Misjonstidende nr. 4 + årbok 2022

Page 22

Fordi vi treng kvarandre 16. august 2021 gjekk startskotet for ei splitter ny avdeling i NMS som skal styrke misjonsengasjementet i Noreg.

TEKST

|

Helene Reite Uglem

– Dei små fellesskapa er sjølve gullet i NMS, vårt DNA, byrjar leiar Silje Sjøtveit i NMS Frivilligheit, som med gullsaks klipte snora for den nye avdelinga i august 2021. Ho stod på garden sin i Tinn med dei 20 kollegane på trygg avstand på skjermen framfor seg. Applausen runga på Teams. For første gong i historia har NMS no ei eiga avdeling for NMS sin hovudingrediens: Frivilligheit. GRUNNFJELLET

– Det var ein stor dag. Skikkeleg stas, seier Sjøtveit med ivrige nikk frå Kristian Mjølsneset som leiar internasjonal frivilligheit. Saman med tusenvis av frivillige 22

skal dei løfte småfellesskapa i NMS til nye høgder. Men dei skal ikkje finne opp kruttet på nytt. Det var småfellesskapa som gjorde at NMS vart til i 1842 og byrja å sende misjonærar. Men foreiningane strikka, bad og dagdrøymde om Zululand lenge før stiftinga. Det var som om dei forstod, før mange andre, viktigheita av å høyre til i ein flokk. – Forsking viser at fellesskap som engasjerer seg i ei felles sak ikkje berre er sunt for deg personleg, men også er ein ingrediens som gjer at fellesskapet held lenger, seier Sjøtveit som ser at det stemmer: Dei over 1000 små fellesskapa i NMS har stått seg mot vêr og vind heilt sidan 1800–talet. Rett nok med litt utskifting i mannskap.

– Med denne nye avdelinga vert det lettare å koordinere regionarbeidet, løfte fellesskapa, ta vare på dei vi har, men også å skape nye fellesskap i forskjellige innpakkingar. KVA NO?

Som eiga avdeling har NMS Frivilligheit dessutan fått meir gjennomslagskraft i leiarmøte. – No har avdelinga ein eigen representant der, seier Sjøtveit og fortel at avdelinga også har fått fleire hender å spele på i region Trøndelag og på Møre. England–misjonær Leah Tjemsland flyttar til Noreg for å jobbe med studentarbeidet i NMS. I tillegg skal ho, saman med Kristian Mjølsneset, ha fokus på den delen av frivilligheita som skjer utanfor Noreg.

Misjonstidende 04/2022

MT 4-2022.indd 22

03.06.2022 08:21:36


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Misjonstidende nr. 4 + årbok 2022 by Det Norske Misjonsselskap - Issuu