JUBILEUMSBOK • PEER GYNT 25 ÅR PÅ GÅLÅ • 2013 “N’ va god te å skrive denna Ibsen, men é skjønne itte kåfår n´ laut bruke så mange ordtak”! Dette er ei kjent herme etter ein døl som såg Peer Gynt for fyrste gong. Han hadde eit stort poeng. Ibsens ord har med åra vorte ein del av norsk språk. Verdens beste dramatiske tekst har stått seg sidan 1867 og har også tolt framføring på dølamål på Gålå sidan 1989. La oss kalle det eit identitetsuttrykk.
Inntrykk frå alt dette og meir til finn du i denne boka – inntrykk frå scena og bak scena. Dette er ei utruleg teaterhistorie! Henrik Ibsen fekk rett: “Min Bog er Poesi, og er den det ikke, saa skal den blive det. Begrepet Poesi skal i vort land, i Norge, komme og bøje sig efter Bogen”. Denne jubileumsboka syner i tillegg eventyret “Peer Gynt ved Gålåvatnet”.
Manus og foto frå framsyninga
PEER GYNT AS
PEER GYNT VED GÅLÅVATNET
Denne jubileumsboka innheld både Ibsens originale ord og språkforma brukt ved Gålåvatnet desse åra. Håkon Sveen står bak tilrettelegginga til dølamål i denna forma. Bård Gundersen har vore fast fotograf sida 2010, og boka er bygd rundt hans bilde frå kostymeprøver og framsyningar i åra 2010, 2011 og 2012. I tillegg er sidene krydra med fotografi frå tidlegare år. Per Tofte var den fyrste “Døla-Peer” i seks år før Svein Sturla Hungnes spelte Peer frå 1995. Han har også hatt regien og har spelt hovudpersonen fram til Dennis Storhøi tok over i 2006.
PEER GYNT ved Gålåvatnet Manus og foto frå framsyninga