1 minute read

Tryggheit i felleskap

Når eg blir ordførar i Luster, lovar eg å vera ordførar for absolutt alle!

Me er ein flott kommune med mykje å vera stolte over, Luster er ein god kommune å bu i. Med entusiasme, respekt og klokskap skal me saman ta vare på det Luster har av ressursar og tilbod, utvikla Luster til ein trygg og framtidsretta plass å leva gode liv. Mangfald og utvikling, saman med tradisjonar og tryggleik, skapar gode bygder og møteplassar.

Advertisement

Eg vil vera ute der folk er, lytta, snakka med store og små, den beste utviklinga skjer i møte mellom menneske, ikkje i lukka fora for dei få. Eg er oppteken av heilskapen. Eg meiner eit seriøst arbeidsliv, ein god fellesskule og gode kommunale tenester for eldre og svakare stilte er viktig. Sikre sterke velferdstenester for alle.

Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk. Me løyser oppgåver best i fellesskap, med respekt og tillit til kvarandre.

Eg er stolt av det mannskapet på lista vår, dei er viktige lyttepostar og bodberarar. Bruk oss!

Me skal prioritera klima, miljø og folkehelse i alt arbeid i Luster kommune.

Godt val, gode lustringar!

Gunn Beate Thorsnes Lefdal ordførarkandidat

«Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk. Eg trur me løyser dei ulike oppgåvene best i fellesskap, der me har respekt og tillit til kvarandre.

– Gunn Beate Thorsnes Lefdal

DEI FIRE NESTE ÅRA