2 minute read

Welcome Home

Next Article
Sparebanken Vest

Sparebanken Vest

Interiørbutikken og eigar Astri Samnøy har vore på senteret før under navnet “Velkommen” (2006-2016). Sjukdom tvang henne til å ta ein lang pause, så Astri var svært glad då ho fekk komme attende. Med ny giv og nytt navn åpna “Welcome home” same dag som “glasstorget” åpna 17. oktober 2019.

Det vart ein tøff start då pandemien kom kun 5 måneder etter i mars 2020, men me har halde ut og eg må få takke gode kunder for at me kjem gjennom dette. Eg seier kjem og ikkje kom, for me er fortsatt påverka av pandemien. Men me er ved godt mot, for det er tydeleg at kundane likar butikken og vil ha oss her. I butikken jobbar også Hildegunn Øygard og Jofrid Gjelland Bakke.

Butikken

Me er inspirert av coastal living, som har ein lys og avslappa stil. Den passer godt hjå mange, då alt frå handkle, puter, pledd og servise er i nøytrale fargar. Her er mykje kvitt satt saman med duse farger henta frå kysten: som sand, grønn- og blåtonar. Me hentar inn element frå naturen, som til dømes strå og bast i korger, spisebrikker og blomsterpotter. Me har eit godt utval innan kunstige planter og blomar, samt skjell og koraller. Me satsa meir på møblar etter nyåpninga, men grunna auka produksjonskostnader og frakt etter pandemien, har det vore lite av dette det siste året. Men no vil lokalet sakte, men sikkert fyllast opp att med møblar. Me veit det har vore eit sakn, men med “ville prisar” måtte me ta ein liten pause.

Nettbutikk

Mange spør om me held til andre stader, men det er kun ein av oss. Me har ein fysisk butikk og den ligg her i Fjord’n Nærsenter i Eikelandsosen. Men me har ein nettbutikk, så me sender varer til heile Noreg (welcomehome.no). Her vises kun eit utval frå butikken. Ser du noko på vår instagram eller facebook side, men ikkje finn det - ta kontakt, så ordnar me dette.

Kvifor engelsk navn?

“Welcome home” kjem av at Astri (som er utdanna designer) starta å laga sine eigne produkt i 2015 under dette navnet. Sidan ho solgte produkta sine til interiørbutikkar i utlandet, valgte ho eit engelsk navn. For å gjere ting enklare og tydelegare, ynskja eg å samla alt under same navn då me skulle komme attende til senteret: butikk, nettbutikk og mine eigne produkt. Navnet er eit registrert varemerke, så me må bruke det så mykje me kan. For øyeblikket har eg meir planar enn energi, men eigne produkt er noko eg skal jobba vidare med. I dag finn du bl.a. servietter, duftlys og kort med vårt design i butikken.

Hagen - vår lille kafe

Butikken vår skal være ei oppleving å besøka, og me har difor laga ein liten “hage” kor du kan sette deg ned og nyte ein god kopp kaffi eller ein heimalaga smoothie. Alt i kaffimenyen vert laga av nykverna kaffibønner. Me har kakao og eit utvalg téer, samt kalde drikker som smoothie, milkshake og frappé - som me får mykje skryt for! Ynskjer du noko attåt har me lefser, påsmurte rundstykker og smørbrød, bakverk og ulike kaker. Mange er ikkje klar over at me har dette utvalet, ei heller at me har eit stort utval innan is: kule-is, soft-is, sorbet-is, yoghurt-is og bananasplitt.

Stadig fleire kjem innom oss, enten for ein prat eller for å ta bilde foran den flotte blomsterveggen vår. Kafégjestene våre kan og nytte seg av straumuttak, slik at dei kan lade telefonen eller jobba medan dei er her.

Sommar sal

Frå juni til august vil du finna eit flott tilbodsbord utanfor butikken vår. Her fyller me på med både nye og gamle varer som det er sal på gjennom sommaren. “Fine ting til fine prisar” kaller me det, då tilboda ofte er opptil både 50% og 70% rabatt av ordinærpris. Her kan du gjere mange, gode kjøp!

This article is from: