Kvinnheradferie 2017

Page 1

D A R E K VI N N H GR ATIS FERIEAV IS SOM M A R EN 2017


2

KVINNHERAD-FERIE 2017

Sommar i Kvinnherad Ingenting er som sommar i Kvinnherad på ein godvêrsdag. Då finn du neppe liknande paradis i verda. Tenk i strålande sol å sitja i 20 grader på toppen av Melderskin og sjå utover hundrevis av både skuleog kyrkjesokn. Eller nyta ferske reker i strandkanten på eit svaberg i Uskedalen, og berre drøyma seg vekk. For andre er ingenting betre enn å slappa av om bord i båten som ligg i ei av dei flotte båthamnene i kommunen, medan du høyrer lyden av ungar som leikar og badar. No er det dessverre ikkje slik at sommaren er full av solskinsdagar på vår kant av verda, men sommaren kjem uansett og Kvinnherad har nok å by på anten det er grått og småkaldt eller sol frå skyfri himmel. I årets sommaravis har vi prøvde å gje både deg som bur her fast, og deg som er vår sommargjest, eit lite innblikk i både kva som skjer og kva vi har å by på her i kommunen.

Sjølv om selskapet Rosendal Event vart etablert sist sommar, er det denne sesongen som blir «elddåpen» for ekteparet Sjur og Laila Langesæter. Frå og med 24. juni har verksemda faste turar og aktivitetar. Tekst: Jorun Larsen

For første gong kan vi mellom anna invitera på besøk i Folgefonnsenteret, som vart opna av Statsminister Erna Solberg i mai. Dette er ein stad som er vel verd eit besøk anten du er turist eller kvinnhering. Der er det mykje å læra om natur og kultur, og absolutt ein stad ein bør bruka nokre. Kvinnherad har som mål å bli ein av dei stor festivalkommunane i landet. I sommar er det fleire mindre festivalar i kommunen, og rosina i pølsa er sjølvsagt Festidalen i Uskedalen, som er den største og som trekkjer flest folk. Her kan du få med deg alt frå føredrag av internasjonal kvalitet, unge lovande musikarar og ikkje minst musikk for ein kvar smak på kveldstid. Ta turen du òg! Velkommen til Kvinnherad

«ROSENDAL EVENT»

Skreddarsyr opplevingar for turistane

Kvinnheradferie BILAG TIL KVINNHERINGEN 14. JUNI 2017 Distribuert til alle husstandar i Kvinnherad, Odda, Jondal, og Skånevik Opplag: 15.500 Utgjevar og grafisk produksjon Redaktør: Tomas Bruvik Epost: redaksjon@kvinnheringen.no Layout/design: Vidar Håland Rotasjonstrykk: Schibsted Trykk På framsida: Ein vandrar nyt utsikta mot Tysnesfjella. (Foto: Jorun Larsen).

Sjur og Laila Langesæter gler seg til å visa fram den flotte naturen i Kvinnherad til turistar og grupper i sommar. Dette bildet er teke på Skjethaug, med utsikt mot Malmanger­nuten og Rosendal. (Foto: Privat).


KVINNHERAD-FERIE 2017

3

Kvar onsdag i sommar kan ein ta turen til Malmangernuten, 890 m.o.h., saman med Sjur og Laila Langesæter i Rosendal Event. (Foto: Privat).

er noko dei set ære i, og tek med seg inn i Rosendal Event. – På 80-talet hadde SAS smilekurs, noko mange såg på som tåpeleg. Å læra å smila, liksom, fortel Sjur og Laila, og held fram: – Vi vil vidareføra smilet – det gjer jo at folk føler at dei blir sett. Menneskelege verdiar har faktisk mykje å seia, og kanskje spesielt i turistnæringa.

Dei gode historiane

– Dette er ei bygd og eit område med enormt potensiale. Mange kjem inn til Rosendal med Rødne-­båten, blir her i nokre timar, og reiser igjen. Vi ønskjer å leggja til rette for å auka verdiskapinga, med å få turistane til å bli her litt lenger. Det vil vi gjera med å vera eit godt vertsskap, møta turistane med inspirasjon, og gi dei heile pakkar med overnatting og ulike opplevingar. Det er veldig mange engasjerte, nye firma i området her, og vi vil knyta nettverk og samarbeida med aktørar som finst i regionen, fortel Laila og Sjur engasjerte frå sitt kontor i Guddalshuset i Skålagato.

Fjord, fonn, fjell Kvinnherad, og spesielt Rosendal og bygdene vidare inn i fjorden, ligg i eit område som gjerne vert marknadsført

som ein del av Hardanger med fjord, fonn og fjell, medan dei ytre delane av kommunen lettare vil falla innunder parolen til Sunnhordland, med kyst, øyar og svaberg. Når Rosendal Event knyter kontaktar, gjer dei det mest mot Hardanger. Dei føler nemleg ikkje at det blir heilt rett kontekst å selja Rosendal som eit «kystperlerike», og synest reisemål Hardangerfjord serverer ein meir passande kontekst. Dei hadde nyleg med seg ei gruppe på tur til Utne, og vitja garden som produserer Alde Sider. – Vi har f leire kontaktar utover fjorden også, mellom anna har vi hatt møte med Halsnøy Kloster og Haaheim Gard. Men per no har vi i grunn nok med å fokusera på området her, fortel Sjur. Og Rosendal er ei bygd som byr på mange flotte aktivitetar. I sommar arrangerer dei faste turar kvar veke.

– Kvar måndag køyrer vi til dømes Trolltunga, og elles skal vi ha turar til Guddalstunet og Malmangernuten. Vi legg opp til dei turane kundane våre ønskjer, og samtidig får vi brukt dagane på det som er kjekt for oss. – Å vera aktive saman med folk? – Ja, det er jo dette vi vil nytta dagane våre til. Her finst flott natur å visa fram, og når vi legg opp til aktivitetar vi sjølve likar, blir det berre kjekt! slår han fast.

Smil! Både Sjur og Laila har mange års erfaring frå flyselskapet SAS, der Sjur var pilot og Laila flyvertinne. Det kjem dermed ikkje som noko stor overrasking at ekteparet likar å reisa. Med arbeidsbakgrunnen deira har dei i tillegg fått solid opplæring i service, og begge deler

Sjølv om Sjur kjem frå Kvinnherad, har han budd vekke i over tretti år. Laila kjem frå sørlandet, og er berre tilknytt Kvinnherad gjennom ekteskapet med Sjur. For å kunna svara på spørsmål om turar og attraksjonar, samt fortelja historia bak stadnamn og stiar, har dei fått god hjelp av nokre røynde historieforteljarar: Kåre Eik og Kaare Skaala. Kontoret deira i Guddalshuset ligg like ved det nye Folgefonnsenteret, der mellom anna turistkontoret held hus. – Det er eigentleg lite som skal til for å oppnå verdiskaping her, både for turistane, men også for næringslivet. Om vi klarar å halda dei her ei natt, vil det merkast. Tenk kor mykje det vil merkast dersom vi klarar å halda dei i området i ei veke, skisserer Sjur. Når Folgefonnsenteret no er ferdig, har kaien samtidig fått eit enormt løft reint visuelt. Sidan mange turistar kjem sjøvegen til Rosendal, vert kaien innfallsvinkelen. Vidare håpar ekteparet at det vert gjort fleire grep med kaiområdet, slik at førsteinntrykket vert fullverdig imøtekomande. – Det er blitt kjempeflott med Folgefonnsenteret, men det er framleis ein del å gjera på kaien. Det er jo ikkje noko offentleg toalett her, det burde det absolutt vore her. Mottakarapparatet burde vore betre, slår Sjur fast.

Drikke rett frå bekken – Vi vil visa fram dei flotte turane. Til dømes er det jo budeier på Kjeldestøl, der ein får servert ekte kokekaffi og ferske mjølkekaker av damene som er utkledde som budeier, utbryt Laila ivrig. – Berre det å visa fram at ein kan gå til bekken og drikka vatnet med hendene sine, held ho fram, og legg nevane sine saman som ei skål. Rosendal Event tilbyr ikkje berre daglege turar, men syr også saman pakkar for fleire høve. «Kick-off» og «teambuilding» for bedrifter, utdrikkingslag, pensjonistturar, med meir – dei tar oppdraget!


KVINNHERAD-FERIE 2017

4

D e t ny

e Folgefonnsenter

et smiler mildt, med blenkjan

fjorden, og armane er vidstrak

de kv ite tenne

r mot te mot bĂĽde tur istar, bĂĽt-

o g b yg d e f

o l ke t .


KVINNHERAD-FERIE 2017

5

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Blå begeistring

Kaiområdet i Rosendal har over fleire år vore prega av byggjeverksemd, og dermed vore eit mindre imøtekomande skode for dei som har kome sjøvegen. Melderskin og Malmangernuten har gjort sitt for å løfta blikket til dei reisande, og på godvêrsdagar har nok dette gått som smurt. Andletet båtfolket vert møtt med denne sommaren derimot, er eit heilt anna.

Ein festdag 2. mai var det storslått opning av Folgefonnsenteret, og det på ein solfylt dag. Snora vart klipt av statsminister Erna Solberg, og det var sanneleg ein festdag for både initiativtakarar, bygningsfolk, for regionen og ikkje minst for alle instansane som skal ha arbeidsdagane sine i det flotte bygget. Karen Løvfall Våge og resten av turistinformasjonen vil vera blant dei som helsar publikum velkommen i senteret. – Det er turistinformasjonen som bemannar resepsjonen og sel billettar til utstillinga. Turistkontoret har ope frå tidleg føremiddag til sein ettermiddag frå juni til og med august, så senteret vil ha mykje ope. Når vi får på plass dagleg leiar, vil den fungera som vert for grupper, ha omvisingar og laga undervisningsopplegg for skuleklassar, i tillegg til å ta hand om den daglege drifta, fortel Løvfall Våge. Sidan opninga har dei allereie fått mange bestillingar frå ulike grupper, og utstillinga i det nye bygget er høveleg for born i frå storskulen og oppover, men sjølv mindre born vil kunna la seg begeistra og forundra av filmane, teknologien, og under klassebesøk - slå seg laus med eiga forsking i laboratoriet. Universitet >>>

Det nye senteret har ei interaktiv utstilling som tek publikum med i vatnet si reise. Med blått og grønt lys, spennande overflater med refleksjonar og teksturar, og installasjonar med organiske former, har dei laga ein sanseleg og kunnskapsrik plattform for undring.


6

KVINNHERAD-FERIE 2017

Det er turistinformasjonen i Kvinnherad som bemannar resepsjonen i senteret. Karen Løvfall Våge er spent på korleis sommaren blir, og håpar den vanlege turisten vil ta seg tid til å få med seg utstillingane.

Skaalurensamlinga er blitt integrert som ein del av Folgefonnsenteret. No er det mogleg for rullestolbrukarar å ta heisen opp i andre etasje, og sjå gjenstandane som står utstilt der. Mykje av den lokale båthistoria er presentert der.

>>> og høgskular har allereie byrja å legga ekskursjonar til Rosendal for å formidla noko av den kunnskapen som finst i og rundt Folgefonna, der både klima, havforsking, geologi, miljø, energi og historikk er presentert. Senteret har fokus på vatnet sin syklus på jorda. – Vi har jo også funksjon som besøkssenter for nasjonalparken, så her har vi utstilling frå den, og vi har ein kinosal, eller auditorium, der vi viser fleire korte filmar. Dei som kjøper billett får tilgang på heile senteret, som også inkluderer Skaaluren skipsbyggjarmuseum, informerer Løvfall Våge vidare.

Lokal båtbyggjarhistorie Skaalurensamlinga har litt kortare opningstider enn turistkontoret, men når det er ope der, kan ein få med seg lokal båtbyggjarhistorikk. Museet held til i eit gamalt sjøhus frå 1890, og er såleis ein attraksjon i seg sjølv. Ramma for samlinga er autentisk, og gjenstandane og utstillingane der representerer teikneutstyr, tømmermannreiskap, smedutstyr og andre installasjonar som viser noko av tradisjonen med båtbygging i Rosendal. Mellom anna vart Roald Amundsen si skute «Gjøa» bygd her. Sjøhuset er bygd saman med Folgefonnsenteret, og ein kan vandra gjennom dei ulike delane utan å gå utanfor døra. Det er også mogleg for rullestolbrukarar å få med seg andre etasje i Skaalurensamlinga no når Folgefonnsenteret er på plass, det var ikkje mogleg tidlegare. I areala

mellom desse kan ein sjå delar av dagens maritime næringar utstilt. Det historiske spennet er stort, frå trebåtar til større skip og livbåtar. Utstillingane stadfestar kor viktig den maritime næringa er, og har vore, på Vestlandet og i Kvinnherad.

Tverrfagleg kompetanse I bygget der turistkontoret heldt til tidlegare, er det også gjort store endringar. Bygget husar no fleire instansar som har sine kontor her i tillegg til turistkontoret. Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret/UiB og Besøkssenter for nasjonalpark Folgefonna er blant dei som har kontor her. Den faglege kompetansen dei ulike instansane sit på, har dermed eit felles samlingspunkt i senteret, og dei kan bidra med sin kunnskap, både under omvisingar i utstillingane, men også få stort utbytte i tverrfagleg samarbeid. – Innovasjon Norge har gjort undersøkingar på kva turistane er interesserte i, og øvst på lista kjem naturopplevingar. Og det som er spennande er at høgt på lista kjem også å læra noko nytt om naturen. Kombinasjonen av desse finn ein jo her, og vi håpar at den vanlege turisten vil setja pris på senteret, og bli inspirert til å læra meir, men også å gå ut og oppleva naturen, seier Løvfall Våge engasjert. Det er mange som har jobba for å få senteret på plass, og etter opninga har det blitt møtt med positivitet og engasjement. – Tilbakemeldingane har vore veldig gode, smiler Våge, før ho held fram:

Folgefonnsenteret vart offisielt opna 2. mai, og

– Her finn ein naturinformasjon, og både utstillingane og funksjonen til huset blir sett pris på. Erna Solberg var jo også veldig nøgd, ho ville koma tilbake hit!

Eit sanseleg senter Opplevinga er at senteret inneheld så mykje informasjon og kunnskap at folk ønskjer å bruka god tid. Utstillingane er interaktive, og dermed vert det mogleg å endra desse på ein enkel måte frå ein pc. Slik dei er installerte, i eit «high-tec» areal som inviterer til engasjement, må ein trykka på knappar, snurra på hjul, ein må lytta og undersøkja aktivt. Heile lokalet er ei sanseleg oppdagingsferd; former, lys, lydar og teksturar på veggane; alt


KVINNHERAD-FERIE 2017

snora vart klipt av statsministeren. Det var folkefest på Skålakaien i Rosendal, sjølv sola strålte. Her var FUS Barnehage, Erna Solberg og Remi Nerhus.

får nye uttrykk ut frå kva vinkel eller perspektiv ein ser det frå. Trappa som fører frå bakkeplan til andre etasje, synest som å vera laga av is. Det heile heng ihop med visjonen til Folgefonnsenteret; å vera ein arena der ein kan læra om vatnet si reise på jorda, om klimaendringar, naturmangfald og om berekraftig bruk av naturressursar. Sidan senteret er så ferskt, er det spennande å sjå korleis sommarsesongen blir. Sjølv om ikkje alt er på plass til denne sommaren, håpar dei på godt besøk, både til det flotte senteret på Skålakaien, men også til turane og aktivitetane dei arrangerer i kommunane og bygdene rundt Folgefonnhalvøya. – Rosendal har med dette fått ein ny turistattraksjon, avsluttar Løvfall Våge.

7


8

KVINNHERAD-FERIE 2017

Rosendal – museum, festivalar, kunst & natur Ope: 8-21 8-20

53 48 42 20 - Rosendal

Baroniet

Midt i gato

• Sko • Sengetøy • Handkle • Dukar m.m. Velkommen til oss!

InterIørbutIkken midt i Rosendal med fristelsar til hus, hage, kropp og sjel.

SKO og interiør Varehuset Rosendal, tlf: 993 79 488

Sitt ned og nyt!

Nybakt kvar dag •Brød • Bollar • Is • Kaffi m.m.

Fotballgolfbane – Kom og prøv! Knallgøy familie-/venneaktivitet.

Mob. 905 48 000 / 959 67 797

• Overnatting • restaurant • Take away Tlf: 53 48 00 65/906 32 018

www.spiskammerset-rosendal.no


KVINNHERAD-FERIE 2017

9

Rosendal

www.folgefonnsenteret.no

- Bre, fjord, vatn og klima i endring, kunnskap og opplevingar – Velkommen inn i naturen! Besøk det nye Folgefonnsenteret og den spennande interaktive utstillinga. Ope kvar dag til 15. september. Opningstider: 28. mai – 31. aug. – kvar dag 10-18. 1. sept. – 15. sept. – kvar dag 10-15.

Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga Eit museum som syner trebåtbyggjartradisjonen frå 1850-1950. Juni og juli: August:

Ope alle dagar 10-16 Ope alle dagar 10-15

Felles inngangsbillett: Vaksne kr 100,- Born kr 60,Kvinnherad turistinformasjon : Juni – Juli – August: Ope alle dagar 10-18 kvinnherad kommune

Din elektrobutikk i Rosendal Rosendal – Tlf. 53 48 12 80

Hos oss får du: • Maling & Tapet • Alt til båtpussen • Arbeidsklede • Verktøy m.m.

Kvinnherad Elektro AS tilbyr

komplett elektroinstallasjon av bustad Vi gjer alt ifrå å flytta eller skifta ein stikkontakt til installasjon av komplette styringssystem for lys, varme, ventilasjon og øvrige elektriske installasjonar.

Kjøkkenet vårt

serverer heimelaga mat, smårettar, lunsj, middagar og kaker. Alle rettar i bar. Gruppetilbod. Kvar fredag og laurdag levande musikk.

Ta kontakt dersom du ønskjer ein kvalitetssikker installasjon av din bustad. Treng du tips til ENØK-tiltak, kontakt oss i dag og vi sparer pengar for deg!

påfyll SNIKKERIET AS

• 21/7 SuperJam m/B. Keyler Band • 22/7 B. Keyler Band • 29/7 Hungry John • 5/8 STIM • 12/8 Roadside Cafe • 19/8 De Musikalske Dverger • 1/9 Chickendales • 2/9 Dag Bergesen m/Tine Taule • 16/9 Pateys Choice • 22/9 Tribute to Pioneer Women in Blues & Rock`n Roll For cc og tid, sjå: www.snikkeriet.no

Tlf. 414 06 991

Besøk oss på Facebook Påfyll Snikkeriet

Prod. Kvinnheringen

Konsertliste i sommar

75 53 48 28 00 • post@k-el.no


10

KVINNHERAD-FERIE 2017

Norges vakraste arbeidspla Med ei spennande historie, ein vakker landskapspark og eit rikt kulturprogram, trekkjer det vesle slottet i Rosendal til seg mange turistar kvar sommar. Kvinnheringen snakka med nokre av sesongarbeidarane som er med på å få turistmagneten Baroniet til å gå rundt. TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

YPPARLEG SOMMARJOBB: Yasmym Nunes er glad i å møta folk. Å arbeida ved Baroniet i sommarsesongen passar ho ypparleg. – Eg skal på ferie heim til Brasil i to veker i juni, men elles skal eg jobba her til sesongen sluttar i september, fortel ho. SPESIELL TRAPP: Alexander fortel engasjert om trappa han står i. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå i trappa, kjenna på treverket, og ikkje minst høyra historia som er knytt til ho. FØREBUINGAR: Miriam Tvedt gjer klart for ein hektisk dag ved Hagekaféen.

Yasmym Nunes (19) kjem frå Omvikdalen, men bur for tida i Bergen der ho er ferdig med det første av fem år på tannlegestudiet. Ho jobbar ved Baroniet for andre år på rad, og ho er glad for å møta igjen vener og kollegaer no når sesongen er i gang igjen. – Ein arbeidsdag på slottet startar med at ein kjem hit og blir møtt av Anne Grete og Reidar som ventar på oss og seier «God morgon»! Vi er nesten som ein familie, det er mange studentar som jobbar her. Arbeidsmiljøet er ungt og veldig bra, smiler Yasmym. Ho vart anbefalt å søkja på Baroniet av venene sine, og det passa ho godt. Ho snakkar fire språk; norsk, engelsk, spansk og portugisisk – noko som kjem godt med i kvardagen på slottet der ho jobbar som guide. Ho er utåtvend og synest arbeidet er både variert, lærerikt og spennande. Ho vart veldig glad då ho fekk jobb her, både i år og i fjor. – Alle som jobbar her får vakter på alle postane. Eg har jobba ein del som guide og serveringsvakt, og eg har vore ein del i drivhuset. Det er noko av det som er så kjekt med denne jobben, ein får prøvd seg i veldig mykje forskjellig, smiler ho i solveggen utanfor Te og Kaffe-salongen. Rundt oss kvitrar fuglane i den romantiske parken, medan fleire grasklipparar er i sving. Sesongen på slottet opna 13. mai, og det er mange i arbeid heile våren og sommaren for å halda parken fin, samt ta seg av alle gjestene som kjem. Nittenåringen er spesielt glad i rolla som guide. Ikkje berre får ho møta folk frå ulike kulturar, men ho lærer veldig mykje av å vera guide.

– Då eg først kom hit visste eg nesten ingenting, men eg vart veldig godt motteken, og lærte noko nytt kvar dag. Eg las meg opp på historia, og lærte også mykje etter kvart som folk spurte meg om ting. Heile arbeidstida mi her har eigentleg vore ein læringsperiode! Yasmym set stor pris på å vera med både gjestene og dei andre sesongarbeidarane. Begge gruppene kjem reisande frå heile verda, og for nokon som likar å prata og interagera med andre menneske, er ho på rett plass. – Etter kvart må eg vel sjå meg om etter eit arbeid innan det eg utdannar meg til, men eg trivst veldig godt her, det er eit veldig godt miljø. Det kjennest som å vera på ferie, fortel ho.

Stolt av arbeidsplassen Alexander Pettersen Fredheim (19) er ein annan av sesongarbeiderane ved slottet. Han er oppvaksen i Rosendal med Baroniet nært på seg, og føler ikkje at det er skikkeleg sommar utan jobb på staden. Han er komen heim frå studiar i Fredrikstad nettopp den dagen Kvinnheringen er på besøk, og har sin første dag på jobb i sin tredje sesong ved slottet. – Her har eg tilknyting, så til dei grader. Ein gler seg til å gå på jobb kvar einaste dag, og ein tenkjer ikkje over at ein er på jobb, fortel han. Også Alexander trivst veldig godt som guide, og han synest det kan vera utfordrande å begrensa seg når det kjem til å informera gruppene om alt det spennande slottet har å by på av historie og opplysningar. – Ein runde skal ta om lag 35 minutt, men ofte tar det brått 55 minutt før eg

er ferdig. Eg har fått litt kritikk på det, smiler han. Han unnskylder seg med at det er så mykje å fortelja, og underteikna får ein smak av engasjementet hans ved spørsmål om han har eit favorittrom i slottet. – Det må bli trappa. Den er laga slik for at ein ikkje skulle kunna springa i den. Sjå her, det øvste trinnet er mykje høgare enn dei andre. Den er marmorert i okseblod, fortel han oppglødd. Heile trappa er ei utfordring å gå i, og den skulle hindra tjuvar i å stikka av med byte. Sidan sesongen nyleg er i gong, gler han seg ikkje berre til kvar arbeidsdag, men også til å sjå fleire av sesongarbeidarane igjen. – Eg er eigentleg ganske stolt over arbeidsplassen min, konkluderer han blidt, før pliktene kallar. Denne dagen skal han vera guide, og utanfor slottet er dei første gjestene allereie på plass.

Varierte oppgåver I drivhuset er det også høgt tempo like før dørene skal opna. Miriam Tvedt (24) gjer klar kaker til sal, og skjer opp stykka med stor presisjon. Kvart stykke skal vera like stort, og teikningar på korleis både formkaker og runde kaker skal skjærast opp, heng på veggen. Miriam har vore med på klargjeringa denne våren, og er i gong med sin fjerde sesong på slottet. – Det første året var eg mykje i porten. Det andre året var eg mykje på romma, og sist var eg mykje med på servering og guiding. Ein får arbeidserfaring


ass innanfor mange ulike felt, og ein får også prøvd seg ut på det ein ønskjer. Dei sjonglerer vaktene her etter behov og kapasitet, fortel ho samtidig som ho jobbar. Miriam meiner dette er Norges vakraste arbeidsplass, og siktar mellom anna til omgivnadane rundt slottet frå 1665. I tillegg drar ho fram kulturprogrammet, og konkluderer med at heile staden er ein kulturell oase. – Det er veldig kjekt å sjå kor imponerte turistane blir når dei kjem hit. Både blant dei norske og dei utanlandske er det mange som aldri har sett ein slik plass før. Når ein jobbar på ein slik stad, får ein bidra med mykje. Det er ein spesiell plass som må takast vare på og utviklast vidare. Det er absolutt ein flott plass å jobba på, fortel ho engasjert. Klokka er elleve, og dørene vert opna. Dei koselege borda i drivhuset vert dekte med bestikk og klargjort for ein solrik dag, noko som vanlegvis betyr ein travel dag, ved slottet. Drivhuset, med dei fargerike pelargoniane inne og den rike kjøkenhagen like utanfor, skapar ein god atmosfære for gjestene.

Rikt kulturprogram På kulturprogrammet finn ein fleire skattar, i år som tidlegare. Blant artistane er kjende namn som Solveig Kringlebotn, Bjørn Eidsvåg, Maria Mena, Vamp, Ketin Bjørnstad og Kari Bremnes. I tillegg vert det ulike føredrag og teater i borggarden, mellom anna dukketeateret «Det spøker på Rosendal», frå boka med same namn, skriven av Anders Havnelid. Rosendal Kammermusikkfestival såg ljoset for første gong i 2016, og det vert eit gjensyn med festivalen på seinsommaren i år. Årets festival skal løfta fram Wolfgang Amadeus Mozart sin kammermusikk, og dette vert gjort av både etablerte og nye stjerner på kammersmusikk-himmelen. Leif Ove Andsnes er kunstnarisk leiar og grunnleggjar av festivalen. Årets to utstillingar i Baroniet er også knytt til tematikken rundt Mozart, og Gunnar Danbolt har kurert begge utstillingane. Den første inneheld måleri av den danske nyklassisisten Chr. W. Eckersberg som ein kunstnarisk parallell til Mozart. Den andre er via Olivier Messiaen og hans preferansar innan bildekunsten – Robert Delaunay, Georges Rouault og Geogres Braque. Danbolt vil halda føredrag rundt desse utstillingane som ein del av festivalprogrammet.


12

KVINNHERAD-FERIE 2017

kVinnHeRad

SpaR ar den beste lokale handleopplevelsen! Vi skap

Uskedalen

Husnes

Rosendal

Valen

Sæbøvik

Spar Uskedalen finn du midt i kommunen. Vi har eige kaianlegg for båtfolket, ein kjempestor BLÅ STOL, UTESJAKK og BOCCIABANE som alle fritt kan benytta. Uskedalen er òg sentrum for sommarens største festival i Kvinnherad, FESTIDALEN.

Arne og resten av banden treff du på Spar Husnes. Butikken er plassert i Husnes storsenter, regionens største handlesenter. Kort vei til Husnes båthamn, opent 7–23 og kan by på eit spennande utval av grillmat og andre spesialitetar.

Atle og gjengen finn du på Eurospar Rosendal, sentralt plassert midt i den største turistbygda i Kvinnherad. Kort vei til både båthamn og bubilparkering. Butikken er norgesmeister i frukt og grønt, og kjent for stort utval i alle avdelinger.

Hjå oss på Spar Valen er vi opptatt av å gje deg den beste service og den fremste handleopplevelsen. Vi har Valeparken der du kan spela fotball, grilla eller nytta dei kjekke leikeapparata. Butikken er Valen sitt samlingspunkt, og den einaste daglegvarebutikken mellom Skånevik og Husnes. Du er hjarteleg velkommen!

Sverre og damene treffer du på Spar Sæbøvik. Plassert på Halsnøy og med splitter ny båthamn rett over veien, kan du ta sommarhandelen her og utforske skjærgården etterpå. Og hugs; Sæbøvikfestivalen med rekefest, leik og moro 20. – 22. juli!


Dersom ein undrar på kva ein lesesirkel er, kan dette illustrera fenomenet. Her avbilda i leselunden.

Sommarkos mellom to permar Sommaren er ei tid då mange har ekstra gode høve til å lesa. Derfor kontakta Kvinnheringen ein av lesesirklane på biblioteket for å høyra om dei hadde tips til god sommarlektyre. TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Lesesirkelen er danna i regi av biblioteket, og det er biblioteksjef Trude Hege Bergesen som vel kva bøker dei skal forsvinna inn i og deretter diskutera og samtala om. Denne gruppa kallar seg «diamantringen», møtest éin tysdag i månaden, og består av sju til åtte medlemmar – denne dagen representert med tre av desse. – Me har nettopp prøvd å bli samde om gode bøker å lesa om sommaren, men me kom ikkje i mål, fortel Heidi Sande Gertz, som er ei av dei leseglade i diamantringen. Det dei er heilt samde om er at dårlege oversetjingar og dårleg språk, samt bokomslag fulle av klisjear og sukkersøtt kjensleri, ikkje kjem høgast på lista. Dårleg språk i ei bok vert samanlikna med hakk i plata, medan ei god setning gir meirsmak og lese-iver.

Bøker som får fram tårene Alle tre har sine litterære favorittar, og

dei er det mange av. Både historiske romanar, faglitteratur, krim og tunge klassikarar finst på topplistene deira. Hilde Røssland elskar å lesa, og forstår ikkje korleis folk kan seia at dei keiar seg. – Dersom ein har bøker rundt seg, går det ikkje an å keia seg! slår ho fast. Den beste boka ho har lese er «Noen kjenner mitt namn» av Lawrence Hill. Ei prisløna bok om ei jente som vert bortført frå sin landsby i Vest-Afrika, og om livet vidare som slave. I bøkene finn ho kunnskap, ho får nye opplevingar og vert betre kjent med historia. Nettopp historiske romanar ligg høgt blant favorittane hennar. – «Hele livet på en dag» av Alyson Richman er også veldig god. Då eg hadde lese ferdig sat eg og grein langt ut over natta, men den var god. Veldig fin, tipsar ho vidare. Handlinga dreier seg om nazismen under den andre verdskrig, og føyer

seg inn i Røssland si dragning mot historiske romanar.

Tunge, men viktige – I fjor sommar las me «Balansekunst». Den var tung, men det er ei bok alle burde lesa, føreslår ho. Lesesirkelen har som marferie frå dei månadlege møta sine, men i løpet av ferien les dei éi bok, som dei skal diskutera når sommaren er over. «Balansekunst» er ein historisk roman skriven av Rohinton Mistry, som handlar om forholda som fire personar lever under i Mumbai. Gjennom historiane deira får lesaren eit innblikk i Indisk historie, kastesystemet, sorg og omsorg. Handlinga er lagt til perioden mellom 1947 til 1975. Boka vart først utgitt i 1995. I noko av det same landskapet vert boka «Shantaram» nemnd. – Shantaram trur eg er ei veldig god bok å lesa om sommaren. >>>


14

KVINNHERAD-FERIE 2017

Ein av dei to bokringane ved biblioteket har tipsa om mykje litteratur for dei som ikkje er sikre på kva bok ein bør lesa denne ferien. F.v. Lisbeth Teigen Røssland med Elena Ferrante si bok Historia om det tapte barnet, Karen Hilda Kloster med Åsne Seierstad si To søstre, Hilde Røssland med ei av sine personlege favorittar; Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill, Heidi Sande Gertz med Hjertet er en ensom jeger av Carson McCullers, Ingvild Toskedal med boka heile bokringen las i fjor sommar, Balansekunst av Rohinton Mistry, og Birte Bruvik med Ian McEwan si bok Barneloven.

>>> Den er tjukk og god, fortel Ingvild Toskedal. Ho er veldig glad i bøker som utfordrar, og denne 900 siders boka kan nok vera både interessant og utfordrande for lange fridagar i sommar. Det er ikkje berre Toskedal som har hatt problem med å leggja denne frå seg, så det kan vera greitt å ha tid til lengre leseøkter. Forfattaren, Gregory David Roberts, har basert romanen på hendingar frå sitt eige liv. Han levde på flukt i tolv år, etter at han rømde frå eit høgrisikofengsel i Australia. Han hamna etter kvart i India, og var blant Australia sine mest ettersøkte menn. Frå slummen i Mumbai livnærte han seg som lege, og vart sei-

nare rekruttert av mafiaen som smuglar, våpenhandlar og forfalskar. Shantaram er ei forteljing om eit liv heilt i ytterkanten av det som er menneskeleg mogleg.

Ein pause frå livet Toskedal dreg elles fram bøkene om Arn av Jan Guillos, som forslag på god litteratur å dykka ned i denne sommaren. – Det er noko med å ta ein pause frå livet der ute kanskje, og inn i livet i boka, legg ho til. Medan damene dreg fram den eine litterære «perla» etter den andre, sit dei andre og kommenterer. – Nei, den likte eg ikkje noko særleg. – Ja, dei bøkene var bra!

Biblioteket sine beste barnebok-tips Gareth P. Jones

Veronika Erstad

Rose Langercrantz

TIDSMYSTERIET

KATTEJENTA

MITT LYKKELIGE LIV

Eddie trur han bur i den mest keisame byen i verda. Det er som tida står stille, men han forstår snart at han tek heilt feil. Ein dag dukkar Scarlett White opp. Ho spør mykje, og kvifor bryter ho seg inn hos læraren? Kven er professor Maguire? Om ikkje alt dette var merkeleg nok fattar Eddie at han er på den same bussturen gong på gong. Det er noko som ikkje stemmer. Passar for barn frå ti til 14 år.

Mamma har bestilt sydentur i jula. Ruth vil ikkje. Ho og katten Augustus har eit hemmeleg oppdrag og vil ikkje bli forstyrra av nokon. Denne boka handlar om venskap, kattar og det å ville bestemma sjølv. Passar for barn frå fem til åtte år.

Danni byrjar på skulen. Ho tenkjer på om ho får vener, men etter nokre få dagar blir ho ven med Ella Frida. Dei gjer alt ilag, men éin dag får Danni vite at besteveninna skal flytta langt vekk. Varm forteljing om endring og venskap, ei fin bok å lesa høgt. Passar for barn frå om lag seks til ni år.

– Å, ja, han skriv så bra, har du lese den nyaste? Fleire av bøkene dei har blitt anbefalt av andre har dei likt, medan andre bøker har dei ikkje kome seg gjennom første halvdel av ein gong. «Min Kamp»-bøkene av Karl Ove Knausgård er eitt av døma der diamantringen har vore veldig splitta. – Eg likte dei bøkene kjempegodt, fortel Heidi Sande Gertz engasjert, men med seg i entusiasmen hadde ho berre biblioteksjef Trude Hege blant deltakarane i gruppa. Sande Gertz har alltid likt å lesa, og har fleire finurlege bøker på favorittlista si. – «Innsirkling» av Tiller er ei spennande bok, skriven på nynorsk. Og


Sommar på biblioteket

ei anna bra bok er «1Q84» av Haruki Murakami. Han skriv kjempegodt om gøyale ting! fortel ho smilande, og held fram: – Men ein kan ikkje lesa så mange bøker med japansk surrealisme før ein treng ein pause, og må lesa noko anna.

Boktips i fleng Det vert nemnd bøker i fleng; «To søstre», «Alfabethuset», «Harry Potter», «Mormor danset i regnet», «Utvandrerne», «Middlesex», «Det vokser et tre i Brooklyn», «Arv og miljø», «Dopler», «Vaffelhjarte», «100 års ensomhet», «Når ein først skal skyte nokon», «Himmelstormeren», «Gravbøygen våkner», «Drep ikke en sangfugl», med fleire. Medlemmane i

diamantringen blir aldri ferdige med å lesa, og dei har mange bøker som dei enno ikkje har fortært og følgjeleg gler seg til. Sidan biblioteket har ei ordning med «meir-ope», er dei litterære universa i tillegg veldig tilgjengelege for lånarar med nøkkelkort. – Biblioteket er ei herleg ordning, strålar Heidi, til stor semje rundt bordet. – Og dei som jobbar her er veldig flinke, legg Hilde til. Alle tre er glade i biblioteket, og dreg fram flotte tiltak som interessante føredrag, forfattarbesøk og «strikk og lytt» i tillegg til det gode utvalet. Dersom det manglar ei bok i hyllene på Husnes, vert boka bestilt frå eit anna bibliotek. Dei set pris på at det framleis finst tilbod

Kristina Ohlson

Bobbie Peers

ZOMBIEFEBER

LURIDIUMSTYVEN

Det er den varmaste sommaren i manns minne. Folk blir sjuke, dei får feber og noko forferdeleg er i ferd med å skje. Herbert og Sally gøymer seg i den nedlagte mølla der ingen levande eller døde kan nå dei. Eller kan dei det? Dette er den første spenningsboka i ein trilogi om zombiar. Passar for barn frå ni til 12 år.

William er tolv år gammal og gøymer seg i Norge saman med familien sin. Han veit ikkje kvifor dei må gøyma seg, berre at det har noko å gjera med bestefaren som forsvann i London. Då William løyser verdas mest krevjande kode, «umoglegheita», avslører han seg for vonde krefter. Sakte, men sikkert finn han ut av familiens løyndommar. Medrivande bok, som passar for barn frå ni år og oppover, til alle aldrar.

som er ope for alle, og ikkje minst gratis å delta på. Biblioteket er fantastisk, konkluderer dei. – Men har du noko tips til god sommarlektyre? spør dei meg til slutt. Eg tipsar om den lune boka til Bjørn Sortland, «Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar». Hilde finn fram mobilen sin, og bibliofil-appen ho nyttar ofte. Nokre tastetrykk etter har ho sete seg på venteliste for boka eg nemnte. Eg takkar for praten, og gjer meg klar til å gå. På veg mot døra kan ein høyra at diskusjonen held fram mellom bokhyllene, dei vert kanskje aldri ferdige å diskutera omslag, forfattarar og alle dei spennande universa ein kan finna i bøkene si verd.

Øystein Runde og Knut André Solberg

FUTEN Mikael Braut er skatteinnkrevjar i ei eventyrverd. Vi følgjer han medan han krev inn skatt frå til dømes Dovregubben eller skal forskriftsregulera riva til Pesta. Teikneserieroman for ungdomstrinnet.

Ved biblioteket på Husnes skal dei ha ope som normalt i sommar, og det vert i tillegg nokre arrangement på huset. – Sidan det er ferie blir det ikkje mange faste arrangement, men vi skal visa film, som vi plar, og det blir nokre sporadiske eventyrstunder når vi har tid, fortel biblioteksjef Trude Hege Bergesen. Dei lovar kinotek med ulike filmar f leire gonger i veka i sommarferien. Tilbodet er gratis, og vert nytta av både lokale og tilreisande. I år, som i fjor, steller dei også i stand lesekampanje for born i barneskulealder, «Sommarles». Kampanjen går ut på at ein les, høyrer lydbok eller blir lest for, og deretter registrerer bøkene på nett. Etter kvart som ein les, kjem ein opp i «level» eller nivå, og får opna opp kapittel i ei historie som ligg på nettstaden. Kampanjen er lagt opp som eit spel, der ein må lesa for å komma seg vidare i historia. Det er premiar å henta på dei ulike nivåa, leiker og ting ein kan henta på biblioteket. – I september vert «Sommarles» avslutta med ein fest, der vi har litt underhaldning og dei får diplom og slikt, held biblioteksjefen fram.

Leselunden Like utanfor biblioteket finst det ei «leselund», som mellom anna vert nytta av dei to bokringane som held hus på biblioteket på fine sommardagar. Der finn ein også eit finurleg lilla hus, «Little Free Library», der ein kan finna lektyre året rundt. – Der kan ein gå og ta seg ei bok, eller ein kan sjølv koma med bøker ein har lese, som nokon andre kan ha glede av. Vi på biblioteket set blant anna ut kasserte bøker, og det kan dermed stå litt av kvart der, informerer Bergesen vidare. Etter to minutts «research» i det vetle gratisbilblioteket utanfor, kan ein slå fast at det fins både krim, romanar, barnebøker og bestseljarar i hyllene der. Ein person sitt skrot kan vera ein annan sin skatt! Dersom ein vil følgja med på kva filmar som vert vist i sommar, kan ein følgja med på Facebook-­ sida til biblioteket, eller på nettsida. Der legg dei også ut informasjon om eventyrstunder med meir.


ein stad for sa

Du kan lett bruka mange timar i Guddalstunet i sommar. Gallerist Gøril Guddal freistar med vakker porselen av Arne Åse og nye arbeid av Magne Furuholmen. I tillegg kan ein nyta ei mjølkekake i nydelege omgivnadar. Kva ventar du på?

– Flortynn gjennomskinleg porselen. Kjensla av noko eksotisk og uendeleg vakkert! Åse er medlem av International Academy of Ceramics og mottok Jacob-prisen i 1987. Jacob-prisen er ei høgthengande utmerking som har blitt delt ut årleg sidan 1957, til ein norsk formgivar.

Grafikk, måleri og skulptur

25.mai opna porselensutstillinga med Arne Åse (77), som inneheld både frittståande arbeid og arbeid til vegg. Åse er ein av dei mest profilerte keramikarane våre, som nyt stor merksemd både i innog utland for arbeidet sitt. Kunstnaren, som kjem frå Gaular i Sogn og Fjordane, var Norges første professor i keramikk, og var også den første verkstadkeramikaren som nytta porselen som materiale. Utstillinga heng til 25.juni, og arbeidet han stiller ut hos Galleri G Guddal denne perioden vert omtala slik av galleristen sjølv:

Deretter vert det utstilling med moderne og nye arbeid av Magne Furuholmen. – Det er viktig å presisera at det er kunstnaren som kjem – ikkje musikaren, fortel Gøril. Utstillinga hans vil innehalda grafikk, måleri og skulpturar. Magne Furuholmen er for mange mest kjent som ein av medlemmane i den tretti år lange suksesshistoria til bandet A-ha, men han debuterte som biletkunstnar i 1989, og har stilt ut på mange galleri og museum i inn- og utland sidan den gongen.

Gøril Guddal har all grunn til å smila. Etter at ho flytta galleriet sitt frå Rosendal sentrum og opp til Guddalstunet, har besøkstalet dobla seg.


17

Foto: Tom Kolstad

KVINNHERAD-FERIE 2017

Det er mange som trur galleriet er av det landlege slaget. Det som møter gjestene når dei går inn døra i galleriet, er derimot eit ope, lyst og topp moderne utstillingslokale. Bileta som var utstilt då Kvinnheringen var på besøk er laga av Solveig landa og Eva Isaksen.

Stallen er snart klar til å husa frittståande verk. Samtidig med opninga av Magne Furuholmen si utstilling. 1. juli, blir også Stallen opna og teke i bruk som nytt og unikt utstillings­lokale.

sansane

I solveggen på steinbenken utanfor Stallen kan ein la inntrykka siga inn. Det gamle vestlandshuset på oppsida husar både kafé og overnattingsgjester.

Det er spesielt som grafikar og skulptør han har utmerka seg dei siste åra. I fjor vart Imprints, ein skulpturpark med 70 tonn keramiske figurar, opna i Aker-kvartalet på Fornebu, og representerte med det hans største oppdrag til no. Furuholmen har vore elev av kunstnaren Kjell Nupen. – Grafikken hans vil bli vist i underetasjen her, medan måleria vil henga her oppe. Nokre av skulpturane vil bli viste i Stallen, det blir veldig spennande, smiler ein ivrig gallerist. På opninga 1. juli vil kunstnaren vera til stades og fortelja om kunsten sin. Han ville ha folkemusikk til opninga, og det kjem dermed ei gruppe på tre jenter frå Ullensvang som står for musikken. Folkelokk, heiter gruppa, som består av Aurora Aarhaus Opheim, Eirin Tjoflot og Margit Kvalvik. Guddal synest det passar veldig godt med folkemusikk attåt Furuholmen sin kunst.

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

– Det er musikaren i han som meiner det er viktig å få fram unge musikarar, og ikkje minst folkemusikken. Folkelokk er ei ung, frisk gruppe, som står for eit entreprenørskap innan folkemusikksjangeren. Såleis representerer dei ei moderne kunstform som står fint til det moderne uttrykket til Furuholmen. Då Kvinnheringen var på besøk i Guddalstunet, var arbeida til kunstnaren framleis ikkje heilt ferdige. – Det han skal stilla ut er heilt nytt, understrekar Gøril spent.

Kunst i stallen Stallen er eitt av dei sjarmerande gamle bygga på tunet, som endeleg er klar til å brukast som nettopp utstillingslokale. Det einaste som mangla då Kvinnheringen var på staden, var lys i taket, noko Guddal er ganske sikker på å få på plass til Furuholmen sine skulpturar skal visast fram for publikum, 1.juli.

Inne i Stallen er det murveggar som skal skapa kontekst til frittståande kunstverk i åra framover. Like utanfor dei brunbeisa veggene inviterer ein steinbenk til drøs og ettertanke. Nokre nyinnstallerte steintrapper geleidar gjestene mot kafeen. Gamle tradisjonsrike bygg og gardstunet i seg sjølv, husar eit moderne turistmål, moderne kunst og tradisjonsrikt kunsthandverk, akkompagnert av herleg, heimelaga mat. – Eg kan ikkje få skrytt nok av maten ein får servert i kafeen no for tida, den er så god. Det er knallflinke folk som jobbar der! slår Guddal fast. Det er kunsten som har hovudfokuset i tunet, men maten er ein vesentleg del av opplevinga. Ho understrekar at alt blir laga frå botnen i kafeen i tunet. – Me hentar egg frå dei frittgåande hønene våre, og urter til bruk i supper og kaker finn me rundt omkring mellom husa, fortel Gøril. – Mor mi lagar framleis mjølkekaker. Dersom det trengs, har dei fleire lokale aktørar innan matproduksjon som dei samarbeider med. Det lokale mikrobryggeriet Mykle mikrobryggeri er ein av samarbeidspartnerane deira, og ein kan dermed nyta lokalt øl, produsert berre ti minutt unna med bil, mellom fjella i dalen. Det set både gallerist og gjester pris på. Kafeen har same opningstid som galleriet, og mange grupper nyttar høvet til å oppleva norsk samtidskunst samtidig som dei nyt ein lunsj i vakre omgivnader.

Klyngetun med rik historie Guddalstunet er lokalisert på ein stad der det opphavleg var eit klyngetun, med ni bruk og 54 hus. Klyngetunet, som mellom anna hadde si eiga kyrkje og vikinggrav, vart oppløyst i år 1900. Eit gamalt vestlandshus, som husar kafeen og fleire gjesterom, vart henta heim til garden i 2000. Det vart bygd i Rosendal i 1871, og glir fint inn saman med dei andre bygga på tunet. Stallen, eller Jensastadlen som den eigentleg er kalla, er frå same periode (1870), og er eitt

av bygga som står igjen frå det gamle klyngetunet. Likeeins er Stabburet, frå kring 1850, og eldhuset, truleg frå 1700talet, opphavlege bygg. Garden er rik på historie, og vart først nemnd i Snorre. Guddalstunet vart tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv i 1993. I 2014 flytta Gøril galleriet opp i den nyoppussa løa på tunet, frå lokale i Rosendal sentrum. Ho har drive galleriet sidan 1993, men etter flyttinga har ho merka stor auke i besøkstalet. – Det har auka så kolossalt sidan eg flytta opp hit. Det siste året har eg hatt ei dobling i besøkstalet i forhold til då eg var i sentrum, fortel ho blidt, og legg til: – Og med det har eg jo også fått det dobbelt så travelt. Ho vil satsa mest på sommarhalvåret i tida framover, samt tida før jul. Sommarsesongen strekkjer seg frå påske til midt i september, og som innehavar synest ho at ho bør vera til stades. Galleriet har ope kvar dag gjennom heile sommaren, og i utkantane av sesongen held ho ope kvar helg. Ferie balar ho seg dermed ikkje opp med i denne perioden.

– Nyt kulturlandskapet! – Med alt som skjer på Baroniet og elles i bygda om sommaren, kan ein jo fritt forsyna seg. Hausten er dessutan ei fin tid å reisa på ferie og nyta naturen, smiler ho. Galleri G Guddal er ein attraksjon som lett lar seg kombinera med mosjon eller synfaring til andre nærliggjande postar. Baksthus, mølle og laksetrapp fins i elva som munnar ut i fjorden på Seimsfoss. Der kan ein også følgja stien langs elva oppover mot Guddal i eit flott tilrettelagt anlegg. Galleristen meiner at turen til Guddalstunet i seg sjølv er ein del av opplevinga, anten ein kjem til fots eller med bil. Dersom ein kjem frå Rosendal, kan ein vandra på sti og grusveg, opp Svartedalen, over Skeie og Seglem, mot Guddal. Då får ein samtidig oppleva det vakre kulturlandskapet i bygda, samt utsyn mot Hardangerfjorden og sunnhordlandsbassenget – det heile med god merking mot galleriet.



KLE, SKO OG REISEEFFEKTAR Cubus Eurosko Senterwoman You Who KappAhl MAT, DRIKKE OG SERVERING Peppes Pizza China Plass Yngves konditori Mix kiosken Spar Kiwi Vinmonopolet Bar 5460 ANDRE BUTIKKAR Baronessa Elkjøp Europris Expert Fargerike Husnes Flittige Lise Blomster Gullsmed’n Sport 1 Husnes Jysk Kitch`n KID interiør Kvinnherad Libris Ringo leker MEKK MX Sport Husnes Nille Sparebank 1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Sun solstudio Husnes Frisør Tilbords Trim X - Trimstudio Vitus apotek Vita

VELKOMMEN TIL STRÅLANDE SOMMARDAGAR PÅ HUSNES STORSENTER


ING

KVINNHERAD-FERIE 2017

NYBAKT

facebook.com/pizzabakeren.no facebook.com/pizzabakeren.no

facebook.com/pizzabakeren.no

facebook.com/pizzabakeren.no

20

kvar dag

NYÅPNING NYÅPNING NYÅPNING

til og med laurdag! • Soft-is • Slush • Milkshake Mån-Tors: pB åpner i nye lokaler i sentrumsvegen 52 (tidligere husnes hotel). 11:00 -hotel). 22:00 pBpBåpner åpneri nye i nyelokaler lokaleri sentrumsvegen i sentrumsvegen5252(tidligere (tidligere husnes husneshotel). pB åpner i nye lokaler i sentrumsvegen 52 (tidligere husnes hotel). Fre-Laur: 11:00 - 23:00 På åpningsdagen får dufår stor kuntil PåPååpningsdagen åpningsdagen fårdudupizza stor stortil pizza pizza tilkun kun Søndag: På åpningsdagen får du stor pizza til kun + gratis kake & kaffe, ++gratis gratiskake kake&&13:00 kaffe, kaffe,- 22:00

www.pizzabakeren.no www.pizzabakeren.no

www.pizzabakeren.no

www.pizzabakeren.no

ligere husnes hotel).

kl. 11.00

StørSt på Sport i Kvinnherad Stort utval av syklar, sport- og fritidsutstyr!

tirsdag 1. november kl. 11.00 tirsdag tirsdag 1.1.november november kl. 11.00 11.00 tirsdag 1. november kl.kl. 11.00

+ gratis kakevelkommen & kaffe, konkurranser! konkurranser! konkurranser! velkommen velkommen velkommen tilkonkurranser! nyetil og større lokaler. tilnye nyeogogstørre størrelokaler. lokaler.

pizza til kun

til nye og større lokaler.

Husnes

Husnes Sentrumsvegen 52 Husnes Sentrumsvegen Sentrumsvegen 5252fredag – lørdag 11-23, søndag 13-22 53 47 22 13 Husnes Åpent: Mandag – torsdag 11-22, Storsenter 5353 4747 22Husnes 22 1313 Åpent: Åpent: Mandag Mandag – torsdag – torsdag 11-22, 11-22, fredag fredag – lørdag – lørdag 11-23, 11-23, søndag søndag 13-22 13-22

& kaffe, ! velkommen rre lokaler. Husnes 53 47 22 13

Tlf. 53 47 22 13 www.pizzabakeren.no

Sentrumsvegen 52 47 22 13 Tlf. 53 Åpent: Mandag – torsdag 11-22, fredag – lørdag 11-23, søndag 13-22

Me har blomar til alle anledningar! Jord - Bark - Gjødsel - Potter - Urner

Husnes

Husnes Storsenter, tlf. 53 48 00 80 lise.karin@live.no

Måndag - fredag: 10–19, laurdag 10–16 HUSNES STORSENTER, tlf. 53 47 14 04 husnes.sport@sport1.no

? r o T o BåTm

NåR fagkUNNSkap Og SERvicE TEl!

vi har utvalet !

søndag 13-22

Skikkelig bra greier TohaTsu og hondaforhandler Mekk Husnes Husnes Storsenter • Tlf. 53 48 01 00

Fleire modellar på lager


KVINNHERAD-FERIE 2017

ODDA/HUSNES

Åpent 9 – 20 (18)

ALT TIL SOMMEREN PÅ ODDA/HUSNES!

399.-

21

Jo høyere solfaktor desto høyere rabatt! faktorrabatt!

På utvalgte Cosmica-produkt

KUN

OXFORD SOLSTOL

Vitusapotek Kvinnherad 0%

FORNØYD

Sentrumsvegen 15, Kvadraten, 5460 Husnes Tlf: 53 47 18 00, Fax: 53 47 18 01 E-post: kvinnherad@vitusapotek.no Åpningstider: man-tor 09-17, fre 09-18, lør 10-15

TI RP E NG E N E

SPAR 1000.-

1999.-

SOFAGRUPPE MILANO

Produsert i kunstrotting med lakkert stålramme. Stoler 75x73x81 cm, kafébord 50x40x102 cm med glassplate. 5 cm tykke puter i 180 g polyester er inkludert. Ord.pris 2999,- Husk trekk 499,-

39

FLEECEPLEDD

149.-

130x170 cm, ensfarget

ø: 43 cm. Grillkull 19,90

19

399.-

Med lokk og sugerør,

30 cm, 3 innstillinger 35 W

90

90

KRUS

Vitusapotek Husnes

Sentrumsvegen 15, Husnes Storsenter, 5460 Husnes Tlf: 53 48 43 80, Fax: 53 48 43 99 E-post: husnes@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 09-18, lør 10-16

LB

EL

LE

AK

E

10

Med trinnløs regulering. Fantastisk god sitte- og liggekomfort

n e r ma ling

m de v o a s T Møt ye GAN i vår n

KULEGRILL

BORDVIFTE - KROM

Vi tar forbehold om trykkfeil og at enkelte varer kan bli fort utsolgt.

2. etasje Husnes storsenter t 53 47 29 10


22

KVINNHERAD-FERIE 2017

Treng du:

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir. • Implantatbehandling Husnes • Snorkeskinne Tannlegesenter • Profesjonell tannbleiking Tlf. 53 47 70 00 • Akuttbehandling Stabburshaugen 5, Husnes

Husnes

7-23(8-21)

Velkommen til

Husnes båthavn!

• Straum • Vatn • Dusj/wc • Vaskemaskin/tørketrommel • Diesel • Strand • Gratis internett • Gratis sykkelutlån • Golfbane • Grillhus • Slipp • Heis for bevegelseshemma på kai Husnes Båtlag • Mange fine turløyper m.m www.husnesbaathavn.no Vakt tlf: 907 18 599

Gratis buss til sentrum i skuleferien. Gratis avis og rundstykker kvar morgon veke 26–33!

• Avskorne • Potteplanter • Sommarblomar • Rosetre • Bærbuskar • Vintergrønt • Jord • Gjødsel m.m

Lonavegen 15, Husnes vis á vis Storsenteret, tlf. 53 47 81 91

Vi køyrer til HALSNØY og frå Uskedalen til Utåker.

www.annemariesblomster.no

Husnes Camping Ring Håvard i dag eller se fylkesnesbil.no

Mitsubishi Outlander PHEV

Nå fra kun 407.000,Onarheimsvegen 94, 5460 Husnes Tel. 53 48 74 44 / fylkesnesbil.no

Hytteutleige & campingplass ved Opsangervatnet.

Restaurant a-la-carte og alle rettar. Kjøken ope kl 12.00-21.00.

Tlf. 53 47 32 52

Perspektivtegning: 25/1/4 Bad - Alternativ - 4 Prosjekt: Loven, Rober og Merete

Trafikkopplæring i kvinnherad Vi tilbyr trafikale grunnkurs, mopedkurs, opplæring på personbil, og bil med tilhengar.

Skrevet ut: 02.06.2016

Nytt bad, vaskerom? – vi teiknar og styrer alle fag!

Husnes RøyR As

Onarheimsvegen 4, Husnes – www.husnesroyr.no

post@invia.as - www.invia.as - Avd. Kvinnherad: 970 17 507 - Avd. Stord: 480 88 887

Tlf. 53 47 59 00

MERK: Tegningen er bare retningsgivende.

Vår ref: Krossøy, Janne

Side:1 (1)


KVINNHERAD-FERIE 2017

• LESESTOFF • KART • LEIKER

23

Kjapt, sunt og billig

Husnes Storsenter Tlf. 53 47 16 26

kvinnherad@libris.no

Stort utval i Solkrem Garnier - nivea - Piz Buin - Korres - P20 - Harmoni

ST BE

I TE

ST

HuSneS StorSenter

SOMMAR

Kort avstand frå Husnes Båthamn! • Nysteikte brød/bollar • Pølser/Hamburger • Kiosk/Daglegvare • Frappe, brain cooler • Inne-/Uteleiker CIRCLE K HUSNES

Husnes sentrum

7-23

Lunsj A LA cArte PizzAbord Prøv vår nye meny! • Propan • Softis • Maskinvask • Sjølvvask • Drivstoff

, 5460 HUSNES OPSANGERVEGEN 3, 5460 HUSNES TELEFON 53 48 65 00 0

Mån-fre Laur Søn

7-23 8-23 9-23

HuSneS StORSenteR

tlf. 2222 5555

oPe: Mån.-tors.: 10-22.00 Fre.-laur.: 10-23.00 søndag: 13-22.00

SJÅ VÅRE FLOTTE EPOQ KJØKKEN UTSTILT! GRATIS PLANLEGGING OG TEIKNING!

CIRCLE K HUSNES OPSANGERVEGEN 3, 5460 HUSNES TELEFON 53 48 65 00

Fagbygget – Tlf.: 53 47 17 77 varehussjef.husnes@elkjop.no

Heiane Storsenter – Tlf.: 53 45 60 20 kitchen.stord@elkjop.no



KVINNHERAD-FERIE 2017

25

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Husnes er ei bygd med mange flotte aktivitetstilbod. Dersom ein kjem seg gjennom golfbana, Husnes storsenter, Postvegen, og framleis ikkje har f책tt rasa i fr책 seg, kan ein nytta mange timar i omr책det rundt skulane, like bortanfor sentrum. Der er det lagt ned eit fint tal dugnadstimar for at born og vaksne skal ha eit kjekt tilbod p책 fritida. >>>


26

KVINNHERAD-FERIE 2017

1

2

3

4


KVINNHERAD-FERIE 2017

>>>

1

Adrian Th. Smith har tydeleg gjort nokre styrkeøvingar av denne sorten tidlegare.

2

Henriette Gjerde illustrerer fleire av øvingane. Ho viser både styrke- og balansekunstar.

3

William Heggøy (på stativet), Elias Ulbi (hengande) og Sander Flygansvær Hallquist (ståande)

4

Johanna Gjerde klatrar. I dette stativet kan ein prøva seg på øvinga Human Flag.

– M e spurde folk kva dei vill e ha her, og då var det mange som føreslo ein Tuftepark. Sidan det var engasjement rundt dette, var det også lettare å få folk til dugnad

Kvinnheringen møter ein stor gjeng i den relativt nye Tufteparken. Den ligg noko gøymt, mellom Husnes stadion og ungdomsskulen. Sjølv om dei enno ikkje er heilt ferdige med området, er apparata på plass og har vore i bruk sidan slutten av november 2016. – Me skal ha opp nokre benkar, laga mur rundt og få på plass lysarmatur. Tanken er at alt skal vera vedlikehaldsfritt og tola «tidens tann», fortel Anna Kathrine Bjelland Mathisen, som er ein av medlemane i styret. Parken består av ti apparat som ein kan utfalda seg i, leika i og trena styrke på. Underlaget er mjukt, og mange av borna som er til stades for å demonstrera litt av aktiviteten som føregår i apparata, har allereie slengt av seg skoa for å få betre feste når dei klatrar til topps. Det manglar ikkje på verken mot, fantasi, lyst eller krefter blant dei oppmøtte. Når kamera er oppe, gir dei alt dei har.

mykje i bruk ved ulike arrangement, til dømes under fotballturneringar og andre idrettsstemne. – Me er her ofte i helgane, då òg er det mykje liv her, fortel Katrine B. Opdal. Det gler styregruppa å sjå at anlegget er teke godt imot, av både store og små, bygdefolk og tilreisande. Grunnen til at det vart arbeidd med å få på plass ein Tuftepark var mellom anna at dette var noko folk ønskte seg i området. – Me spurde folk kva dei ville ha her, og då var det mange som føreslo ein Tuftepark. Sidan det var engasjement rundt dette, var det også lettare å få folk til dugnad, fortel Bjelland Mathisen. Dei har vore rundt 25 personar på dugnadsarbeid kvar gong, og arbeidet har vore med på å gi dugnadsanda på Husnes eit løft.

Noko for alle

Cristian Smith er ein av dei andre medlemmane i styret, og vert presentert som «handymannen» i gjengen. Det er mykje praktisk arbeid rundt å byggja eit slikt anlegg, og her har Smith vore kjærkomen. – Det gjekk jo veldig fort med oss når me først sette i gong. Det gjekk slag i slag, for me måtte få det ferdig før frosten kom, elles måtte me ha venta til våren igjen, fortel Smith. Dei har ikkje tal på kor mange dugnadstimar som har gått med, men logistikken var tydeleg på topp, for frå entreprenøren byrja gravinga til parken stod ferdig, tok det tre og ei halv veke. – Det vart intensivt, men det er godt med alt som er gjort, legg Bjelland Mathisen til. Resultatet er absolutt noko dei kan

Aktivitetsparken Lunden har eit rikt tilbod. Forutan Tufteparken har ein fotballbanar, lysløypetrasé på ein kilometer, trelavvo, sandbane til ulike ballspel, og skaterampe. Men planane stoppar ikkje der. Det vert også arbeidd mot ein leikepark, som mellom anna er tenkt å innehalda ein klatrepyramide og ein type sykkelbane, såkalla «pumptrack». Desse banane kan byggjast av modular, og kan byggjast på i fleire omgangar. Pumptrack er ein type terrengbane der ein kan sykla, stå på rullebrett og liknande. Leikeparken vil truleg få fleire apparat også, men før dette arbeidet tek til, må dei få pengane på plass. Det er allereie 200.000 kroner på bok øyremerkt til leikeparken. Tufteparken og området Lunden er

27

Godt med alt som er gjort

vera stolte av. Apparata kan bli nytta av folk i alle aldrar, og området er både sentralt i Lunden, samstundes som det ligg litt for seg sjølv, bak ungdomsskulen. Rundt oss spring og klatrar rundt 15 ivrige born, som utfordrar seg sjølv med styrkeøvingar og leiken akrobatikk. – Ta bilde av meg no då! ropar nokon. Andre tar i av all si kraft, og klarar ikkje ropa, men viser fram kva dei er gode for utan ein lyd. På ein solrik dag som denne, er det eit hav av rørsle på det raude, mjuke underlaget. Skuggar av klatrande born, føter utan sko, nokre sveitteperler i panna, lydar som vitnar om meistring, glede og kameratsleg konkurranse. Øvinga «Human flag» vert nemnd, der ein held seg fast i to parallelle stenger, og hevar kroppen slik at den står rett ut i frå apparatet, som eit flagg. Det er ingen som vil prøva å illustrera øvinga for avisa. Like rundt hjørnet av ungdomsskulen er det fotballtrening, og ei stor gruppe born har funne ein fin balleik på sandbana. Heile aktivitetsparken blir brukt.

Treningstips i QR-kodar For å koma til aktivitetsparken i Lunden, køyrer ein inn med Undarheim skule, og tek til venstre. Det er høve å parkera fleire plassar i området, dersom ein kjem med bil. Viss ein ønskjer å testa ut ulike treningsøvingar på apparata i Tufteparken, finst det ei tavle med informasjon om øvingar på standen, samt QR-kodar på kvart stativ, som ein kan scanna med mobilen, og få opp demonstrasjonsvideo til øvingane. Parken er såleis eit lågterskeltilbod som legg til rette for både trening og frileik.

Fakta om Tufteparken Den første tufteparken vart reist i Asker i 2012, av Lasse Tufte. Formålet med parken var å etablera eit lågterskel treningstilbod i friluft, og at absolutt alle skal kunna gjennomføra alle dei grunnleggjande øvingane, uavhengig av alder, høgd, kjønn og fysiske føresetnadar. Tufteparken er eit ideelt tiltak for folkehelsa og for den uorganiserte idretten, eit norsk konsept, utvikla av norske brukarar, produsert i Norge av eit norsk selskap. I Kvinnherad er det to tufteparkar, der den andre er plassert i Rosendal, i samband med RIFparken ved Malmanger oppvekstsenter. Styret bak Tufteparken på Husnes består av Anna Kathrine Bjelland Mathisen, Cristian Smith, Nina Medhus, Gunn Heidi Eikemo Steine og Arve Ekeland. Parken er reist med god støtte frå det lokale næringslivet, frå fleire stiftingar og, ikkje minst, mange arbeidstimar av ein formidabel dugnadsgjeng.


28

KVINNHERAD-FERIE 2017

Med ferske urter frå kjøkenhagen kan Tone stella i stand mat med kortreiste råvarer. – Der borte ser du lamma våre. Me håpar på sikt å få dei på menyen her, fortel Laila.

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

I vakre omgivnadar ligg Matre, ei lita bygd der alle kjenner alle. Omfamna av høge fjell, og med utsyn mot fjord og vatn. Midt i dette landskapet kan ein i desse dagar sjå lys i vindauga i bygget som tronar ytst på knausen inst i bygda. Matre Gjestetun opna dørene 1. mars. Allereie no kan Laila Lyngnes Tungesvik og Tone Lyngnes slå fast at starten har vore knakande god. Dei har bestillingar på mange ulike selskap fleire år fram i tid. – Me har hatt ein pangstart, kan du seia. Det har vore «bånn gass» 24 timar i døgeret, fortel Laila nøgd. Tone står for den andre halvparten av den nyetablerte verksemda som jobbar primært mot bedriftsmarknaden med kurs og konferansar, men som gjestfritt opnar dørene for private selskap, overnatting og innimellom også for bygdefolket. – Me hadde jo pizzakveld her for litt sidan, og la ut informasjon på Facebook berre to dagar før arrangementet. Då tenkte me; «Å, nei, no kjem det sikkert ingen», sidan me var så seine, men det kom over 100 stykk, og huset var fullt av folk frå heile kommunen. Det var veldig kjekt! smiler Tone. Tone er kokk, og har ansvaret for maten, og tilbyr også catering. Ho har arbeidd på ulike hotell og restaurantar tidlegare, men er glad for at ho no kan stella i stand alle slags rettar, frå tradisjonell husmannskost til flottare middagar med fleire rettar, på Matre Gjestetun. Ho er veldig godt nøgd med det godt utstyrte kjøkenet i bygget, og synest standarden er meir enn akseptabel.

Foto: Jostein Sandvik

Eit bygg med potensiale – Då eg var lita sa eg faktisk at «når eg blir stor vil eg jobba i dette huset», medgir ho blidt. At det vart nettopp slik, har ikkje vore sjølvsagt. Bygget har blitt nytta av SKL, som også er eigarane, men potensialet har vore større enn bruken. Dei driftige damene såg ein moglegheit i huset, og greip den då dei hadde sjansen. Med det kasta dei seg ut i ein kvardag som sjølvstendig næringsdrivande, og dei legg ikkje skjul på at læringskurva har vore, og er, bratt. – Det er jo berre oss to, og me gjer jo alt her. Frå kontorarbeid, fakturering og matlaging, til reinhald og det å halda drifta i gong. Når det er mange gjester her og store selskap, må familien trø til. Me hadde ikkje klart oss utan dei, eller den gode støtta frå bygdefolket, fortel Laila takksamt. Tilbakemeldingane frå bygda har vore

utelukkande positive, noko som både inspirerer og motiverer til vidare drift. Litt av visjonen deira er å skapa ein stad der bygda kan samlast, noko som vil føra til større aktivitet både i Matre og truleg også bygdene rundt. – Men me driv ikkje typisk restaurant eller kafé. Me har jo arbeidsdagane våre her, men all mat må skje på bestilling, held ho fram. Det er nemleg ikkje slik at ein kan komma på døra og venta varm suppe på ein kvardag, eller søndagsmiddag kva tid som helst. – Å driva kafé i Matre ville nok, diverre, vore eit tapsprosjekt, legg Tone til. Dei har tankar om å arrangera ymse hendingar, til dømes f leire pub- og pizzakveldar, tilby søndagsmiddagar og liknande, men det vert annonsert i forkant.

Dei raude stolane Eit konferanselokale i underetasjen, med eit flott møterom og eit stort auditorium,


KVINNHERAD-FERIE 2017

29

Innhaldsrikt gjestetun Denne sofaen står på hemsen, og er tittelert som «Norges lengste». Om det er korrekt har dei ikkje funne ut av, men den er i alle fall lang, og får behalda tittelen ei stund til.

tid til å planlegga i starten, men så vart det jo så travelt, fortel Laila, og Tone nikkar samd. – Ja, men me har jo litt planar, så det kjem nok meir på sikt.

Å kjenna seg som heime

Frå møterommet med dei raude kontorstolane har ein godt utsyn ned til bygda.

er noko dei ønskjer å utnytta også til eigne arrangement i framtida. Bygdefolket kjenner dei raude stolane som kan skimtast i veggen av vindauge som «tyt utover» kanten. Skal ein ha møte med noko attåt, kan ein få ein smak av kvinnheradnaturen til kaffien dersom

ein skipar til møte her. Kjekke føredrag er ein av ideane på lista for hendingar dei ønskjer å skipa til, ved sida av å leiga fasilitetane ut til verksemder. – Men me har ikkje akkurat hatt så mykje tid til å planlegga noko konkret enno. Me trudde det ville bli mykje meir

Då Kvinnheringen får eit innblikk i ideane deira, er det den gode atmosfæren som blir prata om. – Me vil gjera det heimekoseleg for dei som vitjar oss. Få gjestene våre til å senka skuldrene, nyta fin natur og god, heimelaga mat. Ein får jo naturen heilt inn her, seier Laila, og peikar mot fjella som tronar like utanfor dei store vindauga. – I tillegg til verksemder kan me jo til dømes ta imot venegjengar som vil gå i fjellet, eller grupper på sykkeltur. Og dersom ei slik gruppe til dømes ønskjer å bestilla overnatting, med spekemat i fjellet, så er

det slikt me kan ordna her, skisserer Laila vidare. Dei held fram med å konkludera med at behov og etterspurnad truleg vil bli litt klårare etter kvart. Så slik er det; Ti minutt unna ligg Fjellhaugen skisenter, Folgefonna like ved – område som er attraktive både når skitrekket er ope, og når snøen er borte og ein kan vandra til fots. Fjorden, vatnet og kommunen sine mange fjelltoppar har allereie lokka fleire verksemder frå heile landet til Matre. Matre Gjestetun ligg dermed i eit «smørauga» både sommar og vinter, og når dei mellom anna reklamerte med å ha Norges lengste sofa, sengeplassar til 40 personar, møte- og konferanselokale, trimrom, ein sjarmerande urtehage og eit enormt boltreområde for rekreasjon like utanfor døra, er det kanskje ikkje så rart at det har vore ein pangstart for den nye samlingsstaden i bygda.


30

KVINNHERAD-FERIE 2017

HAR DU IDÈAR OG PROSJEKT DU TRENG HJELP TIL? VI HJELPER DEG MED HEILE PROSESSEN!!

yktige d r a Vi h erte s i f i l a og kv lk til fagfo te! es det m

Rådgjevning

SPØR OSS I DAG!

Fagfolk i butikken

Lager

Månd.-fred.: 07.00-18.00 Laurdag: 09.00-15.00 Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Telefon 53 47 59 10

info@teigen.byggern.no


Kongepuddelen Emma likar godt å reisa, men har ikkje vore på pensjonat. – Eg tar gjerne ferien på hytta, elles besøkjer eg familie.

F

gjennom heile fellesferien er det høgt trykk på pensjonatet. Dersom dei treng meir hjelp, har dei fleire tilsette som stiller opp for å gje hundane gode dagar. Så korleis er eigentleg ein vanleg dag på garden i Jondal? – Dagen startar rundt sju om morgonen, med lufting av alle hundane i ein luftegard. Det er ikkje alle hundar som går så godt ilag, men dei er ofte ute to og to. Medan dei får lufta seg og gått på do, steller vi inne, med vasking av matskåler, risting eller byting av tepper, og gjer klar maten deira. Dei får ikkje steikt egg, men dei får mat. Og dei som skal ha medisin, får det. Heile runden tek gjerne ein god time, då har alle hundane fått lufta seg, fått morgonstellet og ete frukost. Då er det vanlegvis på tide med frukost på menneska på garden óg. Deretter er det mosjonering og leik på timeplanen. Målet er at alle hundane skal vera i aktivitet, anten det er å vera med på sykkeltur eller gåtur, spela ball i den store luftegarden, eller anna. – Vi plar leggja til rette for at dei får det slik dei er van med. Dei som er van med å bli sykla på tur med, får det, fortel han vidare. Det er eit minimum med éin tur på tre kilometer og i alle fall 30 minutt i den store luftegarden.

Lyden av Noreg

int hundeliv i Hardanger

Det er ikkje alltid like lett å finna dyrepassar for kjæledyret når ein skal reisa på ferie. Hardanger Hundepensjonat i Herand er blant dei som tek imot hundar i ferien, og dei firbeinte gjestene kjem frå heile regionen. TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

I 2011 vart hundepensjonatet i Jondal etablert på gardsbruket til Morten Aasbø og familien hans. Dei har sjølv to hundar, som vert tittelerte som «selskapsdamer» av matfar sjølv. – Dersom vi har lite hundar her, tek vi hundane våre bort dit, slik at dei har selskap i kvarandre. Det hadde ikkje vore greitt å la dei stå på ein ukjent stad åleine, og hundane våre er berre glade for å vera der, fortel Aasbø over telefon. Han har eigentleg 2,5 hundar, og då underteikna spør korleis den halve hun-

den er fordelt ler han, og avklarar at han har ein jakthund saman med ein ven. – Eg byrja lura på kva halvdel av hunden du hadde, ler eg. – Ja, om det var framparten, bakparten eller om den var den høgre eller venstre halvdelen? ler han tilbake.

Lang erfaring Aasbø har drive med hund i mange år, og heile familien er med og hjelper til når høgsesongen står på. Den aller travlaste perioden er midt i juli, men

Det er to rundar med lufting på kvelden, og etter siste hund er komen i hus rundt 22.30, er det kveld i pensjonatet. – Då slår vi av radioen. Dei plar å høyra på P4 på dagtid, legg Aasbø til. – Lyden av Norge? ler eg. – Ja, når vi slår av radioen veit dei at det er kveld, held han fram. På Hardanger Hundepensjonat har dei ope heile året. Dei har 20 enkeltrom, og det er vanlegvis dei store romma som forsvinn først. – Hittil har vi ikkje hatt stengt ein einaste dag i løpet av seks år. Og dei som har bestilt plass har alltid fått ja. Sjølv om vi har 20 enkeltrom, synest eg ofte det er nok med femten hundar. Men til dags dato har vi alltid sagt ja. Morten Aasbø har fleire kundar som kjem igjen gong etter gong, noko han tek som ei tillitserklæring. Han kan sjå på mange eigarar at det kan vera vanskeleg å reisa frå hunden i ferien, og då er gleda stor når menneska kjem attende til ein nøgd hund. Opphaldet på Hardanger Hundepensjonat er «all inclusive», og inneber mat og drikke, dagleg luftetur og aktivitet, og «room service».


32

KVINNHERAD-FERIE 2016

Bålmat Tekst og foto Jorun Larsen

DIGG

Emil går lett «bananas» på berget, medan han gaular av full hals på ein av hans personlege sommarlåtfavorittar, Pen-Pineapple-ApplePen. Med Fanta Exotic på flaska vert skyene på himmelen viska vekk, og det er sommar!

Sjå for deg ein varm sommardag… … der himmelen er pastellblå og skyfri. Der solstrålene kitlar deg leikent på nasa, og gjer den berre huda di varm og salt. I små augneblinkar der ungane er stille, oppslukt i eit fint skjel eller ein skjønn blom, kan ein tydeleg høyra grashoppene som tikkar i det høge, irrgrøne graset. Songen til grashoppene vert avløyst av trillande barnelatter, og ei lita hand som smyg seg lett inn i di eiga. Ein flokk smilande andlet går mot stranda, der dei skal nytta dagen med gode vener, bading, leik og ikkje minst – enkel og smakfull bålmat.


Anders Totland diskar opp med kyllingspyd i potetlefse, på ei seng av peanøttsaus, toppa med ferske urter.

H

ald gjerne fast på bildet av ein herleg sommardag når du les dette, og legg vestlandssommaren på hylla for ei lita stund. Det var kanskje ikkje heilt slik då Kvinnheringen vart med Anders Totland til Valøya, men smakfull, enkel bålmat – dét vart det!

O vestland, vestland Med om lag seks grader i lufta, tett og truande skydekke, sur vind, og truleg også fare for snø, traska ein flokk på ni seg utover mot grillhuset på Valøya, bortanfor båthamna på Valen, ein dag i slutten av april. I ullgensrar, allvêrsjakkar og regnbukser, forflytta følget seg frå den sparsame parkeringsplassen, mot sommareldoradoet til familien Thorkildsen Totland. – Espen og ungane har vore her ei stund alt. Han ringte meg tidlegare i dag og spurde kva tid me skulle møtast. Halv fire, sa eg, fortel Anders. Avtalen var å møtast tre kvarter seinare. Det er også då resten av turfølget dukkar opp. Espen Lillesand har med seg dei to døtrene sine, Emilie (6) og babyen Villa. Leah Marie Meling (4) er med, samt dei tre borna til Ragnhild og Anders; Emil (8), Alva Elisabet (5) og Mari (3). Av desse er det dei to minste som tek livet med størst ro, medan dei andre – tydeleg lommekjende, rasar av garde for å finna pinnar, steinar og andre skattar i fjøra, fuglar, med meir. Fjorårets kumøk vert heller ikkje oversett av deira skarpe blikk, ei heller deira etter kvart blaute sko. Sjølv om denne dagen ikkje akkurat svarar til vona når det gjeld vêret, skal det elles ikkje så veldig mange plussgrader til før Anders og familien tek turen til Valøya. Dei nyttar friområdet mykje i dei tre varmaste årstidene. Med gåavstand frå heimen, finn dei ei kortreist ferielukke nettopp her om sommaren.

Friområde – på alle måtar – Me er her så ofte me kan, når me har tid og det er fint vêr, smiler Anders og held fram: – Då er me her gjerne frå morgon til kveld. Ungane badar til dei blir blå på leppene, og leitar etter krabbe heile dagen. Ragnhild har jo nesten vakse opp her ute, smiler han mot kona, som er oppvaksen i bygda. Likeeins har ungane deira òg brukt mange timar av livet sitt på Valøya. Går dei ikkje ut til fots, tek dei båt eller kajakk frå båthamna. Ved høgvatn kan dei padla gjennom det smale sundet mellom halvøya og den ytste holmen. Dersom det er trong for rekreasjon, er Valøya ein av plassen dei oppsøkjer. Ein naturleg, nær, vakker og fredeleg stad å søkja tilflukt. – Sjølv på dei aller varmaste sommardagane har me jo nesten staden for oss sjølve. Og like borti her er badestrendene smekkfulle, legg han til. Ha n si k t a r t il dei a nd re f lot te badestrendene langs fjorden, men forstår ikkje heilt kvifor folk vil sitja tett i tett >>>


34

KVINNHERAD-FERIE 2017

POTE TBRØD Må lagast heime på førehand. Kan eventuelt erstattast med kjøpe-tortillalefser.

>>> på handklea sine på ei lita, folkefull badestrand, når dei kan ha ei halvøy å boltra seg på. Konklusjonen kan vera at dei småhissige oksane, som går på beite her om sommaren, kanskje skræmer enkelte frå å oppsøkja den romslege idyllen. Totland sjølv er van med sinte politikarar på Stord frå jobben sin som journalist i bladet Sunnhordland, og let seg dermed ikkje skræma av den lokale hopen av storfe.

Superkos Det er, mildt sagt, aktive born som spring rundt på berget og stranda, opp og ned taustigen til hemsen i grillhytta, og ut for å sjå på svanene som er minst like interesserte i pinnebrød som borna. Mari held seg i nærleiken av foreldra, og har ein leik med å gå frå stein til stein utan å trø utanfor. – Kan du flytta deg litt? spør ho meg forsiktig. Eg står visst i vegen for ruta hennar, og flyttar meg, som ho bed om. – Mari, synest du det er kjekt å grilla? spør Anders. – Ja! – Er det kjekt å bada då? spør han vidare. – Ja! Ein smule leiande spørsmål kanskje, men entusiasmen i dei korte svara understrekar iallfall at ho meiner det. Turar som dette er ifølgje Anders noko av det mest koselege som finst. – Me plar å gjera det veldig enkelt: Ein boks med pinnebrøddeig og ein kjele kaffi, ein kniv til å spikka grillpinne med og nokre fyrstikker. Då har me det som trengst, slår han smilande fast. Pinnebrødet han har med denne dagen er proppa med gode smakar; urter og soltørka tomat. Sistnemnde er Emil sin personlege favoritt. Han lagar ein vill grimase som om han kunne krepera, då han seier det. – Soltøøørkaaa tomaaaaat! Dersom ein heller vil ha noko søtt til turen, kan ein nytta sukker og kanel i staden for urter i deigen. Og opnar ein opp for endå litt meir fantasi, er det ikkje måte på kor mange variantar ein god base pinnebrøddeig kan resultera i.

Med kokkehatt og fagbrev på hylla Som ein ekte kokk har Anders juksa litt denne dagen. Maten han har med er klar til å varmast

på bålet, som etter nokre tennbrikettar fekk god fyr. Kyllingspyda er ferdig marinerte og steikt heime på kjøkenet, og kan varmast på bålet, før dei havnar i potetlefsene, rulla inn i peanøttsaus og toppa med friske urter. Pinnebrødet treng ikkje å jåla seg til. Det må berre tvinnast på pinnen og steikast før det er klart til å nytast. – Men eg kan ikkje kalla meg kokk lenger, understrekar han. Sjølv om fagbrevet frå kokkefaget ligg ein stad på kjøleskåpet heime, er det forfattar og journalist han er. Samt matbloggar, kjøkenhage-entusiast og organist.

Digg; ei kokebok I september gir han ut si første kokebok, der ein mellom anna kan finna oppskriftene på den bålmaten han har stelt i stand denne dagen. Boka vert gitt ut på Skald forlag, og vil få den smakfulle tittelen «Digg». Tittelen er henta frå matspalta han har i bladet Sunnhordland, saman med fotograf og kollega Marius Knutsen. Knutsen er med som fotograf i boka også. Eg spør kva som er fokus, kva folk kan venta seg av digg mat i den komande boka? – Konseptet er i grunnen mat som eg likar å laga, og som eg synest er god. Oppskrifter der ein får tak i alle råvarene på nærbutikken, og som ein ikkje treng avansert utstyr for å klara å laga, informerer han. Anders tenkjer seg litt om, før han held fram. – Upretensiøst, men likevel eigna til å imponera. Dette blir ei kokebok der bileta viser matrettane slik dei faktisk ser ut, utan «fancy» skum eller anna «utanomjordisk» garnityr. – Rettane du lagar vert sjåande nett like ut som dei vert presenterte på bilda i boka, lovar kokebokforfattaren. I tida framover vil det bli travelt, med mykje kokkelering og lange arbeidsdagar med å både laga og presentera dei ulike rettane. Tekst og bilde skal gi ei kjensle av at ein sit i hagen med Anders, med ei duggfrisk flaske i handa, og pratar om god mat. Mellom dei lange arbeidsøktene kan ein truleg finna Anders, med eller utan familie, mellom anna på Valøya, med ein liten boks pinnebrød i handa og fyrstikker i lomma.

INGREDIENSAR 1 kg kveitemjøl 500 gram kokt potet 50 gram gjær 5 dl vatn ½ ts salt FRAMGANGSMÅTE • Mos potetene og ha potetmosen oppi bakebollen til kjøkenmaskina saman med vatnet. La maskina gå nokre rundar, så det blandar seg. Ha oppi det tørre, og la maskina gå til deigen blir smidig og fin. Hald igjen litt av mjølet, til du ser kor mykje som trengs. • La deigen heva til dobbel storleik, før du deler han opp i passe store emne. • Kjevl ut deigen og legg på steikebrett. • Steik i omn på 250 grader. Legg dei ferdigsteikte botnane på ei rist, om du ikkje skal servera dei med éin gong.

GRILL SPYD MED K YLLING OG PEANØT TSAUS INGREDIENSAR 6 kyllingbryst ½ chili 6 ss 1 dl søt soyasaus peanøttsmør Friske urter 2 fedd kvitlauk Peanøtter FRAMGANGSMÅTE • Skjer kyllingbrysta i bitar, og tre bitane på grillspyd. • Sausen må du laga før du stikk ut på tur. Då tar du med litt varm olje i ei panne, og har finhakka chili og kvitlauk oppi. Ha i peanøttsmøret, soyasausen og om lag halvanna desiliter vatn. La det heile småkoka 10-15 minutt. • Server kyllingspyda med peanøttsaus og eit dryss med peanøtter og ferske urter. Gjerne timian eller koriander, om du har tilgang til det. Sausen smakar godt både kald og varm.

PINNEBRØD INGREDIENSAR 4 dl kveitemjøl 2 ss sukker 2 ts bakepulver 1/2 ts salt

5 ss soltørka tomat i olje 1/2 liter vatn 1 neve grovhakka urter

FRAMGANGSMÅTE • Bland dei tørre ingrediensane, før du har oppi soltørka tomat og vatn. Ved å kjøpa eit glas med soltørka tomat i olje, får du både olje og tomat, noko som gjer deigen både smidig og god på smak. • Den ferdige deigen kan du stappa ned i ein boks eller pose og ta med ut på tur. Grill pinnebrødet på bål, med deigen surra rundt ein pinne eller ei pølse.


KVINNHERAD-FERIE 2017

35


36

KVINNHERAD-FERIE 2017

GRENSESPRENGJANDE KVINNHERINGAR

TUSEN TAKK TIL ALLE.... TEKST TEKST

Uga. Ut ea volupta velecti sit fugitat uresequam raernatem susam laudae niet placeaque laciiss itatis earum volupis pore sandanditae volenisim expere voluptis volorent, veligendus quo eos dolorem porerita dunt volorum vellaut occus niendit pellor am vides autem et enimpel itasperovid quias ernam sim iuntotas doloritate volupis quiasinvenit opta natur?avGiame num hillenderae et eaquotilcommolum Met I PALFINGER MARINEvolesedi er vi opptekne å heile tida flytta grenser det bestefuga. for sjøfarande sin quiberum autemol uptatur moloreprores incidunte est, susandignat.

tryggleik om bord. No har det seg slik, at å flytta grenser krev sin mann. Eller kvinne. Og i somme høve også ganske mange fleire enn ein mann eller ei kvinne. Dolorum deliquis explabo. Lupiet aciate maio dolupta vella pro blabo. Nem incium lacest, idusa voluptat omnitior suntiores esequam venienet et hillor rem volupta estotas net aspe nihitatur si dolo volorrum

No sist vi flytta ei grense, og med det gjorde verda bitte litt tryggare, hadde vi trong for 440 menn og kvinner, gutar og jenter, til å hjelpa oss. Og tenk, det fekk vi til. PALFINGER MARINE er utruleg takksame for at vi held til i ei bygd og ein kommune som veit å stilla opp når det trengs. Til alle som deltok: Tusen hjarteleg takk! De har alle saman vore med og flytta ei grense til beste for tryggleiken til sjøs. Det står det respekt av.


KVINNHERAD-FERIE 2017

37

PALFINGERMARINE.COM


38

KVINNHERAD-FERIE 2017

Halsnøy Kloster Klosteret på Halsnøy var eitt av fem augustinaranlegg i Norge frå mellomalderen. Klosteret vart truleg etablert midt på 1100-talet, og ifølgje somme kjelder knytt til kroninga av Magnus Erlingson. Fundatsgodset var konsentrert kring nokre storgardar i Sunnhordland, Karmøy og Jæren. Domenegarden Halsna var gamalt hovdingsete. Gjerde i Etne var største garden i Hordaland og truleg krungods då det vart overgitt til klosteret. Ved inngangen til reformasjonen hadde Halsnøy Kloster det største jordegodset av alle norske kloster. Det var såleis ein betydeleg økonomisk maktfaktor og dreiv utstrakt handel. Godset vart administrert som eit len under kongen etter reformasjonen, og etter innføringa av eineveldet som eige futedøme. Futen, Andreas Juel, kjøpte klostergarden i 1758, og garden er framleis i familien sitt eige. Sjølve klosteranlegget vart bygt ut ved etableringa, men monaleg utvida og nybygt etter store brannskader på 1300-talet. Det er ruinar etter dette anlegget som står i dag og er gode døme på gotisk byggjeskikk. Kyrkja som var den dominerande bygningen, blei truleg skadd tidleg. I dag står det berre ein liten rest igjen frå det sør-austre hyrna. Det er det ytre klosteranlegget som er best bevart. Ruinane utan tak er dels prega av restaurering på 1930-talet. Kjelde: Sunnhordland Museum

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Halsnøy kloster opplevde ein auke i besøket i fjor sommar. Det trur Helén Petersen, dagleg leiar ved klosteret, heng saman med huskonsertane dei heldt, og ho er glad for å skilta med det same tilbodet også denne sommaren.


KVINNHERAD-FERIE 2017

– Sommarsesongen startar 20. juni, og det vert dei same guidane her i år som i fjor. Kristoffer Tufta og Ruben Petersen Eide frå Halsnøy, samt Viljar Malmsten og Martin Tvedten, fortel Petersen. Tvedten er ein av dei som vil halda dei små konsertane, som vil skje på ettermiddagstid, laurdagar og søndagar gjennom sesongen. – Forhåpentlegvis kjem også André Eide for å halda nokre pianokonsertar, legg ho til. Programmet for sesongen vert som tidlegare år, med guida omvisingar på staden, og kafé. Det er ope frå tysdag til søndag kvar veke fram til midten av august. I byrjinga av juli reiser Helén Petersen til Frankrike saman med Øyvind Hjelmen for å representera Sunnhordland Museum under opningsveka på fotofestivalen i Arles. Der skal dei ta del i det offisielle programmet for portfolio reviews, og finna dei nye fotokunstnarane som skal ta del i AiR-­ programmet ved klosteret. AiR-programmet til Sunnhordland Museum opnar opp for at fotografar frå heile verda kan søkja om eit tre vekers kunstnaropphald på klosteret, og eitt år etter opphaldet vert dei inviterte tilbake for å ha utstilling med det arbeidet dei gjorde då dei besøkte Kvinnherad. – Det er ei knalltøff veke, der me i år skal representera institusjonen for åttande gong. Det er veldig kjekt og spennande å vera med på, fortel Petersen.

Tekstilen sin estetikk Kvar sommar er det ei utstilling i gallerilokala i kjellaren. Årets sommarutstilling vart opna under klosterdagen 11.juni, og vil kunna besøkjast heile sesongen. Det er Jeanette Persson som står bak årets utstilling. Ho er kunstnar med bakgrunn i tekstil, og arbeider med tekstilar sin estetikk i ulike objekt og installasjonar. – Utstillinga har fått namnet «Kom nærare», fortel kunstnaren over telefon. Ho kjem frå Skåne i Sør-Sverige, men har budd i Norge i mange år, og no bur og arbeider ho på Stord. Persson har utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen, og jobbar prosessorientert med prosjekta sine; å utforska og prøva seg fram til eit uttrykk. – «Kom nærare» handlar om estetikk, meiningsberande materiale, som til dømes plast. Gjenstandar som har blitt brukt, og korleis dei kan brukast i kunst. Lys og skugge er viktig, og det er opp til betraktaren å tolka kva det betyr, fortel Persson vidare. Kunstnaren har delt utstillinga i to, og den andre delen er vev av fiskeliner,

39

der ho har jobba med lys og fargespel. Ho understrekar at denne utstillinga er, og skal vera, for alle. Ho opplever at mange synest kunstinstallasjonar kan vera vanskelege å gripa. Difor er ho oppteken av at det skal vera tilgjengeleg, pent og vakkert. Men samstundes finst det ein bodskap i verka hennar, for dei som er nyfikne og ønskjer å gå nærare og gjera sine tolkingar. Tittelen på utstillinga er ein invitasjon. Den siste tida har ikkje Persson jobba så mykje med kunsten, men har undervist ved medialinja på Stord vidaregåande skule. Ho har tidlegare hatt fleire utstillingar i både Norge og i utlandet.

Ruinprogrammet held fram På utsida vil sommaren gå med til vidare restaurering av klosterruinane, der det i år vil vera to mann på opplæring saman med muraren Daniel Putian. Restaureringa skjer i samarbeid med Riksantikvaren, og dei som no får opplæring i handverket, er lokale murarar som gløder for faget. Halsnøy Kloster er ein del av Riksantikvaren sitt ruinprosjekt, som held fram til 2020. Til olsok vert det friluftsgudsteneste i regi Fjelberg & Eid kyrkjelyd, med påfølgjande kyrkjekaffi. Dette er også ei av dei årvisse hendingane i klosterprogrammet. – Dersom det er dårleg vêr, får dei ta kyrkjekaffien inne, forsikrar Petersen.

Seinsommaren I august er det fleire arrangement som er verd å nemna. Fotograf Øyvind Hjelmen held fotoworkshop ved klosteret frå 15.–20. august, der fristen for å melda seg på er sett til 25. juni. Det er plass til sju personar på workshopen, og deltakarane bur på romma i klosteret under opphaldet. Fokuset er å utvikla sitt eige fotografiske uttrykk, der ein kan jobba både med digitalt eller analogt fotografi. Øyvind Hjelmen kjem frå Stord og har jobba med fotografi i over tjue år. Den siste helga i august vert det urpremiere på kortfilmen til Britt Johanne Landa, «Sjelsstyrke». Landa kjem frå Halsnøy, og bur og jobbar i Los Angeles. Manuset har ho skrive sjølv. Filmen, som handlar om det mennesklege mørket, inneheld mange scener som er spelt inn nettopp på og ved klosteret, og Helén Petersen vonar mange vil gå derfrå med klump i magen. – Filmen vil bli vist i to omgangar, eg trur det blir ei sterk oppleving. Ho er lokal og veldig dyktig, så dette er noko ein bør få med seg, avsluttar Petersen.

Kom nærare på klosteret


40

KVINNHERAD-FERIE 2017

Halsnøy

– Ei perle i Kvinnherad

ff

kk l l ee dd ee IIN NTTEERRIIØ ØRR kaffi kaffi GÅVER GÅVERleiker

Glede Glede

Post i butikk • Tipping • Rikstoto • Apotek

VELKOMMEN VELKOMMEN

sstteem mnni inngg NNYYHHEETTEERR

Supermarked

SSÆ ÆBBØ ØVVIIKK TLF TLF53 5347 4762 6207 07

...mange rare folk og dyr kan du treffe her!

OPE: 8–21 (20) TLF. 53 47 61 02

Landsbyen Sæbøvik - Tlf. 53 47 63 07

Sæbøvik

rekeBord og familiefeSt

Sommar er bolletid!

dsbyBakaren n a L

fredag 21. juli frå kl 18.00 v/Halsnøy Senter.

DanS i teltet

fredag 21. og laurdag 22. juli. Sentrum – Halsnøy, tlf. 465 19 099

Billettar på Spar.

Velkommen til Halsnøy Samfunnshus! BÅTVERKSTAD HALSNØY Vi har mekanikarar med lang og allsidig erfaring som utfører alle typar reparasjonar, vedlikehald og service på båt og motor. VINTERLAGRING Når du er ferdig med årets sesong kan du levera nøklane til oss. Vi tar opp båten for deg, og vinterlagrar den. Vi klargjer båt og motor før vinterlagring, bunnsmører, utfører service, monterer ekstrautstyr, vaskar og polerar. Om våren får du tilbake nøklene etter at båten er ferdig sjøsett.

KJØP OG SALG AV NYTT OG BRUKT Skal du ha ny båt og/eller motor, kontakt oss for tilbod. Det svarar seg å handla lokalt! Opningstider heile året: Mån-fre: 08.00–16.00 Laurdag: 10.00–14.00 1. nov–31. mars held vi stengt på laurdagar.

Tlf. 53 47 61 54 - 994 50 050 - wavelarssto@knett.no Wave - Øien - Mercury - Valiant - Quicksilver - Mercrusier - Volvo Penta

Her kan me tilby: • Bubilparkering • Tømmestasjon • Sandvolleyballbane • Bademulighet • Leikeplass • Sanitæranl. m/ dusj/vask • Flytebrygger m/straum.

Cafè & Pub Ope i sommar: Cafè ope kl 11–16, ons–laurdag Puben open laurdag

Tlf. 971 04 155


KVINNHERAD-FERIE 2017

41

Halsnøy Trelast

Middag

kaker - snittar koldtbord Vask for private og verksemder

416 90 425

Dill AS - Halsnøytunet Når du er på Sæbøvik, ligg båten din trygt i båthamna hos oss. Vi har eigne gjestebrygger m/straum og vatn. For meir info:

www.dill.as

sæbøvik båtlag

www.sblag.no

SÆBØVIK HAMN

Ny båthamN på Sæbøvik

Gjestehamn med plass til 40 båtar. Straum, internett, vatn, dusj, vask og fint område på land med bord, benker, grill, leikeområde og sandvolleyballbane m.m. Midt i sentrum med butikkar og spiseplasser i nærleiken. Ynskjer du kjøpa plass, kontakt Sverre Bjørnevik, tlf. 970 24 324. mail: spar.sabovik@spar.no Følg oss på facebook: Sæbøvik Hamn

EKTE BYGGKOMPETANSE EINEBUSTADER

vi har det du treng til prosjekta dine!

TILBYGG

GRUNNARBEID

Tlf. 53 47 30 10

FLEIRBUSTADER

RENOVERING GRAVING

HYTTER

GARASJAR BYGGEVARER

halsnoy-trelast.no

Nytt byggjefelt i Sandvikjo på Halsnøy!

Byggi Halsnøy har det du treng til dine prosjekt! Stort utval i byggjevarer, trelast, jernvare og maling! Kom innom i teltet vårt og sjå det store utvalet i hagemøblar! Nye tomter i Landamarka, Halsnøy. Kontakt oss for innformasjon og Byggmannkatalogen! Bjoanesvegen 62, 5454 Sæbøvik • post@oybygg.com • Tlf: 53 48 00 00 • Ope 7–16.30 Fre.7–18/Lør.9–13.30

ØYBYGG

A S

Sørvendte fine tomter med kort veg til skule, barnehage, kunstgrasbane og butikk. Flott turområde. Mulighet for kjøp av nausttomt. Tomtene har ei fantastisk utsikt over Sunnhordlandsbassenget! Tlf. 53 47 30 10 post@htrelast.no • www.htrelast.no


42

KVINNHERAD-FERIE 2017

«….Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja der bur du

«...Over eit fjell,

Håpar du veit kor heldig du e´

gjennom ein tunnel, Du bur på Vestlandet… over ei bru, ja der bur du Håpar du veit kor heldig du e ’ eit fjell, Du «….Over bur på Vestlandet... gjennom ein tunnel,

over ei bru, ja der bur du Håpar du veit kor heldig du e´ Du bur på Vestlandet…

RIKT KULTURLIV

UNIK NATUR

Det fins meir enn 500 ulike lag og organisaFrå fjordlandskap med skjærgard i sør til sjonar i Kvinnherad, for ikkje å gløyma dei mektige fjell og isbreen Folgefonna i nord. ulike festivalane som skapar eit unikt KULTURLIV UNIKdet NATUR Opparbeidde unik turstiar gjer enkelt å engasjement, felleskap og trivsel iRIKT bygdene. rikt kulturliV natur ferdast ute i den flotte naturen vår, både i Baroniet vartar opp med og 500 variert Deteit finsstort meir enn ulike lag og organisaFrå fjordlandskap med skjærgard i sør til Det finst meir enn 500 ulike lag og organisasjonar i Frå fjordlandskap med skjærgard i sør til mektige fjelli nord. låglandet og høgt til fjells! kulturprogram gjennom heile sommaren, sjonar i Kvinnherad, for ikkje å gløyma dei mektige fjell og isbreen Folgefonna kvinnherad, for ikkje å gløyma deiulike ulikefestivalane festivalane somskapar eit unikt og isbreen Folgefonna i nord. som der kjende artistar skapar magisk stemning Opparbeidde turstiar gjer det enkelt å skapar eit unikt engasjement, felleskap ogfelleskap trivsel i og trivsel i bygdene. engasjement, i slottet frå 1665 ferdast ute i den flotte naturen vår, både i bygdene. Baroniet vartar oppBaroniet med eit vartar stort og variert turistar gjer det enkelt å ferdast ute i den opp med eit stortOpparbeidde og variert kulturprogram gjennom heilekulturprogram sommaren, dergjennom kjende heile sommaren, flotte naturen vår, bådelåglandet i låglandetogoghøgt høgttiltilfjells! fjells! der kjende artistar skapar magisk stemning artistar skapar magisk stemning i slottet frå 1665. i slottet frå 1665

ALLSIDIG NÆRINGSLIV Båtbygging og landbruk har lange tradisjonar. Fleire mekaniske verkstadar og byggjefirma. Stort aluminiumsverk, ALLSIDIG NÆRINGSLIV psykiatrisk sjukehus, handelssenter og allsiDig næringsliV mangeBåtbygging små gründerbedrifter, med mange og landbruk har lange Båtbygging landbruk tradisjonar. fleire.har lange tradisjonar. og Fleire mekaniske verkstadar og Fleire mekaniske Stort verkstadar og byggjefirma. byggjefirma. aluminiumsverk, stort aluminiumsverk, psykiatrisk sjukehus, psykiatrisk sjukehus, handelssenter og handelssenter og mange små gründerbedrifter, mange små gründerbedrifter, med mange med fleire. mange fleire.

…Du kan reisa ut i verda, du kan følgja draumen din, gå på karneval i Rio, sjå på muren i Berlin. …Du kan reisa ut i verda, du kan følgja draumen Du kan oppleva ein masse, du kan læra nye ting, din, gå på karneval i Rio, sjå på muren i Berlin. men innerst i ditt hjarte er du alltid vestlending!» Du kan oppleva ein masse, du kan læra nye ting,

Velkommen til ein kommune med stort mangfald! men innerst i ditt hjarte er du alltid vestlending!» Frå «Vestlandet» Vinnarmelodien til MGPjr 2016

Frå «Vestlandet» Vinnarmelodien til MGPjr 2016

Kvinnherad kommune • Sentralbord 53 48 31 53 0048• 5470 Kvinnherad kommune • Sentralbord 31 00 •Rosendal 5470 Rosendal


KVINNHERAD-FERIE 2017

Aluminium –eit grønt metall

Hydro Husnes Den første aluminiumsproduksjonen på Husnes starta i 1965.

43

Byggevare- & trelasthandel Seimsfoss

Vi har alt du treng for å få jobben gjort!

Trelast, maling/tapet, verktøy.

totaltentreprenør

Produksjonskapasiteten er 185.000 tonn elektrolysemetall.

Handtverkarane våre gjer jobben for deg. Ingen oppdrag for små, ingen for store!

Målt etter årleg produksjonskapasitet er Hydro Husnes den fjerde største aluminiumprodusenten i Noreg.

Tlf. 53 48 28 90 - epost: post@kvinnheradbygg.no - 5472 Seimsfoss

TYSNES SPAREBANK Uggdalseidet — Skipa 1863 Råveldesum kr. 7.200.000,00 — Eigne fond kr. 382.000,00 Greider med vanleg bankverksemd Set du pengane dine i bygdebanken, stør du arbeidsliv og tiltak i bygda di. Annonse frå 1958.

Me har alltid vore opptekne av at pengane skal bli verande i vår region. Sjølvsagt har me modernisert oss, og du får alle dei same digitale løysingane hos oss som du gjer i dei andre bankane. Om du verdset personleg service, lokal forankring og engasjement for regionen vår, inviterer me i Tysnes Sparebank deg til ein drøs over ein kopp kaffi hos oss i verdas mest personlege bank.

Besøk oss på Tysnes, Kvinnherad og Stord.


44

KVINNHERAD-FERIE 2017

F

estival sommar

Du treng ikkje reisa langt for å få festivalkjensle om du bur i Kvinnherad! Her er eit utval av festivalane du kan få med deg i sommar. TEKST

Jorun Larsen

3.–5. AUGUST

FESTIDALEN Kor moro kan ein eigentleg ha det på landet? Temmeleg moro, dersom ein tar ein kikk på Festidalen sitt fullspekka program. På eit jorde i Uskedalen vert det stemning første helga i august. Dette er ein festival med mange komponentar på plakaten, her finst det noko for ein kvar. I år skiltar dei med desse artistane; Sondre Justad, Store P, Danko Jones (CAN), Odd Norstoga, Julie Bergan, Elsa & Emilie, Daniel Kvammen, Hjerteslag, Ary, Spidergawd, Sassy Kraimspri, Bottlecap (S) og OnklP & De Fjerne Slektningene. Musikkprogrammet serverer nokre av dei heitaste namna innan norsk musikk, og samtidig får ein bli kjent med band og artistar som gjerne ikkje er like kjente for alle.

Aktivitetar for born og unge Aktivitetane i Uskedalen startar allereie onsdagen, og dei minste får smaka på festivallivet først. Festidagen er ei gruppe ulike aktivitetar som tek til i dagane før, og mellom anna dans og redesign har vore populært blant dei unge. – I år kjem MixMaster Cru og har dansegruppe, der har jo ein av dansarane aner frå Kvinnherad, så det er kjekt. Elles blir det også Festauranten i år, med Anders Totland som instruktør denne gong, fortel Hege Lekva som er gruppeleiar for Festidagen-programmet.

Frå Festidalen i fjor. (Foto: Vidar Håland).

Ho oppsummerer aktivitetane vidare med at det vert noko kreativt, dans, yoga, nysirkus, marimba, sjakk, med meir. Nysirkus var ein av dei populære aktivitetane i fjor, og for alle gruppene er det førstemann til mølla som gjeld. Alt i alt er gruppa stolte over årets program. Det heile vert avslutta på laurdagen, med show for heile familien.

Ungdommeleg snert Torsdagen er det klart for Føredragskro og Lambaslepp. Førstnemnde er eit alibi som gir tyngde og kunnskap til festivalen. På programmet, som er fordelt over to dagar torsdag og laurdag, står mellom anna Joar Hoel Larsen, som kjem direkte frå Washington D.C. for å gje kvinnheringane siste nytt om Donald

Trump sitt USA. Han var blant dei som leia sjåarane til NRK gjennom valnatta då Trump vart valt som president. Føredragskroa har også invitert Harald Høiback, Pål W. Lorentzen, Vigdis Nielsen, Synnøve Kvamme og Atle Grønn, og tematikken er viktige saker som Hardanger og verneverdig natur, det norske forsvaret, sjakk og sagaen om den amerikanske president. Lambasleppet er Festidalen si ungdomsscene, der talent mellom 16 og 25 år frå regionen får visa kva dei er gode for. Det er sju band som skal spela kvar sine sett torsdag ettermiddag, og det heile skjer frå ei utescene i Uskedalen Båthamn. På plakaten står TwoFace, Marion Woodseth (begge frå Kvinnherad), LINN (Karmøy),

Sleepwalkers (Fusa), Aadland (Stord), Symra (Stord, Bømlo, Tysnes) og Katarina Lunde (Kvinnherad, Stord, Bergen). Lambasleppet er blitt eit årleg fesjå, der eit ekspertpanel deler ut «Festidalenstipendet» – tre dagar i studio og vidare spelejobb til nokre av banda som utmerkar seg.

Godbit til næringslivet Fredagen inviterer Festidalen næringslivet til å samlast til seminar. Denne gongen er fokuset dei som bidrar til å gjera Noreg tilgjengeleg, og som viser korleis ein kan nytta seg av det vakre landet har å by på. Her kjem mellom anna Lars Monsen, ein av dei norske eventyrarane, for å fortelja om sine erfaringar med målsetjing, smertetersklar, lagånd


KVINNHERAD-FERIE 2017

45

20.–22. JULI

SÆBØVIKFESTIVALEN

Mykje folk i teltet på Sæbøvik i fjor. (Arkivfoto).

Ein av dei eldste festivalane i Kvinnherad er Sæbøvikfestivalen, også kjend som «fiskefestivalen». Midt i Sæbøvik sentrum er det folkefest denne helga, med mange kjekke aktivitetar for heile familien. Det er ved samfunnshuset det heile startar, torsdag kveld. Då er det tradisjonen tru klart for kaijazz. – I år er det Arne Hauge Band som skal spela under kaijazzen, pluss eit gjesteband, Stua17 frå Nittedal, informerer Wenche Tofte, dagleg leiar ved samfunnshuset.

Rekefest

MixMaster Cru er blant instruktørane Festidagen har invitert til å halda kjekke kurs for born og unge.

og meistring. Han skal halda føredraget «Alt er (faktisk) mogleg». I tillegg kjem det lokale eventbyrået Rosendal Event for å prata om korleis dei lagar levebrød av eigne interesser, NCE Tourism – Fjord Norway vil gå inn på korleis dei går fram for å gjera Fjord Norge til verdas mest attraktive reisemål for natur og oppleving, Color Line vil representera og presentera det våte element, og Bergen2017 skal snakka om Sykkel-VM – ein eventyrleg folkefest i vårt eige heimfylke. Det vert yrande liv i sentrum, i dalen og i fjellet denne helga. Dersom ein vil vera ein del av festivalen frå innsida, er det mogleg å registrera seg som frivillig allerie no.

På fredagen held festlegheitene fram, med mellom anna den populære Krabbe- og rekefesten i teltet ved senteret. Det vert fleire timar med sjømat-buffé, aktivitetar og underhaldning for heile familien utover ettermiddagen og tidleg kveld. Når ungane har gått heim, er det klart for dans og musikk både i teltet ved senteret og på Pub no.13 i samfunnshuset. – Kim Rune og Tone Lise and the houseband og Raititai Band skal spela på puben på fredagskvelden, melder Tofte. Kim Rune Hagen vart kjent gjennom Idol, og deltok seinare også i The Voice, og har sidan gjort mange konsertar. Tone Lise Jonassen er eit lokalt talent med ei stor stemme, og med husband i ryggen vert dette ein bra konsert. Raititai Band består også av lokale musikarar, med Remi Sjo frå Halsnøy på trommer, Per Egil Larsen på gitar, Fredrik Horn på vokal og tangentar og Årstein Tislevoll på bass og vokal. Dei lover liv og røre på samfunnshuset. Leiar for sentrumsforeininga, Sverre Bjørnevik, hadde ikkje fastsett noko namn på kven som

kjem til teltet då Kvinnheringen hadde han på tråden, men lovar god musikk og stemning, både fredag og laurdag kveld. I tillegg vert det laga til stor fellesfrukost i teltet laurdag morgon, og med det legg dei til rette for at alle skal vera mette og gode til både fiskekonkurranse, leik og moro resten av dagen. – Me har leikepark, grilling, sal av kaker og kaffi og fiskekonkurranse på dagtid laurdagen, fortel Tofte, og legg til at det kanskje vert anna underhaldning også i løpet av dagen. Fiskekonkurransen er delt opp slik at menn, kvinner og born kan vinna i kvar sine grupper. I tillegg er det premiar til dei som fiskar den største fisken, samt dei som får størst fangst totalt. Laurdagskvelden på Pub no.13 vert avslutta med ein konsert med bandet Fuzzy Pineapple.

Ny, flott gjestehamn Bjørnevik legg til at gjestene som kjem med båt vil bli enno betre ivaretekne i år: – Den store nyhenda i år er at me har fått ei god og fin ny gjestehamn midt i sentrum. Der er det plass til rikeleg med båtar, og det er også lagt ut straum for båtar og bubilar, fortel han. Gjestehamna i landsbyen er utvida med om lag 60 båtplassar, og skjermar båtane for ein del vêr. For Sæbøvik sentrum er dette eit visuelt løft såvel som ei stor investering. – I fjor var festivalen ein kjempesuksess. Det var slik at me måtte stoppa folk i døra, for det var ikkje plass til fleire, mimrar Tofte. Sjølv om vêret ikkje var på topp i fjor, rann det inn med folk til festivalen. I år håpar dei på enno betre vêr, og minst like godt besøk.

NESTE SIDE: KALDESTADFESTIVALEN


46

KVINNHERAD-FERIE 2017


KVINNHERAD-FERIE 2017

1. JULI

med link til Sunnhordland, og Belsvik har nettopp dette, han er oppvaksen på Stord. – Han er også ein veldig dyktig formidlar, det er det kanskje ikkje alle som er klar over, held festivalsjefen fram. Vidare vert det bokkafé, med sal av bøker, plater, kaker og kaffi, før det er klart for festframsyning på kvelden, der mange lokale namn står for underhaldninga. – Kvelden vert på ein måte todelt. Den første delen vert eit slags maraton med sunnhordlandsforfattarar som les frå bøkene sine. I tillegg blir det musikkinnslag med fleire lokale musikarar, legg Kaldestad ut.

KALDESTADFESTIVALEN

Kaldestadfestivalen må vera ein av landets minste og mest sjarmerande festivalar, som føregår over éin dag på Kaldestad. Den blir i år arrangert for tredje gong, og skjer annakvart år. Programmet løftar særskilt fram lokale forfattarar, musikarar og kunstnarar. Det er eit tak på 150 billettar, då får publikum plass i løa på garden, samt i eit telt arrangøren set opp for høvet. – Me vil ikkje ha det større, og me vil også halda på å arrangera det annakvart år. Når me gjer det slik er det berre kjekt å halda på. Me har det veldig artig, stadfestar festivalsjef Roald Kaldestad. Årets festival vert gjennomført etter same leist som sist. Dagen startar med motbakkeløpet «Frå tare til topp». Toppen ein skal leggja under sine føter er Kaldestadåsen, 271 meter over havet. Dette er for å koma i gong med dagen, og løpet vert følgd av meir moro for heile familien.

Dyktig formidlar – Etter løpet blir det barneprogram, der Rune Belsvik skal ha opplesing frå Dustefjerten. Det trur eg blir veldig kjekt for både store og små. Me er veldig stolte over å ha han på programmet, fortel Kaldestad vidare. Dustefjerten er ei barnebok som kom ut i 1991, og Belsvik har skrive seks bøker samanlagt om Dustefjerten og venene hans, i perioden frå 1991 til 2003. Serien har fått fleire prisar. Det er eit stort poeng å få fram forfattarar

Kaldestadfestivalen slår eit slag for dei lokale forfattarane og artistane. Og blant sunnhordlandsforfattarane finn ein også nokre av dei store namna nasjonalt. Her er eit knippe av dei lokale namna som skal underhalda med musikk og lesnad under årets festførestilling framføre løa på Kaldestad. Bak f.v.: Hans Sande, Marie Røssland, Lars Amund Vaage, Hanne Bramness, Ole Bjarte Røssland og Per Olav kaldestad. I sofaen framme f.v. søstrene Astrid og Ingrid Fjellandsbø Røstbø og Håkon Røstbø. (Foto: Jorun Larsen). I denne løa vert det fleire arrangement under festivalen. – Me ommøblerer etter kven som skal vera her. Barneprogrammet vert halde her, då sit borna på golvet. Utstillinga til Rolf Monsen vert også hengt opp her inne, forklarar Per Olav Kaldestad. (Foto: Jorun Larsen).

Festframsyning

Måleri av Rolf Monsen vil vera med på å setja farge på festivalen.

Det er ikkje ukjente namn som vil lesa frå eigne verk på Kaldestadfestivalen. Dit kjem både Einar Økland, Lars Amund Vaage, Hanne Bramness, Helga Gunerius Eriksen, Truls Horvei, Dag Helleve og Arnt Birkedal. Musikken vert servert av mellom anna Astrid og Ingrid Fjellandsbø Røstbø, Håkon Røstbø, Marie, Caroline, Åshild og Ole Bjarte Røssland, Ove Eikemo, Gyrid Nordal Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen. Dernest er det klart for kabaret-framsyning med Vaksne menn. – Eg veit aldri heilt kva eg skal forklara gruppa som, men det var i alle fall fem forfattarar som slo seg saman for nokre år sidan, og laga ein slags kabaret, fortel Kaldestad, som sjølv er ein av dei fem. Med seg har han Ragnar Hovland, Hans Sande, Atle Hansen og Per Olav Kaldestad. Dei debuterte med Vaksne menn på Boknatta i Fjærland i 2011 og har seinare hatt eksklusive framføringar mellom anna under Dei Nynorske Festspela, på Tysnesfest og på den nynorske

47

barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

Også mat på menyen – Ja, og Anders Totland er festivalkokk, men kva han skal laga veit eg ikkje enno, held Kaldestad fram. Det Kaldestad veit er at då festivalen sist hamna på 4.juli, sjølvaste Independence Day i USA, vart det amerikansk mat på menyen. – I år er festivalen 1.juli, og me fann vel ut at det var Canada sin nasjonaldag, og bursdagen til Pamela Anderson, så eg er litt spent på kva han vil laga i år, smiler festivalsjefen engasjert. Sjølve festframsyninga under Kaldestadfestivalen er utselt for lengst, men til barneprogrammet er det framleis ledige billettar. Det er via ei Facebookside med informasjon om påmelding og billettsal, og festivalsjefen oppmodar dei som er interesserte i å melda seg inn på denne sida. Barneprogrammet vil skje inne i løa på Kaldestad, der ein også vil finna måleri av festivalkunstnar Rolf Monsen. Monsen er ein biletkunstnar frå Bergen, som har vore representert på ei rekkje utstillingar i inn- og utland sidan 1970-talet. Han hadde hytte på Kaldestad då han var barn, og fekk kontakt med Per Olav Kaldestad der. Dei held framleis kontakten, og har gjort fleire boksamarbeid saman. Det siste dei gjorde ilag var «Dagen er her den dag eg vil», i 2013.

1. juli - ein digresjon Noko som kanskje kan inspirera til nokre av komponentane ved festivalmenyen, er at fjernkontrollen vart oppfunnen på denne datoen i 1954. Same datoen vart Vigdís Finnbogadóttir, i 1980, verdas første demokratisk valde kvinnelege president, på Island. Det var også nettopp denne dagen i 1876 Statistisk sentralbyrå vart stifta.


48

KVINNHERAD-FERIE 2017

Sommarbygda

Uskedalen – bygda med liv i! SMAKIFRÅ

HANDLAGA MAT PÅ OSKA I USKEDALEN

Hjertelig velkommen

til mat og hygge ved gjestehavnen i Vi har gode hårpleieprodukt! Uskedalen. Vi har skalldyrbord hver torsdag og serverer lunsj og middag onsdag - søndag. Ønsker du å bestille skalldyr, koldtbord eller annen catering hjem, eller ombord i båten; så ordner vi det. Uskedalen, Eg hjelper deg gjerne med god heimalaga mattlf. til 53 48 65 66 Valen, tlf. 53 47 36 46 Tlf: 918 64 091 alle anledningar. Dåp, konfirmasjon, slektstreff, facebook.com/smakifraa, bryllaup, åremålsdagar, gravferd, jubileum m.m. www.smakifraa.no Sjå gjerne heimesida mi for meny og prisar: elinsmatgleder.no Ferske bakervarer - delikatesser - interiør - gåver

Oppussingsplanar? Hjertelig velkommen til mat og hygge ved gjestehavnen i Uskedalen.

– eller skal du byggja nytt?

Vi har skalldyrbord hver torsdag og serverer lunsj og middag onsdag - søndag.

Går du oG tenkjer på å skifta tak, byGGja nytt bad, kjøkken, nytt Golv, mala stova m.m.

Ønsker du å bestille skalldyr, koldtbord eller annen catering hjem, eller ombord i båten; så ordner vi det.

Ta kontakt for ein hyggjeleg prat og for eit uforpliktande tilbod.

Tlf: 91864091, facebook.com/smakifraa, www.smakifraa.no.

vi har óg dyktige fagfolk til å gjera jobben for deg om du treng det.

AS Uskedal Trelastlager - 5463 Uskedal - Tlf. 53 48 61 01 www.byggeriet.no - E-post: uasuske@online.no

Sommarkafè frå 3. – 27. juli Mån–fredag: 10.00–16.00 Laurdag: 10.00–15.00 Tlf: 470 12 125 elinenes@online.no www.elinsmatgleder.no

Rabben Feriesenter AS Største campingplassen i Kvinnherad! 5463 Uskedalen, tlf. +47 408 473 87 rabben@rabbencamping.no


KVINNHERAD-FERIE 2017

U S K E D A L E N

49

2 0 1 7

3.-6. AUGUST

L L E J F #

K C O R #

K I E L R #KJÆ

SONDRE JUSTAD DANKO JONES JULIE BERGAN DANIEL KVAMMEN ONKLP & DE FJERNE SLEKTNINGENE STORE P ODD NORSTOGA SPIDERGAWD ARY BOTTLECAP HJERTESLAG ELSA & EMILIE SASSY KRAIMSPRI LAMBASLEPPET LINN

MARION WOODSETH

SLEEPWALKERS

TWOFACE

AADLAND

SYMRA

KATARINA LUNDE

festidalen.no BILLETT

KJØ

P: T ICKETCO.NO Dønhaug Gjestegard


50

KVINNHERAD-FERIE 2017

Thaimaten Husnes

Chanya Khankittichock starta bølgja av thailandsk takeaway i Kvinnherad. Ho opna i 2010, og var førstemann ute med ei såkalla «thaivogn», som ein no finn i fleire av bygdene i kommunen. Khankittichock er eigentleg utdanna innan marknadsføring i Thailand, men denne utdanninga var ikkje gyldig i Norge. – Skulle eg ha jobba innan marknadsføring i Norge måtte eg ha vidareutdanna meg, i tillegg til at ein må vera veldig god i norsk, fortel ho. Khankittichock jobba derfor først nokre år i Vibe då ho kom til Norge, men grunna problem med ei hand kunne ho ikkje halda fram med det. – Det er vanskeleg å finna jobb, så eg fann ut at eg kunne laga mat. Det at f leire har opna thailandsk takeaway i kommunen, bekymrar ikkje Khankittichock. – Eg har mine faste kundar, og dei kjem alltid igjen, smilar ho. Ho gjer forresten stort sett det – smilar. Ho er i fullt arbeid medan underteikna besøkjer ho på arbeidsplassen, med steiking av kyllingspyd, fritering av vårrullar og woking av grønsaker i full fart. Trass i den vesle plassen, er alt under kontroll – og like reint – heile tida. Khankittichock jobbar som oftast åleine,

berre når det skjer spesielle arrangement på Husnes hentar ho inn hjelp. – Til vanleg er det akkurat passeleg med kundar til at eg kan laga maten åleine, fortel ho. Khankittichock meiner thaimat er lett å lika, og trur det er derfor så mange kvinnheringar har blitt så glade i maten ho lagar. I tillegg gjer ho små endringar i oppskriftene ho har med seg frå heimlandet, slik at maten skal passa norske ganar betre. – Det er mykje krydder og smakar i den thailandske maten, noko eg har sett at kan bli litt mykje for mange nordmenn. Derfor hender det eg justerer oppskriftene litt, fortel ho. Khankittichock synest det er viktig med gode råvarer, og reiser til Haugesund for å handla det meste av det ho treng. Men når ho kjem tilbake til Norge etter å ha vore heime i Thailand, har ho også med seg mykje godt. Til og med friske urter hentar ho med seg til Norge, og frys ned. – Ein får tak i det meste her, men dei beste råvarene får eg frå Thailand, fortel ho. TRE ANBEFALINGAR FRÅ MENYEN: • Kyllingpinnar og svinepinnar • Phad Pik Thai Dam • Panaeng Karri

Poon Tips Thai take-away


KVINNHERAD-FERIE 2017

51

Rosendal Thaimat Sudjai Pedersen driv thailandsk takeaway i Rosendal. No før turistsesongen startar held ho berre ope i helgene, men ho jobbar like mange timar som i ei heil arbeidsveke. – Det var keisamt å berre gå heime, og eg er så glad i å laga mat, smiler Pedersen. Ho opna thai-takeaway i 2011 i Omvikdalen, før ho flytta til kaien i Rosendal i 2013. Her ligg ho perfekt til når båtturistane kjem, og då vert køane lange. Pedersen held ope frå rundt påsketider til ut august, og når ho opnar for sesongen kjem dei faste kundane og takkar for at ho igjen kan fryda ganane deira med spennande thailandske smakar. Pedersen har kokkeutdanning frå Thailand, og heilt frå ho var 13 år gammal jobba ho i restaurantar i heimlandet. – Det er god mat, og mykje av det er sunnare enn den typiske norske maten, då det er meir grønsaker i rettane, seier Pedersen. All maten du får hos Rosendal Thaimat er fersk og laga same dag. For å få dette til, må Pedersen starta arbeidsdagen allereie i 7–8-tida om morgonen, trass i at ho ikkje opnar før på ettermiddagen. – Eg lagar den maten eg sjølv likar best, og så trur eg eg lagar maten litt annleis enn dei andre thaivognene. Mange er redde

Mini-Asia I KVINNHERAD

For 23 år sidan opna kinarestauranten på Husnes. No finn du thai-vogner i kvar av dei største bygdene i Kvinnherad, heile fire til saman. Her får du bli litt betre kjent med dei som diskar opp eksotisk, fargerik og smakfull mat til kvinnheringane.

Kvinnheringen har besøkt heile seks av sju asiatiske eteplasser i kommunen. Den einaste vi dessverre ikkje fekk høve til å stikka innom, var Trallehuset på Halsnøy, fordi drivaren av restauranten var på ferie då denne reportasjen blei laga.

Ved grana i sentrum av Uskedalen lagar Pornthip Pomngern velduftande mat på femte året. Mange som opnar thaivogner har vanskar med å få annan jobb i Norge, men dette har ikkje vore tilfellet for Pomngern. – Eg har hatt mange ulike jobbar, men eg hadde lyst til at folk skulle smaka maten min, seier ho. – Eg er jo veldig glad i å laga mat, og mannen min er flink til å testa om den er god, ler kokken. Pomngern kom til Norge for 27 år sidan. – Eg var på jakt etter kjærleiken, fortel ho. Sju år etter at ho kom hit, fann ho den.

for å bruka chili fordi dei ikkje trur nordmenn tåler det, men eg synest det er viktig å få fram dei rette smakane. Pedersen har budd i Norge i 27 år. Her føler ho seg heime. – Norge er eit veldig fint land, og no er det også blitt mitt land. Her har eg familie og jobb, og det er gode utdanningsmoglegheiter og eit godt helsevesen. Eg er glad for å kunna vera ein del av dette, smiler ho. Pedersen verkar nøgd medan ho wokar og rører i grytene. Lukta av herlege krydder gir oss vatn i munnen, og smilet til kokken er smittande. – Eg kosar meg her, det er så kjekt å møta og bli kjend med folk, seier ho. – Og der kjem ein av mine faste kundar! seier Pedersen og nikkar ut av glaset. Syklande kjem Per Bråtun, som er klar til å bestilla dagens middag. – Eg er her ofte når ho har ope, gjerne både laurdag og søndag i helgene. Og på sommaren når ho har ope alle dagar, er eg her i alle fall to til tre gonger på ei veke, innrømmer Bråtun. – Det er god mat, rett og slett, smiler han. PEDERSEN ANBEFALER DESSE RETTANE FRÅ MENYEN: • Kylling i raud karri • Pathai • Padkapau

TEKST OG FOTO

Ragna Bogsnes Hegge

– Eg serverte på ein thairestaurant i Haugesund, og ein dag kom mannen min for å eta der. Dei beskriv det som kjærleik ved første blikk. Pomngern har stått på sidan ho kom til Norge for å lukkast. – Eg fann fort ut at det var viktig å kunna språket og å kunna køyra bil for å få ein skikkeleg jobb. Så eg melde meg på norskkurs, og eg starta å ta bilsertifikat. Eitt og eit halvt år etter at eg kom til Norge, hadde eg lappen, fortel ho. Pomngern har vore flink til å tilpassa seg for å få det til i Norge, og no tilpassar ho også maten til kundane.

– Eg lagar smakar som eg veit nordmenn liker. Det er viktig at det ikkje er for sterkt. Pomngern har delteke på kokkekurs i Thailand, men ferdig utlært meiner ho at ein aldri blir: – Eg leverer aldri frå meg maten utan å ha smakt på den sjølv. Og ved å smaka og prøva meg fram, utviklar eg stadig maten. Korleis maten ser ut er også viktig for kokken: – Den skal smaka godt, og den skal vera fin å sjå på. Pomngern innrømmer at det er mykje arbeid med å driva thai-takeaway. På dei sju månadane ho held

ope i løpet av året, jobbar ho inn eit årsverk. Det er også lange dagar, ho er gjerne 14 timar i vogna til saman. Også dagane ho held stengt må ho gjera klart til ho skal opna igjen. Trass i det harde arbeidet synest ho det er verdt det, framfor alt når kundane kjem og takkar ho for den gode maten. Mange kundar kjem igjen og igjen, men det kjem også nye til. – Det er faktisk mange fleire kundar i år enn i fjor, fortel ho. TRE ANBEFALINGAR FRÅ MENYEN: • Thai Tapas • Pathai • Pad Nuea Kah Prou


52

KVINNHERAD-FERIE 2017

China Palace restaurant Husnes – Vi måtte jo tena pengar, og korleis elles skulle vi gjera det enn å laga mat? ler Zhong Hou Quing. Han har drive kinarestauranten på Husnes saman med kona Xu Shu Luan i 23 år. Quing er utdanna kokk i Kina, men etter å ha jobba der i eit par år, ønskte han å flytta. – Den kinesiske arbeidsgivaren min dreiv også restaurantar i Norge, så eg spurde om eg kunne få jobba på ein av dei. Då eg fekk ja, flytta vi. Quing og Luan kom til Norge i 1991. Etter nokre år i Porsgrunn flytta dei til Husnes. Restauranten ser ofte tom ut på dagtid, men kokken fortel at det er nok kundar innom til at det går rundt. – Det kjem litt folk heile tida, så det går bra, seier Quing. Men kvifor nordmenn ser ut til å vera så glade i asiatisk mat, er han ikkje sikker på:

– Vi lagar mat, kundane vert glade. Kanskje dei et så mykje norsk mat at dei vert leie av den? fleipar han. – Det er kanskje fordi smakane passar alle. Kinamat er jo nærast blitt internasjonalt, ein kan få det nesten uansett kor ein reiser i verda, seier Quing. Sidan han starta restauranten for 23 år sidan, har det kome til fleire asiatiske restaurantar og take away-alternativ i Kvinnherad. – Men eg trur ikkje nokon av dei andre har kinamat, seier han. Vidare fortel han at han ikkje hadde opna kinarestaurant på Husnes om det var fleire slike restaurantar her, og at han heller ikkje trur nokon andre kjem til å tora å satsa på det. – Det er ein for liten plass til at to restaurantar av same typen kan overleva. Quing føler ikkje særleg på konkurransen frå thaivognene, då han meiner maten deira ikkje liknar så mykje på den dei lagar på China Palace restaurant. – Thaimat er mykje søtare enn vår mat. Vi har sjølvsagt nokre søte rettar også, men stort sett har vi litt andre smakar. I tillegg lagar vi også litt norsk mat, og vi prøver oss på nye rettar heile tida. Vi likar å ha nye rettar til kundane slik at dei ikkje går leie, forklarer kokken. HER ER TRE ANBEFALINGAR FRÅ MENYEN: • Ytrefillet av okse og kylling i peparsaus • Kylling i kinesisk honningsaus • Pang pang biff

Siri Thaimat Det nyaste tilskotet til den asiatiske matverda i Kvinnherad er thai-takeaway-­ vogna til Siriporn Hellen på Sæbøvik. Ho opna vindaugsluka i februar i år. – Eg hadde lyst å starta for meg sjølv, fortel Hellen, som tidlegare har hjelpt til både hos Chanya Khankittichock på Husnes, og Pornthip Pomngern i Uskedalen. Ho har vore mykje med mannen sin på fiske, og jobba litt hos Vibe og på Dill. Og når Hellen først skulle starta for seg sjølv, så skulle det vera gjennomført. Vogna er dekorert med friske fargar, og den rosa t-skjorta hennar står i stil med den rosa menyen, dei rosa blomane og dei rosa bokstavane som fortel at du er kome til Siri Thaimat. – Eg hadde restaurant i Thailand også, og eg har gått på matlagingskurs etter eg kom til Norge, fortel Hellen. – Eg liker å laga mat, og det er kjekt å møta folk.

Oppstarten har kravd mykje hardt arbeid, men resultatet har blitt bra: Halsnøybuen ser ut til å vera nøgde med maten. Mannen hennar, Tore Hellen, fortel at han ofte vert stoppa på Sæbøvik. – Dei skryt veldig av maten til Siriporn. Men det skulle berre mangla slik ho står på! seier han. Stort sett er Hellen på jobb åleine, men ho får litt hjelp frå mann og son når det er behov for det. Det er greitt med kundar, men det er ikkje til å koma ifrå at det har vore ein del ekstra utgifter i samband med oppstarten, mellom anna med å få innlagt kloakk, vatn og å få bygd plattingen utanfor. – Men det går seg nok til etter kvart, smiler Hellen. Siri Thaimat har også halde ope nokre timar natt til søndag, noko som har vist seg å vera lurt. – Når ungdommane kjem frå fest er


KVINNHERAD-FERIE 2017

53

Spiskammerset Rosendal

dei svoltne, så då kjem det mange hit, seier ho. Hellen fortel også at ho har små hemmelegheiter for å få maten sin til å skilja seg litt ut frå dei andre: – Ingen lagar maten på same måten, vi har alle våre eigne måtar å gjera det på. Eg har for eksempel meir kjøtt enn mange andre i vårrullane mine. I tillegg kan kundane bestemma kor sterk dei vil ha maten, slik at dei toler den. Men ikkje alle nordmenn er like «pinglete» – nokon ber om at eg skal gjera maten sterkare! Hellen verkar veldig nøgd med oppstarten, og gler seg til hamna på Sæbøvik blir fylt opp med turistar. – Eg trur sommaren vert bra, smiler ho. HELLEN ANBEFALAR DESSE RETTANE: • Steikt oksekjøtt med østerssaus • Mix • Vårrullar

– Det har alltid vore eit mål i livet å driva mi eiga bedrift, fortel Connie Jørgensen. Sidan 2003 har Jørgensen drive Spiskammerset i Rosendal. Det heile starta då filippinaren fekk enormt med ros for vårrullane ho selde på gata i Rosendal. Det vart tomt på éin og ein halv time, og ho fekk i ettertid mange førespurnadar av folk som ville smaka meir av maten hennar. – Eg har utdanning innan Business Administration frå Filippinene, men eg har alltid likt å laga mat, seier Jørgensen. Å starta eigen restaurant vart då ein god kombinasjon av både utdanninga og interessa hennar. Og med ei tante som er kokk, og ei mor som lagar mykje mat, var det ikkje rart at rosendølingane vart imponerte. Jørgensen fortel at ho brukar hemmelege familieoppskrifter som ho sjølv lærte å laga då ho berre var fem-seks år gammal. Dei finst ikkje nedskrivne, ho har dei i hovudet. – Ikkje ein gong dei som jobbar her får vita hemmelegheitene mine! Berre dotter mi kan dei, og eg kjem kanskje etter kvart til å læra dei vekk til lærlingen min, Tamires. Jørgensen kom til Norge i 1989 i håp om å betre kunna forsørgja foreldra sine herifrå. – I Norge har alle moglegheiter til å få eit godt liv, men ein må jobba hardt for det, meiner ho. Og jobba hardt, det fortel Jørgensen at ho har gjort: – Eg har jobba kvar dag sidan 2003, med unnatak av litt fri i midten av desember og midten av januar. Elles har ho ikkje ein gong helgefri. – Når ein driv sjølv, går det ikkje om ein ikkje står på. Folk har forventningar til maten, så det er viktig at eg er her og

forsikrar meg om at den alltid er like bra. Det er jo berre eg som kan oppskriftene skikkeleg, seier Jørgensen. På Spiskammerset kan ein få både norsk og filippinsk mat. – Eg trur nordmenn likar den filippinske maten, då den har gode og spennande smakar. Filippinene har vore spansk og amerikansk koloni, så ein kan kjenna litt smakar frå desse landa også. Dessutan lagar eg ikkje maten så sterk, for det er viktig at også barn kan eta den, fortel kokken. Spiskammerset går godt, men Jørgensen merkar at vintermånadane er litt hardare enn resten av året. – Men eg sparar overskotet frå sommaren, så då går det greitt. Dei fleste takeaway-eteplassane stengjer om vinteren, men eg synest det er viktig å halda ope heile året. JØRGENSEN SINE MENY-ANBEFALINGAR: • Sissling • Steikt ris • Asiatisk snadder


54

KVINNHERAD-FERIE 2017

TOTALLEVERANDØR AV BYGGEVARETENESTER SKAL DU BYGGJA Veketilbod hus, hytte, garasje, naust, Veketilbod SKAL DU leikehytte, BYGGJA Sommartilbod kai, påbygg, eller

vedskjul, bod, etterisolera, hus, hytte, garasje, naust, så langt lageret rekk byta vindauga, kai, påbygg, leikehytte, pussa opp rehabilitera? 1. sort. vedskjul, bod,eller etterisolera, bordkledning 90 Mevindauga, har det meste for byta 19 x 73 imp., pr. m dei fleste. pussa opp eller rehabilitera? 90 19 x 148 impr., pr. m MePRØV har det OSS. meste for deiMe fleste. 00 har konstuksjonsvirke, vindauge, 19 x 148 grunna, dører, skyvedører, PRØV OSS.

enkel-falsa, pr. m2

isolasjon, festemiddel, maling, Meverktøy har konstuksjonsvirke, og mykje meir. vindauge, Me harskyvedører, konstruksjonsvirke, dører, vindauge,festemiddel, dører, skyvedører, isolasjon, maling, isolasjon, verktøy ogfestemiddel, mykje meir. maling,

verktøy og mykje meir.

19 x 148, grunna, dobbel-falsa, pr. m

1. sort. imp. Terrassebord Pr. m frå

5 17 99 1790 990

SANDVOLL Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebooksider for gode tilbod og tips.

Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebooksider for gode tilbod og tips.

Tlf. 53 47 05 00 www.sandvollhandel.com

SANDVOLL salg@sandvollhandel.com Tlf. 53 47 05 00 www.sandvollhandel.com salg@sandvollhandel.com

Sandvoll entreprenør er total-/sideentreprenør med kvalitet i alle ledd.

totalleverandør av elektrikar- og røyrleggartenester. Kundane våre slepp å forhalda seg til handverkarar frå fleire firma. Vi kan ordna med ny kran på badet og ein ekstra stikkontakt, samt avanserte el-installasjonar eller sanitæranlegg og miljøvenleg varmepumpe.

into elektro

into røyr

Vi kan utføra: • Bustadinstallasjonar • Service • Industriinstallasjonar • Nettverk • Brannalarm • Innbrotsalarm • Elektrisk kontroll • Varmepumper, luft og vannboren

Vi kan utføra alle tenester innan: • Sanitæranlegg • Varme- og kjøleanlegg • Sprinkleranlegg • Va-anlegg • Sal av røyr- og deler • Røyrinspeksjon med kamera • Alt av sanitærutstyr

Husk at du kan få tilskot til varmepumpe frå Enova.Vi kan hjelpa til med søknad.

kVinnHerAD MilJøSerViCe

TEIKNING – PROSJEKTERING – BYGGESØKNAD – MIlJØKARTlEGGING – ASBESTSANERING –NYBYGG/RENOVASJON

Skal du rehabilitera eller bygga nytt? Vi er totalleverandør av byggjevaretenester. • TØMRAR • MALAR lite eller stort som skulle vore gjort? •ViFLISLEGGAR GOLVBELEGG har eit stort fagmiljø•med høg kompetanse.

kontakt- for eit uforpliktande eller tilbod. TTaEIKNING PROSJEKTERING - Bmøte YGGESØKNAD

• Spylebil/slamsugar

Vi er store nok til å ta større oppdrag og små nok til å ha tid til deg

Sundsvegen 77, 5450 Sunde • Tlf. 53 48 20 30 E-post: tore@intoelektro.no • thomas@intorøyr.no

Tlf. 53 47 95 00 – kontakt@sandvoll.as


Ny båthamn Fletta nye Sæbøvik Hamn lokkar med 50 gjesteplassar (og 40 faste plassar), rikeleg djupne og plassering midt i landsby-smørauget. Den nye båthamna i Sæbøvik vart klar til bruk i pinsehelga og gjer landsbyen endå meir attraktiv enn før. I samfunnshuset skal dusj- og andre vasketilbod opprustast i takt med at båtturistkapasiteten er kraftig auka. Djupna under hamna er 10–15 meter, til glede for havseglarar og andre båtar som stikk djupt. Og på utsida av bølgjebrytaren kan ein ta imot større gjestebåtar på fine dagar. Tekst og foto: Jonn Karl Sætre

dusj, slipp. Husnes: Straum, vatn, vask, dusj,

Båthamner i Kvinnherad

midt i Sæbøvik

Herøysund: Straum, vatn, vask,

Hatlestrand: Straum, vatn, diesel

slipp, opphaldsrom med internett,

og bensin 200 meter unna.

biljard og tv. Sykkelutleige, tennis-,

Varaldsøy: Straum, vatn og diesel

golf- fotball- og volleyballbanar. 15

ved kai, bensin 30 meter unna.

min. gange til Husnes sentrum.

Sundal Camping i Mauranger:

Sunde: Straum, vatn, vask, dusj,

Straum, vatn, vask, dusj og slipp.

slipp.

Snilstveitøy: Straum og vatn.

Sæbøvik: Straum, vatn, bensin,

Røynholm Båthamn, innanfor

vask, dusj, slipp.

Rosendal: Straum, vatn, diesel,

Larsstø: Straum, vatn, diesel, slipp,

slipp og usettingsrampe.

verkstad.

Rosendal Hamn: Bensin, diesel,

Eidsvik: Straum, vatn, diesel,

vatn, trådlaust internett, dusj,

bensin.

toalett, tømeanlegg for kloakk. 60

Arnavik: Straum, vatn.

gjesteplassar.

Høylandsbygd: Straum, vatn,

Rosendal Fjordhotell: Straum,

diesel, bensin, vask, dusj, slipp.

vatn, vask, dusj, hotell.

Valen: Straum, vatn, slipp.

Dimmelsvik: Straum, vatn, 200

Fjelbergsund: Straum, vatn, diesel,

meter til diesel.

bensin, vask, dusj, slipp.

Uskedalen: Straum, vatn, diesel

Utåker: Straum, vatn.

ved kai, bensin 300 meter unna,

Åkra: Straum, vatn, diesel, vask,

vask, dusj, slipp.

dusj, kafé.


56

KVINNHERAD-FERIE 2017


KVINNHERAD-FERIE 2017

57

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Lene Simonnes bur til vanleg i Kuala Lumpur i Malaysia, men denne sommaren kjem ho heimom Kvinnherad for ĂĽ arrangera yogaklassar i friluft.

Eksotisk

YOGA i friluft


58

KVINNHERAD-FERIE 2017

Lene Simonnes ser fram til å ha yogaklassar i naturen i sommar. Her ved fjorden i Sandvikjo på Halsnøy, som er ei flott badestrand like nedanfor hennar europeiske base.

Lene Simonnes kjem frå Halsnøy, og har skapt seg ein europeisk base i huset til besteforeldra, ved Sandvikjo i heimbygda. Frå det sjarmerande 50-tals huset kan ho nyta det kjære og kjente landskapet, fjorden og fjellheimen i Kvinnherad. Men dette skjer berre bolkvis, for den sprudlande dama bur til vanleg i Kuala Lumpur i Malaysia, og verkar å ha heile verda som både heim og arbeidsstad. – Eg har mange plassar eg kallar «heim», smiler Lene blidt medan ho set på ein kjele tevatn. I sommar skal ho arrangera ulike yoga-klassar i friluft, henhaldsvis ved Halsnøy Kloster og i Uskedalen. Innimellom vil dette kvite huset, med familiens røter i veggane, vera heimen hennar. London, København, eller Hellas kunne også lett blitt hennar europeiske base. Det var mannen hennar, Stasi, som slo fast at det ein måtte leggja mest vekt på, var familien. – Han har eit veldig sterkt forhold til familie, og han var veldig klar på at eg måtte ha basen min der familien min kom frå. Han har det nok i dei greske genane sine. Der er familien ekstra viktig, fortel ho. Yoga har vore ein del av Lene sin livsstrategi i mange år. I ein hektisk kvardag, med mange utfordrande arbeidsprosjekt innan shipping og maritime næringar, vart yoga ein måte å lada

batteria på. Lene er utdanna siviløkonom og har ein solid CV bak seg som bedriftsrådgjevar med oppgåver innan alt frå strategi, innovasjon, bedriftsutvikling, styresystem og teknologi.

Pusterom – I ein periode jobba eg tjuetimars-dagar, og dei eg hadde rundt meg lurte på kva eg eigentleg heldt på med. Det gjekk opp for meg at eg var ein anerkjennings-«junkie», og det var ganske flaut å innsjå, fortel ho. Gjennom arbeidet vart det mykje reising og lange dagar. Då var det i yogapraksisen ho fann pusterommet sitt. Det var først og fremst ei treningsform, noko ho gjorde for å få ei fysisk utfordring. Astanga yoga er ei veldig fysisk form for yoga, og ho vart ved med å komma tilbake til treninga når det var behov for det. Men ho oppdaga etter kvart at yogaen hadde fleire fordelar enn dei fysiske, som å takla stress og krevjande oppgåver på jobb og privat. Kvardagen hennar er ganske annleis no enn den var for ti år sidan. Mannen hennar er entreprenør, og driv ei verksemd som rettar seg mot olje og gass. Lene tar prosjektoppdrag for verksemda hans, og med yogapraksisen sin, som i stor grad blir lagt opp som «pop up»-klassar i gitte periodar, kan ho arbeida nesten kor som helst. Familien hans kjem frå

– Det fy siske heng i hop med si nnet, og det er viktigare korleis ein føler seg enn korleis ein ser ut i posisjone n


KVINNHERAD-FERIE 2017

59

Yoga er ei form for trening, ein livsstil og ein teknikk knytt til personleg utvikling, harmoni, konsentrasjon og ro. Det moderne målet til praksisen er å vera sunn, fysisk og mentalt.

Hellas, og han vaks opp i Australia. No held dei begge til i Kuala Lumpur, der Lene er ein del av eit yogamiljø ved senteret Yogshakti. Der fullførte ho i 2015 sine første 200 timar for å bli instruktør, og held timar og kurs på den same skulen sin timeplan. – Det er eit stort felleskap på skulen, der me trenar saman, et lunsj saman, går berrfot i jungelen. Me byter på å halda timar for kvarandre, og gir kvarandre tilbakemeldingar undervegs. Ein lærer utruleg mykje av å undervisa, samstundes som det forpliktar deg til å bli ved di eiga trening, legg Lene ut der ho sit komfortabelt, nesten i lotusstilling, i sofaen.

Ingen ekstreme stillingar Ho er instruktør i Hatha Yoga, Yin Yoga – som inneber djupe tøyingar i både ledd, vev og musklar, Pranayama – som har fokus på pusten og meistring av livskrafta, meditasjon og Yoga Nidra – som er ei avslappingsform av treninga. Til timane ho skal halda i sommar vil ho leggja opp til Yin/Yang Yoga og lovar at øvingane er av typen som alle kan klara. – Det blir eit lavterskeltilbod, der alle kan vera med. Det krev ikkje at ein har gjort yoga før, smiler ho før ho held fram: – Det blir ei blanding av styrke, ståande

stillingar, flow og litt leik. Kven som helst kan «droppa in». Det blir dermed frukost- eller morgonyoga i klosterhagen ved Halsnøy kloster. Treninga vert etterfølgd av eit oppfriskande morgonbad i fjorden, og ein lett frukost. Lene er oppteken av å skapa eit godt fellesskap, og med sitt inkluderande hjarta er ho ei god vertinne for slike lag. I timane i Uskedalen tar ho deltakarane med på tur til Låganåso og har også ein time ved elva som renn ned gjennom dalen. Skulle vêret bli ille, tek ho timane inn i Vonheim forsamlingshus i staden, som ligg langt inne i dalen, i foten av dei mektige uskedalsfjella. – I min yoga legg eg ikkje vekt på dei ekstreme stillingane. Det fysiske heng i hop med sinnet, og det er viktigare korleis ein føler seg enn korleis ein ser ut i posisjonen, smiler «yogien». – For meg er yoga ein strategi eller eit verktøy for å vera meir komfortabel i meg sjølv. Når eg er det, gjer det også noko med relasjonane mine. Yoga blir ei kjelde til å finna fred, letthet, glede og ein leikenhet som me har gløymt litt ut, held ho fram. I sommar skal ho mellom anna vera med og halda ein «retreat» i Frankrike, og det blir litt reising. «Pop up»-yoga med denne positive kvinna kan ein dermed få med seg i månads-

skiftet juli/august. Livet hennar består framleis av mykje reising og utfordrande prosjekt. Etter kvart som ho tok nokre steg ned frå karrierejaget med tjuetimars-dagar, har ho balansert innhaldet i kvardagen med meir og meir yoga. Lene ønskjer å kombinera erfaringa og kompetansen ho sit på frå bedriftsmarknaden med yogapraksisen. Også erfaringa med å bruka treningsforma som ein metode for å takla stress kan ho dra nytte av til denne ideen. – Eg har lyst å skapa verdiar for bedrifter og legga til rette for yogainstruktørar. Eg trur eg har ein profil som kan la meg gjera yoga mogleg utan at det blir for kommersielt, skisserer Simonnes engasjert. Ambisjonen er å leggja til rette for at yogainstruktørar blir i betre stand til å levera sine tenester, at bedriftsmarknaden kan dra nytte av godene ved treningsforma, og at ho kan gjera ideen sin til ein heiltidsjobb for seg sjølv. Såleis vil ho kunna smelta saman lidenskapane sine. – Eg trur yogaen er med på å gi meg ei rot-­ kjensle i meg sjølv. Kuala Lumpur og Halsnøy er jo to motpolar, som gir meg ein slags balanse. Dersom ein kan føla seg heime i seg sjølv, trur eg ein kan føla seg heime kor som helst, avsluttar Lene med eit smil. Her kan du følgja med på oppdateringar frå Lene sin sommaryoga; www.simonnes.com.


60

KVINNHERAD-FERIE 2017

J. Lyngnes Bensinstasjon AS

Spar Valen

Matre – tlf. 53 47 91 15

• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice

Daglegvarer • Bakevarer • Tipping

Ope:7–22 8–21(9-20) Ope: (9–20)

Opningstider: måndag – fredag 8–19, laurdag 9 –18, søndag 14–17

VI UTFØRER ALT I ASFALTERING! Gratis synfaring og prisoverslag!

SEIMSFOSS Velkommen til hyggjeleg

sommarhandel VELKOMEN TIL HYGGELEG Ope: 08-20 (9-20) SOMMARHANDEL Ope: 08-20 (9-20)

post@kvinnheradasfalt.no – www.kvinnheradasfalt.no

Bygg med oss! KNALLTILBOD! Trelasthandel – byggevarer – verktøy

HUNTONIT PANELBORD

÷45%

Ferdigmalte, tak/vegg

VINDU

Pr. kvm

139,-

Priskupp!

ISOLASJON 10-15-20 cm

Priskupp!

30%

÷

Velkommen innom, ikkje ein ting vi ikkje kan hjelpa med!

Ope Husnes: Ope Løfallstrand: Mån.-fred. 8-17 Mån.-fred. 8-16 Torsdag 8-18 Laurdag stengt Laurdag 9-14

Nesvegen 283, 5474 Løfallstrand - Avd. Husnes, Husnes Industriområde v/Sim - Tlf. 53 48 02 60


KVINNHERAD-FERIE 2017 Arne Åse, porselen 25. mai - 25. juni

Den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger.

Magne Furuholmen, maleri, grafikk og skulptur 1. juli - 20. august Guddalstunet (5 km frå Rosendal) • Tlf. 957 86 322 www.galleriguddal.no • Ope alle dagar kl 11–16

Daglige avganger med Hardangerfjordekspressen mellom Bergen og Rosendal, året rundt. Uforglemmelige opplevelser på Baroniet Rosendal, i Folgefonna nasjonalpark og videre innover i Hardangerfjorden.

61

Velkomne til Helgatun Fjellpensjonat!

Sommerrute fra 1/5-30/9. Billetter kan kjøpes på rodne.no, om bord og hos Turistinformasjonen i Bergen.

5713 Vossestrand Du får fleire opplysningar ved å ringa Helgatun på tlf. 56 51 98 98

Helgatuntreff m/busstur til Beitostølen og Brimi Fjellstugu 6. – 11. aug. Talar er Klaus Muff. Sjåfør Svein Bjarne Aase. Sunnhordlandstreff 14. – 18. august. Talarar Marta og Edgar Paulsen. Sjåfør Svein Bjarne Aase. Damehelg 22. – 24. september. Pusterom 20. – 22. oktober. Velkomen og til overnatting m/frukost. Helgatun ligg ved foten av Vikafjellet, 32 km nord for Voss sentrum. Flotte naturopplevingar sommar og vinter. Velkomen!

Sommarbiblioteket 26/6-21/8 Måndag stengd. Tysdag-fredag: 10-16 Laurdag: 10-14

Alle liker opplevelser. På fjorden.

Vilt og vakkert

Meirope-bibliotek er ope kvar dag 08-22

(Kom innom biblioteket og oppgrader lånekortet ditt for å få tilgang til Meirope)

Kvinnherad Bibliotek Tlf. 53 48 27 70 www.kvinnheradbibliotek.no Facebook: Kvinnheradbibliotek

Bli med på tur!

Sommarprogram:

Hytter ved fjorden 5 moderne hytter heilt i strandkanten ved Åkrafjorden i Kvinnherad. Åkra er ei idyllisk bygd i Kvinnherad, med ein storslegen natur med fjord og fjell. Vil du nyta vakker natur i fred og ro, er dette staden for deg. Du kan ta flotte fjellturar både sommar og vinter, eller fiska i fjorden, heile året !

Aakragarden hytteutleige Geir Inge Vågen, tlf. 916 04 024 Aakragarden.no AakragardenHytteutleige

14. juni: Kajakkpadling i Høylandssundet, kl 17.30 frå Sunde. 14. juni: Familiedag ved Opsangervatnet, Husnes kl 17.00 v/Roklubben. 21. juni: Bjellandsbu, seniortur 24.-25. juni: Fjellfest på Fonnabu og breføring over Folgefonna til Odda. 8.-9. juli: Tur til Laurdalstind 13.-16. juli: Fottur i Jotunheimen 21.-24. juli: Fottur på Hardangervidda

4. august: Festidalen-tur til Geitadalstind, Uskedalen. 5. august: Festidalen-tur til Englafjell. 4.-6. august: Kajakkpadling på Nærøyfjorden. 5. august: Festidalen. Introduksjonskurs for ungdom. 9.-10. august: Gullhorgabu, Bergsdalen, seniortur. 19. august: Familietur til Vardhaugselet. 20. august: Skåneviksfjella på langs.

For meir informasjon og påmelding: www.kvinnherad.dnt.no


Turforslag TVEITEDALEN

Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkøyringa til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter tre km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret. Det står ei informasjonstavle ved «Ternebu». Turen er ikkje spesielt merkt, men følgjer lysrekkja rundt Bakkastølsvatnet. Første halvdel av løypa er eigna for barnevogn og rullestol. Mogleg for fiske (småaure) i elva langs løypa, fiskekort ikkje naudsynt. Fine badeplassar på sommarstid. Vått vêr krev gode sko over myrane midtvegs på turen. Gradering: Grøn. Lett. Tidsbruk: 1 times rundtur.

MANNSVATN Parkering ved Gamleskulen i Uskedalen sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen. Turen er T-merkt og skilta, og informasjonstavle finst ved busslomma i sentrum. Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug. Lett gange frå Storhaug inn til Mannsvatnet. Legg merke til dei karakteristiske moreneryggane. Ein kan gå langs vestsida av Mannsvatnet til ungdomslagshytta Fjelly, og vidare inn til den idylliske Vatnastølen med to restaurerte stølshus. Alternativ retur kan vera den merkte ruta ned til Øvre Haugland. Gradering: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad: 20–600 moh Tidsbruk: 4 timar tur/retur.

BORGUNDNUTEN Frå Sjøstovo på Borgundøy går vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass, og derfrå på god sti til toppen gjennom Storaskar. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja merkt sti på ryggen nedover mot nord. Denne stien går ned til flata ved Kattanakken og ut mot utsiktspunkt mot Aske og Aksdal. Vidare på sti og skogsveg ned til Møllesvik, og på skogsveg attende mot Krekjahaugen og ferjekaien/gjestehamna. Møllesvik er ein idyll, og Krekjahaugen er ein av dei flottaste gravhaugane frå folkevandringstida som er funnen i Sunnhordland. Gradering: Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad: 0–462 moh. Tidsbruk: 3 timar tur/retur. 4 timar dersom ein vel rundturen.

HUNDSØYRA FRÅ MAURANGER Turen startar frå Markjelke i Nordrepollen på anleggsveg 500 meter opp til Svartedalsdammen. Resten av turen går for det meste på fjellgrunn. Hardingaskaret, over Austrepollen, er ein fin rasteplass. Her bør ein gå eit stykke ned i skaret og sjå utover. Det er mest utruleg at det har vore stølsveg opp her for hest og kyr. Herifrå kunne ein også ta seg over til Sørfjorden gjennom Kvitnadalen. Seinare vart det turistveg i Hardingaskaret og vidare til Hundsøyra, Holmaskjer og ned til Odda. Hardingaskaret var rasutsett, og frå 1860-talet overtok ridevegen frå Gjerde om Møsevatnet til Hundsøyra mesteparten av ferdsla. Frå 1890 vart «Keisarstien» frå Sundal den mest brukte. Hundsøyra ligg i brekanten og er markert med den største varden i området. Her er vidt utsyn i alle retningar. For dei som har erfaring med brekryssing, ligg Holmaskjer og nedgangen til Odda berre ein times tid unna. Turen er T-merkt med vardar og skilt. Etter snørike vintrar går ruta delvis over store snøfonner som dekker merkinga. Gå i godvêr og følg vardane som er oppsette på høge punkt. Gradering: Svart. Krevjande, fem støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad: 740–1464 moh. Tidsbruk: 8 timar tur/retur.

ei Perle Ta turen til Stussvikhovda, 323 meter over havet, og opplev eventyrleg utsikt frå orkesterplass.

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Ølve er ei bygd som representerer mykje av den naturen som Kvinnherad er kjend for, sjølv om ein ikkje finn dei høgaste fjella her. Men dersom ein tek turen til Stussvik og Stussvikhovda, får ein utstyn til både Tysnes-fjella, Folgefonna og dei majestetiske toppane i Kvinnherad. Om lag 20 kilometer frå Hatlestrand ligg Stussvikhovda, heilt i utkanten av Kvinnherad kommune, på grensa mot Tysnes i vest og Fusa i nord. Turstien til Stussvikhovda er godt merkt. Den består dels av grusveg, og dels av sti i meir brattlendt terreng. Turen er gradert med blått i DNT-systemet, og hamnar dermed i gruppa for moderate turar. Det er festa tau på berga i to bratte parti, men elles er stigninga overkommeleg for både små og store. Tidsbruken er skissert med to timar tur/retur. Ved foten av stien kan ein parkera bilen på ein noko beskjeden parkeringsplass. Der finn ein kart og informasjon. Vandringa startar med lett stigning opp mot Synnevågstølen, ein sjarmerande støl 210 m.o.h. Hytta er open, og ein kan lett ta seg ein pust i bakken der – anten inne eller på benk utanføre, dersom det er ønskjeleg. Ved stølen endar grusvegen, og stien overtek dei siste 113

metarane opp. Fleire benkar og utsynspostar langs stien tek seg av dei glade turgåarane, heile vegen til topps. Og på toppen kan ein godt ta seg tid til å nyta naturen, frå fleire utsynspostar. Det er faktisk eitt av dei gode råda frå nettsida der turstiane i Kvinnherad er omtalte. Ta deg god tid til å nyta utsikta. Og rådet er godt. Ein kan lett sitja med kaffikoppen i handa i nokre minuttar på toppen. Ikkje berre er fjella, fonna og Onarheimsfjorden flotte å kvila augo på, men også landskapet Stussvikhovda reiser seg ifrå er vakkert, med djupe dalar med variert vegetasjon. Naturen i Kvinnherad er som i eit eventyr. Frå Stussvikhovda får ein sjå eventyret frå eit anna perspektiv. Det gjer utflukta vel verdt turen.


i Ølve


SOMMAR Send bilde Har du eit glitrande bilde frĂĽ sommaren din i Kvinnherad? Anten du er turist eller fastbuande i Kvinnherad, kan du senda oss sommarbilde. Nokre av bilda vil koma pĂĽ trykk i papiravisa, andre vil bli lagde ut pĂĽ nett. Vi trekkjer ut eit vinnarbilde som blir premiert med 10 flaxlodd. Send til: redaksjon@kvinnheringen.no

i Kvinnherad


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.