Mitt Hjelmeland nr. 03/2013

Page 1

Drosjesatsing i Årdal

Kompetent kvartett

3. utgåve, desember 2013 | 1. årgang

Mitt Hjelmeland gratis lokalmagasin – 100 % Hjelmeland

Har du tips om gode saker? Vil du annonsera i bladet? Ta kontakt på post@mitt-hjelmeland.no


Mitt Hjelmeland

3. utgåve, desember 2013 | 1. årgang

Gratis, religionsnøytralt og partipolitisk uavhengig lokalmagasin 1 for Hjelmeland i Ryfylke, gjeve ut i samarbeid mellom:

Ansvarleg redaktør, journalist Vegard Terøy Dagleg leiar, journalist, grafikar, annonse- og marknadssjef Morten Hetland JournalistAR Nazir Safi Geir Magne Staurland

Endå eit fredeleg år er over, og det blir fint å kvile litt og kose seg med god mat, familie og venner i jula Det har skjedd mykje kjekt dette året, og mykje mindre kjekt, men i denne delen av verda er me dei heldige, og me har mange muligheiter, ikkje minst det å feire jula. Somme koser seg med dei gamle tradisjonane, somme vågar seg på nye. Somme feirer ikkje jul og somme vel å reise vekk i jula, til sola i utlandet eller til hytta på fjellet. Men for dei fleste ryfylkingar gir lukta av julemat og peparkaker, adventstida og litt snø gryande julestemning og kjensla av forventing. Alle blir litt barn igjen, og dei fleste gler seg til høgtida. Hugs likevel at somme er einsame og somme er framande i bygdene våre. Hugs å ta vare på kvarandre i jula òg. Prøv å inviter ein «ukjent» i nabolaget på julekake. Gje ei lita julegåve til barn som du kanskje veit at ikkje har det så greitt. Ei lita utstrekt hand og ei lita helsing gjer ein stor forskjell. Sjølv blir det utanlandsjul for meg og min litle familie, med venner på eit anna kontinent. Det òg er spanande! Eg ynskjer dokker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! Julehelsing frå ordførar Trine L. Danielsen

Gjestespaltistar Svein Carlos Nilsen Gjil Bente Tednes Gjil Grete Haugen Sandvik Hanne Sundbø Øyvind Opdahl Viga Stine Lise Hetland Mathilde Jordal Breivik

innhald Årdal Taxi doblar kapasiteten...................... 04-05 Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi disponerer no fire drosjar.

postadresse Mitt Hjelmeland v/Hetland Media Eikehaugen 41 4139 Fister

Kva skjedde i 2013?........................................... 06-07 Mitt Hjelmeland oppsummerer året som gjekk.

e-post post@mitt-hjelmeland.no

Utanomjordiske spor....................................... 08-09 Ritlandskrateret i Vormedalsheia er eit sjeldan fenomen.

NETTSTAD mitt-hjelmeland.no Telefon Redaksjon: Annonser:

God jul og godt nytt år til alle!

Kreativ gjeng........................................................ 11-13

92 48 72 77 45 43 69 05

Dette magasinet er trykka etter svært strenge miljøkrav. Papiret er svanemerka og 100 prosent resirkulerbart.

Innhaldet i Mitt Hjelmeland er verna av m.a. lov om opphavsrett. Tekst og bilete kan ikkje kopierast, reproduserast, republiserast eller brukast på nokon annan måte utan skriftleg førehandsgodkjenning frå dei respektive opphavspersonane. Trykkeri: LaserTrykk.no – Opplag: 2.500 eksemplar

Mitt Hjelmeland 2 |

| desember 2013

Kvartetten bak Mitt Hjelmeland ynskjer fleire oppdrag.

Fjortis....................................................................... .......14

Stine-Lise Hetland har skrive om ein spesiell rase tenåringar.

Skråblikk på foreldre......................................... .......15

Mathilde Jordal Breivik ser gode og dårlege sider ved foreldre.

Jula som aldri blei gløymt............................ 16-17 Øyvind Opdahl Viga fortel ei gripande historie om mobbing.


11

23

Gjengen bak Mitt Hjelmeland

Mitt Hjelmeland blir drive av (f.v.): Vegard Terøy, Nazir Safi, Geir Magne Staurland og Morten Hetland.

04

Drosje-satsing i Årdal

Arild Torbjørnsen i Årdal Taxi har dobla kapasiteten.

På bygdebesøk: Helgøy

Skyssbåtskipper Kristen Helgøy (biletet) er berre ein av dei engasjerte innbyggjarane på Helgøy.

08

Meteorittkrater

På Ritland i Vormedalsheia kan du gå tur midt i eit meteorittkrater.

Unge teaterspirer på Samfunnshuset..... 18-20 Hjelmeland Ungdomsteater aktiviserer 35-40 ungdommar.

Kom i form med Gjil Aktivitetssenter...... .......22 Bente T. Gjil og Svein Carlos N. Gjil tipsar om styrkjetrening.

Sterk folkevekst, sterkt næringsliv............. 25-28

16

Aktivt ungdomsteater

24

Tur med flott utsikt

Framtida ser lys ut, for det spirer og gror i teatermiljøet i Hjelmeland.

Den litle øya Helgøy, ytst i Årdalsfjorden, er noko for seg sjølv.

Vinterbøker som varmar................................ .......29 Ryfylkebiblioteket Hjelmeland om vinterens beste lesestoff.

Interessant turområde.................................... 30-31 Ovanom stupbratte fjellveggar finn du vakre Valaheia.

Kva står på den politiske agendaen?....... 30-31 Politikarane legg fram sine aktuelle, politiske bodskapar.

Fjellplatået Valaheia er eit vakkert turmål med flott utsikt.

desember 2013 | Mitt Hjelmeland

| 3


i g n i s t a s Stor i x a T l a Ård Tekst og foto: Morten Hetland

Då Hjelmeland Taxi leverte inn sitt siste drosjeløyve i sommar, var det duka for ei utviding av Årdal Taxi. Arild Torbjørnsen driv no eit drosjeselskap med fire bilar. Etter kvart som det går opp for kundane at Årdal Taxi no er det einaste drosjeselskapet i kommunen, har oppdragsmengda teke seg noko opp. – Det er store investeringar og faste utgifter med å ha fire bilar i drift, men likevel er det sjeldan alle fire bilane er bemanna samstundes. Eg tykkjer likevel det er greitt å ha nok bemanning og materiell til å ta av dei travlaste trafikktoppane, fortel drosjeeigaren frå Årdal. Bærebjelken i Årdal Taxi er pasienttransport og skuleskyss, som til saman utgjer om lag 90 prosent av omsetjinga. Arild tok over Årdal Taxi i 1995, då faren hans blei for sjuk til å driva drosjeselskapet. Fram til 2002 kjørte han òg lastebil medan han dreiv Årdal Taxi, men seinare overtok han løyvet formelt, og blei drosjeeigar på heiltid. – Ein livsstil Drosjenæringa har endra seg mykje på relativt kort tid. Tidlegare blei drosjetransport sett på som eit luksusgode. – Eg har opplevd å setja av eldre passasjerar 200 meter før den staden dei skulle, berre for at folk ikkje skulle sjå at dei kom i drosje, humrar Arild. Arild har ingen ni-til-fire-jobb. På mange måtar ser han på yrket som drosjeeigar som ein livsstil. – Den dagen eg blir søkkrik på taxi, så kjører eg ikkje taxi lenger, slår han fast. Drosjeeigaren meiner at det aldri Mitt Hjelmeland 4 |

Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen OG Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

Drosjeeigar: Arild Torbjørnsen eig det einaste drosjeselskapet i Hjelmeland. hadde vore mogleg å dobla kapasiteten i Årdal Taxi utan gode medhjelparar. – Eg er svært avhengig av å ha sjåførar som vil kjøra for meg. No er me ein heil gjeng som dreg lasset saman, og sidan me no i praksis har monopol, er det meir å gjera for dei som vil kjøra drosje. Me har fleire turar, og får dermed nytta materiellet betre. Likevel er det sjølvsagt meir administrasjon og logistikkutfordringar når ein skal halda styr på fire bilar, fortel Arild, og legg til at kabalen for turane ofte blir lagt éin kveld før turane skal kjørast, men når morgonen gryr kan kabalen veldig fort bli sundriven. – Ein kan ikkje vera innstilt på kva tidspunkt ein skal starta og slutta på jobb. Sjølv om storparten av kjøringa skjer mellom klokka sju om morgonen og fire om ettermiddagen, kan me òg

| desember 2013

ha 18-timars arbeidsdagar der me ikkje kjører meir enn fem timar til saman. Så lenge ein møter velvilje i alle ledd, så går kabalen likevel opp til slutt! Smått er godt Når Arild tenkjer tilbake på tida han har hatt som drosjesjåfør og drosjeeigar, skjønar han raskt at yrket handlar om mykje meir enn å berre kjøra bil. – Somme gonger stiller pasienten sin eigen diagnose saman med meg i bilen. Av og til stemmer det, og andre gonger stemmer det ikkje, så det er godt at eg ikkje er lege, ler Arild, og legg til: – Eg har hatt veldig mykje kontakt med folk, og under transporten frå A til B fungerer eg nesten meir som ein sosialarbeidar. Eg har fått høyra og vita mykje som eg ikkje hadde fått vita utan å vera i denne bransjen, og brukarane


God Kapasitet: – Årdal Taxi har no fire drosjar disponible, seier dagleg leiar Arild Torbjørnsen (i midten). Drosjesjåførane Ottar Bjørkeland (t.v.), Jan Gjøse (t.h.) og Aud Tjentland Ullestad (ikkje til stades) hjelper til med å bemanna bilane.

har alltid vist meg stor takksemd, smiler Arild fornøgd. – Når ein kjører drosje på landsbygda kjenner ein alle passasjerane. Eg trur at ein får eit heilt anna forhold til jobben som drosjesjåfør når ein kjenner passasjerane. Difor kunne eg aldri tenkt meg å kjøra drosje i Stavanger, meiner Arild. Drosjeeigaren frå Årdal trur òg at

pasientane har mykje igjen for å bruka små og lokale drosjeselskap. – Pasientreiser gjev oss mykje skryt, mellom anna for å følgja pasientane heilt inn på avdelingane dei skal til, medan «bydrosjane» set pasientane av og hastar vidare til neste tur, seier Arild, tydeleg stolt over drosjeselskapet han har drive i snautt tjue år.

– Korleis ser du på framtida til Årdal Taxi? – Så langt har eg ikkje sagt nei til ein einaste tur, og slik ynskjer eg å halda fram. Me må ikkje risikera å mista det tenestetilbodet som ein lokaldrosje er. Ein innser diverre ikkje kor viktige dei lokale drosjane er før dei manglar, fastslår Arild Torbjørnsen i Årdal Taxi.

Eg lagar kjøkken og innredningar i heiltre til hus og hytter, tilpassa etter mål.

KVAME SNEKKERVERKSTED Lars Kvame, 4130 Hjelmeland, tlf. 51 75 05 34 / 415 14 138

Kva vil me no seia? Du tenkjer nok ditt. God jul, godt nytt år og god appetitt! Og når du har ete deg god og mett, kom til oss og sveitt bort litt ribbefett! Partnerregnskap AS - Autorisert Regnskapsførerselskap Avdeling Jørpeland, telefon +47 51 74 14 00. Avdeling Årdal, telefon: +47 51 75 42 50 E-post firmapost@partnerregnskap.no - www.partnerregnskap.no

Gjil Aktivitetssenter – Sandetorjå, 4130 Hjelmeland

tlf. 93 46 09 57 – www.gjil.no desember 2013 | Mitt Hjelmeland

| 5


t e r Å som gjekk

Fotografar 1 – Svotunellen: Geir Magne Staurland 2 – Vegskilt på Randøy: Leon Schläwicke 3 – Hjelmeland Ungdomsteater: Morten Hetland 4 – Fotballspelarar på kunstgrasbanen: Morten Hetland

Det har ikkje skorta på små og store hendingar i Hjelmel and i år. 2013 har på mange måtar vore eit år som kjem til å bli hugsa – både på godt og vondt. Det er vanskeleg å vita kor ein skal byrja. Skal ein starta med alt det kjekke som har skjedd, eller blir ferdige med alt som ikkje var fullt så bra? For hjelmelandsbuar har året nemleg vore både turbulent og minneverdig, hendingsrikt og vanskeleg. Alle har sine minne, kvart menneske og kvar bygd. La oss gå gjennom nokre av dei saman: Økonomisk sett har det vore eit knallhardt år for Hjelmeland kommune. Konsekvensane er tydelege: Tilsette er oppsagde og eldreomsorga er omlagt på kontroversielt vis. Kvardagen har vore tung, og framtida uviss for skular og barnehagar. Det har vore mange tøffe tak, og problema rører ved menneskeskjebnar oftare enn ein kanskje kjem på. Det handlar ikkje berre om tal og kalkyler og raude teikn på kvite ark. Det handlar om ein kommune som saman må ta tak for å få Hjelmeland ut av det økonomiske uføret. Slikt er ikkje gjort på ein augneblink. Samstundes som kommunekassen er tom, viser det seg at Hjelmeland er den kommunen i Rogaland som har størst nedgang i folketalet dette året. Éin ting skal Hjelmeland likevel ha skryt for: Med ein svært høg andel innvandrarar i kommunen, er prosjektet «Frå innvandrar til innbyggjar» eit godt tiltak. Me treng alle innbyggjarane me kan få. Kanskje er det slike innovative tankar som på sikt kan bringa kommunen ut av vanskane? Men det har ikkje berre vore ulukke i kommunen vår. Endeleg står tunnelen klar. Svotunellen 1 : Livlina langs Tysdalsvatnet. År etter år har me karra oss Mitt Hjelmeland 6 |

langs vatnet på smale vegar, med dårleg sikt. Fjellet har kasta snø, is og stein etter bilane. Liv har gått tapt. Svotunellen er viktig, ikkje berre fordi den kortar ned reisetida, men først og fremst fordi den aukar trafikktryggleiken. Det er ikkje berre Svotunnelen som har vore heitt på samferdselsfronten i år. Me ventar i spenning på Ryfast, og me undrast på når Årdalstunnelen kan bli realisert. På Helgøy driv ein hektisk lobbyverksemd for å sikra seg fastlandssamband. Det same gjer ein på nordsida av Jøsenfjorden. Samstundes skjer det ting på vegane våre: Årdal Taxi har teke over drosjemarknaden, og kommunen har komplisert arbeidet deira ved å innføra vegnamn 2 og husnummer som ingen skjønar bæret av. Dersom det skulle byrja å brenna i Jøsenfjorden er det vel og bra at dei har fått ny brannbil, sjølv om brannmannskapa ikkje finn fram til rett hus. Kanskje kan betre kommunikasjon på internett hjelpa på forvirringa. Lyse har nemleg starta arbeidet med å leggja fiberkablar kringom i Hjelmeland. Det er jammen godt at politikarane ikkje har kvitta seg med aksjane i Lyse! Bevare meg vel, så mykje kjekt som har skjedd i Hjelmeland i år! Små ting og store ting, viktige ting og uviktige ting, banalitetar og raritetar og rett og slett sjåverdigheitar på rekke og rad. Sjølv om økonomien er vrien, kryr det av ting å gle seg over i kulturlivet. Me har hatt besøk av ei rekkje strålande artistar, forfattarar og andre fintfolk. Hjelmeland Samfunnhus og Teaterlag held koken, og ein storarta vekst i

| desember 2013

Hjelmeland Ungdomsteater 3 lovar godt for framtida. Både Rygjaljom og Hjelmeland Kyrkjekor har servert oss musikalske godbitar, og nok ein gong trekte Norsk Frukt- og Laksefestival folk til Hjelmelandsvågen i strie straumar. Ny kunstgrasbane har me òg fått 4 . Den er eit fantastisk tilskot til Hjelmeland, og mange bør få eitt klapp på skuldra for å ha fiksa den biffen. Det er ikkje berre i kulturlivet det blømer: Lokale bedrifter imponerer. Marine Harvet utvidar, det same vil Fister Smolt gjera. SPAR Hjelmeland har pussa opp lokala, og dei to jærstolfabrikkane har feira sine 75-årsjubileum. Det finaste juletreet i Europa kjem frå Bratt-Hetland, den beste eplemosten i Noreg blir pressa på Grønvik Gard og den beste røykjelaksen blir laga på Jøsneset. I sommar fekk dessutan heile verda sjå vakre Hjelmeland, då Tour des Fjords-syklistane tråkka på riksveg 13. Det bør òg nemnast at Mitt Hjelmeland blei stifta i 2013, først spådd som ei døgnfloge, men no godt motteke med tre papirmagasin og gode lesartal på mitt-hjelmeland.no. Jau, me har sanneleg mykje å gle oss over, og mykje å sjå tilbake på. Då får det heller vera at Hjelmeland blei invadert av floger i sommar, at årdalsbuen må hanskast med laks på rømmen, og at planane om kommunesamanslåing heng over oss. Stolte er me uansett!

Tekst: Vegard Terøy


Opningstider: m-f: 08:00-16:00 l: 10:00-13:00

1

Fagforhandlar av skogsmaskinar, hagemaskinar, parkmaskinar, landbruksmaskinar og verktøy.

2

Butikk og verkstad i Ă…rdalstunet.

3

Velkommen innom!

4

desember 2013 | Mitt Hjelmeland

| 7


U t a n o m j o r d i s ke s p o r i l a n d s k a p et:

Ritl andS

For 520 milli o na r å r si da n s m a l l e i n g e d i g e n m e t eo ri t t r e t t ne d i Vormeda lshei a . S a ma n s tøy t e t k a n e i n f r a m l e i s s jå s p or e t t er i dag . M e k a ll a r d et f o r R i t l a n d s k r at e re t. Tekst: Geir Magne Staurland

For mange hundre millionar år sidan suste eit flygande fjell ned frå himmelen, over breie og vakre Hjelmeland. Meteoritten, som var 100-150 meter i diameter, tok seg ikkje bryet med å bremsa. I staden for, krasja den omsynslaust rett ned i bakken, meir spesifikt på Ritland i Vormedalsheia. Det var ingen der som kunne måla farten, men dei som kan det, meiner at den hadde ein fart på 72.000 kilometer i timen. Meteoritten kunne med andre ord kjøra rundt jorda ved ekvator heile to gonger i løpet av éin time. Me kan altså tolka det slik: Det gjekk ikkje umerka hen då meteoritten fekk bakkekontakt. Krasjet var så kraftig at det bora 400 meter ned i bakken og skapte eit 2,4

kilometer breidt krater. Vatn, steinblokker, støv, sand og alt anna blei kasta i hytt og pine rundt i heile Vormedalsheia, der geologane den dag i dag kan bevisa den fire kilometer lange ferda til enkelte gjenstandar. Bølgjene kan ein heller ikkje førestilla seg. For dette var lenge sidan, ein må ikkje tru at det var tilskodarar til stades. På denne tida var Ritland, eller eigentleg heile jorda nord for ekvator, berre hav. Dagens Hjelmeland kommune låg under havet. Noreg låg under havet. Fiskane eksisterte framleis ikkje. Berre krepsdyr og svamp-liknande sjøskapningar fekk seg eit realt sjokk då meteoritten kom dalane, og skapte ein enorm eksplosjon som var over på eitt minutt.

TERRENGMODELL: Ritlandskrateret ligg i Vormedalsheia. Denne terrengmodellen viser kraterstrukturen svært tydeleg. (Illustrasjon: Fridtjof Riis/Universitetet i Oslo) Mitt Hjelmeland 8 |

| desember 2013

Oppdaginga – Når ein finn noko slikt, er det klart at livet tek ei litt anna vending, seier Fridtjof Riis, mannen som har fått æra for å oppdaga meteorittkrateret i kommunen vår. Nedslaget skjedde for 520 millionar år sidan, men det var ikkje før i 1985 ein klok mann oppdaga at strukturane på Ritland ikkje var av det vanlege slaget. Fridtjof Riis var geologen som først la merke til det verkeleg snåle i Vormedalsheia, saman med ein gjeng andre geologar. Dei drog først og fremst opp i heia for å sjekka fossila som var blitt oppdaga ein gong på 1950-talet, men fekk seg eit par andre tankar på hjernen på veg heimover. Bergartane

GEOLOG: Fridtjof Riis har fått æra for å oppdaga Ritlandskrateret. (Foto: Morten Hetland)


krateret Krater: For mange milliardar år sidan krasja ein meteoritt, på 100-150 meter i diameter, rett ned i jorda på Ritland i Vormedalsheia. Farten var om lag 72.000 kilometer i timen, så det gjekk ikkje umerka hen då det flygande fjellet trefte bakken. (Foto: Anne Kari Skogerbø) var til stor undring, det var nemleg ikkje alt som stemde heilt. Geologien sine lærdommar om erosjon og fjellkjededanning gav ikkje noko svar. Det var noko anna. Noko frå ein annan plass. Fridtjof lét sjølvsagt ikkje spørsmålet stå ope. Han besøkte staden fleire gonger, både åleine, med familien og som turleiar. Han likte seg godt i den flotte naturen, men det var utvilsamt noko anna som dreiv geologen endå hyppigare på tur i Ryfylke: Kratermysteriet. – Det var ein rein fritidsaktivitet for meg. Dette var på 1990-talet, og på den tida var det gjort mykje arbeid på to andre krater innanfor Noregs grenser. Idéen om meteorittkrater i den norske fjellheimen var ikkje lenger så fjern som den ein gong var. Langhelg med konglomerata I 2001 fann Fridtjof tid til ei langhelg med planar om å kartleggja nøyaktig kor alle konglomerata – som dei blir kalla – låg. Då skjønte han det endeleg, då såg han det: Det var eit krater!

Men kva slags? Det var han framleis usikker på. – Eg såg tydeleg på det geologiske kartet at Ritland-strukturen var eit krater, men det finst fleire typar krater, eg kunne ikkje vera sikker på at det var eit meteorittkrater heilt endå, men eg rekna det som svært truleg, fortel han. Etter kvart kunne det strekast opp parallellar mellom Ritlandskrateret og eit anna krater i Noreg – Gardnoskrateret i Hallingdal – krateret som er kjent for å vera det første nedslagskrateret i Noreg. Sju år seinare kunne geologane rekna det som sikkert at Ritlandskrateret òg blei danna av eit meteorittnedslag. Saman med Henning Dypvik frå Universitetet i Oslo, drog Fridtjof fram mikroskopet for å ta ein steinprøve. Prøven gav resultat: Geologane blei sikre i si sak. Meteoritt gav varige mein Tenk at eitt av dei 179 meteorittkratera på jorda ligg i midt i Hjelmeland. I dag kan me observera krateret med våre eigne augo. Med skilting frå Hjelme-

land kan ein enkelt manøvrera på hjul innover vegane i tjukkaste Vormedalen, til ein omsider kjem fram til parkeringsplassen. Derifrå er det berre 35-40 minuttars spasertur, før ein kjem til det slåande landskapet, der det utanomjordiske sette varige mein for lenge, lenge sidan, då Hjelmeland ikkje var anna enn ein aldri så liten drope i eitt verdsomspennande, tropisk hav. Det er mange krater i verdsrommet. På Månen florerer det av dei, på Mars òg, men på jordkloten, Tellus, er dei sjeldne. Dei fleste treff jorda i djupe havområde, og blir viska vekk av vatn og vind, men dette blei aldri tilfelle med Ritlandskrateret. Det gjer området spesielt, det at det er så godt bevart. – I Ritlandskrateret kan ein gå og sjå godt bevarte, samanhengande snitt i botn og langs veggane i krateret, vidare gjennom kratervollen og i steinmaterialet som blei sprengt under nedslaget, fortel konglomeratkongen og kraterkuratoren Fridjof Riis, mannen som fekk tildelt Hjelmelandsprisen 2011 for sin innsats oppi heia.

desember 2013 | Mitt Hjelmeland

| 9


Me tar vare på bilen din!

• små og store reparasjonar • km-service • EU-kontroll • feilsøking • bremsetest • service på klimaanlegg • hjulstillingskontroll • leigebil

• karosseribeskyttelse • rustbeskyttelse • dekk • ruteskift

kent.thomas@ryfylkenett.no

ullestad@online.no

tlf. 406 23 015

tlf. 913 49 743

Utleige:

lift

gravemaskin

DINO 120 T

Volvo EC15B

Måndag-fredag: 07:00-15:00 • Laurdag: Stengt

Årdalstunet, 4137 Årdal i Ryfylke

Mitt Hjelmeland 10 |

| desember 2013


E i g e n o m t a l e : G j e n g e n b a k M i tt H j e l m e l a n d

e v i t k u d Pro og

V e g a r d T e r ø y o g M o r te n H et l a n d h a r b ü d e g j eve ut b ø ke r o g s t i ft a l o k a l m a g a s i n et M i tt H j e l m e l a n d s a m a n . N o e r d u o e n utv i d a t i l e i n p r o d ukt i v, k r e a t i v o g a l l s i d i g kv a r tett.

V

e g i d i s l Al

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 11


E i g e n o m t a l e : G j e n g e n b a k M i tt H j e l m e l a n d

Firemannsallianse

Med solid kompetanse

KVARTETT: Mitt Hjelmeland blir produsert og utgjeve i eit samarbeid mellom (f.v.) Morten Hetland i Hetland Media, Vegard Terøy i Terøy Media, Geir Magne Staurland i Staurland Skribleverk og Nazir Safi i Safi Media.

Publikum er svært fornøgde med Mitt Hjelmeland. No vil dei to stiftarane av lokalmagasinet ha fleire oppdrag. Idéen om «mediehuset» Mitt Hjelmeland blei fødd i loftstova til familien Terøy i Hetlandsbygda, ein kald januarkveld vinteren 2013. – I staden for å klaga over det me sakna, tenkte me at det kanskje var andre som sakna det same som oss, nemleg eit lokalt massemedium med fokus på 100 % Hjelmeland. I starten var det berre eit hobbyprosjekt mellom to gode kameratar, men no ser me jo at folk set pris på det me gjer. Dette er ein viktig motivasjon for å vidareutvikla og reindyrka konseptet, seier Morten Hetland, daglig leder i Hetland Media og Mitt Hjelmeland. Snautt eitt år etter at idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd, har det kome tre utgåver av lokamagasinet, alle med eit opplag på 2.500 eksemplar. Nettavisa mitt-hjelmeland.no har sidan lanseringa i august hatt vel 13.000 sidevisningar. Gjengen bak Mitt Hjelmeland fekk i Mitt Hjelmeland 12 |

midten av desember i år tildelt Hjelmeland kommune sitt utviklingsstipend for ungdom, for å kunna vidareutvikla Mitt Hjelmeland. Dei to stiftarane, Hetland og Terøy, er så langt godt fornøgde med mottakinga, og Hetland trekk fram at både magasinet og nettavisa er gode døme på kva tenester den relativt ferske mediealliansen kan utføra. – Me dreg vekslar på erfaringane og kunnskapane innad i alliansen, og me strekk oss litt lenger for å tilfredsstilla kundane sine ynskje, fastslår Hetland, som sjølv har drive Hetland Media i fem år. Han er glad for at Hetland Media no kan styrkja marknadsposisjonen sin gjennom eit fruktbart samarbeid med Terøy Media, Safi Media og Staurland Skribleverk. – Eg har alltid hatt et godt samarbeid med Vegard Terøy, men no har me òg fått med oss to andre fagfolk i

| desember 2013

Mitt Hjelmeland-gjengen Vegard Terøy (24), ansvarleg redaktør og journalist i Mitt Hjelmeland: • Studerer til mastergrad i samfunnskommunikasjon ved UiA. • Erfaren skribent, forfattar og journalist. • Sportsredaktør i Studentavisen Unikum. Morten Hetland (24), dagleg leiar, journalist, grafikar, fotograf, annonse- og marknadssjef i Mitt Hjelmeland: • Bachelorgrad i historie frå UiS. • Fem års erfaring i mediebransjen, av desse tre år som journalist i Bygdaposten og Strandbuen. • Driv Hetland Media og jobbar som lærar ved Hjelmeland ungdomsskule. Nazir Safi (21), journalist/kommentator i Mitt Hjelmeland: • Journalist og kommentator. • Studerer til bachelorgrad i statsvitskap ved UiS. • Deltidstilsett som kundekonsulent i Rogalands Avis, samt studentambassadør ved UiS. Geir Magne Staurland (18), journalist i Mitt Hjelmeland: • Går tredje og siste år på idrettsfag ved Strand vidaregåande skule. • Bloggar om spansk fotball for TVNorge, journalist i fotballbladet Kickerz og fagansvarleg for spansk fotball i Store Norske Leksikon.


E i g e n o m t a l e : G j e n g e n b a k M i tt H j e l m e l a n d Nazir Safi og Geir Magne Staurland. Dermed kan me tilby eit breitt spekter av konsulent- og rådgjevingstenester, sal av ymse trykksaker og elektronikk og utleige av lydanlegg, lydstudio, prosjektor og underhaldarar, seier Hetland. Blant oppdraga som Hetland Media har utført så langt er: • Utvikling av mobilappen Ryfylke MultiGuide, for Reisemål Ryfylke. • Omslagsfoto til CD-plata «Ta hys!» av Hjelmeland Storband. • Foto- og filmdokumentasjon av prinsesse Märtha Louise sitt besøk i Eventyrskogen i Årdal. • Produksjon av memoryspelet «Kulturminne og turmål i Hjelmeland kommune». • Forleggar for fleire bøker. • Utvikling av nettstad for Hagalid Gard og Ryfylke Visegruppe.

Hetland meiner at fleire lokale bedrifter bør opna augene for produkt og tenester som Hetland Media og samarbeidspartnarane Terøy Media, Safi Media og Staurland Skribleverk kan levera. – Eg har valt å leva etter mottoet «saman blir me sterkare». Dette er viktig for både familieliv og samfunnsliv, men ikkje minst i næringslivet. Dei små og lokale bedriftene blir svært sårbare, dersom me ikkje står saman og kjøper produkt og tenester av kvarandre, slår Hetland fast. Som ung etablerar set han pris på alle som har vist tillit til både han og Hetland Media. – Brorparten av levebrødet mitt får eg i dag gjennom læreryrket, men viss me får fleire oppdrag og stabilisert ordretilgang, ligg tilhøva absolutt til rette for at me kan satsa på fast tilsette i heiltidsstillingar. Dette vil både me og

kundane tena på, meiner Hetland. I løpet av dei siste åra har marknadsføring og omdømmebygging blitt stadig viktigere for både private og offentlege organisasjonar. Dagleg leiar og innehavar av Terøy Media, Vegard Terøy, har utdanning innan samfunnskommunikasjon, og meiner at mange Ryfylke-bedrifter ikkje marknadsfører seg godt nok, og dermed slit med å nå ut til dei store massane. Terøy vil svært gjerne rekkja ut ei hånd til lokale bedrifter som ynskjer rådgjeving for å bli mer synlige. – Lokale bedrifter må bli synlegare. Me kan tilby utforming av nettsider, mediestrategiar, reportasjar, produktprofilering og grafisk design, forklarer Terøy engasjert, og oppmodar lokale bedrifter til å ta kontakt for ein uforpliktande samtale om passande løysingar innan media, PR og marknadsstrategi.

t: 45 43 69 05 e: post@hetlandmedia.no v: hetlandmedia.no

Me hjelper deg med gode produkt og tenester til fornuftige prisar!

Foto

Film

Forlag

Trykksaker

Nettstad

Grafisk formgjeving

Logo og grafisk profil

Jorunalistikk

Tekstproduksjon

Rådgjeving

Kommunikasjon

Strategi

Språkvask

Forsking

Nettbutikk

Kurs og datahjep

Digitalisering av film, bilete og lyd

Sal av elektronikk

Trubadur og underhaldning

Lydstudio

Utleige av lydanlegg

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 13


T a n k a r f r å t i a n d ek l a s s e

Fjortis Tekst: Stine-Lise Hetland kåsør

Dei er ein spesiell rase teite og irriterande tenåringar. Dei oppfører seg som drittungar og er skikkelig jævlege, rett og slett. Du veit sikkert kven eg snakkar om. Ja, nettopp: Fjortisar! Det er mange ulike fjortis-typar. Det finst Disney-fjortisar, brunkrem-fjortisar, emo-fjortisar, fulle-fjortisar og ikkje minst – Facebook-fjortisar. Alle desse typane fjortis finn du overalt i Noreg. Eg har oppdaga eit spesielt fenomen: Uansett om du er i Oslo eller på ein liten plass som Hjelmeland – er det først éi som blir fjortis i klassen, så spreier det seg vidare til dei andre i klassen raskare enn herpes. Det er alltid éin som er leiar, og dei andre følgjer etter ho. Såkalla wannabees. Dei små, kvisesprengte fjortisane har til og med sitt eige språk. «OMYGAD», «JESAAS», «DAAA», «LIKSOM», «NICE» «Awesoomee», «HArdcore», «Aaaaww», «HEHEHE» og «LOOLS!». Og «ROFLMAO», som visstnok skal bety «rolling on the floor laughing my fucking ass off»… Dette er folk som skal passa på landet vårt i framtida. Huff… Brunkrem-fjortis er standarden for fjortisar. Det er dei som trur at dei eig verda, og dei som trur dei er deiligast. Grunnen til at dei blir kalla brunkremfjortisar, er at dei alltid har minst fire tonn med sminke på seg, og når dei smiler får dei rynker i ansiktet. Brunkrem-fjortisane har mykje til felles med den neste fjortis-typen: Fulle-fjortisane. Fulle-fjortisane drikk seg dritas på to rusbrus, og får totalt blackout, men at dei har rota med tre forskjellige og at festen var «Heilt syyykt awesome!», det hugsar dei! Den «syyykt awesome» festen dei var på i helga blir alltid sladder på måndagane. Då samlar fulle-fjortisane seg i svære Mitt Hjelmeland 14 |

grupper der dei snakkar i kjeften på kvarandre om alle dei har rota med og kor dridas dei drakk seg, og at dei ikkje hugsar nokon ting. Altså – eg meiner – viss du har drukke deg så full som du skal ha det til, korleis kan du då vita at du rota me tre forskjellige og at festen var så sinnsjukt bra?! Det gjer inga meining! Eg trur heller at dei berre fantaserte om å rota med éin. Dei «tre forskjellige» er berre slik dei ser føre seg denne eine personen i dei ulike stadia, etter kvart som rusbrusen blir tømt. Fjortisar kan somme gonger bruka sminke, men ikkje gå på fest. Desse blir kalla emo-fjortisane. Desse snakkar ikkje så mykje, så dei legg du kanskje ikkje så godt merke til. Dei pleier som regel å halda seg for seg sjølv, på rommet sitt, utan å sosialisera seg. Det einaste du høyrer frå dei er på Facebook, der dei til dømes kallar seg «Darkdragon xhelvetica», og oppdaterer statusen sin slik: «Hater livet mitt, alt kan brenna i helvete. Fuck alt!» eller «Koss kunne du svikta meg? Håpe du, ditt jævla svin får føla koss de e å få hjerta sitt reve ut av bryste og ødelagt innvendig. Måtte du blø hardt din jævel!». Kanskje dei hadde smilt meir viss dei hadde gått på sminkekurs og lært seg korleis dei skulle brukt sminka skikkeleg. For mykje kvitt og svart blir aldri bra! Eg har vore der, du har vore der, eller så kjem du til å koma der. Viss du er tolv år, bør du grua deg, for når du kjem i 13-14-års alderen kjem det til å treffa deg hardt, før du veit kva som traff deg. Du kan prøva å halda deg unna dette sjuke fjortis-viruset, men det kjem til å ta deg ein gong– UANZ! Du veit at du er smitta når du ser kvisene i heile trynet. Kvisene er berre eit symptom på at du er fjortis, og ikkje ein sjukdom i seg sjølv. Men det er ingen som veit kvifor det er sånn. Kor får dei det frå? Kvifor blir dei slik når dei er fjorten? Kven har starta dette? Den einaste trøysta er: Det går over.

| desember 2013

Skrivekonkurranse: I løpet av hausten 2013 har Mitt Hjelmeland arrangert to skrivekonkurransar for tiandeklassingane ved Hjelmeland ungdomsskule. Me fekk inn mange bidrag, og resultata finn du under. Konkurranse for essay og kåseri, med fritt val av tema: 1. Stine-Lise Hetland: «Fjortis» 2. Mathilde Jordal Breivik: «Skråblikk på foreldre» 3. Åsmund Langeland Mæle: «Eit liv på landet» Konkurranse for novelle, med mobbing som tema: 1. Øyvind Opdahl Viga: «Jula som aldri vart gløymt» 2. Malena Nesvik Altamirano: «Anger» 3. Munir Safi: «Livet: Ein berg- og dalbane» Me takkar for tilsendte tekstar, og gratulerer forfattarane av vinnarbidraga! Vinnarane har fått kvar sitt gåvekort på 500 kroner. Grunna avgrensa plass i magasinet, har me valt å trykkja tre av dei beste bidraga. Resten av tekstane kan du lesa på nettavisa til Mitt Hjelmeland: mitt-hjelmeland.no/skrivekonkurranse


å p k k i l b å Skr Då eg skulle setja meg ned for å skriva eit essay, hadde eg rett og slett ingen aning om kva eg skulle skriva om. Det er visst relevant å skriva om noko som ein irriterer seg over, men på mi side er det så mangt. Det er for mange ting som irriterer meg grenselaust! Ting som at den eine buksekanten min alltid er lengre enn den andre, eller at gardinene i klasserommet er kjempestygge. Dette er berre for småting å nemna, og ordforrådet mitt er ikkje stort nok til å skriva eit heilt essay om slike filleting. Så for å fylla heile dette A4-arket med ord, har eg tenkt å skriva om noko som irriterer meg, som heimebuande ungdom, nesten kvar dag. Noko som er godt å ha viss ting blir dumt, men som er utruleg slitsamt å tolerera og takla når kroppen har eit hormonnivå som den verste berg-og-dal-banen i Tusenfryd. Du tenkjer sikkert riktig: Foreldre! Eg har alltid blitt fortalt at eg skal verdsetja foreldra mine, og setja pris på at eg har dei, men dei kan vera så innmari irriterande på så mange måtar. Dei masar om husarbeid, er alt for nysgjerrige og behandlar meg som ein unge. Noko som er svært plagsamt, er at dei alltid vil tilbringe kvalitetstid på tider der eg heller vil vera ute. Veninna mi sa ein gong at det var så koseleg for meg at heile familien såg film saman så ofte. Ho trur nok at slike filmkveldar er planlagde, men slik er det ikkje. Eg sit på rommet mitt, og anar fred og ingen fare, når mamma brått ropar meg og søstera mi ned. Me blir møtt av to par

dådyr-auge og eit spørsmål om alle fire skal sjå ein film saman. «Hadde ikkje det vore koseleg…?» Eg veit at viss eg seier nei, vil i alle fall mamma bli skuffa og lei seg, og som den perfeksjonisten eg er, vil eg helst at alt skal vera i orden, og orkar ikkje bråk. Så der sit me. Mamma smiler og stryk meg på kinnet og rundt øyret, slik at eg ikkje høyrer nokon ting. Er eg fortsatt heldig? Eg veit at det verker rart å sitja åleine på rommet mitt ein laurdagskveld, men årsaka til det er at eg ikkje har fått lov til å gå ut. Dette er òg ei av dei dårlege sidene med foreldre. Eg spurte mamma på førehand om eg kunne få lov til å overnatta hos ei veninne. Helgene er jo til for å gå ut og kosa seg med venner, men det eg trur mamma høyrde var: «Kan eg få vera hos ei venninne på laurdag? Me skal drikka oss kjempefulle, invitera mange eldre gutar og festa til morgongry.» Faren min er ikkje akkurat betre. Dersom eg hadde spurt han, hadde han berre feia det vekk og spurt om eg ikkje heller ville ta ein tur i båten med den kule pappaen min. Det er det som er problemet med han. Trur han at eg heller vil tilbringa tid med ein 43 år gammal gubbe enn besteveninna mi på ein laurdag? Trur han verkeleg at han fortsatt er ung og kul og veit kva som er in blant ungdommane? Det er typisk av han å berre brasa opp på loftet når eg har besøk, for å helsa på alle, kanskje dra ein dårleg vits eller dansa litt. Flaut! Pappa si andre dårlege side, er at han trur han kan alt om alt og alle. Viss eg

har spørsmål om ein sjukdom – ingen problem. Pappa har svaret. Han trur at han veit betre enn mora mi, som har jobba i helsevesenet i snart 20 år. Han trur òg at han er norsklærar. Då eg under frustrasjon klaga mi naud over at eg ikkje greidde å skriva eit essay, kunne han sjølvsagt hjelpa. Men det viste seg jo då at han trudde at essay var det same som ein provokasjon, kva nå enn det er… Og kjem han med innslag og tips, som mamma veit er feil, blir det alltid ein stor diskusjon. Mamma har nemleg like kort lunte som meg. Det verste er at han ikkje gir seg, sjølv når eg trur at han har innsett at han tar feil. Det er ganske irriterande, for då kan mamma fort eksplodera. Mamma blir òg passe sur når eg ikkje vil fortelja absolutt alt som skjer i vennekretsen min. Eg har god grunn til ikkje å gjera det, for kvar gong eg nemner ein gut, trur ho at eg har noko på gang med han, og ho byrjar å erta meg og spør endå meir. Men no har me heldigvis avtalt at ho ikkje skal masa så mykje. Eg spør jo ikkje kven ho meldar med, kvar gong mobilen hennar lagar ein liten pipelyd, men eg ser at ho slit. Kvar gong det kjem ein lyd frå mobilen min, og ho er i nærleiken, ser eg den nysgjerrige lysten i augo hennar. Men har ikkje eg òg rett til litt privatliv? Foreldre er jo ei nødvendig onde: Dei syt for oppveksten min og påverkar meg på ulike måtar. Kanskje er det ein baktanke med korleis dei behandlar meg… Kan det vere på grunn av kjærleik?

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 15

V

Tekst: Mathilde Jordal Breivik essayist

e r d l e r fo


i r d l a m o Jula s t m y ø l blei g Tekst: Øyvind Opdahl Viga novellist

Rommet var kaldt og lufttomt. Klokka som hang ovanfor tavla nærma seg halv – nytt friminutt og fri luft – som lærarane sa at dei trengde så sårt. Men for éin i klasserommet, tikka klokka seg stadig nærare herjing og nye skjellsord. Klokka gjekk mykje seinare enn hjarteslaga. Det var mange tankar som streifa rundt i hovudet hans. Blyantane som reiv seg mellom linjene i skriveboka gjorde han nervøs. Orda frå læraren gjekk tvers gjennom hovudet til dei fleste, fordi dei var opptekne med noko heilt anna. Den varme, klamme lufta i klasserommet var uunngåeleg. Lengst bak i klasserommet sat dei og sende lappar til kvarandre med skumle friminuttsplanar. Kvar gong det kom ein ny lapp, høyrde han den falske, råe latteren deira. Men medan dei sat der og pønska på kva dei skulle finna på, visste dei lite om kor alvorleg det skulle enda. Men kva skulle dei gjera med han i dag? Dei humra for seg sjølv. Han skjønte kva dei grubla på. Dei hadde gitt han buksevatn mange gonger før, når det var kuldegrader ute. Tanken på at han skulle sitja på skulen dei siste to timane, med frosne bukser som tinte litt etter litt, skar seg gjennom hjernen. Klasserommet var gult, med seks vindauge. Det var ikkje mange personar i rommet. Det var eitt offer og ni gjerningsmenn. No hang læraren over den svarte tavla. I handa hadde ho eit kritt, som var så lite at ho strevde med å halda

Mitt Hjelmeland 16 |

det. Han sat med bøygd hovud lengst framme i klasserommet, like ved kateteret, der lærarane vanlegvis sat og ignorerte alt som blei sagt og gjort. Klokka halv eitt reiv klangen frå klokka seg inn i øyret. Det var det siste friminuttet før juleferien, men læraren slapp dei ikkje ut, for ho skulle avslutta timen med ei oppsummering. Han håpa at ho kom til å snakka vekk heile friminuttet, men tanken blei kortvarig. Alle ville ut, og til slutt greidde ikkje læraren å halda ro i klassen lenger. Guten blei ståande, medan dei andre storma ut av klasserommet som ei vasstråle som sprutar ut av eit hol i ein demning. Gangen blei fylt av lyd i nokre sekund heilt til dei fleste hadde gått ut, men lite visste dei om at dette siste friminuttet før juleferien kom til å prega resten av livet deira. At dei kvar einaste jul etter dette ikkje klarte å tenkja på andre ting. Han var den siste som gjekk ut av klasserommet. Skritta hans var som små museskritt. Hjarta hadde no festa seg heilt oppe i halsen. Jo lengre tid han brukte, desto betre var det. Han gjekk i ly bak læraren, heilt til ho gjorde ein brå nittigraders sving inn på det litle lærarrommet. Der inne sat lærarane og drakk gløgg og åt julekaker. Dei ville ikkje gå ut for å sjå til elevane, for det var så kaldt at det var på grensa til at blodet fraus fast inni blodårene. Lærarane unnskulda seg med at ungdommane måtte kunna klara seg sjølv. – Dei er trass alt fjorten år… Dei kan vel ta ansvar sjølv…, sa lærarane til kvarandre, medan dei slafsa i seg julekaker og slurka i seg gløgg.

| desember 2013

Det komande offeret var no etterlatt til seg sjølv. Heilt åleine måtte han kjempa seg gjennom den tronge, kvite korridoren. Det å måtta gå ut i skulegarden no, var ikkje noko han gjorde frivillig. Etterkvart som han gjekk ned den oransje, tronge trappa blei skritta tyngre og tyngre. No kunne han skimta lyset strøyma inn gjennom vindauga i den brune ytterdøra. For dei fleste ungdommane var det skarpe, kvite lyset eit teikn på frisk luft, kulde, leik og moro. For han var det derimot eit teikn på smertehelvetet som venta på utsida. Han trekte lungene saman i eit djup andedrag. Idet han tok i det kalde, runde dørhandtaket skaut frysningane som prosjektil gjennom armen og ut gjennom kroppen. Handa var knipen godt igjen rundt handtaket. Han vridde rundt, og gav døra ein liten støyt. Døra laga eit lite knirk idet guten opna ho. Den kalde vinterkulda kom som ei flodbølgje inn gjennom døra. Det var mykje vind, og snøen hadde lagt seg som eit kvitt teppe over det nakne landskapet. Sola var nyleg komen fram etter dei kraftige snøbygene. Viss han berre var stille, ville han ikkje bli oppdaga, men den kramme snøen knasa for kvart steg han tok. Hovudet hans svinga fram og tilbake. Det var ingen teikn til dei endå. Pulsen sank og den anspente pusten roa seg. Rundt det eine hjørnet på skulebygningen kom dei, klare som løver til å angripa det stakkars, forsvarslause byttet. Han kjende ei hand ta eit hardt grep rundt nakken på han. Dei tok han med bak hjørnet. Skuleplassen var nybrøyta. Dei mista han i bakken


ein gong med vilje. Sola trengde inn gjennom augelokka og inn i netthinna hans. Latterbrøla blei berre råare for kvart skjellsord dei slengde etter han. Dei tok tak i han, løfta han opp og tok han med seg bortover i snøen. Så stod dei der – offeret og gjerningsmennene – på toppen av skråningen. No såg han kor han kom til å enda. Hjarta hans dunka fortare. Det dunka så intenst at det var rett før det spratt ut av kroppen. Blodet brusa i kroppen og sveitta rann i strie straumar ned frå hovudet, sjølv om det var ti kuldegrader og frostrøyken stod ut av nasebora deira. -Kva er det? Er du redd litle gut?

Det einaste dei fekk til svar, var eit lite smil fullt med redsel. Frysingane gjekk som straum inn i ryggen. Skråningen var ein lang og bratt bakke, som var så skummel at berre dei tøffaste gutane torde å renna ned der. I botnen av skråningen gjorde bakken ein knekk, og blei til ein endå brattare bergskrent. Nedanfor bergskrenten stod dei gamle blodbøkane opp som spisse fjelltindar i jorda. Det var sjølvsagd forbode å renna der, men det brydde ikkje dei tøffaste gutane seg om. I dag var det berre håle isen nedover bakken. Den var heilt speilblank. Guten sveitta av redsle då dei drog han med

seg heilt ytst på kanten. Så slapp dei taket i den nye, grøne jakken. Dei lo idet den skrikkande guten rann nedover i ein ekstrem fart. Plutseleg blei det tyst. Fjesa deira bleikna av skrekk. Dei høyrde berre stillheit. Stillheita varte evig. Stillheita var eit taust bevis på at dei aldri kom til å sjå han igjen. Dette var kom til å prega dei resten av livet: Den jula nissen aldri dukka opp. Den jula to foreldre måtte sitja heime å sørgja over guten som aldri kom heim. Den jula som ingen kom til å gløyma…

Illustrasjon: Christian Laugaland Munthe

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 17


e k s l a r t Tea r a m m o un gd Tekst: Vegard Terøy

Ungdomsavdelinga til Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag blei starta i 2011, som ein del av bulystprosjektet «Hjelmeland 24-7». Då heitte ungdomsteatergruppa Rv 13, men i haust tok gruppa det nye namnet: Hjelmeland Ungdomsteater. Sidan oppstarten for vel to år sidan har ungdommane i ungdomsteateret fått prøvd seg på mange ulike utfordringar. Høgdepunktet var kanskje då ungdomsteatergruppa kom vidare til fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring våren 2013, med eitt innslag frå eit sjølvskrive stykke. Frå september til desember 2013 var 31 ungdommar i sving på scenen. I tillegg var seks lys- og lydteknikarar og éin gitarist med i ensemblet. Saman sette dei opp «No er det jul, igjen!». Juleshowet hausta god kritikk frå publikum. Bak kulissane står hovudinstruktør Laila Øvrehus, medinstruktør Lena Kleppa og instruktør og leiar Morten Hetland.

Det gror nytt liv i teatermiljøet i Hjelmeland. Seinhausten 2011 blei Hjelmeland Ungdomsteater starta. No er dette eit populært fritidstilbod for ungdommane. Rutinert 15-åring Henrik Smith hadde ansvaret for lys- og lydteknikarane under «No er det jul, igjen!». 15-åringen er lys- og lydsjef i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag. Den rolla har han hatt sidan «vaksen»teateret sette opp «Barneskrik og uvennskap» våren 2011. Med musikkgeneral Anders Smith som far, blei Henrik tidleg plassert bak spakane på samfunnshuset. Allereie som femåring debuterte han som lydteknikar, og feira dermed ti-årsjubileum i rolla i haust. «No er det jul, igjen!» var kanskje hans største utfordring i lyd- og lyskarriera. Han merka stor forskjell på å styra teknikken for ungdommane, kontra å trekka i spakane når dei vaksne skodespelarane står på scena. – Eg skal innrømma at det var krevjande å ha kontroll på så mange ungdommar. Mange er ikkje vandt til å bruka mikrofon, så eg måtte støtt og stadig minna dei på å vera stille bak scenen, humrar Henrik.

Fantastisk gjeng Hjelmeland Ungdomsteater skal vera eit sosialt og triveleg fritidstilbod til dei som har lyst til å prøva noko anna enn idrett, 4H og kristne lag. Det skal vera ein plass for alle i aldersgruppa 12-18 år, på tvers av bakgrunn og andre fritidsinteresser. – Det er ein herleg gjeng. Me har det veldig sosialt og kjekt. Alle snakkar med alle, og kjemien blant ungdommane er glimrande. Det er veldig viktig, både når ein skal stå på scena og når ein skal halda kontrollen i kulissane, meiner Henrik. Sjølv om årdalsbuen har vore med lenge, merkar han at interessa for ungdomsteateret verkeleg tok av i haust. – Det har blitt litt meir seriøst, sjølv om det framleis er mykje tull og moro. Me har til og med fått med ungdommar frå barneskulen, noko som er kjempebra, konkluderer Henrik Smith. Leiar Morten Hetland er samd i den vurderinga. Han er svært optimistisk på vegner av Hjelmeland Ungdomsteater, og kan ikkje få fullrost ungdommane nok. – Det er ein herleg gjeng! Desse ungdommane er framtida vår, og det lovar utruleg godt for framtida. Eg er trygg på at publikum skal få oppleva mange gode stunder på Hjelmeland Samfunnshus i åra som kjem, slår Hetland fast. UKM: Sidsel Amanda Sægrov Sandvik (t.v.), Karina F. Sjursen (t.h.), Ane Steinsland (i midten) og Bjørn Stian Ueland (ikkje på biletet) kom vidare i UKM. (Foto: UKM Norge)

Mitt Hjelmeland 18 |

| desember 2013


Rutetrafikk og charterturar

Fliser • Naturstein Støyping • Forskaling Telefon: 909 21 446

Tlf. 901 03 555 www.helgoy.no

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 19

V

STOR GJENG: Ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater sette opp juleshowet «No er det jul, igjen!» i desember 2013. Første rad (f.v.): lys- og lydteknikarane Paul Kuhn, Henrik Smith, Henrik Breivik Rød, Lars Martin Meland, Thomas Nessa og gitarist Bjørn Stian Ueland. Andre rad (f.v.): Martine Hetland, Trine Moen Hausken, Maria Laugaland, Sofie Laugaland, Mathilde Jordal Breivik, Elisabeth Munthe, Sara Barata, Tina Ramsland, Madelen Langvik, Hanne C. Dalaker og Tarjei Sellevoll. Tredje rad (f.v.): Wiktoria Dada, Sunniva Ur Fjørtoft, Ane Steinsland, Malin Fuglestein, Olav Espeland Halsne, Jonas Nessa, Anne Kari R. Breiland, Hannah C. Laugaland, Vilde Øvrehus Riveland, Jake Karlsen, Ole Kristoffer Tufte Albretsen, Cathrine Kvame, Ida Kvernstrøm og Leon Schläwicke. Bak (f.v.): Christian Laugaland Munthe, Stine-Lise Hetland, Anna Solvang Vadla, Malena Nesvik Altamirano, William Munthe og Christian Laugaland Munthe. Skodespelar Amalie Olsen var ikkje til stades då biletet blei teke. (Foto: Morten Hetland)


I BUTIKKEN: Butikksjefen (Christian L. Munthe) vil at Hildur (Vilde Øvrehus Riveland) betalar med eit kyss. Det likar ikkje Fridtjof (Jake Karlsen). (Foto: Morten Hetland)

JULENISSEN OG NISSEMOR: Leon Schläwicke og Sara Barata spelte rollene som Julenissen og Nissemor i «No er det jul, igjen!». (Foto: Morten Hetland)

INGEN IDYLL: Det er ingen familieidyll når tante Kari (Anna Solvang Vadla, i raudt) kjem. (Foto: Morten Hetland)

Velkommen innom til en hyggelig handel! Coop Prix Hjelmeland 08:30-20:00 (08:30-18:00)

Coop Marked Årdal Coop Marked Vadla 10:00-17:00 (09:00-15:00)

Mitt Hjelmeland 20 |

| desember 2013

ke !

09:00-19:00 (09:00-16:00) Ei

ek t

e smaksoppleving

fr

yl f y åR


Vi er banken for hele Ryfylke - du finner oss i din egen kommune.

Vi er 50 ansatte som er her for å hjelpe deg med alle finansielle behov knyttet til bank, forsikring og eiendomsmegling – enten det gjelder privat eller næring. Du finner oss i Sauda, Sand, Årdal, Jørpeland, Tau, Forsand, Judaberg og Vikevåg. Har du prøvd vår mobilbank for privat eller bedrift? Finn oss online på em1.no og sr-bank.no


e j k k i r e j g s p u t i s 1.000 t a l f n e mag

KOm i form:

Tekst: Bente Tednes Gjil og Svein Carlos N. Gjil Gjil Aktivitetssenter

Styrketrening er ikkje berre for kroppsbyggjande muskelbuntar. Det gjev ein god helsegevinst, og treng slettes ikkje vera så komplisert å koma i gong med. Då treningssentra hadde sin spede start på 70-talet var det for det meste store, svære bodybuildarar dei var meint for. Dette auka i popularitet då stjerner som Arnold Schwartzenegger var eit namn alle kjende til. Bodybuilding går ut på å minske kroppsfeittet og auke muskelmassen, og vi skal ikkje gå inn på dette med reint mjøl i posen her no… Etter kvart vart det fleire vanlege folk som ville trene på treningssenter, både med tanke på kon-

disjonstrening på ulike apparat, men også for å trene styrke. Då ein fyrst og fremst kanskje hadde størst fokus på utsjånad med store, digre musklar på 80-talet, er ein nok i dag meir oppteken av at styrketrening har ein helsegevinst. Det finst ulike formar for styrketrening, men vi vil ta føre oss den type styrketrening som er mest relevant, nemleg det å trene uthaldande dynamisk styrke. Dette er til dømes kor mange armhevingar du greier før du må stoppe. Ein fin måte å trene denne type styrke på er å ha 10-15 repetisjonar i ein serie, og gjerne ha 3 seriar. Situps er nok den forma for styrketrening som ein er mest kjend med, men då må ein ikkje gløyme å styrke ryggen i tillegg. Og la det ikkje vera noko som helst tvil; all verdas repetisjonar med situps vil

Din lokale pianostemmer. Horv a átth Pianoservice

ikkje gjere magen din flat! Du treng ein kombinasjon av både styrketrening og kondisjonstrening. Trenar du styrke vil du få meir musklar, og du vil dermed ha høgare forbrenning generelt. Enkelt og greitt. Ein bør altså på lik linje med kondisjon, også trena styrke. Dette treng slett ikkje vera vanskeleg, og dersom du ikkje har tilgong til apparat og vekter, er ofte det enkle det beste; di eiga kroppsvekt. Ikkje gjer ting så vanskeleg – det er så lite som skal til. Litt er så ufattelig mykje betre enn ingenting. Etter ein joggetur eller rask gange kan du prøve å ta så mange armhevingar du greier. Uansett om du tek fem eller tjue armhevingar, så vil du etter kort tid kunne doble dette. Set deg eit mål, og sjå om du kan greie det. Kvifor vente til 1. januar?

Taxi i Hjelmeland kommune:

915 39 703

Telefon: 924 24 098 E-post: hpiano@online.no

Drivstoff • Kioskvarer • Dagligvarer • Gatekjøkken • Take away

Transport av husholdnings- og industriavfall. Kort- og langtidsleie av containere i Strand og Hjelmeland. tlf. 913 47 764 Mitt Hjelmeland 22 |

| desember 2013

YX Årdal (GEA), 4137 Årdal i Ryfylke • Tlf. 51 75 25 88


Entreprenør Lokaltransport Langtransport Kva kan me hjelpa deg med?

Ullestad og Jansen Transport AS, Viganeset sør, 4130 Hjelmeland | tlf. 51 75 00 55

www.ujtransport.no | lars.gunnar@ujtransport.no Velkommen til

FK butikken Årdal

m-f: 08:00-16:30 l: 09:00-13:00

Hjelmeland Velkommen til vår nyoppussa butikk, med eit breiare vareutval! • Daglegvarer og ferskvarer • Ferske brød kvar dag • Frisk frukt- og grøntavdeling • Delikatesseavdeling • Post i butikk • Tipping Opningstider: Måndag-fredag: 08:30-20:00 Laurdag:

08:30-18:00

Tlf. 51 75 04 11 | Fax. 51 75 02 24

Prestagarden, 4130 Hjelmeland

Me ynskjer alle kundane våre ei god jul og eitt godt nytt år!

Årdalstunet, 4137 Årdal i Ryfylke 51 75 42 30 • butikk.ardal@fkra.no

fkra.no/fkbutikken

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 23


Hjelmeland Bygg AS

er eit frittståande byggjefirma med 15 medarbeidarar. Firmaet leverer handverkartenester som oppføring av nybygg, rehabilitering, tilbygg, påbygg, innreiing, våtrom og asbestsanering.

Kontakt oss for informasjon om våre prosjekt og tenester: • Tlf.: 51 75 11 50 • E-post: postkasse@hjb.no

Har du bustadtomt og vil byggje? Skal du pusse opp eller byggje på? Eller har du ein draum om ny hytte i vakker natur? Me kan hjelpe deg!

TRELASTHANDEL Me driv telasthandel med lagerutsal av byggjevarer i våre lokale i Årdalstunet. Kom innom, eller ring Erling Olsen (tlf. 913 68 131), for å få gode tilbod.

www.byggeriet.no

STILLASUTLEIGE

BETONGAVDELING

Me leiger ut stillaspakkar på 72 kvadratmeter til fast pris.

Me utfører betongarbeid til fornuftige prisar i Hjelmeland, Suldal og Strand. Kontakt betongavdelinga: Dag Jostein Veka (tlf. 911 02 598) eller Olav Sørestad tlf. 982 66 531

For oss er ingen jobb for liten eller for stor! Mitt Hjelmeland 24 |

| desember 2013


P å b y g d ebe s ø k :

y ø g Heli øy i vekst

V

-E

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 25


Trass i mangelen på fastlandssamband har helgøy eit sterkt og variert næringsliv. Innbyggjarane er likevel samde om at ei bru til fastlandet vil sikra ein enklare kvardag og framtidig vekst. Tekst og foto: Morten Hetland og Leon Schläwicke

For tolv år sidan var det berre sju innbyggjarar på Helgøy. Helgøybuen hadde i mange år vore vidgjetne for å produsera store barnekull, noko som det mellom anna blei vitsa om i lokale revyar. Men etter kvart som borna voks til, flytta dei frå den trygge heimen sin på den vel 500 dekar store øya. Sidan Helgøy ligg ytst i Årdalsfjorden, utan fastlandssamband, må du reisa sjøvegen for å besøkja dei trivelege innbyggjarane der. Eitt alternativ er å reisa

slik som Helgøy-folket sjølv må gjera når dei skal frakta bilar og varer til og frå øya: Først ein kjøretur til Tau, så med bilferja til Stavanger, derifrå med kombibåten MS «Lysefjord» via Fisterøyane til Helgøy. Ulempa er berre at turen er éin einaste omveg, og at MS «Lysefjord» berre legg til kai på Helgøy rett før klokka 10:40 på måndagar, onsdagar og fredagar – og at ein må bestilla plass på førehand. Nei, det skal visst ikkje vera enkelt å bu på Helgøy.

Eit enklare alternativ, for oss som ikkje er avhengige av å ta med bilen over til Helgøy, er først å koma seg til Grønvik, fem minuttars kjøretur frå Fister. MS «Helgøy Prinsess», ein av rutebåtane til Helgøy Skyssbåt AS, treng snaue fem minutt frå Grønvik kai til Helgøy kai, akkurat nok tid til å svelgja ein halv kopp med kaffi. Sørvisen er upåklageleg: Det blir verken enklare eller betre, ikkje for oss som kan setja bilen frå oss på fastlandet. Me skulle bli henta med privatskyss på Helgøy. Kort tid etter at MS «Helgøy Prinsess» har lagt ifrå kai, og vendt baugen utover mot Fisterøyane,

< Då Geirmund og Gøril Gilje Helgøy bygde nytt hus på Helgøy, sytte Gøril for å sikra ein arbeidsplass i sitt eige fotostudio i kjellaren. (Foto: Leon Schläwicke)

< Mitt Hjelmeland 26 |

| desember 2013

Kristen Helgøy driv Helgøy Skyssbåt AS saman med faren Jon Arne. (Foto: Morten Hetland)

høyrer me den brummande lyden frå ein eldre varebil oppi bakkane. Bilen kjem nærare i høg fart. Inni bilen sit Geirmund Helgøy. Han bremsar, og stansar like før han kjem heilt ned til nausta. – Der var dokker, ja. Hopp inn, seier han, før han snur bilen og set kursen mot bustadhusa på toppen av den frodige frukt-øya. I bakken oppover mot sivilisasjonen, er det skilta med Paradisvegen i nesten kvar einaste sving. – Heiter det ikkje Helgøyvegen her då? – Jau, kanskje det, men det er jo eit lite paradis likevel, humrar Geirmund, som var den første i neste generasjon

^ Geirmund Helgøy driv eitt av dei to gardsbruka på Helgøy. Her viser han fram éi av dei 18.000 tomatplantene i drivhuset. Geirmund dyrkar òg eple, plommer og moreller, og vinterstid hjelper han til som matros hjå Helgøy Skyssbåt AS. (Foto: Leon Schläwicke)


driv han éitt av dei to gardsbruka på Helgøy, der han dyrkar fram om lag tre millionar perletomater kvart år, i tillegg til eple, plommer og moreller. Fire mål av produksjonen på garden hans skjer i drivhus, medan dei andre frukttrea kan boltra seg i 70 mål med dyrka jord. Familien til Geirmund og Gøril Gilje Helgøy skaffar seg òg inntekter frå fotografverksemda til Gøril. Ho nytta høvet til å byggja fotostudio i kjellaren då dei bygde nytt hus for nokre år sidan. – Kvifor gjekk du med på å flytta til Helgøy, ei øy som ikkje ein gong har har fastlandssamband til sin eigen kommune? – Geirmund stilte meg eit ultimatum: «Meg og Helgøy, eller ingenting». Eg valte

^ Sytten vaksne og atten barn er fordelte på ni husstandar på den litle øya Helgøy. Då dette biletet blei teke var det berre tre av dei vaksne som ikkje var til stades. (Foto: Gøril Gilje Helgøy)

Håkon Helgøy (66) er den eldste innbyggjaren på Helgøy. Han er varaordførar (KrF) i Hjelmeland kommune, og dreng på garden til sonen Geirmund. – Tru det eller ei: Desse epla heiter Håkonseple, smiler han i frukthagen. (Foto: Morten Hetland)

beggje deler, og no likar eg meg veldig godt her. Eg kan ikkje tenkja meg å bu ein annan stad enn på Helgøy, kjem det patriotisk frå Gøril Gilje Helgøy. – Men du som kjem utanfrå, tykkjer ikkje du at det er tungvindt å bu på Helgøy? – Det mest tungvinte med å bu på Helgøy, er at me ikkje har gatelys til å lysa opp i mørket. Då eg budde noko meir sentralt var eg glad i å gå turar om kveldane, så den første vinteren på Helgøy var lang, men eg har vendt meg til det no, seier Gøril, og vedgår at det òg kan vera utfordrande å driva fotostudio utan veg heilt fram til døra. – Eg får gode tilbakemeldingar på bileta mine, men det er nokre praktiske utfordringar som gjer at eg

ikkje kan ta så mange oppdrag som eg vil. No har eg om lag seksti fotograferingar i året, men eg kunne truleg ha tredobla, sukkar Gøril. Ho skjønar ikkje at det skal ta så lang tid å byggja ei bru mellom Helgøy og Mosnes, som ligg om lag 250 meter frå kvarandre i luftline. Gøril er framleis fersk som helgøybu, men den eldste innbyggjaren på øya, Håkon Helgøy (66), har venta endå lenger på bru til fastlandet. Håkon er ikkje i tvil om at ei bru ville ha letta og styrka gardsdrifta på Helgøy. Gardsdrifta på Helgøy avhenger ikkje av viljen eller gjennomføringsevnen til bøndene, nei, arbeidsvit har dei nok av. – Det er ikkje mykje ledig jord på Helgøy. Kvar einaste dyrkbare jordflekk er planta igjen med frukttre, seier

>

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 27

V

helgøybuar som flytta heim for å etablera seg. – Eg flytta heim då faren min blei dårleg i ryggen, og trengde hjelp på garden. Sidan har eg berre blitt verande, fortel Geirmund. Fleire av slektningane til Geirmund har òg valt å flytta til Helgøy, og folketalet har no vokse til 18 barn under 9 år og 17 vaksne frå 66 år og yngre. Dei 35 innbyggjarane er fordelte på ni husstandar i tre generasjonar. I tillegg til dei ni husstandane er det om lag 25 hytter på Helgøy. Helgøy er heimstad for fleire førskulelærarar og sjukepleiarar, éin fotograf, fleire skyssbåtskiprar, éin mekanikar og dessutan gardbrukarar som Geirmund. Geirmund overtok garden, og investerte i nytt drivhus i perioden 2002-2005. No


Geirmund, når me er komne til toppen av øya. – Så snart eitt tre datt ut, var me snare med å planta i eitt nytt tre. Det blei liksom ein tradisjon, utdjupar Håkon. No er Håkon berre dreng på garden til sonen, saman med nokre innleigde utanlandske arbeidarar som hjelper til på fruktgarden i den travlaste tida. Utanom heftar Håkon vekk mykje av tida si som KrF-politikar og varaordførar i Hjelmeland kommune. Han har òg to år bak seg som ordførar i Hjelmeland frå 1990-1991, då han mellom anna fekk æra av å opna den første minibankautomaten i Årdal. Det var store saker på den tida. – Eg har budd på Helgøy heile mitt liv, med unntak av då eg tok lærarutdanninga.

Det var ikkje planlagt å flytta tilbake, men far døydde då eg var i militæret, og broren min – som eigentleg skulle overta garden heime – fekk seg ei gardsjente på Bryne. Eg tok med meg kona mi til Helgøy, og sa at me skulle bu her til broren min, Jon Arne, blei vaksen nok til å overta. Men her bur me framleis, smiler Håkon. Sjølv om han ikkje hadde planar om å busetja seg på Helgøy, tykkjer Håkon det er kjekt at neste generasjon flyttar heim og buset seg. – Eg har trivst her heile tida. Det er først og fremst eit godt oppvekstmiljø på Helgøy, og me har liksom ei eiga ro over tilværet. Sjølv om me ikkje har bru, så har det vore utvikling: Før rodde me barnevogner over til fast-

landet i robåtar, fortel Håkon. – Kva trur du kunne vore betre med eit liv på fastlandet? – Me hadde truleg teke betre vare på det sosiale og hatt fleire kontaktar. Dette har me kanskje gått glipp av ved å bu på Helgøy, trur Håkon. – Eg føler det slik at me blir avskorne frå omverda, legg kona Margaret til. Men sjølv om helgøybuen kjenner seg avskorne frå omverda, er dei paradoksalt nok ein viktig del av reise- og kommunikasjonsmønsteret for folk i denne delen av Ryfylke: Det byrjar etter kvart å bli mange år sidan Jon Arne Helgøy starta med skyssbåtverksemd. – Då eg var ung var båtane berre ei binæring. Etter kvart

som det utvikla seg har eg teke utdanning med tanke på eit yrke innan skyssbåtyrket, fortel Kristen Helgøy, son til Jon Arne, som førebur seg på å overta skyssbåtselskapet. Helgøy Skyssbåt AS har i dag ni årsverk fordelt på fem båtar. Rutebåtkjøring utgjer om lag 35 % av inntektene. – Det er kjekt å kunna skapa arbeidsplassar i eit så lite samfunn, rekk Kristen Helgøy å konkludera, før me må hasta oss tilbake til kaien. Ein blir nemleg avhenging av å halda seg til rutetidene, når ein held til på ei øy utan fastlandssamband. Men, dei får det til på Helgøy, tenkjer me, idet MS «Helgøy Prinsess» legg til kai og me spaserer om bord, fulle av nye inntrykk.

Vil du være med på lakseeventyret?

Marine Harvest er verdens ledende sjømatselskap og største produsent av atlantisk laks. Vi har cirka 10.000 ansatte som arbeider i 22 forskjellige land. Oppdrettsnæringen er Norges nest største inntektskilde og i 2012 hadde vi en omsetning på over 15 milliarder. Marine Harvest er til stede i hele verdikjeden og har et mangfold av stillinger. En aktiv hverdag langs vår spennende kyst! Vi trenger deg som er fagutdannet innenfor Akvakultur

Mekaniske fag

Industri- og næringsmiddelfag

Teknisk utdanning

Elektro

Biologiske fag

Automasjon

Prosessfag

se vår nettside marineharvest.no for mer informasjon

Mitt Hjelmeland 28 |

| desember 2013


r y f y l keb i b l i o teket h j e l m e l a n d p r e s e n te r e r :

Ei bok i kulda

I vintermørkret er krimseriane «Clue» og «detektivbyrå nr. 2» godt lesestoff for barn. det er òg verdt å nemna dei hjartevarmande romanane «over det kinesiske hav» og «mors gaver». Tekst: Grete Haugen Sandvik biblioteksjef

«Over det kinesiske hav» Forlaget skriv om denne romanen at det er «en nådeløs historie som river, rører og ryster», og det kan ein godt vera einig i. Som vanleg tek Gaute Heivoll utgangspunkt i historiske hendingar, og denne gongen får me eit innblikk i psykisk helsevern i Noreg rundt 1940 og i tida etterpå. Eit ektepar i det sørlege Noreg bygger sitt eige «Dikemark», der dei blir ein forpleiningsheim for det dei kallar «åndssvake» Dei tek mellom anna til seg fem søsken frå Stavanger. Egpersonen i boka er sonen i huset, og historia blir fortalt gjennom hans auge. Gaute Heivoll skriv vart og poetisk.

«Gaute Heivoll» Over det kinesiske hav Tiden Norsk Forlag

«Mors gaver» Cecilie Enger tek òg utgangspunkt i faktiske hendingar. Ho ryddar huset etter at mora, som har fått Alzheimer, har flytta på sjukeheim. Ho finn moras gamle lister over julepresangar kvar og ein i familien har fått og gjeve. Gjennom listene minnast ho levd liv, medan mora forsvinn lenger og lenger inn i gløymsla. Bak kvar av gåvene på lista er det gøymt historier. Enger trekk fram desse historiene, og lét oss få leva med tanter, onklar, beste-

foreldre, søsken og søskenbarn, frå utvandring til USA, tilbake til Halden og vidare til Oslo og Asker. Me får delta i kvardagsliv, skulegang, høgtider, sommarferiar, barnefødslar og død, skuffelsar, gleder, kjærleik og tenåringsopprør. Dei fysiske tinga representerer så mykje meir enn tinga sjølv. Forfattaren filosoferer òg over kva det betyr å få og gje gåver. Noko å tenkja over i desse tider. Samstundes som forfattaren hentar fram minner, lever ho i notida og opplever at mora kjem stadig nærare ein uunngåeleg død. Dette er òg ei bok om Alzheimer og om å mista ei mor. Cecilie Enger har skrive ei klok og vakker forteljing, som er personleg, samstundes som ho fortel om norsk kulturhistorie frå nær fortid.

Clue og Detektivbyrå nr. 2 Jørn Lier Horst er godt kjent for sine krimbøker for vaksne, med William Wisting som politiførstebetjent. No har han skrive to detektivseriar for barn: «Clue», som passar for barn i alderen 10-13 år, og «Detektivbyrå nr. 2», som passar for alderen 8-10 år. «Clue» er ein lettlest serie om tre venner som løyser saker med heftige tema som smugling, narkotika, MC-gjengar, våpen og mykje meir. Her er det rikeleg med spenning, og eit kart på første oppslag gjer det lett å følgja med på kor historiene går føre seg. I «Detektivbyrå nr. 2» er det Tiril og Oliver som, saman med sporhunden Åtto, jaktar på kjeltringar i den vesle byen Elvestad. Dette er god og spennande krim både til høgtlesing og til å lesa sjølv.

«Mors gaver» Cecilie Enger Gyldendal

«Operasjon Tordensky» Jørn Lier Horst Gyldendal

«Salamandergåten» Jørn Lier Horst Kagge Forlag

Den store dramatikken uteblir. Ein sit med ei kjensle av at han vil seia noko med skrivemåten sin. Han formidlar ei slags stille undring over dei små hendingane i livet. Men det er òg ei tragisk hending som set djupe spor hjå alle personane i boka.

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 29


U T p å tu r :

ein ettermiddagstur

til Valaheia

Valaheia ligg på ca. 480 meter over havet, rett over bygda ved Steinslandsvatnet. Frå fylkesvegen ser ein berre ein stupbratt fjellvegg, men fjellveggen skjuler eit interessant turområde.

Tekst og foto: Hanne Sundbø

Kva skal du no her? Lufta vettet, vel! Har du ein ettermiddag du treng fritt utsyn for å reinska ut grums frå knotten, og samstundes vil ha effektiv trim, då kan du gjera det her. Du går opp og ned på rundt éin time.

Den litle og særprega heia er småkupert, mest reint berg med lite vegetasjon og nokre småvatn glitrar mot deg. Utsikten mot Stavanger, øyriket og fjord og hav er storslått, og du når opp innan ein halvtimes-times gange i bratt lende. Du ser ned mot Hagalid, og over til Jøsneset med Gunlanuten, der du går opp, til venstre har du Lauvåsen med den store varden, Øksnafjellet ligg bak der igjen.

UTOVER: Frå berga på Valafjellet kan du sjå utover Fisterfjorden, Randøy, Ombo og resten av fjordidyllen.

Korleis koma hit? Du som vil trena i motbakke går sjølvsagt Hagalidvegen opp Kvamebakkane først (3,5 km). Du som har litt mindre tid tek bilen (eller sykkelen for den spreke) til høgaste punktet på Hagalidvegen (ca. 370 m.o.h.). Eit stykke av stien opp følgjer ein bekk, ta difor alltid vasstett skotøy her, uansett årstid er det alltid noko blaut. Ein stav er òg godt å ha på

det brattaste berget. Det er god utsikt mange plassar på vegen opp. Stien er smal, men tydeleg, og går rett opp mot aust frå opplagsplassen. Han er ikkje merka anna enn med raude plastsnorer og nokre raudmåla steinar. Akkurat når du er passe tungpusta, når du øvste nivå. Her bør du henga opp eit skjerf eller anna i eit tre så du finn dette punktet på veg ned igjen: Det er ikkje

NORDOVER: Frå Valaheia er det òg god utsikt mot Jøsneset, Jelsa og vidare nordover.

PÅ AGENDAEN Dei fleste lokalpolitikarane bruker ofte mange ord og lange setningar for å ytra meiningane sine. I denne spalta har dei berre 140 teikn til å leggja fram sine aktuelle politiske bodskap. Mitt Hjelmeland 30 |

SV jobbar for at Hjelmeland kommune skal ha god økonomi og god kvalitet på tenestene også i framtida.

Me vil ikkje bidra til at gjeldsgraden i kommunen aukar så mykje at tenestetilbodet til innbyggjarane våre blir svekka.

Eva Kristin Aune

Lin Veronica Jacobsen

medlem av oppvekstutvalet

medlem av formannskapet

gruppeleiar,

| desember 2013

gruppeleiar,

Opninga av Svotunellen var ei stor glede! Me vil styrka den positive satsinga på vegar, busetjing og næringsutvikling i Ryfylke! Bjørn Laugaland

gruppeleiar,

leiar av helse ogomsorgsutvalet


mange gode plassar å gå ned mellom skrentane, og frå heia er det vanskeleg å sjå plassen mellom furutrea. Nyt utsikten – sjå deg føre På toppen er det få merke. Det er heller ikkje nokon sti rundt heia, men det er relativt lett å orientera seg. Du finn ikkje nokon utprega topp, men mange fine utsiktsberg som du kan nyta ettermiddagssola på. Det er fleire stup eller svært bratt ned mot Bygda. Sjå deg føre! Dersom du går innover heia, mot søraust, vil du finna spor av demningar mellom eit par vatn som gardane på Kvame nytta i gamal tid til å få litt meir fart i kvednene sine langt der nede. Eitt av tjødna litt lengre

nord heiter Firkanten, og du ser lett kvifor. Vil du gå lenger, vil eg tilrå kart, til dømes for gå opp til varden på Lauvåsen, mellom Hagalid og Heggland, og ned til dei gamle tuftene på Låtveit. Her er det ikkje merka sti, berre hjortetråkk her og der. Valaheia bør du prøva i skikkeleg vind, med skyer i vill dans i motlys, men absolutt ikkje i tåke. Sesongen er frå april til november, for berga i heia kan bli svært isete vinterstid. Ver merksam på at namnet Valaheia finst fleire plassar, òg i Hjelmeland kommune. Til neste nummer av Mitt Hjelmeland vil eg utfordra Brit Hauge Apeland til å dela sitt beste turtips.

Idyll: Du kan vel ikkje unngå å lengta tilbake til dette fantastiske synet? Du finn det på Valaheia.

KrF vil redusera kuttet i spesialundervisninga for å betre ta hand om dei svakaste. Ønsker elles alle god jul frå oss i KrF! Håkon Helgøy

gruppeleiar, varaordførar

Me må bli ferdige med omorganiseringar og skapa ro og trykkleik i «rekkjene», samstundes som me må ha ein måtehalden pengebruk. Johan Mjølhus

gruppeleiar,

kommunestyre-

representant

Naturleg kunst: Sola teiknar vakre kunstverk når solstrålene trengjer gjennom skydekkjet.

Kvame og Bygda: Valaheia ligg ovanom Kvame og Hjelmelandsbygda. Her ligg Kvame nærast, og Bygda til venstre.

Me jobbar for tryggheit og trivsel, gode tenester og sunn økonomi. Me vil realisera kunnskapsløftet, sikra arbeidsplassar og forenkla byråkratiet. Trine L. Danielsen ordførar

Ein statsråd frå Frp fekk opna Svotunellen i Tysdalsstranda. Tunellen er trygg, og på toppen av alt utan bompengar, heilt gratis å kjøra i! Ola Ingvaldstad gruppeleiar,

medlem av formannskapet

desember 2013 | Mitt Hjelmeland | 31


Det er gildt å ha

fornøgde kundar! «Hjelmeland Sparebank er veldig gode på personleg sørvis, tilpassa vår situasjon, og me får det slik som me vil ha det. Personleg rådgjevar har full kontroll, og det er herleg når me ikkje er heilt drivne sjølv ennå. Det er òg kjekt at dei støttar opp om det lokale. Ein ser at dei vil bygda si godt.» – Jorunn Nærheim og Tom Kjelsen, Fister

«Familien vår har vore kundar i mange år. Me har vore fornøgde med dei tenestene dei gjev oss, og har aldri hatt noko behov for å byta bank. Ein telefon er nok, så blir saker og ting ordna opp utan noko ventetid.» – Unni Fossaa, Jøsneset

«Eg har vore kunde sidan 1986, og stort sett satt inn pengar og lånt lite pengar. Når eg no trengde å låna nokre pengar så var det ikkje noko problem, og banken var veldig greie. Elles er det òg greitt å ha éin kunderådgjevar å forhalda seg til når ein lurer på noko. Ein liten lokalbank får ein eit personleg forhold til, der ein kjenner omtrent alle.» – Jan E. Bjørnstad, Hjelmeland

Rådgjeving • Sparing og fond • Lån og leasing • Forsikring • Eigedomsmekling

ryfylkemegleren

hjelmeland-sparebank.no Mitt51 Hjelmeland 75 44 00

aktiv.no 51 74 55 00


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.