Småstubbar (utdrag)

Page 1

Morten Hetland og Vegard Terøy (red.)

g o s a nn r e n g e s e h i storier , r e g o S


© Hetland Media 2015 Innhaldet i denne boka er verna etter åndsverklova. Utan eigen skriftleg avtale med forlaget er ei kvar eksemplarfremstilling, som til dømes utskrift og annen kopiering, berre tillatt når det er heimla i lov eller etter avtale med Kopinor. Utnytting av materialet i strid med lov eller avtale kan medføra erstatnings- og straffeansvar, eller du kan bli heimsøkt og plaga av huldrer, troll eller gjenferd.

ISBN 978-82-93201-03-8 1. utgåve, 1. opplag Redigering og tekstarbeid: Morten Hetland og Vegard Terøy Illustrasjonar: Christian Laugaland Munthe Grafisk utforming: Morten Hetland Trykk og innbinding: LaserTrykk.no Utgjevar:

Hetland Media 45 43 69 05 post@hetlandmedia.no www.hetlandmedia.no Eikehaugen 41, 4139 Fister

Boka er gitt ut med økonomisk støtte frå:


«Fantasi er ein svært viktig del av det menneskelege. Dessverre er det mange som held fantasien tilbake, fordi dei synest det er flautt. Det er synd, for det gjer livet deira fattigare.» Arne Næss

3


4


Då Styggen var laus i Prestagarden Hjelmelandspresten Rasmus Henrik Tonning hadde gått på Nedgangsskulen i Wittenberg, og lært svarteboka av Styggen sjølv. Presten kunne både løysa, binda og mana han fram. Ein sundag, mens presten preika i kyrkja i Årdal, sat prestefrua åleine heime på prestekontoret. Der fann ho presten si svartebok. Då ho hadde bladd i boka ei stund, fann ho sidene som fortel om korleis ein kan sleppa laus Styggen. Utan å tenkja seg om, las ho orda høgt, og før ho fekk sukka frå seg kom Styggen springande inn på kontoret. Styggen spurde ivrig kva prestefrua ville ha han til å gjera. Han kunne jo ikkje gå arbeidslaus, må vita. Prestefrua blei sjølvsagt forfjamsa, og visste ikkje si arme råd. Ho bladde febrilsk i boka, og prøvde å finna ut kva ho skulle seia for å binda Styggen, men det var nyttelaust. Styggen bråka slik på kontoret at prestefrua heldt på å bli vettskremt, men då ho fekk tenkt seg om, bad ho Styggen om å telja stjernene på himmelen. Då ville han ha noko å gjera ei stund. Styggen gjekk straks i gang med å telja, men det tok ikkje lang tid før han blei ferdig, og spurde om nye oppgåver. Prestefrua blei rådvill, men sa at Styggen fekk reisa til Årdal for å spørja presten om kva han skulle gjera. Då snudde Styggen på hælen, og sprang mot Årdal så fort som han greidde. Mens presten stod på preikestolen i Årdal, kjende han på seg at noko var gale heime. – Anten så brenn det i Prestagarden, eller så er Styggen laus, tenkte han, og skunda seg ned frå preikestolen, så fort at han gløymde å avslutta preika med «Amen». Presten fauk ut av kyrkja og klauv opp på hesteryggen, og heimover bar det, så fort hesten greidde å springa. Då presten hadde ridd heilt til Kro, og det berre var eit lite stykke igjen til Prestagarden, kom Styggen buktande 5


som ein orm på berget, og sveitten dreiv av han. Sjølv om presten ikkje hadde svarteboka med seg, greidde han å mana Styggen ned i berget. Den dag i dag kan ein framleis sjå merke etter han, i form av ein orm som buktar seg midt i det flate berget i Sandskleiva. Då presten var komen til Sande, og kunne sjå både kyrkja og Prestegarden, var Styggen der igjen, med både horn og klør. Igjen mana presten han ned i berget, og merket etter dei fæle klørne hans kan ein framleis sjå i fjellet. Styggen venta ikkje lenge før han kom til syne igjen, og presten fann ut at han måtte setja han i arbeid, slik at han fekk fred til å tenkja ut korleis han kunne senda Styggen tilbake der han kom frå. Presten bad han først om å binda eit tau av sand frå stranda på Sande. Styggen sprang ned i fjøra, og byrja å spinna, men han greidde berre å laga eitt par småstubbar som ikkje ville hengja saman. Styggen spurde presten fint om han kunne få ein kopp med tjøre til arbeidet. – Nei, du gjer som eg har sagt til deg, og det fort, svarte presten strengt. Då måtte Styggen gje opp og be om å få eit nytt arbeid. Presten sa at Styggen skulle fylla prestegardsløa full med vatn frå Steinslandsvatnet, men han fekk berre lov til å bruka eit holete spann til hjelp. Styggen sprang som eit lyn mellom vatnet og løa, men kvar gong han kom fram til løa hadde alt vatnet leke ut på vegen. Styggen blei så fortvila at han sette seg på ein stein og grein. Då han hadde fått summa seg litt, gjekk Styggen til presten og sa at han igjen hadde fått ei oppgåve som det ikkje var mogleg å fullføra. Presten ville ha fred ei stund til, mens han bladde i svarteboka, og bad Styggen om å gå ned til stranda og byggja ei bru av sand tvers over sundet til Ombo. 6


Styggen gjekk ned til stranda for å byggja brua, men uansett kor flink bygningsmann han var, fekk han det ikkje til. Så fort han fekk sanden nedi vatnet, flaut den berre utover. Då blei Styggen eitrande sint, og storma tilbake til presten. – Eg blir glad viss du ikkje har noko anna å setja meg til, freste Styggen. – Nei, no har eg ikkje meir arbeid til deg, men no vil eg binda deg, svarte presten. – Du var den rette til å binda meg, du, din tjuv, sa Styggen. – Kva har eg stole, spurde presten. – Du har stole ei bok, svarte Styggen. – Det skal ikkje du ha vondt av. Eg hadde ingenting å hjelpa meg med, så eg tok boka som naudverje, svarte presten. – Så har du stole eit brød òg, sa Styggen. – Det skal du heller ikkje ha vondt av. Eg var fattig og hadde ingenting, så eg tok brødet for å ha noko å eta i nauda, svarte presten. – Men du har stole klede òg, sa Styggen. – Det gjorde eg òg for å ha noko i nødsfall, og no er du bunden, utbraut presten. – Kor skal eg gå då? Ut gjennom glaset, spurde Styggen. – Nei, svarte presten. – Skal eg gå ut gjennom veggen då? – Nei! – Skal eg opp gjennom pipa då? – Nei, du skal ned, sa presten, og stakk eit hòl i golvet med ei nål. Styggen hadde gått kledd som ein storkar, så han måtte kasta kleda av seg for å kunna trykkja seg ned gjennom det knøttlitle hòlet, og før han fekk summa seg, var han tilbake der han kom frå. Og sidan denne dagen har Styggen aldri vore laus på Hjelmeland.

7


Skomakarnibbå Innanfor Øksnafjellet vidar Jøsenfjorden seg ut til ei brei vik, Ullsvika. Her er fjella ville og bratte med kløfter og svære stup. Toppane stig opp som alpepiggar, og éin av desse piggane har fått namnet Skomakarnibbå. Segna seier at på Fjellet, ei fjellbygd ikkje langt derifrå, var det ein mann som hadde gjort eit alvorleg brotsverk, og blei dømt til døden. Både han og vennene hans bad om at han måtte sleppa fri, og sidan han var ein god skomakar som dei hadde bruk for, blei dommen omgjort: Han skulle bli ein fri mann, men berre dersom han kunne sitja på ei av nibbene over Ullsvika og sy eitt par sko. Dette sa skomakaren seg villig til, så han tok utstyret sitt og kraup utover den bratte bergkanten. Der sette han seg på den ytste nibba, og byrja å arbeida med skorne. Det såg ikkje ut til å vera noko problem. Djupt der nede, 700 meter under han, låg fjorden drøymande stille, og arbeidet gjekk smertefritt. Det tok ikkje lang tid før begge skorne var ferdige, men då han skulle ta hammaren og slå den siste pinnen i skoen, mista han hammaren. Han bøygde seg utover og treiv etter hammaren, men då ramla han utføre, stupte ned mot fjorden og mista livet. Ei anna segn fortel at skomakaren såg eit brudepar koma roande nede på den rolege Jøsenfjorden, og at brura – som var frå Jøsenfjorden – hadde vore forlova med skomakaren før han blei forbrytar. Synet gjorde den stakkars mannen så svimmel, at han svima av og datt utføre stupet. Skomakarnibbå heng så laust at ein skulle tru at ho kunne falla i avgrunnen når som helst, men soga fortel at nibba ikkje kan rasa ut før den dagen det ror eit brurefølgje utover Jøsenfjorden med sju søstrer som er brur på den same dagen, og i tillegg må dei vera jenter frå Jøsenfjorden. Dermed kan det sjå ut som Skomakarnibbå står trygt ei stund til. 22


23


Den norske kulturarva er prega av ein sterk forteljartradisjon, med røter i mellom anna folkeeventyr og segner. I uminnelege tider har folk skapt, utvikla og vidareført forteljingar. Forteljingar blir skapt heile tida, i heile verda, og mange av forteljingane har overlevd i titals eller hundrevis av år. Etter kvart som forteljingane har blitt vidareført – frå stad til stad, eller frå generasjon til generasjon – har dei ofte blitt tilpassa folk, natur og miljø. Slik har det blitt fleire variantar av éi og same forteljing. Munlege forteljingar var, og er framleis, ein effektiv måte å overføra kunnskap, samtidig som dei er god underhaldning og avkopling frå lange og harde arbeidsdagar, eller tyngjande bekymringar. Tidlegare var forteljingar òg med på å ufarleggjera troll, huldrer og andre underjordiske skapningar som folk trudde på. I «Småstubbar» har me samla soger, segner og sanne historier frå Hjelmeland i bokform. Mesteparten av forteljingane i boka er tidlegare skrivne ned av Torkell Mauland, Tor Skiftun, Johannes Arneson og Johannes Gill. Redaktørane har modernisert språket og stilen, slik at du kan lesa denne kulturarva som underhalding, eller vidareføra dei rike forteljartradisjonane ved å fortelja til andre. Morten Hetland

(f. 1989) er utdanna innan nordisk språk og litteratur, historie, didaktikk og pedagogikk. Hetland arbeider som lærar, journalist, grafisk formgjevar og forfattar. I tillegg til journalistisk arbeid i Bygdaposten, Strandbuen og Mitt Hjelmeland, har han skrive jubileumsboka «Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år».

Vegard Terøy

(f. 1989) har ein mastergrad i samfunnskommunikasjon frå Universitetet i Agder. Terøy har erfaring som journalist, redaktør og språkvaskar, og har sidan 2015 arbeidd som digital innhaldsutviklar hjå Lyse AS. Terøy har òg skrive romanane «Å velta ei ku» og «På line over livet», som er gjevne ut av Hetland Media.

Christian L. Mun th e

(f. 1998) har hatt teikning som hobby heilt sidan barndomsåra, og har dessutan vore fast illustratør for Mitt Hjelmeland sidan 2013. Munthe debuterer som bokillustratør med «Småstubbar» i 2015. Til vanleg går Munthe på idrettsfag ved Strand vidaregåande skule.

«Småstubbar» er gitt ut med økonomisk stønad frå:

ISBN 978-82-93201-03-8

114

978-82-93201-03-8 9 ISBN 788293 201038

w w w. H e t l a n d M e d i a . n o


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.