

Tryggheit i felleskap
Når eg blir ordførar i Luster, lovar eg å vera ordførar for absolutt alle!
Me er ein flott kommune med mykje å vera stolte over, Luster er ein god kommune å bu i. Med entusiasme, respekt og klokskap skal me saman ta vare på det Luster har av ressursar og tilbod, utvikla Luster til ein trygg og framtidsretta plass å leva gode liv. Mangfald og utvikling, saman med tradisjonar og tryggleik, skapar gode bygder og møteplassar.
Eg vil vera ute der folk er, lytta, snakka med store og små, den beste utviklinga skjer i møte mellom menneske, ikkje i lukka fora for dei få. Eg er oppteken av heilskapen. Eg meiner eit seriøst arbeidsliv, ein god fellesskule og gode kommunale tenester for eldre og svakare stilte er viktig. Sikre sterke velferdstenester for alle.
Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk. Me løyser oppgåver best i fellesskap, med respekt og tillit til kvarandre.
Eg er stolt av det mannskapet på lista vår, dei er viktige lyttepostar og bodberarar. Bruk oss!
Me skal prioritera klima, miljø og folkehelse i alt arbeid i Luster kommune.
Godt val, gode lustringar!
Gunn Beate Thorsnes Lefdal ordførarkandidat«Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk. Eg trur me løyser dei ulike oppgåvene best i fellesskap, der me har respekt og tillit til kvarandre.


DEI FIRE NESTE ÅRA
Det viktigaste
1 2 3 4 5
BARN OG UNGE
kjempa imot barnefattigdom i Luster
DESENTRALISERT TILBOD
sikra eit godt desentralisert tilbod med god kvalitet i barnehage, skule og helse- og omsorgstenesta
VELFERDSTILBOD
alltid prioritera velferdstilboda til borna, ungdomane og dei eldre
FØREBYGGING
satsa meir på førebyggande arbeid
TILFLYTTING
satsa på tilflytting - særleg ved å
leggja til rette for bustadbygging og
barnehageplassar
Valprogram 2023-2027
BARN OG UNGE
• sikra barn og unge gratis tilgang til Lustrabadet og fri bruk av heisane på Sogn Skisenter i skuleferiane
• styrkja rusfrie møteplassar for ungdommane
• gje barn og unge rabatt ved bruk av treningsssenter, Lustrabadet, Sogn Skisenter og tilsvarande

• støtta opp arbeidet for meir openheit og kunnskap om barnefattigdom
• gjera aktivitetar i barnehage, skule og fritid tilgjengelege for alle barn og ungdom uavhengig av økonomi.
OPPVEKST OG OPPLÆRING
• gje lærarar og barnehagelærarar tid til å vera pedagogar ved å auka grunnbemanninga i aldersgruppa 0-10 år
• sikra løpande opptak i barnehagen frå 1.februar til 1.juli når ledig kapasitet
• stø opp økonomisk om ulike aktivitetsparkar, rusfrie arrangement og andre sosiale møteplassar for barn og unge
• sikra at Luster kommune er langt framme på IKT i skule og barnehage
• utvida opningstida i barnehagen ved å auka bemanninga
KULTUR, IDRETT OG FRILUFTSLIV

• jobba for realisering av kulturhus/fleirbrukshus i Gaupne og fleirbrukshall/aktivitetsanlegg på Hafslo
• utvikla den interkommunale kulturskulen ved å overta vertskommuneansvaret, alternativt starta eigen kommunal kulturskule
• vidareføra dagens gratisprinsipp for lag og organisasjonar ved bruk av kommunale bygg.
• ha gode tilskotsordningar med særleg vekt på aktivitetar for barn og unge
ARBEIDSGJEVARROLLA
• setja i verk gode tiltak for å halda på eksisterande medarbeidarar
• styrka den unike trepartsmodellen tillitsvald –politisk nivå – arbeidsgjevar
• sikra rett til heile stillingar i alle stillingskategoriar
• få tilbake retten til mammografipermisjon med løn
NÆRINGSLIV
• ha fleire lærlingplassar i Luster og vidareføra støtta til sysselsetjingstilbod for ungdom
• bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre kommunane i regionen
• krevja at interkommunale og regionale arbeidsplassar vert plasserte i Luster kommune
• støtta opp om eksisterande og jobba for nye kontorfellesskap i heile kommunen
• styrka næringsapparatet lokalt i Luster
REISELIV
• støtta utvikling av ei heilårs, berekraftig reiselivsnæring
• sikra at Luster kommune har særleg god kontakt med næringsaktørar i reiselivet og tek ansvar for å vidareutvikla Luster som turistmål
• føra ein politikk som tek omsyn til verdsarvstatusen til Urnes stavkyrkje
• støtta opp om Wittgenstein i Skjolden som eit internasjonalt reisemål
LANDBRUK
• halda på målretta støtteordningar i landbruket som bidrar til å nå klimamåla
• stimulera til at fleire kan få overta gardsbruk og stramma inn praksisen med lange dispensasjonar ved eigarskifte
• frukt og bær framleis skal vera eit
satsingsområde for Luster
• jobba for at landbruket i Luster blir tilpassa klimaendringane
HELSE, OMSORG OG BEREDSKAP
• ha eit godt og framtidsretta legevakttilbod
• støtta utviklinga av nytt helsesenter/helsehus i Gaupne
• satsa på ein framtidsretta eldreomsorg
• organisera lokal skyssordning til omsorgssentera
• fortsetta satsing på rus og psykiatritenesta i kommunen
KLIMA OG MILJØ
• skapa eit kollektivtilbod ein kan bruke til pendling til Sogndal og Leikanger
• støtta teknologiske investeringar som reduserer utsleppa frå landbruket og andre næringar
• arbeida for landstraum til cruiseskip
TILFLYTTING OG FOLKETALSVEKST
• til ei kvar tid ha ledige bustadtomter til attraktive tomteprisar over heile kommunen
• sikra heilskapleg vidareutvikling av Hafslo som tettstad, særleg sentrum med billagstomta
• gjennomføra og vidareutvikle vedtekne planar for sentrumsopprusting
• sikra at tilgang til barnehage ikkje vert til hinder for rekruttering og tilflytting
NYSKAPING
• støtta opp om lokale arrangement i regi av frivillige organisasjonar
• auka satsinga på IKT og digitale tenester
FULLSTENDIG VALPROGRAM
luster.arbeiderpartiet.no/politikken
Grunnlaget for Luster Arbeidarparti er arbeidar- og småbrukarlaga stifta i første del av 1900-talet i kommunen. Dette var organisasjonar for småkårsfolket, lausarbeidarar, anleggsarbeidarar og ikkje minst for husmenn og andre plassfolk. Luster Ap har tradisjon for å tala saka for dei som treng det mest.

• jobba for utbygging av fibernett og høghastigheits mobilnett (5g) til alle innbyggjarar og næringslivet i kommunen
• revitalisera arbeidet med kommuneplanar og ha meir medverknad frå innbyggjarane, næringslivet og ungdommen spesielt
SAMFERDSLE
• jobba for raske og gode pendlarruter til og frå Gaupne, Sogndal og Leikanger, og internt i kommunen.
• fortsetja å arbeida for opprusting av fylkesveg 55 gjennom kommunen, med strekninga Nes–Fortun som førsteprioritet
• vera pådrivar for å halda fram, og om mogeleg forsera rassikringsarbeidet på fylkesvegane
• vera pådrivar for regional samferdsleutvikling. Særleg med tanke på god vegstandard, vegvedlikehald, utvikling av flyplassen i Sogndal og eit godt ferjetilbod
• arbeida for fleire og meir samanhengande gang- og sykkelstiar
Kandidatane våre































