3 minute read

FRILUFTSHOVEDSTADEN

Next Article
HARALD ALVAVOLL

HARALD ALVAVOLL

Frå fjord til foss og fjell Frå vidde til bre og is. Frå temma kultur til vill natur Frå lågt til høgt Frå smått til stort Frå nært til fjernt

Advertisement

VISIT HARDANGERFJORD FOLGEFONNI BREFØRARLAG

DAG ENDRE OPEDAL KRAFTMUSEET FOLGEFONNI BREFØRARLAG

Det er gjerne dei spektakulære friluftsattraksjonane som Trolltunga, Folgefonna og Dronningsstien ein forbinder med Ullensvang. Samstundes har ein nære og varierte friluftsopplevingar uansett kvar ein er i kommunen.

Derfor meiner me at Ullensvang kommune kan forsvara tittelen Noregs friluftshovudstad.

Det er ikkje minst dei ulike og unike landskapsformene som gjev grunnlaget for dette.

Brelandskapet innanfor Folgefonna Nasjonalpark - med den dramatiske isen som er urgamal, men samstundes alltid i endring. I Ullensvang kommune finn du dei unike inngangane til nasjonalparken med dalar, elver og kulturlandskap. På breen kan du få kjensla av å gå på verdas tak, men også oppleva korleis vêr og forhold skifter på eit sekund.

Fruktdyrkar-landskapet - som strekkjer seg på begge sider av Sørfjorden, og vidare mot Jondal. Dette fantastiske kulturland- skapet gjer det til ei heilt særprega oppleving å bevega seg, både horisontalt og vertikalt frå fjord til fjell. Her får ein det beste av den kultiverte naturen mot det beste av den ville naturen.

Fosselandskapet representerer både fundamentet for økonomi og utvikling gjennom kraftproduksjon, men mest av alt den dramatiske visuelle verdien som har bergteke besøkande i fleire hundre år.

Kraftfulle kontrastar i det industrielle

landskapet - der mennesket har temma naturen til samfunnets vekst og utvikling. Å bevega seg i desse kontrastane gir heilt spesielle opplevingar, anten det skjer røyrlangs i Tyssedal, på tur ved arkitektteikna kraftstasjon og ved damanlegg i Røldal, eller på ein benk utanfor skalltaket på Smelteverkstomta.

Høgfjellsplatået Hardangervidda Nasjonal- park - som varierer frå det ville og brutale landskapet dominert av stein og snø, til mjuke, frodige stølsdalane og vidstrakte fjåer. Som Nord-Europas største fjellplatå, gir dette både fastbuande og besøkande inngang til urørt natur, samt unikt dyre og planteliv.

Dette er kapitalen vår, ein kapital som skal forvaltast og foredlast på ein måte som gagnar både dei fastbuande og dei besøk- ande til kommunen.

Det betyr at me må vera forankra i verdier og mål.

DET KONGELIGE SLOTT Sitat frå dronningas besøk på Lofthus:

For meg er Ullensvang einstydande med friluftsliv – her er naturen på sitt rausaste. Naturen har bergtatt meg og mitt følgje meir og meir, etter kvart som me er blitt kjende i Ullensvang. Men det er ikkje berre naturen som fasinerer. Det gjer òg menneska som bur her. Eg er imponert over tiltakslysta og samhaldet for å utvikla og ta vare på bygda, sa dronninga.

VISIT HARDANGERFJORD

FRILUFTSHOVUDSTADEN ULLENSVANG SKAL VERA:

Ekte Synleg Berekraftig Inkluderande Attraktiv

Ekte fordi det er eit landskap me lever i og haustar frå, både frukt frå gardane og vasskraft frå dei temma fossane og damanlegga. Vidare vert råstoff foredla til sider, zink og titan ved hjelp av kloke hovud,teknologi og innovasjon, men også tradisjon.

Synleg fordi me vil at verda rundt skal sjå oss for det me er, med særprega og unike kvalitetar i landskap, aktivitet, historie, folk og næring. Berekraftig fordi me vil ta i vare naturen, og alltid vurdera tiltak og aktivitet med kritisk blikk for naturen sin eigenverdi.

Inkluderande fordi me ynskjer at friluftshovudstaden skal koma alle i møte med gode opplevingar og aktiviteter, også dei som ynskjer å nyta utsikten frå ein gul benk ved fjorden eller å rusla langs elvastien.

Attraktiv fordi me gjerne vil vera ein god friluftskommune, både for dei som bur her, dei som kanskje vil flytta til oss, og dei som besøker oss.

SIGRID D. DAGESTAD

VISIT HARDANGERFJORD

KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

SIGRID D. DAGESTAD

This article is from: