
1 minute read
Kamille
Kamille er ein lokal butikk som driv med sal av sport- og fritidsutstyr, m.m. Nani og Wenche står alltid klare for å finna fram både nyheiter og gode tilbod til deg.
“De har så mykje rart, de har vel ikkje...”, er eit spørsmål me ofte får på Kamille.
Me er medlem av kjedane Ringo (leikar) og Stadion (sport og fritid). Me har og garn og sysaker, gåveavdeling, litt kosmetikk, smykker, og eit utval helsekost.
Hjå oss finn du noko for alle aldrar. Me har Brio, Lego, spill og puslespill, biler, dukker, tegnesaker, uteleiker, basseng og småting som slim og såpebobler til dei yngste.
På gåveavdelinga finn du servietter, lys, lykter, pynt og bruksgjenstander.
Treng du pynte deg litt, har me smykker frå Snø, IsaDora sminke, litt parfyme og kosmetikk. Liker du handarbeid, har me garn, mønster, og sysaker.
På sportsavdelinga har me kjente merker som Bergans, Arcteryx, Helly Hansen, Kari Traa , Tufte, Osprey, Polo, Bliz, La Sportiva, Alfa mm. Gode fritids- og turklær, sko, sekker, bager, kniver, termos, solbriller og turutstyr, er populære ting. Slipstop badetøy og badesko er fine produkt til dei minste. Frå Blend finn du jeans, skjorter, shorts osv. til herre.
Ikkje minst, har me ein stor fiskeavdeling, som er mykje besøkt i tida framover no. Her finn du det meste du treng til fiske i sjø og vatn.
Håper du tek turen innom oss, me set stor pris på alle våre kunder, som gjer at me kan driva butikk på senteret.




