Når lagnaden tek styringa:
EIT VÅGESPEL
PÅ LIV OG DØD!
Gjennom livet tar du mange val. Nokre av dei er viktigare enn andre. Å slutta med røyk, at du alltid køyrer med bilbelte og har installert røykvarslar i heimen, er kloke val. Investeringar for å tryggja eigen helse og økonomi.
Reiseforsikring er ei anna knallgod investering. Å dra på tur utan, blir som å spela russisk rulett, med eige liv og økonomi som innsats. Sjølvsagt trur du ikkje at du vil bli utsatt for ran, ulukke eller sjukdom når du drar på tur. Men, heilt sikker kan du ikkje vera. Det du har 100 % kontroll på, er å sjekka før du drar, at du har reiseforsikring som er aktiv. Ikkje bli ein av dei som står att med "skjegget i postkassen," stotrande på …… jammen eg trudde at……. Før du veit ordet av det, betyr reiseforsikringa omlag alt. Eg har gjort meg nokre refleksjonar om kva resultatet kunne blitt, dersom eg hadde "gløymt" å investera i dette fantastiske "kinderegget?" Difor vil eg gjerne invitera deg med på ein tur til London, ein tur som ikkje vart heilt slik vi hadde planlagt. Fotball er eit magisk univers for mange, over heile verda. William (Bill) Shankly, Liverpool sin legendariske manager, uttrykte det slik; Some people believe football is a matter of life and death, I am very disappointed with
12
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020
that attitude. I can assure you it is mutch, much more important than that. Kanskje er det ulike meiningar om den påstanden? I alle høve er det slik at mange kjenner på tette band til fotball. For dei som er så heldige å tilhøyra dette magiske universet, vil alltid ein tur til balløya England stå høgt oppe på ynskjelista. Dei fotballfrelste sitt Mekka, finn du her på Europa si største øy. Magien, laget, klubben, spenninga, forventingane. Kampane frå øvste hylle, samhaldet, opplevinga, stemninga, alle dei gode songane! Samlinga på puben før og etter kampen for analyse, meir allsang og ikkje minst grunntrening, slik at du verkeleg blir den 12. mann. Her er du aldri i tvil om at "blod er tjukkare enn vann!" Norwegian sitt fyrste fly i 2020, frå Bergen til London, var klar for take off. Om bord i Boing 737- maskina denne tidlege nyttårsmorgonen, var det også to kjekke gutar frå Kvinnherad. Vi skulle starta det nye desennium på den optimale måten. To Premier League-kampar på dag 1. Cruise på Themsen med middag og feiring av åremålsdag på dag 2.
30.000 fot over Nordsjøen kjente vi oss bokstavleg tala høge på livet. Årets fyrste kaffi smakar heilt himmelsk, der vi sit i fri flyt mot London, med favorittmusikk på øyra og ein marsjfart på 858 km/t. Etter to små avslappande timar ombord i Boing 737, landar vi på Gatwick Airport. Finn bagasjen vår og hoppar rett på ekspresstoget inn til Victoria Station i sentrum. - London! – here we come! Programmet for dag 1, var innsjekking på hotell, og klargjering for Watford – Wolverhamton, kl. 16.00. Seinare på kvelden stod sjølvaste rosina i pølsa på speleplanen. Emirates Stadium, flaumljos og Arsenal – Manchester United. Det blir ikkje mykje betre! Nei, men i realiteten skulle det bli mykje verre. Det var no lagnaden tok over regien og heile styringa. Det vart snart klart at han, lagnaden, hadde ein heilt annan plan for korleis våre dagar i London skulle bli. I bilen, på veg til Watford, vart eg uvel, fekk smerter som raskt eskalerte til eit lite triveleg nivå. Gleda over komande kamp og interessa for fotball vart ganske snart underordna. Full av feberfrost og store smerter, vart eg liggjande i fosterstilling,