7 minute read

SALMON EYE

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

MED SALMON EYE I SIKTE!

Saman med Folgefonnsenteret vil det nye visningssenteret på Hågardsneset gi synergieffektar på øvste hylle. Det er verkeleg grunn til å gle seg til opning av senteret sommaren 2021.

Advertisement

TEKST: SIGURD VIKØREN

Vi serverer ein liten aperitiff om statusen for prosjektet og løftar blikket mot ei positiv framtid, der både Rosendal, Kvinnherad og heile Hardangerfjorden får eit nytt fyrtårn. Senteret skal gi meir faktabasert kunnskap både til lokalbefolkning og gjester om ei av dei viktige framtidsnæringane våre.

I «havestuen» på Plassaneset, med god utsikt til fjorden mellom Folgefonnsenteret og Hågårdsneset, der Salmon Eye skal liggja fortel Hans Martin og Vidar Hjartnes frå Eide Fjordbruk om prosjektet og viser 3 D teikningar og film som gjev deg ståpels. Forventingane vert store til eit nytt besøksmål i ei spanande setting, med ny kunnskap, og i kulissar som er vanskeleg å overgå.

I dag er det snart eit år sidan Eide Fjordbruk fekk godkjenning hos Fiskeridirektoratet for å realisera Salmon Eye. Det inneber at ein no er midt i den spanande prosessen med realisering fram mot opninga om eit år, sommaren 2021.

Eit visningsanlegg skal auka kunnskapen om akvakultur og om matproduksjon i sjø. Vi er ferdige med dei regulative planane og har fått løyve hos Kvinnherad kommune til å byggja anlegget. Vi har avklart regelverk-forutsetningane, og er i gang med den siste detaljprosjekteringa. Vi er snart klar til å be om tilbod på bygging, parallelt går arbeidet med detaljar om innhald og utstilling, veldig spanande seier prosjektleiar Hans Martin.

Salmon Eye blir meir komplekst enn vi såg for oss. Eide Fjordbruk er gode til å laga fisk, men her skal vi inn i ei visningsverd der vi skal ha formidlingstankegang og pedagogisk evne til å sjå kva som vil "funka" for dei som vitjar senteret vårt. Vi har derfor knytt til oss ekstern kompetanse som vi ikkje hadde innomhus, til å hjelpe oss med dette. Resultatet kjem til å bli svært bra, det er eg heilt sikker på, seier Hans Martin.

Salmon Eye vil som på andre visningsanlegg vera innom tema som akvakultur og livsløpet til ein laks. Korleis det er å jobba i havbruk, og på eit oppdrettsanlegg. I tillegg ynskjer vi å utfordra oss sjølve og bransjen vår. Vi vil koma inn på tema som kva økonomiske avtrykk næringa set både lokalt og nasjonalt. Miljømessige avtrykk, lus, rømming, utslepp og villaks mm.

Vi vil snakka om dei «vanskelege» spørsmåla og vera open om utfordringane vi har. Kva gjer bransjen for å bøta på utfordringane? Vi har investert utruleg mykje pengar, kjem vi nokon veg? Kva har vi løyst, og kva står att? Vi ynskjer å gi eit balansert bilete fordi det gjev folk eit betre faktabasert grunnlag å gjere sine vurdringar ut frå. Vi ynskjer å leggja til rette for at Salmon Eye skal formidla på ein slik måte at vi oppnår kredibilitet. Korleis kan vi nå den målsetjinga? Eide Fjordbruk er eit oppdrettsselskap som produserer på lokalitetar i Hardangerfjorden, ein fjord som også mange andre partar har interesser i.

Skal vi nå målet om kredibilitet så må innhaldet i Salmon Eye vera sant og oppdatert. Vi vil etablera eit innhaldsstyre som skal gå god for det som blir presentert på senteret. I dette styret skal mange ulike interesser vera representert. Vi må kontinuerleg fornya oss slik at innhaldet i senteret til ei kvar tid er oppdatert.

Kva har endra seg, og korleis er lusesituasjonen i fjorden no, og kvifor? Sondre og Erlend Eide, eigarar og i leiinga for Eide Fjordbruk er tredje generasjon oppdrettarar. Filosofien deira er at vi heile tida må utvikla oss og bli betre. Salmon Eye er ein del av det å byggja eit omdøme for næringa, som er basert på faktabasert grunnlag. Vi har tenkt å vera i denne næringa lenge, seier prosjektleiar Hans Martin. Det er viktig for oss å dela det vi kan og veit om næringa med andre interesser. Dette trur vi vil vere eit vesentleg bidrag til at næringa også får ein større verdi i framtida.

Vi trur at Salmon Eye kan bli eit bidrag til å auka opplevingsverdien på Folgefonnsenteret, samt auke opplevingstilboda i Rosendal og Kvinnherad. Dermed kan vi vera med på å bidra til at besøkjande blir i området ein dag ekstra.

Vi samarbeider tett og godt med kommunen. Planen vår er å frakta gjestene våre frå Rosendal og ut til Salmon Eye med ein elektrisk driven båt. Denne turen er ei fantastisk visuell oppleving i seg sjølv. At turen skjer med ein elektrisk driven båt utan motorstøy, trur vi vil auka verdien av opplevinga enno meir. Kvinnherad kommune har vore imøtekomande i forhold til å finne ein godt eigna kai med naudsynt infrastruktur i Rosendal.

Vi ser verkeleg fram til å dela Salmon Eye med alle som vil vitja oss, sluttar Hans Martin, med eit stort smil om munnen.

Dette var ein liten aperitiff. Det kjem meir frå Salmon Eye framover mot opninga sommaren 2021. Det er berre å gleda seg til hovudretten blir servert!

HANS MARTIN EIDE, PROSJEKTLEIAR

SALMON EYEER EIN SPEKTAKULÆR KONSTRUKSJON

Eg trur mange kjem til å måpa når dei ser konseptet som blir presentert. Det er berre å gleda seg.

Dette er ein spennande og god sak for Rosendal, Kvinnherad og heile regionen. Det blir for oss fyrst og fremst ein ny turistattraksjon. I tillegg vert det ein viktig informasjonskanal til lokale innbyggjarar og ikkje minst skuleungdom. Om kva havbruksnæringa er for noko.

Samstundes vil det vera ein god arena for Eide Fjordbruk, der dei kan formidla kunnskap om å laga mat i fjorden. Næringa står bak ein enorm produksjon i Noreg, med eit betydeleg volum som brødfør mange.

At Kvinnherad vert vertskap for grensesprengande informasjon rundt denne næringa er det grunn til å vera stolt over. Eide Fjordbruk framstår profesjonelle, og i utforminga av prospektet er ingenting tilfeldigheter. Prosjektet har heile vegen vore omslutta av ei god planlegging.

Kommunen har gitt byggeløyve og prospektet er i sluttfasen av planlegginga. Om ikkje lenge vil Eide Fjordbruk be om tilbod på bygging av Salmon Eye.

I desse dagar har Kvinnherad kommune og Salmon Eye prospektet dialog om tilrettelegging av eit godt kai-anlegg og ladepunkt for elektrifisering. Målet er at turen til og frå Salmon Eye skal vera ein miljøvenleg og stille tur. Eg trur at Eide Fjordbruk sin båttur frå og til kan bli ei oppleving i seg sjølv. Eit bidrag til at Folgefonnsenteret og Rosendal, som er hovudstad for reiseliv, blir enno meir attraktivt. Såleis vil gjester sjå at her er meir å oppleva, og gjerne bli ein dag ekstra. Kvinnherad ligg midt mellom Sunnhordland og Hardanger og er leddet som bind regionane saman, med Hardangerfjorden som sentrallinja.

Om bord i Salmon Eye vil du koma tett på fisken. Både turistar, skuleelevar og folk flest vil få pedagogisk informasjon om havbruk. På Salmon Eye vil oppdrettarane utfordra bransjen og ta opp dei vanskelege utfordringane havbruk har, og kva dei gjer for å løysa utfordringane.

Dette er uttrykk for og resultat av ei framtidsnæring som er utvikla i nabolaget vårt. Generasjonen som no er på veg inn i havbruk er godt utdanna, og stolte over næringa si. At det er eit selskap med lokal tilknyting og lokalt eigarskap som står bak Salmon Eye er vi glad for. Dei kjenner fjordsystemet og nærmiljøet betre enn dei fleste.

Laksen er eit attraktivt produkt, world wide. Sunn mat med helsebringande fettsyrer, som vi kan vera stolte over. Salmon Eye vil vera inkluderande og nyskapande innan pedagogisk informasjon om havbruk. Slik vil senteret betra grunnlaget for alle oss andre, til å diskutera og meina noko om matproduksjonen i fjordane våre.

Hans Inge Myrvold

OVER 30 ÅR MED KVALITETSPRODUKTER TIL

NÆRINGSMIDDELINDUSTRIEN

Våre tjenester: - Planlegging og prosjektering - Produktutvikling - Konstruksjon og tegning - Automasjon - Service og ettersyn

Våre produkter: - Automatiske kasselager for EPS og plastkasser - Produksjon, lagring og distribusjon av is - Transportører og produksjonslogistikk - Palleteringsløsninger - Kjøle og utblødningstanker

Salmon Eye og verdas beste kvinnelege skiskyttar spelar på lag. Marte Olsbu KVALITET FRA A TIL Å Røiseland gjorde reint bord under siste vinters VM i skiskyting i Anterselva (Italia). Marte tok medalje i alle 7 øvelsar under VM og av desse vart det heile 5 gullmedaljar !!

Marte er ein flott idrettsutøvar og ein glimrande ambassadør for Salmon Eye prosjektet. Som bileta viser har Marte Salmon Eye "i siktet" og det er ikkje tvil om at samarbeidet vart suksess under vinterens VM. Salmon Eye og Marte fortset gullsamarbeidet framover og gulldama vert sjølvsagt med på opninga av Salmon Eye i 2021.

www.oelve.no - +47 53 47 00 00 Ynskjer du å fylgja utviklinga i Salmon Eye prosjektet?

Følg med på nettsida www.salmoneyevisitorcenter.com eller på Facebook www.facebook.com/salmoneyenorway!

MIDT I ROSENDAL SENTRUM - VED SJØEN Vi har straum - dusj - WC - tømmestasjon - boss - internett. Kontakt Rosendal Bubilparkering telefon 53 48 46 66 / rosendal bubilparkering

This article is from: