2 minute read

80 Høgreforslag til ungdomsskulen

Stortinget ønsker ei reform i ungdomsskulen.

Høgre har no lansert 80 forslag, og vil mellom anna ha meir naturfag, meir nivådeling og teste ut ungdomsskule frå 7. trinn.

Det er eitt år sidan Høgre foreslo ei reform for ungdomsskulen og eit samla storting stilte seg bak forslaget der det mellom anna vart trekt fram ein meir praktisk skule, større rom for fagleg fordjuping, meir motiverte elevar, tidleg innsats over heile linja og ein betre overgang mellom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring.

Manglar Det Grunnleggande

Høgre lanserte i januar 80 politiske forslag til ny ungdomsskule. På pressekonferansen sa Jan Tore Sanner at desse 80 forslaga er ein meny, og han ser no fram til å høyre kva Støre-regjeringa vil legge fram av forslag til ein fornya ungdomsskule i løpet av det næraste året.

– Mellom dei største utfordringane i ungdomsskulen er at ein av fire elevar i 8. klasse manglar grunnleggande ferdigheiter i lesing, og at ein av tre slit i rekning. Det er også for høgt fråvære i ungdomsskulen, motivasjonen dalar, og elevane er ikkje godt nok budde på å starte i vidaregåande opplæring, sa han.

Reverseringar I Revers

Ikkje uventa vil Høgre reversere reverseringane til sitjande regjering. Dei ønsker å gjeninnføre

Ti forslag

Her er ti av forslaga Høgre har lagt fram:

• forsøk med ungdomsskule frå 7. klasse

• ein ekstra time per veke i naturfag

• plikt til å gi intensiv opplæring til elevar med svake grunnleggande ferdigheiter

• ta meir i bruk tidsavgrensa nivådeling i fellesfaga

• innføre eit nasjonalt fråværsregister

• innføre kompetansekrav til rådgjevarar i skulen.

• innføre eit obligatorisk yrkesfagleg valfag

• innføre ein tverrfagleg prosjekteksamen

• behalde krav til fordjuping i norsk, matematikk og engelsk og vurdere å innføre kompetansekrav i fleire fag

• gjeninnføre lærarspesialistordninga og etablere fleire karrierevegar i skulen kompetansekrav for å undervise i norsk, matematikk og engelsk, og dei vil gjeninnføre lærarspesialistordninga. Høgre foreslår også eit fråværsregister for ungdomsskulen. Det skal ikkje vere ei fråværsgrense, men det bør vere ei plikt til oppfølging og særskilde tiltak retta mot bekymringsfullt fråvær. Høgre fredar også nasjonale prøver og PISA.

– I løpet av 13 skuleår er det 15 timar som går med til nasjonale prøver og dei ulike internasjonale testane vi deltek i, sa Sanner.

– Det kjem sikkert fleire gode forslag når vi no startar å diskutere ei utvikling av ungdomsskulen, men vi ser på dette som ein god start, sa Sanner. Han ser no fram til ein dialog med sektoren.

T Ffare P Kompetansekrav

Høgre vil gjeninnføre kompetansekrav for dei som underviser i norsk, engelsk og matematikk, og vil også ha kompetansekrav for rådgjevarar i skulen, men leiaren i Lektorlaget skulle ønske dei gjekk lenger. Helle Christin Nyhuus saknar endå tydelegare signal frå Høgre om å innføre kompetansekrav for å undervise i fleire fag.

– Høgre vil berre vurdere å innføre kompetansekrav i fleire fag. Her kunne eg godt ønske at dei var endå tøffare, seier ho. Norsk Lektorlag har ein klar politikk på at det bør bli innført kompetansekrav for å undervise i alle fag og på alle trinn.

– No skal vi gå gjennom denne ganske omfattande lista av forslag frå Høgre i organisasjonen, seier Nyhuus.

Kommunepolitikere samles over det ganske land for å diskutere strategi. Tør de å prioritere elever og lærere i år?

This article is from: