
1 minute read
VELKOMMEN
No er sommaren rett rundt hjørnet og me gler oss til sommarmarknad her på Fjord’n!
Me ser på dette som opninga av sommaren og alt som høyrer til: grilling, solkrem, bading, båtliv, vedlikehald av heim og hytte og sist, men ikkje minst, tid til å nyta det gode livet!
Du har kanskje også lagt merke til at Fjord’n har gått gjennom ei lita fornying i vår? Det er framleis det kjende og kjære, med flotte butikkar og gode tilbod og tenester, men me har endra namn og vorte del av Nærsenter Vest, ei lita kjøpesenterkjede som fokuserer på å møta lokal etterspurnad, ivareta lokale interesser og skapa ein naturleg møteplass for menneska som høyrer til.
Med ny profil, ny logo, nye nettsider og ei lita tilføying i namnet har Fjord’n no vorte Fjord’n Nærsenter!
Det er derfor veldig kjekt å ønskja dykk velkommen til årets sommarmarknad. Butikkane er stappfulle av gode sommartilbod. Det er berre å bla vidare for å finna inspirasjon og læra litt meir om dei fine menneska du møter når du handlar.
Me gler oss over at du les magasinet vårt og håpar me ser deg på marknaden!
God sommar til alle saman frå oss på Fjord’n Nærsenter!
Med vennleg helsing styreleiar Renate Markhus i Fjord’n Senterforening og senterkoordinator Ina Lundekvam i Nærsenter Vest/Montem
Gammalt nærsenter i ny drakt!
Nærsenter-logoen skal mellom anna formidla: samhald, alt du treng, der du handlar, der vegane møtast, tradisjon, lokalt, folkeleg, vennleg, vestlandet, mellom fjord og fjell.
Forma på logoen kan derfor representera fjord og fjell, knutepunktet i midten og vegar som møtes. Den kan assosierast med samlingspunkt under same tak og med tradisjon i form av strikkemønster.