Friluftslivets år

Page 1

Friluftslivets år – her kjem ei utfordring til deg

Skomakarnibba og Jøsenfjorden (Foto: Asgeir Austigard)


Bli premiert for å gå på tur 2015 er friluftslivets år. I Hjelmeland kommune har me tradisjon for å dyrka friluftslivet kvart år, men i år vil me fokusera ekstra på dette, blant anna med utfordringane du nå får.

Dyrkar du friluftslivet blir du rikeleg premiert med både naturopplevingar og betre helse, og nå kan du i tillegg vinna kjekke premiar.

Seks turmål i Hjelmeland I dette heftet presenterer me seks turar: Lauvåsen – Loftsheia (Fister) Hiafossen (Årdal) Gapahuken ved Ritlandskrateret Randåsen (Randøy) Iglatjørn (Jøsenfjorden) Håvehammar (Jøsneset)

For å delta i konkurransen vår, sender du oss ein e-post med namnet og telefonnummeret ditt, og orda du har funne til:

På kvart turmål vil du finna ein bokstav. Noter kva bokstav du har funne og kor du har funne han. Desse bokstavane dannar til saman to ord.

Hjelmeland kommune Kulturkontoret Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

• • • • • •

postmottak@hjelmeland.kommune.no

eller send svaret ditt i eit brev til

Friluftsliv for vidarekomne: Dersom du har lyst til å prøva deg på friluftsliv for vidarekomne, kan me by på ein utfordrande konkurranse med flotte premiar. Ved hjelp av kartreferansar skal du finna åtte utvalde punkt i fjella i Hjelmeland kommune. Mellom desse åtte alternativa skal du velja minst fem plassar der du skal overnatta i telt eller under open himmel. Den første kartreferansen, som fortel kor du skal overnatta den første gongen, får du ved å svara rett på dette spørsmålet: Kva heiter det høgaste fjellet i Hjelmeland kommune, og kor høgt er det?

Ring inn rett svar til tlf. 404 39 153 eller 404 39 001, og du får kartreferansen til den første plassen du skal overnatta. Når du kjem fram hit vil du finna sju nye kartreferansar til teltplassar du kan velja mellom. Du skal velja minst fire av desse, slik at du totalt overnattar fem ulike plassar. Du deltek i konkurransen ved å senda e-post med namnet ditt, adressa di, samt bilete av dei fem plassane du har overnatta til eldfinn.austigard@hjelmeland.kommune.no Meir informasjon om konkurransen får du ved å kontakta kulturleiar Eldfinn Austigard på e-post eller tlf. 404 39 153.


Premiar: Seks turmål i Hjelmeland Av innkomne rette svar, vil me trekkja ut ti vinnarar som får kvar sin turkopp med motiv frå Hjelmeland kommune.

Friluftsliv for vidarekomne

1. premie: Turutstyr til ein verdi av kr 12.000: 1 STK. BERGANS COMPACT 3-PERS TENT GREEN verdi:

HJELMELAND KOMMUNE

kr 3.000 2 S T K. B E R S L E E P IN G M G A N S AT E X T R E M E verdi:

K 2 ST

. BE

NS RGA

SE

OW

Br. Jørmeland verdi:

kr 3.500

kr 600 1 STK. TRANGIA 25-4 UL MED GASSBRENNAR

SN N JA

1. premien er sponsa av:

verdi:

kr 800

bygg og butikk as

2. premie: Boka «Canada på tvers» av Lars Monsen, med helsing frå Lars. 3. premie: Boka «Turmat» av Cecilie Skog, med personleg helsing frå Cecilie. 4. premie: Boka «Friluftsliv» av Cecilie Skog, med personleg helsing frå Cecilie. 5. premie: Boka «101 Villmarkstips» av Lars Monsen, med helsing frå Lars. Ekstrapremie: Turkopp til alle som gjennomfører Friluftsliv for vidarekomne.

KONKURRANSEPERIODE: TIL 15. OKTOBER 2015


til Hjelmeland til Hjelmeland Medheia Lauvåsen

Skytebane Loftsheia Ingvaldstad

Solbjør Fister Fister skule

Hetlandsbygda Hetlandsvatnet

til Årdal

Lauvåsen – Loftsheia Start på denne turen er frå riksveg Vegen passerer forbi skulen og 13 ved Ingvaldstad eller frå Solbjør barnehagen, og held fram som ein ovanfor Fister. smal grusveg med hårnålssvingar opp bakkane til Solbjør. Ingvaldstad ligg langs riksvegen mellom Årdal og Hjelmeland. Langs stien mellom Solbjør og Avkjørsla er skilta med «Skyte- Ingvaldstad er det fin utsikt til bane». Parker ved Ingvaldstad og Hetlandsbygda. Her kan ein gjera følg grusvegen mot skytebanen ein avstikkar frå den merka løypa til eit stykke bortover. Ta av frå grus- Lauvåsen (502 m.o.h.), med utsikt vegen ved skyttarhuset, og følg til store delar av Ryfylke. merka løype. På vegen til Medheia (485 m.o.h.) For å koma til Solbjør kjører ein til er det utsikt til Randøy og Ombo. Fister. På Fister svingar ein av på Løypa går òg om Loftsheia (472 avkjørsla merka «Fister skule». m.o.h.). Bokstaven til Seks turmål i Hjelmeland ligg på Loftsheia.


Turmål i Hjelmeland

Utsikt frå Lauvåsen. Til venstre: Døvikneset, Randøy og Ombo. Til høgre ligg Jøsneset.

Merk at det er heist raudt signalflagg ved skyttarhuset på Ingvaldstad når skytebanen er i bruk. Turen kan leggjast opp som ein rundtur både frå Solbjør og Ingvaldstad. Turen er lett å gå, med eit variert landskap. Høgdeskilnaden er om lag 150 meter, og turen tar kring tre timar.

Utsyn frå Loftsheia. I bakgrunnen ser ein Staurland og Bratt-Hetland.

Utsikt mot Jøsneset og Jøsenfjorden.

Støttemur med svært lokal skifer. (Alle foto: Hanne Merethe Riskedal)


net

Hiavat

vle

jø Tverrg

Hia

Storånå Rygg

Nes Sendingsfossen

Hiafossen

Viglesdalsvatnet

Viglesdalen

l

Myrstø

Granefossane

Åse

Nes – Viglesdalen Turen Nes – Hiafossen – Viglesdalen går i vakkert og vekslande terreng. Sving av riksveg 13 ved Tveit for å koma til Nes, og start turen derifrå. Turen til Viglesdalen er ein del av Stavanger Turistforening sitt løypenett. Turen til Viglesdalen tek drygt to timar kvar veg, og har ein høgdeskilnad på om lag 300 meter. Hiafossen er eit passande turmål viss du vil gå ein kortare tur i det same terrenget. Bokstaven til Seks turmål i Hjelmeland er plassert ved Hiafossen. Denne turen tek 1-2 timar.

Frå Nes stig vegen godt det første stykket. Vidare innover er det heller flat veg. I bakkane ovanfor vegen ligg garden Åse, som framleis er i drift. Nedanfor Åse går turen over fjellryggen som berre ber namnet Rygg. Her er det skilta til ei jettegryte som blei skurt ut av isbreen i den siste istida. Den velkjende Hiafossen er eit vakkert syn. I flaumrike periodar stupar fossen seg vasstung utover fjellet. Mange går tur til Hiafossen og snur her.

Vegen til Viglesdalen blei bygd som driftarveg i åra 1907–1912. Mange Etter å ha passert ei vakker steinbru plassar kan ein framleis sjå spor mellom Hiavatnet og Viglesdalsetter gjennomtenkt byggjearbeid. vatnet, går løypa gjennom ei steinet


Turmål i Hjelmeland

Viglesdalsvatnet mot Viglesdalsbøen

Viglesdalsbrua

ur fram til dei flate bøane i Viglesdalen. Her budde det folk fram til kring 1880. Stavanger Turistforening har hytte i Viglesdalen. Frå Viglesdalen er det merka turistløype, mellom anna til Nilsebu. Dei som vil gjera ein spanande avstikkar frå Nes, kan ta turen til Tverrgjøvle. Dette er ein smal egg med avgrunn til Trodla-Tysdal på den eine sida, og mot Nes og Årdalsdalføret på den andre: Ei nifs og kitlande oppleving. Før det kom driftarveg til Viglesdalen, måtte sau og stofe passera her på veg til og frå heia.

Sendingsfossen Utsikt mot Jøsneset og Jøsenfjorden.

Jettegryta på Rygg. (Alle foto: Anne Kari Skogerbø)


Kleivaland

Ritlandskrateret For om lag 520 millionar år sidan small ein gedigen meteoritt rett ned i Vormedalsheia. Ein kan framleis sjå spor etter samanstøytet: Ritlandskrateret. Krasjet var så kraftig at det bora 400 meter ned i bakken og skapte eit 2,4 kilometer breitt krater. Turen til Ritlandskrateret startar på Kleivaland i Vormedalen. Frå Hjelmeland sentrum følgjer ein fylkesvegen mot Vormedalen (Vormedalsvegen). På Laugaland er det skilta avkjørsel til Kleivaland og Ritlandskrateret.

Etter besøket i gapahuken, der det er informasjonsskilt som fortel meir om krateret, går turen inn i sjølve krateret. I aust er det ein 400 meter høg skrent med restar av sjøleire, som fylde krateret etter danninga. Denne skrenten er geologisk yngre enn bergartane rundt. Det er òg den einaste staden i Rogaland der ein kan finna fossil i fjellet. Har du lyst til å utforska kraterområdet vidare, vil me råda deg til å bruka vasstette sko eller støvlar.

Rundløypa føl i hovudsak traktorveg frå parkeringa ved Kleivaland Turen er ei rundløype, der målet og opp til gapahuken (i den nordre er gapahuken med utsyn over det delen av rundløypa). På returen særmerkte krateret på Ritland. (den søre delen av løypa) føl den


Turmål i Hjelmeland

Gapahuken ved Ritlandskrateret. (Foto: Eldfinn Austigard)

Stavanger Turistforening sin turveg, som mellom anna går vidare til Melands-Grønahei. Turen går for det meste i lett terreng og på godt underlag. Frå parkeringsplassen på Kleivaland er det berre 35-40 minuttars spasertur før ein kjem til det slåande landskapet. Heile rundløypa er om lag 6-7 kilometer lang. Meir informasjon om denne turen og krateret finn du på www.ritlandskrateret.no

Det var geolog Fridtjof Riis (biletet) som oppdaga Ritlandskrateret. (Foto: Eldfinn Austigard)

Haustsol på vegen til Ritland. (Foto: John Petter Nordbø)


til Breivik

Randa

Skifer-/ steinbrot Skifer-/ steinbrot Kåda til Furutangen

Skifer-/ steinbrot

til Sandanger

Randåsen Parkeringsplassen og utgangspunktet for turen ligg ved fylkesvegen aust for Randa, mellom Sandanger og Breivik på Randøy.

til krevjande artar som blåveis og kristtorn. Blåveis finst i hovudsak på kalkgrunn på Austlandet og Trøndelag, men me finn han òg på Randåsen og nokre få andre plassar Vil du vita meir om ulike treslag, på Sør-Vestlandet. Arten har oppsom til dømes barlind, eik, bjørk levd kraftig tilbakegang grunna og rogn? Kva veit du om moderne plukking, og bør få stå i fred her òg. skogsdrift? Ein tur i skogsstien på Randa (merka med oransje) kan Fylitten har òg gjeve grunnlag for gje deg svar på mykje. Plakatar frå omfattande uttak av skiferheller. I Skogselskapet er med på å gjera dag blir det framleis teke ut skifer denne korte rundturen interessant. på Randøy, mellom anna i Randåsen og ved sjøen på garden Randa. Er du villig til å slita meir? Då er turen Steinbordet på rasteplassen langs til Randåsen (merka med raudt) ei skogsstien er eit syn. Det same er oppleving. Randåsen ligg på eit lag utsynet herifrå og frå toppen av av den næringsrike skiferbergarten Randåsen: Du ser like til Ullandfylitt. Fylitten gjev godt jordsmonn haugtårnet i Stavanger.


Turmål i Hjelmeland

Utsyn mot Randa, Halsnøy og Finnøy. (Foto: Anne Kari Skogerbø)

Du kan velja å berre gå skogsstien, eller like til toppen av Randåsen. Løypa til Randåsen tek av frå merka punkt i skogsstien. Vil du gå den kortaste vegen til Randåsen, må du via rasteplassen på skogsstien. Rundløypa på skogsstien er vel to kilometer lang. Avstikkaren til Randåsen er snautt to kilometer lang. Turen på skogsstien tek snautt éin time, medan turen til Randåsen tek om lag to timar. Høgdeskilnaden er om lag 260 meter.

Rasteplassen på skogsstien. (Foto: Anne Kari Skogerbø)

Idyllisk tjørn på Randåsen. (Foto: Anne Kari Skogerbø)


til Gu llin ge n barnehage

Hauge bru k

esvi

til N

en

Buhag

Ulla

Iglatjørn

Seglet

Jøsenfjorden

Iglatjørn og Seglet Iglatjørn og utkikkspunktet Seglet bakken og til høgre. Frå enden (170 m.o.h.) er éin av dei mest av skogsvegen går du om lag 15 populære turpostane i Jøsenfjorden. minutt på ein tydeleg sti som fører deg fram til turposten ved Iglatjørn. Utgangspunktet for turen er i Buhagen på Hauge. Viss du kjem frå For å koma deg vidare til utkikksfylkesvegen, innover langs Jøsen- punktet og turposten på Seglet, der fjorden, tek du av til Hauge over bokstaven i turkonkurransen ligg, Hauge bru (ved barnehagen og held du fram om lag 50 meter på bedehuset), og føl Haugavegen til stien langs Iglatjørn. Derifrå går stien du møter skiltet til Buhagen. Føl opp til høgre på berget, før stien skiltet, og parker ved grinda før brua svingar til venstre gjennom skogen, over bekken. Hugs å lukka grinda. ned i eit lite skar og opp på flaten Her startar stien på ein skogsveg. med fantastisk utsikt over JøsenFøl skogsvegen til endes (ca. 500 fjorden og Hauge. Seglet ligg om lag meter), og føl stien vidare opp 10 minuttars spasertur frå Iglatjørn.


Turmål i Hjelmeland

Turen til Seglet passar godt for heile familien. (Foto: Haldis K. Nilsen)

Returen kan gå på den same vegen som du kom opp, eller du kan følgja snarvegen nordover frå den siste turposten. Føl stitråkk og noko raudmerking nedover. Det er lurt med kjentmann den første gongen på denne snarvegen. Stien har òg nokre våte parti. Du kjem ned til skogsvegen like ved brua der du parkerte. Total rundetid, utan pausar, er om lag 45 minutt.

Trolsk stemning ved Iglatjørn. (Foto: Haldis K. Nilsen)

Frå Seglet ser ein òg dei mektige fjella innover i Jøsenfjorden. (Foto: Haldis K. Nilsen)


Asheim

til

Kn

uts

Håvehammar

vik

Skiftun

Foss

å Foss

til Nesvik

Håvehammar Håvehammar på Jøsneset er ein gammal samlingsstad i utmarka på Foss. I tidlegare tider blei det mellom anna feira Jonsok her. Her er det vidt utsyn over Foss-grenda og Ryfylkefjordane. Turen kan òg vera utgangspunkt for ein langtur til Gunlanuten, den høgaste toppen på Jøsneset.

Aust for Håvehammar finn du eit anna landskap. Her er det kulturbeite, fornminne og aktivt jordbruk.

I bakkane ned mot Foss er det fleire røyser frå jernalderen, og steingardar frå nyare tid. Hasselkrattet, som er teikn på eit rikt jordsmonn, tek over der beiteFrå ferjekaien på Nesvik kjører du dyra ikkje greier å halda det nede. på bygdavegen mot Knutsvik. Bilen Pass på å ikkje uroa beitedyra der kan du parkera ved branngarasjen du går! på Skiftun. Gå vidare nordvestover langs bygdavegen, og ta til høgre Vil du på langtur til Fosstemmen mot Åsland. Etter nokre svingar eller Gunlanuten, kan du følgja kjem du til ein opplagsplass for ved. skogsvegen vidare oppover. Her føl du den bratte skogsvegen Du finn Jøsneset sitt eige turstikart gjennom skogbruksterreng og vida- på www.josneset.no. re sti til Håvehammar (270 m.o.h.).


Turmål i Hjelmeland

Utsyn frå Håvehammar

På Foss er det eit nyare kraftverk, men du kan framleis sjå restar av det gamle kraftverket ved Fossfossen, som forsynte Jøsneset med straum. Frå gardstuna på Foss kan du følgja bygdavegen tilbake til parkeringsplassen.

Ein kvil på toppen av Håvehammar

Kvitveisen blømer i skogen.

Husdyrhald og fruktdyrking er dei viktigaste næringsgreinene til jordbruket i bygda, noko landskapet ber preg av. Rundløypa tek om lag to timar. Høgdeskilnad: ca. 250 meter.

Mykje av turen går på skogsvegar. (Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada)


Utgjevar: Hjelmeland kommune Š 2015 Gafisk utforming: Hetland Media

God tur!

Viglesdalen (Foto: Johannes Egeland)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.