Hardangerfjordmagasinet nr 2 2021

Page 40

R ose n d

al !

I sommar skal vi til

- Vi vil oppleva naturen - elva - fossen - fjorden - kulturlandskapet - Steinparken - Baroniet - Vangssago - Kyrkja frå 1200-talet - Gurine, systerskipet til Gjøa og Galleri G. Guddal. Kosa oss på – sjømat-restaurant og alle dei kjekke kafeane - uterestaurant - tesalongen - konsertar - teater - utstillingar - føredrag - opplevingar - I den triveleg båthamna - med livet på bubilplassen - Handla i butikkane i den sjarmerande Skålagato.

Bare det å vera i Rosendal er triveleg. - Du og er velkomen!

Statsministeren og dronninga har alt vore her fleire gonger. Claudia Scott, Trygve Skaug, Ingebjørg Bratland, Minor Majority, Thomas Dybdahl, Linda Eide, Herborg Kråkevik, Fay Wildhagen, Maria Mena, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes, Ketil Bjørnstad, Kristian Kristensen, Annbjørg Lien, Bjørn Ole Rasch, Vamp, Helge Jordal, kjem alle saman.

Dette er berre eit utval av kjendisar som kjem. Dei er langt frå dei einaste. Kanskje kjem så mange som 100.000 til Rosendal i sommar for å kosa seg med store naturog kulturopplevingar.

Rosendal er kanskje den beste staden og ha basen sin, både for turar til Trolltunga - og når du vil oppleva sommarskisenteret på Folgefonna – For breturar på/over Folgefonna - Kajakkpadling inn mot brekanten - Når du vil gå turar i Folgefonna nasjonalpark og landskapsvernområda Melderskin, sjølve dronninga blant fjella i vår region – Bjørndalstraversen, ei luftig oppleving for vidarekomne – Klatring i Ulvanosa i nabobygda Uskedalen. Eller du kan rusla med barnevogna langs Hattebergvassdraget, eller treffa dinosaurar og sigla med små båtar i Steinparken. I Kvinnherad har vi milevis med T-merka ruter. Du vil sjølv oppdaga at her er 1000vis av små og store juvelar.

Rosendal er ei sterk merkevare – Rosendal er limet som bind saman Sunnhordland og Hardanger. Eit sentralt utgangspunkt for

Kos deg med juvelane og nyt dei lange sommarkveldane i Rosendal, her er sola er oppe til etter kl. 22.30.

Etterpå blir det Rosendal Kammermusikkfestival med Leif Ove Andsnes saman med fleire av verdens beste tolkerar av klassisk musikk.

40

å oppleva skjergarden i Sunnhordland og frukthagane i Hardanger.

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 2 2021

Bilveg mot sør - nord - vest - aust! Snøggbåt til Flesland og Bergen! Hardangerfjordekspressen tek deg frå Flesland eller midt i Bergen sentrum til hjarta av Rosendal på kort tid. Alle dei gode opplevingane ventar på deg. Båtturen er i seg sjølv ei stor naturoppleving av kyst, skjergard, smale sund og fjord. Velkomen til oss I tillegg til alt dette er Rosendal og omland uendeleg mykje meir. Interessante bedrifter med rik tradisjon og moderne innovasjon. Leverer gode tilbod både til lokale og folk elles, innan handel, bustad, etablering av bedrift og utføring av viktig infrastruktur. Sjekk ut kven vi er og kva vi kan tilby!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.