Du finn dei langs heile Hardangerfjorden, både i fjæra og på fjelltoppane, alle dei som tar eit tak for at friluftslivet kan levast og nytast av alle oss andre. Tilrettelegging og merking av stiar, med informasjonar og kart. Bygging av vardar, hytter, gapahukar, grindbygg og bruer. Trappestigar over gjerder og anlegg for passering av myrer. Det er så mange ting som er og blir gjort at det er heilt uråd å ramsa det opp, men du veit det sjølv kor bra og triveleg dette er for at friluftslivet skal kunna levast året rundt. Vi kjennar alle nokon. Ein av dei som bidreg i Ullensvang er Harald Alvavoll. Møt han og les om litt av hans bidrag til friluftslivet og korleis dette samhandlar med Harald sin profesjon som fruktbonde og reiselivsaktør.
MØT EIN KREATIV FRILUFTSMANN, FRUKTBONDE OG SIDERPRODUSENT
Bli kjent med Harald Alvavoll! Harald var som mange av venene og andre som veks opp i små bygder, ute å skaffa seg utdanning. Seinare valde han å gjera slik mange ynskjer at fleire skal gjera, å flytta attende til bygda han kom frå.
I 2004 starta Harald saman med ein kamerat Ivar Tveito Eidnes med friluftstilrettelegging heime på Lofthus. Då dei kom heim såg dei trongen for å leggja til rette. -Vi starta med Hardanger fruktsti, fortsette med Hardanger fosse sti og Hardanger fjellsit. Dette er stiar som vi seinare har rusta opp på nytt. Vi så og at å vandra på ein sti og oppleva fruktdyrkinga på nært hald var interessant i eit reiselivskonsept. Vi ordna med informasjonsmateriell på fleire språk, slik at informasjonen nådde fram til fleire. Harald har i tillegg til å overta garden heime, drive m sjenkestove på Lofthus og litt i turismen si ånd, før han gjekk "solo" og starta med sider og reiselivskonsept på Alavoll Frukt- og sidergard. I tillegg, seier Harald driv vi med fjordhestar og kløvjar opp på vidda. Slik såg vi og behov for opprusting av stien opp til vidda, slik at den kunne bli trygg for hestar.
60
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 2 2021
Då var eg kanskje den som tok hovudinitiativ til å rusta opp stien i Munketreppene. Gjennom ei lokal stifting reiste vi privat lokal kapital og fekk etter kvart tilskot frå ulike stiftingar. Gjennom prospekta våre har vi vore heldige og fått litt dra-hjelp frå Dronning Sonja som var her og kasta glans over opninga av Rukan bru. I jobben med det som har fått namnet Dronningstien sør har vi og fått rusta opp Kråkestien som er nedfarten frå Dronningstien sør. Vi har jobba med dette kontinuerleg sidan 2015 og investert 4,3 millionar kroner.