1 minute read

Det nærmar seg nemnd

Den 13. februar avgjer Rikslønnsnemnda kva lærarar og lektorar

skal få i lønnsauke.

Måndag 13. februar skal lærarorganisasjonane og KS møte i Rikslønnsnemnda. Alle dei tre organisasjonane som var i streik i fjor haust, Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund, skal møte klokka 09.00.

Alle partane har sendt inn skriftlege innspel og skal også halde innlegg for nemnda før denne tek ei avgjerd. Denne vil ha same verknad som ein tariffavtale.

Etter at regjeringa stoppa streiken 27. september, hamna arbeidskonflikten mellom KS og Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag i tvungen lønnsnemnd. Rikslønnsnemnda, som er oppnemnt av regjeringa og har seks faste medlemmer, får berre konfliktar på bordet der partane er langt frå kvarandre.

Same Som Dei Andre

Det vil ikkje kome som ei overrasking dersom Rikslønnsnemnda landar på det same resultatet som alle dei andre organisasjonane i KS har sagt ja til i meklinga. Det står nemleg i retningslinene til Rikslønnsnemnda at dersom det finst eit forhandlings- eller meklingsresultat, så er det som hovudregel dette nemnda stadfester.

Kva er det i så fall som blir resultatet? 37 av

HELLE CHRISTIN NYHUUS

40 organisasjonar sa ja til eit tilbod frå KS som betyr at lektorane med lengst ansiennitet vil få ein lønnsvekst på 3,4 prosent – langt under frontfaget, som hadde 3,7 prosent.

PRESENTERER KRAVET

Leiar i Norsk Lektorlag, Helle Christin Nyhuus, vil ikkje forskotere behandlinga i nemnda, men ho har tidlegare sagt at ho har forventningar om at nemnda tar misnøya til alle landets lærarar og lektorar på alvor.

– Det er ille om KS får påskjøning for passiviteten dei viste i lønnsoppgjeret, meiner ho. No førebur ho seg til å møte i nemnda og legge fram kva krav Norsk Lektorlag hadde i lønnsoppgjeret, og argumentere for kvifor organisasjonen ikkje kunne godta eit lønnstilbod frå KS der dei med lengst utdanning og lengst erfaring i skulen fekk det dårlegaste tilbodet.

I lønnsoppgjer det det ikkje vert konflikt, får dei kommunetilsette ny lønn frå og med 1. mai. Dette blir nærare eit år forseinka. Etter at Rikslønnsnemnda har handsama dei tre lærarorganisasjonane si sak, må kommunane rekne ut kva den enkelte tilsette skal ha. Kor mykje dette blir, vert altså avgjort måndag 13. februar.

This article is from: