TEMA fra fjøs til fat
Varme frå Tine: Medeigar Hallstein Aase (t.v.) og dagleg leiar Kåre Wiig viser korleis røyr med varmt spillvatn frå Tine er lagt mellom tomatplanterekkene.
Fôrer folk med
miljøvenlege grønsaker Tekst/foto// berit bryne
Årleg forsyner Miljøgartneriet i Kviamarka nordmenn med 2405 tonn tomatar, snackspaprika, chili og andre godsaker. Produksjonen skjer i eit av Nordens mest miljøvenlege gartneri.
D
et starta i 2007. Tine planla å byggja eit nytt meieri på Jæren, og dette skulle vera mest mogleg miljøvenleg. Dei vende seg til landets største gartneri, som då var Wiig gartneri, med spørsmål om samarbeid. Kåre Wiig var ikkje vond å be: – Eg reiste ut og såg i lag med teknisk sjef Torbjørn Kvia i Tine. Me fekk med Hallstein Aase i Aase Gartneri og Øyvind Hegelstad og gjorde litt research. Det var for lite norskpro-
22
‹‹
N æ r i n g på j æ r e n
duserte tomatar, og importen var aukande. Skulle me norske produsentar bli «leilendingar» og bare supplera importen? spør Wiig, og forklarer: – Frå 10. mai til 15. oktober er det tollbeskyttelse av norsk tomat. Frå 1997 til 2007 vart det årleg importert over 5000 tonn. Det ville vore cirka 200 mål med tomatar - eit stort kvantum - viss kjedene kjøpte norsk. Wiig, Aase og dåverande samarbeids-
partnarar Tom Arild Bekkeheien og Øyvind Hegelstad såg muligheten for norsk tomatproduksjon og sette i gang. Snart stod eit 77 000 kvadratmeter stort veksthus som skulle vera næraste nabo til det komande nybygget til Tine klart.
Varme frå spillvatn Det tekniske samarbeidet gjer at Miljøgartneriet held varmen utan eige sentralfyringsan-