Møkkablad 2022

Page 1

MØKKABLAD 2022 Eit framifrå magasin frå Vindafjordbonden Sal og service til eit moderne landbruk KVA SEIER KOKKEN? Bonden gjer kokken endå betre og meir attraktiv Ingrid Marie Sørhus, Gudmund K.Håkull og Kjell Thomas Kirketeig Husk Bondemarknad i Ølen laurdag 24. september Jon Bjarte og Gunnbjørg gjer kvarandre gode

DETTE GJER VINDAFJORDBONDEN AS

AUKA STATUS OG OMDØMME

Bondesamlingar, leverandørsamtalar, ulike gruppe-møter, innlegg på fjesbokå og tilsvarande har belyst både storleiken og kor viktig Vindafjordbonden er. Mange har fått eit anna syn og blitt motiverte. Ulike omtalar i media har også bidratt.

GARDSKILT

Me må visa igjen som andre bedrifter.

PROFILERING

Eigen kleskolleksjon med Vindafjordbonden si profilering, og ulike klistremerke som skal visa fram mange «stolte» Vindafjordbønder.

BONDEMARKNAD

Ein utruleg kjekk dag, der me fyller Sjoargata for å visa litt av alt det Vindafjordbøndene har å tilby – få maskinar til mat og dyr. Velkommen til marknad i Ølen, laurdag 24. september.

DETTE VAR NOKO AV DET VINDAFJORDBONDEN AS DRIV MED

Eg håpar du kosar deg med magasinet og eit innblikk i alt det spanande Vindafjordbøndene driv med…

LANDBRUKET I VINDAFJORD

Kvar morgon ruslar 420 bønder ut i fjosane sine, og i løpet av eit år utgjer dette om lag 700 årsverk eller 1,2 millionar timar med arbeid… Jordbruksarealet pr. bruk er 196 dekar.

VISSTE DU AT: Vindafjord er landets 4 største

>> >> >> >> >> >> >> 1. Osmund Birkeland 2. Terje Kambe 3. Trond Haugland 4. Leif Bjarne Olsen 5. Hans Ilstad 6. Åsvald Imsland 7. Andreas Eikeland 8. Jakob og Borghild 25. Magnar Helgevold 26. Jørn Apeland 27. Johannes Vestbø 28. Endre Krakk 46. Øyvind Haakull 47. Trygve Meland 48. Magnar og Marit Fjeldheim 65. Knut Øvstedal 66. Henry Eike 67. Steinar Nesheim Vindafjordbonden takkar alle bønder som stiller opp som medlemmer. Dei betaler ei årleg serviceavgift på kr 500,- + mva. for ulike tjenester og tiltak. Dei er avgjerande i dette arbeidet. KAN DU TENKJA DEG Å VERA MED? Me trenge fleire bønder med på laget, og ynskjer du å vera med så send e-post til andreas@vindafjordbonden.no Alle bønder veit at til fleire me er, til tyngre løft kan me ta. VINDAFJORDBONDEN MEDLEMMER I VINDAFJORDBONDEN MAGASINANSVARLEG: Ide - tekst - design Vinnarskalle AS, Frank R. Abelseth. FOTO: Frank R. Abelseth DISTRIBUSJON: Husstandar og bedriftar i Vindafjord og Etne UTGIVAR: Vindafjordbonden AS MØKKABLAD 2
Haukelivegen 676, 5582 Ølensvåg Tlf. 53 77 54 00, xlbygg@bergesag.no Haukelivegen 676, 5582 Ølensvåg Tlf. 53 77 54 00, xlbygg@bergesag.no Proff: Man–fre: 7-16, Privat: Man–fre: 9–17, lørdag: Stengt FAGHANDEL INNEN TRELAST OG BYGGEVARE • PROFFENS FØRSTEVALG • HYGGELIGE ANSATTE MED KOMPETANSE OG ERFARING • KONKURRANSEDYKTIGE PRISER PÅ HELE PROSJEKTET TA KONTAKT OG VI HJELPER DEG MED DITT BYGGEPROSJEKT. xl-bygg.noFølg oss på:

Ein gard som har vore i familien sidan Gudmund vart fødd i 1989. I starten var det melkeproduksjon men frå 2005 er det sau, sau og atter sau. Gudmund har alltid vore aktiv på garden, og den interessa har ikkje minka.

Heller tvert imot. Dei er 4 søsken, og alle har sau. Broren John Gerard er til og med norgesmeister i ullhandtering. Gudmund arbeider sjølv fulltid på Nortura i Sandeid som ullklassifisør/slaktar.

Ny sauafjos under bygging

I dag har Gudmund 160 vinterfora sau, som skal aukast til 240 i den nye fjosen. Etter lemminga er der ca 750 med stort og smått. Den nye fjosen vil letta arbeidet og gjera det endå betre for sauene. Sjølv om ingen av dei klaga på tilværet den dagen Vindafjordbonden var innom. Strålande vær og fortsatt godt med god mat på bakkane.

Ein gong sau – alltid sau!

Det er ingen tvil om at dei som driv med sau (og geit) ofte er lidenskapeleg opptekne av det. Kva kjem dette brennande engasjementet frå Gudmund? Eg likar alt med sauen og rundt sauen, kjem det frå Gudmund. Det er eit stort og godt miljø, eg likar dyr og sauer spesielt. Det er også alltid inspirerande å laga gode råvarer, legg han til. Eg likar også livet i og rundt sankinga og lem minga. Sjølv om dei fleste sauabønder nok synes det er stor stas når det første lammet kjem, og heilt greit når det siste lammet ser dagens lys. Men at nærleiken til

sau frå Gudmund vart fødd har hatt mykje å bety, er det ingen tvil om.

Kanskje det er tid for Jakten på kjærligheten Gudmund?

Tja, nei… Det er nokon som har pirka i meg rundt det ja, smiler Gudmund. Men akkurat åleine er han jo ikkje. 240 sauer og 5 gjetarhundar skaper mykje liv på garden. Men ei budeie til å hjelpa til med «likt og ulikt» kunne vel vore greit, fristar me. Ja, det kunne jo vore det, strekk han seg til. Det blir jo mindre arbeid då… Sik kert eit korrekt svar, men ikkje svært djupt og følsomt meiner nå me. Har du prøvd sjekketrikset «skal du vera med heim å sjå på ulla mi»? Nei eg har ikkje det flirer Gudmund, men lovar at det skal vurderast. Me lar ballen ligga der.

Ull er ikkje ull Gudmund har sauene opp under Hardangerjøkulen inn

PINNAKJØT, FÅRIKÅL, Den nye fjosen blir meir som eit hotel. Det er dette Gudmund K. Håkull produserer på garden som ligg MØKKABLAD 4

Isdalen ved Vøringsfossen på sommarbeite. Meir norsk kan det vel ikkje bli, tenkjer me. No er det haustull, legg han til. Den har vakse sidan i vår. Det er stor forskjell på ulla som har vore til fjells og den som har gått heime, seier han. Men det har også mykje med sauen og rasen å gjera. Dårleg ull er ofte slakk, matt og generelt litt «dau». Den gode ulla har fin fiber. Då ser ulla ut som eit hårstrå, er mjukt og har god spenst.

Smalahåve er jysla godt. Faktisk litt betre enn pinnakjøt.

Gudmund slaktar litt til eige bruk. Han kan godt eta eigne sauer, og nyt eit måltid med smalahåve, fløytegrati nerte poteter. Og kanskje ei kald øl til, smiler han. Men stemmer det at sauene er dumme, spør me. Har du ei open grind så kan du vera sikker på at fleire av dei skal gå på sida av grinda, svarar Gudmund med eit smil. Me seier ikkje meir. Men må du gå med klogger og tjukke kvite ullsokkar for å driva med sau? Nei du må vel ikkje det kjem det etter tenksomt fra Gudmund. Viser Gudmund seg i Paris er me heilt sikre på at det blir mote på neste visning.

Me takkar Gudmund og alle andre «sauer». Me ser kva som blir lagt ned av arbeid, kjærleik til dyra og naturen, og får berre endå meir lyst på norskproduserte måltid. Tenk over det neste gong du handlar eller skal nyta eit måltid. Og skulle det nå vera ei som kunne tenkja seg… Nei da. Me lar den oppfordringa vera litt «ullen». Takk til Gudmund, alle rundt han og alle som driv med sau og landbruk i Vindafjord.

FENALÅR, LAMMALÅR… Klogger, kvite ullsokkar og ein god gjetarhund er alt ein sauabonde treng :) Godt samarbeid med gjetarhunden er svært viktig for ein sauabonde. flott til på Haraldseid like før Haraldseidvågen i Skjold. 5 MØKKABLAD

God mat treng eit godt kjøkken!

Å kunna arbeida på eit kjøkken som verkeleg er praktisk og inspirerer, er for mange nesten like viktig som sjølve råvarene.

JODA. KJØKKENET ER VIKTIG

Det er der me deler dagen i dag, legg planar for framtida, viser fram den nye kjolen, prøver nye rettar, miksar ein shaker, nyt måltida åleine eller saman med andre…

Eit kjøkken i dag er sjølve

Me har forførande, smakfulle, inspirerande og effektive kjøkken der alle kan møtast til dekka bord.

Knapphus Kjøkkensenter i Odda, på Knapphus og på Karmøy leverer kjøkken som gir dei gode stundene. Velkommen til våre kjøkken for visning og ein god prat.

Me takkar Vindafjordbonden og Etnebonden for framifrå råvarer.

Våre kjøkkendesignerar gler seg til å møta deg og dine.

Anne Mai Kjøkkendesigner 909 81 990 Tore Kjøkkendesigner 916 76 583

Utstilt på Knapphus: FRID og Strai kjøkken Knapphus - 52 76 70 70

Utstilt på Knapphus: Knapphus kjøkken og Strai kjøkken Knapphus - 52 76 70 70

knapphus-kjokkensenter.no

Hildegunn Kjøkkendesigner 488 92 042

Øyvind Kjøkkendesigner 908 61 959

Sunniva Kjøkkendesigner 468 22 864 Øyvind Kjøkkendesigner 908 61 959

Utstilt på Karmøy (Bygnes): Strai kjøkken Karmøy - 52 84 51 33

Utstilt på Karmøy (Bygnes): Sigdal og Strai kjøkken Karmøy - 52 84 51 33

Utstilt i Odda: Strai kjøkken Odda - 468 22 864

Utstilt på Odda: Strai kjøkken Odda - 488 91 180

Vinnarskalle.no
livet!
Landbruks LandbruksDiesel Diesel

PÅ SOLVANG GARD VEKS KALVANE

OPP SAMAN MED MØDRENE SINE.

Ingrid Marie Sørhus er oppvaksen på garden Vestbø på Bjoa. Ho var ofte med i arbeidet, men såg ikkje for seg å bli bonde. Sjølv om ho også var avløysar på ulike gardar. Dreiv også Joker-butikken på Bjoa i nokre år fram til 2014. At ho møtte Jarle Sørhus frå Blikrabygda skulle endra på framtida. Jarle er i fullt arbeid utanom garden, og er bonde «etter arbeidstid». Ikkje ukjent for mange bønder.

250.000 liter melk gir om lag 1.250.000 glas med melk

Det er melkeproduksjon Ingrid Marie og Jarle satsar på. Det som er litt spesielt på garden er at kalvane veks opp saman med mora. Dei er saman i 2-3 månadar, og mora tek då ansvar for at kalven får den næringa og kjærleiken den treng. Dei må passa litt ekstra på i starten, men etter det er det mora som syter for at kalven blir den beste utgåva av seg sjølv. Kalven drikk ca 15-20 liter til dagen, noko som sjølvsagt resulterer i at mora leverer mindre melk i den perioden. Men mange meiner at dette løner seg på sikt.

Og ingen tvilar vel på at det beste for kalvane er å veksa opp saman med mora? Dei prøver også å for dela tidspunktet kalvane kjem på. Får ein del kalvar på vårparten slik at me kan få meir sommarmelk. Då får me også litt meir for melka, seier Ingrid Marie.

No er Ingrid Marie bonde på heiltid Dei bygde nytt fjos til kyr og stutar i 2019, og bygde om den gamle til ungdyr. Eg likar å styra dagane mine sjølv, seier Ingrid Marie. Det kan eg til ein viss grad i alle fall, legg ho til. Melkeroboten gjer at me er friare. Ho tek også nokre vakter på Joker Knapphus, men det er mest for å vera sosial, smiler ho. Der veit ho også kva ho har i timen, noko ho ikkje har turt å rekna på for jobben som bonde. Men der får eg betaling også gjennom å gjera mykje er likar. Eg trives godt med å jobba med dyr, seier Ingrid Marie. I tillegg er jo arbeidet svært variert. Du er innom mange yrke på ein dag.

Det er godt å vera to Ingrid Marie tek seg mest av dyra, og Jarle tek hoved ansvaret for utstyr og bygningar. Det er godt å vera to, seier Ingrid Marie. Spesielt når været er dårleg

Ingrid Marie og Hanna nyt dagane med dei nyfødde kalvane
MØKKABLAD 8

og det dukkar opp ulike utfordringar. Ho meiner det er bra «drive» i landbruket i Vats, men kunne tenkt seg endå fleire unge på bondelagsmøtene. Men me kan også bli flinkare til å engasjera oss, legg ho til. Dei har kjøpt noko utstyr saman med andre for å betra drifta, og det går fint.

For ein gard krev store investeringar. Me treng jo ikkje låsa huset når me reiser bort, det er jo mykje større verdiar i redskapshuset, smiler ho.

Kva med framtida Ingrid Marie?

Det har skjedd mykje på kort tid, og me prøver nå ut dette med å la kua ta ansvar for oppveksten til kalven. Så eg trur me må konsentrera oss om å få god drift på det me har, legg ho til. Skulle ho be om noko så var det at landbruket kunne hatt betre sjukelønnsordningar. Ho vart sjølv liggande med corona, noko som resulterte i at Jarle måtte ta seg fri frå jobben. Mange andre har betre ordningar enn det.

Utanom det kunne både Ingrid Marie og landbruket tenkt seg at alle brukte meir melk. For forbruket går ned. Kanskje 2-3 glas melk kan gjera den same jobben som div. «energidrikker og cola»? Melk har bygd folk og land gjennom fleire genera sjonar, og er klar for å gjera det også i framtida.

Det er viktig for Ingrid Marie og Jarle at døtrene Hanna og Oda Emilie får ein god oppvekst

Saman med dei vaksne og dyra. Når jentene kjem heim frå skulen tek mora imot dei og passar på. På same måten som kua tek seg av kalvane sine. Det kan bli eit godt «sluttprodukt» av slikt.

Vindafjordbonden takkar for god informasjon og inspirasjon. Kanskje blir det fleire «bondekvinner» etter dette innlegget? Me takkar for all den gode melka, den gode maten, det flotte naturlandskapet og bidrag til bygdene og arbeidsplassar.

Etter berre nokre dagar ute er det mykje som er interessant for denne kalven

Oda Emilie og Hanna kosar seg med dyra Ingrid Marie og Hanna passer på at alle har det godt
9 MØKKABLAD
Eiksenteret Haugesund Eikeskogvegen 72, 5570 Aksdal Tlf. 52 75 44 44 Håkon Bjørke FENDT Tlf. 955 56 867 Stian Berge MF Tlf. 412 13 790 Arve Frantsen VALTRA Tlf. 957 60 549 220.000 ekskl. mva Fendt Former 801 samlerive 125.000 ekskl. mva HE-VA Lift-Roller, 3 m. Eik engfornyer 815.000 ekskl. mva Fendt Rotana kombipresse HØSTSALG! MANGE TRAKTORER PÅ LAGER OG PÅ VEI INN TIL GODE HØSTPRISER! Maskiner på lager, for rask levering, til gode høstpriser! DØNN landbruk, betong designet til landbruksformål

Vi satser på landbruk!

Vi kjenner godt utfordringene og behovene til landbruket, og tilbyr lokale rådgivere som kan treffe deg på gården, i nettmøte eller på ett av våre lokale kontor. Kontakt oss på 915 02 002, så hjelper vi deg å få brikkene på plass! 8-18 (9-15)

Sparing og pensjon Personforsikring Vipps Finanisering Leasing Drifts kreditt Skadeforsikring Eiendomsmegling Takst og eierskifte Regnskap og rådgiving En del av Alt du treng til heim, hage, fritid og kjæledyr Etne / ope
tlf. 53 77 11 30 bondekompaniet.no Me har KLIKK & HENT

KVA SEIER KOKKEN?

Jon Bjarte Aarekol har laga nydeleg mat til nesten heile verda. Født på Aarekol Gard på Nes i Vikedalsdalen. Då han vaks opp var det eit av mange kombinasjonsbruk. Melkekyr, griser, sauer… Traktorane gjekk konstant på gardane då mimrar Jon Bjarte. I dag er det kona Gunnbjørg som er bonden på land, med smågrisproduksjon og sau på matfatet. Dei siste åra har me prøvd ut litt småskala produksjon med vidareforedling og salg, og er ikkje ferdig med dette - seier dei i lag.

Frå kjøt til fisk Jon Bjarte har alltid vore interessert i mat og ting som går rundt. Stor stas då han fant ein gammal herresykkel i kjellaren til besteforeldrene. Fekk sving på den, sjølv om det var litt utfordrande som liten å sykla med ein foten stikkande under stanga og over på motsatt trøa.

Var kokkelærling på ærverdige Atlantic Hotel i Stavanger, har levert mat til 1.000-vis av markeringar og jobba 13 år som kokk i Sandeid Fengsel. Før han gjekk over til produksjon av fisk på Mowi sitt moderne anlegg på Vågafossen, ikkje langt frå Kvaløy.

Var matinteressert frå dag 1

Jon Bjarte huskar godt at han med stor entusiasme registrerte kva mat mormor laga til og korleis ho serverte på Haugen Herberge i Hogganvik. Han var også svært aktiv i 4H i mange år, og stort sett med oppgåver om mat. No er det fisk han lever av på dagtid, han kallar det «å være bonde på sjø». Han og 12 andre har ansvar for at heile verda får norsk laks av høgaste kvalitet.

Team Vågafossen klekker rogn og forar fisken opp til den er ca 0,5 kilo før dei leverer den vidare til dei som forar laksen opp til den er på rett slaktevekt, som er mellom 4 og 5 kilo.

Kva seier kokken?

Du Jon Bjarte har jobba masse med mat. Produserer Vindafjordbonden gode råvarer? Ja, det gjer han – eg er stolt av bøndene i Vindafjord. Alle er viktige brikker, me må ha dei som produserer mengdene som folk kan plukke i butikkane våre – og me må og ha plass til dei som gjer ein litt anna vri. Me må heia fram alle! Som kokk får du meir forhold til råvarene

når du får vera tett på historia, det er det som er den store motivasjonen for kokkar og får oss kokkar til å prestera endå betre – og bli i kokkeyrket lengre.

Der er ingen tvil om at det er stor forskjell på kjøt Eg kjenner det i fingrane. Eit kjøtt stykke kan vera blaut og vassen, og nesten som ein sprettball. Eit godt stykke er meir «dødt». Du trykker f.eks. ned med ein fing og ser at fingermerket står igjen.

Historia som blir presentert direkte fra ein liten produsent som sel vara si sjølv gjer og at kjøtet blir bedre, du smakar historia i tillegg til til fibrar og fett. Kva dyr blir fora med og oppvekstforhold påvirkar kjøtstruktur og smak – det har me prøvd sjølv med utegrisene – Dexter Velde veit også dette med deira produksjon.

Men det er klart at store produksjo nar, som igjen skal raskt igjennom maskinane på slakteria, vil kanskje ikkje alltid få same behandlinga der det f.eks. kun er nokre få kilo som skal bearbeidast. Har du f.eks. eit stykke hjortakjøt kan du gå å kjenna på det og ta det når det er ferdig modna. I store produksjonar vil alt stort sett få same behandlinga. Slik er det, og tilnerma slik må det nok vera om pris og tilbud skal vera bra.

Det viktigaste med småskalaprodusentar er kanskje at dei inspirerer svært mange til å laga god mat og kokkelera oftare

Det er også motiverande for bonden å ikkje berre levera «ut i eit svart hål». Å vita litt om kven som får råvarene, kva dei går til osv. kan vera motiverande for mange.

Vindafjordbonden er på alle måtar svært viktige. Ikkje minst for å inspirera folk flest til å bruka gode råvarer og eta endå meir «rett». Mat er ein viktig del av mange samlingar blant vener og familie, som igjen gir utvikling og det gode liv.

Mat er makt på mange måtar I tillegg til at mat er noko alle må ha er det ikkje få møter mellom folk, forretningsavtalar, fredsavtalar, forelskelsar og anna som har fått ein god og avgjerande start gjennom god mat. Då Jon Bjarte og Gunnbjørg dreiv med utegris, leverte dei grisane til Fatland for slakting, til Tveit Søndre Gard for nedskjæring og pakking og til Vikedal Gardsmat for produksjon av bacon og spekeskinka.

Det blir matinteressa og gode samlingar for mange av slikt. To gonger har det blitt levert gris fra Aarekol Gard til slottet i Oslo, det er motiverande med slike drypp – slike konkrete hint fra slakteria kan nok også vere kjekt for dei som har store produksjonar…

Jon Bjarte er 100% med i heiagjengen til Vindafjord bonden

Blir glad av å sjå at andre lukkast med matproduksjon. Spanande å høyre om f.eks. Blåbærgris, som er eit nisjeprodukt fra Vindafjord - til og med som eksportartikkel utan at nabo en veit så mykje om det. Vanskelig å nevne navn, men bruk dei me har rundt oss!

Jon Bjarte takkar dei som har gitt han gode råvarer, som inspirerer og som held liv i 1.000-vis av arbeidsplasser. Vindafjordbonden vil også takka Jon Bjarte og Gunnbjørg for å ta desse råvarene tilbords, der mange nyt kvarandres selskap og gjer gode avtalar.

MØKKABLAD 12
Jon Bjarte set stor pris på at Mowi, kona Gunnbjørg og Vindafjordbonden gir han gode råvarer Jon Bjarte kontrollerer at fisken har det godt. På same måten som bonden gjer med dyra. Slik ser «båsane» ut på Mowi Vågafossen Å grava etter gull er noko grisene likar
13 MØKKABLAD

EIN BONDE KAN JO IKKJE BLI SJUK KJELL THOMAS

Alt som er levande krev tilsyn 24 timar i døgnet. Det veit ein bonde alt om. Mykje kan skje, og det på «sekundet». Kjell Thomas kjende ei stund på sviktande energi, og gjekk på vårparten til doktoren. Frå det «sekundet» har han vore heilt ute av drift.

Ja så langt borte har han vore at det ei stund var usikkert på kva «klode» han skulle landa på. Er fortsatt 100% sjukmeldt og vil vera det ei god stund framover. Men det går framover. Sjukdommen viste seg å vera autoimun vaskulitt, som angrip immunforsvaret og lagar betennelse i blodet.

Frå gard til gard

Kjell Thomas Kirketeig er oppvaksen på garden Kirketeig på Sagi i Skjold. Han har alltid vore interessert i gardsdrift, og var mykje på besøk hos slekta på Fjellheim gard. Heimagarden var for liten til å leva av, og det låg ikkje i korta at Kjell Thomas skulle bli bonde. Sjølv om faren i bryllupstalen påpeika at Kjell Thomas som 6-åring sa at han skulle finna ei odelsjen ta. Kjell Thomas er utdanna industri- og automasjonsme kanikar.

Anne Elise var den rette odelsjenta Tilfeldig eller ikkje. Anne Elise er oppvaksen på garden Myrabø. Den siste garden før Sandeid på veg frå Ølen. Me brukte 3 år før me bestemte oss for å flytta inn og overta garden. Eg lot meg overtala, smiler Kjell Thomas.

Dei overtok garden rundt årsskiftet 2000/2001. Då var der 12 melkekyr med ein kvote på 60.000 liter melk og 20 sauer. Det var for lite til å leva av, og Kjell Thomas jobba 6 år på Sandeid fengsel. Opp og melka kl 05.00, dusja, på jobb i fengsel og tilbake til garden. Mange bønder kjenner seg igjen i dette, og me kan ikkje få takka dei nok.

I dag driv Kjell Thomas saman med Henrik Nerheim i Ølen med 50 årskyr pluss fullt påsett

Produserer ca 460.000 liter melk i tillegg til å fora fram ca 25 stutar/oksar til slakt. All melkeproduksjon foregår hos Henrik på Nerheim. Kjell Thomas har også purker, smågris og slaktegris på garden, og den beset ninga er ein satellitt i Nes purkering. Han får purkene ferdig bedekte kvar 8. veka, og dei «grisar» etter ca 3 veker. Er deretter hos han 5 veker mens grisongane diar (drikk av mora), før slaktebilen kjem å hentar dei.

Ein hund etter ball. Leik og moro er viktig på alle arbeidsplasser Kjell Thomas har sitt eigeflisfyrings-anlegg som hargitt han gode resultat Garden ligg fint til på grensa mellom Sandeid og Ølen
MØKKABLAD 14

Alt går på 8 vekers intervallar. Kjell Thomas og Anne Elise kjøpte nyleg nabobruket Stumo. Der er det inntil vidare 14 ammekyr. Planen er å fiksa fjosen og laga til lausdriftsfjos.

Kjell Thomas har fått fantastisk god hjelp

Det er svært mange som har tilbudt seg å hjelpa i denne sjukdomsperioden. Kunne sikkert dreve 5 slike gardar med alle tilbuda. Det er godt å bu på bygda i slike tilfelle. Bondens store skrekk er jo å bli sjuk.

Ein bonde kan jo bli sjuk, men kan sjeldan stå over arbeidet. Svigerfar har jobba eit dagsverk kvar dag med mange ulike oppgåver. Han er sentral om eg er sjuk eller frisk. Svært mange gardar er heilt avhengige av «dei gamle». Legg ned svært mykje arbeid i landbruket. Kona Anne Elise og borna har også verkeleg imponert han. Fleire enn han har fått justert synet på livet, kvardagane og framtida.

Har alltid vore interessert i tilleggsnæringar rundt landbruket I 2014 installerte dei flisfyringsanlegg og grav de ned fjernvarmerøyr mellom husa. På hausten fell han ein god del skog til fyring til vinte ren og våren. I tillegg har dei også solseller på taket på grishuset. Alt dette produserer ca 50% av strømforbruket på garden. 100% av oppvarminga er basert på flis. Litt fyring i ovnen må kanskje til på det kaldaste.

Han er også med i ei gruppering som har planar om å byggja eit biogassanlegg som kan produsera 6080 kwh med biogass. Der bonden kan levera gjød sel, som blir blanda med div. matavfall. Dette blir ein gjæringsprosess som blir til biogass. Som igjen blir videreforedla til eit flytande drivstoff som er planlagt brukt til f.eks. trans portnæringa. Vil også trekka ut co2 og tilby grønn co2 til dei aktørane som ønskjer det. Me bønder kan vera endå flinkare til å utnytta dei ressursane me har på gardane, legg han til. Me

Kyrne
slappar av og nytdagane. Det må jo bli goderåvarer av slikt. 2 gode arbeids karar. Med full «flistank» i bakgrunnen. 15 MØKKABLAD
LAURDAG 24. SEPTEMBER Kl. 11.00 - 15.00 Sjoargato - Ølen GRATIS INNGONGSalgavgrillmat HER KAN DU OPPLEVA: • Levande dyr • Fjoslukt • Salg av lokale matvarer • Grisapreik • Aktivitetar for store og små • Gammalt og nytt utstyr • Bondeleikar kl. 13.00 Kappestrid mellom drivande bønder ALLTID STOR STEMNING PÅ BONDEMARKNAD Arrangør: VÅRE SAMARBEIDSPARTNERAR: Vilvekst Bonde-marknad Ein uvanleg og trivelegdag for heile familien :-)Deler av Sjoargato vil blistengt under arrangementet. DET BLIR GAMLE LEIKAR MED ØLEN OG BJOA HISTORIELAG.
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.