1 minute read

Maran

Next Article
Fargerike Hjelle

Fargerike Hjelle

Maran hadde sin oppstart i Eikelandsosen i 1985 og frå september 1989 har Maran halde til på senteret.

Ein butikk, mange lokale

Søstrene Anne Grethe Håland Berglund og Margun Søraas starta ein rein skobutikk i dei gamle «Meierilokala». Seinare flytta Maran ned til eit større lokale på Neset. Maran flytta fyrst i eit mindre lokale på Fjord’n senter, men ettersom vareutvalget blei utvida med klær, fekk butikken etter kvart overta eit større lokale (tidligare postkontoret sine lokaler).

Viktig med riktig innkjøp Pris og kvalitet var eit viktig fokus ved innkjøp. Solide skoleverandører som Ecco, Viking, Gabor, Høgl, Klaveness, Caprice, Tamaris, Marco Tozzi med fleire har til alle tider vore å finna på Maran. Bibba - eit populært merke for både sko og klær, er eit av dei nye merkene i butikken. Klær blei etter kvart ein like stor og viktig vare for butikken. Kjente merker som: Cream, Kaffe, Kompagniet, Junge, Bloomings, Isay, Micha, Fransa, Skovhus, Kriss, Robell, Bessie og det populære merket JDY med fleire.

Også undertøy og badetøy av merkene Triumph og Trofe er blitt viktig for omsetningen til Maran. Kari, som tidlegare var ansatt på Øvrebø (ein av Bergen sine store undertøy butikkar), innehar ein svært brei kompetanse på dette området.

Trufaste kunder

Anny Sandvik kom etter kvart inn på eigarsida. Kari overtok dette ansvaret frå 2000. I dag er det Kari og Margun som står som innehavere av Maran. Kristin Myrmæl, Wenche Øygard og, nå den sist ansatte, Evelyn Silvestre Våge, gjer alle ein strålande jobb som butikkmedarbeidarar på Maran.

Me har mange trufaste kunder, som støtter godt opp om Fjord’n Nærsenter. Dette er vi avhengig av, og også veldig takknemlege for.

God sommar!

This article is from: