«Vadesteinar» av Kirsten Barka (utdrag)

Page 1

ISBN 978-82-692591-0-0

Vadesteinar – omslag.indd 1

VADESTEINAR

VADESTEINAR

Kirsten Barka (f. 1950) er utdanna adjunkt , med norsk og fransk mellom fag og teatervitenska p grunnfa g. Fram til hausten 2009 arbeidd e ho som lærar ved Jørpela nd ungdom sskole. «Vadest einar» er den andre romanen hennar.

krok på døra; tronge båsar på toaletta, der det så vidt er plass til dei, og det nesten ikkje er luft igjen til gispa dei støyter ut når dei får sjå bildet som ei av dei har med seg, av ein gut i åttande. Dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere med dei nye, yre kjenslene som har begynt å herse med dei: Som sjeldne fuglar kjem dei frå ein framand stad og sporar opp adressa deira med sikkert instinkt. Straks dei slår seg til, bruser dei med vengene og fører dei opp i lett luft, så dei ikkje lenger kjenner grunnen under seg, men føler at dei svever, for så å la dei falle bratt til bakken igjen.

Kirsten Barka

Då Synne kjem i puberteten, styrtar ho «gjerne inn bak ei lukka dør på rommet sitt, for å få vere aleine med det ho ikkje ønskjer at dei vaksne skal røre ved: løyndommane jentene har mellom seg på skulen, ofte pakka inn i noko; ei låg røyst eller innsida av ei hand, eller ein lapp, hastig krølla saman og kasta bort på pulten hennar. I friminutta finn jentene glede i å kviskre og vere stinne av noko dei andre ikkje kjenner til, og samlar seg alle stader der dei kan styrte inn og hekte ein

Kirsten Barka

ROMAN

21.10.2021 23:59



Kirsten Barka

VADESTEINAR Tidsbilde frå åra 1964–1966 ROMAN

2021


© Glytte Forlag/Kirsten Barka 2021 Innhaldet i denne boka er verna av åndsverklova. Utan skriftleg avtale med forlaget, er utskrift og anna kopiering bare tillatt når det er sikra i lov eller avtale med Kopinor. Utnytting av materialet i strid med dette, kan medføre erstatnings- og straffeansvar. ISBN 978-82-692591-0-0 1. utgåve, 1. opplag

Framsidefoto, utforming og ombrekking: Morten Hetland/Hetland Media Trykk og innbinding: LaserTrykk.no

Kontaktinformasjon: Glytte Forlag v/Kirsten Barka Bergflettevegen 22 4104 Jørpeland Telefon: 962 35 962 E-post: barkakirsten@gmail.com Nettstad: kirstenbarka.no I romanen tar forfattaren for seg miljø ho kjenner i ein eller annan grad, men det som skjer i dei forskjellige miljøa, er oppdikta.

2


Til Erle og Imre 3


4


EIT ORD Eit ord – ein stein i ei kald elv. Ein stein til – Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma yver. Olav H. Hauge

5


14 Når det kjem nokon inn av døra i butikken til Konrad Berge, står Synne klar til å sprette fram frå alle vispane og sleivane og slikkepottene som heng i klasar over disken, for liksom å komme seg sjølv i forkjøpet, og få det til å synast som ho har ein naturleg plass mellom alle dei nyttige tinga der inne. Rundt føtene hennar står det blanke og galvaniserte spikrar i grå papp, side om side med fjøssko av gummi, som er til å snuble i, viss ho ikkje minner seg på at ho må ta ein sving utanom dei, når ho går forbi. I hyllene står det esker med hengsler og vinkeljern og tallause sortar med skruar i små esker, saman med fleire slags fiskekrokar, som menn med klumpete fingrar fiklar med og gjerne kjem i ekstase over. I disken rett imot henne, ligg det gammaldagse silkestrømper og romslege, lyseraude underbukser til kvinner, som er gode mot trekken i vaskehuset, og når dei skundar seg ned til posten med eit brev i bare forkleet. Røykpakkar og sigarettar ligg side om side i glasdisken der farfaren plar å stå; kvar med sine lokkande namn, som South State og Eventyrblanding; meint å tennast når menn står ved båtripa og steller med eit snøre, eller skal ha seg ein pause ved motorkassen, når dei er ute og fiskar. 100


Farfaren ser neppe for seg at sigarettane plutseleg kan flamme opp i ein farleg eld, når ei kvinne ber ein mann om fyr, og leggje ei grå skodde over to som dansar tett, så auga ikkje lenger ser kva handa gjer. Heller ikkje at noko av det som finst i dei små, brune flaskene med engelsk hostesaft frå Apoteket Hygiea, kan gjere tankane øre og setje alt over styr. Det einaste han har sett bruse over, er glaset med Nyco når han har vore uvørden og helt i for mykje, og tårene i auga, når nokon fortel noko han synest er morosamt. – Er det desse du meiner? seier Synne til ein mann som står framfor disken. Ho viser fram ei eske med ørsmå skruar som ho har funne i hylla bak seg. – N-ja… Det skulle nå helst ha vore med runde hovud, seier mannen, og ser kritisk på skruane. – Og tjue millimeter, ikkje ti… Runde hovud… runde hovud, tar Synne opp att for seg sjølv, mens ho stirer på tala som viser millimetrane utanpå eskene. Skruane ser mest like ut alle; ho klarer knapt å skilje den eine frå den andre. – Og så skal dei helst vere av messing, høyrer ho mannen seie. Då Synne snur seg igjen, har det komme ein heil bråte med menneske inn i butikken. Farfaren og onkelen er ikkje å sjå, og snart må ho ta seg av ein mann som skal kjøpe seg regnfrakk, og svare på spørsmål om tjukkleiken på tauverk; forsikre ei dame om at strømpene ho har kjøpt, er av eit skikkeleg merke, og sørgje for å gi Krokhølsmeden kamferdropane han 101


spør etter, slik at han kan komme seg ut fort, så ho kan lufte ut etter han. Den fæle stanken som fylgjer han, har allereie fått fleire av dei som står der til å rynke på nasen. Ho held akkurat på å vise ei dame at pengetaskene dei sel, klarer å halde på myntane, slik at dei ikkje legg etter seg ei brun stripe av eitt- og toøringar bortover golvet, då ho får høyre ein fæl støy utanfor butikken. Ein buss har stansa rett framfor den opne døra, og ho får sjå ein mann som langar ut svære bunkar med aviser; det kviner i bremser frå syklar, og eit par gutar snakkar ivrig saman. Ei stemme skil seg ut, og gjer knea hennar veike; eittog toøringane som ho lova dama at ikkje skulle drysse ut av pengetaska, tar til å trille ned på golvet, så ho må pirke dei fram frå ei eske med galvaniserte spikrar som står der. Onkelen stikk hovudet inn av døra i det same. – Kan du ta deg av avisene? Det er visst ein som ikkje finn ruta si her. Eg må måle opp nokre plankar, seier han, før han smett ut av døra igjen. Då Sigve kjem inn i butikken, ligg Synne ennå og kavar på golvet for å leite etter myntane. – Jeg kan se en annen plass. Det gjør ikke noe, høyrer ho dama seie over hovudet sitt; ei pen frue, som sikkert synest at det får vere nok styr for ei pengetaske. Ho grip veska ho har med seg, og skundar seg ut av butikken. Like etter står Synne rett framfor Sigve. Gjennom sløret som brått legg seg over auga hennar, skimtar ho det brune arket han held i handa, maken til dei som plar å liggje over avisene, og høyrer han seie 102


noko om at det er to som har fått den same ruta. – Å, seier ho, og stirer stivt på han. – Det er meg og han der, høyrer ho han seie, og ser han peike på ein gut som står i døra. Guten vinkar til dei i det same. – Rute 3, står det. Sjå! seier Sigve, og legg arket framfor henne på disken. Synne stirer på arket, utan å lee på seg. – Eg skal gå bort… Bare vent litt, seier ho plutseleg, og grabbar det til seg. Lengst inne i butikken, forbi glasdisken der farfaren plar å stå, og svære stablar med sko, som truar med å rase, og fleire malingsspann, som farfaren ikkje veit kor han skal setje, set Synne seg ned og gir seg til å ruske i nokre esker, så det skal høyrast ut som ho leitar etter noko. I butikken elles er det heilt stille. Først då ho høyrer dei forte stega til onkelen, vågar ho seg fram igjen. – Kor er det du blir av? seier onkelen arg då han ser henne. Han snappar arket frå henne. – Få sjå på ditt ark, seier han til guten som står og lener seg inntil døra. – Ahr… Det er jo du som skal ha denne her, seier han til Sigve, og peikar på ein av bunkane. – Det er bare nummeret som er feil… Sjå her: Fjellvegen, står det. Der står det Fjordvegen, seier han, og peikar på den andre bunken. – Å ja, seier Sigve lett. Han grip tak i bunken sin og ber han med seg ut til sykkelen. Onkelen til Synne går straks i gang med å løyse knuten 103


på tauet som Synne batt i døra då ho skulle lufte. – Eg kan gjere det, eg! seier ho fort, og skundar seg bort til han. Ho rekk akkurat å sjå Sigve slengje seg på sykkelen og begynne å trø sakte oppover Vågabakken. Så snur han seg plutseleg mot henne, og begynner å tråkke fort oppover bakken. Sykkelen svingar frå side til side, heilt til han kjem til toppen. Der snur han seg endå ein gong, stansar litt, og lyftar hjulet høgt opp i lufta, før han forsvinn bak nokre bilar. * – Ahr, desse vikarane… At dei ikkje kan lese! seier onkelen irritert då Synne kjem inn i butikken igjen. – Det er godt me blir kvitt han. Det faste bodet kjem heldigvis tilbake i morgon. Han grip fatt i tauet som Synne har lagt i ein vase, midt oppe på disken, og gir seg til å kveile det fort saman, slik at det blir slik det skal vere.

104



ISBN 978-82-692591-0-0

Vadesteinar – omslag.indd 1

VADESTEINAR

VADESTEINAR

Kirsten Barka (f. 1950) er utdanna adjunkt , med norsk og fransk mellom fag og teatervitenska p grunnfa g. Fram til hausten 2009 arbeidd e ho som lærar ved Jørpela nd ungdom sskole. «Vadest einar» er den andre romanen hennar.

krok på døra; tronge båsar på toaletta, der det så vidt er plass til dei, og det nesten ikkje er luft igjen til gispa dei støyter ut når dei får sjå bildet som ei av dei har med seg, av ein gut i åttande. Dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere med dei nye, yre kjenslene som har begynt å herse med dei: Som sjeldne fuglar kjem dei frå ein framand stad og sporar opp adressa deira med sikkert instinkt. Straks dei slår seg til, bruser dei med vengene og fører dei opp i lett luft, så dei ikkje lenger kjenner grunnen under seg, men føler at dei svever, for så å la dei falle bratt til bakken igjen.

Kirsten Barka

Då Synne kjem i puberteten, styrtar ho «gjerne inn bak ei lukka dør på rommet sitt, for å få vere aleine med det ho ikkje ønskjer at dei vaksne skal røre ved: løyndommane jentene har mellom seg på skulen, ofte pakka inn i noko; ei låg røyst eller innsida av ei hand, eller ein lapp, hastig krølla saman og kasta bort på pulten hennar. I friminutta finn jentene glede i å kviskre og vere stinne av noko dei andre ikkje kjenner til, og samlar seg alle stader der dei kan styrte inn og hekte ein

Kirsten Barka

ROMAN

21.10.2021 23:59


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.