Næring på Jæren 5-2016

Page 10

NY fem

BEDRIFT

Grev grøft. Røyrleggjing for Ryfast-prosjektet har vore sommarens store oppdrag for Jostein Salte.

Mysta jobben - starta selskap Tekst/foto// berit bryne

Då Jostein Salte vart arbeidsledig i vinter, var spørsmålet om han skulle venta på ny jobb eller starta for seg sjølv. Resultatet vart Maritex-Marine, som no har ti tilsette og full ordrebok.

S

10

elskapet starta Orre-buen 18. februar i lag med Arnstein Johnsen, opprinneleg frå Stavanger, nå busett på Pollestad. Selskapet er organisert med Maritex-Group som hovudselskap over Maritex-Marine og Maritex Rental. Maritex-Rental vart etablert i 2011 av Arnstein Johnsen og har hovudsakeleg leigt ut lektarar, maskinar og utstyr til andre firma. Nye Maritex-Marine er eit driftsselskap med satsing innanfor maritime konstruksjonar og entreprenør­verksemd. Hovudoppgåvene er bygg­ ing av brygger og kaianlegg av betong og tre.

Travel kvardag

Bratt nedtur

Yrkesstolthet

Jostein Salte gjekk ut i arbeidslivet etter grunnkurs i mekaniske fag. Læretida hadde han hos Akkar. Fagbrev for anleggsmaskin vart fullført hos Stangeland Maskin, før det bar tilbake til Akkar. – Det må jo seiast at det merktest at det vart skikkeleg nedgang i oppdrag før jul. Då eg mysta jobben, var spørsmålet om eg skulle gå ledig eller starta sjølv. Eg fekk jobbtilbod etter konkursen til Akkar, men hadde då allereie valt å starta for meg sjølv i lag med Johnsen.

Gründeren kjenner yrkesstolthet kvar gong eit lite eller stort prosjekt er fullført. Dei beste opplevingane han har hatt i den maritime anleggsbransjen har vore to veldig fine, private bryggeanlegg i Hafrsfjord og på Mosterøy. – Det å vera med gjennom alt, frå ein lang søknadsprosess hos kommunen og Fylkesmannen til å realisera draumeprosjektet til kunden, er ein god følelse, seier Salte. I sommar har Maritex-Marine blant anna lagt ned eit røyr for overvatn frå den komande

‹‹

N æ r i n g på j æ r e n

Etter oppstart har det gått overraskande bra: – Det har gått i eitt bankande! Me er ein god gjeng, og arbeidsdagane er varierte. Det er ein del administrasjon, og arbeidet ute skal fylgjast opp. Me har oppdrag frå nord til sør i Rogaland, samt enkelte oppdrag i nabofylka. I august skal me til Fedje i Øygarden for Kystverket Vest i samband med moloreparasjon. – Me får sett mange flotte plassar og treffa trivelege folk. Å vera på sjøen kan vera utfordrande, men når det er fint vêr er det fantastisk.

Ryfast-tunnelen mellom Stavanger og Strand. Med gravemaskinar plassert på lektarar i sjøen nord for Hundvåg har selskapet greve ei omlag 150 meter lang undervannsgrøft, installert røyret, dokumentert arbeidet med fjernstyrt undervannsutstyr og avslutta med å leggja singel oppå røyret.

Roleg framdrift Konkurrentar har han - rundt seks-sju andre selskap som byggjer trebrygger. På entreprenørsida er det mindre rift om oppdraga. Til graving av grøfter trengs det tyngre utstyr som det ikkje er så mange som har. Planen for vidare drift er å ta det «veldig rolig» og halda botnlinja. Personell skal leigast inn til toppar. – Det var god gang i alt for nokre år sidan. Marknaden kjem til å ta seg opp, men det blir nok aldri heilt slik det var, fastslår Salte.

NY fem BEDRIFT

I hver utgave vil vi presentere en ny jærbedrift. Har du forslag til hva den neste kan være? Send mail til tips@lokomotiv.no.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.