1 minute read

Capri Restaurant

Next Article
Frisørbua

Frisørbua

Capri Restaurant ligg sentralt midt i Fjord’n Nærsenter. Her blir det servert retter frå det italienske kjøkkenet, og dessutan annan eksotisk mat med internasjonalt preg. Har du nokre spesielle ønske er det berre å gje beskjed.

Capri – Ein smak av Italia!

Bak kassen står gjerne Oktay Erpolat, dagleg leiar. Han overtok drifta for Capri på Fjord’n i 2022, etter svogeren sin, som også driv Capri i Os. Tidlegare arbeidde han som fiskar i 10 år, men forlét fiskenæringa til fordel for det italienske kjøkkenet og pizzanæringa.

Beteninga her på Capri legg stoltheita si i å laga all mat frå botnen av. Me bruker alltid friske råvarer i matrettene våre, og me lagar fersk deig kvar dag, marinerer kjøtt og lager sausar og dressingar etter eiga oppskrift. Me har også glutenfrie og vegetariske alternativ. På varmare dagar har me uteservering, og me har planar om å få opp eit tak og varmelamper der, slik at han kan nyttast utover sesongen.

KVIT PIZZA på menyen!

Kvit pizza, også kjent som «pizza bianca», er ein type pizza som har kvit saus i staden for den vanlege, raude sausen. Kvit pizza har opphavet sitt i Italia, og vart tradisjonelt laget i regionen Lazio. Denne varianten av pizza vart først populær på 1800-talet, og har sidan spreidd seg til resten av verda. Det er ikkje heilt klart kven som oppfann kvit pizza, men det er grunn til å tru at det var kokkar som ønskte å laga ein meir raffinert og elegant pizza. I juni har me på Capri gleda av å ha pizza bianca på menyen!

This article is from: