
2 minute read
NEDSLÅANDE MOBBETAL
Elevundersøkelsen 2022
Elevundersøkelsen 2022 vart gjennomført i fjor haust, og om lag 460 000 elever har svart, den høgaste deltakinga noensinne.
MOTIVASJONSFALLET
Dei fleste elevane svarer at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, at dei opplever meistring, og at dei får støtte frå lærarane. Meir enn åtte av ti elevar seier dei trivst godt på skulen. Dette til trass, stadig fleire elevar melder om lite motivasjon i skulearbeidet. I 2018 svarte 76 prosent av elever i 7. klasse at dei var motiverte til å lære i alle eller mange fag. Fire år seinare er talet 61 prosent.
MEIR MOBBING
Det mest alvorlege som blir avdekt av Elevundersøkselen, er likevel mobbetala. Trenden med lågare mobbing rapportert i 2018–2020, har altså snudd i år. Andelen elevar som opplever mobbing, har auka på alle trinn frå 2021 til 2022. Mobbing er mest utbreidd blant dei yngste elevane. På 7. trinn svarer 10 prosent at dei har vore utsett for mobbing, medan andelen på vg1 er 4 prosent.
MEIR DIGITAL MOBBING
Sidan 2019 har andelen som har opplevd digital mobbing to–tre gongar i månaden, hatt ei bratt stigning for 7. klassingane – frå 2 prosent i 2019 til 3,8 prosent i 2022. Tidlegare var det dei eldste elevane som opplevde å bli mobba digitalt, men denne trenden har snudd.
MOBBA AV VAKSNE
1000 elevar i vg1 (1,7 prosent) svarer i Elevundersøkelsen at dei har opplevd å bli mobba av ein vaksen på skulen dei siste månadene. På vg3 er dette talet halvert.
På 10. trinn svarer 1600 elever (3 prosent) at dei opplever å bli mobba av ein vaksen på skulen, medan det tilsvarande talet er 880 (1,5 prosent) på 7. trinn.
Talet på elevar som svarer at dei opplever mobbing avtek med stigande årstrinn. Det er dobbelt så mange elevar som opplever at dei har blitt mobba på 7. trinn, som på vg1. Skilnaden mellom trinna har auka dei siste åra. Det kjem av at mobbing på 7. trinn auka under koronapandemien, medan det gjekk litt ned på 10. trinn og vg1 i same perioden.
7. trinn
9,9 prosent opplever mobbing
84 prosent trivst på skulen
61 prosent er interessert i dei fleste faga
47 prosent liker skulearbeidet godt
57 prosent gler seg til å gå på skulen
10. trinn
7,4 prosent opplever mobbing
82 prosent trivst på skulen
60 prosent er interessert i dei fleste faga
34 prosent liker skulearbeidet godt
47 prosent gler seg til å gå på skulen
Vg1
4,1 prosent opplever mobbing
88 prosent trivst på skulen
71 prosent er interessert i de fleste fagene
47 prosent liker skulearbeidet godt
61 prosent gler seg til å gå på skulen
Mobbing på vidaregåande skule (prosent og antal)
Er du blitt mobba av andre elevar på skulen dei siste månadene?
Er du blitt mobba av vaksne på skulen dei siste månadene?
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadene?