskeri og havbruk har ressurspersoner langs Vestlandet fra Haugesund til Trondheim. Deloitte kan tilby spisskompetanse eller tverrfaglige team av personer med erfaring og bakgrunn fra sjømatssektoren, og som ellers jobber innen våre fagavdelinger for jus, rådgivning, transaksjonsstøtte, og revisjon. Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester. Vi arbeider for internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor. Les mer og søk på www.deloitte.no

Hans Jørgen Kirkeeide Florø Tlf: 958 19 044 hkirkeeide@deloitte.no

Rune Norstrand Olsen Florø Tlf: 952 48 004 ruolsen@deloitte.no

Leif Kilnes Førde Tlf: 952 41 942 lkilnes@deloitte.no

Gunn Irene S. Bruheim Sogndal Tlf: 971 42 491 gbruheim@deloitte.no

Anders M. Gjendemsjø Bergen Tlf. 95 70 60 20 agjendemsjo@deloitte.no

Frequency.no

Deloitte refers to one or more of Deloitte Touche Tohmatsu Limited, a UK private company limited by guarantee (“DTTL”), its network of member firms, and their related entities. DTTL and each of its member firms are legally separate and independent entities. DTTL (also referred to as “Deloitte Global”) does not provide services to clients. Please see www.deloitte.no for a more detailed description of DTTL and its member firms. © Deloitte AS

Stadyard utfører reparasjon, vedlikehold, ombygging og utrustning av fartøy. Strategisk plassert på norskekysten ved Måløy står vi klare til å hjelpe deg 24/7. «Torbas», «Fanøyvåg» og «T.A. Senior» er våre tre siste nybygg basert på lange og gode tradisjoner.

Bygg 37 – MS «Torbas» Komb. ringnot/pelagisk tråler Lengde 69,90 m, bredde 15 m Lastekap. 2050 m3

Adresse: 6710 Raudeberg · Telefon: 57 84 99 00 · E-post: post@stadyard.no

Bygg 38 – MS «Fanøyvåg» Garnfartøy Lengde 27,97 m, bredde 8,5 m Lastekap. 245 m3

Bygg 39 – MS «T.A. Senior» Komb. snurper/snurrevad Lengde 14,99 m, bredde 8,0 m Lastekap. 120 m3

www.stadyard.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 11

FORD – NR 1 I EUROPA PÅ VAREBIL

TRANSIT-FAMILIE

Transit, Transit Custom, Transit Connect og Transit Courier. Familien er komplett. Knapt nokon er smartare, tøffare eller meir driftsøkonomiske. Alt i alt, du finn ikkje eit meir effektivt arbeidsjarn på fire hjul. Les mer på ford.no

AUTOFORUM AS

AUTOFORUM AS Leirvåggata 1, 6900 FLORØ Tel. 57 75 29 30 www.ford.autoforum.no

HAVNEVIK

Sanderplassen 1, 6800 FØRDE Tel. 57 83 09 60 www.ford.autoforum.no

Rente 2,49 % utan innskudd.

Bli med oss i arbeidet med å forme framtida

I MARINE HARVEST REGION VEST HAR VI MANGE FORSKJELLIGE STILLINGER INNENFOR MANGE FAGFELT; Regiondirektør – Controller – Produksjonssjef – HR leder – Kvalitetsleder – Planleggings leder – Fabrikksjef – Fiskehelseleder – Områdeleder – Biologisk Controller – Miljø og myndighetskontakt – Leder serviceteam – HMS koordinator – Kvalitetskoordinator – Fiskehelsebiolog – Veterinær – Rensefisk koordinator – Innkjøpskoordinator – Driftsleder - Assisterende driftsleder – Driftstekniker – Lærling akvakultur – TAF lærling akvakultur - Elektriker – Mekaniker – Teknisk leder – Skiftleder – Fabrikkplanlegger – Logistikk koordinator.

Det er ulike type utdanninger som gir arbeid hos oss. Det er lokal videregående utdanning, høyskole eller universitet. Vi ser etter motiverte personer som ønsker å være med å lede den blå revolusjonen, fremtiden ligger i havet.

Vi skaper trygge arbeidsplasser og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Marine Harvest Region Vest har ca. 470 ansatte fra Sognefjorden til Hustadvika. Totalt i Sogn og Fjordane har vi 136 ansatte fordelt i 9 kommuner.

www.marineharvest.com


12 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

FLORØ-DELEGASJONEN: Malvin Horne (Kommunikasjonsbyrået A til Å) (f.v.), Maria Brandsøy (Maritim Forening Sogn og Fjordane), Svein Bruheim (Bravo Seafood), Sunniva Geithus (Bravo Seafood), Kjell Einar Haugen (Kjellsea), Qiao Chen (Bravo Seafood),Siri Rognsø (Norwell), Ingrid Kassen (Norwell), Anne Fure Bortne (Bravo Seafood), Per Vidar Ottesen (Norwell), Aga Lelontko (Norwell), Per Inge Tansø (Skaar Norway), Sondre Langeland Tansø (Skaar Norway), Ole Bernt Solheim (Norwell), Anita Øygard (A til Å), Tore Svarstad (Bravo Seafood), Hallgeir Helland (Norwell), Ole Martin Mortensen (Norwell), Tor Hjalte (Norwell) og Trond Sagen (A til Å). deltok på sjømatmessa i Brussel i vår. FOTO: ARVE SOLBAKKEN

Tek vare på arven FLORØ: I denne flokken står nokre «bjellesauer», som lærte fiskehandlaryrket i Skaarfish. Florø-fiskehandlarane omsette for 3,5 milliardar i fjor.

Harald Skaar bygde opp Skaarfish til eit milliardkonsern i laksebransjen i Florø på 1980- og 90-talet. Vi skal ikkje repetere heile historia om vekst og fall, men konstaterer at fiskehandlaryrket lever i beste velgåande i Florø. I vår reiste desse «Bukkane Bruse» til Seafood Expo Global/ Seafood Processing Global, verdas største sjømatmesse i Brussel, for å halde fram med å gjere seg «feite» på fisk og omega 3. Der møttest 1.600 utstillarar frå 80 ulike land.

Skaar Norway

Administrerande direktør Per Inge Tansø i Skaar Norway er ein av veteranane i eksport-bransjen. Han lærte seg å kjenne bransjen etter å ha jobba seg opp frå kaikanten til seljar hos Harald Skaar. No samarbeider han vidare med familien via sitt eige eksportselskap i Florø. – På sjømatmesser i Japan og USA er sjømaten gjerne del av ei messe med andre matvarer og vinprodusentar. Men i Brussel er det berre sjømat det handlar om. Dette er den viktigaste sjømatmessa. Her møter vi folk frå heile verda, fortel han. I tillegg til representantane for eksportselskapa, reiste også folk frå dei lokale oppdrettsselskapa til Brussel. Den som trur at deltaking på sjømatmessa er eit liv i sus dus, der ein minglar seg ut og inn av tallause restaurantmåltid, har berre litt rett i det. Her handlar det om å pleie nye og gamle kundar, ta vare på nettverket av forretningsforbindelsar og å treffe nye aktørar i bransjen.

Norwell

Driftssjef i eksportørselskapet Norwell, Per Vidar Ottesen, er ein annan av Skaarfish-veteranane. Han seier sjeldan nei til eit lystig lag, men strekar under at sjømatmesser først og fremst betyr hardt arbeid. –Å representere og pleie kundar tek på. Det kan bli lange arbeidsdagar, men også ein del moro. Det er kjekt å treffe folk, smiler Ottesen. Også Hallgeir Helland i Norwell og Kjell Einar Haugen i Kjellsea starta si karriere i Skaarfish.

3,5 milliardar i omsetning

Fiskehandlarane i Florø er organisert i fire ulike eksportselskap, med 26 tilsette som omsette fisk for 3,47 milliardar kroner i 2016. 1. Norwell (12 tilsette/omsetning: 1.557 millionar kroner) 2. Bravo Seafood (7 tilsette/omsetning: 1.185 millionar kroner) 3. Skaar Norway (5 tilsette/omsetning: 430 millionar kroner) 4. Kjellsea (2 tilsette/omsetning: 300 millionar kroner)

Historikk

Skaarfish , eller Skaar & Co som det heitte i starten, etablerte seg på Fugleskjerkaia i Florø sist på 1960-talet. Det Måløy-baserte fiskefirmaet leigde dei første åra Florø Kjølelager, og kjøpte anlegget i 1978. Harald Skaar bygde dei neste ti åra opp Skaarfish til eit av dei største lakseeksportfirma i verda. I 1987 flytta firmaet til nytt produksjonsanlegg i Gunhildvågen, og omsetninga kom opp i 639 millionar kroner i 1988. I 1991 passerte årsomsetninga milliarden. I 1993 førte stor overproduksjon til krise i oppdrettsnæringa med massekonkursar som resultat. Skaarfish kom i økonomiske vanskar, og måtte selje det moderne anlegget i Gunnhildvågen til finansmannen Kjell Inge Røkke og hans selskap Norway Seafoods. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no


Frequency.no

HAV AV MOGLEGHEITER 2017 13

SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE

Good people make good fish!

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Post: Postboks 89 - 6707 Raudeberg Besøk: Maritim Park - 6710 Raudeberg Tlf.: 57 85 22 32 | Mob.: 959 86 700 post@okfh.no | www.okfh.no

www.selstad.no

FISKEREDSKAP l OPPDRETTSUTSTYR l TAUFABRIKK FLÅTESTASJON l INDUSTRI & OFFSHORE

• Pelagia Måløy Sildoljefabrikk • Pelagia Måløy • Pelagia Måløy Sentrallager • Pelagia Selje • Pelagia Kalvåg

TROMSØ 77 60 22 00 ANDENES 76 14 71 84 ÅLESUND 70 11 85 80

SENJAHOPEN 930 11 765

MÅLØY 57 85 25 00

LNT SVOLVÆR 76 07 14 99

SOLUND 57 78 78 00

SVOLVÆR 76 06 89 80

SOTRA AS 930 71 123

SUNNHORDLAND 404 37 170

SELSTAD NORDTRAWL AS +45 984 42 444

Selstad AS | Moldøen | 6700 Måløy, Norway | selstad@selstad.no | T: +47 57852500

• Produserer ca 270 000 tonn fisk PELAGIA I SOGN & FJORDANE

• Sysselsetter over 200 personer • Investerer 400 millioner kroner 2016-2018 • Utleie av fryselagerkapasitet på 18.500 tonn

www.pelagia.com


14 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

PROTEST: Fiskarar, fritidsfiskarar og bygdefolk frå Grotle, Iglandsvik, Hauge og andre bygder i ytre Bremanger har kjempa mot taretrålinga lenge, men blei i år ekstra provosert av at tråleselskapa valde å starte trålinga rett i forkant av hummarfisket. FOTO: SVANHILD BREIDALEN

– Tarehausting skaper lo BREMANGER: Først no startar ei å forske konkret på konsekvensane som taretråling har på økosystemet i tareskogen.

– Regelmessig trålte område som Bremangerpollen får eit varig redusert artsmangfald. Det hevdar Tore Larsen i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han var ein del av den fylkeskommunalt leia arbeidsgruppa som i april i fjor la fram «Forslag til forskrift for tarehausting i Sogn og Fjordane.» Larsen trekte seg frå gruppa fordi han meinte at framgangsmåten var feil. I utgangspunk-

tet er taretråling etter forskriftene forbode. Jobben er å finne område der tarehausting unntaksvis er fagleg forsvarleg. Men det blir arbeidd motsett; tråling er lovleg overalt og det må ei fagleg tung grunngjeving til for å legge ned forbod i eit område. Utan eksisterande økologisk systemkunnskap blir det vanskeleg.

Lenger intervall

– Taretråling skjer med fem

års intervall, men det biologiske mangfaldet brukar truleg 8–10 år før alle artane er på plass igjen, skriv Tore Larsen, som saman medfylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal argumenterer for at hausteintervall må aukast frå fem til åtte år. Dei får støtte i dette synet frå seksjonsleiar Kari Holden og seniorrådgjevar Egil Postmyr i Miljødirektoratet. Dei hevdar at arbeidsgruppa, som var samansett av folk frå

fylkeskommunen, Fiskeridirektoratet, tareselskapet FMC Biopolymer, Norges Fiskarlag og Flora og Bremanger kommunar, ikkje vann fram med sine innspel og hausteforskrifta blei vidareført. Det er ikkje regiondirektør i Fiskeridirektoratet, Vidar Ulriksen, samd i. – Eg sat sjølv i gruppa. Vi er i ferd med å få på plass første punkt, presise digitale kartløysingar som gjer at dei som trå-


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 15

KRITISK: Seniorrådgjevar Tore Larsen hos Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane peikar på at det manglar faktakunnskap om økosystemet i tareskogen. FOTO: ARVE SOLBAKKEN

HAVETS URSKOG: Tareskogen er har eit yrande liv og eit stort artsmangfald som gir grunnlag for kystbestandane av fisk og skaldyr. FOTO: LILL HAUGEN/SCANPIX

BREMANGERTARE: Lovleg hausting i regi av FMC Biopolymer med oppsamling i skip i Kalvåg. Trålinga starta rett før oppstart av hummarfisket, men var førehandsvarsla til Fiskeridirektoratet. FOTO: KJELL AGA ULVESTAD

okal økologisk ubalanse lar unngår konfliktar basert på misforståingar. I haust vart det påstått at det var blitt tråla i vernesona ved Grotle gamle kyrkjegard, men digital kartsporing viser at det ikkje skjedd. – Det er berre få promillar av stortaren langs norskekysten som blir teke opp av trålarane, påpeikar Ulriksen. – Men i eit svært godt eigna trålområde som i Bremangerpollen kan 50–60 prosent av

tareskogen hentast ut? – Ja, men vi har gjort eit kompromiss her. Det er fagleg sett ingen grunn til at indre delar av Bremangerpollen skal vere verna, men vi har likevel gjort det.

Økosystem-kunnskap manglar

Sjølv om tarenæringa har hausta stortare i fleire tiår allereie, eksisterer det ikkje noko eksakt vitskapleg kunnskap om effektane på økosys-

temet i tareskogen. Det er forska på kor fort sjølve stortareskogen tek seg opp att og på kor fort påvekstorganismane på tareplanten kjem att. Det er også forska på effektane trålinga har på krabbe og hummar, men lite om økosystemet som heilskap. Derfor er Havforskingsinstituttet i gang med eit nytt prosjekt i Trøndelag. Forskar Kjell Magnus Norderhaug jobbar med dette: – Vi undersøker eit tråla

område og eit som er urørt for å måle forskjellar. Men vi har ingen ferdige resultat enno. Han strekar under at tareskogen er eit dynamisk økosystem tilpassa store dramatiske endringar skapt av stormar. Samstundes veit ein at det er eit komplisert system med eit artsmangfald på fleire hundrede artar, som er viktig for fiskebestandane og fuglelivet. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

FAKTA

Laminaria hyperborea •• Kan bli tre meter høg, fire kilo og leve i tjue år. •• Lev i straumrike kystområde på hard botn ned til 30 meter djup. •• Fylka er delt inn i rullerande felt, med hausting kvart femte år. Det blir hausta 150.000 tonn årleg (under 1 prosent av biomassen).


16 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Vi minner om riktig merking av fast reiskap for fritidsfiskarar Livet i havet - vårt felles ansvar

Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025

Adr: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen • Besøksadr.: Gate 1, nr. 60, Måløy Tlf: 03495 • epost: postmottak.maloy@fiskeridir.no • www.fiskeridir.no

• TILGJENGELIGHET • ENGASJEMENT • KOMPETANSE


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 17 Sætren Installasjon AS er en moderne bedrift som hovedsakelig utfører elektroarbeider i Nordfjord, Bremanger og Søre Sunnmøre. Vi har 30 ansatte og holder til i Måløy. Vi er medlem av Elfag kjeden som har 160 medlemsbedrifter fordelt på 180 steder i Norge. Vi ble kåret til Årets Elfagbedrift i 2012.

JOHANSEN SLIP & MEK.

Aktivitetsnivået er stort og vi søker derfor etter flere dyktige medarbeidere.

Vi søker etter

ELEKTRONONTØRER I BREMANGER OG VÅGSØY

Johansen Slip & Mek. AS holder til i nye og moderne lokaler rett ved skipsleia på Raudeberg i Vågsøy kommune. Vår virksomhet er i all hovedsak basert på reperasjon/ vedlikehold og ombygging av mindre og mellomstore fartøy.

Oppdragsmengden i Bremanger og Vågsøy øker stadig og vi søker derfor etter erfarne elektromontører.

Vi utfører også diverse mekanisk arbeid til landbaserte bedrifter samt en del andre eksterne arbeidsoppdrag.

Vi forhandler

Dine interesser og evner er med på å forme dine arbeidsoppgaver. Vi kan tilby fantastiske medarbeidere – ordnet arbeidstid – avspaseringsordning – god lønn – servicebil – god pensjonsordning – firmahytte i Fagre Stryn – topp utstyr og et supert arbeidsmiljø.

Kraner

Du må minimum ha fagbrev som elektriker. For mer informasjon ta kontakt med Kjell Gunnar eller Einar Rune på tlf. 57 85 36 00. Søknad sendes snarest til fellespost@saetren.no.

Skogsmaskiner

Motorer

www.johansenslip.no

www.johansenslip.no 6710 Raudeberg - tlf. 57 85 29 20

Sætren Installasjon AS www.saetren.no


18 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Dreg inn som aldri før

STADLANDET: Ervik Havfiske dobla sitt førre rekordresultat i 2016.

– Vi har aldri tidlegare vore i nærleiken av eit slik resultat. Vi har vore oppe i 70–80 millionar, men resultatet for 2016 er ei dobling av våre beste re-

sultat. Det skuldast i hovudsak auka kvantum og gode prisar på råvarene, seier dagleg leiar Stig Ervik i Ervik Havfiske Holding AS. I selskapsstrukturen med 31 selskap er det eitt som skil seg ut – Frøyanes AS med tre båtar som driv linefiske mellom anna etter tannfisk i Sørishavet. Selskapet stod for

om lag 60 av dei 161 millionane. Med unntak av eit par små selskap er det overskot over heile lina i holdingselskapet, som hadde budsjettert med eit overskot på 58 millionar. – Vi hadde større kvantum og betre pris enn venta. Prisen på torsk, lange og brosme har vore høg, og held seg framleis.

EIGARAR: I år er det 30 år sidan Ervik Havfiske vart etablert av Stig Ervik (bildet) og tremenningen Kjell Magne Ervik. Dei to eig framleis 50 prosent kvar. FOTO: J.- A. TOMASGARD

Kan fylle på kassa etter eit rekordår RUGSUND/MÅLØY: Både oppdrettarar og seljarar gjer gode pengar på norsk laks om dagen. 2016 vart eit rekordår for mange – deriblant K. Strømmen Lakseoppdrett og Coast Seafood.

– Det har vore nokre gode år, men det er ikkje så mange år sidan vi tapte pengar, seier Sven Jørgen Strømmen. I den vesle bremangerbygda Rugsund har han og kollegaene i K. Strømmen Lakseoppdrett bokført overskot på totalt nærmare 200 millionar kroner dei siste fire åra. Fjorårets resultat før skatt på over 68 millionar av ei omsetning på 253 millionar var ei klar ny bestenotering for familieverksemda som far til Sven Jørgen, Kristen, starta i 1972. – Årsaka er høg laksepris. Vi leverte litt over 5.200 tonn i fjor, det er om lag som året før. På det jamne har vi produsert 5.000-5.500 tonn årleg. Når kiloprisen låg på 60–70 kroner i fjor, og vi elles ikkje drog på oss vesentleg høgre kostnader, drog det opp

resultatet, seier Svein Jørgen Strømmen. Han har leia verksemda sidan 1996, og med fire anlegg i Bremanger meiner han lakselusa den største utfordringa i å drive oppdrett. – Kampen mot lakselus er den store jobben, å drive oppdrett er hobby.

Over 400 millionar i eigenkapital

Dryge 12 kilometer i luftlinje unna oppdrettsselskapet, i Måløy, sit Coast Seafood og sel blant anna K. Strømmen Lakseoppdrett sin oppdrettslaks til ein global marknad. Også verdas største frittståande eksportør av laks og aure leverte eit rekordgodt 2016. – Konsernet si omsetning i 2016 var den høgaste i historia med ei omsetning på 4,27 milliardar kroner, seier


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 19

Havet viktig for fylket

Noko færre fiskarar

Over 200 aktive fartøy

SOGN OG FJORDANE: 12 av dei 25 selskapa i Sogn og Fjordane med høgast årsresultat i 2016 kjem frå fiskeri- og havbruksnæringa. Det viser ei oversikt publisert av NRK. Firda Seafood Group i Gulen har det høgaste årsresultat av desse bedriftene med 256,4 millionar av ein omsetnad på ein milliard kroner. Steinvik Fiskefarm, Ervik Havfiske Holding og Osland Havbruk er blant selskapa på lista.

SOGN OG FJORDANE: Det var 620 registrerte fiskarar i Sogn og Fjordane i fiskarmanntalet i januar 2017. Det er ein nedgang på 13 personar frå same tid i 2016. Ved tusenårsskiftet var talet 1.285. Av dei 620 fiskarane hadde 541 dette som hovudyrke, medan 79 fiskar som «attpåyrke». Av dei 620 registrerte fiskarane var det 10 kvinner.

SOGN OG FJORDANE: 216 fiskefartøy frå Sogn og Fjordane vart registrert som aktive og med inntekt i 2016. I 2015 var talet 2015 og i 2001 var talet 433. Nordland var med sine 1.385 fiskefartøy fylket med flest registrerte fartøy i 2016, etterfølgt av Finnmark (854) og Troms (678).

GODE TIDER: Sven Jørgen Strømmen har leia K. Strømmen Lakseoppdrett sidan 1996. Dei siste fire åra har verksemda hatt overskot på totalt nærmare 200 millionar kroner. FOTO: J.A. TOMASGARD

OPPDRETTSPLANAR: Gjennom selskapet Blom Fiskeoppdrett ønsker medeigar Coast Seafood å etablere eit oppdrettsanlegg på øya Silda i Vågsøy. ILLUSTRASJON: NORDWEST 3D

TENER PENGAR: Martin Øvrebø (t.v.) og Sverre Søraa eig Coast Seafood og har etter 23 år i drift bygd opp ein eigenkapital på over 400 millionar kroner. FOTO: COAST SEAFOOD

administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa. Omsetningsauka var på 29,5 prosent og Måløy-konsernet sat igjen med eit resultat før skatt på 77,8 millionar kroner. Etter rekordåret har eigenkapitalen i Coast, som vart etablert i 1994, vakse til over 400 millionar kroner. – Den heilt unike handlefridomen dette gjev oss finansielt vil vi aktivt bruke for å styrke vår posisjon i marknaden framover, understrekar Søraa.

Prisvekst på 50 prosent

Norge eksporterte laks for rekordhøge 61,4 milliardar kroner i 2016. Auken på 29 prosent frå året før var utelukkande driven av at lakseprisane gjekk til vêrs. Medan snittprisen for norsk laks vaks frå 42 kroner i 2015 til 63 kroner i fjor, er nemleg eksportvolumet i

same periode redusert med 5,2 prosent. Søraa bekreftar at også Coast sin omsetningsvekst utelukkande er driven av prisveksten. Det historisk høge prisnivået har samtidig gitt Coast sine seljarar store utfordringar – spesielt i enkelte av marknadane. – Vi må erkjenne at i modne marknader så fell etterspurnaden. Det er naturleg. Vi ser ei dreiing av eksporten mot Asia der dei nye marknadane klarer å absorbere prisveksten betre enn Europa. Samtidig er hovudmarknadene våre framleis i Europa, understrekar direktøren, som ikkje fryktar følgjene av eit vedvarande høgt prisnivå. – Marknadsmekanismane får aldri problem med å regulere dette. Eg kallar laksemarknaden for noko av det mest perfekte vi har. Informasjonen flyt 24/7 og då får man eit riktig prisnivå, seier Søraa. Etter at ein registrerte snittprisar på over

70 kroner i fleire av dei første månadane i 2017, har ein i haust lege på prisar mellom 50 og 60 kroner kiloen. Samtidig skal ein ikkje lenger tilbake enn 2014 for å finne månadsprisar godt nede på 30-talet. I ei norsk havbruksnæring som ønskjer å produsere meir oppdrettsfisk til ein verdsmarknad som stadig treng meir mat, ønskjer Coast Seafood saman med deleide Blom Fiskeoppdrett å etablere ein ny oppdrettslokalitet ved øya Silda i Vågsøy. – Vi har fokus på å drive verdiskaping i Vågsøy, og det vil vi fortsette med. No har vi ein moglegheit til også å skape aktivitet rundt oss på sjøsida, seier Sverre Søraa. SINDRE BLÅLID KVALHEIM sindre@fjt.no


20 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

20 år lykkeleg samdriv FLORA: – Vi har utfylt kvarandre godt som personar. Ein må vere litt romslege og setje pris på det dei andre er gode på, seier Nils Tore Karstensen.

Gjensidig tillit er avgjerande i både samliv og forretningsmessig samdriv. Medan havbruksnæringa har hatt ei utvikling mot færre og større selskap, har dei to familieeigde selskapa E. Karstensen Fiskeoppdrett i Bataladen og Marø Havbruk på Svanøy samarbeidd for å halde eigarskapet lokalt. No kan dei feire 20 år som samdrivarar. Deira suksess er også eit viktig fundament for livskraftige lokalsamfunn både på Svanøya og Fanøya.

Romslege

– Vi er så omgjengelege her vest i havet, smiler Nils Tore Karstensen, når han blir spurt om korleis dei får det til. Saman med broren Geir driv han E. Karstensen Fiskeoppdrett, selskapet far deira, Erling Karstensen, starta i 1971.

20 ÅR SIDAN: Her ser vi frå venstre Geir og Nils Tore Karstensen og Trond Sveen og Elin Tveit Sveen framfor ein betongflåten som samarbeidet starta med. FOTO: ARVE SOLBAKKEN

Vi såg at vi var to verksemder som jobba på same måten. Nils Tore Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett

På slutten av nittitalet låg mange tøffe tak bak dei som framleis var i drift. Sjukdom, bankkrise og svingande prisar hadde rista næringa kraftig. – Vi såg at vi var to verksemder som jobba på same måten. Allereie i 1987–88 samarbeidde vi om å byggje to nye betongflåtar. No såg vi at ved å dele på ein lokalitet, kunne vi utnytte areal, utstyr og personell betre, seier Nils Tore Karstensen.

Store omveltingar

På lovgjevarsida hadde næringa vore gjennom ei rivande utvikling, frå strenge reglar om berre ein konsesjon per aktør, til at selskap no vart kjøpte opp og innordna i kon-

20 ÅR ETTER: Her ser vi Geir og Nils Tore Karstensen og Trond Sveen og Elin Tveit Sveen på merdanlegget til Slakteriet i Florø, ei verksemd dei er medeigarar i. FOTO: TARJEI LANGELAND

sern. Dei to aktørane stod framleis med berre ein konsesjon kvar. – Då vi først kontakta Fiskeridirektoratet om planane våre, var dei usikre på korleis dette kunne organiserast reint formelt, seier Elin Tveit Sveen. Ho driv Marø Havbruk sa-

man med mannen Trond Sveen. Medan Elin er ei av dei mest markante personlegdomane i næringa, og tek dei tunge kampane som styremedlem i Sjømat Norge, er Trond den trauste og trufaste arbeidaren heime på anlegga.

For lite på hogget?

Geir Karstensen fortel at dei stundom sjølv har lurt på om tida var i ferd med å gå frå dei minste i næringa. Og om dei var for lite på hogget med å skaffe seg fleire konsesjonar. – Vi ynskte å konkurrere. Dei store henta pengar i kapi-

talmarknaden, medan vi ville betale med eigne midlar. Då ordninga med utviklingskonsesjonar kom, tenkte vi at der kunne vere ein sjanse. Men vi har ikkje nok ressursar til å satse på kompliserte, kostbare konsept. Vi fryktar no for at dei mellomstore selskapa no rykkjer frå oss, men trøystar oss litt med at innteninga er god også hos oss. Vi lukkast med drifta, og produserer mykje fin fisk, seier Karstensen. Hos E. Karstensen Fiskeoppdrett har ein ny generasjon teke til å jobbe i drifta. Dette styrkjer framtidstrua – ei tru neste generasjon deler. – Vi er glade for å sjå at dei unge er flinke og interesserte i å jobbe med fiskeoppdrett, seier Geir Karstensen. Hos Tveit Sveen på har den yngre generasjonen overteke røykeriverksemda. Elin Tveit Sveen seier at generasjonsskifte er ei av dei store utfordringane ho ser. Om ingen i familien vil overta drifta, kan alternativa stå mellom å selje eller å tilsetje folk til å drive selskapet for ein. ARVE SOLBAKKEN/ØYVIND KRAKÅS redaksjon@firdaposten.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 21

Nytt frå størjefisket!

Vi er en serVicebedrift med 8 ansatte og holder til i måløy sentrum.

Vi utfører de fleste oppdrag innenfor: •

brann-/slokkeutstyr

varmefag produkter

bygg avd.

tilhørende produkter

stålpiper

rehabilitering

tykkelsesmåling stål

– rehabilitering skorstein.

tilhørende produkter

alle oppdrag innenfor

/

aluminium

– tilbygg –

flis/fasadestein montering fagområdet

Enova har gode pante-/tilskuddsordninger for parafinovner - fjerning av oljetanker ut 2018.

Vi søker etter handVerker med kvaliteter innenfor Varmefag produktet. Du må gjerne være tømrer med fagbrev som ønsker nye utfordringer. Du må ha godt humør – stå på vilje - nøyaktighet med utførelse. Vi tilbyr gode lønns- og forsikringsvilkår. For mer informasjon, kontakt Roger 901 14 754. Søknad sendes roger@sentronik.no søknadsfrist 17.11.2017.

Hald deg oppdatert om fiskeri og oppdrett i Firdaposten! Digital tilgang ut året kr 29,eller digital og papir ut året kr 49,Bestill på www.firdaposten.no/bestill før 29. november:

Gate 1 nr. 168, 6700 Måløy • www.sentronik.no • Tlf. 468 90 091

Engines for marine use – provides the whole range

Knutepunkt k Florø l Florø Havn er ei miljøvennleg pulsåre som knyter Sogn og Fjordane til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø for heile regionen.

Yanmar Pleasure Boat Engines (6.6 – 342 kW)

(47 –1341 kW)

• • • •

Direktefly til og frå Oslo og Bergen Hurtigruta Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn Regelmessige avgangar.

Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@flora.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 O FL

w

RA HAMN

K

F

www.florahamn.no

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, supplybåtar, fiskebåtar, brønnbåtar og fraktebåtar som fremjer byen sine rike maritime tradisjonar. Florø si rolle som eit viktig knutepunkt blir òg ivareteke av fylket sin største flyplass. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen;

ww no .florohamn.

Yanmar Comercial High Speed Propulsion Engines

Salg, deler og service – utføres av oss – Purpose-built marine engines

Yanmar manufactured marine transmissions

Class-leading fuel consumption

IMO MARPOL emission compliance


22 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

NÆRINGSKLYNGE: Verksemder i Måløy Maritime Group har vore representert på i alt fem messer rundt nordsjøbassenget i 2017. Her frå messa DanFish i Aalborg i oktober. Framfor næringslivsaktørane står sløye- og kappemaskina til Havfront, som er den siste verksemda i næringsklynga. Nr. 3 f.v. Laetitia Pipaluk Rosing og t.h. Agnar Lyng. FOTO: PRIVAT

Sel med felles front

MÅLØY: Ein samla styrke lokkar fiskarane rundt Nordsjøen til Måløy.

– Her ser ein at det er nyttig at vi i Måløy Maritime Group (MMG) vert veldig «samsnakka» og lettare kjem fram til løysingar saman, seier verftsdirektør Agnar Lyng ved Stadyard på Raudeberg. Då dei nordnorske reiarlaga Brødrene Bakken og Oddvar Nes bestemte seg for å bygge nye fiskefartøy, fall valet på fleire selskap i næringsklynga som Lyng saman med Båtbygg sin verftsdirektør, Kjell Inge Sjåstad, i 2015 tok initiativ til å formalisere gjennom selskapet MMG. Stadyard skal utruste fartøya som skal leverast i desember 2018 og mars 2019 og det er Skipskompetanse i Måløy som har designa fartøya. I tillegg er skroga testa ved Stadt Towing Tank i Blålid i Vågsøy. MMG-verksemder som Ulve-

sund Elektro og Isovent vil også bli knytt til dei to prosjekta. – Vi bruker så mange lokale som vi klarer. Det er den modellen som fungerer best for oss, og det er den modellen som skapar aktivitet her vi bor, seier Lyng.

Messe-turné rundt Nordsjøen

Måløy Maritime Group bestod av elleve verksemder då dei såg dagens lys for to år sidan. Sidan har nokre falle frå og fleire kome til, slik at følgjande selskap no inngår i klynga: Båtbygg, Stadyard, Skipskompetanse, Isovent, Verlo, Sentronik, Naval Consult, Selstad, MH Service, Ulvesund Elektro, Måløy Radioforretning, Maaløy Seafood, Nordfjord Havn (alle Vågsøy), Westmek, Stadpipe, Fiskevegn (alle Selje) og Havfront (Bremanger). Det siste året har MMG vore representert på ein rekke messer rundt nordsjøbassenget. – 2017 er eit stort messeår og MMG har vore representert på fem messer, fortel prosjektleiar Laetitia Pipaluk Rosing. I tillegg til messer i Skottland, Færøyene, Island, Danmark og

Oslo, har MMG hatt eigne arrangement i Irland og på Grønland i løpet av dei siste tolv månadane. – I snitt har vi vore rundt ti personar på desse messene. Det er gjerne verfta og skipsdesignerane som «dreg lasset» for skal ein ha ein ny båt er det gjerne dei ein fyrst vil snakke med. Måløy Maritime Group jobbar med å synleggjere moglegheitene som finnast for fiskerinæringa i Måløy-området, og selskapet har som målsetting å føre kundar og leverandørar saman. – Vi skal drive relasjonsbygging og skape arenaer der verksemdene kan møte reiarlaga «one-toone», fortel Pipaluk Rosing. Møta i Irland og på Grønland har vore nyttige i så måte, og for Måløy-selskapa er spesielt sistnemnde ukjent territorium. – Grønland er ein marknad som har opna seg for våre medlemsbedrifter. Fiskeri er den største næringa på Grønland og den er i stor vekst. Samtidig har dei eit stort behov for å skifte ut flåten som består av mange båtar frå 80-talet. Derfor er det ein interessant marknad for oss.

Må stake ut kursen frå 2019

Pipaluk Rosing fortel at ei messe i Aberdeen samt Nor-Fishing i Trondheim står på messeprogrammet for MMG i 2018. – Vi vil då i større grad bruke tida på relasjonsbyggande framstøyt. Vi har også vore inne på tanken om å lage eit arrangement i Måløy der vi får kontaktane våre hit for å sjå verksemdene. Dei 15 medlemsverksemdene finansierer 600-700.000 kroner av den årlege drifta i MMG, medan ein er inne i det andre av tre år med støtte (500.000 årleg) frå Innovasjon Norge. I løpet av det neste året skal MMG stake ut den vidare kursen for selskapet. Men at formaliseringa av næringsklynga har gjeve gevinstar for medlemmene synest klart. – Tilbakemeldingane vi får frå aksjonærane er at dei opplever kontakten dei har fått innanfor gruppa som verdifull. Og ute i marknaden er Måløy Maritime Group i ferd med å bli ei sterk merkevare, slår Laetitita Pipaluk Rosing fast. SINDRE BLÅLID KVALHEIM sindre@fjt.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 23

100YEARS 1915-2015

Kjøp ørreten vår hos

Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com


24 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

ENKEL LØYSING: Ved å utnytte vel utprøvde løysingar frå settefiskbransjen og setje det saman på ein ny måte, har dei funne ei enkel og rimeleg løysing på lukka anlegg for lakse og aureproduksjon. ILLUSTRASJON: BULANDET MILJØFISK

På land under havet ASKVOLL: Ved å plassere fisketankane åtte meter under havnivå, blir pumping av sjøvatn rimeleg – samstundes som ein unngår lakselusa.

hjelpe til med å sende vatnet gjennom anlegget i eit lengdestraums-system, reinse vatnet og bruke det til makroalgeproduksjon i utsleppsenden på sørsida. – Ideen er å gjere det så teknisk enkelt som mogleg. Vi utnyttar velkjent kunnskap frå landbasert settefiskproduksjon på ein ny måte. I prinsippet har vi flytta eit flytande lukka sjøanlegg på land og bytta ut skroget med bulandsk fjell, fortel Ola Sveen, som har ansvar for det tekniske og biologiske i prosjektet.

Oppdrettsveteran Ola Sveen og ingeniør Oddmund Storesund frå Flora i kompaniskap med Anne Margrete Grepstad, Hans Haddal og Victor Hellesen, har fått godkjent fem landbaserte konsesjonar for laks og regnbogeaure på Gjørøy i Bulandet. Ved å utnytte den spesielle topografien, får dei senka fisketankane i terrenget så lågt at pumpeutgiftene blir minimale. Ideen er å hente inn sjøvatn frå 25 meters djupne i Engelvågen mot nord, pumpe det inn i eit nivåbasseng, og la tyngdekrafta

Fem konsesjonar gratis

Sveen har erfaring med produksjon av slaktefisk av laks i tankskip i Frankrike og hentar inn erfaring der ifrå. – Ved å straumsetje kara kraftig og rett, så skal vi bygge ein robust fisk i anlegget. 100 prosent lukka og landbasert drifte eliminerer miljøutfordringane og kostnadene med lakselusa, fortel Sveen, som rosar Askvoll kommune for særskilt god service og positiv innstilling. Ideen er så god at Bulandet Miljøfisk har fått dei fem konse-

VETERAN: Ola Sveen har vore i laksebransjen ein mannsalder og ser med entusiasme på potensialet i dette anlegget. FOTO: FIRDAPOSTEN sjonane gratis av styresmaktene. Viss finansieringa fell heilt på plass startar bygginga i 2017 og første del kan stå ferdig på seinsommaren 2018.

Anlegget vil ligge i kort avstand frå Bulandet Fiskeindustri, og her ligg moglegheiter til framtidig bearbeiding og vidareforedling av fisk og algar.

Ti arbeidsplassar

ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

Anlegget er tenkt bygd ut i to hovudfasar. I første byggetrinn reknar ein med at det kan bli fem arbeidsplassar og ved full utbygging kring ti.


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 25

Florø Bil & Havneservice AS er et bilverksted for person- og lastebil, vi leverer drivstoff og smøreoljer for FBH AS og Bunker Oil AS til offshore, marine, industri og private.

Vi i Fjordenes Tidende skriv om der du bur. Eller plassen du flytta frå, men som alltid vil vere «heime». To gonger i veka kjem du tett på med lokalavisa i postkassa eller i innboksen. Bestill avisa på abonnement@fjt.no, 57 84 90 00 eller på fjt.no

BUNKRING: Fra Fugleskjærskaia til større fartøy og til mindre båter fra flytebry r gge Bensin - Marine gassolje - Farga diesel - Fyringsolje - Smøremidler - Kjemiprodukt

Florø Bil & Havneservice AS Strandavegen 19, 6905 Florø Strandavegen, 6900 Florø Tlf. 57 74 05 40 Tlf. 57 74 05 30 www.fbh.as

Naval Consult innleder samarbeide med Edgar Kvernevik (Kvernevik Engineering). Som ledd i vårt arbeide med å utvide vårt marked og styrke vår kompetanse er vi svært nøgde med å ha inngått avtale med Kvernevik. Vi kjem til å arbeide tett for å saman utvikle høgteknologiske fartøy som skal gi betra lønsemd for reiarlaga.

Naval Consult arbeider p.t. sammen med Larsnes Mek.Verksted med levering av en serie fartøyer, samt utvikling av forbedrede metoder for økt fangstverdi. Kvernevik leverer i disse dager et nybygg til akvakultur.

N-6710 Raudeberg

nc@naval-consult.no www.naval-consult.no

Tlf. 57 85 38 88


26 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

SPYTTAR INN PENGAR: Styreleiar Kåre Furnes (t.v.) i Fiskerimuseet i Måløy jubla då det vart klart at Nordfjord Havn bidreg med pengar for å realisere museumsplanane. Her saman med hamnedirektør Kjell Fagna og styreleiar Elisabeth Elliott i Nordfjord Havn. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

Det dryp frå hamna MÅLØY: Båtar i opplag er ikkje nødvendigvis dårleg nytt for alle.

Nedgangstidene i oljebransjen har ført til at ei rekke norske offshorefartøy har blitt overflødige. Ifølge SYSLA ligg for tida rundt 130 norske fartøy i opplag. Tre av desse ligg til kai i Måløy der Nordfjord Havn, som eig dei aktuelle kaiene, har bestemt seg for å spytte leigeinntektene rett tilbake i lokalsamfunnet. – Netto inntekter frå offshorebåtar i opplag skal avsettast på eit eige fond. Midlane skal nyttast til tiltak i kommunen som har hatt den aktuelle aktiviteten, vedtok styret i det interkommunale hamneselskapet i sommar.

1,4 millionar for fire fartøy

Dei fire fartøya som har lege ved kai Måløy i løpet av det siste året sikra Nordfjord Havn 1,4 millionar kroner årleg i leigeinntekter,

og det fyrste prosjektet som får nytte av midlane er Fiskerimuseet som i ei årrekke har forsøkt å realisere sine utbyggingsplanar. – Då eg fekk e-posten frå Elisabeth (Elliott, styreleiar i Nordfjord Havn) var det som ei openberring, seier styreleiar i Fiskerimuseet, Kåre Furnes. I dag er Fiskerimuseet lokalisert i eit mindre glasbygg på lekteren i Måløy sentrum. Planen er no å ta i bruk ein langt større del av den same lekteren. – Måløy er tufta på fiskeri og det er ein ekstremt viktig del av vår historie som vi til no ikkje har klart å ta vare på. (...) Vi vil sjå om vi kan vere med på å få realisert Fiskerimuseet, seier Elisabeth Elliott i Nordfjord Havn.

Bruk av kaiene

I vår vart føringa om at fiskerifartøy har førsteretten på å nytte kaiene på Moldøen i Måløy oppheva. Kaiene vart bygd på 1970-talet med statlege fiskerimidlar, men bindingstida på 20 år er for lengst gått ut. Det har gitt Nordfjord Havn betre moglegheiter til å ta imot offshorefar-

I OPPLAG: I alt fire offshorefartøy har lege i opplag ved kai i Måløy det siste året. Dette er to av dei tre fartøya som framleis ligg i fiskeribyen. FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG

tøy. Dei har likevel understreka at alle fiskefartøy som ønskjer kaiplass, skal få det. I haust har det enkelte dagar lege over 20 fiskefartøy ved kaiene i Måløy. – Vi vil jobbe med å få så mange båtar inn til Måløy som overhovud mogleg. Og alle fiskebåtar som vil hit skal få plass. Det må det ikkje vere tvil om, seier hamnedirektør Kjell Fagna. Hamneselskapet håper også at

lokale bedrifter vil dra nytte av at det ligg offshorefartøy i opplag ved kaiene i Måløy: – På eit tidspunkt skal desse båtane i oppdrag og det vil vere kontraktar for mange millionar i forbindelse med resertifisering, klassing og utrusting. Det er å håpe at alt eller noko av dette går til bedriftene i lokalmiljøet. SINDRE BLÅLID KVALHEIM sindre@fjt.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 27

Komplett navigasjon og kommunikasjonsutrustning til Havbruksnæringa. Eksempel på leveranser:

Gåsø Jarl

Artic Fjell

Firda Fighter

Gina Mary

Komplett navigasjon, kommunikasjon og fiskeleitingsutrustning. Design og levering av bropulter til alle typer fartøy.

Fanøyvåg

Sulebas

Komplett styring, Autopilot, Joystick og DP Dynamisk Posisjonering

Bropult Sulebas

Sikkerhetssystemer for oppdrett: personell og anlegg. Elektronisk merking og registrering av aktivitet i havner og sjøområder ved hjelp av VHF radio, lukket radiosamband, AIS, Aton, radar, kamera, internett, alarm, lys, sirene osv.

Vi påtar oss oppdrag i inn og utland – service og nyinstallasjoner.

Fugleskjærgata 10, 6905 Florø

«Flyende maskiner tyngre enn luft er en umulighet.» Sa den engelske matematikeren og fysikeren Lord Kelvin i 1895. Men, her sitter vi i 2017 og kan fly t/r Las Palmas for noen skarve hundrelapper. Han skulle bare visst!

1. januar 2020 går Eid og Selje saman og blir Stad kommune - med nær 10.000 innbyggjarar mellom hav og fjord. Vi har blikket vendt mot havet. Som vertskommune for Stad Skipstunnel, med engasjerte innbyggjarar og eit mangfaldig og sterkt næringsliv, ser vi lyst på framtida. Vi vil gjere det vi kan for å skape størst mulig ringverknader knytt til havet og havressursane, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi. Å byggje ein ny kommune krev god planlegging, solid innsats og samarbeid frå alle partar, både i og utanfor kommunen. Vi inviterer alle til å bli med oss på laget. Velkomen til Eid, Selje og nye Stad kommune! www.stad2020.no

Hvis man bare vil det nok, kan man få til det umulige. Det er bevist. Med kompetanse fra alle verdens hjørner og lokale kontorer i hele Norge har vi hjulpet bedrifter som vil litt mer til nye høyder. Hvem vet, kanskje får noen av dem til det umulige? PwC. Vil litt mer.


28 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

DEN TREDJE SJØGLANS: Askvoll-reiarlaget Heggøy har kjøpt denne båten med namnet Kremmervik inklusiv fiskerrettigheiter frå Austevoll for kring ein halv milliard kroner. FOTO: PRIVAT

Glansnummeret ASKVOLL: – Vi selde Sjøglans for å roe ned litt, men det var for gale at neste generasjon ikkje skulle få sjansen til å drive fiskeriet vidare.

Det fortel Frode Heggøy, som eig kystnotbåten Sjøglans saman med Jan Arve Heggøy. Dei er høvesvis styreleiar og dagleg leiar i Heggøy AS, som i sommar sleppte nyhendet om dei kom til å selje båt og kvôtar for kring 350 millionar kroner. Eit skot for baugen for fiskerikommunen Askvoll, såg det ut til. Men eit par månader seinare byrja rykta å svirre om at Heggøykarane hadde noko verkeleg stort på gang. Og i oktober sprakk ballongen. Då blei det kjent at dei hadde kjøpt seg ny båt til kring

ein halv milliard kroner, det desidert dyraste enkeltbåtkjøp som er gjort innanfor kystnotgruppa nokosinne. Nyebåten har eit kvotegrunnlag som er omtrent dobbelt så stort som det dei hadde. I 2016 fiska, det som skal bli den tredje Sjøglans, Austevoll-båten Kremmervik for 58 millionar, mot Sjøglans sine 27 millionar. – Vi får gje neste generasjon ein sjanse. Det er i alle fall ikkje noko problem å bli kvitt båt og kvôte om det skulle bli aktuelt. Båten kjem 20. desember, så det blei ein skikkeleg dyr julepresang. Det blir ein del gjeld, men det er billeg å låne pengar for tida. Dessutan ser kvoterettigheitene ut til å halde fram med å stige i pris. Det aller viktigaste er sikre seg retten til drive med fiskeri, understrekar Frode Heggøy. Då det blei kjent at dei hadde selt Sjøglans til Arild Sekkingstad i Austevoll, blei det ein del negativt prat rundt det. Men Heggøy avviser at tilsette blei oppsagt. – Vi skal vere åtte mann på den nye Sjøglans også, slår han fast. Den nye båten, som er kjøpt frå Ola Olsens reiarlag i Austevoll,

VILLE TRAPPE NED: Fiskebåtreiarane Frode (t.v.) og Jan Arve Heggøy legg til rette for generasjonsskifte på sikt. FOTO: FIRDA har same kvotegrunnlag på NVGsild, men langt større kvote på makrell. Men den største skilnaden er at den også har kvotegrunnlag for kvitfisk. Styresmaktene har løfta det såkalla strukturtaket i kystgruppa frå seks til åtte fartøykvôtar og det har gitt denne drastiske prisauken i marknaden. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

FAKTA Kvote på selde Sjøglans er på 1.200 tonn makrell, 2.000 tonn NVG-sild og 800 tonn nordsjøsild. Kvote på kjøpte Kremmervik er 2.000 tonn makrell, 2.100 tonn NVG-sild, 1.000 tonn nordsjøsild og 240 tonn torsk.


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 29

Stadpipe has developed into one of Norways leading specialists in advanced piping systems. We are driven by the desire to find the best

La oss lære av hverandre

solutions that suit the costumer’s needs. We take responsibility from design to completition and

Veronica Sandnes, Sandnes Fiske­ oppdrett AS

always plan our projects thoroughly in partnership Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort. Sammen kan vi stadig øke kvaliteten og heve kunnskapsnivået blant alle som jobber med oppdrett, salg og foredling av laks og ørret.

with the customer.

Prat med oss på telefon 57 75 00 00 kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

www.stadpipe.no

Måløy: Bastavik, 6700 Måløy Tlf.: 57 84 91 91, post@isovent.no

Isovent – beskytter og ventilerer dine verdier

Eid: Kaivegen 11, 6770 Nordfjordeid Tlf.: 57 7 86 01 90, eid@isovent.no

www.isovent.no

Dårlig ventilasjon i boligen din? Det er fornuftig å oppgradere dersom du: – har dårlig inneklima. – har mekanisk ventilasjon uten varmegjenvinning. – har luftbehandlingsaggregat med kryssveksler. – skal etterisolere, bytte vinduer og tette boligen. – har høye Radonmålinger. Stikk inn om for en prat!

Vi utfører arbeiid i følgende ka ategorier: – Prosjektering, leve eranse og montasjje av g til bolig, nærings-ventilasjonsanlegg bygg og maritim ind dustri. – Blikkenslage erarbeid. – Teknisk isolerring. – Service på ven ntilasjonsaanlegg. – Kanalrenssing, inspeksjo on . – Radonmålinger og utbedringer.


30 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Bli med på laget – vel lokalt internett! Ved å velje Enivest som internettleverandør støttar du lokal verdiskaping. Bedriftene i Sogn og Fjordane er viktige for at vi skal ha spreidd busetnad, arbeidsplassar og eit sterkt næringsliv. For at vi skal bli større, betre og sterkare, må teknologien vere på plass – både i bakken og i bedrifta. Vi jobbar med begge deler, og skreddarsyr løysingar for at du skal få akkurat det du har behov for.

Ver med og skap verdiar lokalt

ps://www.enivest.no/cpresources/userphotos/daniel.d/100/Daniel-Notø_25A0476.jpg?d=1459861227

Kontakt våre BM-seljarar for tilbod: Sjur Gimmestad

Kunderådgjevar bedrift Tlf. 414 12 521 sjur.gimmestad@enivest.no

Kåre Åmot

Kunderådgjevar bedrift Tlf. 905 78 674 kare.amot@enivest.no

Daniel Notø

Kunderådgjevar bedrift Tlf. 979 01 014 daniel.noto@enivest.no

Er du privatkunde og ønskjer å støtte lokal verdiskaping, gå inn på www.enivest.no eller kontakt vår kundeservice på telefon 57 00 91 00

Idun Samdal

Teknisk kundemedarbeidar idun.samdal@enivest.no

Nils Skøld

Teknisk kundemedarbeidar nils.skold@enivest.no

Nett der du er


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 31

NORSK AKKREDITERING TEST 184

Måløy vidaregående skule

www.maloy.vgs.no

Yrkes og studiekompetanse

YSK (TAF) • • • •

Eg synest det var fire flotte år, og den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet er i å ta svært nyttig med seg vidare.

Løn under utdanning Fagbrev og spesiell studiekompetanse Teori på skulen, praksis i bedrifter Fireårig løp

Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no

YSK (TAF) er læring i praksis som gir alle moglegheiter

Studietilbod i Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk - Helse- og oppvekstfag - Naturbruk - Restaurant- og matfag - Teknikk og industriell produksjon - Studiespesialisering

Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no YSK (TAF) Yrkes- og studiekompetanse innafor: - Industriteknologi - Helsefagarbeidar - Akvakultur

Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no


32 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

GRUVEAVFALL: Modell som viser korleis lagringa skal fungere. Utfordringa er å korleis steinstøv og kjemikaliar kjem til å sirkulere i fjordsystemet. ILLUSTRASJON: ASPLAN VIAK

Sit stille i båten NAUSTDAL/ASKVOLL: – Eg er ikkje så sikker på om gruvedrifta kjem i gang i 2019. Skjer det bør styresmaktene la oss drive inne i den nasjonale laksefjorden, seier oppdrettar Ingvar Osland.

Striden og den omfattande sakshandsaminga om å tillate dumping av gruveavfall i Førdefjorden, knappe tre kilometer frå Flokenes Fiskefarm, kulminerte med at rutilselskapet Nordic Mining fekk eit endeleg utsleppsløyve i 2016. Miljøforkjemparane har lagt seg i lenker og protestert, men regjeringa

har avvist alle klager. Også den lokale havbruksnæringa har vore tydelege motstandarar av gruvedeponiet, som dei fryktar vil undergrave varemerket Seafood from Norway. All marknadsføring går på at fisken blir produsert i friskt, kaldt og reint sjøvatn. Det kan i alle høve ikkje Flokenes Fiskefarm greie å argumentere for lenger. – Kjem gruvedeponiet så må vi vekk. Og då er einaste tilgjengelege løysing å flytte innover i Førdefjorden. Ordninga nasjonale laksefjordar skulle etter planen evaluerast i 2017, men det har ikkje skjedd, seier Osland. Håpet er at grensa for den nasjonale laksefjorden blir flytta utover til Flokeneset. Då kjem dei innanfor verneområdet, noko Osland trur vil gjere det mogeleg å flytte unna gruveutsleppet. – Lenger inne skal vi greie å drive godt og ha små problem med lakselus grunna ferskvatnet som kjem utover fjorden, seier Osland. Verksemda står framfor ei ny miljøsertifisering overfor mark-

TEK DET MED RO: Ingvar Osland tek gruveplanane førebels med ro til han ser at drifta er fullfinansiert. FOTO: OLE JOHANNES ØVRETVEIT/FIRDA. naden og Osland trur ikkje dei kjem til å få godkjenning dersom gruva kjem og dei ikkje kan drive andre stader enn i dag. Ei anna side av saka er at dersom regjeringa si skatteomlegging på verk og bruk blir gjennomført, så kan ikkje Naustdal kommune vente seg å få titals millionar i eigedomsskatt. Nettopp dette har vore eit viktig og tungt argument på vektskåla for

dei folkevalde. – Dersom dette fell vekk, blir det ikkje mykje att til lokalsamfunnet, påpeikar Osland. Siste alternativ er å selje verksemda, der sju tilsette driv to konsesjonar og produserer kring 2.000 tonn laks og aure årleg. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 33

treff kundar i tre kanalar Vi er den største reklamekanalen i ytre Nordfjord, vi har

Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.

Vi er stolte av det!

11.800 lesarar av Fjordenes Tidende på papir, nett og mobil Kombiner avis, nett og mobil - du treff potensielle kundar fleire gonger, i ulike kanalar og i forskjellig modus. Vi hjelper deg med å nå måla dine Kontakt oss på annonse@fjt.no eller på 57 84 90 00

Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

Spare- og investeringsbanken som alltid er åpen Tlf. 23 20 60 01 privat Tlf. 23 20 60 02 bedrift

BAlTIc WINNER FIShFARMER, AUTOMATvEST. Kg 40 – 150 kUN

1.499,-

(Før 1799,-)

BESTMARIN AUTOMATvEST BAlTIc - B* Kg 40+ kUN

649,-

(Før 799,-)

PIONER MUlTI III FRÅ kR

95.000,-

OPNINGSTIDER: Måndag - fredag 09.00 - 16.30* Laurdag 10.00 -14.00 BestMarin Florø Solheim Diesel AS Fugleskjærgata 2 6900 Florø Tlf.: 57 75 14 80 solheim-diesel.no

BEST PÅ BÅTUTSTYR III bestmarin.no


34 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

KONSENTRERT: Industriområdet på Trollebø vart bygget ut på starten av 1990-talet og i dag er det Pelagia som tar i mot pelagisk fisk på anlegget som var det største i sitt slag da Domstein-konsernet opna det i 1993. I 2014 opna Pelagia (då Norway Pelagic) sitt 8.000 kvadratmeter store fryselager like ved mottaket. Med Pelagia-eigde Måløy Sildoljefabrikk og containerhamna like ved ligg alle forholda til rette for at det pelagiske konsernet kan utvikle seg på austsida av Ulvesundet. FOTO: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

Satsar 400 millionar kr KALVÅG/SELJE/ MÅLØY: Pelagia har alt dei treng i ytre Nordfjord. – Frå 15. mai (2018) arbeider de på verdas beste sildefabrikk for halvkonserverte produkt, sa fabrikksjef Per Røys då han i haust orienterte dei rundt 60

Pelagia-tilsette om utbyggingsplanane i Kalvåg. Pelagia si satsing i Bremanger er den siste i rekka av store investeringar fiskerikonsernet har gjort i ytre Nordfjord. – Samla, inkludert grunninvesteringar, har Pelagia investert for nærmare 400 millionar kroner i regionen dei siste tre åra, seier COO Food i Pelagia, Magnus Strand. Han fortel at det er fleire årsaker til at konsernet har valt å

bruke betydelege ressursar i regionen der Pelagia har over 300 tilsette. Vandringsmønsteret til dei pelagiske fiskeslaga gjer Nordfjord til eit godt utgangspunkt, og på land ligg forholda i høgste grad til rette. – Regionen har lange og stolte tradisjonar for tilsvarande produksjon og sit på unik kompetanse, forståing og ei moglegheit for kontinuitet organisatorisk. Gode hamnefasilitetar, infrastruktur og

logistikk saman med mange servicetilbod til båtar gjer regionen komplett for Pelagia.

Heleide fabrikkar

Etter at Pelagia og Domstein «fordelte» fleire eigedommar i regionen seg i mellom i fjor sat førstnemnde igjen med full kontroll over mottaka i Måløy, Selje og Kalvåg. Alle anlegga er eller skal oppgraderast. Fabrikkane i Kalvåg og Selje skal utviklast i retning spesialtil-

passa produkt med utgangspunkt i hhv. sild og makrell. – Pelagia Kalvåg vil frå våren 2018 ha ferdig ei ny linje for både matjes og marineringsproduksjon. I tillegg lagast det nytt fryselager, fortel Strand, som forklarer at det investerast for rundt 65 millionar i Kalvåg i perioden 2016–18. I Selje har Pelagia ferdigstilt ei pilotlinje for vidareforedla makrellprodukt som ein håpar å ha forankra industrielt denne


HAV AV MOGLEGHEITER 2017 35

MAKRELLFABRIKK: I Selje har Pelagia ferdigstilt ei pilotlinje for vidareforedla makrellprodukt som ein håpar å ha forankra industrielt denne hausten.

STYRER SJAPPA: Per Røys har returnert til jobben som fabrikksjef ved Pelagia i Kalvåg. FOTO: KJELL AGA ULVESTAD

SILDEFABRIKK: Ved Pelagia sin fabrikk i Kalvåg arbeidar det rundt 60 personar. No skal Pelagia bruke fleire titals millionar kroner på å gjere fabrikken til den beste sildefabrikken i sitt slag. FOTO: KJELL AGA ULVESTAD

roner i komplett region hausten. – Ferdigstilt vil dette ha ei investeringsramme på nærmare 45 millionar kroner. I Måløy har Pelagia brukt 55 millionar på ei dobling av innfrysingskapasiteten til cirka 1.100 tonn ferdigvarer per døgn, og ein har også kjøpt areal med tanke på ei utviding av sentrallageret på Trollebø. – Pelagia Måløy skal utviklast ferdig som den største og mest effektive pelagiske fa-

brikk for alle pelagiske fiskeslag som går til konsum, fortel Magnus Strand.

Utnyttar råstoffet

Pelagia eig i tillegg Måløy Sildoljefabrikk som gjør at konsernet får utnytta hundre prosent av det råstoffet som fartøya denne hausten har lege i kø for å kunne levere i Måløy. – Pelagia-aksen mellom Kalvåg og Selje passar vår langsiktige strategi med færre og

fortrinnsvis større anlegg nært knytt opp til våre mel- og oljefabrikkar. Forretningsideen til kvar fabrikk i regionen er å utvikle særeigenskapar som samla gjør oss komplementære, fortel Strand. Pelagia er i ferd med å fullføre sitt fjerde år i drift etter fusjonen av Norway Pelagic As, Egersund Fisk AS og Welcon Invest AS. Pelagia AS omsette i fjor for 5 milliarder kroner og sat igjen med eit re-

sultat før skatt på 383 millioner. Holdingselskapet omsette for 5,7 milliarder og overskotet var på drøyt 468 millioner. Møgster-familien på Austevoll eig halve konsernet medan SalMar-arvingen Gustav Magnar Witzøe og Pelagia-direktør, Egil Magne Haugstad, er blant dei andre eigarane. Pelagia har i dag 26 fabrikkar i Norge, Storbritannia, Irland og Danmark. Ytst i Sogn og Fjordane er håpet at dei tre

fabrikkane kan bidra til at Pelagia besfester sin posisjon som den leiande tilbydaren av pelagiske produkt til konsum. – Våre naturgitte føresetnader og nedfelte tradisjonar og kompetanse i regionen vil saman med moderne teknologi og løysingar sikre Pelagia gode rammevilkår i mange år. Saman er vi langsiktige, avsluttar Magnus Strand. SINDRE BLÅLID KVALHEIM sindre@fjt.no


36 HAV AV MOGLEGHEITER 2017

Verden går fremover Fôring er den viktigste oppgaven innen havbruk. Derfor skal du velge det beste og mest avanserte verktøyet. Vi i Steinsvik har holdt på med fôringssystemer siden 80-tallet. Gang på gang har systemer som Are 126, MultiFeeder, GMT Feeder og FeedStation satt standarden for hva som er mulig å oppnå med et sentralfôringsanlegg. Verden rundt er våre løsninger i bruk både for matfisk og settefisk. Nå har vi hevet nivået nok en gang. Vi presenterer Next Generation FeedStation!

Ta kontakt for mer informasjon.

www.steinsvik.no

Hav av moglegheiter 2017  

Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2017.

Advertisement