
2 minute read
CLAUDIA SCOTT TIL BARONIET

-Vi har venta og venta. I snart to år har vi venta på at landets beste artistar skulle koma attende til Baroniet med sommaren og alle dei gode opplevingane. No er vi alle superklar, og den som drar det heile i gang er country-stjerna med gener frå Øystese og Rosendal. Ut med covid og korona og inn med Claudia. Det kunne knapt blitt betre.
Advertisement
CLAUDIA SCOTT
opnar konsertsesongen på Baroniet
Claudia Lorraine Scott sanger, musiker, komponist, tekstforfatter og produsent som først og fremst vert knytt til roots og country, eller poprock med røter i tradisjonell americana. Claudia er kjent både nasjonalt og internasjonalt som soloartist og låtskrivar. Ho er og kjend som medlem av grupper som Clive Scott & The Skywegians og Claudia/Big Hand/Casino.
Mange hugsar Clive Scott, ikkje minst frå Claudia sin tidlege karriere. Faren vart fødd i Penang i Malaysia av britiske foreldre og vaks opp der, i Singapore, Skottland og India. Som ung sjømann traff Clive norske sjømenn på same alder og enda opp på ein norsk båt. Han mønstra av i Noreg, der han møtte mor til Claudia i Bergen i 1956, og etablerte seg etter kvart med kone og tre barn. Familien budde i London dei fyrste åra og i 1963 flytta dei til Noreg og Bergen. Clive Scott vart etter ei stund spurd om å starta eit band på Janus-fabrikken der han jobba. Slik var starten for bandet The Skywegians. Bandet som vart grunnleggjande for Claudia sin musikalske karriere. Om mange hugsar og "kjenner" far til Claudia, er det nok færre som veit at ho på morssida slektar frå Hardangerfjordens bredd. Med oldefar frå Øystese og oldemor frå Rosendal. Oldemor til Claudia, Marta Hatteberg kom frå husmannsplassen Treo, som i dag er knytt til kulturminnet Baroniet Rosendal og plassert mellom Baroniet og elva.
Claudia fortel at ho er blitt kjend med lokal familie og at ho er ikkje så lite stolt over å kunna kle seg i oldemora sin Kvinnheradbunaden til 17. mai og andre store hendingar.
At akkurat Claudia Scott er den som opnar konsertane på Baroniet i livet etter korona, set sjølvsagt ein ekstra spiss på det heile. For alle oss som har konsertar på Baroniet som høgdepunkt om sommaren, har det vore ei lang ventetid i korona-mørket. No er det endeleg slutt. Livet med alt vi har sakna er i ferd med å venda attende.
Onsdag 7. juli kjem Claudia saman med Jørun Bøgberg på bass, Olaf Olsen på trommer og Olav Torgeir Kopsland på gitar. Då er det berre å gle seg til gamle gode svisker og ikkje minst musikk frå Claudia sitt nye album "Restless Souls!"
-Vi har sakna dette å spela for publikum så til dei grader, og gler oss noko enormt. I denne mørketida har vi sjølvsagt kunna spela musikk, men det er konsertane som er det store, sjølve livet for ein musikar. Kommunikasjonen mellom scene og sal er den heilt ultimate opplevinga. Konsertar der den kommunikasjonen er på topp er heilt magisk. Den kjensla har vore utanfor rekkevidde i altfor lang tid.
Dette har verkeleg vore ei tid for ettertanke, seier Claudia. Å stoppa opp frå racet gjennom livet og tenkja gjennom kva som betyr noko for deg.
Mykje av den lengten som betyr noko for meg vonar eg å dela med deg på Baroniet Rosendal, ser fram til å sjå deg ganske snart, seier den fantastiske artisten med anar frå Hardangerfjorden.
Vi gler oss og!
Sigurd