
1 minute read
Vitus Apotek Fusa
Apoteket på Fjord’n Nærsenter åpna dørene i 2009 som privateigde Fusa Apotek. I 2014 vart det kjøpt opp av Norsk Medisinaldepot og blei dermed eit av dei 300 Vitusapoteka i Noreg. Gjengen som jobbar her består pr. i dag av Milos (Apoteker/farmasøyt), Jelena (farmasøyt) Charlotte (apotektekniker) og Bjørg-Reidun (sjukepleier/apotekmedarbeider).
Gode råd og veiledning
I februar 2020 fekk vi gleda av å flytte inn i nytt, stort og flott lokale, akkurat i tide til pandemien slo til for fullt. Hos Vitusapotek kan du i tillegg til å hente ut medisinane dine, få mange gode råd om vanlige plager som f.eks allergi, forstoppelse, eksem, søvnvansker og ulike hudproblem. Vi tilbyr også gratis inhalasjonsveiledning for dei som er usikre på dette, og medisinstartsamtale dersom du har fått resept på nye medisiner for hjerte/kar sjukdom. Vi har no eit eige samtalerom som blir nytta til m.a vaksinering for dei som har avtalt time til det. Ellers har vi svært mange gode og trufaste kundar som vi set stor pris på. Heimetenesta, institusjonar, legekontor og tannhelsetenesta har vi tett samarbeid med. Eit par gonger i året får vi besøk av elevar frå helsefag ved Fusa Vidaregåande skule som ønsker å finne ut meir om korleis det er å jobbe på apotek.
Kundeklubben VI+
Vi er også veldig stolte av kundeklubben vår; VI+. Dei som ønsker å bli medlem får 1 bonuspoeng for kvar krone dei betaler, både på medisin og handelsvarer, i butikk og på nett. Desse poenga blir etter kvart til verdisjekkar eller bonusprodukt, og i tillegg er det mange gode medlemstilbod og faste fordelar.
Samarbeidspartnarar
Mellom anna samarbeider Vitusapotek med den norske spesialisthelsetenesta Askin for å kunne gi kundane sine eit enda betre tilbod innan hudhelse. Som medlem får du her 20% rabatt. Hudlegane hos Askin gir spesialistkonsultasjon og e-reseptar digitalt. Dei kan hjelpe deg med alt innan hud og samarbeider med fastlegen din om du ønsker det. Som vitusmedlem er det også mulig å bestille abonnement på medisinane dine, der du kan velge om du vil ha dei tilsendt eller klargjort for henting til faste tider. «Klikk og hent» bestillingar blir det også stadig meir av.
God sommar frå alle oss! FAST
