Luster Arbeidarparti - stem inn ein ungdom - kommunevalet 2023

Page 1

LUSTER ARBEIDARPARTI Stem inn ein ungdom 11. september Dette vil me gjera for ungdommane i Luster 2023-2027

Hei alle førstegongsveljarar i Luster!

Eg er Helene og eg er ein stolt hafslobøgding. I tillegg er eg ungdomskandidaten til Luster Arbeidarparti i år, noko eg tykkjer er kult og spenstig av partiet! Eg er ein aktiv og sosial 20-åring, som er glad i famile og venner. Eg likar tur i fjell og på ski, og er lysten på opplevingar.

Det at eg er ungdomskandidat er ein gylden moglegheit for meg til å bidra med unge tankar og eit ungt syn på viktige saker i kommunen. Eg vil arbeide for at me unge skal bli høyrde og fremje sakene som handlar om oss.

Det er difor viktig for meg at alle som kan bidra med stemma si, gjer dette ved valet i år! 11. september 2023 er ein dato eg vil de skal merke dykk. Det er datoen for kommune- og fylkestingsvalet. Det er ein viktig dag der me innbyggjarar kan ha ein innverknad på korleis me vil at bygdene våre og samfunnet vårt skal bli styrt.

Eg vil difor gi ei påminning til alle unge som skal stemme for første gong, til deg som ikkje har planar om å stemme, og deg som ikkje vil stemme eller som er usikker.

Arbeiderpartiet jobbar for at unge skal trivast i kommunen sin, bli sett og høyrde. Me vil halde fram arbeidet med å gjere Luster til ein attraktiv og trygg kommune å vekse opp i, bu i eller flytte til.

2

Eg oppfordrar deg difor til å bruke røysteretten din. Stem gjerne på Arbeidarpartiet dersom du synest at me har dei beste sakene og politikken.

Godt val!

3

LUSTRAVALET ER DITT

Sakene våre for lustraungdommen

BARN OG UNGE

sikra barn og unge gratis tilgang til Lustrabadet og fri bruk av heisane på Sogn Skisenter i skuleferiane, jobbe for billegare billettar for born og unge ved treningssentra i kommunen, Lustrabadet, og Sogn skisenter.

styrkja rusfrie møteplassar for ungdommane, bland anna støtta godt opp om ungsomsklubbane som er opna i år, og andre arrangement for born og ungdom.

støtta opp arbeidet for meir openheit og kunnskap om barnefattigdom

gjera aktivitetar i barnehage, skule og fritid tilgjengelege for alle barn og ungdom uavhengig av økonomi, blant anna ved å jobba for styrka kollektivtilbod, og styrka ordning med «heim for ein 50-lapp»

fortsette med gratis bruk for lag og organisasjonar av kommunale bygg for å gjera det billegast mogleg å delta på aktivitetar.

4

førebygga psykisk sjukdom ved å sikra kvar elev ein vaksen å snakka med når dei treng det (helsesjukepleiar/ miljørettleiar/ ungdomslos av begge kjønn)

rett og nok kompetanse i helse og omsorg

MILJØ

redusere klimautslepp

skapa eit kollektivtilbod ein kan bruke til pendling til Sogndal og Leikanger

støtta teknologiske investeringar som reduserer utsleppa frå landbruket og andre næringar

arbeida for landstraum til cruiseskip

5

NÆRINGSLIV OG FOLKETALSVEKST

auke trivsel ved å bu her, hindre fråflytting og auke tilflytting

ha fleire lærlingplassar i Luster og støtta tiltak som skapar aktivitet og arbeid for ungdomen

bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre kommunane i regionen. Og som gir eit tilbod som samsvarar med det ungdommen sjølv ønskjer

rekrutera ny arbeidskraft til kommunen og legge til rette for at eksisterande og nye innbyggarar, ynskjer å bli verande

til ei kvar tid ha ledige bustadtomter til attraktive tomteprisar over heile kommunen

6

Ungdomskandidatane våre

Bli meir kjent med oss

luster.arbeiderpartiet.no/ representanter

7
4. HELENE SELLAND 2003, Hafslo 13. MINA CHRISTINE TANGERUD ØLNES 2003, Hafslo 14. JONE HOVLAND VIGDAL 2004, Jostedal 9. SYNNE NES VEUM 1998, Indre Hafslo 10. LARS JØRGEN KJÆRVIK 1995, Gaupne 27. ANTONETTE HERMANSEN 1994, Hafslo
Presentasjon av listekandidatane luster.arbeiderpartiet.no/representanter Fullstendig valprogram 2023-2027 luster.arbeiderpartiet.no/politikken VIL DU BLI MED PÅ LAGET? SEND <AP> TIL 2077 ELLER ARBEIDERPARTIET.NO/BLIMEDLEM facebook.com/LusterAp instagram.com/lusterarbeidarparti luster.arbeiderpartiet.no
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.