
2 minute read
Sparebanken Vest
Sidan 2019 har Sparebanken Vest vore lokalisert i nye og flotte lokale i 2. etasje på Fjord’n Nærsenter. Linda Haugland Vik, Ann Kristin Gjerde, Anja Riise og Benjamin Norenes står klar for å hjelpa deg med økonomisk rådgjevning.
Moderne lokaler på Fjord’n
Dei aller fleste av oss utfører no tradisjonelle banktenester sjølv, og det er lenge sidan ein måtte besøka banken for å betala rekningar og føra over penger. Våre moderne lokaler er derfor meir tilpassa dagens bankdrift.
I dag er det ofte hendingar i livet som styrer behovet for når ein treng eit møte med banken. Det kan vere i samband med kjøp eller sal av bustad, ny jobb, arv eller andre endringar i familiesituasjonen.
Det er når slike ting skjer det er verdifullt å ha ein lokal rådgjevar som ein kan avtale møte med.
For å sikra at du får god hjelp når du treng eit møte i banken er det viktig å avtale møtetid med oss på førehand. Då kan vi stille mykje betre forberedt og vi sikrar at vi set av tid til berre deg. Linda og Anja er på kontoret i Eikelandsosen mandag, torsdag og fredag. På tysdag
Under marknadsdagen, 3. juni, vil me stå på stand på senteret og kl. 13 blir det utdeling av prosjektmidlar. Slå gjerne av en prat med oss! og onsdag er vi på Os-kontoret. Ann Kristin og Benjamin er ofte innom i Eikelandsosen for å jobbe herfra. Sjølv om vi er på Os, er vi fortsatt tilgjengelege for telefon og videomøter alle vekedagar.
På Os-kontoret er vi til saman 8 dyktige bankrådgjevarar, og har eigne eigedomsmeklarar som både kan ta e-takst og hjelpe med sal av bustad.
Lokal rådgjevar
Linda bur i Strandvik og har til neste år jobba 40 år i lokalbanken.
Anja bur på Fusa og har jobba i banken sidan 2012. Ho hadde eit lite avbrekk i 3 år, og har siste året vore i Sparebanken Vest igjen. Det å ha ein personleg rådgjevar der du bur gjer oss moglegheit til å vera tettare på marknaden og kjenna kundane våre betre. Vi håpar og trur at det gjer ein forskjell. For å avtale møte kan du gå inn på spv.no, ta direkte kontakt med kundesenter på chat eller ringe på telefon 915 05555. Finn du ikkje tid som passar deg, kan du og ta direkte kontakt med rådgjevaren din.
SPAREBANKEN VEST 200 ÅR
Gjennom 200 år har vi stått saman for at livet i Vest skal bli endå litt betre. I 1823 gjekk tre tjenestejenter, to kjøpmenn, én matros og 93 andre heilt vanlege folk i vest saman om noko heilt uvanleg: Å skape ein bank som de eigde i fellesskap. Framleis er det kundane som eig banken. Det som var et fåtal i 1823, har vakse til 290 000 vestlendingar.
SAMFUNNSENGASJEMENT
Inntil 50% av overskotet kan nyttast til allmennyttige formål. Over 2 milliarder kroner i støtte til små og større prosjekt på Vestlandet siste 10 år. Sparebankmodellen er 200 år gamal, men samstundes hypermoderne. Fellesskapet står mykje sterkare enn einskildpersonar, og saman kan vi gjere livet på Vestlandet enda litt betre.


U Tlei Ge
Me drivmed kor t-og lang tidsutleige av containarartilbedrifterogprivate.
Kontaktossforprisarogmeir informasjonomkvamekantilby oglevera.
Ringosspåtelefon56582111eller sendosseinmailpåpost@strandvik.no













VELKOMNE

Hos oss finn du blant anna : Frukttrær – bærbuskar –sommarblomar – vintergrøne planter – staudar – plantejord –bark og gjødsel
Flott utval av ute potter
Utleige: Fres – Plenlufter – plentrommel og diverse anna hagereiskap
Treng du hjelp med planlegging av drøyme hagen eller plante tips?
Opningstider:


P.H. HAUGEN
LANDHANDEL - 5645 SÆVAREID narbutikken.severeid@narbutikken.no TELEFON 94 03 86 35

Handel lokalt
